HORDALAND FYLKESKOMMUNE



Like dokumenter
Vår ref.: Dykkar ref.: Bergen, 18. april /JJME

Lokal arbeidstidsavtale 2016/2017

Avtalen er heimla i Hovudavtalen del A 4-5 og protokoll KS 25. august 2006.

Ikrafttredelse: Sentrale forbundsvise særavtal Nummer: 2214 Utstedelse:: Utsteder: KS

Forslag til mal for lokal særavtale for undervisningspersonale

ved underskriften: Marianne Aurstad Herluf Griiner Martinus Sæther

Lokal avtale om arbeidstid for undervisningspersonalet i Tingvoll kommune gjeldende fra

Særavtale for undervisningspersonalet. folkehøgskolen

SFS 2213 Arbeidstidsavtalen for undervisningspersonalet i kommunal og fylkeskommunal grunnopplæring

Arbeidstid Dagskurs for tillitsvalgte 4.desember Aina Skjefstad Andersen

SFS 2213 Undervisningspersonalet i kommunal og fylkeskommunal grunnopplæring

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

Særavtalar undervisningspersonale. Utdanningsforbundet Hordaland september 2011

SFS 2213 Arbeidstidsavtalen for undervisningspersonalet i kommunal og fylkeskommunal grunnopplæring

Arbeidsavtale, arbeidstidsavtale, arbeidsplan? SL kurs 1.November Matz Antonsen HTV SL Akershus

SFS 2213 Arbeidstidsavtalen for undervisningspersonalet i kommunal og fylkeskommunal grunnopplæring

Særavtalar undervisningspersonale. Utdanningsforbundet Hordaland september 2008

ak:! 1 t j g Doknr.: PROTOKOLL Tor Grønvik Bjørn Sævareid

SFS 2213: Undervisningspersonalet i kommunal og fylkeskommunal grunnopplæring Sentral avtale

Bergen Lokal arbeidstidsavtale for lærere i grunnskolen i Bergen kommune, skoleåret 2012/2013

Det er inngått avtale mellom skoleeigar og organisasjonane om å nytte Sentral avtale i SFS 2213, som

Arbeidsreglement Sund kommune

Arbeidsplaner. Døme på informasjonsopplegg frå Utdanningsforbundet v/asbjørn Karlsen

Lærarane har for lite makt over eiga arbeidstid blir pålagde arbeid som ikkje er undervisningsrelatert, har for mange delegerte oppgåver

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,

B-05/06: Tariffoppgjøret SFS 2213 undervisningspersonalet i kommunal og fylkekommunal grunnopplæring (B-05/06)

30 oppgave 7: Ferieloven, 60 år og ferie

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Innspill til forhandlinger med HSH om ny arbeidstidsavtale for undervisningspersonale i folkehøgskolen

Særavtalar undervisningspersonale. Utdanningsforbundet Hordaland, februar 2016

Arbeidsreglement. Tilsetjing. Arbeidsavtale. Legeattest

Vedtak FST Vere aktive og offensive i arbeide med implementering av SFS I skulering og all anna kontakt med lokale tillitsvalde legge

PRAKTISERING AV ARBEIDSTIDSAVTALEN INNHENTING AV INFORMASJON FRÅ REKTORAR OG TILLITSVALDE

Høyringsutkast. Merkantile tenester og merkantil struktur. Ved vidaregåande skular i Hordaland

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

SFS 2213 Særavtale for undervisningspersonalet i kommunal og fylkeskommunal opplæring. ATV-G-kurs mars 2013

Lokale arbeidstidsavtalar Seksjon grunnskole sin regionale skolering i Hordaland hausten 2007

Overtid for undervisningspersonale i grunnskolen. Seksjon grunnskole sin regionale skolering i Hordaland hausten 2007

