Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 13.02.2014



Like dokumenter
Rettleiar for gjennomføring av undervisningsevalueringa ved dei vidaregåande skolane

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,

Foreldreundersøking i skule 2006

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Lærarane har for lite makt over eiga arbeidstid blir pålagde arbeid som ikkje er undervisningsrelatert, har for mange delegerte oppgåver

TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole

Forfall skal meldast til utvalssekretær, som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling.

Møteinnkalling. Side1. Utval: Yrkesopplæringsnemnda Møtestad: 102 Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 10:30

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

Høyring - endring i Opplæringslova - Friare skoleval, moglegheit til å tilby meir grunnskoleopplæring m.m.

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule a

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

Kommunedelplan for oppvekst

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kirsti Øye Driveklepp Arkivsak: 2015/905 Løpenr.: 7169/2015

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Tiltaksplan mot mobbing

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN

Kvalitet i dagleg arbeid. Stolte fagfolk for framtida

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Lokale lønsforhandlingar i Førde kommune. 3. september 2014

Høyringsutkast. Merkantile tenester og merkantil struktur. Ved vidaregåande skular i Hordaland

Skulebruksplanen Uttale frå Sogn Regionråd

Kvalitetsundersøking våren 2014

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Saman eller singel? Informasjonsmøte om kommunereformen: intensjonsavtalen, Giske aleine etter 2020, folkerøysting, framdriftsplan.

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Strategi for kompetanseutvikling

Oppfølging av 9A i Opplæringslova Handlingsplan Myking skule

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 01/12 08/12

I brev med varsel om pålegg av fekk de frist til for å komme med kommentarar. Vi har motteke kommentarar frå dykk.

Kurs i livsstilsendring Er det mogleg å hjelpe nokon til å endre livsstil??

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

Informasjonsgrafikk, Essay 2. Utvikling og design av skjema Håvard Hvoslef Kvalnes, 13hbmeda,

Studieretning for idrettsfag. 5t Toppidrett fotball (ein kan ha det alle tre åra). 5t Breddeidrett fotball (ein kan ha det alle åra)

Rutine for oppfølgingsmøte:

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Matematikk 1, 4MX1 1-7E1

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret Kommunestyret

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Kviteseid kommune. Møteinnkalling

HANDLINGSPLAN Side 1

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGA

Vurderingsrettleiing 2012

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE

STANDPUNKTKARAKTER 2016

Alderspensjon frå folketrygda

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Plan for forvaltningsrevisjon

Medarbeidersamtale. Veiledningshefte. Medarbeidersamtale. Mars 2004 Avdeling for økonomi og personal

MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Møterom 157 kommunetunet Saknr.: 36/13 42/13

PLAN FOR TILSYN MED BARNEHAGANE I VESTNES KOMMUNE

Strategiplan for kompetanseutvikling i grunnskulen i Norddal kommune Handlingsplan 2008

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

BRUKARRETTLEIING FOR KSYS

ULSTEIN KOMMUNE SIDE 1 BARNETRÅKK. Fagdag om temadata Anita Sundnes. Leiar for plan- og bygningsavdelinga, Ulstein kommune

Betre tverrfagleg innsats. Handlingsrettleiar. Åd Årdal lkommune

Prøveutviklere omfatter både de som utvikler og administrerer prøver, og de som tar politiske beslutninger for bestemte prøver.

Saksnr Utval Møtedato 18/15 Hovudsamarbeidsutvalet

Informasjon til elevar og føresette: Kva er nytt i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa frå hausten 2006?

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Vedlegg. Det er fagets læreplan som styrer om eksamen skal være muntligpraktisk.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT)

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Gulen kommune

VINJE KOMMUNE MØTEBOK UTVAL STAD DATO KL.

Sakliste: MØTEPROTOKOLL

Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 17/18 (UD-12/17)

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? NY DATO! Laurdag 19. SEPTEMBER Påmeldingsfrist 11. september 2015.

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

:00-15:00 MERK!

