BUSTADPLAN 2010-2014

Like dokumenter
RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNALE BUSTADAR I VINJE KOMMUNE

Forfall skal meldast på tlf Varamedlemmer møter berre ved særskilt innkalling.

BUSTADGRUPPA. Sluttrapport. 28 mai 2015

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNAL BUSTAD I STORD KOMMUNE

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Britt Veum Hauge/ Jarle Skartun Arkiv: 143 L7 Arkivsaksnr.: 15/445

Handlingsplan Bustadsosialt velferdsprogram

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2014/2206 Løpenr.: 12633/2014

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Korleis me vart landets beste kommune på bustadsosialt arbeid

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Masfjorden kommune Helse- og omsorgstenesta. Retningsliner for tildeling av omsorgsbustad

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 09/809

STRATEGIPLAN FOR BUSTADAR I STORD KOMMUNALE EIGEDOM KF

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Tertialrapport 2 tertial 2015

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

PLAN FOR BUSTADPOLITIKK I BØ KOMMUNE

Bustadplan og-utvikling i Sogn. Husbanken som samarbeidspart Olav Ohnstad seniorrådgiver

Saksnr Utval Møtedato 076/14 Formannskapet Bustadprosjekt på Borgund - ny vurdering og handsaming

Bustadsosial handlingsplan. for. Ulstein kommune

Kommunedelplan Bustadsosial handlingsplan

PROTOKOLL. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Randi Langeland Mork leiar AP Eli Kjøde Annfrid Lødemel.

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

BREMANGER KOMMUNE Sakspapir

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Protokoll Tysnes kommune

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Bustadområde i sentrum. Vurdering

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Ragnhild Aanestad Arkiv: 614 F Arkivsaksnr.: 17/ OMSORGSBUSTADER FOR UNGE FUNSKJONSHEMMA - FORELDREINITIATIV

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune

Tilpassing av bustad. Finansieringsalternativ

SAKSDOKUMENT. Retningsliner for tildeling av kommunale utleigebustadar

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Svar på oppmoding om busetting av flyktningar i 2016

Endeleg rapport frå tilsyn med Fjell kommune ved Nav Fjell 2013

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Godt å bu i Stord kommune vinnar av Statens pris for bustadsosialt arbeid 2018

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Husbankfinansiering av vedlikehald og oppgradering av kommunale bustadar. Sigbjørn Spurkeland, rådgjevar «Boliger for fremtiden» 6.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

10/60-14/N-211//AMS

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Anne Tove Sjøthun Nyheim Arkivsaksnr.: 13/392

Kommunedelplan for oppvekst

SØKNAD OM HJELPETILTAK FOR BORN OG UNGE 0-18 ÅR.

Nissedal kommune. Møteinnkalling. Utval: Formannskapet Møtestad: Ordførarkontoret, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 17:00

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Fellestenester - Politisk sekretariat Vår ref: 2012/ Dato:

Startlån frå kommunen. kan oppfylle bustaddraumen din!

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Retningslinjer for behandling og tildeling av kommunal bustad i Sandøy kommune

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Bustønad Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

ÅRDAL BOLIGBYGGELAG HEISPROSJEKT -

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Protokoll Tysnes kommune

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

SAKSFRAMLEGG. SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh. Utvalet for oppvekst og omsorg /11 HLV

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Saksprotokoll. Kommunestyret Sak: 106/12. Tittel: :: Kommunale avgifter og betalingssatsar 2013 Arkivsak: 12/3133

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

10/ /K2-L32//AEM

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

SØKNAD OM KOMMUNAL BUSTAD

Skule - OPPL AVD. Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet

Program OSTERØY HØGRE

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Oppgradering av eksisterende boligmasse. Husbankens økonomiske verkemidlar v/ Sigbjørn Spurkeland, Husbanken vest

Referat frå folkemøta:

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

RETNINGSLINE FOR RESERVERTE KONTRAKTAR

Helhetlige planer og strategier for boligetablering. Sigbjørn Spurkeland, seniorrådgjevar Husbanken

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Transkript:

Vedteken i kommunestyret 20.09.2010 Sak PS71/10

Innhald: 0. Innleiing Side 2 1. Målsetjingar og organisering 1.1. Organisering Side 4 1.2. Husbanken sine låne- og tilskotsordningar Side 5 1.3. Tilpassing av bustad Side 6 1.4. Oppfølging i bustad Side 6 1.5. Tildeling av utleigebustader Side 7 2. Utleigebustader 2.1. Prinsipp for ut-/ ombygging av utleigebustader Side 8 2.2. Utleigepris Side 9 Behov for ut-/ombygging 2.3. Eldre Side 9 2.4. Personar med utviklingshemming Side 11 2.5. Flyktningar Side 12 2.6. Vanskelegstilte på bustadmarknaden Side 13 2.7. Andre Side 13 Handlingsplan 2010-2014 Del 1: Målsetjingar og organisering Side 14 Del 2: Ut-/ombyggingsplan Side 15 Vedteken i kommunestyret 20.09.2010 Sak PS71/10 1

