Leikanger kommune Årsrapport og rekneskap 2012
Innhald Rådmannen sin kommentar...1 Hovudtal frå rekneskapen...3 Interkommunalt samarbeid...6 Kommunen som verksemd...9 Driftsresultat i høve rammene... 13 Folkevalde... 15 Administrasjon... 17 Oppvekst og omsorg... 20 Barnehagar... 24 Helsetenester... 26 Nav sosiale tenester... 29 Folkehelse... 31 Kultur, idrett og friluftsliv... 34 Sogn kulturskule... 36 Barnevern... 37 Bygg, næring og miiljø... 40 Teknisk drift... 44 Investeringar... 47 Rekneskap... 49 Framsidebilete: Opning av Schröderparken Bileta på omslaget bak: Skogsdrift i Heggdalane Molte i Leikngerfjella Sumhaug. Foto: Odd Arve Rakstad
Rådmannen sin kommentar I tråd med forskriftene skal rådmannen leggje fram ein årsrapport. Årsrapporten skal leggjast fram for revisjonen før den går vidare til kontrollutvalet før handsaming i formannskap og kommunestyre. Årsrapporten blir lagt fram parallelt med rekneskapen. Revisor og kontrollutvalet sine merknader skal leggjast fram for formannskapet før formannskapet gjev tilråding til kommunestyret. Årsrapporten er administrasjonen si orientering til kommunestyret om kva som er gjort siste året. Med budsjettet gjev kommunestyret dei økonomiske rammene og fastset korleis midlane skal fordelast mellom dei ulike tenestene. Administrasjonen har ansvar for gjennomføringa og rapporterer til kommunestyret korleis føresetnadene er oppfylte. Driftsresultatet Rekneskapen syner eit positivt resultat på ca 7,2 mill kr. Årsbudsjettet med justeringar la til grunn ei samla ramme til drift på 113 572 000. Rekneskapen syner ein samla bruk på 113 163 229. Det betyr at kr 408 771 av overskotet kjem frå drifta. Bruk av pensjonsfond på ca 0,9 mill og ekstra inntekter frå utleige av kontor i Tinghus III ligg inne i grunnlaget. Største delen av overskotet skriv seg frå finansdelen. I grove trekk fordeler dette seg slik: Skatt og rammetilskot inkl Dagmarmidlar 1,2 mill, Renteinntekter/utbytte 0,4 mill, Avkastning kraftfondet 4,0 mill Mindre renteutgifter 0,8 mill. For meir detaljar syner ein til kommentarane til tenesteområda, hovudtal frå rekneskapen og vedlagte rekneskapsskjema. Økonomistyringa Eitt framsteg med nye økonomiprogram er at rapporteringa er gjort enklare. Leiargruppa har hatt «betre økonomistyring» som ei prioritert oppgåve i 2012. Med grunnlag i eigne standardrapportar frå økonomiavdelinga kan tenesteiningane kvar månad på ein enkel måte gå inn å kontrollere forbruk i høve budsjett. Rutinene er lagt opp slik at den enkelte tenesteleiar skal kvittere ut sin gjennomgang innan dag 15 og kommentere på evt avvik samt måten desse blir følgt opp. Ordninga har synt seg å fungere godt og vil bli vidareført i 2013. Lønn og stillingar Med grunnlag i tilmeldte i KLP og Statens pensjonskasse var det registrert 117,5 årsverk i KLP og 26,6 i SP pr 1.1.2010 Ved utgangen av 2012 var det registrert 134,7 årsverk (159 arbeidsstakarar) i KLP og 31 i SP. Det betyr ein samla vekst på 22,2 årsverk i organisasjonen dei siste 3 åra. Innanfor KLP området fordeler veksten seg på antal årsverk Administrasjon 1,0 Reinhald 3,0 Teknisk uteseksjon 1,0 Barnehagar 3,7 Helse 1,6 Sosial 1,0 Pleie og omsorg 7,3 Årsmelding 2012 1
Auken med 5 årsverk i grunnskulen fordeler seg med 1,7 årsverk på barneskulen og 3,3 årsverk på ungdomsskulen Tinghusbygga Frå sommaren 2012 vart det inngått kontrakt med Statens vegevesn om leige av 1 4 etg i Tinghus III. Avtalen er mellombels inntitil Statsbygg har gjennomført påbygg og ombygging av vegkontoret i Askedalen. Det er også inngått avtale om sal av reinhaldstenester, samt drift av betjent kantine i Tinghus I der kommunen betaler ein forholdsmessig del av drifta. Det er mange positive sider ved at det pånytt er ljos og liv i bygget og kanskje eit teikn på at kommunen i eit framtidsperspektiv bør vurdere å la i det minste eitt av bygga stå som reserve framfor å rive heile komplekset slik som tenkt. Frå slutten av 2013 er det håp om at vegvesenet vil måtte leige ytterlegare kontorareal i Tinghus II/III. Bustader Eitt av dei viktigaste satsningsområda for Leikanger bør vera tilrettelegging av nye bustadområder. Dei tidlegare tomteareala er omtrent fyllt opp og det blir for lite å satse på dei mindre og spreidde private alternativa som dukkar opp sjølvom desse framstår som gode og spennande alternativ. Eit viktig tilskot vil vera Berlehagen. Reguleringsplanen og grunnspørsmål er ferdigstilt og opparbeidinga kom i gang seint på hausten. Berlehagen vil framstå med ein god variasjon av tomtealternativ for om lag 13 nye bueiningar sommaren 2013. Eitt anna viktig område er Stadheimgarden. Her er det viktig å få god framdrift på arbeidet med reguleringsplanen og opparbeiding av området. Sjølom dette skal skje i privat regi bør kommunen støtte opp om prosjektet slik at det er så berekraftig at reguleringa og opparbeidinga blir gjennomført. Skogsdrift skog og bygging av skogsvegar Ein må gå mange år attende for å registrere så stor aktivitet i utmarka som i 2012. det vart teki ut 16.000 kbikkmeter tømmer i Heggdalane og Huksdalen. Arbeidet med å ta ut vindfall i Huksdalen vil halde fram i 2013. Det vart også gjevi løyve til bygging av 7 nye skogsvegar der oppfølginga av arkeologiske funn for den eine (Baukasengvegen) ikkje er ferdig handsama. Dersom vegane blir bygt vil det representere ein stor med tanke på det store kvantum skog som bør avvirkast dei næraste 10 30 åra samstundes som vegane vil vera eit nyttig tilskot for å fremje almenta sin bruk av utmarka som fritidsområde. Folketalsutviklinga Leikanger har hatt ein relativt god vekst i folketalsutviklinga dei siste åra. Dei siste 4 åra har Leikanger hatt ein netto vekst i innbyggartalet vori på 99 personar. Ved utgangen av 2012 var 2255 busette i kommunen. Det er 19 fleire enn ved inngangen av året. Kommunane leverer tenestene Gjennom året har media omtaler av kommunane sine tenester der dei fleste har fokus på ting som ikkje går bra. Det er media sin rett å setje fokus på tenesteytinga. Ein er likevel oppteken av at det blant innbyggjarane kan danne seg eit skeivt inntrykk av kommunane rundt omkring fungerer dårleg ved at brukarane ikkje får dei tenestene dei har rett på. I det store og heile er bildet annleis og rådmannen vil avslutte kommentaren til årsmeldinga for 2012 med følgjande sitat Kommunal- og regionaldepartementet sitt «Kommunalnytt»: «Kommunane leverer meir velferd og gode resultater i 2012. Kommunene leverer gode tjenester på områdenes skole, omsorg, barnehager og barnevern, viser nye SSB-tal. Kommunene fortjener tillit og ros for jobben de gjør, sier kommunalminister Liv Signe Navarsete.» Leikanger 19. mars 2013 Odd Arve Rakstad - rådmann - 2 Årsmelding 2012
Hovudtal frå rekneskapen Då årsmeldinga for 2012 også vil innehalde den fullstendige årsrekneskapen for Leikanger kommune, er omtalen av rekneskapen i dette kapittelet redusert til å gjelde berre nokre få utvalde storleikar. Utviklinga i lånegjelda 2012 2011 2010 2009 Investeringslån 134 266 120 017 116 652 114 790 Husbank for vidare utlån 7 774 2 543 3 022 2 603 Sum lånegjeld 142 040 122 560 119 674 117 393 Opptak av lån til investering utgjorde 19,8 mill. kroner. I tillegg vart det gjort opptak av lån til vidare utlån med 5,7 mill. kroner. Det vart betalt avdrag (inklusiv lån til vidare utlån) med 5,1 mill. kroner. Netto lånegjeld pr. innbyggjar er på kr.54.966. Gjennomsnitt for kommunegruppe 2 er kr 52.063 pr. innbyggjar og gjennomsnittet for Sogn og Fjordane er 60.637. For heile landet er netto lånegjeld kr.36.120 pr. innbyggjar. Driftsresultat 2013 Oppstillinga er eit samandrag av tala i driftsrekneskapen. Der er føreteke korrigeringar av rekneskapstala for å eliminere interne overføringar. Ein del av tala vil difor ikkje kunne finnast att i rekneskapen. Oppsettet under viser løpande inntekter og utgifter i kommunen. Avskrivingar er her haldne utafor. Budsjettkolonnen viser regulert budsjett. Alle tal er vist i heile 1000 kr. DRIFTSRESULTAT R2012 B2012 R2011 R2010 R2009 1. Netto skatteinntekter 49 420 52 017 46 446 51 965 47 195 2. Statlege rammetilskot 64 952 61 160 56 337 33 659 33 345 3. Andre driftsinntekter (ekskl. renter) 57 830 46 288 51 752 65 179 65 388 4. SUM DRIFTSINNTEKTER (1+2+3) 172 202 159 465 154 535 150 803 145 928 5. Driftsutgifter (ekskl. renter) 161 457 151 741 146 703 139 713 135 705 6. BRUTTO DRIFTSRESULTAT 10 745 7 724 7 832 11 090 10 223 7. Netto renteutgifter /inntekter 4 405-668 -8 615 7 406 11 725 8. Aksjeutbyte 850 750 750 750 679 9. Netto avdrag -4 676-4 530-4 636-4 585-4 546 10. NETTO DRIFTSRESULTAT 11 324 3 276-4 669 14 661 18 081 BRUK AV NETTO DRIFTSRES. 11. Overføring til kapitalrekneskap -3 564-3 564-867 -3 311-4 679 12. Avsett til fond -2 115-693 -8 965-18 797-3 352 13. Bruk av tidlegare avsetjingar 1 586 981 4 415 1 768 19 030 14. Dekking av tidlegare meirforbruk 0 0 0-729 -12 586 15. Disponering av tidlegare mindreforbruk 0 0 10 086 16 494 0 15. Ikkje disponert meir-/ mindreforbruk 7 231 0 0 10 086 16 494 Årsmelding 2012 3
Overordna vurdering av samla driftsinntekter og driftsutgifter Sum driftsinntekter, punkt 4, viser driftsinntekter som ligg ca. 12 mill. kroner over budsjetterte inntekter. Dette avviket gjeld mellom anna sjukelønsrefusjon på ca. 6 mill. (vert ikkje budsjettert med sjukelønsrefusjon), husleige for tinghusanlegga, samt statlege tilskot til flyktningearbeid, vaksenopplæring, helse og kultur. Sum driftsutgifter, punkt 5, viser eit meirforbruk på ca.10 mill. kroner. Meirforbruket gjeld lønspostar med ca. 6,5 mill. kroner og det er gjort kjøp av varer og tenester som ligg 2,9 mill. over budsjettet. Meirforbruket i lønn fordeler seg over fleire områder og må vurderast i samanheng med sjuklønsrefusjon på 6 mill. kroner. Vidare ser ein at auke i statstilskot og vil generere auka aktivitet og auka lønsutbetaling. Statstilskot ført mot tenesteeiningane vil ofte vere bundne midlar utan krav til budsjett. Driftsutgiftene vurdert mot driftsinntektene. 2012 2011 2010 2009 2008 Driftsutg. inkl. avskr. 169 026 153 960 146 496 136 999 137 000 Driftsutgifter (eks. avskr.) 161 457 146 703 139 713 130 947 131 775 Driftsinntekter (før finans) 172 202 154 535 150 803 145 928 132 195 Skatt på inntekt og formue. Skatteinngangen hadde ein jamn auke frå 2007 tom 2010. I 2011 gjekk skatteinngangen attende med ca. 5,5 mill. kroner til 46,4. For 2012 vart skatteinngangen på 49.420 mill. kroner. Rammetilskot til kommunane År 2012 År 2011 År 2010 År 2009 Netto innt.utjamning 1 788 1 765 (555) 320 Sum rammetilskot 64 902 56 337 33 659 33 345 Fom 2011 vart finansiering av barnehagane inn rekna inn i rammetilskotet, slik at dei rammetilskotet vart auka opp medan andre statlege overføringar gjekk tilsvarande attende. Posten rammetilskot inneheld rammetilskot frå staten samt inntektsutjamning basert på skatteinngangen i kommunane. For 2012 fekk Leikanger kommune kompensert for låg skatteinngang med 1,8 mill. kroner i inntektsutjamning. Rammetilskotet for 2012 inneheld og 1,3 mill. som gjeld ekstra tildelte midlar til opprusting av vegar og anlegg etter uveret vinteren 2011/2012. Auken elles skriv seg frå auke i innbyggjartalet i kommunen og dermed og auke i innbyggjartilskotet (som vert rekna med likt beløp pr. innbyggjar). 4 Årsmelding 2012
Andre inntekter «Brukarbetaling», gjeld mellom anna foreldrebetaling for barnehageplass og eigenbetaling for opphald på sjukeheimen, er på same nivå i 2012 som for 2011 (svak nedgang). Nedgangen skuldast færre born i dei kommunale barnehagane. «Andre sals- og leigeinntekter» utgjer 12,3 mill. kroner og består av kommunale avgifter for feiing, vatn og avlaup, husleigeinntekter og betaling for andre tenester. «Overføringar med krav til motytingar» auka frå 22,5 mill. i 2011 til 27,2 mill. i 2012. Det aller meste av auken kjem frå auka sjukelønnsrefusjon og mva-kompensasjon frå investering. Samanstilling av lønn opp mot andre driftsutgifter. Lønn, ekskl. sosiale kostnader, auka frå 2011 til 2012 med 8 %, ca. 6,7 mill. kroner. Inkl. sosiale kostnader utgjorde lønn i 2012 ca. 110 mill. kroner og ca. 65 % av totale driftsutgifter. Til samanlikning utgjorde lønsutgiftene i 2011 67 % av totale dr.utgifter. Utvikling i brutto driftsresultat (inklusiv avskrivingar og før finanspostar) Brutto driftsresultat viser resultat av den ordinære drifta inkludert avskrivingar på varige driftsmidlar. Resultatet gir uttrykk for kva evne kommunen har til å betjene lånegjeld, evne til å finansiere deler av årets investeringar over drifta, samt evne til å avsete midlar til seinare bruk. Brutto driftsres. (inkl. avskriving) (tal i heile tusen) 6 000 4 000 2 000 0 (2 000) År 2012 År 2011 År 2010 År 2009 År 2008 År 2007 År 2006 (4 000) (6 000) (8 000) (10 000) Årsmelding 2012 5
Interkommunalt samarbeid Leikanger kommune har samarbeid med andre organisasjonar både nasjonalt og regionalt. Nasjonalt kan nemnast Kommunens Sentralfobund (KS), Landssamanslutninga av vasskraftkomunar (LVK) og Kommunane sitt KS-forum for Eigedomsskatt KS er kommunane sin interesseorganisasjon og arbeider for å sikre best moglege rammevilkår for kommunesektoren. KS er tillagt mynde til å forhandle fram nye tariffavtaler på personalområdet. LVK arbeider for at kommunar som planlegg eller har gjennomført vassdragsreguleringar blir sikra best moglege økonomiske vilkår. KS sitt Eigedomsskatteforum har som oppgåve å rettleie kommunar som har innført eigedomsskatt. På regionalt nivå samarbeider kommunen med andre på mange område og nivå. Sogn Regionråd Eit interkommunalt samarbeid mellom 8 kommunar i Sogn. Felles sekretariat med ei fast stilling lagt til Sogndal kommune. Rådmennene har etablert eit fast samarbeid gjennom ei eiga rådmannsgruppe. For særskilte prosjekt som Sogn Regionråd initierer blir det med jamne mellomrom oppretta tidsavgrensa prosjektstillingar der største delen av utgiftene blir finansiert med prosjektmidlar. Ikt Kommunenett Sogn. Alle 8 kommunane har felles avtale med Fylkeskommunen om internettilgang og kommunikasjon med eksterne tenesteleverandørar. Felles GIS som er eit elektronisk kartdatasystem. Drifta av fylkeskommunen. Tilsett eigen prosjektleiar for å implementere bruk av tenester i kommunane. Vik er vertskommune for stillinga. Avtale med fylkeskommunen om drift av serverar, databaser og program. BLLS-samarbeidet med Luster, Sogndal og Balestrand. Rådmennene er styringsgruppe for dette samarbeidet som omhandlar tenestesamarbeid og ikt-området. Kommunane har oppretta eigen stilling som ikt-leiar. Sogndal er vertskommune. Samarbeidet skal bidra til meir stabil og robust drift og betre tenester i den einskilde kommune. Kommunane skal også kunne ta ut ein ekstragevinst med i større grad å nytte felles løysingar. Gjennom dette samarbeidet har kommunane utvikla felles ikt-strategiplan, heimesider og nytt internkontrollsystem.. Felles barnevernssystem, Familia, for alle kommunane. Drifta for kommunane på nordsida er lagt til Sogndal. Felles programvare (TQM) for kvalitet- og styringssystem. Online-løysing men felles samarbeid mellom kommunane Luster, Sogndal, Leikanger og Balestrand om innkjøp, bruk og oppfølging. 6 Årsmelding 2012
