Sakshandsamar, innvalstelefon Håvard Rød, 5557 2143 Vår dato 19.04.2016 Dykkar dato 13.04.2016 Vår referanse 2016/3762 331.1 Dykkar referanse Odda kommune, Opheimsgata 31, 5750 Odda ODDA KOMMUNE - BUDSJETT OG ØKONOMIPLAN Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015. Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60. Etter 15 i forskrifter om årsbudsjettet skal årsbudsjettet, slik det er vedteke av kommunestyret, liggja føre som eige dokument innan 15. januar. Økonomiske oversyn må vera utarbeidd innan 1. mars i budsjettåret. Etter kommunelova 45 tredje punkt skal innstillinga til årsbudsjett ha vore lagt ut til offentleg gjennomsyn i minst 14 dagar før handsaming i kommunestyret. Det er lagt opp til auke i skatteøyret for kommunane frå 11,35 prosent i 2015 til 11,8 prosent i 2016. Frie inntekter Kommunen har budsjettert med kr. 200,4 mill. i skatt på eige og inntekt for 2016. I dette beløpet inngår det naturressursskatt med kr. 36,0 mill. I 2015 var det ein samla skatteauke for kommunane i landet på 6,0 prosent. Det er i statsbudsjettet rekna med ein skatteauke for kommunane frå 2015 til 2016 med 6,0 prosent. Kommunen sitt skattenivå i 2015 var 110,5 prosent av landsgjennomsnittet. I rammeoverføring til kommunane er det symmetrisk inntektsutjamning. Kommunar med skattenivå over landsgjennomsnittet får eit trekk i 2016 tilsvarande 60 prosent av differansen mellom eige skattenivå og landsgjennomsnittet. Kommunar med skattenivå under landsgjennomsnittet får kompensasjon i 2016 tilsvarande 60 prosent av differansen mellom landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunar med skattenivå under 90 prosent av landsgjennomsnittet får også tilleggskompensasjon tilsvarande 35 prosent av differansen mellom 90 prosent av landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunen sine frie inntekter består av ordinær skatt og statleg rammeoverføring, medrekna inntektsutjamning. Sum frie inntekter er budsjettert til kr. 386,6 mill. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Kommunal- og samfunnsplanavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Inntektsprognosen for 2016 er no oppdatert med endelege innbyggjartal per 01.01.2016 og innkomen skatt i 2015. Grunnlaget for inntektsutjamninga vil vere innbyggjartal per 01.01. 2016. For innbyggjartilskot og utgiftsutjamninga med aldersfordeling er grunnlaget innbyggjartal per 01.07.2015. Dei frie inntektene er ikkje budsjetterte for høgt samanlikna med førebels inntektsprognose. Det vil vere ei uvisse knytt til skatteutviklinga i år både lokalt og nasjonalt. Kommunen vil gjere ei nærare vurdering av utviklinga i dei frie inntektene etter første tertial i år. Eigedomsskatt Det er budsjettert med kr. 77,4 mill. i eigedomsskatt for 2016. Eigedomsskatten for 2016 er vedteke med sju promille på verk og bruk. Innkomen eigedomsskatt i 2015 var kr. 78,5 mill. Pris og kostnadsvekst Den samla pris- og kostnadsveksten i kommunane (kostnadsdeflatoren) er i statsbudsjettet 2,7 prosent. I dette inngår pårekna lønsvekst også med 2,7 prosent. Avdrag I økonomireglane er det gitt minimumskrav for storleiken på årlege avdrag. Etter kommunelova 50 sjuande ledd kan attståande løpetid for kommunen si samla gjeldsbyrde ikkje overstiga den vegde levetida for kommunen sine anleggsmidlar ved det siste årsskiftet. Kommunelova set eit minstekrav til totale årlege låneavdrag for kommunane. Fylkesmannen tilrår kommunen at dei årlege ordinære avdraga bør utgjere fire prosent av lånegjelda slik at gjennomsnittleg avdragstid på lånegjelda er 25 år. Det er budsjettert med kr. 22,5 mill. i ordinære avdrag. Dei budsjetterte avdraga i 2016 utgjer om lag fire prosent av lånegjelda ved utgangen av 2015. Det er i samsvar med det vi tilrår kommunen som nivå for ordinære avdrag. Driftsresultat Kommunelova 46 punkt 6 legg til grunn at det blir budsjettert med eit driftsresultat som minst er tilstrekkeleg til å dekke renter, ordinære avdrag og nødvendige avsetjingar ( inkl. inndekning av underskot ). Paragraf 3 i forskriftene om årsrekneskapen presiserer nærare det driftsrekneskapen og investeringsrekneskapen skal omfatta. Som hovudregel må til dømes ei inntekt og innbetaling som ikkje er ordinær bli ført i investeringsrekneskapen. Kommunane er i tidlegare år tilrådd å ha eit netto driftsoverskot i prosent av driftsinntektene på minst tre prosent, basert på prinsippet om formuebevaring. Momskompensasjon frå investeringar har til og med 2013 vore inntektsført i driftsrekneskapen. Frå og med 2014 blir momskompensasjonen frå investeringar i staden inntektsført direkte i investeringsrekneskapen. 2