0. Innleiing Det er ein overordna visjon i bustadpolitikken at alle skal kunne bu trygt og godt. Sentrale mynde har ansvar for å etablera ordningar som gjer dette mogeleg. Kommunen har ansvar for å yta aktiv hjelp til å finna tilskotsordningar og mogelege finansieringsordningar for vanskelegstilte. Kommunal bistand til å skaffa seg bustad skal som hovudregel vere ei kortvarig løysning. Det er eit mål at flest mogeleg på lengre sikt skal vera i stand til å eige sin eigen bustad. Bustadsosialt arbeid omfattar alt frå kommunen sin innsats for å framskaffa og tildela bustader, til tenester og enkelttiltak som kan betra den enkelte sin føresetnad for å meistre sin bu- og livssituasjon. Bømlo kommune vedtok bustadsosial handlingsplan for perioden 2005-2009 i juni 2004 (K-sak 067/04). Planen gav eit godt innblikk i status og utfordringar på det bustadsosiale området i Bømlo kommune i 2004. Nokre av tiltaka i planen er gjennomførte, andre ikkje. I same periode har også behova og problemstillingane endra seg, og det er difor iverksett tiltak som ikkje blei vurderte i den opphavlege planen. Sidan førre plan vart vedtatt har Bømlo kommune også oppretta Bømlo Kommunale Eigedomsselskap AS (BKE). Denne planen blir difor delvis ei rullering av eksisterande bustadsosial handlingsplan og delvis ein ny plan som synleggjer arbeidsfordeling mellom Bømlo kommune og BKE. Handlingsplanen har to deler. Del 1 omhandlar overordna målsetjingar og organisering av det bustadsosiale arbeidet i Bømlo kommune (jf. kapittel 1). Denne skal rullerast innan utgangen av 2014. Del 2 er program for ut-/ ombygging av utleigebustader (jf. kapittel 2). Denne skal rullerast årleg og i tett dialog med BKE. Vedteken i kommunestyret 20.09.2010 Sak PS71/10 2

Saksprotokoll i Kommunestyret - 20.09.2010 PS 71/10 Arnfinn Husby Halderaker (KrF) la fram følgjande framlegg: Endring i punkt 1: Kommunestyret vedtek Bustadplan 2010 2014 med dei endringane som kjem fram av dette vedtaket. Nytt punkt 4: For å betra integreringa i lokalsamfunnet bør bustadar for flyktingar plasserast rundt om i fleire bygdemiljø i kommunen, Ved prosjektering bør kapasitetsomsynet til skulane tilleggjast vekt. Punkt 4 blir då punkt 5. Etter framlegget frå Arnfinn H. Halderaker (KrF) bad Odd Harald Hovland (AP) om gruppemøte. Ordførar Inge Reidar Kallevåg tok pause i møte slik at gruppene kunne møtast. Etter gruppemøte vart det røysta slik: Framlegget frå Arnfinn H. Halderaker (KrF) vart mot 11 røyster vedteke. (5 FrP, 4 AP og 2 SP røysta mot). Resten av rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteken. Vedtak: Kommunestyret gjorde slikt vedtak: 1. Kommunestyret vedtek Bustadplan 2010-2014 slik den ligg føre med dei endringane som kjem fram i vedtaket. 2. Prosjektmidlar for gjennomføring av planleggingsprosessen av nye utleigebustader til eldre (pkt 2.3.1.), skal sjåast i samanheng med utbygging av institusjonsplassar og søkjast innarbeidd i budsjett for 2011. 3. Midlar til prosjektering av nye bustader for flyktningar (pkt 2.5.1) skal søkjast innarbeid i budsjett 2011. 4. For å betra integreringa i lokalsamfunnet bør bustadar for flyktingar plasserast rundt om i fleire bygdemiljø i kommunen, Ved prosjektering bør kapasitetsomsynet til skulane Tilleggjast vekt. 5. Prosjektmidlar til vurdering av funksjonalitet på utleigebustader for personar med utviklingshemming (pkt 2.4.1) og vurdering av bustader til vanskelegstilte (pkt 2.6.2/ 2.6.3./2.6.4.), skal vurderast i samband med økonomiplan 2012-15. Vedteken i kommunestyret 20.09.2010 Sak PS71/10 3

1. Målsetjingar organisering 1.1. Organisering Bømlo kommune sine tenester knytt til bustadspørsmål er fordelt mellom ulike verksemder i kommunen og Bømlo Kommunale Eigedomsselskap AS (BKE): Vidareformidling/ informasjon om Husbanken sine låne- og tilskotsordningar Teknisk avdeling (Landbruk) og Bustadgruppa * Vidareformidling/ informasjon om Husbanken sine Fellessekreteriatet Bustøtteordningar Råd og rettleiing ihht tilpassing/ombygging av bustad Bustadgruppa * Oppfølging i bustad Ulike verksemder/ knytt til enkeltvedtak Tildeling av utleigebustader Kommunal tildelingsgrupe ** Ansvar for bygging/ombygging/ vedlikehald av utleigebustader BKE (delvis kjøpt frå BK) Oppfølging av husleigekontraktar BKE (delvis kjøpt frå BK) *) Sjå kap 1.3. **) Sjå kap 1.5. Det må vera ei målsetjing at det bustadsosiale arbeidet i kommunen er organiset slik at dei ulike aktørane har eit godt og effektivt samarbeid, og slik at dei ulike ordningane er tilgjengelege for brukarane og vert nytta til deira beste. For å oppnå dette vil det vera tenleg om fleire av tenestene knytt til bustadspørsmål var samla. Dette vart belyst då bustadsosial handlingsplan var til handsaming i 2004 (K-sak 067/04). Det blei då gjort fylgjande vedtak: Kommunestyret gjev rådmannen fullmakt til internt å leggje tilhøva til rette for at områder som omhandlar bustadspørsmål vert samla på eit kontor/ ein person. Omlegginga må løysast innanfor dei eksisterande økonomiske rammer. Det er ikkje funne noko løysning på dette innfor eksisterande rammer. Faktum er at det i perioden har det vore ein reduksjon i dei administrative ressursane. Rådmannen meiner likevel at dette skal vurderast på nytt. Det blir òg viktig å få på plass gode samhandlingsrutinar med BKE. Dette arbeidet er påbegynt, med bør vera ein kontinuerleg prosess og er difor sett opp som eige tiltak i planen. Samarbeid og arbeidsfordeling vil òg bli vurdert ved evaluering av Hovudavtalen mellom Bømlo kommune og BKE. Tiltak: 1.1.1. Vurdera oppretting av eit felles bustadkontor 1.1.2. Utarbeida gode samhandslingsrutinar med BKE Vedteken i kommunestyret 20.09.2010 Sak PS71/10 4