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

- Retningslinjer for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 04.02.2014 7234/2014 Harald Tomren Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 13.02.2014 Undervisningsevalueringa 2013-2014 Bakgrunn Frå ulike hald har det kome fram ønske om ei sterkare og meir systematisk vurdering av lærarane i skolen. Utdanningsutvalet har sidan 2008 hatt fokus på denne saka, og det vart gjennomført prøveprosjekt med undervisningsevaluering på nokre av skolane, før det vart endeleg vedteke at alle skolane skulle være med frå 2010. Vi viser til følgjande saksframlegg: Ud-14/08 A Lærarvurdering, Ud 18/09 A Status prøveprosjekt undervisningsevaluering, Ud-17/10 A Undervisningsevaluering skoleåret 2009/2010 og Ud 14/11 A Sak om gjennomføring av undervisningsevaluering vinteren 2011 og Sak Ud-2/13 Gjennomføring av undervisningsevalueringa vinteren 2012. Saka vart vidare behandla av Utdanningsutvalet den 02.05.13, og vidare i Fylkesutvalet som referatsak den 27.05.13. Det vart fatta følgjande samrøystes vedtak i Utdanningsutvalet og Fylkesutvalet: 1. Undervisningsevalueringa skal omfatte alle lærarar i fleire fag, og skal gjennomførast på slutten av 1. og 2. termin 2. Undervisningsevalueringa skal innehalde fritekstfelt slik at elevane i tillegg kan gi direkte tilbakemelding til læraren sin undervisning 3. Hovudresultata frå brukarundersøkingane skal behandlast i elevråda 4. Læraren skal følgje opp resultatet av undersøkinga saman med elevane og saman foreslå tiltak for å utvikle undervisinga i faget 5. Skoleleiinga skal følgje opp resultatet av undervisningsevalueringa i medarbeidarsamtale/utviklingssamtale med lærarane Nytt spørjeskjema med fritekstfelt og integrering av resultata i PULSportalen Spørsmåla i undersøkinga vart gjennomgått, evaluert og kvalitetssikra av ei gruppe med rektorar frå dei vidaregåande skolane, elevombodet og fylkesutdanningssjefen hausten 2012. Sjølve innhaldet i spørsmåla vart ikkje endra, men det vart lagt vekt på ei enklare språkføring der ein tok vekk ein del skolefaglege uttrykk som kan vere vanskelege å forstå for elevane. Det vart i tillegg bestemt at skjema skulle få

ei utforming med fritekstfelt, der elevane kunne gje direkte tilbakemeldingar til læraren om kvaliteten på undervisninga. På grunn av tidsnaud greidde ikkje leverandøren av undersøkinga - Conexus å levere det nye skjemaet til undersøkinga vinteren 2012, men skjema vart teke i bruk dette året. Med det nye skjemaet, som er utvikla på ei ny datateknisk plattform, så vil resultata av evalueringa no kunne førast over til kvalitetsstyringsverktyet PULS, slik at vi får samla fleire av brukarundersøkingane i ein og same portal. Dette vil betre oversikten både for skoleeigar og skoleleiarane. I samarbeid med Conexus A/S har dei 14 fylkeskommunane som bruker verktyet PULS utvikla eit felles spørjebatteri som kan nyttast i undervisningsevalueringssamanheng. Spørjebatteriet er lagt ved. Tidspunkt for gjennomføringa 1. termin Nytt av året er at Utdanningsdirektoratet har valt å flytte elevundersøkinga frå 2. til 1. termin av skoleåret. Denne brukarundersøkinga var open frå 1. oktober og fram til den 10. januar. For å unngå at elevane fekk fleire brukarundersøkingar samstundes, vart skolane bedne om å gjennomføre elevundersøkinga før 1. november. Dette for å gje plass til undervisningsevalueringa i tidsrommet frå 15. november og fram til 18. desember. Notat til rektorane og skoleadministratorane om gjennomføringa vart sendt ut den 11. november. I dette notatet vart det òg gitt informasjon om omfanget av undersøkinga og dei vedtaka som var gjort i utdanningsutvalet, mellom anna om fritekstfeltet og bruken av dette. Utdanningsavdelinga reviderte rettleiaren for undervisningsevalueringa og sendte denne ut til alle dei vidaregåande skolane. Av ulike omstende hos leverandøren Conexus, så kom ikkje undervisningsevalueringa i gang før den 2. desember. Fylkesutdanningssjefen måtte difor utsette fristen for å ha gjennomført evalueringa ute på skolane fram til den 24. januar, men likevel innafor 1.termin.. Administrasjon av undervisningsevalueringa Kvar einskild skole har sin eigen skoleadministrator. Dette er røynde skoleleiarar, enten rektor, assisterande rektor, eller ein av avdelingsleiarane ved skolen. Utdanningsavdelinga sender kvar haust ut førespurnad til rektorane om namn, e- post adresse og telefon på skolane sine skoleadministratorar for brukarundersøkingane. Namneliste over desse vert deretter formidla direkte til Conexus, som er leverandør av det elektroniske skjemaet og dataløysing for gjennomføringa. Conexus sender deretter ut et regneark til kvar skole, der administrator må knytte lærer til kvar elevgruppe og kvart fag. I vår undersøking skal læraren knytast opp mot fleire ulike fag og mot fleire elevgrupper. Undervisningsevalueringa vert difor ei stor logistikkøving og då spesielt for administratorar på store skolar med studiespesialisering, der elevar ofte går på tvers av eigen klasse i val av programfag. Skoleadministrator må passe på at kvar elev ikkje må fylle ut unødig mange skjema og på denne måten mister verdfull undervisningstid. For at kvar enkelt lærer i dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal skal verte evaluerte i to fag kvar, så må dei ca. 9600 elevane i fylket fylle ut over 40.000 evalueringsskjema. Dette gjer eit snitt på over 4 skjema per elev. Tidsbruk ved gjennomføringa og bruk av fritekstfeltet Fylkesutdanningssjefen har bedt dei vidaregåande skolane om ei utgreiing av tidsbruken ved å rapportere om ressursar som brukast for å legge til rette for

