Strategi for oppvekst- og læringsmiljø SOL i Samnanger kommune 1
Forord Handlingsplan mot mobbing for skulane og barnehagane i Samnanger kommune vart vedteken i OO-sak 13/03. Planen skulle vera ei hjelp i arbeidet mot å oppnå nulltoleranse mot mobbing på alle plan i kommunen, men særskilt i barnehagen og skulen. Ei tverrfagleg arbeidsgruppe vart sett ned i 2011for å revidera planen frå 2003 og laga ein ny overordna kommunal strategiplan for å sikra born og unge eit godt psykososialt oppvekst- og læringsmiljø. Arbeidsgruppa føreslår ein strategi for oppvekst- og læringsmiljøet i Samnanger. Gruppa har vore sett saman av følgjande personar: Anne Jorun Fredriksen, einingsleiar kommunale barnehagar Kjersti Mellingen Bruvik, rektor Samnanger barneskule Ernst Ulevik, nestleiar FAU Samnanger barneskule Bodil Helliesen Øpstebø, undervisnings inspektør Samnanger ungdomsskule Britt Torun Aadland, leiar FAU Samnanger ungdomsskule Kari Anne Tolås Boge, helsesøster Toralf Enes, HTV, Utdanningsforbundet Samnanger Sigmund Dyrhovden, medlem i SU og i utvalet for oppvekst og omsorg (KrF) Liv Berit K. Befring, medlem i SU og i utvalet for oppvekst og omsorg (A) Karin H. Steinsland, pedagogisk konsulent / sekretær. Tysse, mai 2012 2
Formål Samnanger kommune forpliktar seg til å arbeida for at alle barn og unge i Samnanger skal ha eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Barn og unge skal ha eit inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing. Samnanger kommune slutta seg i juni 2011til Manifest mot mobbing 2011-2014. Lokale partnarar er ordføraren, rådmannen sitt leiarforum, skule- og barnehageforum, ungdomsrådet, Utdanningsforbundet og Fagforbundet. Samnanger kommune legg vekt på: At tydeleg leiing er ein føresetnad for å skapa eit positivt oppvekst- og læringsmiljø og for å førebyggja, avdekka og handtera krenkjande ord og handlingar At barnehagen, skulen, barna/ungdommane og dei føresette samarbeider om å skapa eit positivt oppvekst- og læringsmiljø At dei lokale tiltaka og samarbeidet med andre er avgjerande for at dette arbeidet skal lykkast Barnehagane og skulane i Samnanger skal: følgja eigen plan for arbeid med det psykososiale miljøet / handlingsplan for sosial kompetanse samarbeida med helsestasjonen, barnevernet, PPT og ev politiet på det førebyggjande planet følgja vedtekne rutinar for overgong barnehage skule - ungdomstrinn ha eit internkontrollsystem for det fysiske og psykososiale oppvekst- og læringsmiljøet i eininga informera alle tilsette og føresette om denne strategiplanen og om eigne handlingsplanar om oppvekst- og læringsmiljøet rapportera om det psykososiale oppvekst- og læringsmiljøet i eininga si årsmelding Planane mot krenkjande åtferd skal innehalda følgjande punkt: Innleiing s. 4 Opplæringalova 9a s. 4 Defininsjonar s. 5 Førebygging s. 5 Avdekking s. 7 Handtering s. 7 3
Innleiing Barn og unge i Samnanger kommune skal ha eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring skal ikkje verta utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald, rasisme eller utestenging i barnehagen eller på skulen og på skulevegen. Samnanger kommune har følgjande fokusområde for oppvekst og læringsmiljøet i perioden 2012 2015: I 2012: I 2013: I 2014: I 2015: Nettbruk og digital mobbing Psykisk helse Kosthald, fysisk aktivitet og læring Vennskap Opplæringslova 9a Elevane sitt skolemiljø og Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v. er dei mest sentrale overordna føringane for arbeidet med barn og unge sitt oppvekst- og læringsmiljø. I tillegg er Meld.St.18 Læring og fellesskap tidlig innsats og gode læringsmiljøer for barn, unge og vaksne med særlige behov og Meld.St.22 Motivasjon- Mestring-Muligheter Ungdomstrinnet viktige nasjonale føringar for arbeidet med oppvekst- og læringsmiljøet til barn og unge dei næraste åra. Opplæringslova 9a Elevane sitt skolemiljø 9a-1 Generelle krav Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring 9a-3 Det psykososiale miljøet Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør. Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn. Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak. 4
Definisjonar Definisjonane er henta frå Utdanningsdirektoratet si brosjyre om elevane sitt skulemiljø. Mobbing inneber at ein eller fleire elevar seier eller gjer vonde og ubehagelege ting mot ein annan elev. Ved mobbing skjer dette fleire gongar, og den som vert utsett har vanskeleg for å forsvara seg. Utestenging betyr at nokon så godt som alltid vert halden utanfor ei gruppe eller klasse. Vald inneber at nokon bruker fysisk makt for å skada andre. Rasisme inneber at nokon vert forskjellsbehandla eller plaga, til dømes fordi dei har ein annan hudfarge eller snakkar eit anna språk. Diskriminering betyr at ein person vert dårlegare behandla eller trakassert, til dømes på grunn av kjønn, funksjonsevne, tru, hudfarge eller opphav. Førebygging Tilsette i skulen og i barnehagen har eit ansvar for at barn og unge vert inkludert i gode læringsmiljø. Opplæringslova seier