Sakshandsamar, innvalstelefon Håvard Rød, 5557 2143 Vår dato 10.04.2015 Dykkar dato 12.03.2015 Vår referanse 2015/3996 331.1 Dykkar referanse Austrheim kommune, Kommunehuset, 5943 Austrheim AUSTRHEIM KOMMUNE - BUDSJETT OG ØKONOMIPLAN Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2014. Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60. Etter 15 i forskrifter om årsbudsjettet skal årsbudsjettet, slik det er vedteke av kommunestyret, liggja føre som eige dokument innan 15. januar. Økonomiske oversyn må vera utarbeidd innan 1. mars i budsjettåret. Etter kommunelova 45 tredje punkt skal innstillinga til årsbudsjett ha vore lagt ut til offentleg gjennomsyn i minst 14 dagar før handsaming i kommunestyret. Det er lagt opp til reduksjon i skatteøyret for kommunane frå 11,4 prosent i 2014 til 11,35 prosent i 2015. Frie inntekter Kommunen har budsjettert med kr. 89,8 mill. i skatt på eige og inntekt for 2015. I 2014 var det ein samla skatteauke for kommunane i landet på 1,9 prosent. Det er no rekna med ein skatteauke for kommunane frå 2014 til 2015 med 5,6 prosent. Kommunen sitt skattenivå i 2014 var 118,4 prosent av landsgjennomsnittet. I rammeoverføring til kommunane er det symmetrisk inntektsutjamning. Kommunar med skattenivå over landsgjennomsnittet får eit trekk i 2015 tilsvarande 60 prosent av differansen mellom eige skattenivå og landsgjennomsnittet. Kommunar med skattenivå under landsgjennomsnittet får kompensasjon i 2015 tilsvarande 60 prosent av differansen mellom landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunar med skattenivå under 90 prosent av landsgjennomsnittet får også tilleggskompensasjon tilsvarande 35 prosent av differansen mellom 90 prosent av landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunen sine frie inntekter består av ordinær skatt og statleg rammeoverføring, etter fråtrekk for inntektsutjamning. Sum frie inntekter er budsjettert til i underkant av kr. 158,4 mill. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Kommunal- og samfunnsplanavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Inntektsprognosen for 2015 er no oppdatert med endelege innbyggjartal pr. 01.01.2015 og innkomen skatt i 2014. Grunnlaget for inntektsutjamninga vil vere innbyggjartal pr. 01.01. 2015. For innbyggjartilskot og utgiftsutjamninga med aldersfordeling er grunnlaget innbyggjartal pr. 01.07.2014. Dei budsjetterte frie inntektene er om lag kr. 0,2 mill. høgare enn i den siste inntektsprognosen. Inntektsprognosen byggjer på føresetnadene om skattevekst i statsbudsjettet. Det er uvisse knytt til om denne skatteveksten er realistisk. I tillegg kjem uvisse knytt til den lokale skatteutviklinga i kommunen. Dei reelle frie inntektene for kommunen kan difor bli endå lågare enn det som følgjer av noverande inntektsprognose basert på statsbudsjettet. Eigedomsskatt Det er budsjettert med kr. 12,6 mill. i eigedomsskatt for 2015. Eigedomsskatten for 2015 er sju promille på verk og bruk. Innkomen eigedomsskatt i 2014 var også om lag kr. 12,6 mill. Kommunen har ikkje innført eigedomsskatt på næringseigedomar. Det er eit inntektspotensial for kommunen ved ei utviding av eigedomsskatt til næringseigedomar og eventuelt bustader med fritidseigedomar. Det bør bli sett i samanheng med dei økonomiske utfordringane som kommunen har. Løns- og prisauke Prisindikatoren for kommunesektoren for 2015 er i vedteke statsbudsjett 3,0 prosent. Prisindikatoren består av pårekna lønsvekst 3,3 prosent og pårekna prisvekst på varer og tenester med 2,5 prosent. Avdrag I økonomireglane er det gitt minimumskrav for storleiken på årlege avdrag. Etter kommunelova 50 sjuande ledd kan attståande løpetid for kommunen si samla gjeldsbyrde ikkje overstiga