Mellom fag og politikk byggjesaker sett frå ein departementssynstad



Like dokumenter
Forslag frå fylkesrådmannen

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Lønnsundersøkinga for 2014

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

STORTINGSMELDING OM ARKIV - ST.MELD. 7 ( ) - FRÅSEGN

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Til deg som bur i fosterheim år

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS


Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Med god informasjon i bagasjen

Samansette tekster og Sjanger og stil

Frå novelle til teikneserie

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Synspunkter på Bygningsmeldinga

Aurland kommune Rådmannen

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

For eit tryggare Noreg. Ein del av Forsvarsbygg

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

Ny strategiplan for Høgskulen

F E L L E S I K T - S T R A T E G I K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, FOR

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Psykologisk førstehjelp i skulen

DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR I FORVALTNINGSLOVA - HØYRING

Brukarutval. Kva er ein brukar i denne samanheng?

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

10. Arkiv. Kulturstatistikk 2010 Statistiske analysar 127. Riksarkivet og statsarkiva leverer ut færre arkivstykke

Brødsbrytelsen - Nattverden

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Kvam herad. Kvam heradsstyre /09 HIAN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 07/1522. Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne. Rådmannen si tilråding:

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Arkivmeldingen: Hva nå? Oppfølging og samarbeid

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Lotteri- og stiftingstilsynet

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Den nye seksjon for applikasjonar

Vinje kommune. Sluttrapport

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Transkript:

Avdelingsdirektør Stein Sægrov, Kulturdepartementet: Mellom fag og politikk byggjesaker sett frå ein departementssynstad Føredrag på Statsbyggkonferansen 19. april 2013 Dersom ein tek utgangspunkt i dei samla rammene for landets statsbudsjett, framstår Kulturdepartementet som ein liten aktør i den store samanhengen. På byggområdet er dette departementet likevel involvert i etter måten mange prosjekt, og fleire av dei bygga der Statsbygg er gjennomførande instans, vil kunna hevdast å vera nokså krevjande prosjekt. Innleiingsvis vil eg knyta nokre kommentarar til dei omgrepa som er tekne inn i tittelen for dette føredraget. Perspektivet mitt er det eine departementet som eg kjenner rimeleg godt Kulturdepartementet; sett frå ein departementssynsstad tyder difor i denne samanhengen sett frå administrativt nivå i KUD. Kva meiner eg så med omgrepa fag, politikk og byggjesaker? For å ta det siste fyrst, byggjesaker for KUD er prosjekt av særs ulik storleik, organiserte på fleire ulike måtar og finansierte over fleire ulike ordningar. Dels er det tale om bygg for statlege institusjonar, dels for ikkje-statlege tilskotsinstitusjonar. I det store kulturpolitiske biletet er bygningar naudsynte instrument for å kunna realisera kulturpolitiske mål. Bygningane er ikkje mål i seg sjølve, slik dei kan vera det for Statsbygg. Difor vil det vera avgjerande viktig at departementet i kommunikasjonen med Statsbygg klarer å formidla den overordna kulturpolitiske konteksten som bygningen skal inngå i. Å skapa forståing for dei instrumentelle og funksjonelle sidene ved ein ny bygning kan vera særleg viktig på vårt saksområde, av di det ofte er tale om nokså eineståande prosjekt med tilhøyrande spesielle kravspesifikasjonar til dømes med omsyn til akustikk eller tryggingstiltak. Dei verkeleg store prosjekta kjenner alle til nybygget for Den Norske Opera & Ballett som var ferdig i 2008 og det nye nasjonalmuseet på Vestbanen som Regjeringa nyleg har lagt fram for Stortinget i ein eigen proposisjon. Brorparten av prosjekta er likevel langt mindre spektakulære slik som utviding av Statsarkivet i Bergen eller ombygging av ein eksisterande bygning ved eit museum. Jamvel om det i dette innlegget vil vera mest naturleg at eg konsentrerer meg om dei prosjekta der Statsbygg er inne i biletet, må eg likevel nemna at fleirtalet av dei prosjekta som KUD på ein eller annan måte er involvert i, vert gjennomført i regi av andre. Dette gjeld både store prosjekt som Kilden det nye teater- og konserthuset i Kristiansand det nye konserthuset i Stavanger og dessutan for ei rad mindre og mellomstore prosjekt ved institusjonar i det nasjonale museumsnettverket m.fl. 1

