Innspel til stortingsmelding om «livslang læring og utenforskap». Stutte utsyn til stortingsmelding sett frå rektor ved Fjell vaksenopplæring



Like dokumenter
Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Foreldreundersøking i skule 2006

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

Vurderingsrettleiing 2012

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Vaksenopplæring - Livslang læring -

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN

Kommunedelplan for oppvekst

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule a

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE ETTER FEM ÅR Status, utfordringar og vegar vidare Elaine Munthe 18. mars 2015

Prøveutviklere omfatter både de som utvikler og administrerer prøver, og de som tar politiske beslutninger for bestemte prøver.

Trygg og framtidsretta

Framtidas barnehage og skule. - sett gjennom HAFS sine augo. Åsmund Berthelsen, Utviklingsleiar

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Skulebruksplanen Uttale frå Sogn Regionråd

SKJEMA FOR UNDERVISNINGSPLANLEGGING: Tema: Matematikk 7. trinn.

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid».

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Synnøve Hunnes -einingsleiar Fellestenestene Tove Lilleås -fagleiar arkiv

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

Høyring - endring i Opplæringslova - Friare skoleval, moglegheit til å tilby meir grunnskoleopplæring m.m.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Psykologisk Førstehjelp - barneskulen. Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT)

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

Etter tilsyn og klagebehandling og 5-3

HANDLINGSPLAN Side 1

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Kurs i livsstilsendring Er det mogleg å hjelpe nokon til å endre livsstil??

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER

Arbeid for eit godt psykososialt miljø i barnehagar og skular Sogn våren Oppvekst og utdanningsmøte Skei

Sandeid skule SFO Årsplan


Rutine for oppfølgingsmøte:

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Opplæringsloven 5-4. Unni Dagfinrud Seniorrådgiver

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Rettleiar for gjennomføring av undervisningsevalueringa ved dei vidaregåande skolane

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

Leiing- Nøkkelen til betre helse- og omsorgstenester Flora som døme. Jan Helge Dale Kommuneoverlege

Utkast til forskrift om auke av maksimalt tillaten biomasse for løyve til akvakultur med laks, aure og regnbogeaure

Oppfølging av 9A i Opplæringslova Handlingsplan Myking skule

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE

TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

St.meld. nr. 21 ( )

Øystese barneskule April - 08

Årsmelding for Læringssenteret Gol

KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG AV INTENSJONSAVTALEN

Høle Barne- og Ungdomsskule Skulebasert praksisplan for Høle Barne- og Ungdomsskule 2016

Barneskule elevar 35 lærarar eks leiing (Ca 70 barn i SFO) 50 tilsette i alt Utbygging / renovering

HØYANGER KOMMUNE OPPVEKST OG KULTUR PLAN FOR OVERGANGANE. Plan overganger Høyanger kommune.

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,

Informasjonsgrafikk, Essay 2. Utvikling og design av skjema Håvard Hvoslef Kvalnes, 13hbmeda,

Det teologiske fakultet Universitetet i Oslo

Matematikk 1, 4MX1 1-7E1

Kvalitet i dagleg arbeid. Stolte fagfolk for framtida

Betre tverrfagleg innsats. Handlingsrettleiar. Åd Årdal lkommune

Elev får. tilfredsstillende utbytte av undervisningen. Elev får ikke. tilfredsstillende utbytte av undervisningen

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Årsplan for Norsk

Same ordlyd som oppsummeringa i saksframlegget på s , med unntak av kulepunkt 4 på s. 20.

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Utdanningsprogrammet skal gje folkevalde og administrativt tilsette auka kunnskap og ferdigheiter i dialogbasert styring av skulen.

Lærarane har for lite makt over eiga arbeidstid blir pålagde arbeid som ikkje er undervisningsrelatert, har for mange delegerte oppgåver

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Tertialrapport 2 tertial 2015

Velkomen til Mork barnehage,- kjekt å sjå deg her igjen!