den vegde levetida for kommunen sine anleggsmidlar ved det siste årsskiftet. Kommunelova set eit minstekrav til totale låneavdrag for kommunen. Ein hovudregel vil vere at årlege låneavdrag som eit minimum må utgjere om lag 3 ½ - 4 prosent av lånegjelda ( når formidlingslån og avdrag på slike lån ikkje er rekna med ). Fylkesmannen tilrår kommunane at dei ordinære avdraga minst er på dette nivået. Det er budsjettert med kr. 7.052.000,- i ordinære avdrag (utanom avdrag på formidlingslån). Dei budsjetterte avdraga bør som eit minimum utgjere 3,5 prosent av netto lånegjeld. Netto lånegjeld er brutto langsiktig lånegjeld etter fråtrekk for formidlingslån/startlån som er vidareutlånt (ikkje fråtrekk for ordinære lån til kommunale investeringar). Driftsresultat Kommunelova 46 punkt 6 legg til grunn at det blir budsjettert med eit driftsresultat som minst er tilstrekkeleg til å dekka renter, ordinære avdrag og nødvendige avsetjingar ( inkl. inndekning av underskot ). 2
Paragraf 3 i forskriftene om årsrekneskapen presiserer nærare det driftsrekneskapen og investeringsrekneskapen skal omfatta. Som hovudregel må til dømes ei inntekt og innbetaling som ikkje er ordinær bli ført i investeringsrekneskapen. Kommunen hadde eit netto driftsunderskot i 2014 (førebels rekneskap ) med om lag kr. 7,1 mill. Det var eit rekneskapsunderskot for 2014 med i overkant av kr. 5,1 mill. etter bruk av disposisjonsfond. Kommunen kan med bruk av disposisjonsfond unngå heilt rekneskapsunderskot for 2014. Kommunen vil etter dette nesten ikkje ha igjen noko disposisjonsfond lenger. Det er budsjettert med eit netto driftsunderskot med kr. 1.063.000,-. Kommunen må gjennomføra budsjettjustering for å unngå netto driftsunderskot. Dersom kommunen får eit rekneskapsunderskot for 2015, må dette underskotet bli dekt inn seinast i 2017 for at kommunen skal unngå å bli registrert for statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova paragraf 60 (Robek). Det er nødvendig å gjennomføra tiltak for å styrka driftsbalansen i kommunen på bakgrunn av netto driftsunderskot i rekneskapen for 2014 og netto driftsunderskot i opphavleg vedteke budsjett for 2015. Kommunen vil etter underskotet i 2014 nesten ikkje ha nokon driftsreserve (disposisjonsfond) lenger. Kommunane er i tidlegare år tilrådd å ha eit netto driftsoverskot i prosent av driftsinntektene på minst tre prosent, basert på prinsippet om formuebevaring. Momskompensasjon frå investeringar har til og med 2013 vore inntektsført i driftsrekneskapen. Frå og med 2014 blir momskompensasjonen frå investeringar i staden inntektsført direkte i investeringsrekneskapen. På denne bakgrunn har Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi i sin rapport frå november 2014 redusert det tilrådde nivået for netto driftsoverskot, i prosent av driftsinntektene, frå 3 prosent til 1 ¾ prosent for kommunane generelt ( for fylkeskommunane er det tilrådd eit høgare nivå som følgje av ansvar for tidlegare riksvegar). Tilrådinga er no knytt til kommunekonsern og ikkje som tidlegare til kommunekasse. Nivået på 1 ¾ prosent for netto driftsoverskot er eit tilrådd minstenivå frå utvalet. Fylkesmannen si vurdering er at ei målsetjing om eit noko høgare netto driftsoverskot enn 1 ¾ prosent vil vere positivt med sikte på å kunne handtere svingingar i inntektene og for å ha stabilitet i tenestene. Vi ser det som føremålstenleg at kommunane har eit høgare netto driftsoverskot enn 1 ¾ prosent av driftsinntektene for å ha buffer til å møta økonomiske utfordringar. Investering, lånegjeld og kapitalutgifter I 2015 er det planlagt brutto investeringar for til saman kr. 18.090.000,-. Dei største budsjetterte investeringane i år er rehabilitering av skule, avlaupsstasjonar, opparbeiding av park og nye omsorgsbustader. I tillegg kjem låneopptak til vidareutlån med kr. 2,0 mill. 3
