J. Børve / Grønn kunnskap 9 (4) 113



Like dokumenter
Work on storage diseases on apple by Bioforsk. Jorunn Børve

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Lagersjukdomar i eple og pære. Arne Stensvand og Jorunn Børve Bioforsk Plantehelse

Reduserte dosar av soppmiddel mot gråskimmel i jordbær

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

Transport til slakteri kan vi bli betre?

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

Jordarbeidingsmetodar for korndominerte

Kryddertimian (Thymus vulgaris), prøvedyrking

Alternative effektive metoder mot mjøldogg i jordbær

Tiltak for redusert bruk av kjemiske middel mot gråskimmel i jordbær

Psykologisk Førstehjelp - barneskulen. Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar

Å lykkast med økologisk fruktproduksjon

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

18. Har det vore stor interesse i bygda eller grenda for slike møte, og har slike val ført til bygdestrid? Kva galdt i tilfelle striden?

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

2. Stabilitet. Vikahammaren hyttefelt, Boggestranda Nesset Skredfarevurdering

Norsk økologisk frukt til forbrukar og andre økofruktprosjekt

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

Jordbærsvartflekk nye erfaringer med sjukdommens opptreden i Norge

FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA

Skredproblem i varslingsregion Sunnmøre

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet

Prosjekt: «Øke omsetning og etterspørsel av norske epler»

Usikker avlings-auke ved svovelgjødsel i år.

FANGST OG SKJELPRØVAR I ERVIKELVA


Veterinærinstituttet Norwegian VeterfriItçIute

Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008

Er soppsjukdomar nokon trussel for juletreproduksjonen av edelgran?

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Inntekt i jordbruket 2013

mmm...med SMAK på timeplanen

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE

Strategiar mot skurv i økologisk epledyrking. Arne Stensvand

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Plommedyrking og plantehelse i plomme. Gaute Myren

Kvalitetsundersøking våren 2014

Prøving av nye jordbærsortar for konsum og industri

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

Kva er økologisk matproduksjon?

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

I klasserommet KLASSEROMSFORSKNING

Soppsjukdomen heggeflekk- eit litteraturoversyn

Informasjonsgrafikk, Essay 2. Utvikling og design av skjema Håvard Hvoslef Kvalnes, 13hbmeda,

Gråskimmel i jordbær

RAPPORT FRÅ KONVERTERINGSPROSJEKT 2008, DET NORSKE INSTITUTT I ATHEN (NIA)

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Statsråden. Deres ref Vår ref Dato

Ivar S. Ertesvåg august 2002 Institutt for mekanikk, termoog

Forfall skal meldast til utvalssekretær, som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling.

. Vår dato Vår referanse Austevoll Kraftlag BA Revisjon

Korleis kan vi løysa problemet med lêrròte i jordbær?

Seglingsprogram 2015

Sar (Satureja hortensis), prøvedyrking

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Kva kan vi læra av valdeltakinga ved lokalvalet i haust? Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

FANGST OG SKJELPRØVAR I RØDNEELVA

Kvam herad. Samandrag: Denne saka gjeld tre moment i samband med årsavslutning for 2003.

Praktiske utfordringar ved forskingssamarbeid mellom industri og akademi. Frank Nilsen Institutt for Biologi

Optimal høgde og plantettleik ved produksjon av bringebær i veksthus Åge Jørgensen, Bioforsk Særheim Toppe-høgde friland

tapte årsverk i 2012

Alderspensjonistar som bur i utlandet

Bilde 1: Bladflekker av Alternaria solani (7/ ). Bilde 2: Sporer isolert fra flekkene.

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL.

SJØPOSTEN. September 2012

Fylkesprognose Sogn og Fjordane 2014

FANGST OG SKJELPRØVAR I RØDNEELVA

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid».

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Vortemjølkrust i norske julestjerner i 2006

Månadsbrev for Oransje, mars 2016.

