ÅRSPLAN TRESFJORD BARNEHAGE



Like dokumenter
Velkomen til Mork barnehage,- kjekt å sjå deg her igjen!

VELKOMMEN TIL NASSE NØFF 2013/2014

Sandeid skule SFO Årsplan

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule a

ÅRSPLAN GAUTESETE BARNEHAGE 2016/2017

Informasjonshefte

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Bjørnehiet SFO - informasjon

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid».

Leiing i barnehagen. Forventningar til styraren

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel.

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER

Ask barnehage. Forventninger fra foreldre til barnehage, fra barnehage til foreldre. Et barn. er laget av hundre. Barnet har.

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

årsplan Maribakkane barnehage

SJØPOSTEN. September 2012

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Halvårsplan for Innset og Vonheim barnehager, avd. Utegruppa Høsten 2010

Søknadsskjema: id=834&ouref=1825

BARNEVERNET. Til beste for barnet

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

! I Rosterud blir barna sett og hørt!

Halvtårsplan for Saltkråkan våren 2010, Sammen skaper vi mestring, glede og trygghet.

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Årsplan 2014/15. for. Amigos barnehage. Montessori Småvenner

Handlingsplan Rosseland SFO

FREMDRIFTSPLAN FOR BJØRNEHIET, AUGUST OG SEPTEMBER 2016

SEPTEMBER 2014 INFORMASJON TIL FORELDRE OG FORESATTE

Det alle har trodd, Alltid og overalt Har alle muligheter til å være feil! (Paul Valery)

Hvordan barn opplever møte med andre, vil påvirke barns oppfatning av seg selv. (Rammeplanen s. 13)

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

ET INKLUDERENDE LÆRINGSMILJØ SOM FORUTSETNING FOR LÆRING FOR ALLE ELEVER

Kastellet skole Positivt skolemiljø Det er mitt valg

Velkomen til Mork barnehage

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

Barnehagegården HALVÅRSPLAN VINTER/VÅR Barnehagegården Øvre Killingmo Gård 1930 Aurskog Tlf.:

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

Språktiltaket. Oppdragsbeskrivelse og organisering

Virksomhetsplan

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Årsplan Hvittingfoss barnehage

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

Årsplan GUNNERSBRÅTAN BARNEHAGE

Trafikkplan for Nesbakken Barnehage

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

«Tid for lek og læring» Kompetanse for mangfold

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Informasjon og årsplan for Kringlebotn SFO.

«MIN BARNEHAGE» August, september, oktober, november og desember LEK OG LÆRING

Vedtekter. Bambi familiebarnehage

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

SKULEFRITIDSORDNINGA ULSTEIN SKULE 2016/2017

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

TOMREFJORD BARNEHAGE, LID, 6393 TOMREFJORD TLF:

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

ÅRSPLAN OKSFJORD BARNEHAGE

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Tema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar.

På bakgrunn av Manifest mot mobbing som er en aktiv innsats mot mobbing satt i verk av regjeringen, har Stortuva barnehage utarbeidet en mobbeplan.

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2012/15.

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Månedsevaluering fra Perlå januar 2011

REFLEKSJONSPROTOKOLL. for MARS 2011

NESSET KOMMUNE Indre Nesset barne- og ungdomsskole. Plan for arbeidet med det psykososiale miljøet

Årsplan for Furumohaugen familiebarnehage 1

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Referat foreldremøte

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2015/17.

Informasjon til foreldre

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

Brumlemann høsten 2015

Bråten barnehage. ÅRSPLAN progresjonsplan og kalender

Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Øystese barneskule April - 08

Månadsplan for Hare November

Transkript:

ÅRSPLAN TRESFJORD BARNEHAGE 2015/ 2016 1

INNLEIING Velkomen til Tresfjord barnehage og eit nytt barnehageår. Vi er ein del av Tresfjord oppvekstsenter, og i januar 2015 flytta vi inn i nye lokal på skulen. Der har vi funne oss godt til rette og både barna og personalet trives godt. Tresfjord oppvekstsenter sin visjon er «Eit trygt og godt fellesskap for leik og læring». Barnehagen har ei avdeling og er godkjent for 36 plassar. I år har vi 24 barn mellom 1 og 5 år. For å få gode rutiner i kvardagen og gje barna opplegg og aktivitetar tilpassa alder og utviklingsnivå, vil vi være delt i to basar store delar av dagen. Småtrall 1-3 år og Solsikkene 3-5 år. ÅRSPLAN I følge Barnehageloven skal alle barnehagar ha ei årsplan. Den har fleire funksjonar: Den skal vare eit arbeidsredskap for barnehagens personale for å styre virksomheita i ei bevisst og uttalt retning. Foreldre skal ha muligheit til å påvirke innhaldet i barnehagen. Grunnlag for kommunens tilsyn med barnehagen. Den skal gje informasjon om barnehagens pedagogiske arbeid til eigar, politikarar, kommunen og andre interesserte. Årsplana skal også seie noko om korleis barnehagen skal arbeide med omsorg, danning, leik og læring. Omsorg Alle barn skal bli møtt med omsorg i barnehagen og dette gjer at personalet er forplikta til å handle omsorgsfullt overfor alle barn. Dette krev at personalet er merksame og åpne for det unike hos kvart enkelt barn og i gruppa. Å vise omsorg er å være merksam, lydhøyr, vise nærhet, ha innleving, engasjement og ha evne til samspel. Personalet må møte barna der dei er! Omsorg skal prege alle situasjonar i kvardagen vår, både stell, måltid, påkledning og i leik og læring. Det ligg også mykje omsorg i å legge til rette for varierte og 2

