guide 15/16 visitaustevoll.no



Like dokumenter
3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Austevoll. guide 11/12. visitaustevoll.no

Austevoll - friske opplevingar

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Innhald. Arme riddarar AV grovt brød Sandwich

Austevoll. guide 10/11. visitaustevoll.no

til og Frå sjå tide Buss sitt

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Til deg som bur i fosterheim år

oppskrifter kornartane Innhald Baketips Kornblanding Di ega Kornblanding Fine rundstykke

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Sommartur til Sverige,

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

FISKESUPPE FRÅ KALVÅG 2 PORSJONAR

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

OST- OG SKINKEMUFFINS

Austevoll. guide 09/10. FOTO: Bekkjarvik Gjestgiveri - handplukka av Inovasjon Norge

Spis fargerikt. Lun laksesalat med avokado og spinat

Eksklusive leilegheiter ved Grytafjorden EIDSVIK STRANDA

6. trinn. Veke 24 Navn:

Kylling med ananas og kokosris (Onsdag 17/9 14)

Månadsbrev for Rosa september 2014

Brukarrettleiing E-post lesar

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Fiskegryte med limetouch Onsdag MIDDELS MIN 4 PORSJONER

Nasjonalpark FESTIVALEN. i Skjåk PROGRAM

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Gulrotsuppe Onsdag.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

RIKET VESTAFOR KVARDAGEN

Opplysningskontorene i Landbruket Landbruks og Matdepartementet

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

godt, sunt, enkelt og raskt

N Ø K K E L H U L L E T

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Juvet Landskapshotell

mmm...med SMAK på timeplanen

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Bussesund. Austevoll

Brukarrettleiing. epolitiker

1 Sett over vann til blomkål og sett ovnen på 200 grader. 2 Baconet strimles og stekes gyllent og sprøtt i stekepanne på litt over

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

KEBABSPYD MED RATATOUILLE EKSPRESSMENY. ukens doble. Bulgur: 12 dl vann eller buljong 500 g grov bulgur. Kebabspyd: Tilbehør: 2 poser ratatouille

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Jon Fosse. For seint. Libretto

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

REKER 7 VELSMAKENDE RETTER

Hellstrøms ovnsbakte torsk Onsdag

BYGG- OG HVETERIS. Tilbered Bygg- og Hveteris Express i vannbad på 5 minutter eller i mikro en på 90 sekunder.

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Kva er økologisk matproduksjon?

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

oppskrifter Grove kornprodukt Innhald havrerundstykke eplerundstykke gulrotrundstykke myslirundstykke glutenfrie eplerundstykke

Rask kyllingsalat Onsdag

Mat til. Eit samarbeid med Fiskeriket UB frå Måløy VGS

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

VAKKER TRENING I NORDFJORD

Dato og stad. Stord Petanqueklubb er arrangør av Norgesmesterskapet i Petanque 2018.

ET HAV AV MULIGHETER

Strimlet svinekjøtt med asiatisk smak Onsdag

Stekt laks med potetmos Onsdag 4 porsjoner min Enkelt

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Rapport frå La Zenia,

Skap påskestemning med sild!

Sjutoppsturen FAKTA OVERSIKTSKART LØYPESKILDRING

6-åringar på skuleveg

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Transkript:

Austevoll guide 15/16 visitaustevoll.no

2 Austevoll - friske opplevingar Austevoll er eit særs vakkert øyrike sørvest for Bergen. Staden er kjend for den flotte naturen og eit rikt kulturliv. Friske opplevingar er ei reell skildring av kva plassen har å tilby; med diverse friske aktivitetar og stadar som du kan lese meir om i denne guiden. Visit Austevoll arbeider med å marknadsføre den unike staden Austevoll er, og ved hjelp av guiden skal du finne mykje av det du kan nyte her ute i havgapet. Set deg difor ned, ta ein kopp kaffi, og finn friske austevollopplevingar i denne guiden. Austevoll Turistinformasjon Informasjon om Austevoll finn du på på Bekkjarvik Torg i Bekkjarvik (Tlf 959 77 601 / 917 62 534) eller på Bekkjarvik gjestgiveri ( Tlf 55 08 42 40). Her kan du få informasjon om Austevoll, turisttilboda våre og kva som er verdt og få med seg når du fyrst vitjar kommunen vår. Velkomen. Welcome to the islands of Austevoll Austevoll is a municipality that consists of 667 islands and skerries. Destination Austevoll: Austevoll is an exotic and exciting destination with many great adventures. If you have an urge to do the following activities, Austevoll is the place for you: Hiking, bicycling, kayaking, climbing, scuba diving, sea rafting and fishing. There are also a lot of great shopping, guesthouses, fine dining and cultural events like art exhibitions and concerts and festivals. Opening hours and useful phone numbers are listed on page 6 and 7 for you. The largest islands in Austevoll are connected by bridges, while the other populated islands are serverd by an express boat. Call +47 177 for detailed timetables. Please call phone.no + 47 959 77 601 for further information.