Rekneskap og kontroll Samarbeid mellom kommunane om felles rekneskapsteneste frå Sogn og Fjordane Revisjon IKS. Avtale med verknad frå 1.1.2009. Endring av kostnadsdelingsmodellen med verknad frå 1.1.2014. Kommunane samarbeider også om kjøp av sekretariatstenester til kontrollutvala. Det er inngått avtale med PricewaterhouseCoopers. Her er inngått ny avtale for perioden 2013 2016. Kommunane i regionen samarbeider om rekneskapskontroll av private næringsdrivande. Årdal er vertskommune og har oppretta eigen stilling til å gjennomføre trekkontrollane. Arkiv Leikanger kommune har avtale med fylkeskommune om avlevering og oppbevaring av arkivmateriale. Årleg kostnad ca 80.000,-. Kulturskule Det er etablert interkommunal kulturskule mellom Luster, Sogndal og Leikanger. Leikanger er vertskommune og har arbeidsgjevaransvaret for i alt 14 stillingar i kulturskulen. Jordmorteneste Samarbeid med Sogndal og Luster om felles jordmorvakt. I tillegg eigen avtale mellom kommunane og Hf vedr kostnader med følgjeordninga. Miljøretta helsevern Indre Sogn Samarbeid mellom kommunane i Sogn om tilsyn etter forskrift om miljøretta helsevern i Barnehagar, skular m.m. I utgangspunktet er dette oppgåver som ligg til kommunelege, men kommunane i regionen har gått saman om ei felles stilling. Ordninga er lokalisert til Mattilsynet i Sogndal. Helse Kommunane Luster, Sogndal og Leikanger samarbeider om eit eige prosjekt: Plan for førebyggande helsearbeid. Prosjektet skal vare fram til hausten2013 og har melleom anna resultert i oppretting av felles Frisklivssentral frå 2013. Alle medlemskommunane i Sogn regionråd har delteki i utgreiing av Lokalmedisinsk senter i Sogn. Forstudiet var ferdig sommaren 2012 og hovudprosjektet skal vera ferdig ril sommaren 2013. Alle kommunane tok del i forstudiet. For hovudprosjektet har noke kommunar valt å delta på enkelte delar av prosjektplanen. Landbruk Det vart oppretta avtale med Sogndal kommune om kjøp av fagkompetanse på landbruk med inntil 40% stilling med verknad frå 1.1.2008. Avtalen er vidareført frå 1.1.2009. Ny ordning for veterinærvakt vart innført frå 1.1.2008. Det er oppretta eiga avtale med Luster og Sogndal om felles ordning. Luster har ansvar for å administrere ordninga. Sogn Brann og IKS Sogn brann og redning IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Balestrand, Leikanger, Luster, Sogndal og Vik. Andre kommunar har høve til å søke om medlemskap. Selskapet er oppretta med heimel i Lov om interkommunale selskap. Selskapet er eit eige rettssubjekt, og har arbeidsgjevaransvar for alle tilsette i selskapet. Selskapet har hovudkontor i Sogndal kommune. Føremålet med selskapet er å ha ei felles brann- og redningsteneste for å ivareta lovpålagde brannvernoppgåver i eigarkommunane. Årsmelding 2012 7
Leikanger Næringshage AS Aksjeselskap med private og offentlege eigarar. Næringshagen er lokalisert i bankbygget i Hermansverk. Kommunen har 2000 aksjar (57%)og innbetalt kr 200.000 i aksjekapital. Kommunen gjev driftstilskot til næringshagen kvart år samt støttar opp om driftsgrunnlaget i form av tenestekjøp. Kommunen har handsama eigen sak vedk den framtidige eigarskapen i selskapet. SogneLab Aksjeselskap etablert av kommunane i regionen. Selskapet driv laboratorium i Sogndal med 2 3 tilsette. Ei av hovudoppgåvene er måling av vasskvalitet i vassverka. Leikanger har ein eigardel på 7,1 %. Sogneprodukter AS Aksjeselskap med hovudkontor i Vik og avdelingskontor på Kaupanger. Eigd av kommunane i Sogn og fylkeskommunen. Leikanger har kr 10.000 i aksjekapital, 1,8 % av aksjane. Sogneprodukter er ei verksemd med verna arbeidsplassar og har arbeidstakarar utplassert ulike stader i kommunane Sognekraft AS Kraftselskap med hovudkontor i Vik. Produksjon i Årøy og Vikfalli, nettkonsesjon i Vik, Balestrand, Leikanger og Sogndal. Leikanger eig 2,5% av aksjane etter salet av 17 % av aksjane i 2001. Fresvik Produkt AS Aksjeselskap med private og offentlege eigarar. Bedrifta produserer og monterer kjøle- og fryserom. Verksemda ligg i Fresvik. Leikanger har 40 aksjar og innbetalt aksekapital på kr 10.000. Fatlatunnelen AS Bompengeselskap for nedbetaling av delar av anleggskostnadene med den nye Fatlatunnelen som vart opna 19 desember 2008. Leikanger har 50 aksjar og innbetalt aksjekapital med kr 50.000. Eigarar av selskapet er Leikanger, Sogndal, Vik, Balestrand, Luster kommune saman med fylkeskommunen. Museum: Kommunane i Sogn yter årleg driftstilskot til Sogn Folkemuseum på Kaupanger. I 2011 ytte Leikanger kommune kr 73000 av eit samla kommunetilskot på vel 1 mill kr. Museet har ei samling frå Leikanger, både bygningar og gjenstandar. Andre engasjement Flyplassen på Haukåsen, Fjærlandsvegen, Biblioteksentralen og Fjordinfo 8 Årsmelding 2012
Kommunen som verksemd Organisasjon og medarbeidarar Kvaliteten på kommunale tenester er avhengig av gode organisatoriske løysingar, godt arbeidsmiljø og medarbeidarane sin kompetanse. Resultat frå vernerundar, kartlegging og medarbeidarsamtalar syner at vi leverer gode tenester og at det generelt er godt arbeidsmiljø. Dette er ei stadfesting på at vi har dyktige medarbeidarar som tek ansvar, arbeider godt saman og yter gode tenester. Samfunnet er i stadig endring med nye krav innan dei fleste område. Endring er det normale, og dette stiller store krav til organisering og medarbeidarar. For å meistre desse utfordringane er det etablert ein organisasjonsstruktur med einingar med stor grad av sjølvstende innan gitte rammer. Når vi veit at kvaliteten på tenestene vert avgjort i møte mellom tilsett og brukar, er det viktig med nødvendig mynde, handlingsrom og kompetanse, slik at ein finn kvalitativt gode løysingar tilpassa situasjonen og brukarane sine behov. Helse, miljø og tryggleik Det systematiske HMT-arbeidet vert regulert av HMT-systemet der fylgjande årshjul er sentralt: Innan 10.september Verneområdet føretek fullstendig kartlegging/vernerundar og set eventuelle tiltak inn i ein handlingsplan som vert sendt til sektorleiar. Innan 1.oktober Sektorleiar set opp eventuell prioriteringsliste og sender handlingsplanen til AMU Innan 1.november AMU handsamar og set opp samla handlingsplan for Leikanger kommune. Siste kommunestyremøte i året Kommunestyret løyver eventuelle midlar i samband med budsjett/økonomiplansaka. Det er månadsvis registrering av sjukfråvær og fast rutine for innmelding av driftsavvik. Leikanger kommune har som IA-verksemd sett opp 3 overordna mål: * Redusere sjukefråværet * Tilrettelegge for at tilsette med redusert funksjonsevne skal vere i arbeid. * Auke den reelle pensjonsalderen Det er nedfelt ei arbeidsgruppe i kommunen som evaluerer retningslinene for IA-arbeidet. Sjukefråvær Registreringa av sjukefråværet viser eit gjennomsnittleg fråvere for tenesteområda under eitt på 7,3 %. Dette g det same som fjoråret. Kommunen mottok sjukepengerefusjon på om lag 3.844.000 kroner i 2012 (54 personar). Dette er fleire enn året før som synte 2,5 mill på 38 personar. I 2012 var 12 arbeidstakarar ute i fødselspermisjon, av desse 3 menn. (8 arbeidstakarar i 2011). Dette utgjer eit refusjonsbeløp på om lag 2.096.000 kroner (kr. 814.000 i 2011). Årsmelding 2012 9
Nedanfor viser utviklinga i sjukefråværet siste 12 åra frå 2000-2012. AMU har sett opp ei målsetjing om at det samla sjukefråværet ikkje bør overstige 6 %, og at ein set ekstra fokus på konkrete og generelle tiltak for å førebyggje sjukefråværet. Ein har ikkje klart å halde måltalet i år heller. IA-gruppa har vurdert måltalet, men konkluderer å halde fram på 6 % prosent ved at det vert satsa med ekstra tiltak innan pleie- og omsorg. Eksempel på generelle rutinar er: Arbeidsmiljøkartleggingar, tidleg oppfylging av sjukmelde, dialogmøte med behandlande lege innan kort tid, attføringsmøte, tilretteleggingstilskot, andre verkemiddel gjennom trygd, god dialog på arbeidsplassen og mellom leiar/tilsette, medarbeidarsamtalar, samarbeidsmøte, hmt-opplæring, infomøte med NAV, oppfylging av kommunen sitt verdidokument (visjon, verdiar, leiarkrav), seniortiltak. Leikanger kommune har i 2012 motteke individuelle tilretteleggingstilskot på om lag kr.193.000 frå NAV. Det er Nybø barnehage og pleie/omsorg som har søkt og fått innvilga mesteparten av desse tilskota. Attføringsutvalet har hatt 1 møte i 2012 og handsama saker for 1 person. 2 personar har gått på delvis rehabiliteringsstønad frå trygd i 2012 etter 1 års sjukmelding. Kommunen har hatt 2 arbeidstakarar (under 62 år) som har gått over på varig uførestønad i 100 %. God tilrettelegging og tidleg attføringsarbeid er med på å halde uførestatistikken nede. Uføretala er særs låge for Leikanger kommune som ligg under gjennomsnittet i Sogn og Fjordane. Arbeidsmiljøutvalet (AMU) har hatt 2 møte i 2012 og handsama 4 saker. Ulukker: I 2012 har det vore lite ulukker i kommunen. Det er registrert nokre skader, derav 1 fallulukke på is som medførte langvarig sjukmelding. Kommunen har inngått avtale med Bedriftshelse1 (Sogn BHT) om bedriftshelseteneste for alle kommunale arbeidstakarar. Det er utarbeida handlingsplanar innan kvart verneområde som er vedtekne i AMU. Årsrapporten frå BHT i 2012 syner at planlagde tiltak er gjennomførde i tillegg til andre tiltak etter behov. BHT har m.a. gjennomført radonmålingar, støymålingar og høyrselskontroll i barnehagane, helsekonsultasjon på nattevakter i pleie og omsorg, inneklimakartlegging og førstehjelpskurs ved skulane, oppfølging i personalsak ved kulturskulen, samt delteke i dialogmøter og i AMU. 10 Årsmelding 2012
Alderssamansetjing Leikanger kommune hadde ved utgangen av året 174 årsverk (168 i 2011) fordelt på 52 menn (51 i 2011) og 171 kvinner (164 i 2011). Dette er ein auke på 6 årsverk i høve fjoråret. Kvinner Menn Total År Tal Gj.sn. Årsverk Tal Gj.sn. Årsverk Tal pers. alder pers. alder pers. 16-19 1 19 0,05 0 0 0 1 19 0,05 20-29 22 25 15,51 3 25 1,77 25 25 17,28 30-39 38 35 30,26 8 36 6,79 46 35 37,05 40-49 30 44 23,42 11 45 8,79 41 45 32,21 50-59 59 55 48,76 19 55 14,28 78 55 63,04 60-69 21 62 16,34 10 63 8,16 31 62 24,5 70-0 0 0 1 73 0,13 1 0,13 Total 171 134,34 52 39,92 223 174,26 Seniortiltak 8 personar har i løpet av året 2012 inngått avtale om seniorpolitiske tiltak i form av ekstra fridagar / bonus. 1 person gjekk inn på delvis AFP. 1 person har slutta med full AFP frå 65 år. 2 personar har slutta ved å gå over på ordinær alderspensjon. Rekruttering I løpet av 2012 har ein hatt få stillingar som står ledige over tid, og kommunen har stort sett ikkje hatt vanskar med å rekruttere i ledige stillingar eller halde på god arbeidskraft. Unntaket her er sjukepleiarstillingar, der det siste året har vore rekrutteringsproblem og vakanse. Felles kurs/samling Det vart arrangert felles dagskurs med tema «Folkeskikk og uskikk på jobben» for leiarar/ hovudtillitsvalde og hovudverneombod. Kurset gjekk i Balestrand, og det var 35 deltakarar frå Leikanger. Årsmelding 2012 11
Reduserte stillingar/ Uønska delteid Ein har eit klart mål om å redusere uønska deltid. Innanfor gjeldande arbeidstidsordningar er det vanskeleg å gjennomføre dette fullt ut utan auka lønsutgifter. I tillegg har ein eit permisjonsreglement som opnar opp for at faste tilsette kan ha ulike permisjonar og reduserte stillingar, noko som igjen medfører auka behov for vikariat. I februar kvart år vert det føreteke kartlegging i skule/barnehage i samband med planlegging av nytt skule-/barnehageår over kven som ønskjer redusert stilling/auka stilling/permisjonar m.v. Omfanget av uønska deltid er ikkje stort. Ved tilsvarande kartlegging innan pleie- og omsorg finn ein noko uønska deltid i gruppa hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar og pleieassistentar. Det vert jobba med problematikken drift/ turnus/deltidsstillingar/helgevakter i samarbeid med tillitsvalde. Her blir det satsa særskilt i 2013. For sjukepleiegruppa har dei fleste 100 % stilling eller redusert stilling etter eige ønskje. I 2012 er det ingen uønska deltid blant sjukepleiegruppa. Driftsresultat i høve rammene 12 Årsmelding 2012
Driftsresultat i høve rammene Tabellen under viser oppnådd resultat på same nivå som budsjettet for 2012 er vedteke. Meklarhonorar er vedteke under finans, men vert med i dette oppsettet for å få bruk- og tilgang på midlar til å stemme. Avskrivningar er ikkje med i denne framstillinga for å gjera samanlikninga med budsjetterte rammer enklare. I årsbudsjettet blir det ikkje budsjettert med avskrivningar. Tal i heile kroner. Regnskap Budsjett inkl. Avvik endring Sentrale Styringsorgan og fellesutg. 5 089 410 6 754 000 1 664 590 Oppvekst og omsorg 95 833 788 95 131 000-702 788 Næring og utvikling 10 465 583 9 867 000-598 583 Kyrkja 1 536 320 1 470 000-66 320 Meklarhonorar mm 238 128 350 000 111 872 Sum fordelt til drift 113 163 229 113 572 000 408 771 Årsmelding 2012 13
Regnskap Budsjett inkl. Avvik endring Til fordeling 120 394 859 113 572 000 296 898 Sentrale folkevalde organ og revisjon 2 012 941 1 973 000-39 941 Sentraladministrasjon og styring 6 080 114 6 811 000 730 886 Fellestenester -3 003 644-2 030 000 973 644 Sum Sentrale Styringsorgan og fellesutg. 5 089 411 6 754 000 1 664 589 Undervisning 27 305 859 26 793 000-512 859 Barnehage 15 048 705 14 706 000-342 705 Helsetenester 8 183 524 7 965 000-218 524 Sosialkontortenester 3 865 932 3 642 000-223 932 Pleie og omsorg 35 229 604 35 580 000 350 396 Kultur og bibliotek 2 012 029 2 031 000 18 971 Sogn Kulturskule 1 125 529 1 032 000-93 529 Barnevern 3 062 607 3 382 000 319 393 Sum Oppvekst og omsorg 95 833 789 95 131 000-702 789 Byggforvaltning 5 229 884 6 530 000 1 300 116 Vegar 2 542 889 1 516 000-1 026 889 Brannvern 1 929 645 1 892 000-37 645 Vatn, avløp og renovasjon -1 937 267-1 432 000 505 267 Miljø, areal og næring 2 700 431 1 361 000-1 339 431 Sum Næring og utvikling 10 465 582 9 867 000-598 582 Sum Kyrkja 1 536 320 1 470 000-66 320 Meklarhonorar mm 238 128 350 000 111 872 Fordelt til drift 113 163 230 113 572 000 408 770 Avvik med negative tal viser meirforbruk. Kommentarar til avvik er innarbeida i årsmeldinga under kommentarane for tenesteområda. 14 Årsmelding 2012
Folkevalde Mellombelse Politisk organisasjonsmodell Kontrollutval 3 medlemar Kommunestyret 17 medlemar Mellombelse komitear Adm.utval Formannskapet (5) Finansutval Planutval Nøringsutval Valstyret (supplert med rep. frå andre parti) Forma nnskap et (5 ) Administrasjonen Økonomisk resultat Tenesteområde Netto utg Netto utg Netto utg Avvik Rekn 11 Rekn 12 Budsj 10 1000 kr Kommunestyret 148 190 132-58 Formannskapet 892 922 1151 227 Sogn regionråd 364 316-48 Kontrollutvalet og revisjon 510 474 565 91 Sum tenesteområdet 1550 1950 2170 212 Samla mindre forbruk kr 212.000. Grunn: Mindre pensjonspremie KLP og mindre utgifter til kjøp av revisjonstenester. Eigarane i Sogn og Fjordane revisjon drøfta fram ny model for kostnadsdeling som får verknad frå 1.1.2014. Aktivitet Utval 2011 2012 Møte Saker Møte Saker Kommunestyret 7 96 6 85 Formannskapet 11 120 11 146 Administrasjonsutval 0 0 1 1 Kontrollutvalet 5 12 5 23 Årsmelding 2012 15
