Arthropoda: Insecta: Siphonaptera - lopper av Bjørn Gjerde 2007-2014 Bjørn Gjerde 1
Lopper Orden: Siphonaptera Små, vengjelause insekt; 1,5-4 mm lange. Kroppen er sterkt samantrykt frå side til side (smal kropp). Kraftige bein, bakre beinpar er hoppebein. Kraftig, mørkebrun kutikula med mange hår og piggar. Stikkande munndelar. Antennane er korte og kølleforma, og ligg i groper lateralt på hovudet. Kan vera kamliknande strukturar (rekkje med piggar kalla ctenidium) på kinnet (genu) og/eller på dorsalplata på fyrste brystledd (pronotum), dvs. genalt og/eller pronotalt ctenidium. Førekomst og talet på piggar i desse kamstrukturane er viktige i artsdiagnostikken. 2007-2014 Bjørn Gjerde 2
Lopper morfologi 2007-2014 Bjørn Gjerde 3
Lopper morfologi Ctenocephalides felis hann; ho; ventralside av ho (smal kropp) 2007-2014 Bjørn Gjerde 4
Lopper morfologi ulik førekomst/utforming av ctenidia hos ulike arter Ctenocephalides canis 2007-2014 Bjørn Gjerde 5
Lopper - levevis Dei vaksne loppene er blodsugande ektoparasittar (kapillær eller blodpølsugarar). Dei fleste loppeartene finst hos dyreslag som har reir, hi eller bol (fugl, gnagarar, rovdyr). Hos desse vertsdyra kan loppene trygt forlata verten, av di verten stadig kjem tilbake til same stad. Dei fleste artene er temporære ektoparasittar og oppsøkjer verten berre for å suga blod. Elles lever dei i nærmiljøet til dyret. Ctenocephalides felis (katteloppa) og Ct. canis (hundeloppa) er derimot tilnærma stasjonære ektoparasittar, som lever heile sitt vaksne liv i pelsen til katt og/eller hund. Loppene er lite vertsspesifikke når det gjeld blodsuging, men må gjerne ha blod frå spesielle dyreslag for å kunna reprodusera optimalt. Ulike arter føretrekkjer difor bestemte vertsdyr. 2007-2014 Bjørn Gjerde 6
Lopper - livssyklus Utviklinga er holometabol (a) Holoppene legg egg, som klekkjer etter nokre dagar. (b) Det er tre larvestadium (2-5 mm lange), som lever av organisk materiale utanfor dyra (er altså ikkje parasittiske). (c, d) Det tredje larvestadiet spinn ein kokong (d) rundt seg og forpuppar seg inni kokongen som ei fri puppe (c). (e) Etter fullstendig metamorfose kjem så ei ny vaksen loppe fram av kokongen. Ferdig utvikla lopper kan liggja inni kokongen i lang tid i påvente av dei rette stimuli (trykk, vibrasjonar, CO 2, varme), som signaliserer at ein potensiell vert er i nærleiken. Utviklingstida blir dermed svært variabel. Somme arter overvintrar som ferdigutvikla, uklekte lopper. 2007-2014 Bjørn Gjerde 7
Lopper livssyklus Katteloppa; egglegging, egg, larve 2007-2014 Bjørn Gjerde 8
Lopper skadeleg effekt Blodsuginga fører til blodtap og utvikling av allergiske reaksjonar mot komponentar i loppespyttet. Kløe og sekundære hudskadar. Dermatitt pga. loppestikksallergi er vanleg hos katt og hund smitta av katteloppa. Hos yngre dyr kan blodtapet føra til anemi (m.a. hos mink plaga av fugleloppa, Ceratophyllis gallinae. Somme arter er vektorar for andre mikro-organismar. Ctenocephalides felis og Ct. canis er mellomvertar for bendelormen Dipylidium caninum hos hund og katt. Rotteloppa Xenopsylla cheopsis er vektor for bakterien Yersinia pestis, som er årsak til pestsjuke (svartedauden). 2007-2014 Bjørn Gjerde 9
Lopper førekomst hos husdyr I Noreg finn vi lopper fyrst og fremst på hund, katt, pelsdyr og høns. Hos hund og katt har den vanlegaste loppa hittil vore fugleloppa Ceratophyllus gallinae, men katteloppa Ctenocephalides felis er no relativt vanleg hos hund og katt i heile Sør-Noreg. Elles har hund og katt lopper frå mus, rotte, grevling, ekorn og piggsvin. Dette er som regel eit kortvarig problem, som kan gå over av seg sjølv utan behandling. Katteloppa Ctenocephalides felis og hundeloppa Ct. canis er vanskelege å bekjempa fordi dei vaksne loppene lever permanent i pelsen til verten og kontaminerer nærmiljøet til dyret med egg, som etter kvart utviklar seg til larver og nye lopper. Utrydding av katte- og hundeloppa krev omfattande miljøtiltak (støvsuging, vasking eller nedfrysing av klede) og langvarig behandling av dyra. Katte- og hundeloppa kan opptre hos hund og katt heile året; fugleloppa vesentleg i april/mai, og piggsvinloppa særleg i august/september. 2007-2014 Bjørn Gjerde 10