3 Innhald Å reisa til Austevoll 4 Velkomen til Austevoll 6 Service og handel 8 Nyttig informasjon 9 Austevollspulsen 2015 10 Overnatting 12 Bubilplassar 13 Servering 14 Oppskrifter frå verdsmeister Ørjan 15 Lesk 19 Bocuse d'or 22 Fiskerikommunen Austevoll 23 Helsing frå gulljenta 23 Aktivitetar og friske opplevingar 24 AirBNB på Møkster 28 Reglar for hummerfiske i Austevoll 29 Kvithaleørna 30 Fyropplevingar 31 Kystkultur/ kulturliv og attraksjonar 32 Båtliv i Austevoll 35 Badeplassar 39 Turløyper / Nordsjøløyper 42 Vinnesvatnet tur-og aktivitetsveg 46 Turstiar 48 Kart 50 Naturvernområder i Austevoll 52 Fjelltoppar og høgdepunkt for havsutsikt 53 Globen 54 Padling 55 Friluftsområde 56 Villsau 57 Austevoll turlag - eit turlag for alle 58 Farmensystrene Malin og Alina 59 Hotell & suitar 63 Ruter - buss, båt og ferje 83 Utgjevar Visitaustevoll Grafisk produksjon Austevoll Forlag AS Foto Algirdas Malgirdas, Carolin Engel, Marsteinen, Anne Aga, Arild Sunde, Atle Skjærlie, Impulsfoto.no, Beate Hanøy, Eivind Møgster, Heidi Hvidevoll, Lars Knut Aarland, Lasse Hamsund, Malin Hausberg, Regina Njåstad Vestrheim, Karoline Aga, Sander Hvammen. Opplag 1. opplag 12000 stk Svanemerket

4 Å reisa til Austevoll Frå nord (Bergen) Snøggbåt frå Bergen sentrum, 50 minutt Snøggbåt frå Flesland kai (10 min frå Flesland flyplass), 20 minutt Ferje frå Krokeide ferjekai (25 min frå Bergen sentrum), 35 minutt Buss frå Bergen sentrum, 1,5 time (Direktebussen) Frå sør (Stord, Haugesund, Stavanger) Snøggbåt frå Leirvik sentrum, 1 time Ferje frå Sandvikvåg kai (25 min frå Leirvik sentrum), 20 minutt Buss frå Leirvik sentrum, 1,5 time Veteranbåtcruise Gå Granvin si veteranbåtrute til/frå og innad i Austevoll. Ruteopplysning tlf. nr. 177 norled.no skyss.no fosennamsos.no Fakta om Austevoll Innbyggjartal: 5000 Areal: 114 km Øyar: 667 Strandlinje: 337 km Hovednæring: fiskeri, oppdrett, offshore og sjøfart

5

6 Velkomen til Austevoll Austevoll kommune består av 667 øyar, holmar og skjær, med ei strandline på 337 kilometer og eit areal på 114 kvadratkilometer. Ni av øyane har fast busetnad, og no som dei fleste bebudde øyar har fått bru, er nær 99% av innbyggjarane knytt saman med bru. Dette har igjen fått ein del å seia for samfunnet vårt. Medan me tidlegare var mange små samfunn, byrjar me etter kvart å bli eitt austevollsamfunn. Dette ser me av at me har eitt felles pleie- og omsorgssenter på Storebø. Alle ungdomsskuleelevane våre er samla på Austevoll ungdomsskule, og me får etter kvart færre barneskular. Det strukturelle er éin ting, men enda viktigare er det kanskje at folket og menneska har fått meir felles rammer på alle sider av samfunnet, og menneske vert knytt saman. Me vert stadig fleire austevollingar, og Austevoll utmerkar seg som ein av dei store vekstkommunane i Noreg. Auken skuldast dels tilflytting, dels fødselsoverskot. Om lag 10% kommunen sine innbyggjarar har utanlandsk opphav, og er komne til Austevoll som arbeidsinnvandrarar. I 2015 har me runda 5000 innbyggjarar, og vesle Nora vart kåra til innbyggjar nrummer 5000 då ho vart fødd i januar. Kystkulturen har alltid vore viktig for austevollingane. Den flotte skjergarden med storhavet så tett på, er med på å gjera kysten viktig for austevollingane. Dette syner seg både i friluftsliv og satsing på friluftsområde, og i næringslivet vårt. Næringslivet i Austevoll er heilt i verdstoppen både innafor marin og maritim sektor. Ynskje og vilje til å gjera kvarandre gode, har ført til klyngeutvikling innafor fiskeri, havbruk og offshorenæringane som både forskingsmiljø og næringsliv utanfrå søkjer kunnskap frå. Austevoll har lenge vore kjent for desse næringane. Dei seinare åra har me i tillegg merka at reiseliv og matkultur har vekse seg opp som eit nytt felt der Austevoll markerer seg i verdstoppen. Ei oppleving eg seint vil gløyma, er Bocuse d or 2015 i Lyon, då Ørjan Johannessen vann den gjevaste pokalen i kokkekunst, til vill jubel frå dei fleire hundre supportarane som hadde følgd han frå Austevoll og Noreg for å heia han fram frå tribuna. Gullet er gull verdt for Austevoll kommune. Det er inga tvil om at Austevoll er verdas navle når det kjem til kokkekunst, og verdas beste mat vert servert i Austevoll ved Bekkjarvik gjestgiveri ved verdsmeisteren Ørjan Johannessen. Austevoll har fått eit viktig varemerke, og det vert lagt merke til. For å skapa robuste og samlande lokalsamfunn, treng me aktivitetar og arenaer der folk kan samlast og dela opplevingar på tvers av alder og interesser. I Austevoll er aktivitetsnivået høgt, og me nyttar