KOMMUNAL VEILEDER ARBEIDSTIDSAVTALE FOR UNDERVISNINGSPERSONALE PR

Lov- og avtalesystemet

Arbeidsreglement Vedteke i kommunestyret , sak K 11/65

Arbeidsavtale Saltdal videregående skole

Lokale lønsforhandlingar i Førde kommune. 3. september 2014

sider Del II 2009_ :11 Side 16

ARBEIDSTID FOR LÆRERE

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

Kap. I KS Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon

Særavtalar undervisningspersonale. Utdanningsforbundet Hordaland, februar 2015

FAG- OG TIMEFORDELING

Oslo kommune Byrådsavdeling for finans TARIFFREVISJONEN 2016

Lov- og avtalesystemet

Preliminære forhandlinger 2018

Tilsetting og kompetansekrav

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGA

ARBEIDSTID FOR LÆRERE

SFS 2213, punkt 5 Arbeidstid

Velkommen til avtalekurs

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN

Fellesskolering i SFS 2213 Undervisningspersonalet i kommunal og fylkeskommunal grunnopplæring

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

SFS Undervisningspersonalet i kommunal og fylkeskommunal grunnopplæring

Permisjonsreglement: Vedteke av kommunestyret i k-sak 30/11 den Saknr. Arkivkode Dato AHE 11/

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

Skolering i SFS 2213 Undervisningspersonalet i kommunal og fylkeskommunal grunnopplæring

Rutine for oppfølgingsmøte:

1: SGS : SFS 2201, SFS 2206, SFS 2208

SFS 2213: Undervisningspersonalet i kommunal og fylkeskommunal grunnopplæring

Arbeidstidsavtale for undervisningspersonalet. v/nina Sandborg, leder av Juridisk kontor

Praktisering av Sentral avtale i SFS 2213, om oppbygging av årsverket og utarbeiding av arbeidsplanar

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunestyresalen Dato: Tid: 13:30

Fylkeskommunale styremedlemmer i private skular


Kommunen / fylkeskommunen / virksomheten

SFS Undervisningspersonalet i kommunal og fylkeskommunal grunnopplæring

ARBEIDSTID FOR LÆRERE

VEILEDER SFS Undervisningspersonalet i kommunal og fylkeskommunal grunnopplæring

Oslo kommune krav III Hovedtariffoppgjøret 2016

Prosedyre for handsaming og rangering av overtalige - pedagogisk personale ved dei vidaregåande skulane

Rettleiar for gjennomføring av undervisningsevalueringa ved dei vidaregåande skolane

RAMMEAVTALE mellom Allmennpraktiserande legar i fastlegeordninga i Vestnes

Særavtalar undervisningspersonale. Utdanningsforbundet Hordaland september 2009

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Læreravtaleverket. Lønns- og arbeidsvilkår for undervisningspersonalet. Steinkjer mars Per Remme, KS Forhandling

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

SÆRAVTALE OM ARBEIDSTID FOR UNDERVISNINGSPERSONALE I SKOLEVERKET

PROTOKOLL. Dato: og Sted: Kommunenes Hus Parter: KS og UNIO Sak: SGS Følge av pasient/klient/elev

Retningslinjer for fleksibel arbeidstid i Vadsø kommune

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

Saksframlegg. Trondheim kommune. SKOLEDAGENS LENGDE I GRUNNSKOLEN I TRONDHEIM Arkivsaksnr.: 06/22268

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

PERSONALHANDBOKA ARBEIDSREGLEMENT FOR FØRDE KOMMUNE

I brev med varsel om pålegg av fekk de frist til for å komme med kommentarar. Vi har motteke kommentarar frå dykk.

