Landbruk og naturforvaltning Anders Månum Lustravegen 2400 A 6875 HØYHEIMSVIK 06.12.2021 Arkivsak: 21/3104-4 Løpenr.: 21/24563 Sakshandsamar: Avslag på søknad om omdisponering av dyrka og dyrkbar mark - Tiltak på gbnr. 72/2 Vi viser til søknad om oppføring av hytter på gbnr. 72/2. Det vert med dette gjeve melding om at fagleiar landbruk har teke slik avgjerd i d-sak 630/21: 1. Nes gard v/ Anders Maanum får avslag på søknad om omdisponering av dyrka og dyrkbar mark på gbnr. 72/2. 2. Avslaget er gitt med heimel i jordlova 9. De har rett til å klaga på vedtaket. Klaga må vere skriftleg og sett fram innan 3 veker frå De har motteke melding om vedtaket. Vi viser til vedlagde orientering. Med helsing fagleiar landbruk tlf.:57 68 55 83 Dokumentet er elektronisk godkjent og har difor ikkje underskrift. Vedlegg: Oversending for uttale og handsaming etter jordlova - oppføring av 2 glasshytter - Nes gard gbnr. 72/2 Søknad om oppføring av 2 glasshytter - Nes gard Søknad om tillatelse i et trinn. signert.pdf 1. Dispensjasjonssøknad signert.pdf 2A. 5155-opplysninger-gitt-i-nabovarsel-2020.pdf 2B. Samlet kvittering for nabovarsel.pdf 2C. kvittering på rekommendert forsendelse.pdf 3. Illustrasjon H1 og H2.pdf 4. Situasjonsplan H1 og H2.pdf 5. Svar - Nabovarsel - glasshytter - gnr 72 bnr 2 - Lustravegen 2400 A - Luster kommune.pdf POSTADRESSE: TELEFON: E-POST ADRESSE: ORGANISASJONSNR. Luster kommune Sentralbord: postmottak@luster.kommune.no 964 968 241 Postboks 77 57 68 55 00 Bankgiro: 6866 Gaupne 3785.07.00142
6A. Quote_ôôD_Hîtel.pdf 6B. Hytte modell Iceland.pdf Mottakar (ar): Anders Månum, Lustravegen 2400 A, 6875 HØYHEIMSVIK Kopi til: Plan- og byggesak, Luster kommune
Luster kommune Delegert vedtak Utval som skal ha melding om vedtak: Plan- og forvaltningsutvalet Vedtaksdato: 06.12.2021 Avslag på søknad om omdisponering av dyrka og dyrkbar mark - Tiltak på gbnr. 72/2 Arkivsak: 21/3104 Sakshandsamar: Arkivkode: MTR 72/2 SAMANDRAG: Delegert mynde er gjeve i delegasjonsreglementet, kommunestyret sak 10/17. Sak: 630/21. Vedtak: 1. Nes Gard v/ Anders Maanum får avslag på søknad om omdisponering av dyrka og dyrkbar mark på gbnr. 72/2. 2. Avslaget er gitt med heimel i jordlova 9. Fagleiar landbruk Saksutgreiing Fakta: Nes gard v/ Anders Maanum har søkt Luster kommune om løyve til å bygge to hytter til bruk i hotellverksemd. Hyttene skal plasserast på eit areal klassifisert som innmarksbeite. Innmarksbeite blir rekna som «dyrkbar jord» jf. Rundskriv M-2/2021. Arealet framstår som dyrka ved bruk av eldre flyfoto. Saka må difor handsamast etter 9 i jordlova om omdisponering av dyrka og dyrkbar mark. Nes er eit område som egnar seg til fruktproduksjon og jordbruksjorda i dette området er difor av særleg høg verdi. På tross av at det står ein bygning der den eine hytta er innteikna, må det også her søkjast om omdisponering. Dette er fordi bygningen som står der i dag er ein driftsbygning i jordbruket jf. rundskriv M-2/2021 punkt 4.3. I situasjonsplan er det også lagt opp til parkeringsareal som vil krevje søknad om omdisponering av dyrka eller dyrka jord etter 9 i jordlova. I situasjonsplanen er innteikna parkeringsareal med ein størrelse mellom 50-100 kvm. Gbnr. 72/2 har i dag ikkje eiga drift og storparten jorda er leigd ut til grasproduksjon. Vurdering:
Det er i utgangspunktet ikkje lovleg å ta i bruk jordbruksjord til anna føremål enn jordbruksproduksjon jf. jordlova 9 1. ledd. Ved ei omdisponering etter 9 2. ledd skal ein vurdere godkjende planar etter plan- og bygningslova, drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området, innverknad på kulturlandskap og evt. samfunnsgagn ei omdisponering vil gi. I dette høvet føreligg det ikkje godkjende planar etter plan- og bygningslova, og tiltaket er ikkje i tråd med arealføremålet som er LRNF. Bygginga av hyttene kan heller ikkje med rette kallast tilleggsnæring då det ikkje er eiga drift på gardsbruket jf. punkt 1.1. i «garden som ressurs». Ei kvar nedbygging av dyrka eller dyrkbar jord er ei ulempe frå landbruket. Det fråtek gardsbruket ressursar og kan gjera areal mindre tilgjengeleg for vanleg drift grunna konfliktar mellom landbruk og andre interesser. I dette høvet vurderer vi at bygging av hytter spreidd i jordbrukslandskapet gir auka risiko for konfliktar grunna lukt og støy knytt til jordbruksnæring. Plasseringa av hyttene, spreidd i utkanten av eit innmarksbeiteområde, gir ei oppdeling av jordbruksarealet som kan vere negativt for framtidig drift, og auke risiko for at det går ut av bruk. Dei omsøkte hyttene vil utgjera