Høyringsfråsegn frå Fylkesmannen i Rogaland

Like dokumenter
Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

Høringsuttalelse - NOU 2015: 2 "Å høre til. Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø"

Høyringsfråsegn - endringar i barnehagelova, barn med særlege behov

Foreldreundersøking i skule 2006

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

FYLKESMANNEN I ROGALAND Utdanningsavdelinga

Vedrørende høring NOU 2010:7 Mangfold og mestring

elevar og foreldre viss to ulike instansar skal behandle ulike delar av ei klagesak. Det blir viktig med informasjon mellom Barneombudet og

Oppfølging av 9A i Opplæringslova Handlingsplan Myking skule

9A- 3 TREDJE LEDD. Privatskolesamling

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

BARNEVERNET. Til beste for barnet

HØRINGSSVAR FRA DRAMMEN KOMMUNE OM ET FORSVARLIG SYSTEM I OPPLÆRINGSLOVEN

Sel kommune Utskrift av møtebok

I brev med varsel om pålegg av fekk de frist til for å komme med kommentarar. Vi har motteke kommentarar frå dykk.

Opplæringsloven 5-4. Unni Dagfinrud Seniorrådgiver

Høyringsfråsegn - nye reglar om skolemiljø

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

Driftseining Sunnfjord. Skole, kommune, politi og samarbeid

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN

Endringer i Opplæringsloven 9A Trygt og godt skolemiljø

Det teologiske fakultet Universitetet i Oslo

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

FYLKESMANNEN I ROGALAND Utdanningsavdelinga

Kommunedelplan for oppvekst

Invitasjon til deltakelse i barnehage- og skolebasert kompetanseutvikling med lærende nettverk om barnehage-, skolemiljø og mobbing

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

NYTT KAPITTEL 9A OM SKOLEMILJØ

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

Skulebruksplanen Uttale frå Sogn Regionråd

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGA

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Vår ref: 2009/9098 I KOMMUNEN: Tema for tilsynet: Avvik 1: elevar eller. gjeld. tiltak som. foreldre om. Avvik 2: knytt til. rådgivar.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning

Høyringssvar - endringar i opplæringslova og friskulelova - nytt kapittel om elevane sitt skulemiljø

Prøveutviklere omfatter både de som utvikler og administrerer prøver, og de som tar politiske beslutninger for bestemte prøver.

Plan for arbeid mot mobbing og krenkende atferd Skoger skole

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Retningslinjer for vedtak og saksbehandling omkring skoleplass og bytte av skole i Oppdal kommune

Kunngjort 9. juni 2017 kl PDF-versjon 9. juni Lov om endringer i opplæringslova og friskolelova (skolemiljø)

Skolemiljøutval. Rettleier til medlemmene

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE

SYSTEMRETTET ARBEID ETTER OPPLÆRINGSLOVENS KAPITTEL 9A Oppgave/tiltak Ansvarlig Tidspunkt. vårhalvåret. skolens ledelse

Retningslinjer for utsatt skolestart i Stavanger kommune

RUTINER FOR BEHANDLING AV ELEVKLAGER

Melding om vedtak - Framlegg om å fjerne eigedomsskatt på verk og bruk - høyringsuttale

GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE ETTER FEM ÅR Status, utfordringar og vegar vidare Elaine Munthe 18. mars 2015

9 A-2 Retten til eit trygt og godt skolemiljø Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Dykkar ref. BRUK AV OFFENTLEG TILSKOT OG FORELDREBETALING I IKKJE-KOMMUNALE BARNEHAGAR, HØYRINGSUTTALE FRÅ

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

L nr. 61 Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

Vår ref.: 16/5216 Deres ref.: 16/4099 Bergen,

Saksbehandler: Marianne Støa Arkivsaksnr.: 16/ Dato:

Kapittel 9 A, Elevane sitt skolemiljø. 5. Desember 2017

Vedlagt følger saksutgreiing og vedtak i levekårutval og formannskap i denne saka.