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Adresseføresegner, Sund kommune

Opplegg 3-timersøkt, lov- og avtaleverk

Transkript:

HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga Personalseksjonen Arkivsak 200901274-54/JJME Arkivnr. 202.52 Side 1 av 2 PROTOKOLL År 2009, den 3. juni vart det halde tingingsmøte mellom Hordaland fylkeskommune og Organisasjonane vedkomande arbeidstidsavtale for undervisningspersonalet. Heimel for tingingane er HTA og SFS2213. Til stades: Frå Hordaland fylkeskommune: Johan J. Meyer Anne Hjermann Jan Kåre Greve Frå Organisasjonane: Norsk lektorlag: Kåre Bjørndal Tekna: Geir Magne Haugland Siviløkonomene: Svein Ellingbø Nito: Kjell Rune Haugland Utdanningsforbundet: Anita Rose Bakke, Mildrid Kronborg Økland NSF: Eva Skoglund Strønen Skolenes Landsforbund: Ottar Skarstein MFO: Tore Johannessen Skolelederforbundet: Thor Eirik Haugstad, Oddbjørg Høgseth Fagforbundet: Monrad Reigstad Etter fellesmøte var partane samde om følgjande: 1. Partane er samde i at usemjeprotokollen datert 15. april 2009 og som skulle handsamast sentralt gjennom bistandsforhandlingar i mai månad vert lagt til side. Årsaka er at dei sentrale lønsforhandlingane har trekt ut i tid slik at eit eventuelt resultat av bistandsforhandlingane vil liggje føre for seint til at den nye avtalen kan realiserast i det komande skoleåret. 2. Partane er samde i at den lokale arbeidstidsavtalen for undervisningspersonalet i Hordaland fylkeskommune 2008 2009 (sjå vedlegg) vert prolongert og gjort gjeldande også for skoleåret 2009 2010. 3. Arbeidstidsavtalen for mellomleiarar i skoleverket for 2008 2009 (sjå vedlegg) vert prolongert og gjort gjeldane også for skoleåret 2009 2010 med ny overskrift som omfattar også fagskolen.

Protokollen er godkjend av Organisasjonane, og tilrådd av målsmennene frå Hordaland fylkeskommune. Bergen, 3. juni 2009 Frå Hordaland fylkeskommune Frå Organisasjonane tl5u-- -:J~\ ~~ Eva Skoglund Strønen &ft;y$~~ Ottar Skarstein c----, dma:rj( e~~ ~ horm Haug ad ~~11.5~ f/./'4.f; ~~'it~ft~~ Godkjend av fylkesrådmannen : Signatu- r ------{hi\ M ~ 2

Avtale om arbeidstid for undervisningspersonalet i Hordaland fylkeskommune Avtalen er heimla i Hovudavtalen del A 4-3 og SFS 2213. Avtalen gjeld for perioden 1.august 2008 til 31.juli 2009 Denne avtalen er forhandla fram på grunnlag av og erstattar dei lokalt utarbeidde avtaleutkasta omtala i referat frå den einskilde skole. Avtalen gjeld for undervisningsstillingane i dei vidaregåande skolane, Ulriken skolesenter og fagskolane i Hordaland fylkeskommune. 1. Årsverket Dei samla arbeidsoppgåvene for lærarane skal utførast innafor eit årsverk på 1687,5 timar (1650 timar for lærarar som er 60 år og eldre). Av årsverket er 38 veker samanfallande med elevane/studentane sitt skoleår. I tillegg vert avsett ei veke til kompetanseutvikling og planlegging m.m. 2. Inndeling av årsverket Lærarane får avsett tid til undervisning, anna arbeid med elever/studentar, samarbeid med kollegaer, for- og etterarbeid, samarbeid med føresette og instansar utanfor skolen, faglegadministrative oppgåver, kompetanseheving og andre planlagde aktivitetar med 1150 timar i vidaregåande opplæring og i fagskolane. Arbeidsplanfesta tid for Ulriken skolesenter er 1200 timar pr skoleår. Dette er arbeidsplanfesta tid der tid utover 38 veker ligg inne med 37,5 timar pr veke og tid til undervisning slik den kjem fram som årsramar i vedlegg til SFS 2213 og seinare endringar. For fagskolane gjeld protokoll KS 25.8 2006 med tilknyting til SFS 2213 og lesepliktane jf protokoll KUF 15. 30. juni 1999. Lærarane tek matpause og legg anna naudsynt pausetid innafor arbeidsplanfesta tid. Resten av årsverket vert disponert av læraren til individuelt for- og etterarbeid og fagleg ajourføring. 3. Arbeidsplanar Prinsipp vedkomande innhald, utarbeiding og endring av arbeidsplanar vert drøfta på den einskilde skole. Arbeidsplanen skal sikre den einskilde lærar rimeleg tid til dei oppgåver som følgjer direkte eller indirekte av undervisningsoppgåvene. Det skal være minimum to planperiodar. Den einskilde lærar sin arbeidsbelasting skal fordelast mest mogeleg jamt over planperiodane. Arbeidsgivar utarbeider arbeidsplan for den einskilde med grunnlag i tildelte arbeidsoppgåver. Dette vert gjort etter samtale med arbeidstakar som kan la seg assistere av sin tillitsvalte. Arbeidsplanane for læraren skal for skoleåret 2008/2009 innehalde spesifisering av minimum 50 timar til etter- og vidareutdanning som del av den arbeidsplanfesta tida. Den einskilde lærar sin arbeidsplan skal som eit minimum angi planfesta arbeidstid, inkludert undervisningstid, den einskilde dag. Dei ytre ramane for arbeidsplanen kan verta endra med varsel minst to veker før endringa skal skje med mindre kortare frist er avtalt med tillitsvalte som generell ordning, eller at dette er avtalt med den einskilde lærar. 3