1.2. Husbanken sine låne- og tilskotsordningar Målsetjing: Så mange som råd skal få høve til å eige sin eigen bustad. Bømlo kommune skal ha ein aktiv bruk av Husbanken sine låne og tilskotsordningar Husbanken har ulike ordningar: Grunnlån: Lånet kan nyttast til finansiering av nye bustader og unntaksvis til kjøp og utbetring av brukt bustad. Grunnlån kan òg gis til spesialtilpassing av bustader for funksjonshemma. Startlån: Startlån blir tildelt kommunen for vidare utlån, og skal bidra til å skaffa og sikra eigna bustader for unge og vanskelegstilte på bustadmarknaden. Lånet kan finansiera heile bustaden eller vera topplån der andre gir grunnfinansiering. Startlån kan òg nyttast til utbetring av bustad. Bømlo kommune har gode erfaringar med vidareformidling av Startlån. Startlån legg til rette for fleiksible løysningar, men må reknast som høgrisikolån, kommunen har likevel ikkje brukt tapsfondet. Dei siste åra har Bømlo kommune lånt ut om lag 7,5 mill årleg. Gjennomsnittleg storleik på lån har vore om lag 300 000. I 2010 har kommunen teke opp samla lån gjennom ordninga på 9 million kroner. Tilskot til etablering i eigen bustad: Bustadtilskotet skal bidra til å skaffa og sikra eigna bustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Ordninga er avgrensa og sterkt behovsprøvd. Kommunen vidaretildeler tilskot frå Husbanken og står relativt fritt til å avgjera kven i den avgrensa brukargruppa som får tildelt tilskot. Dei siste åra har Bømlo kommune vidaretildelt om lag 800 000 årleg. Tilskot til tilpassing av bustad: Tilskot til tilpassing av bustad skal bidra til at eldre og funksjonshemma får eigen bustad som over tid fungerer godt i forhold til rørslevanskar eller anna funksjonshemming. Kommunen vidaretildeler tilskot frå Husbanken. Dei siste åra har Bømlo kommune vidaretildelt om lag 170 000 årleg. Utgreiingstilskot/ Prosjekteringstilskot: Tilskotet blir gitt til funksjonshemma og andre som har behov for tilrettelegging av bustaden. Tilskotet blir gitt til prosjekterings/ utgreiingsarbeid. Bustøtte: Bustøtte er ei statleg støtteordning som blir administrert av Husbanken og kommunane. Bustøtta skal hjelpa husstandar med låge inntekter og høge buutgifter til å bli buade i eigen bustad. Dei siste åra har 220-230 husstandar i Bømlo mottatt Bustøtte frå Husbanken månadleg. Bømlo kommune har opparbeida seg god kompetanse om Husbanken sine låne- og tilskots-ordningar. Den største utfordringa har vore/er kapasitet på saksbehandlarsida. I dag har kommunen 40% stillingsheimel knytt til behandling av søknader om lån og tilskot og om lag 40 % stilling knytt til Bustøtte. Dette set avgrensingar iht kor offensiv ein klarer å vera i bruk av Husbanken sine midlar. Forslag til tiltak er difor både at ein framleis skal kunna gje kvalifisert råd og rettleiing om Husbanken sine ordningar, men òg at ein Vedteken i kommunestyret 20.09.2010 Sak PS71/10 5

skal utarbeida ein strategi for meir aktiv bruk av Husbanken sine ordningar. Å vurdera oppretting av eit bustadkontor kjem òg inn under dette punktet. Tiltak: 1.2.1. Gje råd og rettleiing om Husbanken sine ordningar 1.2.2. Etablera ein strategi for meir aktiv bruk av Husbanken sine ordningar 1.2.3. Vurdera oppretting av eit felles bustadkontor (jf. pkt 1.1.2) 1.3. Tilpassing av bustad Målsetjing: Bømlo kommune skal sikra god tilrettelegging av bustader til eldre og menneske med funksjonshemmingar For at rørslehemma eldre og personar med funksjonshemming skal kunne bu i eigen bustad, må kommunen ha kompetanse på tilrettelegging av bustaden. Bømlo kommune har ein ei Bustadgruppe samansett av ergoterapeut, ambulerande vaktmeister og sakshandsamar med ansvar for Husbanken sine låne-/tilskotsordningar. Denne gruppa vurderer søknader om tilskot til tilpassing av bustad og gjev råd og rettleiing iht om-/ utbyggingsprosjekt. Tiltak: 1.3.1. Bustadgruppe som kan gje råd og rettleiing iht tilpassing av bustad 1.4. Oppfølging i bustad Målsetjing: Kommunen skal leggje til rette for at dei som ikkje klarer seg sjølv i eigen bustad skal få hjelp til å meistre dagleglivet og bli buande i eigen bustad Det er eit stort behov for miljøarbeidartenester til menneske med ulike utfordringar i høve til bustad og det å bu. Oppfølging i bustad kan vera alt frå råd og rettleiing nokre timar i månaden til døgnkontinuerlig oppfølging. Dei fleste som treng kontinuerlig eller daglig oppfølging er personar med utviklingshemming og/eller fysisk funksjonshemming. Men også sosialt vaskelegstilte og personar med psykiske og/ eller ruslidingar, kan ha eit relativt stort oppfølgingsbehov. I Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2005-2009 (K-sak 78/05), vart det vedteke å oppretta ei miljøarbeidarteneste for rusmiddelavhengige. Evaluering av dette tiltaket vil skje gjennom rullering av handlingsplanen. I KS-sak 84/08 Vidareføring av psykiatriplan for vaksne i Bømlo kommune vart det vedteke å vidareføra miljøarbeidartenesta knytt til Langråsa bufellesskap. Vedteken i kommunestyret 20.09.2010 Sak PS71/10 6