Dykkar ref: Vår ref Saksbehandlar Dato Ref.nr MDIR 2016/ / Tore Gjul

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Kommunestyret

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Forslag til endringer i opplæringsloven

Endringar i studentreglementet for Fagskolane i Hordaland

Saksgang ved avklaring knyttet til mulig behov for spesialundervisning. PPT for Ytre Nordmøre v/ leder Tormod Sandvik

Til Kunnskapsdepartementet

Varsel om tilsyn med Gaular kommune - Bygstad skule, Sande skule og Viksdalen skule

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Connie H. Pettersen Sluttbehandlende vedtaksinstans (underinstans): Kommunestyret Dok. offentlig: Ja Nei.

Skuleåret 2017/2018.

NESSET KOMMUNE Indre Nesset barne- og ungdomsskole. Plan for arbeidet med det psykososiale miljøet

RAPPORT MED VEDTAK - ETTER TILSYN MED AKVAKULTUR FISK

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Gulen kommune

Høringsuttalelse fra Verran kommune vedr. NOU 2015: Å høre til, - Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

Saksbehandler: Hege Bull-Engelstad Nordstrand Arkiv: F13 &13 Arkivsaksnr.: 14/ Dato:

SAKSFRAMLEGG. Samarbeidsutvalget for Bolme barnehage får en slik sammensetting:

Vurderingsrettleiing 2012

Tilskot til skjøtsel og tilpassa drift på økologisk funksjonsområde for svarthalespove

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Matematikk 1, 4MX1 1-7E1

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

Videre følger det av offentleglova 3 at alle kan "krevje innsyn i saksdokument, journalar og liknande register til organet hos vedkommande organ.

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

ORIENTERING OM RETTEN TIL

Oversendelse av klage på pålegg i tilsynsrapport

Transkript:

Dykkar ref.: Vår dato: 19.06.2015 Vår ref.: 2015/4142 Arkivnr.: Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 Oslo Postadresse: Postboks 59 Sentrum, 4001 Stavanger Besøksadresse: Lagårdsveien 44, Stavanger T: 51 56 87 00 F: 51 52 03 00 E: fmropost@fylkesmannen.no www.fylkesmannen.no/rogaland Høyringsfråsegn frå Fylkesmannen i Rogaland Fylkesmannen viser til e-post datert 19.03.15 der NOU 2015:2 Å høre til. Virkemidler for et trygt psykososialt miljø blir sendt på høyring. Fylkesmannen i Rogaland vil gi honnør til utvalet for eit grundig arbeid som har resultert i ei omfattande utgreiing. Det sentrale for utvalet sitt arbeid har vore å medverke til at kvar einskild elev i det norske skulesystemet får eit trygt psykososialt miljø i skulekvardagen, og utvalet har foreslått ei rekkje gode og relevante tiltak som dei meiner vil vere med på å sikre dette. Fylkesmannen i Rogaland vil på det sterkaste støtte forslaga om tiltak for å styrkje skulane og skuleeigarane sin kompetanse om regelverket og om arbeid med det psykososiale miljøet. Utvalet sine forslag vil innebere omfattande ressursbruk både i tid og pengar, men det er vårt syn at slik satsing over tid er naudsynt for å nå dei måla som ligg til grunn for utvalet sitt arbeid. Samstundes er det viktig å vurdere om regelverk og forvaltning er innretta på mest mogleg tenleg vis. Utvalet kjem med mange forslag til endringar her som inneber gode og nødvendige presiseringar, og som samlar reglane i ein meir oversiktleg lovtekst. Rettstryggleiken til elevane er avhengig av at skulen kjenner pliktene sine, har evne og vilje til å følgje dei opp, og til å reagere raskt og rett når det trengst. I høyringsbrevet blir det oppmoda til å ordne merknader etter oversynet over samla tiltak i punkt 1.6. i utgreiinga, og Fylkesmannen i Rogaland har slike merknader: Kapittel 15 og 16 Vedtaksplikt eller skriftleg plan Slik lovverket er i dag, har skulane ei «handlingsplikt» etter 9a-3 andre ledd, og ei «vedtaksplikt» etter 9a-3 tredje ledd. Framlegget til ny 9A-7 inneheld dei momenta som «handlingsplikta» i dagens 9a-3 andre ledd inneheld, men i staden for vedtaksplikta i dagens 9a-3 tredje ledd, blir det foreslått å innføre ei plikt for skulen til «om nødvendig utarbeide en skriftlig plan med tiltak». Utvalet meiner det har blitt for vanskeleg for skulane å fatte enkeltvedtak etter 9a-3 tredje ledd. Samstundes er det ein grunntanke i utgreiinga at ein vil styrkje elevane sin rettstryggleik. I framlegg til ny 9A-7 er det rekna opp konkret kva skulen må gjere når dei får melding om eller mistanke om krenking av ein elev. For Fylkesmannen i Rogaland er det vanskeleg å sjå at det

