Informasjon til elevar og føresette: Kva er nytt i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa frå hausten 2006?



Like dokumenter
Informasjon til elever og foresatte: Hva er nytt i grunnskole og videregående opplæring fra høsten 2006?

Bakgrunn for Kunnskapsløftet

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

KUNNSKAPSLØFTET. reforma i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa

KUNNSKAPSLØFTET. reformen i grunnskole og videregående opplæring

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,

Ditt valg! Videregående opplæring Gjelder for skoleåret Side 1. Oppdatert

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:


Informasjon til foreldre om regelverket i grunnskolen (nynorsk)

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet

Vurderingsrettleiing 2012

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

Foreldreundersøking i skule 2006

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning

Ditt valg! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

Strategiplan for kompetanseutvikling i grunnskulen i Norddal kommune Handlingsplan 2008

Vidaregåande opplæring Ditt val!

Søknad videregående skole foreldremøte 27. januar

Vurdering på barnetrinnet. Nå gjelder det

FAG- OG TIMEFORDELINGEN FOR GRUNNSKOLE OG VIDEREGÅENDE OPPLÆRING

Opplæringsloven 5-4. Unni Dagfinrud Seniorrådgiver

INFO OM VALG AV FREMMEDSPRÅK / ENGELSK FORDYPNING ELLER ARBEIDSLIVSFAG 8. KL. 2016/2017

Studieretning for idrettsfag. 5t Toppidrett fotball (ein kan ha det alle tre åra). 5t Breddeidrett fotball (ein kan ha det alle åra)

TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

Vedrørende høring NOU 2010:7 Mangfold og mestring

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

HØYANGER KOMMUNE OPPVEKST OG KULTUR PLAN FOR OVERGANGANE. Plan overganger Høyanger kommune.

Søkere til videregående opplæring

Kunnskapsløftet. For hvem? Barnehage, grunnskole og videregående skole for synshemmede?

Velkommen til Riska ungdomsskole

Læreplan i visuell kultur og samfunn - valfritt programfag i studiespesialiserande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag

Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Velkommen til orienteringsmøte om videregående skole

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Kommunestyret

Utdanningsprogramma. Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Medium og kommunikasjon Kunst, design og arkitektur

FAG- OG TIMEFORDELINGEN FOR GRUNNSKOLE OG VIDEREGÅENDE OPPLÆRING

KUNNSKAPSLØFTET: PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING FOR PEDAGOGISK PERSONALE I GRUNNSKOLENE

Gjeldende per Ditt valg! Videregående opplæring

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

10. trinn. Foreldremøte

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58223/2014/ Melvin Tornes,

Velkommen til Gjerdrum ungdomsskole. Skoleåret

RETNINGSLINJER FOR LOKALT GITT EKSAMEN I OPPLAND FYLKEKOMMUNE. ELEVER

8. trinn 2019/2020 Bryne ungdomsskule

Velkommen til Informasjonsmøte for foreldre OM VIDEREGÅENDE OPPLÆRING

Yrkesfag lengre vei til målet

FAG- OG TIMEFORDELINGEN FOR GRUNNSKOLE OG VIDEREGÅENDE OPPLÆRING

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule a

Kommunedelplan for oppvekst

Vurdering og klagebehandling standpunktkarakterer i grunnskolen. Arnulf Ingerøyen og Svein Arild Jakobsen

Tiltaksplan

Læreplan i matematikk 2P

VIKTIG! Spansk eller Tysk. Fordypning i Engelsk. Eller.. Arbeidslivsfag. Altså Din sønn el. datter skal nå velge enten:

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

Plan for vurdering Skulane i Bø kommune

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016

VESTNES KOMMUNE Ikkje offentleg Off.lova 13 J.fr. Forvaltningslova 13, nr. 1

Videregående opplæring Ditt valg!