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

LUNGEAVDELINGA VELKOMMEN

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

Ottar Bjørkedal Eid vgs

KS: Utviklingsrettleiarane: Inger Marie Evjestad

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Informasjon til elevar og føresette: Kva er nytt i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa frå hausten 2006?

Transkript:

Innspel til stortingsmelding om «livslang læring og utenforskap». Stutte utsyn til stortingsmelding sett frå rektor ved Fjell vaksenopplæring Manglande status og manglande vilje Er det eit reelt ønskje og ikkje minst vilje til å gje vaksenopplæring nødvendig status? Kvifor er det slik at så få vil gjera seg nytte av den opplæringa som kommunal vaksenopplæring kan tilby? Ein har høyrt nokon kalla kommunal vaksenopplæring skulesystemet sin fattige fetter (Grepperud). Mange av dei 400 000 som i for liten grad har dugleik i lesing, skriving og rekning kjenner kanskje på skam over ikkje meistre? Ein naturleg reaksjon for mange vil vera å trekkja seg tilbake og prøve å skjula sine manglar. Ei vurdering av skulebygg knytt til vaksenopplæring, kan vera nok til å forstå at det ofte er liten realpolitisk vilje i Norges land til å plassera kommunal vaksenopplæring i «signalbygg». Korleis får ein kommunar til å ta fram den gode viljen, for å få tilbake på sporet vaksne som er på sidelinja? Kanskje kan det vera realøkonomisk lønsamt å investere meir i vaksne si læring av basisferdigheiter? Kanskje kan mange barn få betre rammer for si læring med foreldre som i vaksen alder har lært seg ferdigheiter i lesing, skriving og rekning? Etter mitt syn vil større vektlegging av status kunne gjera noko med rekrutteringa. Vaksenopplæringa i den einskilde kommune blir ofte aleine. Ein blir kanskje i liten grad tatt med på råd eller huska på når det «store toget» med barn og unge skal fram. Fagleg fellesskap finn ein med andre kommunar si vaksenopplæring. Kanskje burde ein i større grad formalisera samhandling ut over kommunegrenser, slik at ein kan ivareta vaksenopplæring på ein god, lik og rettferdig måte?

Respekt i møte med dei som vågar seg ut døra for å læra Det kan vera mykje skam gøymt bak gardiner i Norges land. Kanskje kan ulike lovverk opplevast uttydeleg. Kanskje har embetsverk hatt tradisjon for å opptre som «skrankepave», utan å vita det sjølv? Kanskje er det for liten samhandling mellom ulike lover for dei som står utanfor? Kanskje burde samfunnet Norge gjera tydeleg ein kultur for respekt og oppmuntring av borgarar som opplever å ha «knekt nøkkelen i låsen»? Kanskje er det tenleg med i større grad av indre fokus hos den einskilde? Det å bli eit litt betre menneske kvar dag kan vera eit føremålstenleg mål for alle menneske, uansett livssituasjon eller alder. Dette skaper heller ikkje taparar. Dette fokuset kan og vera føremålstenleg i møte med andre som ønskjer å læra noko nytt. Det ein kan slå fast er at etniske nordmenn i liten grad gjer nytte av tilbodet om grunnskuleopplæring. Er det grunna traumatiske opplevingar i eiga skuletid? Kan me sjå dette i samanheng med fråfall frå vidaregåande skule? Er samfunnet i for liten grad tilpassa gutar/menn? Det som ofte blir løfta fram som det viktigaste for eit menneske, er å vera del av ein samanheng. Dette skal vera viktigare enn både mat og vatn. Viss det er slik, korleis kan me leggja til rette for at menneske som opplever å ha «knekt nøkkelen i låsen», kan bli del av ein ny lærings samanheng. Det blir viktig å ha eit inkluderande perspektiv som må gjelde alle samfunnsborgarar. Alle bør få høve til å ta del i arbeid- og/eller samfunnsliv på ein positiv måte. Alle bør få høve til å kjenna at samfunnet ein er ein del av, både har krav og mogleikar til alle. Kanskje kan det vera føremålstenleg med gode rettleiarar som har som oppgåve å «sjå» mennesket, og som kan coache mot mål som den einskilde finn eigarforhold til? Eit torg der ein kan læra og det er godt å vera Kanskje bør det bli knytt band til næringsliv? Kanskje bør ein lage til sentra som fungerer som eit torg/ein møteplass mellom næringsliv, kommune, NAV og dei som har ulike opplæringsbehov. Teknologiske løysingar i sjølve opplæringssituasjonen kan vera med å gje høve til at dei som har