1.5. Tildeling av utleigebustader Målsetjing: Kommunen skal ha god utnytting av eksisterande bustadmasse og ha ei bevisst prioritering av kven som får tildelt bustad Kommunen skal primært drive utleige for å skaffa bustad til personar som ikkje greier å skaffa tenleg bustad på eiga hand. Kommunen sitt ansvar er heimla i Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltningen 15 og 27: Kommunen skal medvirke til å skaffe boliger til personer som ikke selv kan ivareta sine interesser på boligmarkedet.. Kommunen har òg ansvar for å finna midlertidig husvære for dem som ikke klarer det selv... Kommunen kan i tillegg velge å tilby utleigebustader til andre. I denne planen er det skilt mellom fylgjande grupper: a. Eldre b. Personar med utviklingshemming c. Flyktningar d. Vanskelegstilte på bustadmarknaden e. Andre som kommunen ynskjer å tilby uleigebustad Før kommunen planlegg utbygging er det viktig å vera sikre på at det er dei prioriterte gruppene som får tildelt kommunal bustad. For bustader i gruppe c, d og e vil det òg vera viktig å ha fokus på sirkulasjon i leigetakargruppa. For desse personane vil leige av kommunal bustad i all hovudsak vera ei mellombels løysing med målsetjing om å finne anna bustad på sikt. Bømlo kommune har ansvar for tildeling av utleigebustadane som er eigd av BKE. Det er oppretta ei tildelingsgruppe samansett av fagpersonar som har dette mandatet. Gruppa har òg ansvar for å setja i verk tiltak for å få naudsynt sirkulasjon i leigetakargruppa og eventuelt bistå leigetakarar som treng hjelp til å finne anna bustad. Tiltak: 1.5.1. Vurdera eksisterande leigeavtalar for å sikra at leigetakarane er i målgruppa 1.5.2. Bistå leigetakar som treng hjelp til å finna anna bustad 1.5.3. Kontinuerleg fokus på tildelingsrutingar/ tildelingsprosessen Vedteken i kommunestyret 20.09.2010 Sak PS71/10 7

2. Utleigebustader Hovudmålsetjingar: 1. Bømlo kommune/bke skal ha tilstrekkeleg tal tilpassa bustader slik at det dekker dei behova innbyggjarane i kommunen har 2. Bømlo kommune/bke skal ha tilfredstillande vedlikehald og oppgradering av eksisterande bustadmasse og bytte ut bustader som ikkje er eigna 3. Bustadane skal i størst mogleg grad tilpassast brukarane sine behov og økonomi 4. Lokalisering og utforming av bustadane skal leggje til rette for kommunal tjenesteyting og optimal bruk av kommunale ressursar Bømlo kommunale Eigedomsselskap (BKE) blei oppretta i 2008. I hovudavtalen mellom Bømlo kommune og BKE kan ein lese at BKE har ansvar for alle oppgåver knytt til utbygging, utleige, forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av bustader for dei brukargruppene som Bømlo kommune har ansvar for å skaffe bustad til gjennomføring av større tiltak som sal av eigedommar skal følgja den prioritering som kommunestyret fastset i bustadprogrammet som selskapet skal utarbeida som grunnlag for budsjett i påfølgjande år. Vidare står det at: BKE skal innan utgangen av 2008 ha utarbeidd eit forslag til bustadprogram for 4-årsperioden 2009-2012. Bustadprogrammet skal gje ein analyse av behovsutviklinga vedkommande utleigebustader for brukargrupper som kommunen har ansvar for å skaffe bustad til, eller leigetakarar som kommunen ynskjer å halde bustad til. Planen skal spesifisera bustadbehovet for fylgjande grupper: - eldre menneske med behov for utleigebustad - bustader til personar med utviklingshemming - bustader for flyktningar - andre brukargrupper Bustadprogrammet skal ha eit kontinuerlig perspektiv på 4 år, og skal evaluerast og reviderast kvart år. Bømlo kommune skal kvart år godkjenne bustadprogrammet for påfølgjande kalenderår. Bømlo kommune har teke ansvaret for planarbeidet, men handlingsplanen sin om-/ utbyggingdel (del 2) er utarbeida i samarbeid med BKE. I handlingsplanen er det prioritert eit avgrensa tal tiltak for at planen skal vere realistisk å gjennomføra. På sikt vil det vera behov for ombygging og/eller utbetring av fleire av bustadane til BKE. Det kan òg bli aktuelt å vurdera sal av nokre bustader for å finansiere nye meir brukartilpassa husvære. 2.1. Prinsipp for ut-/ ombygging av utleigebustader: I mange av utleigebustadane blir det ytt kommunale tenester. Det er viktig å ta omsyn til dette ved planlegging av nye bustader. Det er òg viktig å ha fokus på maksimal utnytting av kommunale ressursar. Maksimal ressursutnytting bør vera med i vurderinga av lokalisering og ved planlegging av utforming og tal einingar i kvar bustad. Ved utbygging av bustader med fellesareal og personaleining bør tal på bueiningar ikkje vera mindre enn 5. Brukargruppene sine behov må òg vera grunnleggjande i heile planleggingsfasen. For dei fleste brukarane vil t.d. sentral plassering med nærleik til kollektivtrafikk, offentlege og sosiale tilbod vera viktig. Husleige er òg ein vesentleg faktor, dette blir omtala i eige punkt nedanfor. Vedteken i kommunestyret 20.09.2010 Sak PS71/10 8

