saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 12.02.2016 9256/2016 Lillian Sæther Sørheim Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 01.03.2016 Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2015 2015 var eit svært godt år for reiselivsnæringa i store delar av landet, så også for Fjord Norge-regionen, men likevel med forholdsvis store forskjellar. I denne saka vil vi sjå på tala for heile 2015 samanlikna med 2014. Vi vil også sjå på Møre og Romsdal samanlikna med heile landet og samanlikna med Fjord Norge-regionen. Neste statusrapportering kjem når tala for sommarsesongen 2016 er klar. Desse tala vil mest venteleg vere klar i slutten av første veka i oktober. Trafikkutvikling for reiselivsnæringa i fylket Utvikling 2014 til 2015 versus utvikling 2013 til 2014. Møre og Romsdal hadde i 2015 totalt 1 357 408 overnattingar, det vil seie overnattingar på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandreheimar. Dette representerer ein nedgang på 4,9 prosent samanlikna med 2014. 2014 var eit svært godt år for Møre og Romsdal med ein auke på 2,8 prosent frå 2013. Fjord Norge-regionen hadde i 2015 totalt 7 501 102 overnattingar som er ein auke på 0,8 prosent frå 2014 og hadde ein auke på 2,1 prosent frå 2013 til 2014. Heile landet hadde i 2015 totalt 31 653 839 overnattingar som er ein auke på 4,4 prosent som er ei betre utvikling enn året før då det var ein auke på 3,7 prosent frå 2013 til 2014. Møre og Romsdal har 4,3 prosent av totale overnattingar i Norge og 18,1 prosent av totale overnattingar i Fjord Norgeregionen. Nordmenn utgjer den desidert største og viktigaste gruppa for Møre og Romsdal og 935 982 nordmenn overnatta på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandreheimar i fylket i 2015. Dette representerer ein nedgang på 4,7 prosent samanlikna med 2014. Nordmenn utgjer 69,0 prosent av det totale talet på overnattingar her i fylket. Fjord Norge-regionen hadde ein nedgang på 2,9 prosent i norske overnattingar medan heile landet hadde ein auke på 3,0 prosent. Det var i 2015 totalt 421 426 utanlandske overnattingar i Møre og Romsdal som er ein nedgang på 5,2 prosent samanlikna med 2014. Fjord Norge-regionen hadde i 2015 ein auke på 8,1 prosent i utanlandske overnattingar. Møre og Romsdal er det einaste fylke i Fjord Norge-regionen som hadde nedgang i utanlandske overnattingar i 2015. Noko av nedgangen i Møre og Romsdal skuldast nedgang i arbeidsinnvandring, sjå for øvrig lengre ned i saka for meir om dette. Heile landet hadde i same periode ein auke på 8,3 prosent utanlandske overnattingar.
For Møre og Romsdal har tradisjonelt dei viktigaste marknadene vore: Tyskland, Sverige, Nederland og Storbritannia. Tyskland som er vår desidert viktigaste utanlandskmarknad hadde i 2015 ein auke på 0,1 prosent frå 100 171 til 100 494 overnattingar. Storbritannia hadde ei fin utvikling frå 2014 til 2015 med ein auke frå 26 664 til 30 535 gjestedøgn som er ein auke på 14,5 prosent. Nederland og Sverige hadde begge nedgang på respektive 6,2 og 5,5 prosent. Gledeleg er det å registrere at Kina seglar opp og er i ferd med å bli ein viktig marknad med ein auke frå 8 799 overnattingar i 2014 til 14 342 overnattingar i 2015 som er ein auke på 63,0 prosent. Kina har hatt fin vekst både i Fjord Norgeregionen og landet sett under eitt. Kina representerer eit enormt potensiale og alle prognoser viser at den utviklinga vi ser no, er bare byrjinga. Polen har hatt ein nedgang frå 39 773 til 21 463 overnattingar som representerer ein nedgang på 44,6 prosent. Møre og Romsdal har også nedgang frå andre Austeuropeiske land. Nedgangen frå Aust-Europa skuldast mest sannsynleg reduksjon i arbeidsinnvandring. Det er verdt å merke seg at det er store forskjellar i utviklinga. Byhotella har hatt ei merkbart betre utvikling enn campingplassar, hyttegrender og vandreheimar, men likevel med regionale forskjellar. Meir om dette under omtale av trafikkutviklinga i destinasjonsselskapa/regionane. Hotellstatistikken viser ein mindre nedgang frå 923 087 til 922 690 overnattingar frå 2014 til 2015. Nordmenn har i denne perioden auka med 5 759 overnattingar som representerer ein auke på 0,9. Utanlandske overnattingar har i perioden hatt ein nedgang på 2,5 prosent som utgjer 6 156 overnattingar. Overnattingar ved