Kommunestyret Kommunestyret har handsama følgjande saker: Bygging av landbruksvegar for uttak av tømmervirke Strategisk plan for oppvekstsektoren Samarbeidsavtaler innan helse mellom Helse Førde og kommunen Utviklingsplanar barnehagar og grunnskulen Revisjon av ruspolitisk handlingsplan Kommunal planstrategi 2012 2016 Bytt bustadområde Berlehagen Budsjettrammer og økonomiplan 2013 2016 Amtstova flytting og restaurering Nytt reisemålsselskap i Sogn Lokalmedisinsk senter (LMS) i Lærdal Styrka læring regional samarbeid innan barnehage- og skule Lønspolitiske retningliner Krisesenter interkommunal avtale Analyse og plan for forvaltningsrevisjon Retningsliner for startlån Kommunale bustader plan for disponering Kommunestyret har i løpet av året fått eigne oriteringar om: Pleie- og omsorgstenstene v/tenesteleiar A M Kråvik Finansforvaltninga av kraftfondet v/pareto Pensjonsordninga v/klp Barnehagedrifta v/tenesteleiarane Renovasjonsordninga v/simas IKS 16 Årsmelding 2012
Administrasjon Sentraladministrasjonen organisasjonsmodell Tal i 1000 kr Økonomisk resultat Kommentar Netto utg Netto utg Netto utg Avvik Rekn 11 Rekn 12 Budsj 12 1000 kr Administrasjon (rådm.ktr,økavd,serveks) 6344 6921 7115-194 Skulekontoret 393 453 424 29 Personalutvikling 60 47 66-19 Sum tenesteområdet 6797 7421 7605-181 Administrasjon syner eit mindre bruk på 181.000. Grunnen ligg i lågare lønskostnader enn budsjettert. Pensjonsordninga KLP og SPK: Rekneskapen syner eit positivt avvik på pensjonsordninga med kr 4,6 mill mot budsjettert 3,7 mill. Dermed fører til at 0,9 mill kr er inntektsført i drifta. Her blir operert med tre nemningar som kan vera vanskeleg å forstå. Den fyrste er «Pensjonspremie» som er dei reelle kostnadene med pensjonsordninga. KLP reknar ut kostnadane kvart år og desse vil variere frå eitt år til eit anna grunna endringar i lønsnivå og levekårskostnader. Enkelt sagt speilar pensjonspremien dei forpliktingane kommunen har med pensjonsordninga i dag og framover. Neste nemning er «Pensjonskostnad». Enkelt forklart er det slik at for å få ei jamnare utvikling med omsyn til nivået på pensjonsutgiftene bereknar Kommunal- og regionaldepartementet dei årlege kostnadene som kvar kommune skal budsjettere med. Siste åra er «pensjonskostnaden» rekna til ein lågare sum enn den reelle premien som KLP reknar ut og kommunen betaler inn. Da kjem vi til tredje neminga som er «Premieavvik» Det er differansen mellom pensjonspremien og pensjonskostnaden. Dei åra når «Pensjonspremien» er større enn «Pensjonskostnaden» får vi eit positivt premieavvik som blir ført som inntekt i rekneskapen. Men - inntekta kjem seinare att som ei utgift som skal dekkast inn att over 10 år i form av «amortisert premieavvik». Årsmelding 2012 17
Eigentleg betaler kommunen den pensjonspremien som KLP reknar ut kvart år. For å lette trykket i perioder når denne aukar og staten har ønskje om ei jamnare utvikling, går ein vegen om å berekna «pensjonskostnad» Med fleire år på rad der berekna kostnad er mindre enn premien vil «premieavviket» akkumulere seg opp tilsvarande og føresett nulla ut etter 10 år. Det er denne situasjonen som har ført til at kommunane i Norge står i gjeld til pensjonsordninga med om lag 30 milliardar fordi det positive «premieavviket» er brukt i drifta i staden for avsetjing i rekneskapen. Amortisert premieavvik kom på 555 000 kr som utgift. Amortisert premieavviket er den årlege summen kommunen må nytte til å utlikne tidlegare inntekts- eller utgiftsfordringar i høve tidlegare premieavvik som skal utjamnast over 10 år. Den samla Under teneste 18005 Tilfeldige inntekter og utgfter er kr 922 000 ført som inntekt. Der er grunna at KLP i 3 kvartal brukte av kommunen sitt premiefond til dekking av pensjonspremien. Summen er fordelt ut på tenesteeiningane som utgift. I rekneskapen kjem summen likevel fram som inntekt i høve budsjettert pensjonspremie så lenge ikkje budsjettet vart justert i løpet av året. Leikanger har i dag opparbeidd eit samla pensjonsfond på ca 98 mill kr. Fondet skal nyttast til dekking av framtidige pensjonsforpliktingar. Samla amortisert premieavvik er på om lag 8,1 mill kr og vil auke til vel 9 mill i 2013. Det betyr at kommunen den årlege nedbetalinga vil auke frå 0,5 mill i 2012 til vel 9 mill i 2013. Kostrasamanlikning Leikanger Snitt kom- Snitt Snitt alle kommune munegr 2 Sogn og Fj kommunar Nto driftsutg til adm.sjon og styring i % av totale nettoutg 9,8 12,9 11,7 9,9 Bto driftsutgifter til adm.sjon i kr pr innbyggjar 2925 4194 3963 2888 Kjelde: SSB Tal årsverk 2012: Samla 10årsverk fordelt slik: Rådmannskontoret 5,0 Økonomikontoret 4,0 Serviceekspedisjonen 2,0 Økonomiavdelinga har 4 faste stillingar. Etter fleire år med lågare stillingsressurs meiner ein nå at økonomikontoret er rett dimensjonert i høve oppgåvene. Bemanninga gjev nå rom for overlappande funksjonar og kontoret er mindre sårbart enn før. Personalet Serviceekspedisjonen har to faste stillingar. Med krav om bemanning i heile kontortida blir det for knapt. Det er nytta ledige lønsmidlar til å auke ressursen i serviceekspedisjonen med 20%. Det er inngått avtale med Sogndal kommune om kjøp av 40% stillingsressurs som eit alternativ til tilsetting av eigen fagressurs innan landbruk. Ordninga fungerer godt. Stillinga som pedagogisk konsulent er kombinert med funksjoen folkehelsekoordinator. 18 Årsmelding 2012
Ikt Dei samla kostnadene med drift av datasystemet var om lag 2,4mill. Av dette utgjer driftsavtala med fylkeskommunen kr 1,7 mill Lisensar og kjøp av kommunikasjon er andre store postar med tilsaman 0,436 mill kr. Vedlikehald og support utgjer vel kr 90 000. Kostnadene med ikt-anlegget blir budsjettert felles på kap 1.1. I rekneskapen blir utgiftene fordelt på tenesteeiningane etter ein fast nøkkel. Den samla summen som er fordelt på andre einingar er om lag 1,9 mill kr. Det er oppretta eiga stilling som ikt-leiar for Balestrand Luster, Leikangerog Sogndal (BLLS) Kostnadene blir delt mellom kommunane etter eigen avtale Kommunane arbeidde ut ny felles Ikt-strategiplan i 2011. Planen er styrande for dei prioriteringane kommunane gjer i løpet av året. Det er etablert ulike brukar- og læringsnettverk der kommunane samarbeider på ikt-sida. Det vart teki i bruk nytt kvalitetssystem, TQM, i 2012. Endeleg har vi fått ei elektronisk løysing for samling av avtaler og styringsdokument. Det høgdar kvalitetsstyringa på ein god måte. Dette året har arbeidet med å ajourføre og legge inn avtaler og interne styringsdokument vori prioritert. I 2013 vil ein ta i bruk neste modulen som går på avvikshandtering. Det er nytta ein ekstra stillingsressurs på 20% i samband med innføring av systemet. 2012 har vori fyrste heile året med bruk av dei nye økonomiprogramma. Konklusjonen må bli at det var ei nødvendig og nyttig omlegging som fungerer godt. Fleire operasjonar er gjort enklare t.d fakturahandsaminga som nå går elektronisk I budsjettarebeidet tok ein delvis i bruk den nye modulen og dette viste seg å fungere greitt. Ein ser ytterlegare forenklingar av budsjettarbeidet når dei elektroniske løysingane blir tekne i bruk fullt ut. Administrasjonslokale Det er oppretta leigeavtale med Sogn Barnett om leige av kontorareal i Tinghus 1. Sogn Barnett har i dag 4 tilsette ved avdelinga på Leikanger. Ein auke frå 2 til 4 sidan avtalen vart inngått. Utleige av lokala gjev kommunen gode leigeinntekter. I samband med at Statens vegvesen leiger 1 4 etg i Tinghus III vart det oppretta betjent kantine i Tinghus I. Formannskapet har vedteki at det skal opprettast avtale med vegvesnet om drift av kantina. Årsmelding 2012 19
Ressursbruk Oppvekst og omsorg Undervisning Rekneskap Rekneskap Budsett Avvik 2012 2012 2012 1000 kr Fellesutgifter grunnskulen 970 1.082 1.114-32 Leikanger ungdomsskule - underv. 7.947 9.699 9.530 169 Leikanger barneskule underv. 15.113 15.179 14.782 397 Nettverksprosjekt 3 0 5-5 Vaksenopplæring 96 122 73 49 Skulefritidsordninga 776 753 897-144 Skuleskyss 291 470 392 78 Sum 25.206 27.305 26.793 512 Felles Det vart utarbeidd Strategisk plan for oppvekstsektoren i Leikanger kommune hausten 2011. Denne vart vedteken i kommunestyret i januar 2012. Den årlege rapporten om grunnskulen vart saman med utviklingsplanar og kompetanseplanar lagde fram til politisk handsaming i april 2012. Skulane og pedagogisk konsulent er godt i gang med arbeidet med å legge kvalitetssystem og rutinar inn på TQM. Arbeidet tek mykje tid då alt skal gjennomgåast på nytt, men systemet vil på sikt vere særs nyttig ved at ein får felles rutinar for heile organisasjonen. Det vart halde dialogmøte mellom politikarar, administrasjon og skulane i mai 2012. Her møtte medlemer frå formannskapet, administrasjonen, rektorane. Pedagogisk konsulent deltek 3 gonger i året på utdanning og oppvekstmøte arrangert av KS og Fylkesmannen der skule og barnehage er tema. Pedagogisk konsulent har vore medlem av programstyret i Sats på skulen Snu Sogn frå starten og fram til prosjektet vart avslutta ved årsslutt 2012. Ordførar, rådmann og pedagogisk konsulent har delteke på 4 samlingar i utviklingsprogrammet «Den gode skuleeigaren». Undervisningssektoren kjem ut med eit samla underskot på kr. 512 000,- Skulane åleine hadde eit overforbruk på kr. 566.000,- medan skulefritidsordninga kom ut med ei innsparing på kr.144.000,- Leikanger ungdomsskule undervisning Skulen har elevar frå 7.-10. klassetrinn. Skulen fekk nye elevar i løpet av året og 1.oktober var elevtalet 108. For å stetta behova for elevar med spesielle behov har skulen vernepleiar, sosionom og førskulelærar i tillegg til lærarane. Nasjonale satsingar på ungdomssteget gjer at skulen opplever forventningar om å følgje opp mange område på same tid.. Valfag starta opp i 8. klasse i august 2012. Tilbodet dette året er: Fysisk aktivitet og helse og Internasjonalt samarbeid. Elevane har valfag to timar 90 minutt i veka og skuletida er utvida med 30 minutt. Hausten 2014 vil valfag vera innført på alle trinn i ungdomsskulen. Ny Giv - overgangsprosjektet - starta med intensiv kurs i lesing og rekning i januar. Dei som ynskte det fekk tilbod om leiropphald og sommarjobb. Målet er god overgang mellom skule- 20 Årsmelding 2012
slaga som igjen skal hindre fråfall i vidaregåande skule. Skulen er også med i regionale satsingar på styrka læring og fagnettverk. Leikanger ungdomsskule har hatt fokus på læringstrykk og elevmedverknad. Skulen har lærarar med god utdanning og høg kompetanse. Skulen har også prøvd å betre kvaliteten i undervisninga gjennom samarbeid og rettleiing. Rektor har sett i gang «skulevandring» og har hatt oppfølgingssamtale med lærarane i etterkant. Lærarane har hospitert i klasserommet til kollegaer for å læra av kvarandre og gjera kvarandre gode. Skulen hadde gode resultat både på nasjonale prøvar og i avgangsklassen. Grunnskulepoeng på 45,2 er godt over både fylkes- og landsgjennomsnittet. Erfaringane med å ha 7. klassen på ungdomsskulen er gode. Lærarane vert kjende med elevane og vert såleis i stand til å gje betre tilpassa undervisning når dei går over til ungdomstrinnet og skal ha karakterar. I august starta nytt internasjonalt Comenius - prosjekt med midlar frå EU. The Olympic League in Europe er i samarbeid med skular i England, Nederland, Tyskland, Frankrike og Italia. Realfag, fysisk aktivitet og bruk av IT er ein del av prosjektet. Prosjektet går over to år. Symjeundervisninga på Vesterland var i 2012 på eit minimumsnivå. 7. og 10. klasse har 3-4 gonger kvar. Skulen saknar symjebasseng lokalt. Godt samarbeid med foreldra gjorde at tematur til Polen og Tyskland vart realisert også dette året. Skulen har prøvd å leggja til rette for elevar med ulike behov, men har kjent utfordringar i høve til ressursramma. Ein har prøvd å tilpassa timebruken til økonomien, men driftsbudsjettet var etter rektor sitt syn vel stramt. Ein del IT-utgifter var vanskeleg å ha kontroll på då andre hadde inngått avtalar. Det er bygt og innreidd to nye grupperom på scenen i gymnastikksalen til bruk for spesialundervisning og gruppedeling. Desse har vist seg å vere svært funksjonelle og nyttige. Ein lærar avslutta vidareutdanning i matematikk våren 2012 og ein lærar er i gong med masterutdanning. Leikanger barneskule undervisning Elevtalet ved skulen har auka gjennom året og var i oktober 208. Skulen hadde om lag 21 årsverk knytte til undervisning og administrasjon. Av dette gjekk 0,8 årsverk til seniortiltak og hovudtillitsvald medan om lag 7 årsverk var knytte til leksehjelp, skuleassistentarbeid og SFO. I tillegg kjem ressursar til reinhald og vaktmeister. Det har vore jobba med læringsmiljø og fagleg rettleiing både i personalet og direkte med elevane. Den nye vurderingsplanen ved skulen byggjer opp under dette. Arbeidet har vore konsentrert kring U.dir sitt materiell for heilskapleg arbeid med læringsmiljøet som Thomas Nordahl står bak. Dette satsingsområdet omfattar også klasseleiing. Elevane er involverte i «Ut prosjekt». Overskotet av inntektene frå kafeverksemda går no tilbake til skulen sidan varene blir produserte i mat- og helsefaget. Dette gjev midlar som elevrådet kan disponera. Det er faste rutinar for overgangen mellom skulane. Det same gjeld overgangen mellom barnehagane og skulen. Det er også nedfelt retningslinjer for primærområde i arbeidet med å gjera borna skuleklare. IKT er eit stort satsingsområde. Datanettverket skal leggjast om, og det er mangel på maskiner og utstyr. Årsmelding 2012 21