opplæringsbehov kan skreddarsy tid og stad og innhald til eige liv. Det er på same tid viktig å ha eit edrueleg forhold til teknologiske løysingar. NAV hadde i si tid kanskje ein visjon om at det skulle vera «ei dør inn til herlegdommen». Det er kanskje nokre riper i den lakken, men det er eit fint bilde. Historier om menneske som får kryptiske brev frå NAV er mange. NAV vart kanskje endå ein offentleg organisasjon som i for stor grad har for på seg sjølv. Skjema som NAV ber oss fylla ut, er ofte vanskelege å tyda. Når norske filologar slit med tydinga, kan ein tenkje korleis det er for våre nye landsmenn. Det er viktig at samfunnet Norge kjem bort frå den digitale steinalderen. Kanskje burde ein i større grad retta fokus mot praktisk estetiske fag i læringsprosessen? Det kan sjå ut som om at samfunnet vårt i for stor grad rettar krav om meir kompetanse i høve til lesing, skriving og rekning, utan å ta nok omsyn til at me lærar på ulik måte. Ein større verdsetjing av kompetanse i høve til praktisk estetiske fag kan virka positivt inn på læring, og av basisferdigheiter. Lover som i for liten grad samhandlar og går i takt Det er i dag i liten grad samkjøring av opplæringslova og introduksjonslova. Ingen av lovene har forrang. I opplæringslova ligg det mellom anna rettar til å starte på grunnskulefag frå første dag for våre nye landsmenn, viss ein har rett til grunnskuletilbod. Kanskje er det føremålstenleg å gje eit fundament med norskopplæring, før ein startar med eksamensretta grunnskule opplæring? Realkompetansevurdering I desse dagar er det mykje fokus på realkompetansevurdering. Tanken er at ein skal anerkjenna kompetanse uavhengig av kor og korleis kompetansen er oppnådd. Føremålet er å dokumentera kompetanse på andre måtar enn gjennom tradisjonelle prøveordningar. Tanken er at ein skal få menneske vidare i grunnskule- eller vidaregåande opplæring. For å gjennomføre dette må ein ha gode sensorar i fem ulike fag, som gjerne har erfaring med undervisning av minoritetsspråklege. Mindre kommunar kan få problem med å fram skaffa sensorar som har kompetanse til å gjennomføre