Prinsipp for ut-/ ombygging: 1. Det skal leggjast til rette for kommunal tenesteyting i bustader der det er aktuelt 2. Effektiv og god ressursutnytting for kommunen skal alltid tas med ved vurdering av lokalisering, utforming og tal einingar i kvar bustad 3. Ved planlegging av utbygging skal ein leggje til grunn maksimal utnytting av Husbanken sine ordningar 4. Utleigebustadane skal i størst mogleg grad tilpassast brukargruppa sin økonomi og behov 2.2. Utleigepris: Det er svært viktig at dei som har behov for kommunal bustad har råd til å betala husleiga, eventuelt ved hjelp av statleg bustøtte. Om ikkje kan ein risikere at personar kommunen pliktar å skaffe bustad ikkje har råd til å ta imot tildelt husvære. Ved for høge utleigeprisar vil ein òg risikera at fleire personar vert avhengige av økonomisk stønad frå Nav. Det blir då vanskeleg å oppnå målet i Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga om at økonomisk stønad i størst mogleg grad skal vera mellombels, og at stønadsmottakar på sikt skal verta i stand til å klara seg sjølv. Før etablering av BKE var utleigeprisane i både private og kommunale bustader i all hovudsak under godkjente buutgifter i Husbanken sine retningslinjer (pr. d.d. kr 5083 pr. mnd for ein einsleg og kr 5333 pr.mnd dersom du er ung ufør ). Ved oppretting av BKE blei det vedtatt at utleigeprisane skulle justerast opp til marknadsleige. BKE har laga ein plan for oppjustering av prisane, planen er delvis gjennomført. Ut frå denne planen vil dei fleste bustadane til BKE ha ei husleige over Husbanken sine tak på godkjente buutgifter. Dette vart belyst i K-sak 21/10 Økonomisk stønad regulering av rettleiande sats for rimeleg bukostnad og K-sak 37/10, Husleigesatsar BKE AS. Generalforsamlinga i BKE gjorde fylgjande vedtak den 10.06.10: 1. Bømlo kommune som eigar av BKE AS gir generalforsamlinga i oppdrag å påleggja selskapet å få husleigenivået på selskapet sine utleigebustader i tråd med marknadsleige. 2. Fastsetting av marknadsleiga skal gjerast av ei uhilda takstnemd, oppnemd av selskapet sitt styre, godkjent av eigar 3. Bømlo kommune vil på eit seinare tidspunkt vurdera behovet for eigarfinansiering av selskapet i ein overgangsperiode. Husleigesatsane til BKE vil difor bli vurdert og BKE har ansvar for å fylgja opp saka. Vedtaket er likevel tatt med som eit tiltak i denne planen for å synleggjere samanhengen med øvrige tiltak. Tiltak: 2.2.1. Vurdera utleigeprisane (jf. vedtak i Formannskapet og generalforsamling BKE) Vedteken i kommunestyret 20.09.2010 Sak PS71/10 9

2.3 Eldre Bømlo kommune disponerer pr. i dag 57 utleigebustader øyremekte eldre og uføre. I tillegg har kommunen tildelingsrett på fleire Stobo-bustader tilpassa same gruppa. I førre bustadplan blei det ikkje sett opp forslag til nye tiltak for denne gruppa. Pr. juni 2010 står det 33 personar på venteliste for trygdebustad på Svortland, 22 på Langevåg og 18 på Moster. Tal frå styrings og informasjonshjulet kan sei noko om forventa aldersutviklinga i Bømlo som vil ha noko å seie for kva behovet for omsorgsbustader og institusjonsplassar kan bli framover: Alderssamansetjing og utvikling i kommunen: Bømlo Total 67-79 år 80-89 år > 90 år > 80 år 2008 10998 799 480 69 549 2010* 10976 328 432 87 519 2015 11418 1021 384 122 506 2020 11733 1328 365 115 480 2025 11763 1474 421 102 523 2030 12400 1520 640 104 744 *Tala er tatt frå Styrings- og informasjonshjulet 2008 frå Helsedir. Veksten i innbyggjartalet har vore større enn føresett her. Dette vil likevel ikkje ha innverknad på dei eldste aldersgruppene. I Bømlo som i resten av landet aukar særleg talet på eldre over 90 år og allereie i 2015 vil kommunen statistisk ha 122 innbyggjarar i denne aldersgruppa. Det er ein auke på 35 personar på 5 år. Utbygging av bustader til eldre må sjåast i samanheng med utbygging av institusjonsplassar. Kommunen har låg dekningsgrad i institusjon for personar over 80 år. Dette vart omtala i K-sak 17/10 Institusjonsplassar for eldre i Bømlo kommune, tilgjenge og behov. I saka blei det vedtatt å ha ei målsetjing om 25% dekningsgrad i institusjon for innbyggjarar over 80 år i 2015. I same sak blei det òg vedtatt at det skal gjerast ei vurdering av mogleg utbygging av omsorgsbustader /institusjonsplassar knytt til Bømlo Omsorgstun. Søre Bømlo omsorgsområde har særskilte utfordringar både knytt til høgt tal på eldre og geografisk spreiing av innbyggjarane, ma på Espevær. Statistisk aukar hjelpebehovet med alderen. Ved å byggje omsorgsbustader knytt til institusjonen vil kommunen kunne tilby eit trygt butilbod, sikre framleis effektiv ressursutnytting og truleg redusere framtidig kostnadsauke. I tillegg redusera presset og behovet for institusjonsplassar. Mange av innbyggjarane er i dag søkjarar både til omsorgsbustad og institusjonsplass. Det er all grunn til å tru at det vil vera behov for utbygging av omsorgsbustader til eldre. Men det er behov for meir informasjon før ein tek endeleg stilling til tal, lokalisering og utforming. Det blir difor føreslått oppstart av eit forprosjekt som har som målsetjing å skaffe naudsynt informasjon. Ein del av denne informasjonen kan ein til dømes få via innspel frå Eldrerådet eller gjennom informasjon frå dei som står på venteliste på omsorgsbustad. Forprosjektet vil bl.a. få i mandat å utgreie fylgjande: - Kva type bustader ynskjer målgruppa? (t.d. eige eller leige, fellesareal eller ikkje) Vedteken i kommunestyret 20.09.2010 Sak PS71/10 10