På 1. og 2. steget er ein i gang med «Skriva seg til lesing», og dette ser ut til å gi gode resultat. Målet er å vidareføra dette oppover i klassane. I tillegg har personalet vorte kursa i bruk av Smartboard. Fleire tavler er kjøpte inn og tekne i bruk. Skulen og SFO har stort fokus på lesing. Det viser mellom anna att i lesekurs, skrivekurs, «Skriva seg til lesing», «Skriv ei bok» i samarbeid med Folkebiblioteket og Skald, FyLe-tid nesten kvar dag, systematisk jobbing med omgrep og leselekser. Skulen nyttar kartleggingsmateriell på dei ulike stega og har rutinar for oppfølging av desse. På småskulesteget har det vore jobba med tidleg innsats i lesing og skriving. Fem lærarar tek skuleåret 2012 / 2013 vidareutdanning i begynnaropplæring i lesing og skriving. Dette er eit stort lyft for skulen. Engelsk har vore fagleg satsingsområde i fleire år. Det har vore eit mål å dela store klassar i alle engelsktimane, men det har det ikkje vore ressursar til. Barneskulen er fast praksisskule for Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dette samarbeidet medfører at ein får delta på kurs og konferansar og at det vert sett fokus på eigen praksis. Symjeopplæringa har føregått på Vesterland på Kaupanger for 3. og 4. steget. Samla har dei fått 50 timar. I tillegg har 2. steget fått 10 timar. Tilbodet burde ha vore meir omfattande. Talet på elevar som ikkje kan symja, aukar. Det er to timar reisetid kvar gong som tek tid bort frå anna undervisning. Arbeidet med den naturlege skulesekken har halde fram. Skulen har fått 60 000 kr til eit nytt prosjekt med fokus på frukt. Kvern og saftpresse er innkjøpt, og store mengder råsaft vart produsert i haust. På 5. og 6. steg har ikkje hatt tilbod om leksehjelp til alle. Det har etter kvart kome på plass midlar, men ein har ikkje fått tak i leksehjelparar. Tilsette ved barneskulen har delteke på nettverkskurs i norsk, matematikk og engelsk. Tre lærarar har teke rettleiingsutdanning, fem lærarar går på begynnaropplæring i lesing og skriving, og to lærarar tek masterutdanning. Barneskulen har hatt ansvar for nettverk i matematikk, og har hatt to større kurs for lærarar i indre Sogn. Det har også dette året vore store utfordringar med å få til ei forsvarleg økonomisk drift som skal samsvara med ei forsvarleg pedagogisk drift. Hausten 2012 måtte det setjast inn ekstra tiltak som ikkje var budsjetterte. Ved skulen har ein både leiar i Utdanningsforbundet og hovudtillitsvald i kommunen i tillegg til større seniortiltak. Læremiddelinnkjøp med eingongsbøker er ein tung post for barneskulen i tillegg til store utgifter til lisensar, programvare til spesialundervisning, kartleggingsmateriell og kopiering. Dei økonomiske utfordringane har verka inn på dei fleste områda og rammene vert opplevd som for stramme. Arbeidspresset har vore stort og sjukefråveret har gått opp. Vegstrekninga frå Holeskarkrysset til skulen er utvida og asfaltert og gangområdet er merka, men strekninga frå busshaldeplassen og opp til skulen står att. Det er ikkje ei god løysing for elevane å gå langs køyrevegen. Foreldra blir oppmoda om ikkje å køyra borna heilt opp på skulen. Ved skulen vart det utarbeidd ny rutineplan for brann og brannøving. Mot slutten av året vart det også førebudd montering av nytt brannvarslingsanlegg. Dette skal koma på plass tidleg i 2013. Læringstrykket ved skulen er stort. Resultata på dei nasjonale prøvane har variert noko. Den nye vurderingsplanen for skulen er implementert og noko revidert. Ny visjon for skulen, forventningsdokument, revidert hustavle og nye ordensreglar kom på plass på slutten av året. Det blir stadig jobba med å skapa trivsel for elevar og tilsette. Vinteren 2012 vart det sett opp musikal, og hausten 2012 melde skulen seg på Trivselsprogrammet, og trivselsleiarar vart 22 Årsmelding 2012
utdanna. Dette har medført auka trivsel i friminutta. Samtidig fekk ein og til ein god sambruksavtale med Syril om bruk av den nye kunstgrasbana. FAU og skulen arrangerte vinteren 2012 eit storforeldremøte med tittelen «Saman om eit godt skulemiljø». Det har vore PIS- grupper ved skulen både i vår- og hausthalvåret. Brukarundersøkingane har vore brukte til å justera både planar og innhald i drifta. Skulfritidsordninga Barnetalet i SFO har vore kring 85 medrekna elevar som har tilsyn medan dei ventar på bussen. 37 av desse har leksehjelp fordelt på 6 timar i veka og 3 årssteg. Det var ingen 1. klassseelevar på leksehjelp i 2012. SFO har følgt opp skulen og dei vedtekne satsingsområda. Dei tre hovudsatsingsområda er auka leselyst, fysisk aktivitet og kosthald. Auka leselyst og språkstimulering på Bjørnehiet SFO: SFO har lesestund for alle årstrinna. Høgtlesing er fantasistimulerande, språkstimulerande, lesemotiverande, oppdragande og ikkje minst ei fantastisk hending for barnet. Lesestunda er samarbeidsprosjekt med folkebiblioteket. SFO har hatt faste lesestunder i fem år og vil forsette med det. «Skriv ei bok» er eit samarbeidsprosjekt mellom folkebiblioteket, skulen/sfo og Skald, der dei laga boka om pingvinen Tomas. SFO har hatt fleire prosjekt med biblioteket der det vert lese frå ei bok og borna teiknar og sidan lagar dyra i kitt, stoff eller papp. SFO har hatt utstilling på sjukeheimen og på biblioteket. Fysisk aktivitet og kosthald på Bjørnehiet SFO: Alle dagar startar med «utetid» der barna er i leik og fysisk aktivitet ein time kvar dag uavhengig av ver og vind. Dette er godt innarbeidd og går av seg sjølv. Det viktigaste er sjølvsagt frileik. Holerunnane-veka vart arrangert både vår og haust med mange ulike aktivitetar og inviterte gjester. SFO har aktivitetar gåande gjennom heile Bjørnehi-året med : Bjørnehiet hopp og sprett med høgdehopp, orientering, bryting, bordtennis, ski, aking, balansetrening på line, landhockey, amerikansk fotball, fotball, friidrett, Holerunnane trimløype, frisbee, gro vandring, cowboy og indianar, snik, smyg og krabbar. Det vert arrangert Bjørnehiet SFO vinterleikar og sommarleikar samt aktivitetar i Leikangerhallen, ulike turar i nærmiljøet til Bjørnehiplassen i Henjadalen, Holerunnane og slipesteinsgrøfta, i tillegg til at det er mange som har lært å sykle i Bjørnehiet. Personalet i Bjørnehiet SFO er glad i å lage mat og vil at borna både skal få lage og smake på ulike rettar. Dei lagar mat på bål og prøver ut ulike former for tillaging av mat ute. Kokegrop er også prøvd. SFO er opptekne av å halde gamle tradisjonar i hevd og lagar tradisjonsmat som tjukklefser til jul. Dei svir smalehovud og har ein dag der personale reinskar hovud og alle får smaka kjøt med potet, kålrabistappe og flatbrød til. Stort sett smakar alle, - og dei tøffaste et auga! Barneskulen kjøpte inn eplepresse som SFO har nytta. Dei har og fast brødbaking ein gong i månaden så borna får nybakt brød. Vaksenopplæring Kommunen kjøper tenester til norskopplæring for framandspråklege med rett og plikt til opplæring hjå Sogndal kommune. Frå 01.01.2012 vart det obligatoriske timetalet auka frå 300 til 600 timar for nye deltakarar. Leikanger kommune har i 2012 hatt 18 deltakarar på norskopplæringa i Sogndal. I tillegg har eit fåtal personar utan rett og plikt delteke på norskkurs mot eigenbetaling. Kommunen har gjeve forenkla form for grunnskuleopplæring i norsk og rekning i eigen regi samt logopedhjelp/spesialundervisning til personar som treng taletrening etter slagtilfelle. Ut over dette har ein kjøpt grunnskuleopplæring til 1 person våren 2012. Kjøp av PP-teneste til vaksne gjeld hovudsakleg utgreiing og sakkunnige tilrådingar i samband med vurdering av behov for logopedtenester og anna form for spesialundervisning. Skuleskyss Meirkostnadane til skuleskyss skuldast i det vesentlege skyss mellom barneskulen og Saften i tillegg til badeskyss til Vesterland. Årsmelding 2012 23
Barnehagar Ressursbruk 1000 kr. Rekneskap Rekneskap Budsett Avvik 2011 2012 2012 1000 kr Fellesutgifter barnehage 394 377 445-68 Kommunale barnehagar - basistilbod 8.707 9.237 9.514-277 Privat barnehage 4.091 5.022 4.430 592 Styrka tilbod 188 412 317 95 Sum 13.380 15.048 14.706 342 Generelt: Leikanger kommune har full barnehagedekning. Alle som søkte til hovudopptaket med eller utan lovfesta rett fekk plass. Kommunen har utover det gjennomført suppleringsopptak der alle som søkt har fått eit tilbod innan 1. mars. Ved utgangen av 2012 var det 120 barn med barnehageplass i Leikanger kommune, av desse 40 i Askedalen private barnehage. Det kommunale barnehagetilbodet vart drive utan at det var naudsynt å ta i bruk avdelingane i Sorenskrivargarden. Styrarane i dei kommunale barnehagane har delteke på leiarutdanning i regi av Sats på barnehagen snu Sogn. Alle tilsette i barnehagane deltok på felles kursdag i regi av barnevernet 5. oktober 2012 Økonomi Drifta av barnehagesektoren kom ut med eit underskot på 342 000 kroner som i hovudsak skuldast underbudsjettering av tilskot til privat barnehage. Rekneskapen syner at samla utgifter i dei kommunale barnehagane kom ut med ei innsparing på om lag kr. 277.000 trass i at foreldrebetalinga vart om lag 240.000 lågare enn budsjettert. Utgifter til IKT har auka langt meir enn budsjettert. Det vart utbetalt kommunalt tilskot til privat barnehage med om lag kr. 5.022.000,- Tilskotet vart om lag 592.000 høgare enn budsjettert. Dette skuldast i hovudsak at grunnlaget for utrekninga av tilskot, dvs. kostnadane med drift av dei kommunale barnehagane vart vesentleg høgare enn opphavleg budsjettert. Årsaka til dette er ein vesentleg auke i pensjonsutgiftene og resultatet etter fordeling av lønsreserven. Dei kommunale barnehagane er ved budsjettendring tilført midlar for å dekka opp dette. Den private barnehagen hadde i 2012 rett på eit tilskot per plass på 92% av det kommunen brukte til eigne barnehagar. Grunnlaget er 92% av utgiftene til basistilbodet i dei kommunale barnehagane, utgifter til drift av barnehagebygga, avskrivingar på desse og eit administrasjonstillegg på 4%. Fellesutgifter banehage har eit overskot på 68 000 kroner. Dette skuldast overskot frå refusjon frå Sogndal kommune for kjøp av plassar i Askedalen barnehage. Styrka tilbod i barnehage kjem ut med eit overforbruk på 95 000 kroner. Overforbruket her må sjåast i samanheng med lønsbudsjettet i basistilbodet då utgifter som gjeld spes.ped. og styrka tilbod for hausten er flytta hit utan at pengane er flytta med.. 24 Årsmelding 2012
Nybø barnehage Barnehagen hadde frå januar 2012 to utvida avdelingar i Fylkesmannsgarden tilsvarande tre normalavdelingar. Barnehagen er godkjend for 40 barn og 54 plassar. Barnehagen var i 2012 grunnbemanna for tre avdelingar med tillegg av 30 % stilling spes.ped. og styrkingstiltak og 50 % fast vikar. Økonomi - Svingingar i barnetal haust og vår gjer det vanskeleg å kalkulere årlige inntekter og kostnadar. Barnehagen har hatt full utnytting av plassane heile året. Arbeid - Målet om full utnytting av plassar er oppfylt, medan målet om å halde sjukefråværet nede har ein ikkje heilt klart. I vårsemesteret var det lite fråvær, men haustsemesteret gav store utfordringar med fleire langtidssjukemeldingar og korttidsfråvær. Det har vore ei stor utfordring å få tak i vikar og mange dagar har ein ikkje fått dette til. Fråvær for hausten utgjorde samla sett om lag 1,5 stilling. Utan så positive og fleksible tilsette og ordninga med 50% faste vikar hadde det vore vanskeleg å halde full opningstid einskilde dagar. Å gi borna eit trygt og godt barnehagetilbod er noko barnehagen vektlegg høgt og som dei meiner å ha klart i 2012. Språk var fokusområde i 2012. Her har ein jobba godt og utarbeidd gode verktøy. Barnehagen har og hatt fokus på kropp og helse og foreldresamarbeid. Barnehagen har hatt brukarundersøking og kommunalt tilsyn dette barnehageåret. Oppsummering - Barnehagen er godt nøgd med lokala i Fylkesmannsgarden sjølv om det har sine utfordringar med omsyn til fleksibiliteten å driva over to etasjar. Dette året har det vore mange små i avdelingane som igjen krev mange vaksne og tett oppfølging. Ikkje minst er det ei utfordring at så mange treng soveplass/vognplass. Barnehagen har hatt gode planar, flotte spennande tema, eit godt pedagogiske innhald og mange fine opplevingar saman med borna i løpet av 2012. Henjahaugane barnehage Henjahaugane barnehage er godkjend for 60 plassar og opp til 48 barn. Barnehagen har tre avdelingar med 20 plassar. Hausten 2012 starta barnehagen opp ein småbarnsavdeling med 10 barn og to store avdelingar med 20 plassar på kvar av dei. Det har fungert svært bra med småbarnsavdeling. Hausten 2012 hadde barnehagen 43 barn som utgjorde 60 plassar. Bemanninga vart i løpet av hausten 2012 auka med 1.15 årsverk med bakgrunn i barn med særlege behov. Økonomi - Ved Henjahaugane barnehage vert det budsjettert med foreldrebetaling for 48 barn. Då det er lik foreldrebetaling for barn under 3 år og over 3 år vert dette reknestykket feil. Med har vore mange små barn dei siste åra har rekneskapet kvart år synt sviktande foreldrebetaling. Dette må rettast opp i seinare budsjett. Utan at desse inntektsføresetnadane vert justert i samsvar med det reelle barnetalet vil ein alltid få inn for lite inntekter i form av foreldrebetaling. Arbeidsmiljø - Henjahaugane barnehage hadde i 2012 eit godt arbeidsmiljø med lite fråvær. Styrar meiner at ordning med fast vikar var avgjerande for det låge fråveret. Personalet har i sine evalueringar framheva god informasjon, gode rutinar, fleksible løysingar og ei samansveisa personalgruppe. I 2012 vart det jobba ein del med å lage betre løysingar for oppbevaring, system for inventar, rutinar for mat/matlager. Det vart investert i nye hyllesystem som fungerer svært bra. Barnehagen er vorten mykje ryddigare og alle finn det dei skal ha. Noko som har vore positivt for arbeidsmiljøet. Styrka tilbod Styrka tilbod utgjer ulike styrkingstiltak og spesialpedagogisk hjelp som vert sett inn i den einskilde barnehagen i høve til barn med særlege behov. Barnehagane sin del av utgiftene til PPT vert og førde her. Fellesutgifter barnehage Fellesutgifter barnehage omhandlar mellom anna barnehagane sin del av ulike felleskostnader som til dømes lisensar, serviceavtalar, felles kursdag i kommunal regi Årsmelding 2012 25
Helsetenester Ressursbruk 1000 kr. Rekneskap Rekneskap Budsett Avvik 2011 2012 2012 1000 kr Helsesøsterteneste 668 642 704-62 Jordmorteneste 561 646 608 38 Miljøretta helsevern 40 43 35 8 Folkehelsekoordinator 114 140 157-17 Legeteneste 2.464 2.453 2.576-123 Legevakt 480 515 542-27 Kommunefysioterapeut 465 614 630-16 Fysioterapi utanom institusjon 440 506 451 55 Samhandlingsreform utskrivingsklare pasientar 4 512-508 Samhandlingsreforma - medfinansiering 2.620 1.750 870 Sum 5.232 8.183 7.965 218 Helsestasjon Det vart søkt statstilskot for å styrke bemanninga ved helsestasjonen i 2012. Det vart løyvt kr. 100.000,- som vart brukt til 20% stilling frå august 2012. Fast jordmor ved helsestasjonen gjekk inn i denne stillinga. Deler av summen vart overført til 2013 for å vidareføre stillinga dei fire første månadene i 2013. Det vert søkt om nye midlar også for 2013. Erfaringa syner at dette er ein god styrke for helsestasjonsarbeidet og avlastar tenesteleiaren ved helsestasjonen. Førebyggjande og helsefremmande arbeid er vorte eit stort satsingsområde frå statlege organ. Helsesøster deltek i mykje tverrfagleg og førebyggjande arbeid. Faste kontrollar er gjennomført både ved helsestasjonen og i skulehelsetenesta. Det vart gjennomført grupper for barn som opplever skilsmisse ved barneskulen haust og vår. Ca. 250 personar vart vaksinerte mot influensa. Ca. 60 personar var innom for utanlandsvaksinering. Jordmorteneste Det vart frå august 2012 endringar i stillinga ved jordmortenesta. Det er tilsett to jordmødre. Det er 60% stilling knytta til kontor (svangerskapsomsorg) og 40% er vaktteneste. Ca. 10% av 60% stillinga er og knytta til helsestasjonsarbeid. Spesialisthelsetenesta skal, under visse føresetnader, overta ansvar for beredskapsvakt og fylgjeteneste for gravide. Det har i 2012 vore forhandla om ein avtale om dette mellom Helse Førde og dei 3 kommunane som i dag samarbeider om felles vaktordning, Luster, Sogndal og Leikanger. Planen var at ny ordning skulle gjelda frå 01.07.12, men avtalen vart ikkje ferdigforhandla før ved nyttår. Avtalen inneber mellom anna at dei tre samarbeidande kommunane framleis organiserer vaktordninga, men at Helse Førde refunderer ein stor del av utgiftene. Leikanger kommune hadde lagt til grunn at avtalen vart gjeldande frå 01.07.12, og såleis pårekna ein refusjon frå Helse Førde som no først kjem til å gjelda frå 2013. Svangerskapskontrollar er gjennomført på alle gravide. Jordmor er på heimebesøk til alle som har født. Det vart gjennomført to svangerskapskurs i 2012. Det vart jobba med oppstart av førebyggjande tiltak for gravide, bla. barseltrening der ein samarbeider med Luster bad. Det var 24 fødslar i 2012. 26 Årsmelding 2012