evalueringa, informasjon til lærarar og elevar, gjennomføring, oppfølging og rapportering. Fylkesutdanningssjefen vil òg ha rapport på i kva grad og korleis fritekstfeltet er brukt, t.d. om det er brukt useriøst. Skolane må ha ein beredskap for å kunne følgje opp lærarar som opplever å få svært useriøse og sjikanerande tilbakemeldingar. Økonomi Kostnader knytt til gjennomføring av undervisningsevalueringa I følgje kontrakten med Conexus vil ei gjennomføring av undervisningsevalueringa kosta Møre og Romsdal fylkeskommune kr 99.000,- + kr 8,- per elev. Med eit elevtal på ca. 9600, så vil dette føre med seg kostnader på kr 176.000,- per gjennomføring. Med to gjennomføringar kvart skoleår vil kostnaden verte kr 352.000,-. Vurdering av gjennomføringa av undervisningsevalueringa 1. termin Dei vidaregåande skolane meiner at perioden frå medio november og ut terminen er det beste tidspunktet for gjennomføring av undervisningsevalueringa. Dette på grunn av at då kan både den pålagde elevundersøkinga være ferdig, samstundes som all logistikk og planlegging av yrkes- og karriererettleiinga for ungdomsskoleelevar som hospiterer i dei vidaregåande skolane i faget «utprøving» kan være ferdig. Elevane har på dette tidspunktet òg fått moglegheit til å få røynsle med læraren si undervisning og undervisningsmetodikk. Rektorane melder at det å auke evalueringa til to fag per lærar, har gjort at det har blitt vesentleg meir arbeid for skoleadministratorane, det merkantile personalet ved skolane og for avdelingsleiarane. Skoleadministratorane har brukt mellom 1 3 dagar på å førebu undervisningsevalueringa, litt avhengig av storleik på skolen og kor mange lærarar, klassar/grupper av elevar som har vore med. Skoleadministratorane har òg brukt noko tid på å formidle informasjon og gje rettleiing til avdelingsleiarane, som vidare har informert sine lærarar på fellesmøte. Det er gjeve informasjon til elevrådet gjennom møte i skolemiljøutvala på dei fleste skolane. Utdanningsavdelinga har lagt ut informasjon om brukarundersøkingane til alle elevar på Ung Web (Møre og Romsdal sin portal for skoleelevar) Lærarane har i snitt brukt ein undervisningstime til informasjon og gjennomføring av evalueringa per klasse. Til gjennomgåing, evaluering, diskusjon i klassa og utarbeiding av tiltak, så er det i snitt brukt ein undervisningstime. Lærar og avdelingsleiar må sette av noko tid i medarbeidarsamtalen til refleksjon om tiltaka, samt tid til evaluering av tiltaka både i klassane og i utviklingssamtale med avdelingsleiar på våren. Dette tyder på at lærarane brukar 2 3 undervisningstimar per klasse for å gjennomføre undervisningsevalueringa. Med evaluering i 2 fag vil dette utgjere 4 8 undervisningstimar. For elevane sin del så vil det altså gå med ein time til informasjon og gjennomføring, ein time til gjennomgang av resultata og utarbeiding av tiltak med læraren, samt ein time til evaluering og samtale om korleis tiltaka har virka inn på kvaliteten av undervisninga. I alt 3 undervisningstimar. Når vi veit at elevane i snitt må fylle ut 4 skjema kvar, så vil undersøkinga i einskilde høve ta frå eleven 10 12 undervisningstimar i fag. Dette vil sjølvsagt variere ein del frå skole til skole. Nokre vil miste færre timar, andre faktisk fleire. Vi har fått rapportar som tyder på at elevar har måtta fylle ut heile 6 skjema.

