PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR



Like dokumenter
Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

OPPNEMNING AV STYREREPRESENTANTAR VED PRIVATE SKOLAR

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK

Oppmoding om uttale - Hordaland Privatgymnas AS - søknad etter friskulelova

Redusert eigendel elev-pc

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

SKULESTRUKTUREN PÅ VOSS REFORDELING AV ELEVPLASSTAL OG UTDANNINGSPROGRAM

GRUPPER MED REDUSERT ELEVTAL

Justering av tilbodsstrukturen, skuleåret 2015/2016

REVIDERING AV REGLEMENTET FOR FAGSKOLANE I HORDALAND

TILSKOT TIL FAGSKULEUTDANNING INNAN HELSE- OG OPPVEKSTFAG - HAUSTEN 2013

Dialogmøte Hordaland Bli helsefagarbeider Sølvi Olrich Sørebø Prosjektveileder

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Gjennomføring og val av løp Rett fram eller alternativ modell?

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Kopi til: Arkivnr.: 526. Vurdering av prognoseinntaket til dei vidaregåande skolane, skoleåret 2009/2010

Informasjon om Lærekandidatordninga. Bedrift. Elev. Skule

Moglegheiter for å opprette ei entreprenørskaps- og innovasjonslinje i Hordaland

SØKJARINFORMASJON LÆREPLASS

Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 17/18 (UD-12/17)

Prognoseinntaket 2013: Orientering frå opplæringsavdelinga

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

Oppfølging av skulebruksplanen Sak 78/15 Opplærings- og helseutvalet

Opplæring av faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

4A-3 VAKSNE SIN RETT TIL VIDAREGÅANDE

Vedlegg: saksframlegg høring læremiddel.doc; vedak ophe.doc

Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Om plikt og rett til utdanning korleis kan utdanninga bli tilpassa einsleg mindreårige med avgrensa opphald? 17. mars 2017 Statens hus

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Rektormøte 19. mars 2014

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Geir Løkhaug, Cecilie K. Buaas, Laila T. Nielsen. Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda

- ein tydeleg medspelar

Ølen vidaregåande skule

HØRINGSUTTALE NOU 2007 : 11 STUDIEFORBUND - LÆRING FOR LIVET

HØYRING AV FORSLAG OM ENDRINGAR I FORSKRIFT OM TILDELING AV UTDANNINGSSTØTTE FOR

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Oppretting av nye klassar hausten 2015 ved Hordaland helsefagskole

TILBODSSTRUKTUR FOR FAGSKULANE I HORDALAND FOR SKULEÅRET 2012/13

RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

Elev- og lærlingombod i HFK

Opplærings- og helseutvalet Innstilling til fylkesutvalet behandles i møte vedtak ettersendes.

Søknad om godkjenning av ny privatskole - Ålesund Toppidrettsgymnas og Molde Toppidrettsgymnas

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

FLEKSIBEL OPPLÆRING I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING. OVERSIKT OG NYE TILTAK 2012

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Vidaregåande opplæring Ditt val!

Søking til skuleåret

Søking til skuleåret

Prosjektledersamling overgangsprosjektet

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Melding om administrative endringar i lokal forskrift om inntak og formidling

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Retten til spesialundervisning

Retningslinjer for Lærlingane i Masfjorden kommune

Jnr gjg. Hordaland fylkeskommune Opplæringsavdelinga 5520 Bergen. Uttale skulebruksplan

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

MØTEBOK. Yrkesopplæringsnemnda. Dato: 06. november 2012 Kl.: Stad: Wigandgården 8. etg. møterom: Forskjønnelsen Saknr.

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

TILTAK FOR Å BETRE KVALITETEN I OPPLÆRING I BEDRIFT

Transkript:

HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201209189-1 Arkivnr. 522 Saksh. Krüger, Ragnhild Hvoslef Saksgang Yrkesopplæringsnemda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 04.12.2012 04.12.2012 PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR SAMANDRAG Fylkesrådmannen viser til sak 41/12, handsama i møte i Opplærings- og helseutvalet 18.09.12 der følgjande vedtak blei fatta: 1. Opplærings- og helseutvalet vedtek ei prøveordning med utvida opplæringsrett for elevar og lærlingar på helsearbeidarfaget. Prøveordninga gjeld for elevar som begynner på VG2 Helsearbeidarfag hausten 2012 eller som begynner si læretid hausten 2012. Prøveordninga gjeld til og med juni 2017. 2. Opplærings- og helseutvalet sluttar seg til dei føreslegne tiltaka for å styrkje rekrutteringa til og gjennomføringa i helse og oppvekstfaget 3. Opplærings- og helseutvalet ber om at det vert gitt ei årleg rapportering om status for prøveordninga Det blei i tillegg oversendt følgjande forslag: OPHE ber om ei sak kor ein går gjennom kva for nokre andre fag som kan gjennomføre prøveordninga med opplæringsrett. I lys av at det i oversendinga blir bedt om utviding av høvet til å ta påbygg etter fullført fagbrev, blir det, i denne saka, foreslått ei anna løysing enn utvida opplæringsrett og inntak i ordinære påbyggsklassar. Det blir foreslått å opprette eigne påbyggsklassar for elevar med fagkompetanse, etter modell av tilbodet i Rogaland, den såkalla Rogalandsretten. Det ein ønskjer å oppnå med dette forslaget er å auke talet på elevar frå yrkesfag som fullfører fagbrev og samstundes å behalde fleksibiliteten som gjer det mogleg for elevane å oppnå både fagbrev og studiekompetanse.

FORSLAG TIL VEDTAK 1. Frå og med hausten 2014 vert det oppretta fire påbyggsklassar for elevar med fagbrev. 2. Det blir vurdert om det skal opprettast påbyggsklassar for elevar med fagbrev der undervisninga går over internett. Paul M. Nilsen fylkesrådmann Svein Heggheim opplæringsdirektør 2

FYLKESRÅDMANNEN, 15.11.2012: 1. Dagens situasjon for påbyggingskurs til generell studiekompetanse og framlegga i skolebruksplanen Påbyggingskurs til generell studiekompetanse er eit alternativ for elevar som har gått to år på yrkesfagleg utdanningsprogram og som ønskjer å få studiekompetanse i staden for å ta fagbrev. Det er ikkje slik at elevar som ikkje får tilbod om lærlingeplass blir plassert på påbygg. Elevar som går på påbygg har sjølve søkt om dette. NIFU-rapporten Påbygg et gode eller en nødløsning 1, viser at 92% av elevane på påbygg hadde dette som førsteval etter VG2 2. Tre av fire elevar har gjort valet om å ta påbygg etter at dei har begynt på vidaregåande, 18% hadde bestemt seg for å ta påbygg før dei begynte på vidaregåande 3. Skoleåret 2011/2012 er det tilbod om påbyggingskurs på 24 skolar i Hordaland og samla elevtal er 1102 elevar. Tilbodet har høg strykprosent og i framlegget til skolebruksplan 4 er det sagt klart at talet på plassar bør reduserast for å auke nivået på gjennomføringa. I framlegget til skolebruksplan 5 er det foreslått at talet på plassar på VG3 påbygg skal reduserast frå 7% av det totale elevtalet til 3%, altså ei halvering av talet skoleplassar på dette tilbodet. Det vert lagt opp til at fleire skal fullføre fagopplæring som lærlingar. Med ein så stor reduksjon i talet på plassar bør det også vurderast kva alternativ som finst for elevar som ønskjer ein kombinasjon av yrkesfag (med fagbrev) og studiekompetanse. 2. «Rogalandsretten» Ordinære påbyggsklassar har rett til 30 undervisningstimar i veka. Elevar med ferdig fagbrev har rett til fritak frå kroppsøving og programfag og vil berre trenge 23 timar i veka. Det er difor ikkje naudsynt at dei får det fulle 30 timars tilbodet. I Rogaland har ein, frå og med hausten 2010 hatt eit eige tilbod til elevar som har tatt fagbrev og som kan ta påbygg med 23 timars undervisning i veka. Det å opprette eigne klassar for denne gruppa er då billegare og gir elevane høve til å ta påbygg på deltid slik at det kan kombinerast med arbeid. Ein elevplass på ordinært påbyggskurs kostar om lag 60 000 kr i året. Ein elevplass på påbyggkurs etter fagbrev vil koste om lag 46 000 kr i året. Det er føresett at undervisninga på påbyggskurset blir gitt på dagtid. Om det skal gis undervisning på kveldstid, vil kurset bli dyrare, men også lettare å kombinere med arbeid. Skoleåret 2012/2013 tilbyr Rogaland fylkeskommune sju slike klassar. Ein av desse har undervisning på kveldstid og ein har undervisning over internett slik at dei kan kombinerast med arbeid. Eit tilbod om å ta påbygg etter at ein er ferdig med fagbrevet kan redusere ønskja om påbygg som alternativ til læretida og kan vere eit svar på samfunnets behov for ein arbeidsstyrke med breiare kompetanse NIFU rapporten om påbygg viser også til at strykprosenten er lågare blant elevane som tar påbygg etter ferdig fagbrev enn blant elevane som tar påbygg i staden for fagbrev 6. 1 NIFU-rapport 2/2012 av Eifred Markussen og Silje Kristin Gloppen. Rapporten er basert på fem fylker: Akershus, Østfold, Buskerud, Rogaland og Nord-Trøndelag 2 6,2 % hadde læreplass som førsteprioritet og valde sannsynligvis påbygg fordi dei ikkje fekk den læreplassen dei ønskja. 3 NIFU rapport 2/2012 s. 12 4 s. 41 5 S. 86 6 S. 16 3