Folkehelsekoordinator Prosjektet Folkehelse og førebyggjande helsearbeid i Sogn er eit samarbeidsprosjekt mellom Leikanger, Luster og Sogndal kommunar. Prosjektet starta opp januar 2012, og det er tilsett prosjektleiar i 40 % stilling. Prosjektet har si eiga heimeside www.ffhis.blogspot.no Rådmennene i dei tre kommunane er styringsgruppe og folkehelsekoordinatorane er prosjektgruppe. Prosjektet starta opp med kartlegging av helsetilstand i dei tre kommunane og dagseminar 01.03.2012. Kartlegging av helseutfordringar basert på kommunehelseprofilar og djupneintervju i kvar av prosjektkommunane var gjennomført innan 14. mai Dokumentasjon og evaluering av 10 etablerte tiltak i kvar av deltakarkommunane vart gjennomført april/mai 2012. Sogn Frisklivssentral kom i drift frå 01.02.2013. Prosjektet har motteke 150 000 kroner frå fylkeskommunen og 100 000 kr frå fylkesmannen til etablering av frisklivssentral. Det har vore nedsett ei gruppe som har jobba med spørsmålet. Leikanger har gått inn i Sogn Frisklivssentral med 15 % stilling. Styringsgruppa vedtok på siste møte at det skal arbeidast med følgjande: - S1 ein samanhengande turveg frå grensa mot Lom på Sognefjellet til Hella - Utstyrssentral knytta opp mot ferie og fritidstilbod til barn og unge - Felles mal for rapportering i kommunane bygd på områda i folkehelseprofilane Ungdomsundersøkinga i regi av Hans Johan Breidablikk og HEMIL-senteret i Bergen vart gjennomført i 2012 resultata er å finne på www.samhandlingsbarometeret.no Nye tiltak/etableringar i Leikanger siste halvåret: - Leikanger kommune fekk tilskot på 50 000 kroner frå fylkeskommunen til oppretting av utstyrssentral. Den er plassert i Tinghus 1 og serviceekspedisjonen står for utlån av utstyr. Sentralen leiger ut frilufts- og idrettsutstyr mot ei lita godtgjersle. Målgruppa er ungdom opp til 18 år, men alle får lov til å leige. - Seniordans er etablert og kom i gang frå nyttår. Det er utdanna instruktørar og etablert kontaktpersonar - Førebyggjande heimebesøk til eldre er under etablering i samarbeid mellom heimetenesta og ergoterapeuten. - Sjumilssteget tverrfagleg kvalitetssystem for tenester til barn og unge i regi av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er under gjennomføring. Tenesteleiar for Kultur og ungdom er kontaktperson. PIS samtalegrupper for born i familier med samlivsbrot held fram på barneskulen i samarbeid med helsesøster. Barnehagane og SFO fortener skryt for systematisk og godt gjennomført arbeid på området kosthald og fysisk aktivitet. Miljøretta helsevern Kommunen deltek i interkommunal ordning i Indre Sogn med ein felles inspektør i miljøretta helsevern. I deler av 2012 har den fast tilsette vore i permisjon og det har vore vikar i stillinga. Gjennom fleire drøftingsmøte per år vert det lagt opp til lik praksis i kommunane i dei ulike saksområda. Legetenesta Legekontoret hadde vikar for fastlege våren 2012 og så sommarvikar i 2 månader. Dette gav ekstra utgifter på omlag kr 30.000,-. Det har vore stabil drift gjennom året med om lag 6000 legekonsultasjonar og om lag 1600 pasientar innom ekspedisjonen eller laboratoriet utanom legetime. Samhandlingsreforma har auka arbeidet omkring innleggingar på sjukehus og på raskare utskriving frå sjukehus. Samarbeidet med heimesjukepleien og sjukeheimen fungerer godt. Det har vore brukt mykje tid på planlegging av nytt helsesenter, og det er motiverande for personalet å planlegge nye lokale. På slutten av året vart det utlyst og tilsett ny lege i nyoppretta fastlegestilling kombinert med stilling som sjukeheimslege. Kommunen fekk statstilskot til å opprette ny legestilling og for å dekke utgifter ved oppstart av stillinga. Årsmelding 2012 27
Legevakt Kommunen har som før legevaktsamarbeid med Sogndal kommune. Det er godt samarbeid med ambulansetenesta. Det er no 13 legar som har legevakt som er ein pliktig del av arbeidet som fastlege. Det er hjelpepersonale i Sogndal på laurdag føremiddag, elles er legen åleine på vakt. Legevaktsentralen som tek i mot telefonar vart i oktober flytta frå Lærdal til Førde fordi Helse Førde ikkje kunne drifta lenger i Lærdal. Kommunane fann ikkje løysing for å driva sentralen i eigen regi i Lærdal. Kommunane i Indre Sogn kjøper no denne tenesta hjå Helse Førde i Førde. Ulike løysingar for å styrke legevakta vert drøfta. Det er venta strengare krav til tenesta med ny forskrift. Fysioterapi I samband med samhandlingsreforma vart det oppretta 100% stilling for ergoterapeut frå 15.09.12. Denne stillinga er lagt innunder ansvarsområde fysioterapi, men kontorstad på sjukeheimen. Ergoterapeuten er ein sentral ressurs for å vidareutvikle arbeidet innafor rehabilitering. 2012 har vorte brukt til opplæring og til å forme stillinga. Kommunefysioterapeut hadde permisjon i fyrste halvdel av 2012. Arbeidet vart fordelt mellom konsulent for funksjonshemma og fysioterapeutar med driftsavtale. Dette har medført lite eigenbetaling frå pasientar. Ein anna grunn til det er at meir tid går med til kommunale oppgåver som ikkje inneber eigenbetaling. Koordinerande eining i kommunen består av konsulent for funksjonshemma og kommunefysioterapeut. Kommunefysioterapeut er leiar av eininga. Det er arrangert 2 kurs for koordinatorane og tenesteleiarane i kommunen. Det er auka innmeldingar om behov for koordinator for personar med samansette behov. Ein av fysioterapeutane med driftsavtale hadde permisjon i 4 månader om hausten. Det vart teke inn vikar som overtok hennar avtale. Samhandlingsreforma Kommunen har teke raskt imot omtrent alle som hadde trong for akutt plass på sjukeheimen ved utskriving frå sjukehus. Utgiftene til sjukehustenester (kommunal medfinansiering) vart noko større enn forventa. Kommunen ligg ikkje høgt på oversikter over bruk av sjukehustenester. I talgrunnlaget for samhandlingsreforma kom kommunen dårleg ut fordi vi tradisjonelt har brukt sjukehus mindre enn gjennomsnittet i fylket. Det er no auka fokus på denne delen av helsetenesta ved å sette i verk meir behandling i kommunal regi for at ein i enkelte tilfelle kan unngå innlegging på sjukehus. Når det gjeld økonomi, inneheld samhandlingsreforma 2 element, betaling for utskrivingsklare pasientar og medfinansiering for visse pasientgrupper innlagd i spesialisthelsetenesta. For 2012 var det samla sett opp ein kostnad for Leikanger kommune på kr. 2.962.000,- Kr. 1750.000 til å dekka utgifter til medfinansiering og kr. 1.212.000,- til å dekka utgifter til utskrivingsklare pasientar eller lokale tiltak for å rusta opp eige tilbod. Ved budsjetthandsaminga vart kr. 500.000,- øyremerka til ny stilling ved sjukeheimen og kostnaden dekka over posten for utskrivingsklare pasientar. I løpet av året vart det vedteke å oppretta 100% stilling for ergoterapeut og 30% legestilling ved sjukeheimen. Kostnadane i 2012 på kr. 200.000,- vart her og dekka av posten for utskrivingsklare pasientar. 28 Årsmelding 2012
Nav sosiale tenester Ressursbruk 1000 kr. Rekneskap Rekneskap Budsett Avvik 2011 2012 2012 1000 kr Ymse sosiale føremål 317 332 321 9 Førebyggjande rusmiddelarbeid 21 58 17 41 Sosialkontortenester 875 907 1.043-136 Flyktningar 761 634 536 98 Introduksjonsordning 949 883 800 83 Kvalifiseringsstønad 82 224 315-91 Sosialhjelp 267 779 610 169 Bustadtilskot Husbanken 0 0 0 0 Formidlingslån Husbanken 48 48 0 48 Sum 3.322 3.865 3.642 223 NAV Leikanger hadde i 2012 5,1 årsverk, fordelt på 2,5 statleg tilsette og 2,6 kommunalt tilsette. I den kommunale delen inngjekk 100% prosjektstilling innan rus. Tenesteinnhaldet på eit NAV- kontor er samansett. Prioriterte grupper som NAV Leikanger jobbar med er ungdom, innvandrar og personar som av ulike årsaker er langtidsarbeidsledige. Det er relativt lite arbeidsløyse i kommunen, men årlege permiteringar i einskilde bransjar knytta til mellom anna årstid. Leikanger har ein spesiel arbeidsmarknad der industri nærast er fråverande, og mange stillingar innanfor offentleg administrasjon. NAV sine brukarar er ei samansett gruppe, og mange har særskilte oppfølgingsbehov. Dei aller fleste stillingar som blir lyst ut, har krav om kompetanse. Dette medfører at inngangen til arbeidslivet er vanskeleg og utfordrande for einskilde. Kommunen har hatt ein auke i arbeidsinnvandring frå EØS land. Kontoret nyttar mellom anna Målekortet som styringsverktøy. Resultatet for kontoret har gjennom året stabilisert seg på eit nivå som syner at kontoret jobbar godt og arbeidsretta mot ulike brukargrupper. Kontoret har gjennom året auka kontakten med arbeidsgjevarar, og arrangerer årlege samarbeids/informasjonsmøter med dei største bedriftene i kommunen. Det vart oppretta Marknadsteam i Indre Sogn, der målsettinga er å auka samarbeidet rundt jobbformidling, og meir samkøyrt informasjon og samarbeid mot næringsliv og bedrifter. Kontoret har månadleg gruppeoppfølging mot arbeidsøkjarar. Kontoret og regionen har utviklingspotensiale når det gjeld Marknadsarbeid. NAV-kontoret hadde i 2012 eit statleg tiltaksbudsjett på ca. kr. 400 000 som vart nytta til ulike arbeidsretta avklaringar og tiltak kring einskild brukarar. Gjennom året hadde 3 personar innvilga Kvalifiseringsprogram. Dette er noko mindre aktivitet enn budsjettert. Det har dei siste to åra vore ein auke i tal sosialhjelpsmottakarar. Vi ser og at det i denne gruppa er fleire barnefamiliar, og personar med samansette utfordringar og behov. Når personar ikkje har andre rettar i NAV -systemet, eller eigne midlar/inntekt, har dei rett til økonomisk sosialhjelp. Kontoret opplever at stønadsperioden for den einskilde er av lengre varigheit enn tidligare. Dette har medført overforbruk av økonomisk sosialhjelp i 2012. Årsmelding 2012 29
Kontoret deltok saman med andre NAV- kontor på læringsnettverk og kompetanseheving innan sosialtenestelova. Kontoret har samarbeid med namsmann, bank og andre i større gjeldssaker. Kontoret har nytta rådgjevingbistand frå Fylkesmannen i nokre av desse sakene, og deltek i Gjeldsrådgjevingsnetteverket i Indre Sogn. Saman med NAV Luster og Sogndal har NAV Leikanger søkt om prosjektmidlar til ein gjeldsrådgjevar i 2013-2014. Vi ventar attendemelding på søknaden i mars 2013. Gjennom 2012 hadde kontoret ei prosjektstilling innan rustenesta, finanisert gjennom tilskot frå Fylkesmannen. Det vart jobba særskilt mot einskild brukarar og deira familiar, men og førebyggande i samarbeid med mellom anna Oppfølgingstenesta i vidaregåande skule. Det var ein lita auke i «drop out» frå vidaregåande skule, og tal ungdomar som treng bistand frå NAV auka i 2012. Russtillinga vert ikkje vidareført frå 01.03.2013. Gjennom året hadde NAV auka etterspurnad av Startlån frå Husbanken. Kommunestyret vedtok nye retningslinjer for tildeling av Startlån. Kontoret handsama ca. 10 saker med eit samla utlånsbeløp på ca. 2, 7 mill. Tilskotsordninga er sterkt behovsprøvd, og det vart innvilga eitt tilskot. Kommunen har ca. 4 mill. kroner til vidareformidling av Startlån i 2013, og ca. 730 000 kroner til tilskot. På grunn av at kommunen ikkje hadde vidareformidla alle innlån i 2012, fekk kommunen her ei netto utgift. Kommunen tok imot to nye flyktningar i 2012, totalt har kommunen busett 21 flyktningar frå Eritrea. Dei er busette i kommunale husvære og i løpet av året har nokre av familiane leigd bustad på den private marknaden. Kommunen mottek integreringstilskot for kvar busetting. Dette vert trappa gradvis ned over ein 5 års periode. Flyktningane deltek i Introduksjonsprogrammet i to år, der det blir gitt norsk og samfunnsundervisning, i tillegg til språkpraksis. Leikanger kjøper norskopplæring frå Sogndal kommune. På landsbasis og i eigen kommune er det ei stor utfordring for flyktningane å skaffe arbeid etter endt Introduksjonsprogram. Dette skuldast ofte manglefult språk og språkforståing. NAV Leikanger har saman med Luster og Sogndal søkt om deltaking i prosjekt Arbeidsretta Introduksjonsprogram. Drift av NAV kontoret blir fordelt 70/30 mellom stat og kommune. 30 Årsmelding 2012
Folkehelse Ressursbruk 1000 kr. Rekneskap Rekneskap Budsett Avvik 2011 2012 2012 1000 kr Tilskotsordningar for eldre og uføre 0 6 0 6 Tiltak for funksjonshemma 1.583 1.025 1.190-165 Stimuleringstilskot 4 11 0 11 Teneste for eldre/funksjonshem. 0-13 0-13 Sjukeheim - drift 18.678 20.340 20.394-54 Heimebasert omsorg 10.280 11.178 10.851 327 Kommunepsykiatri 707 859 957-98 Eldreprosjektet 25407 134 53 65-12 Særtiltak samla 117 1.770 2.123-353 Sum 31.504 35.229 35.580-351 Generelt 2012 har vore prega av omstillingar og endringar innanfor pleie og omsorg. Det vart sett ned ein lokal arbeidsgruppe som har jobba utifrå den nye helsereforma. Føremålet har vore å utarbeide framlegg til lokale tiltak, tilpassingar og løysingar for å følgje opp den nye helsereforma på best mogleg måte frå 2012. Det vart i 2012 oppretta ny 100% stilling for sjukepleiar ved sjukeheimen. Det har vore auke i bruk av korttidsplassar og det er blitt meir kompliserte og utfordrande oppgåver inn i heimen. Ein ser ein auka i kampen om fagpersonell - spesielt sjukepleiarar. Hausten 2012 har ein leigd inn frå vikarbyrå samtidig som ein har lyst ut ledige stillingar. Som ledd i ein rekrutteringsprosess har pleie og omsorg lærlingplass for helsefagarbeider. I samband med at kommunen har teke i bruk nytt kvalitetssystem (TQM) vert alle rutinar og prosedyrar oppdatert før dei vert lagt inn i systemet. Både avdelingssjukepleiar i heimetenesta og på sjukeheimen er med i eit læringsnettverk kring sjukefråværsarbeid arrangert av NAV arbeidslivssenter. 2 sjukepleiarar tek vidareutdanning i akuttsjukepleie, 4 leiarar tek arbeids- og organisasjonspsykologi og 1 hjelpepleiar tek etterutdanning i helse, aldring og aktiv omsorg. Ein arbeider elles med å innføre «Meldingsløftet», elektroniske meldingsformidling mellom pleie og omsorg, lege og sjukehus, og ny sikkerheitsforskrift i samband med journalføring som trer i kraft frå 2013. Utfordringar Pasientane vert eldre og har meir samansette diagnosar. Dei bur lengre i eigen heim og når dei søkar seg inn på sjukeheimen er dei ofte svært sjuke eller kjenner på utryggleik og einsemd. Etter at samhandlingsreforma trådde i kraft vert pasientane sendt fortare ut frå sjukehus. Resultatet har vore ein auke i bruk av korttidsplasser med tanke på rehabilitering og meir kompliserte og utfordrande tenester inn i heimen. Årsmelding 2012 31
