Tokke kommune ved rådmann John Kleiv Storvegen Dalen TILSYNSRAPPORT

Like dokumenter
Fyresdal kommune ved rådmann Ketil O. Kiland TILSYNSRAPPORT

Siljan kommune ved rådmann Jan Sæthre Postboks SILJAN TILSYNSRAPPORT

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Råd og utvalg ved Evjen skole

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Kommunale retningsliner for organ for brukarmedverknad i skule og barnehage. Samarbeidsutval Skulemiljøutval Elevråd Foreldreråd/FAU

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

TILSYNSRAPPORT. Austevoll kommune Austevoll ungdomsskule

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

Barnerettane i SKULEN

TILSYNSRAPPORT. Retten til å høyre til eiga elevgruppe etter målform. Klepp kommune

SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE

Nissedal kommune Eining for skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

Til stades: Representant elevrådet 2, nestleiar. Representant undervisningspersonale 1

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar.

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

TILSYNSRAPPORT. Skolebasert vurdering. Bygland kommune - Bygland skole. Jf. opplæringslova. Vår referanse: 2016 / 2934

HEIM SKULE SAMARBEID RUBBESTADNESET SKULE. Vedtekter og prosedyrar for foreldrerådet og foreldrearbeidsutvalet (FAU)

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Selje kommune

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Oppvekstutvalet. Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

Kragerø kommune Kragerø skole

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemynde

Skolemiljøutval. Rettleier til medlemmene

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

TILSYNSRAPPORT. Fylkeskommunen sitt system for å vurdere og følgje opp lovkrav. Hordaland fylkeskommune

Velkommen : Velkommen til nytt skoleår!

Varsel om tilsyn med Gaular kommune - Bygstad skule, Sande skule og Viksdalen skule

Nissedal kommune Eining for skule Plan og rutinar for arbeid med elevane sin rett til eit godt psykososialt miljø etter 9a-3 i Opplæringslova

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Kunngjort 9. juni 2017 kl PDF-versjon 9. juni Lov om endringer i opplæringslova og friskolelova (skolemiljø)

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

TILSYNSRAPPORT. Barnehagelova 19 g tilrettelagt tilbod til barn med nedsett funksjonsevne. Samnanger kommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

TILSYNSRAPPORT. Bjerkreim kommune. system knytt til tilsynstemaet «Skulane sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø» Forsvarleg

Internkontroll vedkomande elevane sitt skulemiljø kap 9a i opplæringslova

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

REFERAT MØTE I SKULEMILJØUTVALET

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Årdal kommune

TILSYNSRAPPORT. Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging. Lindås kommune Knarvik barneskule

L nr. 61 Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

TILSYNSRAPPORT SKULEBASERT VURDERING

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø

Elevrådsarbeid i Oppegård

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

TILSYNSRAPPORT. Fjell kommune Fjell ungdomsskule

Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/08 08/187 RAMMEAVTALE MELLOM HELSE FØRDE OG BALESTRAND KOMMUNE

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule

REGLEMENT FOR SEKTORUTVAL FOR SKULE- OG KULTUR

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Granvin herad Granvin barne- og ungdomsskule

Endeleg TILSYNSRAPPORT

TILSYNSRAPPORT. Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging. Modalen kommune Mo skole

MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL

Elev- og lærlingombod i HFK

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

ENDELEG TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Bømlo kommune Moster skule

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Førde kommune

PLAN FOR SAMARBEIDET MELLOM HEIMANE OG ÅMÅS FRISKULE

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Rolf Sandstad

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Rutiner for brukermedvirkning

TILSYNSRAPPORT. Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging. Nord-Fron kommune Vinstra ungdomsskole

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

TILSYNSRAPPORT. Skulen sitt arbeid med elevane sitt psykososiale skulemiljø og kommunens system for vurdering og oppfølging på det same området

Foreldremøte 19. september 2018

Elevane sitt skulemiljø. Kapittel 9a i opplæringslova

TILSYNSRAPPORT Ullensvang herad, Kinsarvik skule

TILSYNSRAPPORT. Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging. Lindås kommune - Ostereidet ungdomsskule

Skolemiljøutval. Rettleiar til medlemmene

Naustdal kommune, Naustdal barne og ungdomsskule. Avslutting av tilsyn.

TILSYNSRAPPORT. Forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing. Forsand kommune Forsand skule

Nytt kapittel 9 A. Elevane sitt skolemiljø

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Transkript:

Fylkesmannen i Telemark Tokke kommune 09.07.2018 ved rådmann John Kleiv Storvegen 60 3880 Dalen TILSYNSRAPPORT Tilsynstema: kommunen sitt arbeid med elevmedverknad knytt til elevråd, skulemiljøutval og samarbeidsutval Tokke kommune - Tokke skule

Samandrag Elevmedverknad knytt til elevråd, skulemiljøutval og samarbeidsutval er temaet for dette tilsynet Elevmedverknad inneber at elevane kan seie meininga si, delta og ha innverknad på alt som gjeld dei på skulen. Elevane sin rett til medverknad blir slått fast ein rekkje stader i opplæringslova og i barnekonvensjonen. Skulen skal vere ein viktig demokratisk arena for barn og unge, der dei kan oppleve å ha medverknad. Arbeidet i elevrådet og andre samarbeidsorgan på skulen er viktige tiltak for å nå dette målet. Tokke kommune har gitt tilbakemelding på førebels rapport i brev datert 5.juni 2018. Tilbakemeldinga frå kommunen gjeld vår beskriving av fakta, våre vurderingar og våre reaksjonar. Vi har ikkje funne grunnlag for å endre innhaldet i rapporten på bakgrunn av uttalen frå dykk. Vi held fast ved vår konklusjon om at tilsynet har avdekt brot på regelverket. I denne tilsynsrapporten varslar vi fleire pålegg som er aktuelle å vedta etter at rettefristen.