meiningsfylte aktivitetar og å ha eit miljø prega av glede, humor og kreativitet. Leik Å leike er ein naturleg del av barn sin kvardag, og leiken er eit mål i seg sjølv. Den er viktig for trivsel, glede og utvikling av venskap. Gjennom leiken får barna prøve ut dei førestillingane dei har til omverda, samstundes som dei sjølv er i trygge og kjente omgjevnader. Gjennom leiken utviklar barna seg sosialt, emosjonelt, språkleg, intellektuelt og motorisk. Vaksenrollen skal vere med på å inspirere, skape tryggleik, sette i gang og vere til støtte i leiken. Mål for leiken: Vi vil at alle barn skal ha gode muligheter for leik. Vi vil at barnehagen skal ha gode fysiske rom for leik- både inne og ute. Vi vil gje barna opplevingar som bidreg til utvikling av leiken. Vi vil hjelpe dei som ikkje mestrar leikeferdighetene, slik at dei kan vere med i leiken. Læring Vi har eit heilheitssyn på læring. Barn lærer i alle situasjonar, gjennom inntrykk og erfaringar, i samspel, og gjennom å observere andre. Kvardagssituasjonar i barnehagen er ein viktig arena for barna si læring. I tillegg til den uformelle læringa i kvardagssituasjonane, har vi også formell læring i tilrettelagde aktivitetar. Desse aktivitetane er planlagde og vaksenstyrt. Aktivitetane tek utgangspunkt i barna sitt utviklingsnivå. Danning Danning kan vi sjå på som ein livslang prosess der vi lærer av opplevingar og erfaringar vi gjer oss. I barnehagen får barna gjere eigne erfaringar i samspel med andre barn og av å vere ein del av fellesskapet. Barna skal tilegne seg kunnskap til å omgås og vise hensyn til andre, dei skal også kunne seie ifrå om noko opplevast som negativt. På den måten 3

skal alle bli sett og høyrt. I Rammeplanen står det «gjennom danning legg ein grunnlag for allsidig utvikling». PEDAGOGISK GRUNNSYN Alle barnehagar skal ha eit pedagogisk grunnsyn. Det skal seie noko om kva verdiar og haldningar personalet ønsker å formidle til barna. Vårt pedagogiske grunnsyn er: Alle barn er kompetente: alle barn kan og vil ut frå sine eigne føresetnadar. Barnehagen har eit stort ansvar i å gje alle barn utfordringar tilpassa deira nivå og utvikling. Alle barn er kreative og skapande. Alle barna skal verte respekterte for den dei er. Barn er sjølvstendige individ som er kompetente til å medverke i eige liv. Vi skal legge til rette for at barn skal kunne medvirke i sin eigen barnehagekvardag. RAMMEPLAN for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen Barnehagane har si eiga rammeplan som seier noko om innhaldet og oppgåvene i barnehagen. Gjennom den har personalet ei forpliktande ramme for planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske innhaldet. I rammeplana er det sju fagområder som barnehagen skal arbeide med. Kommunikasjon, språk og tekst. Kropp, rørsle og helse. Kunst, kultur og kreativitet. Natur, miljø og teknikk. Etikk, religion og filosofi. Nærmiljø og samfunn. Tal, rom og form. 4

Det er ikkje slik at vi arbeider med eit og eit fagområde. I aktivitetane vi har i kvardagen går fagområda inn i kvarandre. SATSINGSOMRÅDE God språkutvikling Rammeplana slår fast at småbarnsalderen er den grunnleggande perioden for barna si språkutvikling. Barnehagen må sørge for at alle barn får varierte og positive erfaringar med å bruke språket. Vi vil arbeide for at barnehagen skal vere ein god språkarena for barn. Den gode barnehage Alle barnehagane i Vestnes har eit felles satsingsområde «Den gode barnehage». Der er det utarbeid fire standarar: Tilpassa opplæring og tidleg innsats. God leiing. Godt læringsmiljø. God brukarmedverknad. For kvar standar skal vi kome fram til kva vi meinar er den gode barnehage og lage vår eigen praksis. TEMA FOR ÅRET Som gjennomgåande tema for året har vi valgt språk. Som det står i satsingsområdet er småbarnsalderen ein viktig periode for å legge tilrette for ein god språkutvikling. For barn er det viktig å ha eit godt språk for å kunne forstå og tolke omgjevnadane rundt seg. Korleis barn mestrar å bruke språket er avgjerande for at dei skal kunne klare å setje ord på tankar og følelsar, delta i leik og kommunisere med vaksne og barn. Språket er noko vi omgjer oss med gjennom heile dagen både bevisst og ubevisst. I alle situasjonar må personalet vere gode språkmodellar, gje barna god språkstimulering,og oppmuntre og hjelpe barn til å tilegne seg gode språkkunnskapar. 5