I 2012 har det jamt over vore 2 pasientar på overbelegg på blå avdeling. Desse har kome frå sjukehus og treng rehabilitering før heimreise. Ein ser og auke i demensproblematikk. Pårørande har behov for både avlastning på dagsenter og i heimen. Søknad om langtidsplass for denne pasientgruppa er aukande. Nytt helsesenter og omsorgsbustader er under bygging, og auke i tenester til demente krev nytenking omkring drift av sjukeheimen. Leikanger kommune er ei IA-bedrift. Dette inneber mellom anna auka krav til tilrettelegging for å unngå sjukmelding. Opp til 9 10 personar har vore sjukemeld i 2012 og meir enn halvparten har hatt tilrettelegging på arbeidsplassen. Fast personale arbeidar kvar 3. helg. I helgane trengst det mange vikarar for å dekka opp dei vakante vaktene. Pleie og omsorg har om lag 14 slike vakante vakter kvar helg. Ein vil i 2013 sjå på ulike turnusordningar med tanke på helgeproblematikk. Sjukefråvær fører ofte til auka kostnader i form av overtid og forskyvd arbeidstid. Sjukeheimen har planlagt eit prosjekt ilag med NAV arbeidslivssenter, bedriftshelsetenesta og NAV lokalt for å sjå på ulike tiltak med oppstart i 2013. Ufrivillig deltid : Pleie og omsorg har lyst ut 100 % hjelpepleiarstillingar internt og utvida med 25% hjelpepleiarstilling i heimetenestene som tiltak for å redusere ufrivillig deltid. Sjukeheimen Det har jamt over vore overbelegg ved sjukeheimen med inntil 1-2 pasientar. Ved årsskiftet var det 4 korttidsplassar. Det har vore stor aktivitet på torget for dei eldre både for dei som bur der og dei som bur heime. Røde Kors besøksteneste gjer ein god innsats med songstund annankvar kvar tysdag og bingo kvar torsdag. Aldersheimens vener er ei trufast lita gruppe som kjem siste onsdagen i månaden og skipar til tilstelling for bebuarane. 2.kvar fredag er det eldretreff på torget med kaffi og musikk. I løpet av året har ein og konsertar frå Folkeakademiet eller andre som reiser rundt og syng for eldre på sjukeheimen. Høgt sjukefråvær og permisjonar har ført til mange bakvakter og høgt forbruk av overtid /forskyvde vakter. Frå juni 2012 har ein brukt vikarbyrå for å dekke sjukepleiarbehovet. I periodar lyt ein leige inn ekstra personell for å kunne yte forsvarleg stell og pleie, spesielt i ferier og ved sjukdom når fagkompetansen er halvert og sjukepleier må frigjerast meir til å ivareta alle pasientane på sjukeheimen. I løpet av 2012 har det vore innkjøp av ein del nytt utstyr mellom anna 2 senger, CRP-apparat, 3 nye pasientheiser, berbar data og projektor til bruk i undervisning. Heimebaserte tenester Etter samhandlingsreforma trådde i kraft har det vore ein auke av meir kompliserte og utfordrande oppgåver i heimane. Ein må gje tenester til yngre pasientar. I mange tilfelle lyt ein vere 2 i hjelpa ein skal gje. Ein ser og at søknad om heimerehabilitering er aukande. Det er auka krav til kompetanse og behov for sjukepleiarar. I ferier der halvparten av tilsette er borte, har ein leigd inn ekstra ferievikarar slik at den faglærde har kunne gått på toppen og ta seg av oppgåver som krev utdanning og kompetanse. Tal brukarar med teneste i form av heimehjelp er 33 og tal brukarar med heimesjukepleie er 51. Tal middagar som vert levert ut frå institusjonskjøkenet til heimebuande ligg på om lag 15 stk. Om lag 45 brukarar har tryggleiksalarm. Tiltak for funksjonshemma Omfattande hjelpetiltak til einskildpersonar i eigen heim er ofte organisert som eigne særtiltak. I 2012 var det 8 tiltak og 1 særtiltak er varsla og er under planlegging for 2013. 32 Årsmelding 2012
En del brukarar har innvilga støttekontakt. Ein støttekontakt er av stor verdi med tanke på familiar som treng avlastning for både barn /unge og eldre. For dei eldre er det med å gje auke tryggleik og minke einsemd. Det kan utsette søknad på sjukeheimsplass. Tilskotsordningar for eldre og uføre (TT-kort) Ein har fått tilskot frå fylkeskommunen som dekker utgifter til transportordning. Det er budsjettert med kr.90.000,- til føremålet. Psykiatriteneste I 2012 blei det gjort ei endring ved at midlar frå tidlegare eldreprosjektet saman med lønsmidlar frå vakant stilling i psykiatritenesta vart omgjort og nytta til oppretting av ny fast stilling for psykiatrisk sjukepleiar. Dette innebar ein vesentleg styrking av tenesta. 2 trygdebustader i Lundheim er bygd om til dagsenter /aktivitetshus for menneske med psykiske lidingar og demens. Det er og eit sambrukshus med tanke på tiltak for funksjonshemma. Dagsenter for demente er sett i gang nokre timar 1 dag i veka. Ein ser føre seg ein auke i timetal og utvide dette til 2 dagar i veka i 2013. 1 dag i veka er sett av eit lågterskeltilbod med dagaktivitetar for brukarar av psykisk helse. Psykisk helse er ein del av kriseteamet i kommunen og psykiatrisk sjukepleiar er med i læringsnettverk kring beredskapsplanlegging ved Fylkesmannen. Tenesta har tett samarbeid med Nav Leikanger, helsestasjonen, legekontoret og PLO. I tillegg har dei kontakt med Indre Sogn Psykiatrisenter og Psykiatriavdelinga ved sentralsjukehuset i Førde. Tenesta hadde i 2012 omlag 22 brukarar Årsmelding 2012 33
Kultur og bibliotek Ressursbruk 1000 kr. Rekneskap Rekneskap Budsett Avvik 2011 2012 2012 1000 kr Ungdomsklubben 145 450 453-3 Aktivitetstilbod til barn og unge 308 11 27-16 Transporttilbod ungdom 0 1 0 1 Danseverkstad -1 29 31-2 Ungdomsprosjekt - utstyrsentral 0 1 3-2 Bibliotek 1.095 1.096 1.098-2 Kulturformidling 170 167 151 16 Allment kulturarbeid 111 118 98 20 Kulturkontoret 133 132 144-12 Musikkbinge 13 6 26-20 Sum 1.969 2.012 2.031-19 Generelt Kulturen lokalt er tufta på frivillige lag og organisasjonar sine aktivitetar. Det har vorte arrangert konsertar, framsyningar, turneringar, festivalar og stemner, både retta mot ungdom og vaksne. 8.trinn på ungdomsskulen ved elevar og foreldre hadde ansvaret for arrangementet på grunnlovsdagen 17.mai. Aktiviteten i Leikangerhallen var høg i 2012. Hallen er i jamn bruk til idrettar og ulike kulturelle sceneinnslag, alt frå faste, treningar kvar veke til helgeturneringar arrangert av lokale lag og bedrifter. Leikanger mannskor arrangerer Palmerevyen årleg, den kulturelle skulesekken og Sogn og Fjordane teater nyttar hallen til framsyningar. I 2012 vart det søkt om spelemidlar til kunstgrasbane, garderobeanlegg på barneskulen, driftsbygning på Kleppa og til elektroniske skiver på skytebana. Desse søknadane vart godkjende, men ikkje prioriterte til å få utbetalt midlar i denne runda. Dermed vert dei vidareført til 2013. Kommunen delte ut kulturmidlar til frivillige lag og organisasjonar ut frå mottekne søknadar. Kommunen starta opp ein lokal komité for 250-årsjubileumet til Sogn og Fjordane fylke. Komiteen har medlemer frå administrasjonen og politikarar frå kommunen, saman med representantar frå frivillige lag og organisasjonar. Hovudfokuset til gruppa er på arrangementet som skal finne stad den 19.september 2013, då fylket skal ha eit stort arrangement i Leikanger, og kommunen vil lage ein folkefest i bygda. Det er i tillegg sett ned ei gruppe som arbeider med oppfylginga av det eldste administrasjonsbygget i Leikanger, amts-kontoret. Arbeidet med restaureringa av bygget vart planlagt med arkitekt og oppbygginga av bygget kunne starte tidleg i 2013 med ferdigstilling i løpet av august 2013. Ungdomsrådet hadde 5 møte i 2012, og stod med anna bak ei kartlegging av fritida til ungdom i Leikanger, og var med-arrangør på ein ungdomskonsert. Dei deltok ikkje i ungdommens fylkesting, då dei var seine å melde seg på, og arrangementet vart seinare avlyst grunna for dårleg påmelding. Det vart funne representantar som skal delta i 2013. Rådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne hadde 6 møte, og deltok aktivt i utviklinga av Leikangerhallen si tilrettelegging. Dei vart òg invitert til å delta aktivt i brukar- 34 Årsmelding 2012
gruppa for Leikanger alders- og sjukeheim. Dette arbeidet vil halde fram i 2013. Det vart motteke midlar frå den kulturelle spaserstokken, som skal nyttast til musikalske opplevingar og føredrag på sjukeheimen. Kommunen hadde ansvaret for den årlege TV-aksjonen. I 2012 var det Amnesty som hadde den nasjonale aksjonen. Lokalt kom det inn kr. 82 000, omtrent på same nivå som året før. Bibliotek Folkebiblioteket hadde ein liten nedgang i utlån. Majoriteten som nyttar folkebiblioteket er pensjonistar og småbarnsfamiliar. Det vart arrangert 24 ulike samlingar i 2012, der til saman over 130 vaksne og rundt 420 born deltok, ei lita auka frå året før. Det er kome eit godt system for fjernlån på nasjonal basis (Norsk bibliotektransport), noko som gjer at mange tingar bøker frå andre stadar, som dei kan låne og levere i Leikanger. Dette er ein viktig funksjon for eit relativt lite bibliotek. Biblioteket har samarbeid med skulebiblioteka for utlån, katalogisering og mediearbeid, og det er felles tilsette på alle tre biblioteka. Biblioteket arrangerer årleg eit lesestimuleringsprosjekt «Skriv ei bok», og passar på å formidle besøk av Bokbåten Epos til barnehagar og skular. Ungdomsklubben Det har vore to ungdomsklubbar i Leikanger, ein frå 7. trinn og oppover og ein frå og med 9.trinn. Den siste vart dessverre lagt ned etter fyrste semester i 2012, grunna svært dårleg oppmøte. Ungdomsklubben for dei yngre er populær for 7.trinn. Tilbodet er aktivitetar i klubblokalet (spel, filmar, nyttårsball, konkurransar). Klubben gjev òg enkelttilbod utanom klubblokala, som klatring i idrettshallen, jentekveld på frisørsalong, gutekveld på gocart, hjelpekorpsaktivitet mm. Kommunen har halde fram med å organisere transporttilbod frå Sogndal til Leikanger via midlar frå fylkeskommunen. Kommunen samarbeider òg med fylkeskommunen om den kulturelle skulesekken. Dette samarbeidet gjer det mogleg for elevar i grunnskulen å få presentert kulturtilbod med høg kvalitet i skuletida. Leikanger samarbeider med Sogndal kommune om å førebygge mot rus og kriminalitet hjå ungdom gjennom SLT (Samordna lokale, kriminalitetsførebyggande tiltak). I tillegg til SLT Politiråd der ordførarar, administrasjon og politi er til stades, har Leikanger ei lokal gruppe som hadde 2 møter i 2012. Det vil bli utarbeida ein ny handlingsplan i 2013, og Luster kommune ynskjer og vere med på dette samarbeidet. Musikkbingen Musikkbingen er eit godt musikktilbod for ungdom og vaksne som treng eit øvingslokale. Det er ein person som vert løna av kommunen for å ta ansvar for vedlikehald og innkjøp av musikkutstyret. Musikkskulen nyttar bingen, i tillegg til privatpersonar. Bingen er lett tilgjengeleg både på dagtid og kveldstid. Danseverkstad Leikanger danseverkstad vert driven av kommunen, og har 50 70 medlemar kvart semester. I 2012 var det 4 personar som starta på ung-til-ung instruktørutdanning gjennom «Dans utan grenser», og det ser ut til å bli 3 som fullfører våren 2013. Drifta av danseverkstaden inkluderer eit godt samarbeid med Leikanger ungdomslag som står for lokale. Danseverkstaden har ymse oppdrag, og opne framvisingar ved avslutning av kvart semester. Årsmelding 2012 35
Sogn kulturskule Ressursbruk 1000 kr. Rekneskap Rekneskap Budsett Avvik 2011 2012 2012 1000 kr Leikanger musikk- og kulturskule 874 1.125 1.032 93 Leikanger musikkog kulturskule Kulturskulen hadde 65 elevplassar våren 2012 og 70 om hausten. Tilsvarande tal på venteliste var 16 vår og 11 haust. Kulturskulen heldt dirigentar til to korps og to kor i 2012, Leikanger skulemusikk, Leikanger musikklag, Leikanger damekor og Leikanger mannskor. Skulen hadde 1,7 årsverk sysselsett med undervisning i Leikanger kommune i 2012. Rekneskapen syner eit samla overforbruk på kr. 93.000. Dette skuldast i det vesentlege høgare lønslutgifter enn rekna med og noko reduserte inntekter. Sogn kulturskule Administrasjon Administrasjonen i kulturskulen var rektor og DM-leiar i 100 % og inspektør i 40 % i 2012. Rektor og inspektør har hatt kontor på Trudvang skule i Sogndal. I august 2012 flytta kulturskulen kontora og resten av verksemda i Sogndal sentrum til Sogndal kulturhus. Skulåret 2012/2013 har dei mellombels kontor og undervisningslokale i 2. etg. I tillegg har rektor eit kontor på Tinghuset på Leikanger. Undervisning Kulturskulen har hatt eit elevtal på om lag 430 i 2012. Sogn kulturskule løna 11 kor- og korpsdirigentar i kommunane Luster, Sogndal og Leikanger. Kulturskulen hadde 9,2 årsverk knytt til undervisning i 2012 i stillingar frå 10 til 100 %. Distriktsmusikarane Kulturskulen har fire halve stillingar som distriktsmusikarar. Lønsutgiftene til desse musikarstillingane deler kulturskulen med Sogn og Fjordane fylkeskommune. Sogn kulturskule drift i Sogndal 2012 Kulturskulen hadde 176 elevplassar i Sogndal våren 2012 og 184 om hausten. Tilsvarande tal på venteliste var 22 vår og 41 haust. Kulturskulen heldt dirigentar til fire korps og eitt kor i 2012. Norane skule- og ungdomskorps (berre vår 12), Sogndal skulemusikk hovudkorps og aspirantkorps (berre vår 12), Kaupanger skule- og ungdomskorps og Sogndal songlag. Sogndal kommune tok vekk tilskot til dirigentkjøp hausten 12 for å redusera utgifter. Kulturskulen nytta om lag 4 årsverk til undervisning i Sogndal kommune i 2012. Kulturskulen i Sogn drift i Luster 2012 Kulturskulen hadde 179 elevplassar i Luster våren 2012 og 179 om hausten. Tilsvarande tal på venteliste var 47 vår og 35 haust. Kulturskulen heldt dirigentar til tre korps i 2012. Dale skulemusikk, Jostedal skulemusikk og Gaupne skule- og ungdomskorps. Skulen hadde 3,5 årsverk sysselsett med undervisning i Luster kommune i 2012. 36 Årsmelding 2012