- Kor bør bustadane lokaliserast? - Kva vurderer potensielle leigetakarar som maksimal husleige? - Kva utbyggingsplanar private aktørar har for denne målgruppa - Finansiering Forprosjektet må òg sjåast i samanheng med planlagt utbygging av institusjonsplassar. Tiltak: 2.3.1. Vurdera behov for nye utleigebustader til eldre (forprosjekt). Prosjektet skal sjåast i samanheng med utbygging av sjukeheimsplassar. 2.4. Personar med utviklingshemming Bømlo kommune disponerer pr. i dag 25 bustader øyremerka personar med utviklingshemming. Då førre plan blei skriven var ikkje denne gruppa omtalt særskilt. Det er likevel blitt bygd bustader for denne gruppa i privat regi, i eit samarbeid med kommunen. Eit bufellesskap med 5 bueiningar, Jensahaugen, blei ferdigstilt i 2008. Eit anna, med 4 bueiningar, blir truleg ferdigstilt ved årsskiftet 2010/2011. Eksisterande bustadmasse: Mange av utleigebustadane som er øyremerka utviklingshemma er av eldre dato. Korkje brukarar eller tilsette opplever i dag desse bustadane som tenlege. For nokre av leigetakarane vert dette forsterka ved at behova har endra seg. Det må vurderast om nokre av bustadane bør byggjast om, evt. at det vert bygd nye bustader. Noverande bustader kan då vurderast ombygd til andre føremål. I ei slik vurdering er det viktig at ein ser på heile bustadmassen samla og kartlegg kva behov brukarane vil ha framover. Det kan òg vera behov for å utvide med 1-2 bueiningar. Då desse bustadane alt er leigd ut er det viktig at prosjektet har med representantar frå brukarane og arbeidstakarane som yt hjelp i bustadane. Nye bustader: Kommunen har god oversikt over tal på personar med uviklingshemming med hjelpebehov. Utbygging av bustader til denne gruppa kan difor planleggjast over tid og i direkte dialog med foreldre/ hjelpeverjer. Det kan likevel vera vanskeleg for den enkelte å ta stilling til eige/leige eller kven ein skal bu saman med. I løpet av den neste 3-6 års perioden veit me det er 6 personar som planlegg å flytte ut av foreldreheimen. For denne gruppa er det allereie oppretta ei prosjektgruppe som har god dialog med kommunen. På noverande tidspunkt er det usikkert om brukarane ynskjer å byggje ut i eigen regi, eller om dei ynskjer å melde eit bustadbehov til kommunen. Tiltak: 2.4.1. Vurdera funksjonalitet på alle utleigebustader for utviklingshemma. Utarbeide forslag til ombygging av eksisterande bustadmasse evt. nybygg. Vurdera å byggje på 1-2 bueiningar. Prosjektet skal vera i tett dialog med hjelpeverje til leigetakarane. 2.4.2. Delta i prosjekt knytt til nytt bufellesskap for 5-6 ungdommar. Vedteken i kommunestyret 20.09.2010 Sak PS71/10 11