Årsrama for undervisning kan etter avtale mellom den einskilde lærer og rektor verte redusert for at læraren skal kunne utføre andre arbeidsoppgåver i tilknyting til undervisninga. Vert læraren gjeve arbeidsoppgåver som medfører reduksjon i årsrama for undervisning, vert dette handsama i samsvar med føresegna i punkt 5. Arbeidsplanfesta tid vert fordelt med maksimalt 37,5 timar pr. veke og maksimalt 9 timar pr. dag innafor dei 39 vekene. Fast overtid kan avtalast for ei kortare eller lengre periode ved at årsrama for undervisningstid vert auka. Overtidsbetaling vert gjeve for det tal timer årsrama for undervisning er auka med. Pålagt arbeid ut over oppsett arbeidsplan, eller arbeidsplanar som overstig grensene for maksimalt nærvære, utløyser overtidsgodtgjering. 4. Seniortiltak Lærarar har rett til å få redusert årsrama for undervisning ( tida til teneste som kontaktlærar vert her rekna som undervisning) med inntil 5,8 % og 12,5 % frå starten av skoleåret i det kalenderåret dei fyller respektive 55 og 60 år. Reduksjonen i årsrama inneber ein omfordeling av arbeidsoppgåver innafor det ordinære årsverket. Den omfordelte tida vert nytta til pedagogisk arbeid og føreset å lette den einskilde lærar sin arbeidssituasjon. Den einskilde lærar disponerer denne tida innafor arbeidsplanfesta tid etter avtale med rektor. Denne tida kan også nyttast til for- og etterarbeid, for lærarar over 64 år er dette ein rett. Dersom den einskilde ikkje ønskjer å nytte heile eller delar av retten til reduksjon i årsrama skal dette gå klart fram av skriftleg avtale med den det gjeld. 5. Andre arbeidsoppgåver Har lærarar arbeidsoppgåver som fører til reduksjon i årsrama for undervisning, vert dette handsama på følgjande vis: a. Arbeidet vert utført i arbeidsplanfesta tid om ikkje anna vert avtala. b. Reduksjon for å utføre teneste som kontaktlærar, kontaktlærar for elevrådet/studentrådet og andre funksjoner der reduksjonen samla utgjer 15 % av årsrama for undervisning eller mindre, fører ikkje til endring i arbeidsplanfesta tid. c. Der reduksjonen utgjør undervisning tilsvarande 40 % av årsrama for undervisning eller meir, kan arbeidsplanfesta tid aukast inntil 1462,5 timar. d. For arbeidsoppgåver der det vert gjeve reduksjon i årsrama for undervisning som i storleik ligg mellom b og c, vert arbeidsplanfesta tid fastset med bakgrunn i føresegnene i b og c. e. Tildeling av andre oppgåver i samsvar med seniortiltaka, jf punkt 4, fører ikkje til auke i arbeidsplanfesta tid. f. Der reduksjonen utgjer undervisning tilsvarande 70 % av årsrama for undervisning eller meir, kan arbeidsåret verte auka inntil 40 veker. 6. Føresegner om tidsressursar 4