Fritekstfeltet har vorte nytta av om lag ein tredel av elevane. Ein gjennomgang viser at mange elevar har nytta feltet til konstruktive og positive tilbakemeldingar til sin lærar, men vi har òg merka oss at det har vore alvorlege overtramp og ein god del useriøse kommentarar. Teknisk sett har gjennomføringa fungert godt, sjølv om det har vore problem med samhandlinga mellom nokre av brukarane og leverandøren med omsyn til formidling av lærarlister, passord og brukarnavn. Dette på grunn av omlegging av e-post systemet i utdanningssektoren denne hausten. Vurdering av omfang Utdanningsutvalet har gjort vedtak om å gjennomføre undervisningsevaluering 2 gonger i året, ved slutten av 1. termin og ved slutten av 2. termin. Det er òg gjort vedtak om at kvar einskild lærar skal evaluerast i fleire fag. Utdanningsavdelinga har, i dialog med leverandøren Conexus, kartlagt korleis undervisningsevalueringa vert gjennomført i dei andre fylka som brukar denne undersøkinga. Den syner at ingen av dei andre fylka har 2 gjennomføringar. Dei fleste har ei gjennomføring, der lærarane vert evaluert i eitt fag av ei elevgruppe. Eit av fylka har ei gjennomføring, der lærarane vert evaluert i to fag. Alle gjennomfører undervisningsevalueringa mot slutten av 1. termin. Dette for å kunne utarbeide tiltak som kan evaluerast og eventuelt etablerast som ny praksis i 2. termin. Rektorane har i sine rapporter gitt fylkesutdanningssjefen melding om at undervisningsevalueringa bør ha et omfang på ei gjennomføring per år avgrensa til eit fag ei elevgruppe per lærar og lagt til tidsperioden like før terminslutt i 1. termin. Resultata kan då følgjast opp med tiltak og evaluering i 2. termin. Ein stiller spørsmål om det å gjennomføre ei ny evaluering mot slutten av 2. termin kan forsvarast ut frå tidsbruken til administrasjon og bruk av undervisningstid og fagtimetal. Ein spør seg òg om kva hensikt denne andre evalueringa skal ha, då det ikkje vil være tid til å lage nye tiltak i klassane, og følgje desse opp med ny evaluering. Den får da ein innretning som er av rein akademisk interesse. Ei slik evaluering vil òg vere svært tidkrevjande midt i eksamenstida. I tillegg har to gjennomføringar høge kostnader. Skolane ønskjer heller å ha fokus på dei tiltaka som elevar og lærarar har vorte samde om etter evalueringa i 1. termin og følgje desse tett opp, mellom anna gjennom medarbeidarsamtale, evaluering av utviklings- og kvalitetstiltak for kvar einskild lærer saman med elevane, og rapportering til nærmaste leiar. Det er òg ønskjeleg at rektorar, assisterande rektorar og avdelingsleiarar no kan frigjerast frå enno meir administrative oppgåver, til det å følgje opp lærarane gjennom tiltak som skolevandring og det å være meir tilstade i klasserom og verkstader. Resultata av undervisningsevalueringa i 1. termin 2013-2014 Totalt så er litt over 40000 elevskjema invitert inn i undervisningsevalueringa for skoleåret 2013-14. Av desse er det litt under 30000 som er levert. Dette utgjer om lag 74 % av alle skjema. Resultata viser svak framgang i høve til resultata av undersøkinga for skoleåret 2012-13. På grunn av endringane som er gjort i spørjebatteriet, kan ein del av spørsmåla ikkje direkte samanliknast, men kan sjåast i samanheng med året i fjor. Størst framgang har ein i spørsmålsbolken om undervegsvurdering og rettleiing. Dette har vore eit av satsingsområda i