Innhald 1 Innleiing... 4 1.1 Kort om kommunen... 4 1.2 Om gjennomføringa av tilsynet... 4 1.3 Om tilsynsrapporten... 5 2 Elevråd ved grunnskular... 5 2.1 Rettslege krav... 5 2.1.1 Val av elevråd ( 11-2)... 5 2.1.2 Skulen si informasjonsplikt og elevrådet sin rett til å uttale seg ( 9A-9)... 5 2.1.3 Elevrådet sine oppgåver og rett til å få hjelp i arbeidet... 5 2.2 Våre observasjonar, vurderingar og konklusjonar... 6 2.2.1 Val av elevråd ( 11-2)... 6 2.2.2 Skulen si informasjonsplikt og elevrådet sin rett til å uttale seg ( 9A-9)... 6 2.2.3 Elevrådet sine oppgåver og rett til å få hjelp i arbeidet... 8 3 Samarbeidsutval (SU) og skulemiljøutval (SMU) ved grunnskolar... 9 3.1 Rettslege krav... 9 3.1.1 Val og samansetnad i SU ( 11-1)... 9 3.1.2 Val og samansetnad i SMU ( 11-1a)... 9 3.1.3 Skulen si informasjonsplikt og utvala sin rett til å uttale seg ( 9 A-9)... 10 3.1.4 SU og SMU sine oppgåver ( 11-1 og 11-1a)... 10 3.2 Våre observasjonar, vurderingar og konklusjonar... 10 3.2.1 Val og samansetnad i SU ( 11-1)... 10 3.2.2 Val og samansetnad i SMU ( 11-1a)... 11 3.2.3 Skulen si informasjonsplikt og utvala sin rett til å uttale seg ( 9 A-9)... 12 3.2.4 SU og SMU sine oppgåver ( 11-1 og 11-1a)... 14 4 Varsel om pålegg om retting... 15 Vedlegg: Liste over dokumentasjon... 17

1 Innleiing Vi fører tilsyn med offentlege skolar, jf. opplæringslova 14-1 første ledd, jf. kommunelova kapittel 10 A. I tilsyn kontrollerer vi om skolane oppfyller opplæringslova med forskrifter. Dersom kommunen/skulen ikkje følgjer regelverket, kan vi påleggje retting etter at kommunen har fått ein frist for å rette. Det er kommunen som har det overordna ansvaret for at krava i opplæringslova blir gjennomførte, jf. opplæringslova 13-10 første ledd. Vi gir difor eventuelle pålegg i tilsynet til kommunen som har ansvaret for at skulen rettar opp brot på regelverket. Våre tilsyn er offentleg myndigheitsutøving, noko som inneber at vi skal gjennomføre tilsynet i samsvar med reglane i forvaltningsretten og offentleglova. 1.1 Kort om kommunen Tokke kommune ligger i regionen Vest-Telemark og har omkring 2200 innbyggarar. Kommunen har fire tettstader: Dalen, Høydalsmo, Lårdal og Åmdals Verk. Kommunens administrasjonssenter er plassert i Dalen som har omkring 600 innbyggarar. Tokke skule ligger i Dalen og har om lag 190 elevar frå 1.-10.trinn. Skulen har ein avdeling med 12 elevar frå 1.-4.trinn som ligg på Åmdals Verk. Talet på elevar ved Tokke skule har vore relativt stabilt dei seinare åra. 1.2 Om gjennomføringa av tilsynet Fylkesmannen opna tilsyn med Tokke kommune i brev daterte 13.12.2017. Her varsla vi at vi ville føre tilsyn med Tokke kommune i eigenskap av å vere skuleeigar for Tokke skule. Tilsynet omfattar ungdomssteget ved Tokke skule. Skulen vart bedne om å levere dokumentasjon til oss. Mellom anna blei skulen bedne om å svare på eit spørjeskjema. Skulen blei òg bedne om å sende inn alle referata frå elevrådet, skulemiljøutvalet, samarbeidsutvalet for skuleåra 16-17 og 17-18. Vi har fått dokumentasjonen for å gjennomføre tilsynet. Vi gjennomførde intervju på Tokke skule 13.02.2018. Her blei elevrådet, rektor og kontaktlærar for elevrådet intervjua kvar for seg. Det er elevrådsrepresentantane frå ungdomssteget som blei intervjua i dette tilsynet. Elevmedverknad knytt til elevråd, skulemiljøutval og samarbeidsutval er temaet for dette tilsynet. Vi har kontrollert følgjande undertema: 1. Elevråd ved grunnskolar, jf. opplæringslova 11-2 og 9A-9 2. Samarbeidsutval og skulemiljøutval ved grunnskolar, jf. opplæringslova 11-1 og 11-1a Elevmedverknad inneber at elevane kan seie meininga si, delta og ha innverknad på alt som gjeld dei på skulen.