Hovudtemaet er språk, men vi vil også ha andre deltema vi arbeider med gjennom året. Metoden vi skal bruke når vi arbeider med språket i vaksenstyrte aktivitetar er Bravo. Det er eit språkverktøy som gir barn språkstimulering gjennom leik. Om Bravo: «Bravo- leken er en aktiv og utviklende lek med ord og bokstaver. Utgangspunktet er et sett med ord-, bokstav- og bildekort som brukes på ulike måter i ulike leker. Hovedmålet med alle Bravoaktivitetene er å legge et solid grunnlag for en god språkutvikling. Ord, bokstaver og bilder kombinert med sanseopplevelser og morsomme aktiviteter, bedrer barnets språklige bevissthet og øker både ordforråd og forståelse. Samtidig får barnet motoriske utfordringer og en tydelig opplevelse av å mestre». ( Frå Bravo). FØRSKULEGRUPPE I år har vi fem førskulebarn. Ein gong i veka har vi førskulegruppe med aktivitetar retta mot skulestart. OVERGANG BARNEHAGE/ SKULE Barnehagen og skulen har nokre faste aktivitetar mellom 1. klasse/ trinn og førskulebarna. Januar- 1. klassen kjem på besøk i barnehagen. Mars- Førskulebarna besøker 1. klasse. April- Førskulebarna er med 1.- 4. klasse på uteskule. No når vi er i same bygg blir førskulebarna dessutan meir kjent med elevane, lærarane og skulen i kvardagen. 6

DAGSRYTME 06.45 Barnehagen åpnar. 8.00 Frokost. Tannpuss. 9.30 Leik inne/ ute eller planlagte aktivitetar. 11.00 Måltid for Småtrall. 11.30 Måltid for Solsikkene. Ute/ inneleik/ soving. 14.30 Fruktmåltid. 16.30 Barnehagen stenger. Dagsrytma kan variere etter barna sine behov, aktivitetar og årstid. PLANLEGGINGSDAGAR I Vestnes har alle barnehagane fem planleggingsdagar i året. Det første halvåret har vi planleggingsdagar 10. og 11. august og 5.oktober. Dei to siste dagane har vi ikkje fastsett dato endå. Informasjon om dei kjem etter kvart, seinast tre veker før planleggingsdagen. PERSONALE I BARNEHAGEN Anny Aklestad Driftsleiar Therese Kvistad Pedagogisk leiar Monica Sylte Pedagogisk leiar Grete Eik Bjermeland Assistent Anita Tove Bjermeland Assistent Kham Prasertchat Assistent Lena Marit Johansen Assistent 7

KOMPETANSE UTVIKLING FOR PERSONALET Planlegging- og studiedagar. Refleksjonsgrupper. Dokumentasjon og evalueringsarbeid. To i personalet går Barne og ungdomsarbeidarutdanning. Arbeide med standarane for «Den gode barnehage». PRAKTISK INFORMASJON Klede: Det skal alltid vere minst to sett med skifteklede i barnehagen. Vi er ute i all slags ver. Pass på at det er strikk under regnklede og dressar. Alle kleda skal vere merka med namn. Barna må ha tøfler eller innesko, og ha klede som tåler diverse aktivitetar både inne og ute. Fråver: Vi vil ha beskjed ved sjukdom, at barnet tek fri og liknande. Dette er bindandesett i høve til salg av timar. Ved oppkast og diare skal det gå 48 timar før barnet kjem i barnehagen. Timekjøp: Det er anledning til å kjøpe ekstra timar for dei som ikkje har heil plass. Dette forutset at der er ledig kapasitet. Prisen er 40 kroner pr. time. Klokka 9.30: startar vi med planlagte aktivitetar, vi ønsker då at alle er på plass. Ring og gje beskjed om barnet kjem seinare. Opningstid: Barnehagen er open 06.45-16.30. Max opphaldstid pr dag er 9 timar. Bringe/ hente: Personalet skal alltid ha beskjed når eit barn blir levert eller henta i barnehagen. Dersom det er andre en mor eller far som hentar skal personalet ha beskjed om det. Rekningane kjem direkte heim. Overtid: Etter klokka 16.30 kostar det 100 kroner i overtidsbetaling for påbegynt time. Telefonr: 71 18 84 51 Mobil: 94 79 53 21 Juni 2015 8

9