Lopper aktuelle arter Familie Slekt Art Vert Pulicidae Pulex P. irritans Menneske Ctenocephalides C. canis Hund, (rev) C. felis Katt, hund Archeopsylla A. erinacei Piggsvin, (hund, katt) Vermipsyllidae Chaetopsylla Rev, grevling, bjørn, (hund) Leptopsyllidae Leptopsylla L. segnis Husmus, (katt) Ceratophyllidae Ceratophyllus C. gallinae Fugl, høns, (menneske, hund, katt) Monopsyllus M. sciurorum Ekorn, (mink) Nosopsyllus N. fasciatus Rotte, (katt) Tarsopsylla T. octodecimdentata Ekorn, (katt) Paraceras P. melis Grevling, (hund, katt) 2007-2014 Bjørn Gjerde 11
Ctenocephalides felis katteloppa Mikroskopisk preparat av holoppe; loppe i pelsen til katt dei svarte partiklane er blod som har gått gjennom loppene 2007-2014 Bjørn Gjerde 12
Arthropoda: Crustacea - krepsdyr Dei fleste krepsdyr er marine, men også mange arter i ferskvatn. Ei mindre gruppe av krepsdyr, skrukketrolla (underorden Oniscoidea) lever i eit fuktig miljø på land, mellom anna arta Oniscus asellus (skrukketroll). Krepsdyra omfattar tusenvis av arter, og mange av desse er tilpassa eit parasittisk levevis. Vertsdyr er ulike akvatiske organismar, spesielt fisk. Somme parasittiske arter ser framleis ut som typiske krepsdyr. Dei er gjerne ikkje så fast bundne til verten og kan sømja fritt omkring. Andre parasittiske krepsdyr er permanent festa til verten, og desse kan vera så sterkt omdanna, m.a. gjennom bortfall av ytre lemmer, at det er vanskeleg å sjå at dei tilhøyrer krepsdyra. Mange frittlevande krepsdyr (Copepoda hoppekreps) fungerer som mellomvertar for bendelorm (Pseudophyllida) og rundorm (Anisakidae) hos fisk, fugl og pattedyr. 2007-2014 Bjørn Gjerde 13
Copepoda: Lepeophtheirus salmonis - lakselus Hos laksefisk i saltvatn, særleg hos laks og sjøaure. Den viktigaste parasitten hos norsk oppdrettslaks. Fører til store tap/kostnader. Kroppen inndelt i 4 regionar: ein oval, avflata cephalothorax med to par antenner, to par maxillar, eitt par maxillipedar, munnopning og tre beinpar; eit lite segment med fjerde beinpar; eit genitalsegment, som er mykje større hos hoa enn hos hannen; og bakerst abdominalsegmentet, som endar i to utvekstar som blir kalla halevifta. Vaksne, kjønnsmodne hoer kan bli 8-12 mm lange og dannar to opptil 10 mm lange eggstrenger ut frå genitalsegmentet. Hannane er 5-6 mm lange. 2007-2014 Bjørn Gjerde 14
Lepeophtheirus salmonis livssyklus Utvikling: egg - nauplius 1 og 2, copepoditt (infektiv) - chalimus 1, 2, 3 og 4 - preadult 1og 2 (hann/ho) adulte (hann/ho). Utviklingstid: 40-60 dagar. 2007-2014 Bjørn Gjerde 15
Lepeophtheirus salmonis morfologi, skade Vaksen hann og ho; ho med eggstrenger; skade på fisk 2007-2014 Bjørn Gjerde 16
Lepeophtheirus salmonis lakselus Lakselusa (preadulte og adulte) lever av epitelceller, blod og vevsvæsker (lymfe, slim), og fører til auka slimproduksjon hos verten, slik at parasitterte parti blir grålege. Ved sterke åtak et lakselusa seg gjennom epitelet og lagar store erosjonar i huda i nakkeregionen. Dei kan også eta seg vidare ned gjennom muskulatur til skalletaket blir frilagt. Sterkt parasittert fisk får problem med osmoreguleringa, taper blod og vevsvæske og dermed protein, misser matlysta og magrar av. Det kan også bli sekundære bakterie- og soppinfeksjonar i hudskadane. Sterkt parasittert fisk kan stryka med, medan fisk med moderate sårskader får redusert salsverdi. 2007-2014 Bjørn Gjerde 17