For slike prosjekt er praksis at staten gjev eit tilskot med tilhøyrande vilkår der den prosjektansvarlege instansen må syta for fullfinansieringa og sjå til at prosjektet vert fullført innanfor den fastsette ramma. KUD vert orientert om framdrifta gjennom løpande rapportering, men er elles ikkje nemnande involvert i gjennomføringa. Dette er ein grunnleggjande skilnad mellom prosjekt der Statsbygg er gjennomførande instans og reine tilskotsprosjekt der KUDs oppgåve er avgrensa til å sjå til at dei midlane Stortinget har allokert til tiltaket, vert nytta på beste måte i samsvar med fastsette vilkår. Bakgrunnen for at det kan vera slik, er at jamvel om staten medverka med i alt 658 mill. kroner til Kilden i Kristiansand og konserthuset i Stavanger, så kosta desse bygga til saman om lag 3 mrd. Staten medverka altså med mellom 20 og 25 % av den samla finansieringa. Med andre ord, insentiva for dei regionale prosjekteigarane til å styra kostnadene og framdrifta og å nå fram til eit kvalitativt godt resultat, kunne forventast å vera sterke. Dei prosjekta som KUD fremjar med Statsbygg som gjennomførande instans, vil i hovudregelen vera kjenneteikna ved at det er Stortinget som skal løyva dei ressursane som skal til for å dekkja dei samla kostnadene. Av dette følgjer at det kviler på oppdragsgjevande departement eit samla ansvar for den fastsette styrings- og kostnadsramma, for framdrifta og for at det planlagde produktet materialiserer seg. Det er faste møte mellom Statsbygg og KUD kvar månad der status og utfordringar i heile prosjektporteføljen vert gjennomgått. For store og viktige prosjekt er det dessutan praksis for ei særskild styringsgruppe med representasjon frå både KUD, FAD, Statsbygg og brukarinstitusjonen. Slik var det i operaprosjektet, slik er det i rehabiliteringsprosjektet for Eidsvollsbygningen, og slik har det vore i forprosjektfasen av Vestbaneprosjektet. Den vidare styringa av Vestbaneprosjektet er elles omtalt i den nyleg framlagde proposisjonen om saka. Der heiter det at KUD, FAD og FIN i samarbeid vil konkretisera det endelege opplegget for organisering og styring av prosjektet. Mogelegvis er omgrepet prosjektråd ei meir treffande nemning enn styringsgruppe. Det vert avgjerande viktig å sjå til at denne gruppa alt i alt er sett i hop med den kompetansen som eit stort og komplisert prosjekt krev. Statsbygg må sjølvsagt medverka med sin kompetanse, men samstundes er det viktig til kvar tid å ha klart føre seg grenselina mellom på den eine sida oppdragsgjevar eller den som har tinga prosjektet, og på den andre sida den utførande instansen, dvs. den som skal levera produktet. Dette er ulike roller der dei respektive instansane må kommunisera godt med kvarandre, men ikkje slik at ansvar og ansvarsliner vert uklåre. For departementet er omgrepet fag eit mangefasettert omgrep. I byggjesaker vil det dreia seg om arkitektfagleg kompetanse, planleggings- og reguleringskompetanse og ei rad ulike ingeniørfag. Alt dette vil vera knytt til den delen av ei byggjesak der Statsbygg er inne i biletet. 2