arbeidet skulen må gjere i følgje dette framlegget, er annleis enn det skulen må gjere i dag. Saka må sjølvsagt først forsvarleg utgreiast, slik som i dag. Så skal skulen lage ein skriftleg plan som inneheld dei tiltaka ein set inn. I dette må ein gjere dei same vurderingane som ein gjer i enkeltvedtaka i dag, til dømes om kva som er eigna og tilstrekkelege tiltak for å trygge eleven mot krenkingar. Etter ny 9A-7 skal skulen utarbeide ein skriftleg plan med tiltak når det er «nødvendig» eller når eleven eller foreldra ber om tiltak. Utvalet kritiserer noverande 9a-3 fordi dei meiner «terskelen» for å fatte vedtak er vanskeleg å handtere for skulane. Fylkesmannen i Rogaland kan ikkje sjå at utvalet sitt forslag verken vil gjere dette lettare å handtere for skulane, eller styrkje rettstryggleiken for elevane, snarare tvert i mot: Når utvalet legg opp til at ein skriftleg plan skal utarbeidast «om nødvendig», vil dette kunne vere ei formulering som det vil vere råd å «gøyme» seg bak for skulen «vi såg det ikkje som nødvendig å utarbeide nokon skriftleg plan». I tillegg vil Fylkesmannen i Rogaland peike på at vi, både som klageinstans og gjennom tilsyn med skulane sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø, har sett at det har vore ei positiv utvikling når det gjeld skulane si evne til å fatte enkeltvedtak når elev eller foreldre ber om tiltak. Utvalet foreslår i ny 9A-10 at Barneombodet skal gjere enkeltvedtak etter forvaltningslova. Når utvalet i forslaget til ny 9A-7 foreslår ei løysing der skulen skal utarbeide «skriftleg plan» i staden for å fatte enkeltvedtak, inneber dette at tiltaka i den skriftlege planen ikkje er juridisk bindande slik dei i dag vil vere i eit enkeltvedtak frå skulen. Det vil tiltaka først bli når Barneombodet fattar vedtak dersom elev eller foreldre klagar den skriftlege planen/skulen sitt arbeid inn til Barneombodet. Så langt Fylkesmannen i Rogaland kan sjå, vil dette innebere ei svekking av rettstryggleiken til eleven, samstundes som skulen heller ikkje blir «spart» for arbeid med saksbehandlinga. Etter Fylkesmannen i Rogaland si meining kan det innebere at skulane/kommunen vil få mindre eigarskap og ansvar for vedtaket når dette kjem frå ein instans utanfrå, i staden for at dei får ansvar for å fatte vedtaket sjølv i første omgang. Utvalet meiner vedtaksplikta, slik ho i dag fungerer, gjer at skulane og eventuelt klageorganet har for mykje fokus på formalia knytt til saksbehandlinga, i staden for å vurdere om eleven sin rett er oppfylt, og om tiltaka er eigna og tilstrekkelege til å oppfylle retten. Fylkesmannen i Rogaland kjenner ikkje att dette biletet. I staden vil vi minne om at enkeltvedtak er den forma forvaltningslova legg opp til at offentlege organ må nytte når dei fattar avgjerd som er bindande for rettar eller plikter mellom det offentlege og borgarane. Dette gjer alle offentlege organ dagleg, og det gjer skulane på alle områda elles innanfor opplæringslova, anten det gjeld skuleskyss, skuleplassering, spesialundervisning, osb. Det er vanskeleg å sjå at skulen skal vere friteken frå dei rettstryggleiksgarantiane som forvaltningslova gir (til dømes utgreiingsplikt etter forvaltningslova 17 eller grunngjeving etter 24 og 25) nettopp på eit område som er så viktig som elevane sin rett til eit trygt og godt skulemiljø. Diskusjonane om ei avgjerd må fattast som eit enkeltvedtak eller ikkje, gjeld oftast avgjerder som er så uviktige at det ikkje er behov for å gi parten dei rettstryggleiksgarantiane som ligg i forvaltningslova. Etter Fylkesmannen si vurdering vil utvalet sitt forslag om at skulane/kommunane ikkje lenger skal fatte enkeltvedtak der elevar/føresette ber om tiltak knytte til det psykososiale miljøet, innebere ei svekking av den rettstryggleiken elevane har i forvaltningslova. Sjølv om Barneombodet i neste omgang skal fatte vedtak dersom eleven eller føresette klagar på skulen, vil dette kunne innebere unødvendig spel av tid og manglande ansvarleggjering på skule- og kommunenivå. Fylkesmannen i Rogaland vil peike på at utvalet sin argumentasjon omkring retten til eit trygt skulemiljø som tenesteyting i motsetning til utøving av offentleg mynde, er uklar. På den eine sida skal ikkje retten til eit trygt skulemiljø føre med seg krav om enkeltvedtak i skulen. Samtidig skal retten i neste omgang sjåast på som ein individuell rett når saka kjem til Barneombodet. Vi ser det som ein fordel at forholdet til forvaltningslova og eventuelle avvik frå denne med særskilde reglar Side 2 av 5