eit framandelement i eit miljø som med unntak av ei tilsvarande glashytte er prega av tradisjonelle gardstunmiljø. Dette vil gi innverknad på kulturlandskapet i området. Ein skal også vurdere samfunnsgagnet i omdisponeringa. Det vil alltid vera negativt for samfunnet at ein får redusert areal å driva matproduksjon på. Ein kan derimot tenkja seg at satsinga på reiseliv kan gi grunnlag for heilårsarbeidsplassar jf. opplysingar i søknaden. I 9 2. ledd skal ein også vurdere om tiltaket er av ein slik type at det lett kan førast attende til jordbruksproduksjon. Ved oppføring av bygningar reknar ein ikkje at dette er lett å føra attende. Etter ei samla vurdering blir dei negative sidene ved ei omdisponering klårt større enn fordelene. Søknaden om omdisponering av dyrkbar mark blir difor avslått. Landbrukskontoret vurderer at ei utgreiing kring satsing på reiseliv i området bør gjerast gjennom ein kommuneplanprosess. LUSTER KOMMUNE, Landbruk og naturforvaltning Gaupne, den 06.12.2021 fagleiar landbruk
Avsendar: Luster kommune Postboks 77 6866 GAUPNE Melding om rett til å klaga over forvaltningsvedtak (Forvaltningslova 27 tredje ledd og fjerde ledd) Mottakar Anders Månum Lustravegen 2400 A 6875 HØYHEIMSVIK Dato 06.12.2021 Klageinstans Statsforvaltaren i Vestland Statens hus Njøsavegen 2 6863 Leikanger Denne meldinga gir viktige opplysningar dersom De ynskjer å klaga over vedtak De har fått underretning om. Klagerett Kven kan De klaga til Klagefrist Rett til å krevje grunngjeving Klagen sitt innhald Utsetjing av vedtaket Rett til å sjå saka sine dokument og til å krevja rettleiing Kostnader ved klagesaka Klage til Sivilombudsmannen De har rett til å klaga over vedtaket. Klagen skal først sendast til avsendaren av denne meldinga. Dersom dette organet ikkje endrar vedtaket som fylgje av klagen, vil han bli sendt vidare til klageinstansen for avgjerd. Dersom vedtaket er fatta av kommunale eller fylkeskommunale organ, er klageinstansen kommunestyret eller fylkestinget, eller det organ desse har bestemt. Dersom vedtaket er fatta av kommunestyret eller fylkestinget, er klageinstansen kommunaldepartementet eller det organ det har gitt mynde til. Klagefristen er 3 veker frå den dag dette brevet kom fram. Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagd innan fristen går ut. Dersom De klagar så seint at det kan vere uklart for oss om De har klaga i rett tid, ber vi Dykk oppgi når denne meldinga kom fram. Dersom klagen blir send for seint, er det adgang til å sjå bort frå den. Om De har særleg grunn til det, kan De likevel søkje om å få forlenga klagefristen. De bør då i tilfelle nemne grunnen til utsettinga. Dersom De ikkje allereie har fått grunngjeving for vedtaket, kan De setja fram krav om å få det. Slikt krav må setjast fram i løpet av klagefristen. Klagefristen blir i så fall avbroten, og ny frist startar frå det tidspunkt De mottek grunngjevinga. Klagen skal nemna det vedtak det vert klaga over, og den eller dei endringar som De ynskjer. De bør nemna Dykkar grunngjeving for å klaga og evnt. andre opplysningar som kan ha noko å seia for vurderinga av klagen. Klagen må underskrivast. Sjølv om De har klagerett, kan vedtaket vanlegvis gjennomførast straks. De har imidlertid adgang til å søkja om å få utsett iverksettinga av vedtaket inntil klagefristen er ute eller klagen er avgjord. Med visse avgrensninger har De rett til å sjå dokumenta i saka. De må i tilfelle vende Dykk til det forvaltningsorgan som har sendt denne meldinga. Der kan De også få nærare rettleiing om adgangen til å klage og om reglane for handsaminga elles. De kan søkja om å få dekt utgifter til naudsynt advokatbistand etter reglane om fritt rettsråd. Her gjeld imidlertid normalt visse inntekts- og formuegrenser. Statsforvaltaren sitt kontor eller vedkommande advokat kan gi nærare rettleiing. Det er også særskild adgang til å krevja dekning for vesentlege kostnader i samband med klagesaka, t.d. til advokatbistand. Dersom vedtaket er blitt endra til gunst for ein part, er det også adgang til å søkja dekning for vesentlege kostnader i samband med saka. Klageinstansen vil om naudsynt orientera Dykk om retten til å krevja slik dekning for sakskostnader. Det er også mogeleg å klaga til Stortinget sin ombudsmann for forvaltningen (Sivilombudsmannen). Sivilombudsmannen har ikkje adgang til å handsama saker som er avgjort av Kongen i statsråd. Dersom De no får Dykkar klage avgjort i statsråd fordi Kongen er klageinstans, kan De difor ikkje seinare bringa saka inn for Sivilombudsmannen. Særlege opplysningar