7 gjerne den frie naturen som kulturarena. I 2015 har me eit mangfald av kulturelle arrangement som høver for heile familien. Me er rett stolte over at festspela i Bergen for tredje året på rad har vald Austevoll som ein av nabokommunane der dei skal ha satelittar, med operakonsert med austevollingen Lina Johnson i Bekkjarvik 30. mai. Den 21. juni gjentek Austevoll kommune suksessen frå i fjor, og arrangerer Allsong i prestagarden på Storebø. Kystsogevekene er eit anna fast innslag, der me i august får kulturopplevingar med fokus på kystkulturen fleire stader i kommunen. Dette er berre nokre få av arrangementa i Austevoll i 2015. Fleire er under planlegging, og kjenner eg austevollingane rett, dukkar det opp meir spontante hendingar på kort varsel. Visitaustevoll er flink til å annonsera på nettsider og facebooksider, så her gjeld det å fylgja med. Austevollingane er gjestfrie og inkluderande, og me tek meir enn gjerne imot både turistar og næringsliv på reisefot. Me har mykje å by på, anten du er her på konferanse med jobben, jentetur med klubbdamene, eller på båt eller hytte med familien. Med desse orda vil eg, på vegne av innbyggjarane i Austevoll kommune, ynskja alle hjarteleg velkomne til Austevoll Med helsing Renate Møgster Klepsvik Ordførar

8 Service og handel Opningstider Daglegvare/Grossery Stores Bekkjarvik Torg måndag-fredag (08)10-19 (21) laurdag (08)10-16 (20) sundag (12-16) Bunnpris, Bekkjarvik måndag-fredag 09-20 laurdag 09-18 Rema 1000 måndag-fredag 07 23 Sentrumsbygg laurdag 08 21 Coop, Storebø måndag-fredag 0700-2300 laurdag 0800-2100 sundag (12-20) Litlakalsøy Handel måndag-fredag 10-12 / 1330-15 laurdag 10-12 / 1530-1630 Møkster Butikk måndag-tors 10-12 / 14-16 (10-16) fredag 10-12/14-16/1730-18 (10-16 /1730-18) laurdag 12-13 / 1530-16 (10-1330/1530-16) Joker, Bakkasund måndag-fredag 09-19 laurdag 09-16 (0900-1800) sundag 13-15 (12-15) Joker, Stolmen måndag-torsdag 09-1630/19-1930 fredag 9-20 laurdag 09-18 sundag 16-17 Vinmonopolet/Liqour Store (Bekkjarvik Torg) (måndag-tirsdag 11-16) onsdag-torsdag 11-16 fredag 11-18 laurdag 11-15 Bensinfylling/Petrol Stations Bekkjarvik gjestehamn 24/7 automat Austevoll båtsenter, Rabben måndag-fredag 8-16 laurdag 10-14 UnoX, Storebø 24/7 automat Bank Nordea, Storebø måndag-fredag 09-1530 (09-15) Sparebanken Vest Rådgjeving måndag-fredag 8-16 torsdag 8-1715 Daglegbank måndag-fredag 10-15 Farga tider i parantes er sommartider / coloured fonts regards summer season

Nyttig informasjon/useful info Turistinformasjon/tourist info VisitAustevoll, tlf. 959 77 601 Bibliotek/Library Bekkjarvik Torg 2. etasje tirsdag og torsdag 9-19 onsdag og fredag 9-15 (man-fre 9-15) Laurdag 12-14 (12-14) Galleri/Art Gallery Galleri Bekkjarvik Ope kvar dag Tlf.: 55 08 42 40 eller henvending i resepsjonen Bekkjarvik Gjestgiveri. Museum Hufthamartunet Tlf 55 08 10 00, Kystmuseum Bakkasund Tlf 915 27 547 Fiskerihistorisk museum, Bekkjarvik Torg, Tlf 901 35 322 Husflid/Handicraft Store Husflidskrokjen, Storebø Mandag, onsdag og torsdag 10-1630 laurdag 10-14 Tlf 56 18 04 38 Internett Det er internett til låns på bibliotek og hos Austevoll kommune. Trådlaust nettverk i gjestehamnene. Reisebyrå/Travel Agency Berg Hansen Arriva, Storebø Tlf 55 08 80 00 Ope måndag-fredag 9-16 Drosje/Taxi Bakkasund/Hundvåkøy : Tlf 971 28 818 (Kalve) Austevoll nord: Tlf 918 53 881 (Jarnes) Tlf. 465 46 877 (Åse's taxi) Austevoll sør: Tlf 975 06 723 (Drivenes) Tlf 919 16 045 (Storebø) 9 Austevoll Servicekontor/ Service Office www.austevoll.kommune.no, postmottak@austevoll.kommune.no tlf 55 08 10 00. Opningstider: 1. mai - 14. sept: 08.00-15.00 15. sept - 30. april: mån - tors 08-16 (fredag 15.30) NAV: 10-14.30 Legevakt/Doctor outside Office hours Legevaktsentral etter kl.1500: 56 18 44 11 Legekontor/Doctor's Office Storebø: 55 08 16 00 Bekkjarvik: 55 08 16 10 Austevoll kommune Sentralbord: 55 08 10 00 Naudnummer/Emergency Office Brann/Firedep: 110 Politi/Police: 112 Ambulanse/Ambulance: 113 Måndag, tirsdag, onsdag, torsdag, fredag, laurdag, sundag = Monday, Thuesday, Wednesday, Thursday, Friday, Saturday, Sunday