for saksbehandlinga, blir gjort tydelegare. Vår oppfatning er at retten til å krevje tiltak som skal tryggje skulemiljøet, må bli sett på som ein individuell rett også overfor skule og kommune. Etter Fylkesmannen i Rogaland si vurdering vil rettstryggleiken for eleven blir best ivaretatt dersom det framleis blir fatta enkeltvedtak på skulen. Om klageordninga Utvalet foreslår i ny 9A-10 at «elevar og foreldre kan klage til Barneombodet». Forslaget om at Barneombodet skal vere klageinstans inneber, etter Fylkesmannen i Rogaland si vurdering, ei endring av Barneombodet si rolle. Barneombodet er barna sin talsmann, både overfor det offentlege og private. Elevane sitt psykososiale miljø i skulen er eitt av dei områda Barneombodet er sterkt engasjert i. Barneombodet rettar søkjelyset både på regelverket og på korleis forvaltninga handhever dette. Kva vil det gjere med den uavhengige rolla som Barneombodet har som barna sin talsmann dersom Barneombodet skal fatte enkeltvedtak etter ny 9A-10 med dei objektivitets- og nøytralitetsskrav dette inneber? Fylkesmannen meiner at framlegget frå utvalet er ufullstendig på dette området. Det burde vore grundigare vurdert kva følgjer det kan få for rolle og «image» å gjere Barneombodet til eit forvaltningsorgan som fattar vedtak i saker som gjeld elevar sitt psykososiale skulemiljø. I tillegg er det slik at svært mange saker som gjeld elevar sitt psykososiale skulemiljø, også handlar om forhold som spesialundervisning, skuleskyss, skuleplassering, m.m. Alle desse sakene skal framleis behandlast av Fylkesmannen. Ein kan merke seg at i Sverige, der utvalet hentar dei fleste av løysingane frå, er klagebehandlinga ikkje lagd til Barnombudsmannen, men til eit nyoppretta Barn- och elevombud som ein del av Skolinspektionen. I Sverige har ein altså vald å behalde tilsyn og klagebehandling innanfor same organ, slik at den svenske Barnombudsmannen, som tilsvarer det norske Barneombudet, kan behalde ei rolle som advokat for barna. Utvalet legg til grunn at dagens klageordning er lite kjent av føresette og elevar, og brukar som eit argument for å leggje klagebehandlinga til Barneombodet at dette er meir kjent av elevar og føresette. Barneombodet opplyser sjølv at dei i 2014 mottok «ca. 400 saker og henvendelser», og dei meiner at dette er fleire saker enn fylkesmannsembeta mottok til saman. Fylkesmannen i Rogaland meiner det ikkje er grunnlag for å trekkje ein slik konklusjon. Utvalet opplyser på s. 246 at talet på klagesaker hos Fylkesmennene sidan 2011 har vore ca. 100 per år nasjonalt. I 2013 var talet 126 på landsbasis, og i Utdanningsdirektoratet si oppsummering av årsrapportane frå fylkesmennene går det fram at talet for 2014 var134. Her må ein hugse på at dette er saker som først har vore gjennom behandling i skulen og kommunen, og deretter klagebehandla hos Fylkesmannen. Fylkesmannen i Rogaland vil derfor peike på at talet på foreldre/føresette som tar kontakt med Fylkesmannen om saker som gjeld elevar sitt psykososiale miljø, er høgare enn det som utvalet legg til grunn for sitt arbeid. Berre til no i år har Fylkesmannen i Rogaland registrert 15 slike «henvendelser» som kunne ha blitt registrert i talmaterialet utvalet legg til grunn. Tar ein utgangspunkt i at fylkesmannsembeta samla får dobbelt så mange «henvendelser» som klagesaker i tillegg til dei klagesakene som faktisk blir behandla, vil det innebere at fylkesmennene får like mange saker og «henvendelsar» som Barneombodet. Fylkesmannen i Rogaland meiner utvalet på dette punktet ikkje har analysert talmaterialet godt nok når dei brukar dette som eit viktig argument for å leggje klagebehandlinga til Barneombodet. Fylkesmannen i Rogaland vil halde fram at fylkesmennene gjennom oppgåvene knytte til informasjon og rettleiing, klagebehandling og tilsyn, har opparbeidd god kompetanse om arbeidet med elevane sitt psykososiale miljø. Utvalet foreslår i ny 9A-11 at «Kongen skal oppnemne ei særskild klagenemnd for å behandle klagar på vedtaka til Barneombodet etter 9A-10». Det går ikkje fram av lovforslaget om skulen/skuleeigar har klagerett på Barneombodet sitt vedtak. Dette er ikkje tilstrekkeleg utgreidd frå utvalet si side. Om samanhengen mellom tilsyn og klagebehandling Utvalet si utgreiing inneber at Fylkesmannen framleis skal vere tilsynsmynde i saker som gjeld elevane sitt psykososiale miljø. Fylkesmannen i Rogaland meiner at det er uheldig å dele Side 3 av 5