VIKTIG! Spansk eller Tysk. Fordypning i Engelsk. eller. Arbeidslivsfag. Din sønn eller datter kan på Froland skole velge mellom:

10.Trinn Infomøte fra avd.leder/

Skulebruksplanen Uttale frå Sogn Regionråd

Vaksenopplæring - Livslang læring -

8. trinn 2017/2018 Bryne ungdomsskule

INFO OM VALG AV FREMMEDSPRÅK / ENGELSK FORDYPNING ELLER ARBEIDSLIVSFAG 8. KL. 2017/2018

Videregående opplæring

Ditt val! Idrettsfag Kunst, design og arkitektur Medium og kommunikasjon Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Innhold. Udir : Endringer. Udir : Vedlegg 1. Søk SØK

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

OPPLÆRINGSBOK Opplæring i resepsjonsfaget Tilhører:...

Fag- og timefordeling og tilbudsstruktur for Kunnskapsløftet Udir

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Vurdering og vurderingskriterier. Anders Isnes Nasjonalt senter for naturfag i opplæringen

Ditt valg! Videregående opplæring Side 1

Utdanningsvalg. Minilæreplan i Musikk, dans og drama

Vår referanse Arkivkode Sted Dato 07/ A00 &13 DRAMMEN HØRING - FORSLAG TIL ENDRINGER I OPPLÆRINGSLOVEN OG PRIVATSKOLELOVEN

Reviderte læreplaner skoleåret 2013/2014

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

Den grunnleggende ferdigheten å kunne regne. Introduksjon

Møte om eksamen og vurdering i grunnskulen Del 1: Om karakterklager Del 2: Forskriftsendringar 2012

Rådgiverkonferanse. Valgmuligheter og regelverk. 14 des 2011 i Bodø. Foto: Crestock.com

Trekkordning ved eksamen for grunnskole og videregående opplæring Udir

Godt nytt år og velkommen til rådgiversamling

Arkivnr. Saksnr. 2008/ Utvalg Utvalgssak Møtedato Utvalg for oppvekst og kultur Saksbehandler: Bodil Brå Alsvik

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE.

Studiespesialisering ved videregående skole

Orientering om søking til skole og læreplass Informasjon ved overgang grunnskole videregående opplæring

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

SAKSFRAMLEGG. Arkivsaksnummer.: Arkivnummer: Saksbehandler: 08/2001 A20 Jan Samuelsen

Velkommen til orienteringsmøte om videregående skole

KUNNSKAPSLØFTET og morgendagens studenter

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Ditt valg! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Kunnskapsdepartementet ynskjer ei trygg identifisering av elevar og lærarar. Løysinga er Feide (Felles Elektronisk IDEntitet)

Transkript:

Informasjon til elevar og føresette: Kva er nytt i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa frå hausten 2006?

KJÆRE FORELDRE KVA ER KUNNSKAPSLØFTET? Du er den første og viktigaste læraren til barnet ditt! Er du engasjert, gjer barnet ditt det betre på skulen. Engasjementet ditt er like viktig på ungdomstrinnet som i barneskulen. Diskuterer du med barna, stimulerer du tankane og utviklinga deira. Det er viktig at du er med og vurderer arbeidet til barna. Når du bryr deg, blir barnet meir motivert og trivst betre på skulen. Trua di på eiga rolle, og på at du kan vere med å påverke, er viktig for barnet ditt. Har du eit godt forhold til skulen, påverkar det resultata til barnet. At du kjenner dei andre foreldra fører til betre samarbeid og oppfølging. Foreldra er ein viktig ressurs for skulegangen til barna! Kunnskapsløftet er den nye reforma i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa. Reforma fører til ei rekkje endringar i innhaldet, strukturen og organiseringa til skulen frå det første trinnet i grunnskulen til det siste trinnet i den vidaregåande opplæringa. Målet for Kunnskapsløftet er at alle elevar skal utvikle grunnleggjande dugleik og kompetanse for å kunne ta aktivt del i kunnskapssamfunnet. Den norske skulen er ein inkluderande skule der det skal vere plass til alle. Alle skal få det same høvet til å utvikle evnene sine. Kunnskapsløftet skal bidra til å sikre tilpassa opplæring for alle elevar og leggje meir vekt på læring. Reforma startar i august 2006 for elevane på 1. 9. trinnet i grunnskulen og på første trinnet i den vidaregåande opplæringa. Dette er dei viktigaste endringane i norsk skule som følgje av Kunnskapsløftet: Styrking av grunnleggjande dugleikar (sjå s. 7) Vektlegging av lese- og skriveopplæringa frå første årstrinnet Nye læreplanar i alle fag, med tydelege mål for kompetansen til elevane og lærlingane Ny fag- og timefordeling Ny tilbodsstruktur i den vidaregåande opplæringa Lokal valfridom når det gjeld arbeidsformer, læremateriell og organisering av opplæringa Helsing Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) 2 3