Barnevern Ressursbruk 1000 kr. Rekneskap Rekneskap Budsett Avvik 2011 2012 2012 1000 kr Generell barnevernteneste 1.118 1.631 1.777-146 Barneverntiltak i familien 387 588 415 173 Barneverntiltak utanfor familien 785 843 1.190-347 Sum 2.290 3.062 3.382-320 Sogn barnevern Sogn barnevern er ei interkommunal barnevernsteneste for kommunane Luster, Sogndal, Leikanger og Balestrand. Sogn barnevern har i 2012 9,3 årsverk, og er det største barnevernskontoret i fylket. Gjennom det interkommunale samarbeidet er det fokus på å leggje til rette for ei betre, meir effektiv og føremålsteneleg teneste. Sogn barnevern ytte i 2012 hjelpetiltak til 111 barn og ungdom frå 0-23 år, samt deira familiar. Sogn barnevern samarbeider med offentlege instansar og har fokus på gode og effektive samarbeidsmøter. I 2012 har fokus vore på enda tettare samarbeid, gi god informasjon om Sogn barnevern sine tenestar til dei ulike offentlege og private aktørane, samt auka kompetansen hjå tilsette i barnevernet og samarbeidspartane. Sogn barnevern har faste kontordagar kvar 14. dag i Luster, Leikanger og Balestrand. Ein ser at desse dagane kan nyttast betre av samarbeidspartane i kommunen til å diskutere saker anonymt, eller komme med ei konkret bekymring. Ein ser at gode nok tiltak gjennom barnevernet som vert sett inn tidleg nok, kan styrke familiane og styrke foreldra si omsorgsrolle. Ein har difor i 2012 hatt eit prosjekt med utprøving av eigen tiltaksarbeidar. Frå 01.01.2013 vert det eigen fast tiltaksarbeidar i Sogn barnevern. Tiltaksarbeidar skal gje råd, rettleiing og praktisk hjelp inn i familiane. Sogn barnevern har i 2012 hatt stort fokus på kompetanseheving for å leggje til rette for ei betre, meir effektiv og føremålstenleg barneventeneste for barn og familiar, samt auke rettstryggleiken for denne gruppa. Det har i 2012 vore stort fokus på gode prosedyrar, og kvalitetssikring av desse i Sogn barnevern. Sogn barnevern har med midlar frå Sogn regionråd arrangert 2 dagar med kompetanseheving for 300 samarbeidspartar i regionen, der fokus var samhandling og tidleg innsats. Balestrand kommune kom inn i Sogn barnevern 01.09.2011, det førte til bruk av mykje ressursar både i 2011 og 2012 både til sakshandsaming i gamle saker, nye saker samt administrative ressursar. Overordna mål: Medverke til at barn og ungdom får gode oppvekstvilkår Sikre at barn og unge, som lever under forhold som kan skade helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. Samarbeide tett med andre faggrupper for å sikre best mogleg tenesteyting, og for å gje eit samla godt tenestetilbod til brukarane. Årsmelding 2012 37
Sogn barnevern mottek jamleg bekymringsmeldingar med det formål å gjere kvardagen til det enkelte born lettare. Tenesta opplever i større grad å få meldingar i pågåande saker. Desse meldingane vert ikkje registrert som nye og vert difor ikkje rapportert inn. Sogn barnevern ser ein auke i omfang og kompleksitet når det gjeld sakene. Tenesta opplever at mange meldingar kjem inn når barnet er stort. Då vert det for lite fokus på tidleg intervensjon og dei store fordelane med å ha tidleg innsats. Sogn barnevern opplever ein auke i talet på saker som resulterer i omsorgsovertaking. Det ser ut til at dette vil stige også i 2013. Dette krev mykje personressursar og økonomiressursar. Sogn barnevern har fokus på å gje rett tiltak til det enkelte barn og familie/heim så tidleg som mogleg. Ein ser eit stort behov for tiltaksarbeidarar retta inn mot familiar som treng både råd, rettleiing og praktisk hjelp i heimen. Barnevernstenesta i familien Hjelpetiltak i heimen er som hovudregel frivillig tiltak der familien har samtykka til hjelp. Tiltaka skal etter lova vere tenlege for mottakar. Fleire familiar mottek hjelpetiltak av ulik karakter frå barnevernstenesta. Sogn barnevern har fokus på å gje rett tiltak til det enkelte barn og familie/heim. Det vert eit stort behov for å utvikle tiltaksstillingar i eiga barnevernsteneste framover grunna omorganisering i Bufetat som fører til dårlegare tilbod til kommunane. Barnevernstenesta nytter og privatpersonar som har kompetanse og ressursar til å stille opp i dei familiar det er behov for hjelpetiltak, samt kjøp av tenester frå det statlege barnevern Bufetat. Barnevernstenesta utanfor familiane Plassering av barn utanfor heimen skjer både i fosterheim og institusjon, alt etter behovet til barnet. Slike plasseringar skjer både etter samtykke og ved omsorgsovertaking. Dette er utgiftskrevjande tiltak som berre vert gjort når det ikkje er mogleg å avhjelpe situasjonen ved å setje i verk hjelpetiltak i heimen. Barnevernstenesta er pålagt ved lov både å følgje opp barn som er plassert og familien til barnet som er plassert. Ei utfordring i 2012 har vore at fosterheimstenesta ikkje har gode nok fosterheimar til alle barna som skal plasserast. I 2012 har Sogn barnevern hatt 12 plasseringar. Sogn barnevern - Leikanger Leikanger Leikanger. Sogn Sogn kommune kommune barnevern barnevern 2012 2011 2012 2011 Nye meldingar 13 3 85 94 Totalt registrerte barn (SSB) 21 15 186 188 Barn i tiltak 10 7 111 82 Nye barn i undersøking 13 6 75 74 Undersøking som fører til tiltak 4 5 43 38 Kommentarar jf tal i tabellen over: 1. Ei melding kan kome til barnevernet som munnleg eller skriftleg bekymring på namngjeve barn, frå anonym eller namngjeve kjelde. Barnevernet må innan 7 dagar avgjere kva som vert gjort med meldinga anten leggast vekk eller følgjast opp. Sogn barnevern registrerer at tal meldingar 2012 er 13, og at det er ei jamn stigning i tal saker i Leikanger når ein ser over fleire år. I Sogn barnevern er talet 85 nye meldingar, det er ei jamn stigning med nye meldingar frå 2009 på 12 %. Ein er klar over at behovet varierer frå år til år. Dei fleste meldingane kjem frå lege og politi. Ein ser ei utvikling at sakene vert meir komplekse. 2. Når barnevernet har konkludert med at meldinga skal følgjast opp er det ein frist på 3 månader for å gjere ei undersøking (i særskilde tilfelle 6 månader). Barnevernet vil då sjå nærare på saka og foreldre/føresette vert informerte. 38 Årsmelding 2012
3. Eit hjelpetiltak er som hovudregel eit frivillig tiltak og alle under 18 år skal ha tiltaksplan. Tiltaksplanen skal evaluerast jamleg, og må difor redigerast/ endrast om det oppstår endringar eller nye delmål skal nås. Av borna i Leikanger som mottek hjelp frå barnevernstenesta har alle borna tiltaksplan i 2012. Det vert gjort plasseringar utanfor heimen og ein nyttar både fosterheimar og institusjonar. Nokre barn vert plassert i fosterheim hjå eigen familie. Når det ikkje føreligg samtykke vert saka handsama av fylkesnemnda. Ved plassering av barn utanfor heimen vert rådmannen varsla (jf samarbeidsavtalen). Årsmelding 2012 39
Bygg, næring og miljø Ressursbruk Rekneskap Rekneskap Budsett Avvik 2011 2012 2012 1000 kr Bygg forvaltning 7207 5230 6530-1300 Miljø, areal og næring 1941 2700 1361 1339 Samla 9148 7930 7891 39 På byggforvaltning er det meirinntekter på kontorleige og noko innsparingar på energibruk og vedlikehald På landbruk og utmark er det betalt for kjøp av tenestene frå Sogndal kommune både for 2011 og 2012. På byggesaker var det ikkje budsjettert med kjøp av teneste hjå Sogn brann og redning til det interkommunale byggetilsynet. På kart og oppmåling var det for høgt budsjetterte inntekter i forhold til aktiviteten. Det er meirforbruk på vedlikehald av kaianlegget på Hanahaug etter Dagmar. På slutten av 2011 fekk kommunen førespurnad frå Statens vegvesen om leige av deler av Tinghus II/III i samband med planlagd utbygginga av administrasjonsbygget i Askedalen. Det vart inngått avtale med Statens vegvesen våren 2012 og 1.juni flytte dei inn i 4 etasjar i Tinghus III. Kommunen inngjekk våren 2011 avtale med Arkitektkontoret Olav og Anders Vikøren om utbygginga og sal av gamle sjukeheimen. Første steg i avtalen med Vikøren var utarbeiding av reguleringsplan. Kommunen har ikkje vore tilfreds med framdrifta i reguleringssaka. I formannskapsmøtet i februar vart det underskriven avtale med arkitektkontoret om framdrifta, der reguleringsplanen skulle vera ferdig til godkjenning hausten 2012. Det vart utsendt varsel om planoppstart i april. Etterpå har det det ikkje skjedd noko, sjølv etter fleire purringar frå kommunen. Nordbohus Sogn har inngått opsjonsavtale med fleire tomteeigarar i Askedalen med sikte på utbygging av bustader. Dei ynskte òg å få kjøpa del av kommunal eigedom. Kommunestyret signaliserte at planarbeidet kan startast opp. Salet av den kommunale dalen kan berre gjennomførast på bakgrunn av takst og godkjent reguleringsplan. Bruken av kaibygget på Hanahaug har vore oppe til drøfting i formannskapet etter at det kom søknad om å få bruka bygget til verkstad. Bygget skal framleis brukast til lager for kommunen og til utleige. Nybø barnehage har fått utvida utearealet. Dette er utført med oppsetjing av mur i naturstein mot sjøen. Det skal monterast gjerde våren 2013. Ungdomsskulen har fått nytt avtrekkssystem frå garderobar og dusjar i fløy C. Dette vart utført då anlegget frå 1969 ikkje fungerte meir. Barneskulen har fått nytt brannvarslingsanlegg med den nyaste teknologien og adresserbare detektorar. Skulen har no ein felles sentral og anlegget kan brukast frå begge bygga. 40 Årsmelding 2012
På utleigebustadene er det utført nødvendig vedlikehaldsarbeid, mellom er eit bad i ei av leilegheitene i Gjertrudbakken pussa opp etter vasslekkasje. Trygdebustadene Lundheim 7 og 9 er no i bruk som dagsenter etter at desse to leilegheitene er vorte tilrettelagde for det. Det er utarbeida ein overordna plan for drift og vedlikehald for dei kommunale bygga. Denne planen skal det arbeidast vidare med, slik at kvart bygg får ein tilpassa drifts- og vedlikehaldsplan. Leikanger kommune har løyst inn grunnen til leikeplassen på Leite etter søknad frå Partlaget Leite. Kommunen selde parkeringsanlegget/grøntanlegget mellom Essostasjonen og Njøsaelvi til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Utbyggingsområde Utbygginga av veg, vatn og avløp i Reinevegen i Riverdalen, samarbeidsprosjektet mellom kommunen, Byggsenteret Audun Hundere AS og Saften AS har hatt god framdrift i 2012. Leidningsanlegget er ferdig og vegen har fått grusdekke. Kommunen har for tida få tomter for bustad- og næringsføremål. Oversikt over bustadområda i arealdelen i kommuneplanen ligg på kommunen si heimeside. Reguleringsplanen for nytt bustadområde i Berlehagen vart vedteken i kommunestyret sommaren 2011. Tal bueiningar i planområdet er sett til minst 13, maks 18. Våren 2012 vart avtalen om grunnkjøp med Kolbjørn Henjum og Geirmund Henjum godkjent. Kommunestyret vedtok òg at opparbeidinga feltet starta opp på hausten med ferdigstilling våren 2013. Arbeidet med regleringsplan for næringsområdet på Kvålen starta opp på ettersommaren. Næringsfondet Søkar Prosjekttype Tilskot kr Hermansverk Servicesenter as Utvikling 20.000 Kjell Geir Henjum Etablering 39.000 Sognefjord Hotel as Utvikling 120.000 Kjeringi Open 2012 Arrangement 40.000 Sogn Sportssenter as Etablering 20.000 Fjordklipp Utvikling 20.000 Anita Heggestad as Etablering 40.000 Erling Røysum as Utvikling 87.000 Mona Irene Ølmheim Etablering 25.000 Hanne R. Rinde Utvikling 20.000 Opplev Leikanger Fruktbare Dagar 2012 Arrangement 40.000 Opplev Leikanger kurs for næringsdrivande Utvikling 14.000 Opplev Leikanger kurs for lokale lydteknikarar Utvikling 5.000 Opplev Leikanger profilering og senteropprusting Utvikling 15.000 Opplev Leikanger - Sommarfest Arrangement 20.000 Opplev Leikanger - salsboder Utvikling 25.000 Fotefar Temareiser as Etablering 20.000 Lisset Docando Castellanos Etablering 20.000 Chanya Kaeophila Etablering 20.000 Balder Brygg as Utvikling 20.000 Øyvind Gjerløw Etablering 80.000 Leikanger kommune - Bedriftsmagasinet Profilering 35.000 SUM 745.000 kr 13% av tilskotet gjekk til dei tre arrangementa Kjeringi Open, Sommarfesten og Fruktbare Dagar. Desse arrangementa er viktige for kommunen både når det gjeld aktivitet og identitet. Idrettslaget Syril står bak Kjeringi Open, medan Opplev Leikanger står bak Sommarfesten og Fruktbare Dagar. Det siste arrangementet i lag med stiftinga Norsk Fruktmuseum. Årsmelding 2012 41
Profileringstiltaka Leikanger i desember og lys i sentrum i regi av Opplev Leikanger er viktige bidrag i Leikangersamfunnet og fekk tildelt 5%. Opplev Leikanger står òg for kurs for næringsdrivande og lokale lydteknikarar som til saman har fått tildelt 3 %. Dei fleste midlane gjekk til utvikling av eksisterande bedrifter. Desse fekk tildelt 39% av midlane. I alt åtte etablerarar fekk tildelt 35 %, av desse var halvparten kvinner. Eit tiltak i kommunal regi, profilering i Bedriftmagasinet fekk tildelt 5%. Fire søkarar fekk avslag. Det var ingen klagesaker. Næringshagen sto for utlysing av midlane, kontakt med søkarane, innstilling til formannskapet og rapportering til KRD. Saka om organisering av nærings- og utviklingsarbeidet er framleis til drøfting. Spørsmålet om etablering av eit regionalt reiseselskap var til handsaming to gonger i løpet av året. Kommunestyret slutta seg først til konklusjonane i rapporten og på slutten av året gjekk kommunen inn i Visit Sognefjord AS med aksjekapital og ein treårig avtale med eit årleg driftstilskot på 120.000 kr. Tildelte Fylkesvise BU-midlar 2012 Terje Fosshagen 117. 000 kr, Aud Halland Molvik 151.000, Margrete Husum 72.000, Else Marie Bergum 67.000, John Olav Husabø 59.000 og Sognefrukt SA 480.000. Midlane gjeld i hovudsak fornying av frukthagar. Landbruk og vilt Leikanger kommune kjøper tenester til landbruks- og viltforvaltning frå Sogndal kommune tilsvarande 40% stilling. I 2012 var eit godt fruktår og det vart levert 0,7 tonn moreller, 123 tonn epler, 56 tonn plommer, 6,6 tonn pærer, 41 tonn bringebær og 2,4 tonn jordbær til Sognefrukt BA. Det vart utbetalt 717.255 kr i regionale miljøtilskot fordelt på 42 søkarar. Det vart tildelt 302.000 kr i SMIL - midlar til 17 søkarar. Tre SMIL - saker vart utsette til 2013 og to saker vart avslegne. Hovudtema i sakene er opning og skjøtsel av kulturlandskap. Kommunen har sakshandsaming og kontroll av produksjonstilskotet til jordbruket. I 2012 vart det utbetalt 5,63 mill kr fordelt på 47 søkarar. Det er gjort vedtak om å løyva inntil 20.000 kr til skotpremie på felling av rev i Leikanger i perioden 2012-2015. Leikanger storvald har rapportert uttak av 72 hjortar i 2012. Dette fordeler seg på 11 eldre bukkar og 18 eldre hodyr, 11 spissbukkar og 16 hodyr 1 ½ år. Av kalvar er det felt 10 hanndyr og 6 hodyr. Fellingsprosenten er berre på 45,2 men fordelinga på alder og kjønn fylgjer i hovudsak bestandsplanen. Under jakta i 2012 vart det nytta jaktoppsyn for andre året. Denne ordninga er teken godt imot. Sesongen starta med jegermøte der politi, jaktoppsyn og veterinær var til stades. Jaktoppsynet hadde fire kontrollrundar og 10 jegerar vart kontrollerte. Under kontrollen vart det lagt vekt på human jaktutøving, haldningar, våpen, ammunisjon, motorferdsel i jaktsamanheng og naudsynte dokument for utøving av jakta. Det er registrert ein del køyring på skogsvegane med ATV. Hjortemerkeprosjektet vart avslutta og resultatet vart lagde fram på møte i Sogndal i august. Fylkeskommunen og Sogn og Fjordane skogeigarlag har teke initiativ til å få i stand eit hjorte- 42 Årsmelding 2012