campingplassar, hyttegrender og vandreheimar har i denne perioden hatt ein markant nedgang frå 503 665 i 2014 til 434 718 overnattingar i 2015. Nedgangen utgjer heile 13,7 prosent. Størst er nedgangen hos nordmenn med ein nedgang på 16,8 prosent. Utanlandske overnattingar har ein nedgang på 8,8 prosent. Fordelinga mellom overnatting på hotell og overnatting på campingplassar, hyttegrender og vandreheimar er 68 prosent mot 32 prosent. I 2015 overnatta 922 690 gjestar på hotell medan 434 718 gjestar overnatta ved campingplassar, hyttegrender og vandreheimar. Overnattingar på hotell som representerer ferie- og fritidssegmentet viser ein fin auke frå 2014 til 2015, frå 422 006 overnattingar til 470 835 som er ein auke på 11,6 prosent. Ferie- og fritidssegmentet utgjer i 2015 34,7 prosent av totale overnattingar i Møre og Romsdal i 2015 og 51 prosent av overnattingane på hotell. Ferie- og fritidssegmentet blir definert som det segmentet ein kan påverke mest med marknadsføring, medan både yrkestrafikk og kurs/konferanse segmentet er meir konjunkturutsett. I perioden 2011 til 2015 har ferie-fritidssegmentet på hotella i Møre og Romsdal auka med heile 32,1 prosent. Fjord Norge-regionen har i same periode auka med 21,4 prosent og heile landet auka med 6,5 prosent.
Av Fjord Norge-fylka er det Møre og Romsdal som har hatt den største nedgangen når ein ser på 2015 isolert sett og på samla overnattingar på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandreheimar med ein nedgang på 4,9 prosent. Rogaland har ein nedgang på 4,2 prosent medan Hordaland har hatt ein auke på 5,2 prosent og Sogn og Fjordane ein auke på 4,6 prosent. Den største nedgangen kjem innan camping, hyttegrender og vandreheimar med ein nedgang på 13,7 prosent og den største nedgangen her kjem frå norske overnattingar med ein nedgang på 16,8 prosent. Trafikkutvikling i destinasjonsselskapa i 2015 I Møre og Romsdal hadde vi pr 31. desember 2014 fire destinasjonsselskap. Dette var Destinasjon Kristiansund & Nordmøre AS, Destinasjon Molde & Romsdal AS, Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Destinasjon Geirangerfjord & Trollstigen AS. Frå 1. januar 2015 vart Destinasjon Kristiansund & Nordmøre AS og Destinasjon Molde & Romsdal AS slått saman og namnet på dette nye selskapet er Visit Nordmøre & Romsdal AS. I statistikksamanheng opererer ein framleis med to destinasjonsselskap for denne regionen, men dette vil nok bli endra. På Sunnmøre er Destinasjon Ålesund & Sunnmøre utvida til også å omfatte Stranda og Norddal kommunar som tidlegare var med i Destinasjon Geirangerfjord & Trollstigen AS. Destinasjon Geirangerfjord & Trollstigen AS er vidareført som destinasjonsselskap for bygda Geiranger og kanskje også nokre andre bygder både i Stranda og Norddal. Dagleg leiar i «gamle» Destinasjon Geirangerfjord & Trollstigen AS er dagleg leiar i det vidareførte selskapet. Dette selskapet er enno i støypeskeia og det er for tidleg å seie noko konkret om storleik eller ressursar. I statistikksamanheng og dermed i dette avsnittet, vil ein derfor operere med dei fire opphavlege destinasjonsselskapa slik dei var inndelt pr 31. desember 2014. Desse vil bli omtala som regionar sidan dei ikkje speglar den reelle destinasjonsstrukturen. Alle dei fire regionane i fylket har hatt nedgang i 2015, men det er til dels store forskjellar både i høve hotell versus campingplassar, hyttegrender og vandreheimar men også by versus omland. Ålesund & Sunnmøre Ålesund & Sunnmøre har i 2015 hatt totalt 508 946 overnattingar, det vil seie overnattingar på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandreheimar. Dette representerer ein nedgang på 1,2 prosent samanlikna med 2014. Nedgangen kom ved campingplassar, hyttegrender og vandreheimar der nedgangen var på 15,8 prosent. Overnatting på hotella i regionen hadde ein auke på 2,0 prosent frå 422 700 i 2014 til 431 001 i 2015 og dersom ein bare ser på Ålesund by er auken på 3,0 prosent. Dersom ein ser nærare på overnattingsstatistikken på hotell så viser denne ein nedgang frå 211 869 til 195 060 i 2015 for yrkestrafikk til regionen, medan både kurs/konferanse og ferie/fritidsmarknaden begge har positiv utvikling. Nordmenn er den viktigaste kundegruppa med 360 004 overnattingar som utgjer 70,7 prosent av totale overnattingar i dette området.