dette på ein god måte. Det blir av denne grunn viktig at mindre og mellomstore kommunar samhandlar, slik at ein kan ivareta realkompetanse vurdering på ein god måte. Det vil i små- eller mellomstore kommune truleg vera få kandidatar som er i posisjon til å få dette på plass. Eg har fått høyre at Trondheim i 2014 hadde 37 kandidatar til realkompetanse vurdering, men berre 10 av desse fekk godkjend. Kanskje skal det i større grad vera ei sentralisering av denne tenesta? Eit stort vurderingsapparat som berre «kler» eit fåtal personer, kan gje grunnlag for å tenkja at ein burde legga ei anna vurderingsform til grunn. Kanskje burde vurderingsforma i større grad vera fleksibel både med omsyn til grunnskule og vidaregåande skule sitt innhald? PPT og nødvendig kompetanse og praksis PPT skal inn å gje ei sakkunnig vurdering når vedtak er knytt 4A-2 i opplæringslova. I små og mellomstore kommunar vil PPT i mindre grad få erfaring med å gjennomføra slike vurderingar, fordi talet på elever er lite. PPT skal gjera vurderingar i høve til syn, hørsel, lese- og skrive vanskar, generelle og spesifikke lærevanskar etc. etc. etc. Når lovverket i tillegg kan opplevast utydeleg, kan det vera føremålstenleg med eit fagmiljø som kan ta hand om slike vurderingar på ein lik og rettferdig måte. Raskast mogleg ut i arbeid eller utdanning Det bør vera adekvate praksisplasser tilgjengeleg. Det bør vera tette band til aktørar/bedrifter i næringslivet. Våre nye landsmenn og samfunnet Norge er tent med relevante praksisplasser frå første dag. Når ein veit at 90 % av dei som tek mot eit grunnskuletilbod, er våre nye landsmenn, er det kanskje ekstra viktig å ha fokus på arbeid eller vidare utdanning. Det er viktig at metodikken kring praksisplass og er knytt til «ansvar for eiga læring». Opplæring bør ikkje bli gitt berre på opplæringssentra, men og bli gjennomført langt inn i private bedrifter sine lokalar. Det bør tilsetjast fagarbeidarar som kan gå vegen saman med aktuelle kandidatar. Sjølvsagt bør det vera god samhandling mellom bedriftsintern opplæring og opplæring gitt på eit opplæringssenter. Kanskje bør det vera samhandling med organisasjonar som representere våre nye

landsmenn? Gjerne organisasjonar som har erfaring med å drive privat verksemd. Opplæringa skal ikkje berre vera ein «god stad å vera». Ein skal vidare til den plassen i sitt eige liv eller til det målet ein har sett seg ut. Ein skal som rettleiar ha fokus på at eleven/deltakaren skal «først til framtida i sitt eige liv». Viss alder er større enn skonummer, er det kanskje ikkje føremålstenleg å setja eit mål som krev fleire år med grunnskuleopplæring. Ikkje alle har eit realistisk tilhøve til dette. Skal lovverket her gjera nokre avgrensingar? Me har i vårt samfunn sterke krav til formell kompetanse. Dette kan bli eit dilemma for mange av våre nye landsmenn. Tilsynsrolle Slik det er i dag har fylkesmannen tilsynsansvar i høve til opplæringslova og introduksjonslova. Det er eit unntak i høve til tilskot for deltakarar på norskkurs. Her er ikkje fylkesmannen og IMDI samde om kven som har ansvaret i høve til tilsyn. At det her ser ut til å vera uklart kven som har ansvaret, er i uheldig. Tilsyn blir gjennomført med grunnlag om at loven sin bokstav skal bli ivaretatt. Det treng ikkje vera samanheng mellom å driva lovleg og det å driva med høg kvalitet i tenesta. Mangel på samhandling mellom lover, gjer at det og kan vera fare for at denne form for tilsyn motverkar fleksible løysingar. Kva viss me hadde eit tydeleg tilsyn som hadde fokus på kvalitet, rettleiing og fleksible løysingar? Ei digital plattform som definerer rettar og plikter Eg har tidlegare påpeikt mangel på samkjøring av opplæringslova og introduksjonslova. Eg har og påpeikt at opplæringslova kan opplevast som utydeleg og kan innby til ulik praksis. I høve til introduksjonslova er det NIR (Norsk innvandrar register) som definerer rettar og plikter. Vi gjer vedtak på grunnlag av NIR. Ei digital plattform som har i seg ei samkjøring av fleire lovverk, kunne vera føremålstenleg. Dette vil ta i vare likskapsprinsippet i høve til saksbehandling. På denne plattforma bør vedtaksmalar vere klar, og vera lett tilgjengeleg for vedtak av muligheiter og realistiske mål som den einskilde elever/deltakar ser for seg, helst med både hovud og hjerte.

Odd Steinar Gjøsæter Rektor Fjell vaksenopplæring