Kulturhistoriske registreringar

LUNGEAVDELINGA VELKOMMEN

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Svartskurv i potet; symptomer og skade

NAV Arbeidslivssenter. Hjelp til å redusere sjukefråværet, styrkje jobbnærværet og betre arbeidsmiljøet

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

FANGST OG SKJELPRØVAR I HJALMA

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,

KLAGE LØYVE TIL UTSETTING AV UTANLANDSKE TRESLAG TIL JULETREPRODUKSJON PÅ EIGEDOMEN GNR. 110, BNR 49 I KRISTIANSAND KOMMUNE

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

Frå dikt til teikneserie

Prøveutviklere omfatter både de som utvikler og administrerer prøver, og de som tar politiske beslutninger for bestemte prøver.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

Tiltak mot epleskurv

Rutine for oppfølgingsmøte:

Frukt Plantevern. Frukttrekreft og risiko for fruktråte

Synnøve Hunnes -einingsleiar Fellestenestene Tove Lilleås -fagleiar arkiv

SJUKE BARN I BARNEHAGEN

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Sogn og Fjordane krets av NSF JOTA/JOTI

Transkript:

J. Børve / Grønn kunnskap 9 (4) 113 Bitterròte i eple Jorunn Børve / jorunn.borve@planteforsk.no Planteforsk Ullensvang forskingssenter 5781 LOFTHUS Samandrag Angrep av bitterrote på eple etter ei tid på kjølelager er ikkje uvanleg og synest kanskje å vera meir vanleg no enn det var før. Dette kan skuldast endringar i fungicidbruk eller at sortane me dyrkar no er meir mottakelege for denne sjukdomen. Biologien til sjukdomen er ikkje undersøkt under norske tilhøve, men denne artikkelen gjev eit kort oversyn over kunnskap frå andre land. Bitterròtesoppen likar varme og fuktige tilhøve ved infisering og smitten vert spreidd med vassdropar. Hovudsmittekjeldene i andre land er kreftsår og mumifiserte eple. Tilrådde tiltak er fjerning av smittekjelder og sprøyting med fungicid heile sesongen. Sidan bitterròte-soppen er varmekjær vil slike sprøytingar i Noreg vera mest aktuelle frå bløming og fram mot hausting. Innleiing Gloesporiumròte var tidlegare eit samleomgrep på tre ulike soppar som gav fruktròte i eple. Namnet på desse soppane har no vorte endra, og Gloesporiumròte er ikkje lenger eit naturleg samleomgrep, sjølv om det stadig vert nytta. I Noreg nyttar me kjølelagersopp som namn på fruktsjukdomane frå to av desse soppane, medan den tredje har eit breiare vertsspekter. Denne soppen er årsak til sjukdomen bitterròte. Når me i seinare tid har byrja å snakka om angrep av bitterròte på eple så har mange trudd at dette er noko nytt. Det er det ikkje, bitterròte vart funne spreidd både på Aust- og Vestlandet i Noreg i tidlegare granskingar (Gjærum et al., 1967), men syntest då å vera meir vanleg på Vestlandet (Ramsfjell, 1951). Seinare undersøkingar synte at bitterròte på eple ikkje var vanleg korkje på Aust- eller Vestlandet (Landfald, 1983). Sjølv om det kanskje synest unødvendig å vita skilnad mellom desse soppane på lagra frukter, er det viktig at me veit kva som er den viktigaste årsaka til ròte i dei ulike felta for å kunne setja inn best mogelege tiltak både før og etter hausting. Bitterròte skuldast angrep av soppane Colletotrichum gloeosporioides eller Colletotrichum acutatum. Desse to soppane kan ikkje skiljast ved hjelp av