a) Byrdefull arbeidssituasjon Ressurs til lærarar med ein byrdefull arbeidssituasjon vert fastset til 2 årsrametimar per elev/ student ved den einskilde skole i vidaregåande opplæring/ fagskole. Fordeling av ressursen vert drøfta på den einskilde skole. Ved semje mellom partane på fylkeskommunalt nivå kan ressursen verte omfordelt mellom skoler/skolane. Tidsressursen skal nyttast til å lette læraren og/eller skoleleiaren sin arbeidssituasjon. Dette vert som hovudregel gjort ved reduksjon av talet på undervisningstimar. Den einskilde sin arbeidsbør kan og ved semje mellom partane verte letta ved å auke personaltettleiken og på dette viset tilpasse fordelinga av arbeidsoppgåver. b) Kontaktlærarteneste for elevane/ studentane Lærarar i vidaregåande opplæring/ fagskole som utfører teneste som kontaktlærar for elevane/ studentane vert gjeve ein tidsressurs på 4,69% for dette arbeidet. c) --- d) --- e) Rådgjevar i vidaregåande opplæring/ fagskolar På den einskilde skole vert det avsett minimum 38 årsrametimar pr. påbegynte 25 elevar/ studentar pluss 5 % av eitt årsverk til lærarar som utfører rådgjeving. f) Vaksenopplæring Der det er oppretta lokale funksjoner for kontaktlærar og/eller rådgjevar i vaksenopplæringa, vert det gjeve redusert undervisningstid i samsvar med føresegna i denne avtalen. g) --- h) Prosedyre ved krav om nye eller endra årsramar i fag i vidaregåande opplæring/ fagskolar Hordaland fylkeskommune nyttar dei årsramane som følgjer som vedlegg til SFS 2213 med seinare endringar forhandla mellom partane sentralt. For fagskolane gjeld protokoll KS 25.8 2006 med tilknyting til SFS 2213 og lesepliktane jf protokoll KUF 15. 30. juni 1999. Særskilt om skoleleiing 2.1 Årsverket Skoleleiarar har et netto årsverk på 1687,5 timar med arbeidstid på 37,5 timer pr veke i 45 veker. Leiarar som har undervisningsplikt som del av stillinga si, legg denne undervisninga inn i ordinær arbeidstid. Fordeling av oppgåver til leiing og eventuelle undervisningsoppgåver vert drøfta på den einskilde skole. Partane skal forhandle om ein ny spesifisert og meir detaljert arbeidstidsordning for skoleleiarane innan 20. juni 2008. 5