2.5. Flyktningar Bømlo kommune har pr. dag 21 bustader øyremerkt flyktningar og eit bufellesskap for einslege mindreårige flyktningar. I tillegg har BKE og NAV flyktning framleige på hhv 2 og 6 bustader på den private marknaden, om lag 10 flykningar har fått bistand til å leige privat. Då førre plan blei skriven disponerte kommunen 10 bustader for denne gruppa og det vart skissert behov for 5 nye hyblar. Auken i bustader har såleis vore større enn målsetjinga. Her er erfaringane at BKE har vore svært fleksibel ved behov for nye bustader. Men husleigeprisane er blitt ei stor utfordring også for denne gruppa (jf. pkt 3.1.). Bømlo kommunestyre handsama Busetjing av flyktningar i perioden 2009-2012 i K-sak 3/09. Det blei då gjort fylgjande vedtak: Bømlo kommune går inn for å busetja 50 flyktningar i perioden 2009-2012. I K-sak 19/10 ( Oppmoding frå Imdi om buseting av flyktningar i 2010 ), blei det vedteke å ikkje å auka opp talet i 2010. Ved busetjing av flyktningar har kommunen ansvar for å bistå med å skaffa bustad. Dette ansvaret er lagt til Nav flyktning. Ved leige av kommunal bustad får flyktningane i fyrste omgang ein husleigekontrakt på 3 år. Målsetjinga er at ein i løpet av denne perioden skal finna anna bustad. Erfaringane så langt syner at det er fleire som ikkje klarer dette, og så langt er det 5 som har fått fornya kontrakt. I 2009 busette Bømlo kommune 21 flyktningar. Av dei 5 einslege mindreårige. I fyrste halvår 2010 har kommunen tatt imot 6 flyktningar. Det vil truleg komme 4 til i løpet av 2010 og 20 stk i 2011/ 2012. I tillegg kjem familiesameiningane som ikkje er knytt til talet på personar i vedtaket om busetting. Det er i hovudsak dei busette sjølv som har ansvar for husvære, men fleire vil likevel ha behov for bistand frå kommunen til dette. I 2010 er det til no komen 3 familiar (til saman 11 personar), i tillegg er 2 familiar ventande. I 2009 kom det 7 familiar (til saman 17 personar). Så langt me ser i dag vil 1 av bustadane øyremerkt flyktningar kunna bli fristilt i løpet av året. Det vil difor bli behov for å nye bustader fram mot 2012. Det er foreslått å byggje 5-10 bueiningar i løpet av den neste 2-årsperioden. Bustadane bør byggjast, og ikkje kjøpast ferdigstilt. Ein vil då kunna få både billigare og meir brukartilpassa bustader. Det er viktig at husværa ligg sentralt slik at leigetakarane kan nytte seg av tilbod om norskopplæring og andre offentlege tilbod. Det er òg viktig å tenkja fleksible løysningar som t.d. at bueningane både kan nyttast av familiar eller som bufellesskap for einslege. Nøktern standard er òg viktig for å halda utleigeprisane nede (jf. pkt 3.2.). Sjølvbyggjarprosjekt må òg vurderast for denne gruppa (jf. pkt 3.6.) Parallelt med nybygging må ein ha fokus på målsetjinga om at flest mogleg på sikt skal kunna eiga sin eigen bustad og at kommunen kommunal bustad i all hovudsak skal vera ei mellombels løysning (jf. pkt 2.2. og 2.5.). Vedteken i kommunestyret 20.09.2010 Sak PS71/10 12

Tiltak: 2.5.1. Byggja 5-10 bueiningar øyremerkja flyktningar BUSTADPLAN 2010-2014 3.6. Vanskelegstilte på bustadmarknaden Bustadmarknaden fungerer greitt for mange, men ikkje for alle. Det finst personar som stiller svakt på bustadmarknaden, og som treng hjelp for å komma seg inn i og/eller å oppretthalda ein eigna bustad. Det kan vera økonomiske, sosiale eller helsemessige årsaker til problema, eller ein kombinasjon av desse. Felles for dei fleste av desse brukarane er behovet for sentrumsnære bustader med låg bukostnad då dei oftast ikkje har bil og er økonomisk vanskelegstilte. Bømlo kommune disponerer pr. i dag 30 bustader for denne gruppa. 9 av desse er øyremerkt personar som treng oppfølging for psykiske- og eller rusrelaterte lidingar. I tillegg har NAV framleige hos privat utleigar på 3 hybelleiligheter som blir brukt til mellombels bustad. På sikt er det ynskjeleg å vurdera om BKE kan byggje ut tilsvarande bustader og det blir difor gjort framlegg om å vurdera dette. I førre bustadplan var målsetjinga å byggje 2 bufellesskap x 2 bustader for rusavhengige. Dette er delvis gjennomført då eit hus med 2 utleigeeiningar blei kjøpt i Hollundsdalen. Denne bustaden blei tatt i bruk utan ombygging tilpassa brukarbehova. Erfaring viser at det er behov for ombygging til mindre bueiningar, og det føreligg teikningar på ombygging til 5 bueiningar. Langråsa er eit butilbod til personar som treng oppfølging iht psykiske lidingar. Det er vurdert behov for 6 nye rehabiliteringsbustader knytt til denne gruppa/ungdom i sårbare fasar. Dersom ein vel å byggja nye bustader til nokre av dei utviklingshemma (sjå pkt. 3.4.) kan det òg vera aktuelt å bruke nokon av bustadane som då blir fristilt. Det finnes ulike utbyggingsprosjekt kommunar har hatt i samarbeid med Husbanken, t.d. Sjølvbyggjarprosjekt (Meland kommune i samarbeid med Husbanken). Det er ynskjeleg å vurdera om erfaringane frå dette prosjektet kan vera aktuelle for Bømlo kommune. Det er eit mogleg samarbeidsprosjekt i regi av Sunnhordland Industri knytt til dette. Prosjektet kan òg vera aktuelt for flyktingar (jf. pkt 3.5.) Tiltak: 2.6.1. Byggja om bustad i Hollundsdalen frå 2 til 5 bueiningar 2.6.2. Vurdera bygging av hybelhus/mellombels bustad på 3-4 bueiningar 2.6.3. Byggja 6 bustader tilpassa personar med lettare psykiske lidingar/ overgangsbustad for sårbar ungdom 2.6.4. Vurdera alternative utbyggingsformer som t.d. Sjølvbyggjarprosjekt 2.7. Andre Bømlo kommunen tilbyr bustader til andre grupper. Pr. no er 2 av BKE sine bustader reservert for turnuslegar/ vikarlegar. Dette vil det òg vera behov for framover, utover dette ser ein ikkje behov for utbygging av fleire bustader til andre. Vedteken i kommunestyret 20.09.2010 Sak PS71/10 13