10 Austevollspulsen 2015 30. mai Festspillkonserten «Operaaften» i kl.18 Hengjo (Bekkjarvik) Lina Johnson & Audun Iversen. På piano Sveinar Aase 20. juni Stort moteshow på kaien i Bekkjarvik DJ Marianne Jemtegård BBQ, bobler & klassisk konsert på Bekkjarvik Gjestgiveri 21. juni Allsang i Prestagardshagen med Solveig Kloppen, Tor Endresen, Elisabeth Andreassen og Christine Sandtorv 23. juni Jonsokfeiring med bålbrenning på Hufthamartunet 4. juli Fiskefestival på Stolmen, med "Ta sjansen" 20. juli dekksfest «Santa Maria Manuela» i Bekkjarvik Gjestehavn 23. juli Sommeråpent med NRK frå Bekkjarvik Gjestehavn 24. juli Årets store sommarkonsert Odd Nordstoga m/band & Hjarteklang i Bekkjarvik 1. august Møkster maraton med Jan Eggum 14-16. august Kystsogehelg i Bekkjarvik & Kvalvåg For fleire arrangement, følg med på visitaustevioll.no

11

12 Overnatting Selbjørn Bekkjarvik Gjestgiveri Overnatting i det tradisjonsrike gjestgiveriet frå 1600-talet, med tilhøyrande suiter/leiligheiter i restaurert sjøbu/tønnefabrikk like ved. Høg kvalitet! Kurs og konferanselokale/møterom med alt utstyr, galleri, selskapslokale, restaurant med godt kjøken, bar. Flott utsikt. Alle rettigheiter. Breiband (kabel og trådlaust), kabel-tv, ip-telefoni. www.bekkjarvikgjestgiveri.no post@bekkjarvikgjestgiveri.no. Tlf 55 08 42 40, Fax: 55 08 42 41, P.B 33, 5399 Bekkjarvik. Stenevik Gjestegaard Stenevik gaard var kongegods fram til 1667. Garden er i dag restaurert til gjestegard med overnatting. Dobbeltrom med bad, 4 senger. Leiligheit: 3 soverom 8-10 senger. Backpackers room for 2 pers. Fiske- og båtsafari. Team-building. Nordsjøløypa. Buss eller bil frå Bergen. Tlf 906 26 988. E-post : overnatting@online.no, www.garfrend.no Heim i garen Veivåg. 5397 Bekkjarvik. tlf. 970 65 519. E-post: nils@lysglimt.net To hytter ved sjøen. Begge med to soverom og hems. Fullt utstyrte for opphald. Breiband. Nye plastsnekker. Stolmen Stangeland Gjestegard Leiger ut hus og selskaplokaler. Open pub siste lørdag kvar månad. Telefon: 414 04 158. Skulehuset på Stolmen Det gamle skulehuset på Stangeland, tilbyr overnatting, selskapslokale, undervisningsrom og gymsal, treningsrom og badebasseng. Er eigd og driven av Stolmen Vel. Ring vakttelefonen for tinging: 977 13 435 eller gå inn på www.stolmenvel.no for meir info.

13 Storakalsøy Arne Kalve, Bakkasund Leiligheter, gjestehavn og museum 5384 Bakkasund. Tlf : 976 877 73 mail : uskalve@gmail.com Rorbu på Bakkasund To doble soverom + hems. Tv og oppvaskmaskin. Båt og parkeringsplass. 0 m frå havet. Ledig for utleige heile året. Berre vaksne / familie. Kontakt Kleppe på tlf 900 73 116. I havgapet Horgo Huset har innlagt vatn, men ikkje straum. Ta med sovepose. På kjøkenet er det kokeplate med propangass, kokekar og dekketøy. I stova er det vedkomfyr, elles inga oppvarming. Kontakt Bergen og Omland Friluftsråd, Tlf 55 39 29 50. Marstein Fyr Ligg ved innseglinga til Bergen. Ei fantastisk oppleving ut mot havet. Kurs, konferansar, seminar, kick-off og overnatting, samt havfiske og sjørafting. www.panoramahotell.no Bubilplassar Gjeld tidsrommet 20. juni til 20. august Bekkjarvik v/ skulen. Sanitærtilhøve Selbjørn v/ Stolmabrua Vinnes v/ Vinnes aktivitetshus. Sanitærtilhøve etter avtale