Investeringane er i hovudsak planlagt finansierte med ordinært låneopptak (kr. 16,3 mill.), Vi har rekna ordinær langsiktig gjeld pr. 31.12.2013 pr. innbyggjar for kommunane i fylket utanom Bergen til kr. 66.068,- (kommunekassa - ikkje konsern). I dette talet er ikkje pensjonsforplikting medrekna. Det tilsvarande talet for kommunen er kr. 80.335,-. Det generelle gjeldsnivået for kommunane i landet har auka vesentleg, og nivået må bli vurdert som høgt. Kommunane samla i fylket utanom Bergen har eit gjeldsnivå som ligg noko høgare enn landsgjennomsnittet. Landsgjennomsnittet (kommunekasse - ikkje konsern) si lånegjeld ved utgangen av 2013 var kr. 60.995,-. Kommunen si brutto lånegjeld ved utgangen av 2014 er rekna til om lag kr. 235,7 mill., eller om lag kr. 82.350,- pr. innbyggjar. Kommunestyret har i møte 11.mars d.å. gjort vedtak om rehabilitering av Årås skule. Det er vedteke låneopptak til saman kr. 21,7 mill. til føremålet. Det er eit vilkår for å kunne ta opp lån i denne samanheng at føremålet er rehabilitering og standardauke i høve til opphavleg standard, det vil seie eit investeringsføremål. Det er ikkje høve til å ta opp lån til vedlikehald, som er å rekna som driftsutgifter. Av lån kr. 21,7 mill. inngår kr. 7,0 mill. i opphavleg vedteke budsjett. Tilleggslån kr. 14,7 mill. kan fordelast mellom lån kr. 3,2 mill. med statleg rentekompensasjon og ordinært lån kr. 11,5 mill. Fylkesmannen har ved fleire høve påpeika at kommunen har eit høgt gjeldsnivå som gjer kommunen sårbar for ei svak inntektsutvikling og eit høgare rentenivå. Det er viktig at investeringar og låneopptak er på eit moderat nivå i åra framover. Fylkesmannen legg til grunn at ekstra låneopptak i 2015, kr. 11,5 mill. (utan statleg rentekompensasjon) til rehabilitering av Årås skule medfører ein minst like stor samla reduksjon i låneopptaka i dei neste tre åra i høve til vedteke økonomiplan. Låneopptak må m.a.o. bli redusert i perioden 2016-2018 i høve til økonomiplanen med til saman kr. 11 ½ mill. Oppsummering Det er nødvendig å gjennomføra tiltak for å styrka driftsbalansen på bakgrunn av netto driftsunderskot i 2014 og netto driftsunderskot i opphavleg vedteke budsjett for 2015. Kommunen vil etter underskotet i 2014 nesten ikkje ha nokon driftsreserve lenger. Kommunen har eit høgt gjeldsnivå som gjer kommunen sårbar for ei svak inntektsutvikling og eit høgare rentenivå. Det er viktig at investeringar og låneopptak er på eit moderat nivå i åra framover. Med helsing Lars Sponheim Rune Fjeld ass. fylkesmann 4
Brevet er godkjent elektronisk og har difor inga underskrift Gjenpart: Nordhordland revisjonsdistrikt, Postboks 16, 5902 Isdalstø Regionrådet Nordhordland IKS, sekretariatsleiar, Postboks 13, 5902 Isdalstø 5
Bent Gunnar Næss Fra: Eli Stien Sendt: 15. april 2015 09:51 Til: Bent Gunnar Næss Kopi: Jan Olav Osen Emne: Fakturakopi Vedlegg: uq1036-bo1k-3t77.rtf Hei Her er kopi av faktura som er sendt til Ability på leige. Jeg sender purring i dag. Med venleg helsing Eli Stien Økonomikontoret ------------------------------------ Austrheim kommune, 5943 Austrheim Direkte : 56 16 20 18, Sentralbord : 56 16 20 00 Heimeside : http://www.austrheim.kommune.no 1
AUSTRHEIM KOMMUNE AUSTRHEIM ØKONOMIKONTOR Org.nr 948350823MVA SÆTREMARKA 2 Fakturadato 29.01.2015 Fofallsdato 28.02.2015 5943 AUSTRHEIM Termin Telefon: 56162018 ABILITY INVESTMENT & VENTURE A V/ODD ARNE BLINDHEIM FLAKTVEITBOTN 88 5135 FLAKTVEIT Eiendom: Kundenummer : 303505 Fakturanummer: 5003986 VARE/OPPDRAG SATS GRUNNLAG BELØP ------------------------------------------------------------------------------ LEIGE AREAL TIL ETAB.OLJEVERNBASE 25000,00 1,00 25000,00 01.06.2012-01.06.2013 Purregebyr utgjør kr. 62,-. 1644 15 36902 25.000,00 5 28.02.201 Kundenummer : 303505 Fakturanummer: 5003986 ABILITY INVESTMENT & VENTURE AS Austrheim kommune V/ODD ARNE BLINDHEIM Økonomikontoret FLAKTVEITBOTN 88 5135 FLAKTVEIT 5943 AUSTRHEIM 00303505000000051 25000 00 1 16441536902