Elevane si rett til medverknad blir slege fast ein rekkje stader i Opplæringslova og i Barnekonvensjonen. Skulen skal vere ein viktig demokratisk arena for barn og unge, der dei kan oppleve å ha medverknad. Arbeidet i elevrådet og andre samarbeidsorgan på skulen er viktige tiltak for å nå dette målet. Reell elevmedverknad krev at skulen legg til rette for og følgjer opp at dette faktisk skjer. Fylkesmannen i Telemark har difor i dette tilsynet undersøkt om lovkrava i arbeidet med elevrådet, samarbeidsutvalet og skulemiljøutvalet blir følgt. Vi har ikkje sett på korleis de oppfyller andre krav i regelverket. 1.3 Om tilsynsrapporten Våre vurderingar i denne rapporten baserer seg i hovudsak på opplysningar som kjem fram i: dokumentasjonen de har sendt inn (sjå oversikt i vedlegg) informasjonen frå våre eigne system og offentlege register intervjua med elevrådet, kontaktlærar for elevrådet og rektor ved Tokke skule 2 Elevråd ved grunnskular 2.1 Rettslege krav 2.1.1 Val av elevråd ( 11-2) Ved kvar grunnskule skal det for årstrinna 5-7 og for årstrinna 8-10 vere eit elevråd med representantar for elevane. Kommunen fastset talet på elevrepresentantar. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skulen har teke til om hausten. 2.1.2 Skulen si informasjonsplikt og elevrådet sin rett til å uttale seg ( 9A-9) Elevrådet skal haldast informert om alt som er viktig for skulemiljøet Elevrådet skal så tidleg som mogleg takast med i arbeidet med skulemiljøtiltak Elevrådet har rett til innsyn i all dokumentasjon som gjeld det systematiske arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø Elevrådet har rett til å uttale seg og komme med framlegg i alle saker som er viktige for skulemiljøet. 2.1.3 Elevrådet sine oppgåver og rett til å få hjelp i arbeidet Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for å skape godt lærings- og skulemiljø. Ein medlem av undervisningspersonalet på skulen skal ha som oppgåve å hjelpe elevrådet i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet.

2.2 Våre observasjonar, vurderingar og konklusjonar 2.2.1 Val av elevråd ( 11-2) Observasjoner Vi har motteke ni referat frå elevrådet ved Tokke skule. Tokke skule skriv at dei har eit elevråd for 5.-10.trinn. Skulen fortel i intervju at dei i einskilde tilfelle har gjennomførd eigne elevrådsmøter for 8.-10.trinn. Dette vert gjort for at elevane på ungdomssteget skal kunne diskutere saker som dei er opptekne av. Elevrådet stadfest denne praksisen i intervju med Fylkesmannen. Skulen skriv at dei har vedteke at elevrådet skal bestå av ein representant frå kvar klasse, samt ein vararepresentant. Elevane ved skulen stadfestar at elevrådet er satt saman av ein representant frå kvar klasse i skuleåret 2017/2018. Dei stadfest og at det er valt vararepresentantar frå kvar klasse. Skulen skriv at elevane blir valde 1-2 veker etter skulestart kvar haust. Elevane stadfestar i intervjuar at dei blir valde ved skulestart. Skulen skriv vidare at elevane melder seg sjølv, eller at elevane kjem med forslag til aktuelle elevrådskandidatar. Elevrådet stadfestar denne praksisen i intervju. Elevrådet seier vidare at lærarane passar på at det blir gjennomførd val i alle klassar. Vurderingar Med utgangspunkt i referat frå elevrådet og intervjuar med skulen og elevrådet, finn Fylkesmannen at skulen har oppretta eit elevråd for 5.-10. trinn. Lova krev at kommunen skal fastsetje tal for representantar i elevrådet. Fylkesmannen finn det sannsynleggjort at kommunen, representert ved Tokke skule, har fastsett talet på representantar til elevrådet. Fylkesmannen finn det sannsynleg, ut frå det skulen og elevane fortel, at elevrepresentantane blir valde seinast tre veker etter skulestart om hausten. Konklusjoner Skulen har oppretta elevråd for 5.-10. trinn Kommunen har fastsatt antall representanter i elevrådet Representantane blei vald seinast tre veker etter skulestart 2.2.2 Skulen si informasjonsplikt og elevrådet sin rett til å uttale seg ( 9A-9) Observasjonar Skulen skriv at mykje informasjon blir gitt direkte til klassene ved rektor. Til dømes repetisjon av ordensreglementet kvart haust og lovendring av 9A. Vidare skriv rektor at saker som kjem i løpet av skuleåret blir meldt inn til kontaktlærar for elevrådet eller ved at rektor informerer elevrådet direkte. Rektor skriv òg at ho har vore dårleg til å besøke elevrådet i haust. I intervjua fortel rektor at ho har informert elevane ved skulen om resultata av elevundersøkinga, men at undersøkinga ikkje har vore tema i elevrådsmøta. Dette blir