114 J. Børve / Grønn kunnskap 9 (4) symptom på fruktene og vanskeleg ved andre metodar enn molekylære. Ved bruk av molekylære metodar har alle isolata frå eple i Norge vorte karakteriserte som C. acutatum, dette tilliks med isolat frå andre fruktartar (Sonja Klemsdal, Planteforsk Plantevernet, pers. komm.). Biologi Bitterròte er utbreidd i alle kommersielle dyrkingsområde for eple (Sutton, 1990), men er spesielt viktig i søraustlege område av USA (Sutton & Shane, 1983; Biggs & Miller, 2001). I slike dyrkingsområde med varmt og fuktig klima vert dette rekna for å vera ein sommarsjukdom, dvs. at symptoma på sjukdomen utviklar seg før fruktene vert hausta (Sutton et al., 1994). Under våre klimatilhøve ser ikkje dette ut til å vera vanleg. Vanlegvis utviklar symptoma seg etter ei tid på kjølelager. På same måte som kjølelagersopp-infeksjonane viser bitterròte-infeksjonane seg som runde og brune nedsokne flekkar, men i motsetnad til kjølelagersopp som har ljos sporulering utviklar ofte bitterròteinfeksjonane ein fuktig, oransje sporemasse. Likevel er det vanskeleg å skilja desse berre ved å sjå på symptoma på fruktene. Soppen overvintrar som mycel, sporehus i daud ved, mumifiserte eple, kreftsår og gamle fruktstilkar (Burrill, 1907; Roberts, 1918; Taylor, 1971; Sutton, 1990). I tillegg er soppen funne på epleknoppar og seinare på blomedelar av eple i Brasil (Bernardi et al., 1983). Når det regnar vert sporane spreidde med vassdropar til mottakeleg vev. I forsøk i Georgia, USA fann Taylor (1971) og Noe & Starkey (1982) at infeksjonar av bitterrote kan etablerast heilt frå før bløming til hausting. I forsøk i North Carolina, USA vart det ikkje funne noko skilnad i mottakelegheit hjå epla gjennom sesongen (Shane & Sutton, 1981). Colletotrichum sp. krev varme og fuktige tilhøve for å angripa. Difor er 10 C sett som nedre grense for at det kan verta danna infeksjonar av C. acutatum på mandlar (Dieguez Uribeondo et al., 2004). Det manglar kunnskap om kor lang væteperiode som er nødvendig ved ulike temperaturar på grøne eple for å etablera infeksjonar. Men undersøkingar på grøne jordbær har vist at 35 timar med væte er naudsynt for å få 50% infeksjon ved 15 C. Ved 20 C var vætetida redusert til 20 timar (Wilson et al., 1990).

J. Børve / Grønn kunnskap 9 (4) 115 Tiltak mot bitterròte Å velgja ein sort som er lite mottakeleg for angrep av bitterròte er eit godt førebyggjande tiltak. Sortsskilnader i mottakelegheit er rapportert frå andre land, men ikkje undersøkt på dei vanleg dyrka sortane i Noreg. Fjerning av smitte er tilrådd tiltak i USA. Dette vil i hovudsak vera mumiefrukter, daud ved og kreftsår. Mumiefrukter er ikkje undersøkt for smitte under norske tilhøve, men frå USA vert det hevda at både frukter i trea og på bakken kan spreia smitte neste år (Roberts, 1918). Smitte på knoppar er vanskeleg å fjerna. Det lettaste er å unngå at infeksjonar vert etablert året før. Kva som er den viktigaste smittekjelda i norske epletre er ukjent. Somme stader held eit vanleg sprøyteprogram mot skurv også bitterròteangrepa nede, andre tilrår jamleg sprøyting mot denne soppen, dvs. med 10-14 dagar mellomrom heile sesongen. Sesongen 2004 vart det registert sterkt angrep av bitterròte på eple i mange felt. Temperaturen var over normalen i mai, august og september, medan registrert nedbør var over normalen i mai, juni og september og under i juli (Tabell 1). Det var fleire periodar med nedbør i fleire påfølgjande dagar som truleg hadde høg nok temperatur til at bitterròte-soppen hadde god sjanse til å etablera infeksjonar. Sprøyteplanane i tre ulike felt med Aroma og periodane for når det var gode tilhøve for soppen vart samkøyrt i 2004. Det var ikkje råd å finna eit mønster i når infeksjonane kunne ha skjedd og når det var god dekning av fungicid. Dette heng gjerne saman med at tidspunktet for når infeksjonane vert etablert. For kjølelagersopp er det dei sist etablerte infeksjonane som gjev mest ròte på lager. Viss dette er tilfelle for bitterròte er det viktig å utføra ei førebyggjande sprøyting så nær opp mot hausting som mogleg. Tabell 1. Temperatur ( C) og nedbør (mm) i vekstsesongen 2004, registrert ved klimastasjonen på Planteforsk Ullensvang, Lofthus. Mai Juni Juli August September T( C) N(mm) T( C) N(mm) T( C) N(mm) T( C) N(mm) T( C) N(mm) 2004 11,2 69 14,1 77 15,2 40 16,7 86 11,5 150 Normal 10,2 50 13,8 64 15,0 75 14,1 92 10,5 157 Av dei fungicida som er tilgjengelege på den norske marknaden har forsøk i Noreg synt at Delan (ditianon) har god verknad mot bitterròte på søt- og surkirsebær (Børve og Stensvand, upubl. data). Mest truleg vil også Euparen (tolylfluanid), Baycor (bitertanol) og Topsin (tiofanatmetyl)