SLIK BLIR KUNNSKAPSLØFTET INNFØRT Skuleåret 2006 2007 1. 9. trinnet i grunnskulen og Vg1 (1. trinnet i den vidaregåande opplæringa) tek i bruk nye læreplanar for fag og ny fag- og timefordeling. Framandspråk/språkleg fordjuping blir gradvis innført med start på 8. trinnet. Skulane kan tilby programfag til val på ungdomstrinnet. Skuleåret 2007 2008 Nye læreplanar blir tekne i bruk for 10. trinnet og Vg2 (2. trinnet i den vidaregåande opplæringa). Skuleåret 2008 2009 Kunnskapsløftet blir innført i Vg3 (3. trinnet i den vidaregåande opplæringa). Alle skular må tilby programfag til val på ungdomstrinnet. Foreldre og føresette viktige bidragsytarar Foreldre og føresette har òg ansvar for elevane si opplæring skal bidra til samarbeid med skulen eller lærestaden skal bidra til gjensidig kommunikasjon om trivselen til eleven og den faglege og sosiale utviklinga Skulen og lærebedrifta skal leggje til rette for samarbeid med heimen og sikre medansvaret til foreldra og dei føresette i skulen. Heimen skal få informasjon om måla for opplæringa i faga, korleis opplæringa er lagd opp, kva arbeidsmåtar som blir brukte, og korleis den faglege utviklinga til elevane blir vurdert. Det skal òg leggjast til rette for at foreldra eller dei føresette kan delta i reelle drøftingar om korleis skulen skal utvikle seg. Foreldremedverknad er organisert gjennom foreldreråd og samarbeidsutval lokalt og gjennom Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) nasjonalt. 4 5