stadfesta av både rektor og elevrådet i intervjua. Rektor fortel vidare at ho har informert i klassane og i foreldremøte om elevane sin rett til eit godt skulemiljø, jf. Opplæringslova Kapitel 9A, men at 9A ikkje har vore oppe som sak i elevrådet. Referata frå elevrådet stadfest at verken elevundersøkinga eller Kapittel 9A har vore tema i elevrådet. Vidare viser referata at skulen ikkje har informert elevrådet om resultata frå vernerundar. Dette blir bekrefta i intervjua med skulen og elevrådet. Elevrådet har ved fleire høve teke opp problemstillingar knytt til temperatur, luftkvalitet og støy. Her stadfestar rektor at det er gjort målingar, og at kvaliteten på inneklima er innanfor tilrådde verdiar. Elevrådet som organ har ikkje fått informasjon om desse målingane. Dette vert bekrefta av rektor og elevrådet. Det er òg blitt gjennomførd ei undersøking av toalettforholda ved skulen. Rektor seier i intervju at det føreligg ein plan for utbetring av toalettforholda. I intervjua med rektor og elevrådet kjem det fram at elevrådet som organ ikkje har fått informasjon om desse planane. Elevrådet fekk i oppdrag å kome med innspel til revidering ordensreglementet som blei behandla i elevrådet 20.9.2017. Innspelet til elevrådet blei behandla i SMU/SU 16.10.2017, og elevrådet fekk tilbakemelding om denne saka i elevrådsmøte 18.10.2017. I referatet frå møte i SU 20.10.16 informerer skulen blant anna om satsingsområdet Nulltoleranse for mobbing. Elevrådet er ikkje involvert i dette arbeidet. Dette vert bekrefta av referat frå elevrådet, og i intervju med rektor og elevrådet. Rektor har vore ute i alle klasser og fortalt om prosedyrar/arbeid for å skape eit trygt og godt miljø ved skulen. Rektor seier i intervju at dette temaet ikkje har vore oppe som sak i elevrådet. Skulen stadfestar at det har vore for lite medvit knytt til kva saker elevrådet skal involverast i, og korleis elevrådet skal takast med i arbeidet. Elevrådet stadfestar at dei i liten grad har fått medverke i tiltak knytt til skulemiljøet til elevane. Rektor stadfest at skulen har vore for dårleg til å informere om rett til innsyn i dokumentasjon om skulens arbeid med det systematiske arbeidet for et trygt og godt skulemiljø. Dei tilsendte referata frå elevråd stadfest dette. Vurderingar Fylkesmannen finn at viktige saker som til dømes elevundersøkinga, elevanes nye rett knytt til Kapittel 9A og resultata frå vernerundar ved skulen ikkje har vore oppe i elevrådet. Elevrådet har heller ikkje blitt informert om inneklima og vedlikehald på skulen, sjølv om dette er saker som elevrådet har vore opptekne av. Fylkesmannen meiner at opplysningar frå skulen og tilbakemeldingar frå elevrådet trekker i same retning. Difor vurderer Fylkesmannen at elevrådet ikkje har vore informert om alt som er viktig for skulemiljøet. Skulen stadfestar at dei har vore for lite medvitne til kva saker elevrådet skal involverast i, og korleis elevrådet skal takast med i arbeidet. Referata frå elevrådet stadfest dette. Elevrådet seier i intervju at dei i liten grad har fått medverke i skulemiljøtiltak. Fylkesmannen vurderer difor at skulen ikkje har ein praksis for å ta elevrådet med i arbeidet med skulemiljøtiltak. Rektor stadfestar at skulen har vore for dårleg til å informere om rett til innsyn i dokumentasjon om skulens systematiske arbeid for eit trygt og godt skulemiljø. Det tilsendte referata frå elevrådet stadfestar også dette. Fylkesmannen legger difor til grunn at skulen ikkje har informert om retten til innsyn i denne dokumentasjonen.