utdanningssektoren i fylket dei siste åra. Sjølv om resultata fortsatt kan betrast ein god del for område som til dømes eigenvurdering og elevmedverknad så syner undersøkinga at skolane er på rett veg. I spørsmålsbolken om organisering av undervisninga syner resultata at læraren har noko betre ro og kontroll i klasserommet, at undervisninga som vert gitt er meir motiverande for elevane, at det er meir variasjon i undervisningsmetodikk og at lærar har utarbeida betre undervisningsplanar som elevane veit kvar dei kan finne. Oppsummering Dei vidaregåande skolane vurderer undervisningsevalueringa som eit godt verkty for utvikling av undervisninga i fag, og utvikling av skolen som organisasjon. Men omfanget må tilpassast skolekvardagen slik at det ikkje fører til unødig tidsbruk både for skoleleiing, lærarar og elevar. Talet på fag er ikkje vesentleg når det gjeld undervisningsevaluering, det er prosessen og samhandling mellom faglærar, elev og leiar som skal utvikle det faglege læringsmiljøet i skolen. Difor rår fylkesrådmannen til at undervisningsevalueringa vert gjennomført i eit fag for alle lærarar. I rettleiaren om undervisningsevaluering frå Utdanningsdirektoratet legg ein desse tre prinsippa til grunn: «1. Vurderinga blir gjennomført av læraren og elevane. Vurderinga skal utvikle dialogen mellom lærar og elev, og ho skal dreie seg om tilhøve som dei saman eller kvar for seg kan gjere noko med. 2. Vurderinga skal vere direkte relatert til opplæringa i det enkelte fag. 3. Vurderinga skal handle om læringsmål, arbeidsmåtar, læringsstrategiar, innhald og organisering i timane.» Desse prinsippa er i samsvar med dei føresetnadene fylkesrådmannen legg til grunn for gjennomføring av undervisningsevaluering. I prosessen er det samhandlinga mellom elevgruppa og faglærar som er viktig. Dei skal saman kome fram til to tre område kor undervisninga kan utviklast. Det er desse områda ein må vurdere og summere opp ved slutten av skoleåret. Endå ein fullskala undervisningsevaluering seint på våren vil ikkje, på ein god måte, fange opp vurdering av to-tre tiltak, det må vere ein oppsummering mellom faglærar og elevgruppa korleis tiltaka har fungert. På grunn av tidsbruken og avslutning av skoleåret med eksamen er det heller ikkje tilrådeleg å bruke mykje tid på ein fullskala undervisningsevaluering, det er det heller ikkje andre fylke som gjer. Dessutan er det kostbart. Fylkesrådmannen tilrår difor at undervisningsevalueringa gjennomførast ein gong per skoleår for alle lærarar i eit fag og med forpliktande oppfølging. Rektor avgjer kva fag/grupper evalueringa skal gjennomførast i. Fritekstfeltet har blitt brukt for å gje konkrete og ofte positive tilbakemelding til sin faglærar, men og blitt brukt som ein arena til useriøse kommentarar og overtramp som i alle fall grensar til sjikane, ein har og sett at fritekstfeltet har blitt brukt som ein «samordna» arena for å gje «negative» innspel. Undervisningsevalueringa legg grunnlaget for ein prosess mellom faglærar og elevgruppa med fokus på å utvikle undervisninga, difor vil ikkje fritekstfeltet ha så mykje å seie for utvikling av læringsmiljøet i elevgruppa. Fylkesrådmannen tilrår difor at fritekstfeltet i undervisningsevalueringa ikkje vert teken med i undervisningsevalueringa. Skolane må ha rutinar for å følgje opp lærar og elevar om det skulle kome fram tilhøve gjennom evalueringa som skulle tilseie at ein må vurdere å sette inn spesielle tiltak.

Fylkesrådmannen tilrår at ein bruker spørjebatteriet som no er utvikla av Conexus og fylkeskommunar i framtidige evalueringar. Som rettleiar for prosessen legg ein til grunn Utdanningsdirektoratet sin rettleiar Undervisningsevaluering ein rettleiar for elevar og lærarar» Forslag til vedtak: 1. Undervisningsevalueringa skal omfatte eit fag i ei elevgruppe for alle lærarar og skal gjennomførast i 1.termin. 2. Læraren skal følgje opp resultatet av undersøkinga saman med elevane og saman foreslå tiltak for å utvikle undervisninga i faget 3. Skoleleiinga skal følgje opp resultatet av undervisningsevalueringa i medarbeidarsamtale/utviklingssamtale med lærarane 4. Hovudresultata frå brukarundersøkingane for skolen skal behandlast i elevråda og drøftingsmøta mellom tillitsvalde og skoleleiing. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Sverre Hollen fylkesutdanningssjef Vedlegg 1 Forslag til spørjebatteri for ny felles undervisningsevaluering 2 Rettleiar - Undervisningsvurdering 3 Undervisningsevalueringa - rapport 4 Høyringssvar frå Møre og Romsdal lektorlag