14 Servering Bekkjarvik Gjestgiveri Selskapslokale, restaurant, bar/pub. Uteservering. Alle rettigheiter. Kjent for god, heimelaga mat. Kurs og konferanselokale/møterom med alt utstyr. Opnigstider restaurant: 12-21 www.bekkjarvikgjestgiveri.no post@bekkjarvikgjestgiveri.no Tlf 55 08 42 40 Fax: 55 08 42 41, P.B 33, 5399 Bekkjarvik Tonnings Mathus 5397 Bekkjarvik. Koseleg etestad i Bekkjarvik Torg - alle rettigheiter. Ope måndag-laurdag 10-19, sundag 13-21 (utvida opningstid sommar) Tlf: 55 08 26 50. Stangeland Gjestegård 5388 Stolmen Leiger ut hus og selskaplokaler. Open pub siste lørdag kvar månad. Telefon: 414 04 158. Matkjellaren Gamle prestagarden 5392 Storebø, Tlf 472 29 799 www.matkjellaren.no Alle rettigheiter. Pizza, brød, bollar og kaker i fine historiske omgjevnader. Uteservering. Drengastovo - selskapslokale til utleige. Opningstider: måndag-tors: 10-17 (20), fredag-sundag: 10-20 (22) Heimalaga Storebøportalen, 5392 Storebø, Tlf 56 18 00 19 Gode, lokale råvarer rett over disk eller foredla til nydelige rettar og søte fristelsar - ekte matglede! Følg oss på Facebook, Heimalaga - ektefølt mat! Joker Bakkasund Bahus, 5385 Bakkasund, Tlf 56 18 31 90 Kaffi, boller, pizza og baguettar i butikken sine opningstider. Møkster Butikk 5387 Møkster, Tlf 55 08 58 78, narbutikken.mokster@narbutikken.no Kaffi, boller og brød i butikken sine opningstider.

Oppskrifter frå verdsmeister Ørjan 15 Bakt sjøkreps med syrlig agurk- og fennikelsalat Denne enkle komposisjonen har vore ein forrett på menyen til Bekkjarvik Gjestgiveri. Den inneheld alle dei elementena eg set pris på i ein rett: god sjøkreps, syrlig salat og fennikel. Drikk gjerne ein god riesling til. Til 4 personar 4 rensa sjøkrepshalar salt pepar rive skal av 1/4 sitron 1 ss smør Fennikelsalat: 1 fennikel 1 agurk saft av ½ sitron 1 ts olivenolje Soyasaus: 3 ss ketjap manis (søt soyasaus) 1 ss salt soyasaus 1 ts revet ingefær saft av 1 sitron Blad av koriander til anretting Del krepsehalane i tre bitar. Krydre halane med salt og pepar. Riv litt av sitronskalet over krepsebitane. Legg krepsebitane på eit steikebrett og ha på smøret. Bak dei i omnen på 190 grader i omlag fire minutt. Fennikelsalat: Skjær fennikel og agurk i tynne skiver og bland dei. Smak til med sitronsaft og nokre dråpar olivenolje. Soyasaus: Bland dei to soyasausane med ingefær og safta av ein sitron. Anrett salaten på ein tallerk og legg krepsebitane over. Hell over soyasausen og topp med blad av koriander.

16 Skinnstekt lyr med rosin- og kaperssaus Lyr er ein av mine favorittar i torskefamilien. Prøv deg langs land om du ynskjer å fiske lyr. Den held seg for det meste i tareskogen tett oppunder land. Eg elskar det sprø skinnet og det kvite, delikate fiskekjøtet som flakar seg heilt perfekt! Til 4 personar Omlag 800 g filét av lyr, med skinn salt, pepar solsikkeolje eller anna nøytral olje til steiking Rosin- og kaperssaus: 6 stjernelauk 4 ss lyse rosiner 2 dl vatn 2 ss kvitvinseddik 100 g smør 4 ss olivenolje 2 ss kapers 2 ss finhakket sjalottlauk 2 ss pinjekjerner, rista i tørr steikepanne hakka persille små terningar av kokt eller sylta rødbet Forvarm steikeomnen til 150 grader. Skrap skinnet på fisken ekstra godt. Skjær nokre skråsnitt i skinnet, då held fisken forma under stekinga. Krydre fisken med salt og pepar og steik han fint brun i olje på skinnsida. Legg fisken med skinnsida opp i ei eldfast form som er smurt med olje. Ettersteik han i omn til han er nesten gjennomsteikt, 12-15 minutt på 150 grader. Rosin- og kaperssaus: Rens og del laukane i to. Brun dem fint på snittflata, legg dei i omnen ved sida av fisken og bak dei møre. Gi rosinene eit godt oppkok i vatn tilsett eddik. La dei renne godt av. Kok opp smør og olje, rør inn rosiner, kapers, sjalottlauk og pinjekjerner og gje sausen eit kjapt oppkok. Rør inn persille og rødbetterningar like før servering.