Men lenge før ei byggjesak vert ei byggjesak i formell tyding, har det gjerne vore ein årelang kommunikasjon og prosess mellom departementet og den aktuelle kulturinstitusjonen om behovet for betre fysiske rammevilkår. I denne tidlege fasen tyder fag for departementet den kompetansen som dei ulike profesjonane i kunst- og kulturinstitusjonar byggjer sine resonnement og argument på. Eit departement vil i all hovudsak vera fylt opp av generalistar; berre reint unnataksvis vil ein ha relevant kunst- og kulturfagleg eller byggjesaksteknisk fagkompetanse. Utfordringa vår er å forstå nok av ei lang rekkje fag og fagspråk til å vera i stand til å setja i hop og transformera all denne ulike informasjonen til tekstar som fungerer i eit politisk/administrativt avgjerdssystem. For store prosjekt er det godt å kunna stø seg på det gjeldande opplegget for kvalitetssikring av slike tiltak. Me og sikkert på line med fleire andre fagdepartement stilte oss i utgangspunktet litt spørjande til innføringa av KS 1 og KS 2, men i ettertid er det ikkje vanskeleg å sjå at dette er eit nyttig instrument der faglege analysar vert ettergått og sette opp mot kvarandre på ein slik måte at me kan kjenna oss langt tryggare på dei tilrådingane me til slutt skal fremja og innestå for. Kulturdepartementet var tidleg ute med å ta i bruk desse verktya. Dovre International AS gjennomførte ekstern kvalitetssikring og uvisseanalyse av operaprosjektet i 2001/2002, og den fyrste KS1-analysen for nybygg for Nasjonalmuseet vart initiert i 2005. Prop. 108 S (2012-2013) Nybygg for Nasjonalmuseet på Vestbanen er eit kortfatta dokument med vel 11 sider tekst. Men bak dette dokumentet ligg det mange års arbeid, hundrevis av møte, ei rad utgreiingar og rapportar og tvillaust fleire tusen einskilddokument. Utfordringa vår har vore å komprimera det heile til ei overkomeleg informasjonsmengd som samstundes inneheld alt det som er påkravd for å gje ei fullgod framstilling av prosjektet for Stortinget. No skal det likevel leggjast til at det er nokså uvanleg at statlege byggjeprosjekt vert presenterte for Stortinget i form av separate proposisjonar; det er meir vanleg med ein kort omtale innbakt i ein ordinær budsjettproposisjon. At både operaprosjektet og nybygg for Nasjonalmuseet har fått eigne dokument til Stortinget, må sjåast i ljos av den politiske og allmenne interessa for desse prosjekta. Nybygg for Nasjonalmuseet er eit prosjekt som i mange år har stått sentralt i det kulturpolitiske ordskiftet. Fleire statsrådar har vorte utfordra på både museumsfaglege og bygningstekniske problemstillingar. Det har vore døme på at tekniske detaljar har vorte tillagde eit meiningsinnhald ut over alle rimelege proporsjonar. I slike samanhengar glid fag og politikk lett over i kvarandre. Fagkunnskap kan nyttast både til å informera om fakta og til å fremja eit kulturpolitisk synspunkt, slik som til dømes omsuta for ein eller fleire eksisterande bygningar. For embetsverket i eit departement er det ei utfordring å halda den til kvar tid sitjande politiske leiing oppdatert på alle tenkjelege og utenkjelege spørsmål som kan verta reiste i eit slikt allment ordskifte. Me må ha gjort heimeleksa vår, og det er tale om lekser i fleire fag både den informasjonsstraumen som finst i hopehavet mellom departementet og Statsbygg med tilhøyrande regime for kvalitetssikring, og den kulturfaglege kunnskapen me får i kommunikasjonen med vedkomande kulturinstitusjon, i dette tilfellet Nasjonalmuseet. 3