i 9a-4 Skolen skal aktivt drive eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane, slik at krava i eller i medhald av dette kapitlet blir oppfylte. Skoleleiinga har ansvaret for den daglege gjennomføringa av dette. Arbeidet skal gjelde det fysiske så vel som det det psykososiale miljøet. I Samnanger kommune skal alle som har ansvar for barn og unge ha fokus på å utvikla eit godt læringsmiljø. Tidleg innsats og gode læringsmiljø er avgjerande for både sosial og fagleg framgong for barnet. Me ønskjer at barn og unge skal ha høg motivasjon, kjenna dagleg meistring og få muligheit til å utvikla og visa sine sterke sider. Meir variasjon i undervisinga og nye valfag skal hjelpa til å nå desse måla. Dette inneber at dei tilsette skal ha kunnskap om klasse-/ gruppeleiing relasjonar mellom barn/unge og vaksne relasjonar mellom barna/ungdommane reglar og regelhandheving sosial kompetanse og læringsmiljø krenkjande åtferd gjensidige forventningar (mellom deltakarane i barnehage- / skulesamfunnet) samarbeid heim - skule / barnehage involvering av barn og unge i læringsarbeidet det fysiske miljøet Skulane og barnehagane i Samnanger skal samarbeida med helsestasjonen, PPT, barneverntenesta og politiet i det førebyggjande arbeidet for eit godt oppvekst- og læringsmiljø. Utdanningsdirektoratet har utarbeidd materiell som er forskningsbasert for heilheitleg arbeid med læringsmiljøet i skulen. Materiellet omfattar alle områda nemnde ovanfor. Tilsette i barnehagane skal kjenna til heftet Mobbing i barnehagen frå FUB. 5
Tilsette i barnehagane og i skulen skal kjenna til og følgja vedtekne Overgangsrutinar barnehage-skule-ungdomstrinnet i Samnanger kommune (rev. 2010) og til Manifest mot mobbing 2011-2014.Tilsette i skulane skal kjenna til og følgja opp Arbeid mot mobbing rettleiar for tilsette og leiarar i grunnskulen (2011 jf bilete på framsida), og Udir -2/2010 Retten til et godt psykososialt miljø etter opplæringsloven kapittel 9a Samnanger ungdomsskule skal følgja følgjande planar for å førebyggja at elevar vert utsette for krenkjande ord og handlingar: Plan for det psykososiale miljøet / Handlingsplan for sosial kompetanse Samnanger ungdomsskule Inspeksjonsplan Trivselsreglar - inkl reglar for orden og åtferd Samnanger barneskule skal for å førebyggja at elevar vert utsette for krenkjande ord og handlingar følgja: Plan for det psykososiale miljøet ved Samnanger barneskule (2012) Delta i Trivselslederne for 5.-7.trinn Inspeksjonsplan Trivselsreglar - inkl reglar om orden og årferd Barnehageeininga i Samnanger skal - for å førebyggja at barn vert utsette for krenkjande ord og handlingar, følgja Strategiplan barnehageeininga 2012-2015 del 4 Sosial kompetanse Gjennomføra planlagte barnesamtaler og foreldresamtaler minst kvart halvår. 6
Avdekking Skulane i Samnanger skal avdekka tilfelle av mobbing, diskriminering, vald og rasisme. Sentrale omgrep er å undersøkja, varsla og gripa inn. Ved kvar skule skal det vera årleg elevundersøking av omfanget av mobbing ved skulen fokus på det psykososiale miljøet i elev- og utviklingssamtaler gode vakt- og tilsyns-/inspeksjonsordningar rutine for å gjennomgå med alle tilsette ved skulen at dei har plikt til å melda frå til leiinga ved skulen når dei får kunnskap om eller mistanke om at ein elev vert utsett for krenkjande ord eller handlingar tema om mobbing og krenkjande åtferd på klasseforeldremøte kvar haust organisert samarbeid med helsestasjon, barnevern og PPT Barnehagane skal ha fokus på det psykososiale miljøet i barnesamtaler og foreldresamtaler. Det skal vera organisert samarbeid med helsestasjon, barnevern og PPT. Handtering I barnehagane og skulane i Samnanger skal alle barn og foreldre oppleva å verta tekne på alvor dersom dei kjem til barnehagen / skulen med bekymring om at eit barn vert utsett for krenkjande ord eller handlingar. Skulen/barnehagen tar ansvar og initiativ for å stoppa slik åtferd. Elevar som har opplevd å verta utsette eller sjølv har utsett andre for krenkjande ord eller handlingar, skal vita at dei vert følgt opp av skulen etter at den krenkjande åtferda er avslutta. Leiinga har det overordna ansvaret for at skulen følgjer opp saker som gjeld læringsmiljøet. Når elev, føresette eller tilsette ved skulen har mistanke om eller kunnskap om at elevar vert utsette for krenkjande ord og handlingar, skal dette følgjast opp umiddelbart. Skulen skal sikra ei sakshandsaming og oppfølging i tråd med lover, forskrifter, kommunal/lokal plan. Munnlege eller skriftlege meldingar frå føresette om alvorlege forhold skal svarast på med eit enkeltvedtak snarast råd. Leiinga skal sikra at tiltak som vert sett i verk vert evaluerte og ev setja i verk nye tiltak. Alle tilsette i skulane skal kjenna til rutinar for handtering av krenkjande åtferd Utdanningsdirektoratet si brosjyre Arbeid mot mobbing Rettleiar for tilsette og leiarar i grunnskolen skal vera kjent for alle tilsette i skulane i Samnanger. Brosjyra Mobbing i barnehagen frå FUB skal vera kjent for alle tilsette i barnehagane. 7