Elevane har ikkje fått tilstrekkeleg informasjon, og skulen har ikkje involvert elevane i alle saker som er viktige for skulemiljøet. Utan tilstrekkeleg informasjon og involvering vert elevane si rett til å uttale seg i praksis satt til side. Fylkesmannen vurderer difor at skulen ikkje har ivareteke elevane si rett til å uttale seg og komme med framlegg i skulemiljøsaker. Konklusjonar Skulen/rektor har ikkje: informert elevrådet om alt som er viktig for skulemiljøet teke elevrådet så tidleg som mogleg med i arbeidet med skulemiljøtiltak informert elevrådet om at dei har rett til innsyn i alle dokument som gjeld det systematiske arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø sikra elevrådet sin rett til å uttale seg og kome med framlegg i alle saker som er viktige for skulemiljøet 2.2.3 Elevrådet sine oppgåver og rett til å få hjelp i arbeidet Observasjoner Ein faglærar ved skulen har i oppgåve å følge opp elevrådet. Elevrådet og elevrådskontakten seier at elevane i liten grad fått opplæring i elevrådsarbeid. På spørsmål om korleis Tokke skule legger til rette for at elevrepresentantane kan informere eller ta opp saker med klassen, skriv skulen: «Etter at elevrådstimen falt bort på timeplanen blir det meir tilfeldig. Er avhengig at elevrådsrepresentant avtaler med kontaktlærar/lærarar.» Elevrådsrepresentantane seier i intervju at dei får tid til å ta opp saker i klassemøter når dei spør lærarane, men dei saknar meir systematikk rundt dette. Rektor seier i intervju at dei ikkje har klare retningslinjer for korleis og når elevrådet kan ta opp saker i klassemøter. Eit referat frå elevrådet i januar 2017 syner at elevrådet fekk i oppdrag å lage ei ynskjeliste over utstyr til leik i friminutta. Elevrådsrepresentantane tok saka opp med klassane, og saka kom opp i elevrådet 18.4.2017. Utstyret kom raskt på plass. Fylkesmann finn ikkje fleire døme på saker der elevrådet og klassane er involvera i heile saksframlegget. Elevrådet seier at dei vanlegvis ikkje får møteinnkalling med agenda. Det er heller ikkje vanleg at referata frå elevrådet blir sende ut i før neste møte vert halde. Referata frå siste elevråd blir vanlegvis gått igjennom av elevrådskontakten ved oppstarten av elevrådsmøta. Elevrådet saknar ein større påverknad på agendaen i elevrådet. Elevrådet seier at sakene som representantane har med frå klassane sine ofte blir diskutert under eventuelt. Dermed kan det bli lita tid til å diskutere desse sakene. Rektor seier at ho har vore lite til stades i elevrådsmøte i skuleåra 2016/17 og 2017/18, og at kommunikasjonen med elevrådet har vore for dårleg. Elevrådet har i liten grad fått høve til å diskutere elevrådssaker med rektor som avgjerdsmakt. Dette vert stadfesta av

elevrådet i intervjua. Rektor seier vidare at det fram til no ikkje har vore rutinar for at ho får elevrådsreferata. Skulen har ingen fast framgangsmåte for å gje tilbakemeldingar til elevrådet på saker dei fremjar. Referata synar at fleire elevrådssaker ikkje blir fullstendig/avklarte og vert difor gjengangarar i elevrådsmøta. Vurderingar Fylkesmannen finn at Tokke skule ikkje har ein systematikk når det gjeld korleis elevrådsrepresentantane kan ta opp saker med klassane. Dette stadfestar elevrådet og skulen. Vi finn òg at elevrådet ikkje får møteinnkalling med agenda på forehand, og at elevrådet i liten grad får påverke agendaen i elevrådet. Sakene som representantane har med seg frå klassane vert diskutera under «eventuelt». Vidare finn Fylkesmannen at skulen ikkje sikrar at elevrådet får tilstrekkeleg tilbakemelding på saker som dei fremjar og diskuterer. Dette kjem frem i intervju med elevrådet og av dei referata vi har fått tilgang på. Konklusjonar Skulen har gitt eit medlem av undervisningspersonalet i oppgåve å hjelpe elevrådet i arbeidet Skulen har ikkje lagt til rette for at elevrådet kan fremje fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for å skape godt lærings- og skulemiljø 3 Samarbeidsutval (SU) og skulemiljøutval (SMU) ved grunnskolar 3.1 Rettslege krav 3.1.1 Val og samansetnad i SU ( 11-1) Alle grunnskular skal ha eit SU SU skal vere samansett med o tre representantar for dei tilsette: to for undervisningspersonalet og ein for andre tilsette o to representantar for kommunen, der den eine skal vere rektor. o to representantar for foreldrerådet, der den eine skal vere leiaren for FAU, jf. 11-4 siste ledd o to representantar for elevane. 3.1.2 Val og samansetnad i SMU ( 11-1a) Alle grunnskular skal ha eit SMU. I SMU skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen vere representerte.

SMU skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal. SU kan sjølv kan sjølv vere skulemiljøutval. Når SU fungerer som skulemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei samla får fleirtal. 3.1.3 Skulen si informasjonsplikt og utvala sin rett til å uttale seg ( 9 A-9) Utvala skal haldast informerte om alt som er viktig for skulemiljøet Utvala skal så tidleg som mogleg takast med i arbeidet med skulemiljøtiltak Utvala har rett til innsyn i all dokumentasjon som gjeld det systematiske arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø Utvala har rett til å uttale seg og komme med framlegg i alle saker som er viktige for skulemiljøet. 3.1.4 SU og SMU sine oppgåver ( 11-1 og 11-1a) SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen. SMU skal medverke til at skulen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i SU eller i SMU. 3.2 Våre observasjonar, vurderingar og konklusjonar 3.2.1 Val og samansetnad i SU ( 11-1) Observasjonar I «Vedtekter for SU og SMU ved Tokke skule» står det følgande når det gjeld representantar: To representantar frå undervisningspersonalet Ein representant frå andre tilsette To representantar frå elevane + ein elevrep. til SMU To representantar frå foreldrerådet (FAU) + ein foreldrerep. til SMU To representantar frå kommunen (politisk rep. + rektor) I tillegg ein representant frå SU Åmdals Verk i saker av felles interesse. Om SU på Dalen utvidar med ein representant frå SU Åmdals Verk,- skal kommunen også auke med ein representant. (inspektør) (Oppl. 11-1) Referat fra møte i SU 16.10.2017 ved Tokke skule viser følgende representasjon: To representantar frå undervisningspersonalet, hvorav en var vararepresentant Ein representant frå andre tilsette Ein representant frå elevane