Me kan oppleva røyndomen slik at me sit inni eit triangel med dei forventningane og fordringane politisk nivå har og skal ha i det eine hjørnet, Statsbygg i det andre hjørnet og vedkomande kulturinstitusjon i det tredje hjørnet. Alle partane er avhengige av kvarandre, og alle må gjera sin del av jobben for at resultata skal materialisera seg på beste måte. Fleire av byggjeprosjekta som involverer samhandling med Statsbygg, har vore eller er knytte opp til såkalla lange saker, og med det meiner eg saker som i tid strekkjer seg over fleire tiår med tilhøyrande valbolkar og politiske omskifte. Eit fleirtal er eit fleirtal heiter det gjerne, men i lange saker er det ein stor føremon om det gjer seg gjeldande eit breiast mogeleg politisk fleirtal for det prosjektet ein legg i veg med. Full konsensus er for mykje å krevja, og heller ikkje utan vidare eit gode; alle prosjekt vil vera tente med kritiske røyster og innvendingar undervegs; det verkar skjerpande på styring og gjennomføring. Men eit breitt politisk fundament som gjev tryggleik for framdrift og sluttføring når vedtak fyrst er fatta, er eit ressurssparande gode. Eit eklatant døme på kor ugrei ei sak kan verta når ein konklusjon ikkje byggjer på eit stabilt politisk grunnlag, er striden i Oslo kommune om nybygg for Munch-museet. Etter mange års arbeid er det framleis djup usemje mellom dei politiske fraksjonane både om lokalisering, form og ambisjonsnivå. Lange saker kan ta 20-25 år frå dei fyrste dokumenta vert konsiperte til den endelege milestolpen vert nådd. Det fyrste notatet som peikar fram mot eit nytt nasjonalmuseum vart ført i pennen på midten av 1990-talet, og det store nye huset på Vestbanen vil stå ferdig fyrst mot slutten av dette tiåret. Det er likevel eit anna døme som etter mi vurdering endå betre illustrerer det organiske samspelet mellom byggjesaker og det å finna løysingar på kulturpolitiske utfordringar utviklinga av Nasjonalbiblioteket med særleg vekt på den delen av denne statlege etaten som er lokalisert til Mo i Rana i Nordland. I 1980 oppnemnde regjeringa Nordli eit offentleg utval for å greia ut behovet for å modernisera den dågjeldande lovfesta plikta som forlag og andre utgjevarar hadde til å avlevera eit visst tal eksemplar av nye bøker, tidsskrift og aviser til Universitetsbiblioteket i Oslo, som på den tida òg var landets nasjonalbibliotek. Fleire år seinare resulterte dette i ein NOU som argumenterte grundig og godt for eit langt meir omfattande pliktavleveringsregime. I tillegg til det skrivne ordet laut ein ta systematisk vare på både lydfestingar, film, video og kringkastingsprogram m.m. Det var lett for departementet å slutta seg til den faglege grunngjevinga for tilrådinga, men det var på midten av 1980-talet ikkje ei enkel sak å skaffa fram ressursar til eit hundretals nye stillingar, som det heller ikkje på noko vis var plass til i ein nedsliten bibliotekbygning på Solli plass. Utfordringa var å finna ein utveg som kunne få politisk tilslutnad. Løysinga vart å skipa ei ny nasjonalbibliotekavdeling i Mo i Rana, der behovet for nye arbeidsplassar var stort etter avvikling og nedskalering av dei store industriverksemdene der. Stortinget slutta seg til dette i slutten av april 1989 og alt 5 månader seinare var nærare 50 nytilsette på plass. 4