Lernaeocera branchialis gjellelus Hoa er sterkt omdanna og tilpassa eit parasittisk levevis. Den S- forma kroppen sit på gjellene til torskefisk, men den lange og tunne halsen med hovudet strekkjer seg gjennom blodkar heilt inn i hjertet. 2007-2014 Bjørn Gjerde 18
Branchiura (fiskelus): Argulus Argulus coregoni (den store fiskelusa) er opptil 12 mm lang og finst på huda til ferskvassfisk, m.a. laksefisk, på Austlandet og i Trøndelag. 2007-2014 Bjørn Gjerde 19
Pentastomida (femmunnar) Avlange, makkeliknande, ytre segmentering. Særkjønna. Har ei U-forma munnopning omgjeven av fire spalteforma hudlommer med kvar sin kitinhake. Ser ut som dei har fem munnar. Uklar systematisk plassering Hadde lenge status som ei separat rekkje (phylum). Blei deretter rekna som ein klasse i rekkja Arthropoda fordi somme data indikerte at dei var nært i slekt med underklassen Branchiura blant krepsdyra. Nyare funn, inkludert molekylære data frå nokre få arter, indikerer at Pentastomida er ei overgangsgruppe mellom Arthropoda, Nematoda og Nematomorpha, og dei blir no av enkelte på nytt rekna som ei separat rekkje. Gruppa omfattar ca. 145 kjende arter (http:// www. repository. naturalis. nl/ document/ 479759) 2007-2014 Bjørn Gjerde 20
Pentastomida (femmunnar) Alle kjende pentastomidar er obligate parasittar Dei vaksne lever i respirasjonstraktus (nasehole, sinus, trakea, lunger, luftsekker hos fugl) hos vertebratar, vesenleg hos krypdyr, men også hos amfibiar, fugl og pattedyr. Egg blir utskilt til miljøet via naseslim/spytt eller avføringa. Dei fleste har ein indirekte syklus med fleire larvestadium (også kalla nymfer) hos sine mellomvertar (insekt, fisk, krypdyr, amfibiar, pattedyr) Dei fleste arter finst hos dyr i tropiske område 2007-2014 Bjørn Gjerde 21
Pentastomida: Linguatula serrata Pentastomidar i slekta Linguatula blir kalla tungeorm pga. dei vaksne si tungeliknande form Vaksne hannar (18-20 mm) og hoer (opptil 130 mm) av Linguatula serrata lever i naseholene og frontalsinus til hund, rev og andre hundedyr (endevertar) Mellomvertar er sau, geit, storfe, kamel, hest, gris, kanin, mus og rotte (av og til menneske). Etter smitte med egg som inneheld ei primærlarve skjer det ei utvikling via fleire larvestadium til infektiv terminallarve/nymfe (4-6 mm lang) i bryst- og bukholeorgan (særleg i krøslymfeknutane og levra). Endevertane blir smitta ved konsum av infiserte organ; vandring av nymfene frå tarmen via oesophagus til svelg og etablering i nasehole/sinus. Fører til ulike respirasjonssymptom, m.a. nysing og blodig naseflod. Hos menneske kan nymfene vandra opp til svelget og føra til ein allergisk betinga nasopharyngitt som ytrar seg som kløe i hals og nase. Finst ikkje stasjonært i Noreg, men er påvist hos hund importert frå endemiske område. 2007-2014 Bjørn Gjerde 22
Pentastomida: Linguatula arctica Vaksne hannar (4 cm) og hoer (8-15 cm) av Linguatula arctica lever i nasehola og biholene hos rein ( reinens biholemakk ). Livssyklusen ser ut til å vera direkte utan bruk av mellomvert. Smitta dyr skil ut egg via nasesekret og avføring, og egga blir truleg tekne opp via kontaminert vegetasjon i beiteperioden om sommaren. Kanskje vandring via blodet til nase-/biholer. Vaksne individ utviklar seg særleg hos kalv/ungdyr under/etter første sommarbeiteperiode. Er vanleg hos rein i Nord-Noreg, vesentleg hos 4-24 mnd. gamle dyr. Eldre dyr ser ut til å bli immune mot ny infeksjon. Dei vaksne kan føra til auka slimutskiljing gjennom nasa og nysing og hoste. Hos enkelte dyr kan det bli ein kraftig sinusitt. Er genetisk nært i slekt med L. serrata: http://link.springer.com/article/10.1007%2fs00436-013-3534-9 2007-2014 Bjørn Gjerde 23
Linguatula serrata og Linguatula arctica vaksne hoer av L. serrata frå hund (foto: anonym) og L. arctica frå rein (foto: Terje D. Josefsen) 2007-2014 Bjørn Gjerde 24