Ein representant frå foreldrerådet (FAU-leder) + ein foreldrerep. til SMU To representantar frå kommunen (politisk rep. + rektor) Referatet frå møte i SU 16.10.2017 viser fråfall frå ein forelder(fau), ein elev og ein «annan tilsett». I tillegg var ein lærar borte, men vedkomande var representert med vara. Referat fra møte i SU 20.10.2017 ved Tokke skule viser følgende representasjon: Ein representantar frå undervisningspersonalet Ein representant frå andre tilsette To representantar frå elevane Ein representant frå foreldrerådet (FAU-leder, FAU-nestleiar og ein foreldrerep. til SMU Ein representant frå kommunen (rektor) Referatet frå møte i SU 20.16.2016 viser fråfall frå ein lærar, ein elev og ein politikarrepresentant frå kommunen. Vurderingar Fylkesmannen finn at «Vedtekter for SU og SMU ved Tokke skule» skildrar ein representasjon som innfrir 11-1 i Opplæringslova. Referatet frå siste møte i SU (16.10.2017) viser at det mangla ein elevrepresentant for å kunne innfri krava i 11-1. Basert på SU-referata frå før 16.10.2017 vurderer likevel Fylkesmann at representasjonen i SU vanlegvis er riktig ved Tokke skule. I siste møte i SU var den eine foreldrerepresentanten leiaren for FAU slik loven krev, jf. 11-4. Brukarane var i mindretal ved møtet 16.10.2017, noko som lova opnar for når det gjeld SU, men ikkje SMU. Konklusjonar Tokke skule har etablert eit SU SU ved Tokke skule er lovleg samansett 3.2.2 Val og samansetnad i SMU ( 11-1a) Observasjonar Skulen har slått saman SU/SMU til eit organ, noko som rektor bekreftar. Referata og innkallingane frå utvalsmøta skil ikkje mellom SU og SMU. Skulen har lagt til grunn at referata/innkallingar frå møter i SU samstundes gjeld SMU.

Vi har motteke eit referat frå møte i SU/SMU inneverande skuleår (16.10.2017). Referatet frå dette møtet hadde tittelen Referat frå møte i samarbeidsutvalet (SU). Representasjonen i dette møtet blei skildra i førre avsnitt. Vi har motteke eit referat frå møte i SU/SMU førre skuleår (20.10.2016). Referatet frå dette møtet har tittelen Referat frå møte i samarbeidsutvalet (SU). Representasjonen i dette møtet blei skildra i førre avsnitt. Vedtektene for SU og SMU ved Tokke skule nemner blant anna organisering, representasjon, oppgåver, val og møterutinar. Vedtektene skil i stor grad mellom SU og SMU - både når det gjeld formål og oppgåver. I skulens vedtekter er representasjonen beskrive slik at brukarane (foreldre og elever) er i fleirtal. Referat frå utvalsmøte 16.10.2017 viser at både elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen var representerte. I dette møtet var brukarene i mindretal. Referat frå utvalsmøte 20.10.2016 viser at både elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen var representerte. I dette møtet var brukarene i fleirtal. Vurderingar Lova seier at kvar skule skal ha eit SU og eit SMU. Fylkesmannen finn at Tokke skule i praksis har slått saman SU og SMU til eit organ, sjølv om skulen sine vedtekter i stor grad skil mellom SU og SMU. I opplæringslova 11-1a står det at SU sjølv kan vere SMU, men dette handlar om at dei same personane kan sitje i begge utval. Skulen må framleis skilje mellom utvala - både når det gjeld møteavvikling, innkallingar og referat. Fylkesmannen vurderer difor at skulen ikkje har eit fungerande SMU. SMU skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal. Vedtektene for SMU og SU ved Tokke skule beskriver ein representasjon som sikrar brukarfleirtal, men Fylkesmann finn at dette ikkje alltid skjer i praksis. Fylkesmannen finn at skulen ikkje har syte for at vararepresentantar møter ved fråfall til SMU, slik at brukarane alltid kjem i fleirtal. Konklusjoner Tokke skule har ikkje etablert eit fungerande SMU. Elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen er representerte i utvalsmøta ved skulen Skulen har ikkje sikra at SMU er sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal. 3.2.3 Skulen si informasjonsplikt og utvala sin rett til å uttale seg ( 9 A-9) Observasjoner Fylkesmannen har motteke to referat frå SU/SMU for den perioden som er ein del av dette tilsynet, dvs. skuleåret 2016-17 og skuleåret 2017-18. SU-møtet 16.10.2017 hadde en varighet på 1,5 timer, og innkallinga inneholdt følgende saker:

Sak 1 Kva for oppgåver har SU? Sak 2: Kort informasjon frå rektor: skulestart, nytt lovverk 9A og inkludering /integrering av flykningar Sak 3: Val av SU leiar/ nestleiar / sekretær. Sak 4: Innspel til eventuelle endringar rundt ordensreglane. Sak 5: Ymse SU-møtet 20.10.2016 hadde en varighet på 1,5 timer, og innkallinga inneholdt følgende saker: Sak 1: Kva for oppgåver har SU? -> vi går gjennom vedtektene. Sak 2: Kort informasjon frå rektor: skulens satsingsområde, skulestart, Polen-tur for 10. klasse, Solidaritetsdag, tysdag 01.11, nasjonale prøver og status flyktningar Sak 3: Val av SU leiar/ nestleiar / sekretær. Sak 4: Ymse Rektor skriv at ho alltid informerer litt om skuledagen/prosjekt/miljø og trivsel ved oppstart av kvart møte. Rektor brukar følgende døme: Prosedyre ved 9a saker (16.10 2017, sak 2) Dårlege haldningar til flyktningar. Kva gjer vi? (16.10 2017, sak 2) Arbeid kring trafikksikringsplan (20.10 2016, sak 4.3) Toalettsituasjon, temperatur i Klasserom (20.10 2016, sak 4.1) I intervjua svarar elevrådsrepresentanten i SU/SMU at utvala ikkje har fått informasjon om elevundersøkinga i inneverande skuleår. Representanten seier vidare at det ikkje har vore snakka om funn frå vernerundar i SU/SMU. På spørsmål om korleis SU/SMU er tatt med i planlegginga og gjennomføringa av skulemiljøtiltak, svarar rektor «sakene blir sett opp på sakslista og drøfta og diskutert på møta med innspel og forslag.» Elevrådsrepresentantane seier at dei ikkje har snakka med rektor om SU/SMU-sakane i forkant av møta. Dei seier at elevrådet har fått informasjon i etterkant. Skulen skriv at dei har vore for dårlege til å informere om retten til innsyn i all dokumentasjon som gjeld det systematiske arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø Vurderingar Fylkesmannen finn at mange viktige skulemiljøsaker ikkje har vore på sakskartet i SU/SMU dei siste skuleåra. Referata syner at skulen ikkje har informert om viktige saker som til dømes elevundersøkinga, resultat frå vernerundar og ordensreglement. Elevrådsrepresentantane i SU/SMU stadfestar manglande informasjon og diskusjon kring desse tema. Vidare vurderer Fylkesmannen at den låge møtefrekvensen i SU/SMU gjer det vanskeleg for skulen å kontinuerleg ta med SU/SMU i arbeidet med skulemiljøtiltak. Skulen risikerer at sakene mister aktualitet før dei kjem opp til handsaming. Referata viser at skulen i liten grad tar SU med i arbeidet med skulemiljøtiltak. Fylkesmannen vurderer difor at skulen ikkje har ein praksis for å gjera dette.

Fylkesmannen finn at Tokke skule ikkje har informert SU/SMU om retten til innsyn i all dokumentasjon som gjeld det systematiske arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø. Skulen stadfestar at dei har vore for dårleg til å informere om denne retten. Fylkesmannen legg til grunn at retten til innsyn i praksis setjast til side dersom representantane i SU/SMU ikkje vert informera om denne retten. Vidare ser vi at viktige skulemiljøsaker som Nulltoleranse for mobbing, Inkludera/integrering av flyktningar og Nytt lovverk 9A kjem opp som reine informasjonssaker i SU/SMU. På den måten mistar utvala moglegheit til å uttale og kome med innspel i sakene. Unntaket er saka om ordensregelementet som var oppe til behandling i SU/SMU 16.10.2017. Her fekk elevrådet kome med innspel. Konklusjonar Tokke skule har ikkje halde utvala informera om alt som er viktig for skulemiljøet Tokke skule har ikkje så tidleg som mogleg tatt utvala med i arbeidet med skulemiljøtiltak Tokke skule har ikkje sikra utvala si rett til innsyn i all dokumentasjon som gjeld det systematiske arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø Tokke skule har ikkje sikra utvala si rett til å uttale seg og komme med framlegg i alle saker som er viktige for skulemiljøet. 3.2.4 SU og SMU sine oppgåver ( 11-1 og 11-1a) Observasjonar Tokke skule har i praksis slege saman SU og SMU til eit organ, sjølv om skulen sine vedtekter i stor grad skil mellom SU og SMU. Dette stadfest skulen. Fylkesmannen har motteke to referat frå SU/SMU for den perioden som er ein del av tilsynet, dvs. skuleåret 2016-17 og skuleåret 2017-18. Dei sakene som blei diskutert i desse møta er lista opp i førre kapitel. Referata frå møta i SU/SMU 16.10.2017 og 20.10.2016 viser at dei fleste sakene blei behandla som «informasjon frå rektor». Referata synar i liten grad nokon diskusjon eller innspel frå andre medlemmer i SU/SMU. Referata syner at SU/SMU ikkje har tatt opp saker som er omfatta av teieplikt dei seinare åra. Vurderingar Tokke skule har i praksis har slått saman SU og SMU til eit organ. Dette gjer at SU ved ikkje fungerer etter hensiktene. Fylkesmannen vurderer også at møtefrekvensen og tidsbruken er så låg at det blir vanskeleg for SU å behandle alle saker som er viktige for skulen. Det er relativt få saker som er tatt opp i SU dei siste åra. Til dømes er har ikkje skulens planarbeid, samarbeid heim-skule, skulehelsetenesta, budsjett, organisering av opplæringa blitt tatt opp i utvalsmøta. Samstundes finn vi at sakene i hovudsak vert