NYTT LÆREPLANVERK FOR ALLE TRINN NYE ELEMENT I LÆREPLANAR FOR FAG Læreplanverket for Kunnskapsløftet omfattar heile grunnopplæringa. Det blir utvikla eit eige læreplanverk for Kunnskapsløftet Samisk som skal brukast i det samiske forvaltingsområdet. Det nye læreplanverket består av: Generell del Den generelle delen utdjupar verdigrunnlaget og menneskesynet som skal liggje til grunn for opplæringa. Den generelle delen frå det gjeldande læreplanverket blir vidareført i Kunnskapsløftet for grunnskulen og den vidaregåande opplæringa. Prinsipp for opplæringa Prinsippa klargjer ansvaret skuleeigaren (kommunar og fylkeskommunar) har for å sikre ei heilskapleg opplæring som er i samsvar med regelverket, og som er tilpassa lokale og individuelle føresetnader og behov. Prinsippa gjeld alle faga og nivåa i grunnopplæringa. Skulen og lærestaden har ansvar for å utvikle basiskompetansen til elevane og lærlingane: Sosial og kulturell kompetanse, motivasjon for læring og læringsstrategiar. Elevmedverknad og samarbeid med heimen er andre viktige prinsipp for opplæringa. Læringsplakaten inngår i prinsippa og summerer opp dei grunnleggjande pliktene til skulen og lærestaden. Fag- og timefordeling For grunnskulen er fag- og timefordelinga fastsett samla for heile barnetrinnet (1. 7. trinnet) og for heile ungdomstrinnet (8. 10. trinnet). Den enkelte skuleeigaren (kommune og fylkeskommune) har ansvar for å fordele timane på dei enkelte trinna. Fag- og timefordelinga for den vidaregåande opplæringa er fastsett for kvart trinn. For å gjere det lettare å oppnå tilpassa opplæring for den enkelte eleven kan kommunane og fylkeskommunane disponere om inntil 25 prosent av timane som er fastsette i det enkelte faget. Slik omdisponering kan skje når det er grunn til å tru at det samla sett fører til betre måloppnåing i faga for eleven. Måla i læreplanane for fag er ufråvikelege, sjølv om timane blir omdisponerte. Omdisponering skal skje i samarbeid med heimen og krev samtykke frå den enkelte eleven eller lærlingen og dei føresette. Læreplanar for fag Det er fastsett nye læreplanar for alle faga i grunnskulen og for fellesfaga i den vidaregåande opplæringa. Programfaga i den vidaregåande opplæringa blir fastsette etter kvart. Grunnleggjande dugleik Kunnskapsløftet inneber at skulen skal prioritere å utvikle grunnleggjande dugleikar i alle fag. Det er viktige føresetnader for den vidare læringa. Dei grunnleggjande dugleikane er: Å kunne uttrykkje seg munnleg Å kunne lese Å kunne rekne Å kunne uttrykkje seg skriftleg Å kunne bruke digitale verktøy Dette er innarbeidd i læreplanane for faga. Alle lærarar har derfor ansvar for at elevar og lærlingar får utvikle dei grunnleggjande dugleikane sine gjennom arbeidet med dei ulike faga. Å leggje vekt på lese- og skriveopplæring frå første årstrinnet i grunnskulen er ein del av Kunnskapsløftet. Dei nye planane har tydelege mål for kva elevane skal meistre på ulike trinn. Gjennom slike kompetansemål uttrykkjer læreplanane tydelege faglege ambisjonar for alle elevar. Elevane vil i ulik grad kunne nå dei fastsette måla. Kvar enkelt elev skal stimulerast til størst mogleg måloppnåing gjennom tilpassa opplæring. Dersom ein elev ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa, har han eller ho rett til spesialundervisning. Framandspråk eller språkleg fordjupning Frå skuleåret 2006/2007 skal alle elevar på 8. trinnet anten ha eit nytt framandspråk i tillegg til engelsk eller språkleg fordjuping i samisk, norsk eller engelsk. Programfag til val For å gi grunnskuleelevane «smaksprøvar» på fag frå den vidaregåande opplæringa blir det innført programfag til val på ungdomstrinnet. Innhaldet skal utformast ut frå lokale føresetnader, gjerne i samarbeid med vidaregåande skular og lokalt næringsliv. Opplæringa kan godt leggjast utanfor skulen. Slik får elevane betre grunnlag for å velje vidaregåande opplæring ut frå eigne interesser og erfaringar. Alle dei nye læreplanane er tilgjengelege på nettsidene til Utdanningsdirektoratet: www.utdanningsdirektoratet.no/lk06 6 7

