Barnehage og skule tek i bruk den sosiale læreplanen og utviklar felles rutinar for handtering av mobbesaker. Barnehage og skule har trygge og tydelege vaksne og set fokus på vaksenrolla. Barnehage og skule legg vekt på å skapa trivsel gjennom ulike tiltak. 2. Foreldremøte for oppvekstsenteret (mars) der emne frå sosial læreplan er tema Gjera planen lett tilgjengeleg slik at den vert ein levande plan (heimesida, i perm, på fellesområde, SU/FAU, infoskriv) Refleksjon i kollegiet kring elevsynet. Felles plattform og kjørereglar, men likevel rom for å vera individuelle (tema i utviklingstid). Tydeleg klasseleiing og system som skaper tryggleik. Om det er råd, kan lærarar som ønskjer det hospitera hos kvarandre for å bli kjent med elevar og system i andre klassar. Laga gode rutinar for forflytting Skriva/visualisera plan for dagen også på høgare trinn der ein ser nytten av det Trivselsleiarprosjektet held fram med TL-aktivitetar tre dagar i veka (storfriminuttet) Elevmedverknad: Klasseråd med diskusjonar 6-8 gongar i året. Saker til elevråd som har møte veka etter Elevrådet ( ein elev) sjekkar orden i garderobe ein gong i veka (med rektor/inspektør). Etter seks veker vert det belønning til beste klasse i form av kosetime. Vera opne for leik og sosiale aktivitetar i kvardagen
Barnehage og skule følgjer systematisk opp resultata etter kartleggingar og nasjonale prøvar. Barnehage og skule brukar etter- og vidareutdanning som verkemiddel. Barnehage og skule arbeider for å rekruttera pedagogar og fagarbeidarar som stettar kompetansekrava i statlege føringar. Foreldra får vita resultata av nasjonale prøver når dei er klare. Kartleggingsprøvar vert sendt heim til gjennomsyn. Foreldra er viktige i oppfølginga av borna og må få konkrete oppgåver og tips til kva dei skal øva på (utviklingsmål). Vera tett på (underskrift), og forventningar. Frå klasse skal skulen ha gode rutinar for samarbeid, ha forventningar til foreldra og hjelpa til med å få gode rutinar i heimen Med færre delingstimar må ein organisera hjelp til enkeltelevar på annan måte. Eksempel: Stasjonsundervisning med lærar på ein stasjon, medan dei andre er sjølvinstruerande, eller ein lærar og /eller assistent har tilsyn med to klassar, medan ein lærar øver med ei gruppe. Når fleire slit med det same, kan ein øva på områda i klassen, t.d. 10 min drypp Bruka Kartleggaren, Aski Raski og andre program der ein får fram profilar og øvingstips til elevane /NB Multi sine halvårsprøvar) I utviklingssamtalen er det viktig å formidla eit realistisk bilete av eleven (lav/ middels/ høg måloppnåing). Elevsamtaletimen skal brukast til fagleg oppfølging av elevar som til dømes skårar lågt/ over kritisk grense. Elevar som gjer det godt, skal også vita korleis dei kan komma vidare. Variera undervisningsmåtane slik at ein treffer alle Skulen vil ha dei valfrie kartleggingsprøvane der læraren ser at det kan vera nyttig. Elles ikkje testa for testen sin del. Carlsten- testane høver best for -4., event -5.Ein skal ta bekymringsgrensa på alvor. Skulen har ikkje ressursar til å senda lærarar på vidareutdanning. Lærarar som ønskjer etterutdanning etter støtteordningar frå stat og kommune, skal søkjast for. Ikkje aktuelt
Det enkelte barn får rettleiing i forhold til eiga fagleg og sosial utvikling. Barnehage og skule identifiserer barn sitt behov for tilrettelegging og utfordringar og set i verk tiltak. Tidleg innsats er eit gjeldande prinsipp for barnehage og skule. Sjå tiltak under punkt Dagleg undervegsvurdering, både fagleg og sosialt. Bruker hyppige elevsamtaler med alle, oftare med dei som treng det. Bruker samtalane til å øva på å vurdera eige arbeid (event. etter veketestar og prøvar). Bruker assistentar til å øva på ting elevar slit med sosialt - setja små mål i fredstid Nyttar eldre elevar som medhjelparar på lågare trinn Lærarar som overlet klasse til ny lærar, har overføringssamtaler om mogleg. Pedagog i barnehagen har overføringssamtale med klasselærar før eller etter sommarferien Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel Barnehage og skule sikrar eit systematisk samarbeid med PPT gjennom aktiv bruk av Årshjul for systemarbeid og samhandlingsrutinar. Skulen søkjer råd hos PPT og følgjer rutinane i årshjulet.
Barnehagen inkluderer barn i leik, samspel og språkstimulerande grupper. Skular som får framandspråklege barn, får ressursar frå ein sentral pott til å starta norskopplæring straks. Elevar får norskopplæring etter 8 til dei kan følgja ordinær opplæring. Vaksne med rett og plikt til opplæring og andre vaksne som flyttar til Fusa, får opplæring norsk gjennom vaksenopplæringa ved Fusa ungdomsskule. Skulen har for tida ein elev som får norskopplæring etter 8. Han skal til ungdomsskulen hausten 2013 og vil då greia å følgja vanleg undervisning Ikkje aktuelt Barnehage, skule og kulturskule arbeider for å få til eit systematisk samarbeid. Barnehage og skule har gode ordningar for bruk av det fysiske miljøet og stimulerer til fysisk aktivitet. Barnehage og skule legg til rette for kunst, musikk, dans og drama gjennom året. Skulen samarbeider med kulturskulen til julefest og sommarfest. Elevar får visa seg fram for foreldre og besteforeldre på minst ein av festane (i band eller aleine). Held fram med FYSAK- økter ute, 5.-7. klasse mest mogeleg puls i sine 40 min obl. FYSAK i veka Skulen startar på etterslepet når det gjeld symjeundervisning, først 5.-6. trinn, så 4.-5. trinn. Oppstart veke 35-36. Brukar 2014 til å komma i rute. Skulen nyttar seg av tilboda frå DKS og Fusanisto.
Skulen besøkjer Economuseet i Samnøy, 7 trinn i kunst og handverk våren 201 (Vert truleg lagt til Fusanisto på ungdomstrinnet).