På denne bakgrunnen reduserte Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi i rapporten sin frå november 2014 det tilrådde nivået for netto driftsoverskot, i prosent av driftsinntektene, frå tre prosent til 1 ¾ prosent for kommunane generelt. (For fylkeskommunane er det tilrådd eit høgare nivå som følgje av ansvar for tidlegare riksvegar). Fylkesmannen si vurdering er at netto driftsoverskot bør vere noko høgare enn 1 ¾ prosent av driftsinntektene for å kunne handtere svingingar i inntektene og for å ha stabilitet i tenestene. På bakgrunn av kommunen sine høge inntekter frå eigedomsskatt og naturressursskatt bør kommunen ha eit relativt høgt netto driftsoverskot. Kommunestyret har vedteke ei målsetjing om eit netto driftsoverskot på seks prosent av driftsinntektene. Vi vurderer dette som eit føremålstenleg nivå for kommunen på bakgrunn av kommunen sine høge inntekter. Kommunen har eit netto driftsoverskot i rekneskapen for 2015 med kr. 51,9 mill. Etter overføring til investeringsrekneskapen og netto avsetjing er det eit mindreforbruk i rekneskapen for 2015 med kr.7,0 mill. Netto driftsoverskot for 2015 utgjer 6,2 prosent av driftsinntektene og oppfyller målsetjinga som er lagt til grunn. Netto driftsoverskot i budsjettet er om lag kr. 11,9 mill. og utgjer knapt 1,6 prosent av driftsinntektene. Netto driftsoverskot er i hovudsak planlagt nytta til driftsfinansiering av investeringar. Det er lagt opp til noko styrking av disposisjonsfond i 2016. Netto driftsoverskot i budsjett 2016 er vesentleg lågare enn den nemnde målsetjinga på seks prosent av driftsinntektene. Kommunen bør ha eit høgare netto driftsoverskot enn 1,6 prosent av driftsinntektene, som i vedteke budsjett, på bakgrunn av kommunen sine høge inntekter. Vi tilrår at kommunen legg dette til grunn i planlegginga for dei komande åra. Investering, lånegjeld og kapitalutgifter I 2016 er det planlagt brutto investeringar for til saman kr. 87 ½ mill. Dei største investeringane er innan vatn og avlaup. Dei største investeringane elles er i nye omsorgsbustader Eide, Skare barnehage og i sikring mot ras. Eigenkapitalinnskot KLP er budsjettert med kr. 1,9 mill., som i samsvar med regelverket blir finansiert utan bruk av lån. Det er gjort vedtak om låneopptak til investeringar med til saman kr. 46 mill. til følgjande føremål: Vatn Avlaup Renovasjon Nye omsorgsbustader Eide kr. 10 mill. kr. 25 mill. kr. 3 mill. kr. 8 mill. Dette er låneopptak til investeringar som skal vere sjølvfinansierande med auka inntekter. Det vil seie avgifter eller leigeinntekter. 3
Budsjettert bruk av lån til finansiering av investeringar er kr. 68,5 mill. Høgare bruk av lån enn låneopptak (kr. 46 mill.) skuldast planlagt bruk av unytta lånemidlar til etterslep på investeringar innan VAR - sektoren. Vi har rekna ordinær langsiktig gjeld per 31.12.2014 for kommunane samla i fylket, utanom Bergen, til kr. 69.840,- per innbyggjar. I dette talet er ikkje pensjonsforplikting medrekna. Det tilsvarande talet for kommunen er kr. 76.212,-. Det generelle gjeldsnivået for kommunane i landet har auka og nivået må bli vurdert som høgt. Kommunane samla i fylket, utanom Bergen, har eit gjeldsnivå som ligg noko høgare enn landsgjennomsnittet. Landsgjennomsnittet si langsiktige lånegjeld ved utgangen av 2014 var kr. 65.503,- per innbyggjar. Pensjonsforplikting er ikkje medrekna. Kommunen si brutto lånegjeld ved utgangen av 2015 er rekna til om lag kr. 554,6 mill., eller kr. 80.034,- per innbyggjar. Kommunen har høg lånegjeld samanlikna med andre kommunar. Det høge gjeldsnivået gjer at kommunen er sårbar for blant anna ein svikt i inntektene eller eit høgare rentenivå. Det er difor viktig at kommunen avgrensar nye lån til investeringar som er sjølvfinansierande gjennom avgifter eller leigeinntekter. Andre investeringar bør bli finansierte utan bruk av lån. Dettte bør vere ei øvste ramme for kor mykje kommunen tek opp i årlege lån. Sjølv om kommunen følgjer denne handlingsregelen for låneopptak, vil kommunen likevel framleis ha høg lånegjeld. Kommunen bør difor vurdera ytterlegare tiltak for å unngå for høgt gjeldsnivå. Disposisjonsfondet er blitt styrka frå om lag kr. 39,4 mill. ved utgangen av 2014 til om lag kr. 59,3 mill. ved utgangen av 2015. Det er lagt opp til å styrka disposisjonsfondet noko i år. Disposisjonsfondet vil med dette bli på noko over kr. 60 mill. Det kan vere tilstrekkeleg høgt. Vi tilrår difor for dei komande åra i staden å prioritera meir driftsfinansiering av investeringar jf. det høge gjeldsnivået. Oppsummering Netto driftsoverskot i budsjett 2016 er lågt. Kommunen bør framleis ha målsetjing om eit netto driftsoverskot på seks prosent av driftsinntektene. Vi tilrår at kommunen legg det til grunn i planlegginga for dei komande åra. Kommunen har høg lånegjeld samanlikna med andre kommunar. Det høge gjeldsnivået gjer at kommunen er sårbar for blant anna svikt i inntektene eller eit høgare rentenivå. Når disposisjonsfondet no kjem opp på eit akseptabelt høgt nivå, bør kommunen prioritera meir driftsfinansiering av investeringane for å dempa nivået på lånegjelda. 4
Med helsing Lars Sponheim Rune Fjeld ass. fylkesmann Brevet er godkjent elektronisk og har difor inga underskrift Gjenpart : Indre Hordaland revisjonsdistrikt, Postboks 274, 5702 Voss Hordaland fylkeskommune, Sekretariat for kontrollutval, Postboks 7900, 5020 Bergen 5