I dag utgjer den delen av Nasjonalbiblioteket som er lokalisert i Rana, om lag 200 årsverk, og er ei nøkkelverksemd i arbeidet med å ta vare på og formidla den delen av kulturarven som Nasjonalbiblioteket har ansvaret for. Den suksessive oppbygginga av Nasjonalbiblioteket i Rana over 25 år har femna om i alt 13 byggjeprosjekt. I fleire fasar har departementet vore ein nokså ilter pådrivar overfor Statsbygg for å få rask framdrift i Rana. I den aller fyrste fasen var det heilt avgjerande for KUD å koma i inngrep med dei særskilde omstillingsløyvingane som Stortinget gjorde vedtak om; nye arbeidsplassar snarast råd var ei overordna politisk føring. Dessutan var det uråd for den nye institusjonen å ivareta det bevaringsansvaret som følgde av den nye pliktavleveringslova frå 1989 utan å ha eit fullgodt sikringsmagasin. Dette siste vart løyst ved å sprengja ut ein stor fjellhall med plass til meir enn 40 km bokhyller. Serverar for digitalt sikringsmagasin vart òg plasserte der. Få år seinare oppstå det ein nokså uverkeleg situasjon då brannsjefen i Bærum skulle inspisera lokala til Norsk Film A/S på Jar og oppdaga fleire titals tonn med eksplosiv nitratfilm i kjellaren under kontorlokala. Bygningen vart stengd på dagen og alt vart lempa ut i kontainarar som vart ståande ute i solsteiken på eit lagerområde i Groruddalen. Som kjent kan slikt materiale gå i lufta av seg sjølv ved 40 C. At det dessutan brenn godt, veit alle som har sett filmklassikaren Cinema Paradiso. Løysinga vart å transportera materialet til Rana, og Statsbygg fekk i oppdrag å byggja spesialmagasin der materialet vart plassert i fleire separate rom for å avgrensa tapet dersom ein eksplosjon skulle inntreffa. Og igjen bjeffa departementet fort, fort, fort. Poenget mitt med dette konkrete, men grove risset av arbeidet med å byggja ut Nasjonalbiblioteket har vore å få fram at den faglege og institusjonelle konteksten ei byggjesak inngår i, kan vera vel så krevjande for departementet som den konkrete byggjesaka. I tilfellet Nasjonalbiblioteket har det dreidd seg om - å finna adekvate løysingar på kulturvernfaglege og kulturpolitiske utfordringar - å respondera på og dra nytte av det handlingsrommet som behovet for omstilling av eit heilt bysamfunn i Nordland opna for - å få på plass lov og forskrift som gav eit formelt grunnlag for arbeidet i den nye institusjonen - å lyfta arbeidsoppgåver ut av eksisterande institusjonar (dvs. Universitetsbiblioteket i Oslo og Norsk filminstitutt) og over i den nye institusjonen. Statsbygg kan leggja til grunn ein formell definisjon og seia at ei byggjesak byrjar med oppdragsbrevet og sluttar med nøkkeloverrekkinga til oppdragsgjevar og brukar. For departementet er det nærast uråd å svara på når den fyrste byggjesaka for Nasjonalbiblioteket byrja og slett ikkje når det vil verta sett sluttstrek for investeringsprosjekt ved denne institusjonen. Nett no pågår to byggjeprosjekt i Rana utviding av 5

