ÅRSMELDING FOR OPPLAND JOURNALISTLAG ARBEIDSÅRET 2006



Like dokumenter
Styret Styret i Oppland Journalistlag (OJ) har i arbeidsåret hatt denne sammensetning:

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Administrasjon av medlemslisterog tillitsvalde i 2011

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

«Ny Giv» med gjetarhund

Referat frå møte i Arbeidsutvalet 19. mars 2010, kl

Valdres vidaregåande skule

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Orientering om jakt, fiske og hytteutleige på Suldal statsallmenning.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Samnanger kommune Møteprotokoll

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

GLOPPEN KOMMUNE KOMMUNESTYRET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Kommunestyresalen Møtetid: Kl. 09:00. Gloppen kommune 17.

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Fylkesmannen i Oppland SKJÅK KO. Stadfester rapport etter tilsyn - Barneverntjenesten i Lom og Skjåk og 11. juni 2015

Referat. Godkjenning av protokoll frå førre styremøte. Vedtak Protokoll frå førre styremøte er godkjent

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

PROTOKOLL ETTER ORDINÆRT ÅRSMØTE I ÅIL for 2013

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Arbeidskrav 2 del 3, eplejuice

Aure kommune MØTEPROTOKOLL AV UTVALGETS MEDLEMMER/VARAMEDLEMMER MØTTE: 7 AV 7

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

ÅRSRAPPORT Nærare om nemnda Klagenemnda har åtte medlemer. Frå 1. januar 2008 var følgjande personar medlem i nemnda:

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Dublettsammenslåing. GolfBox A/S Sensommervej 34 F 8600 Silkeborg, Danmark Tlf.: :info@golfbox.no Web:golfbox.

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav L. Mjelva, Tove Leinslie, Thor Hauknes 3.

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Landsstyremøte i Norsk Journalistlag 28.mars 2012

Årsmelding 2015 Tekna Lillehammer avdeling

Frå dikt til teikneserie

Sakspapirer for. Årsmøte. Gudbrandsdal Folkemusikklag Laurdag 6. april 2019 Utgard fleirbrukshall, Lom

Vurdering av allianse og alternativ

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Oslo, 7. april møte i gjetarhundnemnda måndag den 6. april kl på lagskontoret i Parkveien 71.

Strategiplan

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Referat fra møte i NJs Arbeidsutvalg

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Stemnehandboka for NKSF

Granvin herad Sakspapir

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

RAMMEAVTALE mellom Allmennpraktiserande legar i fastlegeordninga i Vestnes

Møteprotokoll. Møtestad: Hopen brygge, Smøla Dato: Tid: Protokoll nr: 2/2016. Faste medlemer som møtte:

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Månadsplan for Hare November

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

ORIENTERING OM FYSIOTERAPITENESTA I VOLDA KOMMUNE. UTVIDING AV DRIFTSAVTALAR.

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

Kvalitetssikring av medisinbestilling i samarbeidet mellom fastlege og heimesjukepleie i Flora kommune

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Referat frå årsmøte i Jotunfjell Fjordane EHK, Vågå Hotell 13.februar 2010.

ÅRSMØTET I NMK VALDRES. Torsdag 13. feb. Kl PÅ Fagernes Quality Hotell

KYRKJELEG FELLESRÅD. Innkalling til møte i Fellesrådet KYRKJEVERJA I KVAM VEL M Ø T T! Til medlemene i Kyrkjeleg fellesråd i Kvam

Samansette tekster og Sjanger og stil

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Rutinar for ferdsel i utløpsområde

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2015/2016

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

SØKNAD OM STØTTE TIL ÅRLEG UNGDOMSRÅDSKONFERANSE I HALLINGDAL

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Innkalling til årsmøte i Osterøy Sau og Geit 2012

Protokoll Årsmøte Sarpsborg Havfiskeklubb 14. januar 2016

Tertialrapport

FYLKESKOMMUNEN SITT ENGASJEMENT I OG ORGANISERING AV HORDALAND OLJE OG GASS

Program OSTERØY HØGRE

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

PROTOKOLL FRÅ ÅRSMØTE 2016 LANDSORGANISASJONEN FOR ROMANIFOLKET Org.nr.:

Referat. frå styremøte 6. og 7. desember 2012 på Hotell Norge Bergen.

Transkript:

ÅRSMELDING FOR OPPLAND JOURNALISTLAG ARBEIDSÅRET 2006 Frå gågata i Lillehammer som var ankerpunkt for medlemma i NJ og KL i NRK då streiken var eit faktum. på Biletet ser vi Maria Ekerholt, Erik Jakobsen og Mari Taraldsrud. 1.0 Arbeidsåret 2006 - oppsummering På styremøtene (sjå pkt. 1.1) har vi hatt ulike tema til drøfting. Faste postar har vore økonomi, planleggjing av arrangement, årsmøte samt nytt frå klubbane. Oppland og Hedmark er dei to einaste lokallaga i NJ som ikkje har ei felles journalistkonferanse. Dette er etterlyst frå NJ si side og vi i styret meiner så absolutt at vi burde ha fått til eit slikt arrangement som dei har i andre lokallag. Hedmark Journalistlag måtte avlyse sitt arrangement på Rudshøgda 22. april på grunn av lita interesse. Styret meiner årsmøtet bør diskutere kva slags konferansetema dei kan vere interesserte i.