116 J. Børve / Grønn kunnskap 9 (4) ha verknad mot bitterròte. I felt med smitte av bitterròte vil det vera nyttig å inkludera desse fungicida i skurvprogrammet. Sprøyting med ulike kalsiumsalt kan vera eit alternativ til fungicid. Forsøk i Virginia, USA har synt at slike sprøytingar reduserte bitterròte på fruktene (Biggs, 1999). Konklusjon I felt med kjent smitte av bitterròte i seine eplesortar bør fungicid med verknad mot bitterròte nyttast i skurvkampen. Sidan bitterròte-soppen er varmekjær vil slike sprøytingar vera mest aktuelle frå bløming og fram mot hausting. Det finst ikkje nok kunnskap til å tilrå eit spesielt sprøytetidspunkt eller varsla angrep. Heller ikkje er dei viktigaste smittekjeldene kartlagt i norske epletre og beste måte for å fjerna smitte er difor ukjent. Litteratur Bernardi, J., Feliciano, A. & De Assis, M. 1983. Ocorr?ncia de Glomerella cingulata (Colletotrichum gloeosporioides) nas gemas florais e flores de macieira [Occurrence of Glomerella cingulata (Colletotrichum gloeosporioides) in dormant floral buds and flowers of apple.] Pesg. agropec. bras, Brasilia 18:609-611. Biggs, A.R. 1999. Effects of calcium salts on apple bitter rot caused by two Colletotrichum spp. Plant Dis. 83:1001-1005. Biggs, A.R. & Miller, S.S. 2001. Relative susceptibility of selected apple cultivars to Colletotrichum acutatum. Plant Dis. 85:657-660. Burrill, T.J. 1907. Bitter rot of apples. Botanical investigations. Bulletin University of Illiois Agricultural Experiment station 118:555-608. Dieguez-Uribeondo, J., Förster, H. & Adaskaveg, J.E. 2004. Temperature-wetness relationships for Colletotrichum acutatum infections on almond blossoms and leaves. APS meeting abstract. Phytopathology 94:S25. Gjærum, H.B., Landfald, R. & Hirvonen-Semb, A. 1967. Sopper, nye eller lite kjente årsaker til råter i norske epler. Forskning og forsøk i landbruket 18:115-121. Landfald, R., 1983. Kjølelagersopp i norske epler. Meldinger fra Noregs landbrukshøgskole 62(19):8pp. Noe, J.P. & Starkey, T.E. 1982. Relationship of apple fruit maturity and inoculum concentration to infection by Glomerella cingulata. Plant Dis. 66:379-381. Ramsfjell, T. 1951. Soppsjukdommer på eplefrukt. Frukt og Bær 4:79-94. Roberts, J.W. 1918. The sources of apple bitter-rot infections. Department of Agriculture. Bulletin 684. 25pp.

J. Børve / Grønn kunnskap 9 (4) 117 Shane, W.W. & Sutton, T.B. 1981. Germination, appresorium formation, and infection of immature and mature apple fruit by Glomerella cingulata. Phytopathology 71:454-457. Sutton, T.B. 1990. Bitter rot. In: Jones, A.L. & Aldwinkle, H.S. (ed.), Compendium of apple and pear diseases, pp.15-16. APS Press, USA. Sutton, T.B. & Shane, W.W. 1983. Epidemiology of the perfect stage of Glomerella cingulata. Phytopathology 73:1179-1183. Sutton, T.B., Filajdic, N. & Brown, E. 1994. Current status of the management of summer diseases of apples. Norwegian Journal of Agricultural Science. (Supplement No 17):361-369. Taylor, J. 1971. Epidemiology and symptomalogy of apple bitter rot. Phytopathology 61:1028-29. Wilson, L.L., Madden, L.V. & Ellis, M.A. 1990. Influence of temperature and wetness on infection of immature and mature strawberry fruit by Colletotrichum acutatum. Phytopathology 80:111-116.