sikringsmagasinet med ein ny fjellhall og utviding av depotbiblioteket med robotstyrde lagringsautomatar. Nasjonalbiblioteket arbeider innanfor eit oppgåvefelt med ei dynamisk teknologisk utvikling. Dette vil skapa nye behov for endringar i dei fysiske rammevilkåra også i framtida. Investeringstiltak er eit implisitt element i det å utvikla ein etat slik at han er i stand til å løysa dei oppgåvene som skal løysast. Eit anna interessant døme er utviklinga av det statlege Arkivverket med Riksarkivet, åtte regionale statsarkiv og dessutan samisk arkiv i Kautokeino. Den sterke voksteren i papirbaserte offentlege arkiv i heile etterkrigstida har generert eit omfattande behov for meir plass og større ressursar for å ta vare på det som må takast vare på for ettertida. Dei siste 35 åra har KUD initiert i alt 14 nybyggprosjekt, eller relokalisering av, arkivinstitusjonar. I dei fleste tilfella har Statsbygg stått føre byggjeprosjekta, men det er òg innslag av leigde lokale med private eigarar. Etter at det i 2009 vart bestemt at eit nasjonalt helsearkiv skulle etablerast på Tynset og driftast som ein del av Arkivverket, var det nærliggjande å stilla spørsmålet om det ville vera tenleg å lokalisera fleire arkivfunksjonar same staden for på den måten å skapa eit sterkare og meir leveført arkivfagleg miljø på Tynset. I samråd med Riksarkivaren vart det lagt opp til å plassera eit sentraldepot for Arkivverket i lag med helsearkivet. Dette inneber i røynda eit paradigmeskifte i arbeidet med å ta vare på offentlege arkiv og å skaffa fram fysiske rammevilkår for dette. I staden for stendig nye utvidingar av eit titals arkivinstitusjonar landet rundt, legg ein no altså opp til eit samla grep med eit sentraldepot lokalisert på Tynset. Konseptet vart underlagt ein KS1-analyse som konkluderte med at dette var den beste modellen. Nok ein gong er det utviklinga innanfor informasjons- og kommunikasjonsteknologi som både gjer det mogeleg og heilt naudsynt å tenkja nytt og annleis om lokalisering av bygg, korleis dei skal utformast og kor store bygningsvolum det er trong for. Utviklinga innanfor nettbasert formidling, teknologi for massedigitalisering av informasjon skapt på papir, robotstyrte lagringsautomatar for nær sagt alle typar dokument og overgangen frå papir til digital framstilling og representasjon av informasjon, gjer det til ei overlag vanskeleg øving å seia noko sikkert om kva fysiske rammevilkår arkiv- og bibliotekinstitusjonar treng om 30 år. Paradokset er likevel at jamvel om desse utviklingslinene, eller det teknologiske imperativ som somme nyttar som nemning, gjer det heile meir komplisert, så aksentuerer det samstundes behovet for nettopp å tenkja langsiktig. I motsett fall aukar sannsynet for omfattande feilinvesteringar. Så til eit heilt anna problemfelt, der utgangspunktet er rehabilitering av ein eksisterande bygning, Nationaltheatret. Ei omvising i alle krikar og krokar i den gamle bygningen frå 1899 vil gjera det berrsynt for dei fleste at her er det på høg tid å gjera noko. 6