klagebehandlinga og tilsynsverksemda slik utvalet foreslår. Tilsyn skal gjerast med utgangspunkt i risikovurdering, og kjennskapen til klagesaker, til behandlinga av sakene og til dei vurderingane skolen og kommunen gjer i samband med slike saker, utgjer ein vesentleg del av grunnlaget for ei forsvarleg risikovurdering. Etter vårt syn inneber ei deling at det blir svært krevjande å sikre nødvendig informasjons- og erfaringsdeling mellom Barneombodet og Fylkesmannen. Sjølv om utvalet peikar på kor nødvendig det vil vere med tett samarbeid, vil til dømes reglar om teieplikt kunne leggje hindringar i vegen for kommunikasjonsutvekslinga. Dessutan vil alltid informasjonsstraumen flyte lettare innanfor same organet enn mellom to ulike organ. I merknader til 9A-10(5) heiter det at «Utdanningsdirektoratet vil ikke bli informert om taushetsbelagt informasjon, men få kjennskap til at ombudet har fått inn saker innenfor deres område som er alvorlige eller gjentatte, og som de bør kjenne til for sin områdeovervåkning.» Fylkesmannen vil i alle tilfelle som tilsynsmynde kunne krevje innsyn i skolen sine saksdokument etter kommunelova sine reglar. Vi meiner regelverket bør leggje til rette for god utveksling av informasjon i desse sakene dersom Barneombodet og fylkesmannsembeta skal inneha dei roller utvalet har foreslått, med tanke på best mogleg opplysning av tilsynssaker. Fylkesmannen fører i nokre tilfelle risikobaserte tilsyn på bakgrunn av situasjonen for enkeltelevar. Det kan føre med seg utfordringar dersom Barneombodet kjem inn etter at Fylkesmannen alt har behandla saka som tilsynssak. Her meiner vi det er behov for avklaring av roller og oppgåver. Om sanksjonar Utvalet foreslår at det bør vere heimel for å «ilegge administrative sanksjoner og reaksjoner i forbindelse med både tilsyn og klagesaker knyttet til kapittel 9a». Utvalet foreslår også at det «bør også lovfestes en ordning med oppreisning for ikke-økonomisk tap på grunn av skoleeierens mangelfulle oppfølging». Fylkesmannen i Rogaland vil peike på at heimel for sanksjonar også kan innførast dersom det blir konkludert med at Fylkesmannen framleis skal ha rolla som klageinstans. Kapittel 20 Forsking Det går fram av NOU-en at «det arbeidet som må gjøres med skolens psykososiale miljø, må være forskningsbasert». Det går vidare fram at «utvalget har i sitt