NY TILBODSSTRUKTUR I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING Vidaregåande opplæring får mellom anna nye nemningar på ein del fag, fagsamansetjingar og studieretningar frå 2006. Det som før heitte «studieretningar», får namnet «utdanningsprogram», og det som tidlegare heitte «studieretningsfag», heiter no «programfag». Elevane søkjer seg altså inn på eit utdanningsprogram, der dei etter kvart vel programfag. Prosjekt til fordjuping i yrkesopplæring I samband med Kunnskapsløftet og utarbeiding av nye læreplanar er det innført prosjekt til fordjuping på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande skulen. Her skal elevane kunne fordjupe seg i eit fagområde dei er spesielt interesserte i. Prosjekt til fordjuping kan gjennomførast i samarbeid med lokalt næringsliv, slik at eleven kan bli kjend med yrke og aktuelle lærebedrifter tidleg i utdanninga. Frå hausten 2006 blir det tilbydd tolv utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa: Studieførebuande utdanningsprogram (gir studiekompetanse, det vil seie kvalifiserer for opptak til universitet og høgskular): Studiespesialisering (tidlegare studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag), med programområde for realfag, språkfag, formgivingsfag, samfunnsfag og økonomi Idrettsfag Musikk, dans og drama Yrkesfaglege utdanningsprogram (kan gi studiekompetanse etter eit påbyggingsår på Vg3): Bygg- og anleggsteknikk Design- og handverksfag Elektrofag Helse- og sosialfag Media og kommunikasjon Naturbruk Restaurant- og matfag Service og samferdsle Teknikk og industriell produksjon 8 9

ELEVVURDERING Både for grunnskulen og den vidaregåande opplæringa finst det generelle føresegner om elevvurdering i forskrift til opplæringslova. Her står det når ein skal gi vurdering utan karakter, og når ein skal gi vurdering med karakter. Vurdering med karakter omfattar både standpunkt- og eksamenskarakterar. I læreplanen for det enkelte faget er det teke inn føresegner om standpunktkarakterar i faget og om kva reglar som gjeld for eksamen i det aktuelle faget. Nasjonale prøvar og kartleggingsprøvar Målet med dei nasjonale prøvane er å vurdere om skulen lykkast med å utvikle dei grunnleggjande dugleikane til elevane. Prøvane som blir gjennomførte, skal ha høg fagleg kvalitet, og resultata skal brukast som grunnlag for kvalitetsutvikling på skular, hos skuleeigarar og på regionalt og nasjonalt nivå. Frå hausten 2007 skal det haldast nasjonale prøvar i lesing på norsk og engelsk og rekning på 5. og 8. trinnet. Prøveresultata skal kartleggje om elevane oppfyller måla i læreplanen for grunnleggjande dugleikar etter 4. og 7. trinnet. Resultata skal vere tilgjengelege for dei som skal arbeide med kvalitetsutvikling i skulen, men det skal ikkje leggjast til rette for å rangere skular. Det skal òg gjennomførast obligatorisk kartleggingsprøve i lesing for 2. trinnet frå skuleåret 2006 2007. Seinare vil det bli innført kartleggingsprøvar i rekning og talforståing. KVEN KAN EIN KONTAKTE VED SPØRSMÅL? Spørsmål om undervisning, tilpassa opplæring eller organisering på den enkelte skulen kan rettast til lærarar eller rektor, eventuelt til skuleeigaren (kommunen eller fylkeskommunen). Fylkesmannen fører tilsyn og handsamar klager på grunnopplæringa sitt område og kan òg kontaktast. Informasjon på Internett: Oppdatert informasjon om Kunnskapsløftet finn du på www.kunnskapsloeftet.no Informasjon om grunnopplæringa på samisk finn du på www.oahpponeahtta.no Utdanningsdirektoratet sin Internettportal for elevar, lærarar og skuleleiarar, føresette og andre som er interesserte i skule og læring, finn du på www.skolenettet.no Informasjon frå Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) finn du på www.foreldrenettet.no 10 11

Design: Tank Trykk: ParaCard.no Utgitt av : Kunnskapsdepartementet Offentlege institusjonar kan bestille fleire eksemplar av denne publikasjonen frå Departementenes servicesenter Kopi- og distribusjonsservice www.publikasjoner.dep.no E-post: publikasjonsbestilling@dss.dep.no Telefaks: 22 24 27 86 Design: Tank Trykk: ParaCard.no Oppgi publikasjonskoden F-4209 N 12