I 2013 hadde Hallingdal 328 statlege årsverk eller ca. 16 årsverk per 1 000 innbyggar.

Like dokumenter
SAK 56-14, VEDLEGG 1 Eit prosjekt i utviklingsprogrammet for byregionar ByR Samspel og regional vekstkraft i Hallingdal»

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

Fjell kommune Arkiv: 810 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: SAKSDOKUMENT

SAK 04/18 LIVSKVALITET HALLINGDAL

Fleire statlege arbeidsplassar til Møre og Romsdal Kvifor og korleis?

INNSPEL TIL ARBEIDET MED ETABLERING AV REGION VIKEN

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

SAKSFRAMLEGG. Saksgang. Utvalg Møtedato Utvalgssak Formannskapet Kommunestyre

Orientering om: - Arbeid for nye arbeidsplassar - Viken - Samferdsel - Sykkel - Fagskule

Når det gjeld Forsvaret, skal retningslinjene gjelde for den administrative støtteverksemda, men ikkje for den operative verksemda.

Susanne Bratli Sendt: 26. mai :44 Postmottak POD Kopi:

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

UTGREIING OM VEGSAMBAND MELLOM AUSTLANDET OG VESTLANDET

SAK 01/08 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL Vedtak Møteprotokoll 14.desember 2007 vart vedteke.

Overføring av skatteoppkrevjarfunksjonen til Skatteetaten - høyringsuttale

SOGN driftig raus ekte

SAK 49/15 ÅRSBUDSJETT 2016 OG ØKONOMIPLAN

Same ordlyd som oppsummeringa i saksframlegget på s , med unntak av kulepunkt 4 på s. 20.

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Sak ÅRSBUDSJETT 2016 OG ØKONOMIPLAN

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkiv: 020 Arkivsaksnr.: 16/3415-7

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Deres referanse Vår referanse Saksbehandler Dato 16/ Kirsti Haagensli

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

Strategisk plan - eit vik0g verktøy for regionalt samarbeid? Knut Arne Gurigard Dagleg leiar Regionrådet for Hallingdal

REGIONALE IDRETTSANLEGG

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Høyringssvar - val av administrasjonsstad for nye Møre og Romsdal politidistrikt

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

HALLINGDAL 2020, REGIONAL POSISJONERING, HOVUDPROSJEKT

Forfall meldast snarast til Pia Rørby Ruud ( ) eller tenestetorget ( ). Saker til behandling

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Referat frå folkemøta:

UTTALE NASJONAL TRANSPORTPLAN

INTEGRERINGS-/INKLUDERINGS-PROSJEKT I HALLINGDAL

TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE

STRATEGISK PLAN FOR HALLINGDAL

Forfall meldast snarest til eller tlf

Program OSTERØY HØGRE

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Politisk program for Jølster KrF

MØTEBOK REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

SØKNAD OM TILSKOT TIL UARBEIDING AV STEDSANAYSE OG REGULERINGSPLAN, GOL KOMMUNE

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

STRATEGISK FORVALTNINGSPLAN RV7 OG RV52

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

Innst. 231 S. ( ) Innstilling til Stortinget fra kommunal- og forvaltningskomiteen. Sammendrag. Komiteens behandling. Komiteens merknader

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Rana kommunes høringsuttalelse til forslag til lokalisering av fellesenhet for lønn og regnskap i Politiet. (Saksnr. 2016/1596)

Vedtekter for Fusa Kraftlag

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Barnehageplan for Vinje kommune

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

PROFILERING AV HALLINGDAL

SAK ÅRSBUDSJETT 2020 OG ØKONOMIPLAN

Organisering av kyrkja.

Forslag frå fylkesrådmannen

Søknad Byregion Fase 2

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

St.meld. nr. 10 ( )

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

Transkript:

SAK 33/15 STATLEGE ARBEIDSPLASSAR Saksopplysning Bakgrunn Regionrådet for Hallingdal har fleire gonger hatt statlege arbeidsplassar i Hallingdal som tema. Det har vore arbeid for å trygge og utvikle eksisterande statlege tenester og det har vorte arbeid for etablering av nye statlege arbeidsplassar. Størst fokus har det nok vore på eksisterande tenester og arbeidsplassar, som t.d.: Skatt NAV-reforma Samhandlingsreforma Politireforma Tingrett og jordskifterett Denne saka omhandlar fyrst og fremst korleis Hallingdal bør arbeide for å vera med i kampen om nye statlege arbeidsplassar som blir oppretta eller desentralisert. Årsaka til at Hallingdal bør ha ei mykje meir offensiv haldning til etablering av nye statlege arbeidsplassar er fyrst og fremst Hallingdal sitt behov for nye type arbeidsplassar, gjerne for folk med høgare utdanning. Dette har vore tydeleggjort i fleire analysar seinast i Menon si samfunnsanalyse for Hallingdal i 2015, «For egen maskin». Dette er og noko av hovudmålsettinga i samband med Hallingdal sin søknad til fase i Byregionprogrammet. Status statlege arbeidsplassar I 2012 var det 2 860 000 arbeidsforhold (jobbar) i Norge. 290 000 av arbeidsforholda var i statsforvaltninga. Dette utgjer 10 prosent av alle arbeidsforhold. Nesten 70 000 av dei statlege jobbane var i Oslo. Tek me utgangspunkt i talet på sysselsette i kvart fylke og bereknar kor stor del som arbeidar i stasforvaltninga var det Troms som har flest sysselsette med ca.18 prosent, Oslo hadde 15 prosent medan Buskerud låg i andre enden av skalaen med ca. 3,6 prosent. Hallingdal har ca. 3 prosent av sysselsettinga i statsforvaltninga. Det er ein klar samanheng mellom kommunane sin storleik og kor mange statlege årsverk det er i kommunen. I kommunar med over 100 000 innbyggarar er det i gjennomsnitt 80 statlege årsverk per 1 000 innbyggar. Kommunar med under 10 000 innbyggarar har snaue 20 statlege årsverk. I 2013 hadde Hallingdal 328 statlege årsverk eller ca. 16 årsverk per 1 000 innbyggar. Utviklinga dei siste åra er at mange av dei nye statlege arbeidsplassane havnar i Oslo, Akershus og Sør-Trøndelag har og hatt stor vekst. Distrikta kjem dårleg ut. Av dei nesten 3.000 nye statlege arbeidsplassane som vart oppretta i 2014, enda 1.300 opp i hovudstaden. Regionane som allereie har sterkast utvikling får også flest arbeidsplassar, og det er ein klar overrepresentasjon i Oslo-området. 1