arbeid merket seg at det er forsket lite på enkelte områder som har stor betydning for skolens arbeid med det psykososiale miljøet». Fylkesmannen i Rogaland vil i denne samanhengen peike på det grunnleggande og viktige arbeidet som blir gjort i barnehagane, og at det er behov for forsking som kan sjå på samanhengen mellom barn sitt psykososiale miljø i barnehagane og elevane sitt psykososiale miljø i skulen. Elles vil vi også nemne at det etter vårt syn også bør vere reglar i barnehagelova om eit trygt psykososialt miljø, jf, framlegg i NOU 2012:1 Til barnas beste - ny lovgivning for barnehagene. Kapittel 21 Inkluderande skule ei ny statleg satsing Utvalet skisserer i kapittel 21 innretninga på og innhaldet i ei ny statleg satsing for eit trygt psykososialt miljø. Det går fram at sentrale innsatsområde i denne satsinga er «skolebasert kompetanseutvikling med lærende nettverk, målrettede tiltak for å fremme trygge psykososiale skolemiljøer og forebygging, håndtering og oppfølging av krenkelser, mobbing, trakassering og diskriminering, involvering av elever og foreldre, og økt regelverkskompetanse og etterlevelse». Fylkesmannen i Rogaland si oppfatning er at dette er sentrale og viktige område i arbeidet med å sikre elevane eit trygt psykososialt miljø. Fylkesmannen i Rogaland vil også understreke, slik også utvalet gjer, at for å ha kapasitet til ei slik storskalasatsing retta mot desse innsatsområda, må det statlege og det kommunale støttesystemet styrkast og ansvars- og oppgåvefordelinga tydeleggjerast. Vi vil særleg peike på at PP-tenesta må bli sett i stand til å bli ein sentral aktør i saker som gjeld elevane sitt psykososiale miljø, jf. utvalet sitt forslag i kapittel 17 om at PP-tenesta sitt mandat blir foreslått endra slik at arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling blir knytt til opplæringa og det psykososiale miljøet til alle elevar, og ikkje berre til elevar med særlege behov. Fylkesmannen i Rogaland vil i tillegg understreke at den statlege satsinga på ein inkluderande skule også må omfatte skuleeigarnivået. Side 4 av 5

Med helsing Magnhild Meltveit Kleppa fylkesmann Sølvi Ona Gjul utdanningsdirektør Dokumentet er elektronisk godkjent og har derfor ikkje underskrift. Saksbehandlar: Hjalmar Arnø Saksbehandlar telefon: 51568741 E-post: hjalmar.arno@fylkesmannen.no Side 5 av 5