Geirangerfjord & Trollstigen Geirangerfjord & Trollstigen har i 2015 hatt totalt 226 498 overnattingar. Dette representerer ein nedgang på 2,9 prosent samanlikna med 2014 (6 875 færre overnattingar). Nedgangen kom også her ved campingplassar, hyttegrender og vandreheimar der nedgangen var på 13,1 prosent. Overnatting på hotella i regionen hadde ein auke på 8,3 prosent i denne perioden frå 110 895 i 2014 til 120 124 i 2015 og hadde ein auke i alle segmenta, det vil seie både kurs/konferanse, yrkestrafikk og ferie/fritidsmarknaden. Også her er nordmenn den viktigaste kundegruppa med 119 332 overnattingar i 2015 som utgjer 52,7 prosent av totale overnattingar. Molde & Romsdal Molde & Romsdal har i 2015 hatt totalt 361 464 overnattingar. Dette er ein reduksjon frå 2014 på 3,6 prosent. Nedgangen ved campingplassar, hyttegrender og vandreheimar var på 2,9 prosent. Hotella i regionen hadde ein nedgang frå 227 003 til 217 624 som representerer ein nedgang på 4,1 prosent. Hotella i Molde by hadde derimot ein auke på 10,1 prosent. Dersom ein ser på nedgangen til hotella i regionen, så kjem denne frå yrkestrafikken (22,8 prosent). Nordmenn er den viktigaste kundegruppa for regionen med 259 420 overnattingar som utgjer 71,8 prosent av totale overnattingar i området. Kristiansund & Nordmøre Kristiansund & Nordmøre har i 2015 hatt totalt 243 499 overnattingar. Dette er ein 13,8 prosent frå 2014. Nedgangen var desidert størst ved campingplassar, hyttegrender og vandreheimar der nedgangen var på heile 25,3 prosent (30 404 færre overnattingar). Hotella i heile regionen hadde ein nedgang frå 162 489 til 153 939 overnattingar som representerer ein nedgang på 5,3 prosent medan hotella i Kristiansund by hadde ein nedgang på 8 prosent. Nordmenn er den viktigaste kundegruppa også for denne regionen og utgjer 77,9 prosent av totale overnattingar. Nedgangen i talet på overnattingar på hotell i regionen skuldast i sin heilhet nedgang i kurs/konferanse og yrkestrafikken (nedgang frå 96 950 til 84 227) da ferie/fritidssegmentet hadde ein auke på 6,4 prosent i denne perioden. Kurs/konferanse og yrkestrafikken utgjorde 54,7 prosent av talet på overnattingar ved hotella i denne regionen. Nedgangen i kurs/konferanse og yrkestrafikken skuldast truleg det som skjer i petroleumssektoren. Ein ser også den same utviklinga i Rogaland som også er ramma av nedgangen i denne sektoren. Prognose for 2016 Innovasjon Norge har nyleg offentleggjort sin rapport for 2015 og som ein del av denne også forventningane til 2016. Ein låg kronekurs gjer det billegare for utanlandske turistar å reise til Norge, noko som gir god grunn til optimisme for årets sommarsesong. Innovasjon Norge sitt Turistbarometer viser stor optimisme og det er pr i dag 15 prosent fleire bestilte flybillettar til Norge med tre overnattingar eller meir fram til 30. juni samanlikna med første halvår 2015. Innovasjon Norge påpeiker at det er ferietrafikken og gruppereiser som driv veksten. Dette er tilfelle også i Møre og Romsdal. I 2015 hadde Møre og Romsdal ein auke på 11,6 prosent i ferie/fritidssegmentet på hotella (frå 422 006 i 2014 til 470 834 i 2015) medan vi hadde ein nedgang i
yrkestrafikken på 12,8 prosent (frå 423 375 overnattingar i 2014 til 369 933 i 2015). Korleis dette vil slå ut for Møre og Romsdal er sjølvsagt vanskeleg å seie. Ein låg kronekurs vil heilt klart vere positiv for internasjonale gjester. Den viktigaste marknaden for Møre og Romsdal er nordmenn, og kanskje effekten for nordmenn kan vere at det blir dyrare å feriere utanlands og at fleire vel å feriere i eige land. Utviklinga i oljebransjen og dei maritime næringane vil mest venteleg påverke yrkestrafikken. Ferie- og fritidssegmentet vil vere svært viktig for fylket framover og tydeleg marknadsføring av Møre og Romsdal som reisemål mot dette segmentet både ovanfor nordmenn og internasjonalt, vil vere svært viktig. Forslag til vedtak: Regional- og næringsutvalet tek statusrapporteringa for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal til orientering. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Bergljot Landstad regional- og næringssjef Vedlegg : Statistikk reiseliv 2015