1.1. Møter Journalistikkens kår er under press, sjølv om det kan virke rimeleg trygt i Oppland og Hedmark. Naturleg nok kom arbeidsåret 2006 til å dreie seg om lønstingingane i både aviser og NRK (sjå pkt. 1.3). Tingingane endte med løysing i MBL-oppgjeret, medan NRK gjekk til streik. I ettertid har og P4 kome i hamn med sitt oppgjer. Leiar Torvild Sveen hadde kontakt med dei respektive streikeledeiarane, men det vart mykje fokus mot NRK i og med at dei hamna i konflikt. Difor beklagar leiaren at det ikkje vart så mykje oppmerksomhet om dei andre klubbane. Som ny i rolla som streikeleiar var det mykje å setje seg inn i. Oppland Journalistlag har prøvd å koordinere ulike tiltak, men i ein slik situasjon blir mange seg sjølv nærast. Mellom anna prøvde vi å samle klubbane i NRK, GD og P4 på Lillehammer på ei vake i samband med MBL-oppgjeret der, men få møtte opp. Arrangementet som var planlagd på Gjøvik kolliderte med Hadeland sin sumarfest. Styret i Oppland Journalistlag har berre vore samla to gonger i felles møte. Fyrste møte var på Honne, Biri og det andre møtet var i OAs hus på Gjøvik. Eit tredje styremøte vart planlagd, men måtte avlysast då vi ikkje vart røysteføre. Turnusar og ulik arbeidstid gjer det vanskeleg å få alle saman til å møtast. Spesielt dårleg ut har NRK-folk kome fordi NRK på grunn av ei konflikt ikkje let medarbeidarar ta del i lokallagsarbeidet utan at dei blir trekt i løn ved fråvèr. Utover dette har leiar Torvild Sveen vore med på landsråd i Oslo før tingingane i avisene og NRK. Han har og møtt leiaren i Hedmark Journalistlag for å drøfte ting vi kan gjere saman.

Vidare arrangerte NJ tariffkonferanse på Gjøvik, der leiaren var saman med klubbleiarane for avisene i Oppland og Hedmark. Tillitsråd med klubbleiarane vart avholdt 27. oktober der lokale avtaler og journalistkonferanse for innlandet var tema. Kommunikasjon mellom styremedlemma har elles vore via straumpost og tekstmeldinger. 1.2 Økonomisk oversyn Det blir vist til eigen rekneskapsrapport frå kasserar Mona Strande. Strande har for øvrig gjort ein god jobb med rekneskapen, trass i at ho eigentleg ikkje er medlem i OJ lenger då ho bytta arbeid i arbeidsåret. Rutinane for føringa av rekneskapen blir no endra i NJ. Kasseraren i OJ skal sørgje for at bilag og slik blir betalt, mens NJ skal ta seg av sjølve bokføringa. Dette vil gjere arbeidet for kasseraren lettare. Frå streikevaka mellom NRK på Fagernes og NRK på Gol. Frå venstre Jan Erik Helleren og Gunnar Grimstveit.

1.3 Streiken og førebuingane til streiken 2006 NRK: Streiken i NRK vart avvikla på ein grei måte. Streikevaktene fungerte og det var bra trøkk og godt samhald. Fleire sosiale samlinger vart det og, det var og møte med Hege Holm frå den sentrale streikekomiteen på Lillehammer. Folk som NRKJ-arane møtte i gata hadde forståing for krava og det gjorde det lettare å målbère streiken. Resultatet er det delte meiningar om, noko årsmøtet i NRKJ og bar preg av. Mellom anna savna fleire medlemmer meir informasjon om tingingane. AVISENE: Førebuingane til streik gjekk greit, men det var med blanda kjensler at folk mobiliserte. Vi er særs nøgd med at vi klarte å forhandle saman med dei øvrige tariffpartane, som grafisk og HK. Det same gjaldt og NRK som samarbeida med KL og TF. Avisene var nøgde med med pensjonsordninga, men dei sentrale avtalene ga få kroner. Det er noko NJ må ta meed seg vidare; det er flate tilegg ein ynskjer seg aller mest. Frå streikemøte på verandaen hjå Ruth Barsten på Lillehammer.

1.4 Resultat frå lokale oppgjer GD: OA: 105.000 kroner i utjamningspott, elles 6.500 i tillegg til kvar. I enkelte tilfeller er det over 100.000 kroner i skilnad på lik ansiennitet! Den lokale avtalen står nå for tur. Telefon er eit sentralt tema der, på grunn av nye skatteregler. 10.900 kroner i snitt til alle, men profilen frå sentralt oppgjer vart oppretthaldt, det vil seie ein «eldreprofil». Hadeland: 8.000 til alle, pluss 10.000 til ein person. Store skilnader i redaksjonen gjer dette naudsynt. P4: Årets oppgjer innebèr at alle NJs medlemmer i P4 får eit lønstillegg på 15 000 kroner med virkning frå 1. april. I tillegg blir det 20 kroner meir på morgontillegget (520 på årsbasis per medlem). 2006-lønna vil i snitt bli 17 690 kroner høgare enn i 2005 i P4. Valdres: Lønnstingingane pågår framleis og møtast måndag 30. oktober. 1.5 Prisutdelinger Fotoprisen for 2005 gjekk til Torbjørn Olsen, GD. Journalistprisen for 2005 gjekk til Jan Erik Helleren, NRK Hedmark og Oppland. Årets fotopris og årets journalistpris for 2006 delast ut i samband med årsmøtet 28. oktober 2006. Styret i Oppland Journalistlag, 25. oktober 2006. Torvild Sveen Asbjørn Risbakken Mona Strande Leiar Fagleg sekretær Kasserar June P. Martinsen Tore Åsvestad Helge B. Rønning Styremedlem 1. varamedlem 2. varamedlem Madeleine Cederström 3. varamedlem