forvaltningsprosjekt som tek utgangspunkt i den innhenta kunnskapen frå merkeprosjektet, slik at hjortebestanden kan avgrensast og at det kan lagast bestandsplanar for større regionar. Orkanen Dagmar 1.juledag 2011gjorde stor skade på skogen i Leikanger. For å kunne ta ut den stormskada skogen vart det i 2012 bygd skogsbilveg i Huksdalen med sideveg til Holestølen. I alt vart det bygd 3940 m skogsbilveg. Arbeidet var ikkje ferdigstilt ved årsskiftet. Det har vore uttak av tømmer med hogstmaskin og kabelbane. I Heggdalene har det òg vore mykje hogst. I alt er det teke ut 16.000 kubikkmeter tømmer i Leikanger 2012. Arbeidet med uttak av velta/skada skog held fram i 2013. Det har vore politisk handsaming av skogsvegane Baukasengvegen i Njøsadalen, Raumålsbakkane i Heggdalene, Viddmyrvegen frå Kleppa, Volavegen frå Kleppa, Hammarskarvegen og Linjevegen frå Eggja og Hella Rud. Det kom klage på godkjenninga av Baukasengvegen frå Kulturavdelinga i fylkeskommunen. Klagen vart teken til fylgje på den måten at før iverksetjing skal det gjennomførast utvida arkeologiske granskingar. Det vart ikkje oppstart av bygginga av nokon av skogsvegane i 2012. Mest på grunn av at Statens Landbruksforvaltning fastsette at statstilskotet i 2012 skulle gå til bygging av vegane som er nødvendige for å henta ut stormskada skog etter Dagmar. Fleirtalet i formannskapet gav løyve til køyring med gravemaskin frå ny skogsveg på Njøs til Hangsete i samband med byggearbeid på stølshus. Løyvet vart påklaga av Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og Forum for natur og friluftsliv. Fylkesmannen gav klagarane medhald. Leikanger kraftverk NVE sende på vårparten ut på ei avgrensa høyring spørsmålet om flytting av inntaket på alternativ A ned frå om lag 600 til 530 meter over havet. Dette for å redusere naturinngrepa i området Nyastølen. Dette alternativet vart fremja fyrste gong under synfaringa hausten 2011. Fleirtalet i kommunestyret gjorde i juni vedtak om å halda fast på tidlegare vedtak om inntak på kote 600. Arbeidet med fleirbruksplanen for fjellområda, finansiert av Sognekraft starta opp i 2012 med møte i arbeidsgruppa og eit møte der alle grunneigarane i kommunen var inviterte. Det vart òg invitert på kommunen si heimeside til å komma med innspel og idear om utnytting av ressursane i samband med utbygginga av kraftverket. Det er ikkje fastsett ei endeleg tidsramme når fleirbruksplanen skal vera ferdistilt. Kommuneplanen Kommunane vart i den nye Plan- og bygningslova pålagde å utarbeida planstrategi i løpet av det første året etter at nytt kommunestyret er konstituert. Arbeidet starta med at kommunestyret i april vedtok at arealdelen i gjeldande plan 2008-2016 skulle gjelda i kommande valperiode, medan samfunnsdelen skulle reviderast. I eit eige gruppearbeid i mai kom kommunestyret med idear om kva tema som bør takast opp i revisjonen. Planstrategien vart vedteken i november. På haustparten kom det inn to søknader om dispensasjonar frå arealdelen i kommuneplanen frå LNF-område til område for uttak av stein. Det vart gitt dispensasjon for prøveuttak av 2000 m3 stein i Heggdalene, medan søknaden om uttak 10.000 m3 ved Kleppavegen vart avslegen. Årsmelding 2012 43
Teknisk drift Ressursbruk Rekneskap Rekneskap Budsett Avvik 2011 2012 2012 1000 kr Vegar 1930 2543 1516 1027 Brannvern og feiing 1791 1930 1892 38 Vatn, avløp og renovasjon -2041-1937 -1432-505 Samla 1680 2536 1976 560 Meirutgiftene på vegar kjem av reparasjonane etter Dagmar. Reguleringsplanar Arbeidet med den private reguleringsplanen for Stadheimgarden på Njøs har hatt liten framdrift i 2012. Gravdal Bygg frå Førde har utbyggingsavtale med grunneigaren. Formannskapet hadde synfaring med utbyggjar og grunneigar i januar. Kommunen fann å måtte avvise skisseutkastet til plan, mellom anna på grunn av den skisserte trafikkløysinga. På slutten av året har utbyggjar på nytt teke fatt i planarbeidet. Med løyving frå næringsfondet vart det sett av midlar til utarbeiding av reguleringsplan for Kvålen med sikte på å leggja til rette for næringstomter. Leikanger kommune har inngått avtale med Facit AS om utarbeiding av reguleringsplanen. Arbeidet starta opp hausten 2012. Det vart òg seinhaustes utført arkeologiske registreringar. Formannskapet vedtok å avslutta arbeidet med revisjon av reguleringsplanen for skule- og idrettsområdet ved barneskulen. Kommunestyret vedtok at det skulle arbeidast vidare med ei endring av reguleringsplanen for sjukeheimstomta på Ohnstadhaugen med sikte på å opna vegen for gjennomkøyring. Arbeidet med reguleringsplanen for utbetring av Njøsavegen med gang- og sykkelveg frå Nokkaneset til Holeskar vart vidareført i 2012 med grunnundersøkingar. Byggesaker Det er byggemeldt 42 tiltak, av dette er tre einebustader, to to - mannsbustader, ni leilegheiter i Riverdalen og ti leilegheiter på Hanahaug, fordelt på to prosjekt. Det er byggemeldt fire garasjar, fem tilbygg/påbygg og sytten mindre tiltak som skifting av vindauge, fasadeendringar, terrassar og murar. Systrond Bygg har fått rammeløyve til å bygga sju leilegheiter på Elvegard og det er motteke søknad om rammeløyve seks leilegheiter på Elvatun (tidlegare Jokerbutikken i Hagane). Etter lang sakshandsaming vart det gitt ein tidsavgrensa bruksendring til verkstad for Sogn Bilskade på Hanahaug. Søknad om riving av Nagelhuset på Njøs vart avslegen på grunn av verneverdiane i bygget. Det vart gjort vedtak om endring av eitt tiltak der søkar ikkje hadde utført arbeidet i samsvar med løyve. Det er gitt oppstartsløyve for tilbygget Statens Hus (DIFI-bygget) etter at det vart inngått avtale mellom Statsbygg og kommunen om parkeringsløysinga. Kart og oppmåling Leikanger er med i felles GIS-prosjekt, eit elektronisk kartdatasystem drifta av fylkeskommunen. Det er tilsett eigen prosjektleiar for å implementere bruken av tenestene i kommunane. Vertskommunen er Vik. GIS-prosjektet i Indre Sogn er eit samarbeid mellom kommunane Vik, 44 Årsmelding 2012
Aurland, Lærdal, Luster, Årdal, Sogndal, Balestrand og Leikanger. Det vart med dette prosjektet etablert eit felleskonsept i høve til GIS og tilhøyrande systemløysingar basert på kart- og grunnlagsdata. Gevinstane som kan hentast ut er reduserte investeringsbehov og driftsutgifter, redusert ressursbruk og betre oversikt over kommunale tenester. Publikum har høve til å skrive ut sine eigne kart via internett på sida www.sognekart.no. I løpet av året er det rekvirert femten oppmålingsforretningar etter ny Matrikkellov. Sju av desse jobbane er knytt til kommunen sine eigedomar og er difor ikkje fakturerte som inntekter. Kommunen er originaldatavert og har ansvaret for ajourføring av Matrikkelen. Matrikkelen er Noreg sitt offisielle register som inneheld data om Grunneigedomar, Adresser og Bygningar. Matrikkelen inneheld registerdata frå GAB og digitale eigedomsgrenser frå DEK og er soleis eit komplett system bygd på dagens nett-teknologi. Registreringar i Matrikkelen skjer etter registreringsinstruksen som er fastsett av Statens Kartverk. Leikanger kommune har to godkjente matrikkelførarar. Matrikkellova frå 01.01.10 (erstattar Delingslova) skal sikre tilgang til viktige eigedomsopplysningar ved at det blir ført eit einsarta og påliteleg register (Matrikkelen) over alle faste eigedommar der grenser og eigedomsforhold blir klarlagde. Lova skal sikre tilgang til eit felles geodetisk grunnlag. Den nye Matrikkellova medfører eit merkbart meirarbeid for kommunane samanlikna med Delingslova. Kommunen har tilgang på kartverk og ortofoto gjennom Geovekstprosjektet, eit samarbeid mellom Statens kartverk, Sognekraft, Fylkesmannen si landbruksavdeling, Statens vegvesen og Leikanger kommune. GIS-prosjektet i Indre Sogn kjøpte programvaren «GIS/LINE oppmålingsforretning» levert av Norkart Geoservice. Kostnaden for Leikanger sin del var 57.680 kr for program og installasjon. Teknisk drift Uteseksjonen har fire fagarbeidarar stillingar med kvar sitt ansvarsområde. Stillinga innan VAR-område er ledig. I sommar var det engasjert fire skuleungdommar og to sesongarbeidar til stell av grøntanlegga. Til stell av parkar, kyrkjegardane og idrettsanlegg er uteseksjonen avhengig av innsatsen frå skuleungdommane og sesongarbeidarane. Dagmar Stormfloa og nedbøren i samband med uveret Dagmar førde med seg store skader på kommunale vegar og eigedommar. Samla utgifter til istandsetjing etter Dagmar vart 1.930.000 kr. Dei største skadene var på kommunale vegar, Leikanger kai med grøntanlegg og Leikanger ungdomsskule med badeplass, ballbane og brygge. Kommunal- og Regionaldepartementet tildelte Leikanger kommune 1.372.000 kr til dekking av meirutgifter etter Dagmar. Dette utgjer 70 % av dei samla utgiftene. Det var òg skader på parkanlegget ved sjøen på Hermansverk, kloakkreinseanlegg på Hermansverk, badeplassen og strandsona på Nybø og Nybøstrondi. Utgiftene til reparasjon etter Dagmar er førde på kvar sitt ansvarsområdet i driftsbudsjettet. Vegar Førjulsvinteren var langvarig, kald og med lite snø. Etter ein nedbørsrik haust vart det mykje ising i vegbaner og grøfter. Dette førde med seg ekstra arbeid med å fjerne is. Nedbøren i samband med uveret Dagmar førde òg med seg store skader på kommunale vegar. Kostnaden med opprusting av vegnettet etter Dagmar vart 810.000 kr. Holevegen har fått oppmerking med kantlinjer og gangfelt. Leikanger kai Etter uveret Dagmar måtte deler av fenderverket på kaien vølast. Det måtte støypast nytt dekke i mellom kaien og parkeringsplassen. Parken vart rydda og plastring vart reparert. Avløp Pumpestasjonane på avløpsnettet har no vore i drift i 15 år. Utgifter til vedlikehald vil difor auka på. Det er i år skifta ut og overhala pumper. Skaden på kloakkreinseanlegget på Hermansverk etter Dagmar vart kr. 60.000.- Årsmelding 2012 45
Brannvern I 2010 vart det inngått avtale mellom kommunane Balestrand, Leikanger, Luster, Sogndal, og Vik om oppretting av felles brann- og redningsteneste. Samarbeidet er organisert som eit interkommunalt selskap med namnet Sogn brann og redning IKS (SBR). Selskapet overtok arbeidsoppgåvene frå kommunane frå 01.05.11. I 2011 starta arbeidet med utarbeiding av ein ny regional brannordning med tilhøyrande dokumentasjon. Dokumentet synleggjer oppgåver som er tillagt SBR, med nødvendig dimensjonering av mannskap og utstyr i lag med HMS-dokumentasjon. Kommunestyret godkjende dokumentasjonen for brannvernet i Sogn brann og redning IKS. Vaktberedskapen for Leikanger er: Ein person har overordna heimevakt til ein kvar tid (felles for heile SBR). Ein person som utrykningsleiar, kombinert med teknisk vakt med heimevakt til ein kvar tid. Ein brannkonstabel/sjåfør har heimevakt ilag med utrykningsleiaren i helger og høgtider. Ein kommunalt tilsett deltek på grunnkurs deltid i regi av Sogn Brann og Redning IKS. Utdanninga tek sikte på å gi nødvendig kompetanse til brannkonstablar som skal yte innsats samt å ivareta eigen og andre sin sikkerheit. Utdanninga er basert på krav i Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen, fastsett 3. mai 1995 og revidert pr. 1. juli 2002. Kommunen har avtale med Hildeskor Kran & Betong AS om leige av del av næringsbygg til brannstasjon i Øyane på Hermansverk. Leigeavtalen gjeld ut år 2035. 46 Årsmelding 2012
Investeringar Ressursbruk Helsesenter og omsorgsbustader Dette prosjektet var ferdig planlagt i 2011 og vart lyst ut på anbod som generalentreprise i januar 2012. Interessa for prosjektet var stor og seks entreprenørar leverte inn tilbod. Arbeidet vart tildelt Vestlandshus Sogn AS som hadde det lågaste tilbodet. Kontraktsummen er i samsvar med budsjetterte investeringar. Arbeida i terrenget starta opp i mai og skal vera ferdigstilt sommaren 2013. I desember 2012 er bygget ferdig utvending og arbeida går som planlagt. Tettstadutvikling Byggetrinn 3, Schrødertomta: Prosjektet vart tildelt maskinentreprenør Brødrene Lomheim AS. Arbeidet starta i terrenget i januar og var ferdigstilt i mai. Det står att litt arbeid i elva som skal utførast våren 2013. Dette arbeidet er utsett til denne tida av året for få med ei vårsmelting som viser korleis elva oppfører seg opp mot det utførde prosjektet. Schrødertomta vart opna på Fruktbare dagar av ordføraren. Byggetrinn 4 og 5, riksveg og bankplass. Dette er to prosjekt som det har vore under planlegging heile året. Sentrumsgruppa har vore med i heile planleggingsprosessen og nytta seg av lokale ressursar og faginstansar for å få det beste resultatet. Det er landsskapsarkitekt Smedsvig som har hovudansvaret for prosjekteringa. Prosjekta vart presentert for kommunestyret i desembermøtet. Endeleg vedtak om utføring og finansiering vert behandla i kommestyret vinteren 2013. Amtskontoret Arkitektkontoret Locus AS har utarbeid teikningar og prosjektutgreiing for flytting av Amtskontoret lengre vekk frå riksvegen. Dette er eit samarbeidsprosjekt med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Statens vegvesen og Leikanger kommune. Prosjektet vart lyst ut på anbod i november og to entreprenørar ga pris. Arbeida vart tildelt Tharaso som har erfaring med denne typen arbeid. Arbeida starta i terrenget i desember og skal vera ferdigstilt i august 3013. Opninga er fastsett til 19.september då fylket sitt 250-års jubileum skal markerast. Berlehagen bustadområde Leikanger kommune har inngått avtale med Sverre Rinde Maskin og Forskaling om opparbeiding av bustadfeltet. Justert kontraktsum er 3.049.285 kr. inkl. mva. Til saman er kr.3.300.000,- inkl. mva. løyvt for opparbeidinga. Kommunen har byggleiinga, utan at desse kostnadene vert belasta prosjektet. Anleggsarbeida starta opp i november 2012 og er planlagt ferdigstilte i løpet av juni 2013. Kald vinter med djup tele og mykje is har påverka framdrifta. Vassforsyning For overvaking og registrering av vassforbruket er det etablert seks vassmålarar på leidningsnettet. I tillegg er det ein målar ut frå reinseanlegget som måler totalforbruket. Vassmålarane er tilknytt driftskontrollen og registrerer vassforbruket kontinuerleg og viser vassforbruket i augneblikket. Årsmelding 2012 47
Etter at overvakinga av forbruket på leidningsnettet vart sett i drift på slutten av året, vart det registrert unormalt høgt forbruk på forsyninga frå Hagane til Lundene og Hjedl. Årsaka til forbruket viste seg å vera at ein krane til utspyling av leidningsnettet stod delvis open. Etter at denne vart avstengd vart forbruket redusert med 1/3 del. Det er påviste seks mindre lekkasjar. Når desse er utbetra vil forbruket bli redusert ytterlegare. Vasslekkasjane kan då truleg verta reduserte med 50 %. Hamrevegen Det er inngått avtalar med grunneigarane om grunn for utbetring av austre del av vegen. Det er utarbeida tekniske planar for utbetringa. Arbeidet har vore lyst ut på anbod. Entreprenør Veum Maskin A/S har fått tildelt arbeidet. Anlegget vert starta opp etter påske 2013. Kald vinter med djup tele i bakken har ført til at arbeidet er vorte utsett til våren 48 Årsmelding 2012
Rekneskap 2012 Årsmelding 2012 49
50 Årsmelding 2012
Årsmelding 2012 51
52 Årsmelding 2012
Årsmelding 2012 53
54 Årsmelding 2012
Årsmelding 2012 55
56 Årsmelding 2012
Årsmelding 2012 57
58 Årsmelding 2012
Årsmelding 2012 59
60 Årsmelding 2012
Årsmelding 2012 61
62 Årsmelding 2012
Årsmelding 2012 63
64 Årsmelding 2012
Årsmelding 2012 65
66 Årsmelding 2012
Årsmelding 2012 67
68 Årsmelding 2012
Årsmelding 2012 69
70 Årsmelding 2012
Årsmelding 2012 71
72 Årsmelding 2012
Årsmelding 2012 73
74 Årsmelding 2012
Årsmelding 2012 75
76 Årsmelding 2012
Årsmelding 2012 77
78 Årsmelding 2012
Årsmelding 2012 79
80 Årsmelding 2012