Bent Gunnar Næss Fra: Per Lerøy Sendt: 15. april 2015 09:42 Til: Bent Gunnar Næss; Jan Olav Osen Kopi: Solveig Hopen; Helge Frosta <revisor@helgefrosta.no> (revisor@helgefrosta.no) (revisor@helgefrosta.no) Emne: SV: AS Austrheim Næringsselskap Hei. Eg viser til side 33 i EY sin rapport der det heiter: Som ein del av denne avtalen vart det overført eit forskott på kroner 825 000,- til opparbeiding av 6 tomtar på gnr. 142 bnr. 182 i Austrheim til Breidvik Eiendom. AS Austrheim Næringsselskap v/styret løyver tillegg for mva for kvar etablerer bustad. (6 tomtar). Total støtte vert kr 825 000,- inklusiv meirverdiavgift. (styreprotokoll datert 20. april 2010). Etter det me har forstått har både rekneskapskontor og revisor kommentert at summen det her er snakk om, burde ha vore ført på ein eigen forskottskonto som skulle gjerast opp etter kvart som oppdraget vart utført. Dette er diverre ikkje gjort. Det som er eit absolutt faktum er at dei 6 tomtane som AS Austrheim Næringsselskap i si tid eigde, har vorte opparbeida av Breidvik Eiendom AS/Kystlandsbyen AS i tråd med avtalen. På 3 av desse tomtane er det alt bygd hus, mens dei tre andre er ferdig planerte og klar for bygging. Det kan dermed ikkje reisast tvil om at Breidvik Eiendom AS/Kystlandsbyen AS har levert i tråd med avtalen som var inngått med AS Austrheim Næringsselskap. Per i dag eig AS Austrheim Næringsselskap framleis 5 av desse tomtane, mens den eine er selt til ein privatperson som har bygd eit typegodkjent hus på denne. AS Austrheim Næringsselskap har hatt Kjartan Aa Berge, EY, Vivian Lundal og Anny Femanger, Ole Moen AS, og Helge Frostad, Helge Frostad AS, på synfaring i området slik at dei alle er godt kjent med området og kva hus og tomtar saka gjeld og status på desse. Beste helsing Per Lerøy Ordførar Austrheim kommune Mob. 94506747 Fra: Bent Gunnar Næss Sendt: 15. april 2015 08:03 Til: Jan Olav Osen; Per Lerøy Kopi: Solveig Hopen Emne: SV: AS Austrheim Næringsselskap Hei Viser til eposten under frå 23.03.15. Har næringsselskapet nokon kommentar til sak 14/15 i kontrollutvalet? 1
Med venleg helsing Bent Gunnar Næss Sekretariatsleiar Nordhordland Utviklingsselskap IKS Tlf mobil 48 12 46 23 Epost: bent.gunnar.naess@nordhordland.net www.nordhordland.net Fra: Bent Gunnar Næss Sendt: 23. mars 2015 10:15 Til: jan.olav.osen@austrheim.kommune.no; Per Lerøy Kopi: Solveig Hopen (mastrevik@fribokhandel.no) Emne: AS Austrheim Næringsselskap Viktighet: Lav Hei Kontrollutvalet hadde rapporten om selskapskontroll til handsaming på sist møte, sjå sak 13/15. I den samanheng er avtalen om forhåndsutbetalinga av 825.000 i 2010 kommentert. Kontrollutvalet valte ta saka om dei «825.000» opp som eiga sak fordi den gav nokre ekstra spørsmål som ikkje kunne besvarast i møte. Kontrollutvalet hadde før møte bedt om å få dokumentasjon i rekneskapen for dei 825.000, sjå sak 14/15. Det som vi fikk tilsendt som gjeld dei 825.000 er lagt ved i tillegg til avtalen. Den dokumentasjon som er lagt fram synes å vere mangelfull i forhold til dei krav som er fastsatt i lovverket. Fint om vi kunne fått ein tilbakemelding innan 10. april, dersom næringsselskapet har nokon kommentar til sak 14/15. Med venleg helsing Bent Gunnar Næss Sekretariatsleiar Nordhordland Utviklingsselskap IKS Tlf mobil 48 12 46 23 Epost: bent.gunnar.naess@nordhordland.net www.nordhordland.net 2