17 Blåskjelfrikassé med ramslaukbuljong og spinatpuré Dette er ein rett som er inspirert av garnityret vi lagde under kokkekonkurransen Bocuse d Or i Stockholm. Der skal det visuelle uttrykket fenge dommarane. Men blåskjel i god buljong med ramslauk, persille, sitron og spinat smeller godt i ganen, og det er det viktigaste. Til 4 personar Ramslaukbuljong: 2 dl kvitvin 2 fedd finkuttet kvitlauk 1 finkuttet sjalottlauk 1 kg vaska og rensa blåskjel 1 dl mjølk 50 g smør 1 ss ramslaukpuré (spør i daglegvarebutikken) 1 kvast kruspersille Spinatpuré: 200 g rensa spinat ½ dl kyllingkraft eller vatn 1 ss smør 1 ss olivenolje 2 ss potetmospulver 1 fedd kvitlauk salt 2 blomkålbukettar grønn karse Ramslaukbuljong: Kok opp kvitvin med kvitlauk og sjalottlauk. Reduser til halvparten. Tilsett blåskjela og sett på lok. Damp skjela til dei opnar seg og kast dei skjela som ikkje er opne. Sil av krafta. Plukk ut kjøtet av skjela og legg dei til sides. Hell mjølk i krafta og kok opp. Rør inn smør og ramslaukpuré. Køyr krafta i en blender med kruspersille. Då får du ein tynn, grøn og smakfull buljong. Spinatpuré: Rens spinat i vatn og tørr godt. Kok opp kraft. Legg spinaten og kvitlauk i kraften, og rør om. La spinaten dette samman. Ta ut kvitlauken og legg spinaten i en blender. Tilsett smør, olivenolje og potetmospulver. Potetmosen vil gje spinatpureen en fastare konsistens. Køyr spinatblandinga glatt og smak til med salt. Anrett spinatpureen i botnen av ein tallerk. Legg på blåskjela. Lag smular av blomkålen med ein potetskrellar og strø dei rundt. Topp med rykande varm ramslaukbuljong og karse.

18 Panna cotta med karamell og appelsin Den italienske desserten panna cotta inneheld av tre ingrediensar: sukker, gelatin og fløyte. Det at han er kjapp å lage gjer det til eit takknemleg innslag på eit stort dessertbord. Eg har tilsett litt karamell, men appelsina syt for at han ikke vert for søt. Til 4 personar 3 gelatinplater 60 g sukker 4,5 dl fløyte ½ vaniljestang delt i to på langs 2 appelsiner skrelt og rensa 2 ss appelsin-zest sitronmelisse Panna cotta: Legg gelatinplatene i kaldt vatn til dei vert mjuke. Smelt sukkeret i ein kjele til lys karamell. Tilsett 3 dl av fløyten og vaniljestanga. Kok under lokk til karamellen er oppløyst i fløyten. Riv over det oransje av appelsinskallet. Trekk kjelen av plata og tilsett gelatinen og resten av fløyten. Sil røra og hell ho i former. Appelsin-zest: Appelsin-zest lagar du ved å kutte tynne strimlar av appelsinskall som kokast opp i vatn tre gongar. Hugs å byte vatn kvar gong for å fjerne bitterheita frå skalet. Sil av og strø på ei spiseskjei sukker. Legg nokre zest-strimlar på toppen av panna cottaen, og topp med friske, fine bitar av appelsin. Avslutt med sitronmelisse.

19 Lesk (alle kan lagast alkoholfrie sjølvsagt) Iskald frukt-te 1 l vatn 35 g frukt-te etter eige ynskje 65 g sukker ½ korg bringebær ½ korg jordbær saft og grove flak av sitronskal av ein heil sitron Passion Sødmefulle, oppfriskande fruktdrinkar passar til dei fleste høve. Til eitt glas: 2 pasjonsfrukt 4 cl vodka 1 ts sukker 2 limebåtar vatn med bobler knust is Del pasjonsfrukten i to, og skrap ut det saftige kjøtet med svarte kjerner. Legg det i et glas, bland inn vodka og sukker. Press over safta av to limebåtar. Rør godt. Topp med boblevatn og masse knust is.

20 Bringebærmojito Forfriskande og leskande, deilig, søtt og syrlig. Dette er ein skikkelig gla drink. Du kan byte ut bringebæra med anna frukt som ananas, jordbær, kokos og solbær. Alt vert godt med rom, sukker og lime. 4 cl rom 8 mynteblad 1 ss brunt sukker 12 ferske bringebær ½ lime delt i fire club soda knust is Eitt glass Ha alle ingrediensane i glaset. Mos ingrediensane med eit treredskap, då kjem smaken i ingrediensane best fram. Fyll opp med is og hell over club soda. Pynt med heile, fine bær.

21 Sparkling orange Denne spanske drinken drakk eg for fyrste gang i San Sebastián. Det er ein vanleg sommerdrink i Spania, men passar også som aperitiff. Sparkling orange kjem med humørgaranti. Det eineste du treng å gjera er å servere den i ei bøtte med to sugerør. 1 dl fersk appelsinsaft 1 appelsin i skiver 3 dl tørr cava knust is Pakk isen inn i et kjøkkenhandkle og slå den sund med ein hammar eller liknadede slik at isen vert knust i småbitar. Hell masse knust is i bøtta. Hell over kald, sprudlande cava. Press over saft fra søte, solmodne appelsiner. Putt oppi appelsinskiver og rør godt.