KUD bad på denne bakgrunn Statsbygg om å gjera ein tilstandsanalyse og samstundes så godt det lèt seg gjera på eit slikt stadium i eit mogeleg prosjekt gje kostnadsestimat for det som måtte og burde gjerast. Det skal ikkje stikkjast under ein stol at me vart noko overraska over dei skisserte kostnadene. Tala er i denne samanhengen uinteressante, men det var klart at ein lett kunne koma til å overstiga terskelverdiane for krav om å ta i bruk KS1- og KS2-regimet. Likevel var det fyrst og fremst heilt andre spørsmål som melde seg når ein sette seg grundig inn i saka, og som berrsynt tilsa at kvalitetssikringsverktyet burde takast i bruk di før di betre: Jamvel om den ærverdige og verna teaterbygningen vart pussa opp for nærare 1 mrd., melde spørsmålet seg om dette ville gje landets nasjonalteater dei rammevilkåra ein slik institusjon treng dei komande 50 åra? Ingen kunne svara eit klårt ja på det spørsmålet. Det ligg fast som ein grunnleggjande føresetnad at bygningen frå 1890-talet skal rehabiliterast og nyttast som teater, men det er ikkje opplagt at utgangspunktet for ei rehabilitering skal vera å innpassa nett dei same funksjonane som no er i hovudbygningen. Aktuelle problemstillingar vert såleis: - Korleis kan bygningen best gjera teneste i den samla verksemda for institusjonen Nationaltheatret? - Kva funksjonar kan eller bør få anna lokalisering, anten i direkte tilknyting til hovudbygningen, i tilgrensande bygningar eller andre stader? - Kva vil gje dei beste løysingane for universell utforming? - Korleis kan eller bør publikumsfasilitetane utformast? Lista av spørsmål kan gjerast mykje lengre. Poenget mitt er å få fram at jamvel om utgangspunktet er ein eksisterande, verna og verdfull bygning som alle er samde om skal vera Nationaltheatrets hovudbygning også i framtida, er det ein del kontekstuelle og langsiktige spørsmål ein må reisa og finna adekvate svar på, før me er fullgodt budde på å førebu ei sak for Stortinget om å setja i verk eit så stort og krevjande prosjekt. Til slutt nokre ord om den pågåande rehabiliteringa av Eidsvollsbygningen, som til grunnlovsjubileet neste år skal framstå mest mogeleg slik han var då dei 112 eidsvollsmennene samla seg der i 1814. Departementet tok kontakt med Statsbygg om dette prosjektet alt i 2006. Me var visse på at me var ute i god tid, men det har etter kvart vist seg at det ikkje er meir enn tida og vegen for å verta ferdig i tide. Men ottast ikkje, det vil gå bra! Å flytta grunnlovsjubileet har ikkje vorte sett på som ein opsjon. Lærdommen er at omfattande rehabilitering i ein freda bygning er overlag tidkrevjande. Jamvel om samarbeidet med antikvarisk styresmakt, Riksantikvaren, har vore heilt utmerkt, er det ein komplisert logistikk å kopla i hop alle dei ulike fagkompetansane og instansane som skal inn i biletet i eit slikt prosjekt. Dessutan vil det nær sagt uunngåeleg koma overraskingar som seinkar framdrifta. I forprosjektet var det til dømes lagt til grunn at det ikkje var spor av fortida å finna under kjellargolvet, med di kjellaren etter dei opplysningane ein hadde, skulle ha vorte heilt rasert i løpet av 1800-talet. Røyndomen synte seg å vera ein heilt annan. Til sjuande og sist vil dette 7

gje eit endå meir spennande kulturminne å syna fram for publikum, men det har gjort det naudsynt å endra planar, omprosjektera og å utvida styringsramma for prosjektet. Ein vanleg tabbe å gjera når ein set opp ein framdriftsplan for eit prosjekt frå start til mål, er ikkje å ta omsyn til at departementet er avhengig av å få saka inn i den årlege budsjettsyklusen på adekvat vis. Dersom eit forprosjekt vert ferdigstilt på eit asynkront tidspunkt, kan det i verste fall ta eit ekstra år før saka kan leggjast fram, slik at Stortinget kan fastsetja kostnadsramme, og gjennomføringa kan ta til. På eitt punkt vil me ikkje vera i stand til å skapa ein illusjon om 1814 på Eidsvoll neste år; hagen vert ikkje slik han var den gongen. Det ligg ikkje føre tilstrekkeleg dokumentasjon til å forma ein ny 1814-hage. I prosjektet har det likevel pågått såkalla hagearkeologiske undersøkingar. Dersom dei endelege resultata frå dette arbeidet kan gje grunnlag for å rekonstruera hagen slik han såg ut på Carsten Anker si tid, melder spørsmålet seg om dette bør vera siktemålet for det neste grunnlovsjubileum, om 25 år. I så fall vil det ikkje nytta å venta til nokre få år før neste jubileum med å dra prosjektet i gang; nye tre og buskar må ha fått høve til å veksa ein del år dersom eit slikt hageanlegg skal kunna gjevast ein truverdig grad av autentisitet. Heilt til slutt, det eine hovudpoenget mitt med dette innlegget har vore å få fram at for eit departement er det avgjerande viktig å føra ein inngåande dialog både med den institusjonen eller etaten som skal bruka ein ny bygningsfasilitet og med den instansen som skal gjennomføra sjølve byggjeprosjektet. Dette er naudsynt for å vera trygg på at ein får det ein har behov for. Det andre hovudpoenget mitt er at eit departement må tenkja langsiktig; eit godt embetsverk har blikket og tanken 30 år fram i tid. 8