Arbeidstid og ferieavvikling for pedagogiske leiarar i vidaregåande skole og fagskolen HTA kap 1 6.1 har som utgangspunkt at pålagt arbeid utover den ordinære arbeidstid er overtidsarbeid. Regelen seier vidare at det For undervisningspersonalet gjelder egne arbeidstidsbestemmelser. Slike reglar om arbeidstid for undervisningspersonalet finn ein i SFS 2213 Undervisningspersonalet i kommunal og fylkeskommunal grunnopplæring (jf Lokal arbeidstidsavtale for undervisningspersonalet datert 30.mai og 31.oktober 2007). Desse vert nytta så langt dei høver for leiarane med pedagogisk bakgrunn. Normalarbeidstid for skoleleiarar Under SFS 2213 Diverse bestemmelser pkt 2.1 finn ein regelen om årsverket for skoleleiarar: Skoleledere har et netto årsverk på 1687,5 timer med arbeidstid på 37,5 timer pr uke i 45 uker. Ledere som har undervisningsplikt som del av stillingen sin, legger denne undervisningen inn i ordinær arbeidstid. Fordeling av ledelsesoppgaver og eventuelle undervisningsoppgaver drøftes på den enkelte skole. Avtalen slår fast at alle skoleleiarar; rektor, assisterande rektor, og alle fagleiarar inkludert avdelingsleiarar skal ha eins normal arbeidstid fordelt på 45 veker og med kontortid 37,5 timer pr veke utan omsyn til omfanget av administrativ ressurs. (Avtalen fastset talet på veker med bakgrunn i at normalarbeidsåret er 52 veker minus 5 veker ferie og minus maksimalt 10 bevegelege heilagdagar (2 veker) = 45 veker.) Om årsverket seier KS i B-rundskriv 5/2006 følgjande: For å unngå å komme i konflikt med lokale arbeidstidsordninger for lærerne, er nå bestemmelsen om komprimering av årsverket (ned til 41 uker) for skoleledere som har undervisning som del av sin stilling, tatt ut av avtalen. Dette betyr at komprimering av årsverket for skoleledere med tillagt undervisning, videreføres der dette anses hensiktsmessig, men nå etter nærmere avtale med arbeidsgiver. For skoleåret 2007/2008 gjeld følgjande: Skoleleiarar med undervisning kan ta ut avspaseringstid for denne delen av årsverket. 50% undervisning gjev såleis 2 veker avspasering (= 10 arbeidsdagar). Overtid for skoleleiarar Rektor er leiar definert i samsvar med HTA kap. 3 pkt 3.4.2. Hordaland fylkeskommune har bestemt at leiarar innan kapitel 3.4.2 i hovudsak ikkje er omfatta av føresegnene om overtid, jf HTA kap.1 6.3 andre leden. Deira særstilling går også fram av arbeidsmiljølova 10-2 der det klårt går fram at leiarar er unnateke arbeidstidsbestemmingane i lova. Eventuell pålagt overtid skal varslast i førehand av opplæringsdirektøren. Andre skoleleiarar er omfatta av hovudregelen i HTA kap. 1 6. Det er likevel viktig å presisere at regelen omfattar pålagt arbeid. Anna arbeid er omfatta av regelverket for fleksibel arbeidstid fleksitid. Fleksibel arbeidstid for skoleleiarar Mange skolar har i dag lokal avtale om avvikling av fleksitid. Som eit alternativ kan ein for tida nytte den same fleksitidsskjemaet som gjeld for opplæringsavdelinga. Ein tek sikte på å forhandle ferdig med organisasjonane ein avtale om fleksitid for skoleleiarar i løpet av våren. Ein slik avtale vil ikkje gjerast gjeldande før 1.august 2008. 6

Ferieavvikling for skoleleiarar Ferieavvikling er omhandla i HTA kap. 1 7 under 7.2: Undervisningspersonale avvikler hele den lovbestemte feriefritid (4 uker + 1 dag) sammenhengende i juli måned med avslutning siste virkedag i måneden, dersom ikke annet er fastsatt etter drøftinger mellom arbeidsgiver og den enkelte arbeidstaker. De avtalefestede feriedagene tas ut uten at behovet for stillinger økes, og anses avviklet i de deler av året der det ikke er arbeidsplikt. Normalordninga innan Hordaland fylkeskommune er at annet er fastsatt etter drøftingar : Rektor gjer avtale om sin ferieavvikling med opplæringsdirektøren. Det er naturleg ut frå denne føresegna at rektor gjer avtale om ferieavvikling for den einskilde mellomleiar ved eigen skole, slik at skolen som driftseining har kontinuerleg forsvarleg drift gjennom sommaren. Ferieplanen for mellomleiarane må vere klart definert skriftleg før ferieavviklinga av omsyn til eventuelle seinare krav om erstatningsferie grunna sjukdom. Dersom det ikkje ligg føre slik avtale, gjeld hovudregelen i 7.2. 7