22 Bocuse d'or På den livlege norske tribuna i Lyon vert det brått heilt stille. Sverige har vunne bronse i kokke-vm ; USA sølv. Noreg er ikkje ropt opp på topp 5 enda, men det er heller ikkje Danmark. No er det himmelen eller helvete. Ørjan Johannessen står side om side med laget sitt framme i manesjen og klamrar seg det det norske flagget, medan han ventar på dommen. Og så skjer det, borgarmeisteren opnar konvolutten og seier noko på fransk. Me skjønar ikkje alt, men LA NORWEGE forstår me. Han klarte det. Dei som var med til Lyon vil nok aldri gløyma dette øyeblikket, jubelen og gleda me fekk dele med Ørjan og familien Johannessen, onsdag 28.januar 2015. I Bekkjarvik har me no verdas beste kokk, born and bred på Bekkjarvik Gjestgiveri. Austevoll er ikkje lenger ein halvmåne av små og store prikkar på det gastronomiske verdskartet, men heimstaden til ein gullvinnar, ein Bocuse Chef. Heilt tilbake til 1600-talet har både kongar, sjøfolk og bergensarar vitja den vakre havna for kost og losji, men med verdsmeistertittelen på brystet har Ørjan løfta restauranten til den erverdige gjestgjevarstaden opp mot nye høgder. Kort tid etterpå vert tvillingbroren Arnt kåra til «Årets Kjøkkensjef» av det norske kokkelauget. Me jublar på ny. Fantastiske prestasjonar. Kor denne eventyrlege matreisa vil ende, veit me lite om men akk kor stolte austevollingane er av å kunne ynskje dykk velkomne til øya og Bekkjarvik Gjestgiveri for å smake på delikatessene. Bon Appetít!

23 Fiskerikommunen Austevoll Austevoll er blant dei fremste fiskerikommunane i landet. Fiske og verksemder knytt til aktivitet på sjøen har i århundrer vore grunnpilaren i næringslivet vårt. Helsing frå gulljenta Sommar i Austevoll er fantastisk. For min del brukar eg ein del tid om sommaren til trening. Derfor synast eg fjellturar og andre turløyper er godt å ha, i tillegg er det fint å tilbringe tid på sykkelen i Austevoll. Fantastisk flott natur! Nærleiken til sjøen synest eg er viktig, då eg er glad i å fiske. Det er kjekt at dei har så mykje som skjer i kommunen sommarstid, som Havfest, Allsong i prestagarden og andre tilstellingar. Det er mykje ein kan sjå og oppleve i Austevoll, og er heilt klart verdt eit besøk. Hanne Haugland

24 Aktivitetar og friske opplevingar Bade Sjøbad er den friskaste opplevinga! Du kan vasse og hoppe i klar sjø, frå varme svaberg og lune viker. Fleire plassar er godt eigna for hele familien og er lett tilgjengelege. Båtsafari Opplev sjøen og Noregs vakre kyst. Garfrend AS tek deg med på ein totimars motorbåttur rundt Selbjørn. Oppstart på brygga i Steinevik eller frå Bekkjarvik hamn etter avtale. Dersom vêret er fint vert det også landhogg i bortgøymde viker og strender eller holmar. Stopp i Stolmavågen ved dei gamle unike sjøhusa, og ein tur innom hamna på Lundøy. Lundøy er registrert som den fyrste busetninga i Austevoll. Kanskje bit fisken óg? Garfrend: www.garfrend.no, tlf 906 26 988 "Hardsjø": tlf 55 08 42 40 / 997 92 761 / 411 01 623 Sykle Øyane i Austevoll er sykkelvenlege på alle måtar med korte avstandar, nye opplevingar rundt kvar av dei mange svingane, moderate bakkar. Austevollingene er blitt sykkelfrelste og du vil møte mange av dei i frisk fart langs vegane. Sykkelutleige: Intersport Bekkjarvik, tlf 56 18 08 56 Joker Bakkasund, tlf 976 87 773 Livsstilsenteret (sykkelklubben), Storebø, tlf 955 279 71 NFU Austevoll har tandemsykkel tilgjengelig tlf 55 08 14 62 / 63 - Austevoll bufellesskap Skjærgårdsruta i Sunnhordland Dette er ein ferdig opplagt sykkelferie i Sunnhordland, inkludert Austevoll. Sjå www.norske-bygdeopplevelser.no Kystkultur Kystkultur er kystlandskapet, skipsleia, nausta, sjøhusa, båtar, sjømerka, Kystsogeveker, fiskefestival, fiskerimuseum, Hufthamartunet, veteranbåttur, fiskerihamner, ferjer og mykje meir. Øyhopping Du kan nytta lokalbåten M/S "Tjelden" til øyhopping i den flotte austevollsnaturen. Avgong fleire gongar for dagen mellom Bekkjarvik, Lundøy, Litlakalsøy, Møkster, Sandtorv og Hufthamar. Om sommaren har den også stopp på Hevrøy i helgane. Sjå bak i guiden for rutetider, eller www.skyss.no