3. Påbygg i læretida Bergen og Fjell kommune tilbyr no sine lærlingar å ta påbygg på kveldstid i læretida. Dei dekkjer kursavgift og gir noko lette i arbeidet for å gjere det mogleg å kombinere. Fleire større bedrifter som tilset lærlingar (som til dømes Statoil) gjer det same. Tilbodet om påbyggsfag blir gitt av AOF og er eit betalingskurs. Om Hordaland fylkeskommune vel å gje eit tilbod om påbyggsklassar etter fullført fagbrev, kan dette føre til at det blir ein diskusjon om å betale for eit tilsvarande tilbod også i læretida. Påbygg i læretida vil vere ein meir krevjande modell for elevane, men for fagleg sterke elevar kan dette vere ei god løysing. 4. Kombinasjonar av studiespesialisering og modular frå yrkesfag NIFU-rapporten «Yrkesfagutdanning eller allmennutdanning for sektoren» 7 viser at ein stor del av dei som startar på Helse- og oppvekstfag aldri har hatt planar om å ta fagbrevet, men ønskjer den praktiske opplæringa i helsefag som ein veg mot sjukepleiaryrket. Dei har allereie frå starten av vidaregåande planar om å ta påbygg tredje året. Dette kan medføre at elevar som ønskjer seg eit fullt fagløp på Helse- og oppvekstfag ikkje får plass, eller må flytte for å kunne oppfylle sitt ønskje. Det kan vurderast om det finst alternative vegar til studiekompetanse med yrkeskunnskap. Sotra vidaregåande skule har frå og med hausten 2006 hatt tilbod på studiespesialiserande om ei «teknologilinje» der elevane i tillegg til studiespesialisering med fordjuping i realfag får ta modular frå Teknikk og industriell produksjon og frå Elektrofag. Elevane får og noko praksis frå bedrifter i lokalmiljøet. Denne typen samarbeid mellom studiespesialiserande og yrkesfaglege tilbod kan svare på nokre av ønskja til elevane utan at desse tar opp plassar på yrkesfag. Sotra vidaregåande søkte i 2010 om å få modular frå yrkesfag godkjent som programfag på studiespesialiserande slik at elevane på teknologilinja kunne få ein lågare timebelastning. Søknaden blei avslått av Utdanningsdirektoratet fordi det resultatet ein ville oppnå allereie var mogleg å oppnå innan gjeldande studieplan og fordi: Søknader om forsøk innen videregående opplæring som medfører at elevene eller lærlingene får annen sluttkompetanse enn den som går fram av vedkommende læreplan, normalt ikke skal innvilges, jf. rundskriv Udir-3-2007. Avslaget har ført til at Sotra vidaregåande ikkje har gått vidare med tanken om ei helselinje på lik linje med teknologilinja. Dei har vidareført teknologilinja, og denne linja har god søking og høg gjennomføringsprosent. I ei vurdering av korleis ein kan skape større fleksibilitet for elevar som ønskjer både yrkespraksis og studiekompetanse, vil det også vere interessant å sjå nærare på teknologilinja og liknande modellar. 5. Avslutning Utfordringane med påbyggingskurs til generell studiekompetanse er mange og det er viktig at ein ikkje let ei god løysing stå i vegen for å finne fleire gode løysingar. Realiteten er at strykprosenten på påbygg er på 12,5%, og det er høgt. I enkeltfag, særleg matematikk, er strykprosenten høgare. Delvis grunna dei dårlege resultata på påbygg, er det eit klart forslag i skolebruksplanen at talet på påbyggklassar skal reduserast og at ein skal prøve å få fleire elevar på yrkesfag til å gå vidare som lærlingar og til fagbrev. 7 NIFU rapport 30/2012 4

For å halde på den fleksibiliteten som påbyggskursa gir, blir det foreslått at det i tillegg til vanlege påbyggsklassar blir oppretta eigne påbyggsklassar for elevar som har tatt fagbrev. 5