Handlingsplan 2010-2014 DEL 1: Målsetjingar og organisering (Skal rullerast hausen 2014) Målsetjingar Tiltak Frist 1.1. Organisering Det bustadsosiale arbeidet i kommunen skal organiserast slik at dei ulike aktørane samarbeider godt og slik at dei ulike ordningane vert nytta til det beste for brukaren. Tenestene knytt til bustadspørsmål skal være lett tilgjengeleg for brukar. 1.1.1. Vurdera oppretting av eit felles bustadkontor 1.1.2. Utarbeida gode samhandlingsrutinar med BKE I løpet av planperioden Kontinuerlig 1.2. Vidareformidling / informasjon om Husbanken sine låne- og tilskotsordningar Så mange som råd skal få høve til å eige sin eigen bustad. Bømlo kommune skal ha aktiv bruk av Husbanken sine låne- og tilskotsordningar. 1.2.1. Gje råd og rettleiing om Husbanken sine ordningar 1.2.2. Etablera ein stategi for meir aktiv bruk av Husbanken sine ordningar 1.2.3. Vurdera oppretting av eit felles bustadkontor (jf. pkt 1.1.1.) Som i dag/ Kontinuerlig 1.3. Tilpassing av bustad Kommunen skal sikre god tilrettelegging av bustader til eldre og menneske med funksjonshemmingar. 1.4. Oppfølging i bustad Kommunen skal leggje til rette for at dei som ikkje klarer seg sjølv i eigen bustad skal få hjelp til å meistre dagliglivet og bli buande i eigen bustad. 1.5. Tildeling av utleigebustader Kommunen skal ha god utnytting av eksisterande budstadmasse og ha ei bevisst prioritering av kven som får tildelt bustad. 1.3.1. Bustadgruppe som gjev råd og rettleiing iht tilpassing av bustad Miljøarbeidarteneste for oppfølging rusmiddelavhenige skal evaluerast i samband med rullering av rusmiddelpolitisk handlingsplan (jf. K-sak 78/05). Miljøarbeidarteneste knytt til oppfølging av bufellesskap for personar med psykiske lidingar er vedteke vidareført (jf K-sak 84/08). 1.5.1. Vurdera eksisterande leigeavtalar for å sikra at leigetakarane er i målgruppa 1.5.2. Bistå leigetakarar som treng hjelp til å finna anna bustad 1.5.2. Kontinuerlig fokus på tildelingsrutinar/ tildelingsprosessen Som i dag/ Kontinuerlig Som i dag/ Kontinuerlig Vedteken i kommunestyret 20.09.2010 Sak PS71/10 14

DEL 2: Ut-/ ombyggingsprogram (Skal rullerast årleg, fyrste gong hausten 2011) Prinsipp for ut- /ombygging: 1. Det skal leggjast til rette for kommunal tenesteyting i bustader der det er aktuelt. 2. Effektiv og god ressursutnytting for kommunen skal alltid tas med ved vurdering av lokalisering, utforming og tal på einingar i kvar bustad. 3. Ved planlegging av utbygging skal ein òg leggje til grunn maksimal utnytting av Husbanken sine ordningar. 4. Utleigebustadane skal i størst mogleg grad tilpassast brukargruppa sin økonomi og behov. Målsetjingar Tiltak Frist Bømlo kommune/ BKE skal disponere tilstrekkelig tal tilpassa bustader slik at det dekker dei behova innbyggjarane i kommunen har. Bømlo kommunen/ BKE skal ha tilfredstillande vedlikehald og oppgradering av eksisterande bustadmasse og bytte ut bustader som ikkje er eigna. Bustadane skal i størst mogleg grad tilpassast brukarane sine behov og økonomi. Lokalisering av bustadane og utforming skal leggje til rette for kommunal tenesteyting og optimal bruk av kommunale ressursar. 2.2. Utleigepris 2.2.1. Vurdera utleigeprisar (jf. Vedtak i K-sak 37/10 og generalforsamling BKE 10.06.10.) 2.3. Eldre: 2.3.1. Vurdera behov for ny utleigebustader til eldre (forprosjekt) Prosjektet skal sjåast i samanheng med utbygging av sjukeheimsplassar. 2.4. Personar med utviklingshemming: 2.4.1. Vurdera funksjonalitet på alle utleigebustadar for utviklingshemma - Utarbeida forslag til ombygging evt. nybygg/ vurdere å byggje på 1-2 bueiningar 2.4.2. Nye bustader Deltaking i prosjekt knytt til nytt bufellesskap for 5-6 ungdommar. 2.5. Flyktningar 2.3.1. Byggja 5-10 bueiningar tilpassa flyktningar 2.6.1. Vanskelegstilte på bustadmarknaden 2.6.1. Byggje om bustad i Hollundsdalen frå 2 til 5 bueiningar Forprosjekt ferdig innan 01.06.11. 2.4.1. Vurderast i samband med økonomiplan 2012-15 Forprosjekt ferdig innan 01.06.11. 2.6.1. Ferdig innan 01.06.11. 2.6.2. Vurdera å byggje hybelhus/mellombels bustad 2.6.3. Vurdera å byggje bustader tilpassa personar med lettare psykiske lidingar / overgangsbustad for sårbar ungdom 2.6.4. Vurdera alternative utbyggingsformer som t.d. sjølvbyggjarprosjekt 2.6.2. /2.6.3/ 2.6.4. Vurderast i samband med økonomiplan 2012-15 Vedteken i kommunestyret 20.09.2010 Sak PS71/10 15

Vedteken i kommunestyret 20.09.2010 Sak PS71/10 16