Klatring Austevoll har fleire eigna bergveggar for klatring. Innandørs klatrevegg i Austevollhallen (AIK-regi). Utandørs klatrefelt; Vasseidet (Huftarøy) og Kalsundsholmen (Vinnes), som er barnevenleg. 25 Gå på tur Mange gode turstiar, langs Nordsjøløyper ut mot havet, langs havet, i flott furuskog eller lyngheiar eller opp mot Austevoll sine fjelltoppar for praktfulle rundskue over kystlandskapet. Det er eige turlag i Austevoll med eiga side på Facebook, søk etter Austevoll Turlag. Dykke Mange gode plassar for dykking. Luft kan du fylle på Rabben, Austevoll Båtservice, tlf 56 18 51 50 eller på Bakkasund, tlf 971 288 18. Med bil : Stolmen, Kvalvåg Stolmen, moloen Gauksheim, moloen Blænes Hundvåkøy, Skår Barmen Padle kajakk Med alle sine 667 øyar er Austevoll eit eldorado for kajakkpadling. Sjå havstrilpadleklubb.no Sjå villsau Den gamalnorske spelsauen med horn og fargerik ull kan du ofte sjå langs vegane, ved turstiane og frå båt. Fiskerihamner Austevoll er ein av Norges største fiskeri- og oppdrettskommunar. I fiskerihamnene på Storebø, Torangsvåg og Salthella kan du ofte sjå store båtar. Skipsleier Frå dei flotte bruene får du eit godt oversyn over skipsleiene gjennom Austevoll med båtar, sjømerke og aktivtet, seint og tidleg. Veteranbåttur med gavlabåten "Notmann" Seglturar torsdagar kl 17 frå Bekkjarvik og nokre sundager ved etterspurnad. Blåtur er ein moglegheit. Kontakt Svein Midtøy i Kystlaget, 5392 Storebø - tel: 56 18 55 88, mob: 950 86 856 Med båt: Husavik, Langenuen (båt) Møkstrafjorden (båt) Vest for Litlakalsøy (båt) Marsteinen (båt) Horgo (båt)

26 Veteranbåtcruise med Granvin. Veteranbåten Granvin går faste ruter om sommaren. Her kan du reise til og frå Austevoll, men det er også mogleg å reise korte turar innad i kommunen. Nyte utsikten til havet og skjærgården Havet er alltid friskt, i stille eller storm, tidleg eller seint. Havet og skjergården ser du frå dei flotte bruene eller frå ein av fjelltoppane etter ein kort tur. Sjå havørn Austevoll har etterkvart mange havørn som du ofte kan sjå i naturen, spesielt frå toppane. Fiske Du kan fiske i ferskvatn eller fritt i sjø mange stader, frå land eller frå båt. Innaskjers eller ut mot havet. Det er lett å kome til ved dei flotte bruene eller i friluftsområda. Frå bryggekanten er det lettaste for dei minste "storfiskarane". Fiskesafari, tlf 906 26 988. Det er også mange fine stader i fiske ferskvatn. Sjå meir informasjon på side 50. Jakt Austevoll har eit Jakt- og fiskelag med fleire tilbod til medlemmane, mellom anna ei medlemshytte ved Furubotnavatnet på Selbjørn og båtar i fleire vatn. Laget har òg skytebane med elektroniske skiver, leirduebane og pistolskyting. Her kan du ta jegerprøvekurs. Basseng Stolmen Helsebasseng, tlf 977 13 435. Ta kontakt for avtale. Austevoll Ungdomsskule. Sjå elles www.austevoll.kommune.no

27 Idrettsanlegg Austevollhallen/Idrettsanlegg: Idrettshall og utandøs idrettsanlegg på Eidsbøen, Huftarøy. Squashbane, bowlingbane, klatrevegg, krøllgrasbanar, grasbane, løpebane. tlf 55 08 44 40, www.aik.no, e-post: aik@lysglimt.net. Hundvåkøy: Krøllgrasbane og ballbinge. Selbjørn idrettsanlegg: Grusbane, tennisbane, sandvolleyball, balbinge og krøllgrasbane i Bekkjarvik. Leikeplass. Idrettshall: Sosialt rom, kjøken, trimrom, skytebane, klasserom, ungdomsklubb m/ bordtennis, billjard, playstation m/meir. www.selbjornil.no Storebø: Ballbinge. Kolbeinsvik: Ballbinge/skøytebinge. Møkster: Ballbinge. Trening Austevoll fysioterapi og treningsenter (AFT), Bekkjarvik. Tlf 934 57 444 Livsstilsenteret, trening Sentrumsbygg Storebø og Bekkjarvik Torg. tlf 955 27 971 www.livsstilsenteret.no Stolmen Treningsrom og basseng, v/stolmen skule. Tlf 97713435 Guida tur Ynskjer du guide i Austevoll? Kontakt ARL/turistkontor, tlf 917 62 534 Anna Austevoll Pensjonistlag Tlf 950 57 015 Austevoll Sau og Villsaulag Tlf 908 91 346 Austevoll kyst- og sogelag Tlf 950 86 856 Austevollw Husflidslag Tlf 976 52 770 Austevoll Rødekors Tlf 957 23 205 Stangeland Gjestegard Tlf 414 04 158 Austevoll Turlag Tlf 924 57 236 Austevoll Husflidlag Tlf 917 19 459