behandla som informasjonssaker. Fylkesmannen meiner difor at skulen ikkje legger til rette for at SU kan uttale seg i alle saker som gjeld skulen. Fylkesmannen finn at viktige saker til dømes elevundersøkinga, resultat frå vernerundar og ordensreglement ikkje var tema i SU/SMU gjennom siste skuleår. Vidare finn vi at mange SMU-saker vert tekne opp som «kort informasjon frå rektor». Difor vurderer Fylkesmannen at skulen ikkje har lagt til rette for at SMU kan medverke til at dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. SU/SMU har ikkje tatt opp saker som er omfatta av teieplikt dei seinare åra. Fylkesmannen har difor ikkje vurdert om skulen har en framgangsmåte som sikrar at elevane går ut av møterommet når slike saker vert handsama. Konklusjoner Skulen har ikkje sikra at SU kan uttale seg i alle saker som gjeld skulen. Skulen har ikkje sikra at SMU skal medverke til at skulen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. 4 Varsel om pålegg om retting I kapitla ovanfor har vi konstatert at de ikkje oppfyller regelverket på alle område. Vi gir dykk ein frist til å rette regelverksbrota, jf. kommunelova 60 d. Frist for retting er 1.oktober 2018. Før fristen må de sende oss ei erklæring om at forholda er retta og ei utgreiing om korleis brota er retta. Dersom de ikkje har retta regelverksbrota før rettefristen, vil vi vedta pålegg om retting. Eit pålegg om retting er eit vedtak som de kan klage på, jf. forvaltningslova kapittel VI. Følgjande pålegg er aktuelle å vedta etter at rettefristen er over: Elevråd ved grunnskular 1. Tokke kommune må syte for at skulen informerer og involverer elevrådet i arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø, jf. opplæringslova 9 A-9. I den samanhengen må kommunen syte for at skulen har ein framgangsmåte/rutine som sikrar at: a. elevrådet blir informert om alt som er viktig for skulemiljøet b. elevrådet så tidleg som mogleg blir tatt med i arbeidet med skulemiljøtiltak c. sikrar at elevrådet blir informert om retten til innsyn i all dokumentasjon som gjeld det systematiske arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø d. elevrådet får høve til uttale seg og kome med framlegg i alle saker som er viktige for skulemiljøet, medrekna skulemiljøsaker som skal handsamast i SU/SMU 2. Tokke kommune må syte for at skulen gjev elevrådet tilstrekkeleg hjelp i arbeidet sitt, jf. opplæringslova 11-2. I den samanhengen må kommunen syte for at skulen har ein framgangsmåte/rutine som sikrar at: a. elevrådet kan fremje fellesinteressene til elevane og arbeide for å skape eit godt lærings- og skulemiljø

Samarbeidsutval (SU) og skulemiljøutval (SMU) ved grunnskolar 3. Tokke kommune må syte for at skulen etablerer ein lovmessig samansett SU og eit lovleg samansett SMU, jf. 11-1 og 11-1a. I den samanhengen må kommunen syte for at skulen har ein framgangsmåte/rutine som sikrar at: a. skulen har eit fungerande SMU b. SMU er sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal 4. Tokke kommune må syte for at skulen informerer og involverer SU/SMU i arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø, jf. opplæringslova 9 A-9. I den samanhengen må kommunen syte for at skulen har ein framgangsmåte/rutine som sikrar at: a. utvala er informera om alt som er viktig for skulemiljøet b. Tokke skule så tidleg som mogleg tek utvala med i arbeidet med skulemiljøtiltak c. Utvala si rett til innsyn i all dokumentasjon som gjeld det systematiske arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø blir ivareteke d. Utvala si rett til å uttale seg og komme med framlegg i alle saker som er viktige for skulemiljøet blir ivareteke 5. Tokke kommune må syte for at skulen informerer og involverer SU i alle saker som gjeld skulen, jf. opplæringslova 11-1. Kommunen må og syte for at SMU kan medverke til at skulen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø, jf. opplæringslova 11-1a. I den samanhengen må kommunen syte for at skulen har ein framgangsmåte/rutine som sikrar at: a. SMU kan medverke til at skulen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. b. SU kan uttale seg i alle saker som gjeld skulen. De har rett til innsyn i saksdokumenta, jf. forvaltningslova 18. Skien 22.06.18 Hendrik Knipmeijer Seniorrådgivar (tilsynsleiar) Marit Gravklev Seniorrådgivar

Vedlegg: Liste over dokumentasjon Referat frå elevrådet skuleåra 2016-17 og 2017-19: o 10.januar 2017 o 22.mars 2017 o 18.april 2017 o 9.mai 2017 o 7.juni 2017 o 20.september 2017 o 18.oktober 2018 o 10.januar 2018 Møteplan for elevråd haust 2016 Møteplan for elevråd vår 2017 Møteplan for elevråd haust 2017 Møteplan for elevråd vår 2018 Svar frå skulen på Fylkesmannens spørsmål Svar frå elevrådet på Fylkesmannens spørsmål Vedtekter for SU og SMU ved Tokke skule Innkalling og referat frå møter i SU/SMU skuleårene 2016-17 og 2017-18: o 20.oktober 2016 o 16.oktober 2017