I grove trekk har utflytting av statlege arbeidsplassar sidan 2000 vore slik: Om lag 230 arbeidsplassar vart vedteke flytta ut i løpet av regjeringa Stoltenberg I si tid. Om lag 1 000 arbeidsplassar vart vedteke flytta ut i løpet av regjeringa Bondevik II si tid. Om lag 1 000 arbeidsplassar vart vedteke flytta ut i løpet av regjeringa Stoltenberg II si tid. Dette talet inkluderar flytting av Veterinærinstituttet og Veterinærhøyskolen til Ås i Akershus. Den mest omfattande utflyttinga av statlege arbeidsplassar sidan 2000 skjedde i regjeringa Bondevik II. I perioden 2003 2006 vart m.a. sju statlege direktorat/tilsyn flytta ut av Oslo: Direktoratet for arbeidstilsynet Luftfartstilsynet Sjøfartsdirektoratet Konkurransetilsynet Post- og teletilsynet Medietilsynet (oppretta ved samanslåing av Eierskapstilsynet, Statens filmtilsyn og Statens medieforvaltning) Direktoratet for beredskap og samfunnssikkerhet (oppretta ved samanslåing av Direktoratet for brann- og elsikkerhet i Tønsberg med Direktoratet for sivilt beredskap i Oslo). Flytting av desse etatane utgjorde utflytting av om lag 900 årsverk. Med bakgrunn i tidlegare vedtak flytta Husbanken frå Oslo til Drammen i september 2005. Flyttinga omfatta 135 tilsette. Auken i statlege arbeidsplassar i perioden 2002 til 2012 var på totalt 31 724 statlige arbeidsplasser. Kommunal- og regionaldepartementet fekk Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT) til å kartlegge og vurdere lokalisering av statlege verksemder. Måla med prosjektet var å sjå på kva forhold som i praksis har hatt betydning for lokaliseringen av statlege arbeidsplassar i perioden 2006 til 2010, og å kartlegge statlege verksemder sine erfaringar med spreidd/delt lokalisering. Rapport er her. Lite utdrag i forhold til lokalisering: Inntrykket fra kartleggingen er at dagens statlige virksomheter og etater gjennomgående har relativt store frihetsgrader med hensyn til den interne organiseringen av virksomheten sin - den funksjonelle organiseringen. Når det gjelder geografisk lokalisering, har de imidlertid færre frihetsgrader. Flere av informantene forteller at det kan være anbudslignende prosesser i forkant av lokaliseringsbeslutninger med ulike kommuner som tilbydere. Overfor potensielle nye virksomheter framheves fordelene knyttet til lokalisering hos dem. Overfor sentrale politikere framheves behov for nye, stabile arbeidsplasser på hjemstedet. Inntrykket fra intervjuene er imidlertid at kommuner og andre pressgrupper er mest aktive før beslutninger om lokalisering fattes. Flere informanter gir uttrykk for at de kunne ønske at kommuner og lokalsamfunn var noe mer aktive mht. å legge til rette for statlige virksomheter og arbeidstakere, f.eks. i forbindelse med utfordringer på boligmarkedet, kommunikasjons- og transportløsninger mv. Oppsummerande vurdering i forhold til kva som bør vurderast og takast omsyn til når statlege arbeidsplassar skal lokaliserast: - Storleik på eininga - Storleik på lokaliseringsstad - God transportinfrastruktur og raske/rimelege reiseruter - Gode, relevante utdanningsinstitusjonar i nærleiken 2

- God fjernleiing - God handtering av kulturforskjelar - Gode digitale verktøy for sakshandtering, samhandling og kommunikasjon Kva seier regjering og storting 10. juni 2014 handsam Stortinget eit forslag (8:47 S (2013-2014)) om ein plan for fordeling av statlege arbeidsplasser og statlege kompetansemiljø i heile landet. Komiteen si tilråding om at Stortinget ber regjeringa fremme forslag til tiltak som sikrar at ny statleg verksemd som hovudregel blir lagt utanfor Oslo og bygger opp under livskraftige regionar vart vedteke. Stortinget ber regjeringen fremme forslag til tiltak som sikrer at ny statlig virksomhet som hovedregel legges utenfor Oslo og bygger opp under livskraftige regioner Regjeringen har fått frist på seg til våren 2016. 28.11.2014 vedtok regjeringa nye retningslinjer for lokalisering av statlige arbeidsplasser og statlig tjenesteproduksjon. Den statlege lokaliseringspolitikken skal, ved oppfølginga av desse retningslinjene, medverke til ei fordeling av statlege arbeidsplassar som bidreg til å utvikle robuste arbeidsmarknader i alle delar av landet lokalisering av statleg tenesteproduksjon som i størst mogleg grad sikrar befolkninga i alle delar av landet god tilgang til statlege tenester at nye og omlokaliserte statlege verksemder i hovudsak blir lokaliserte utanfor Oslo at kostnadseffektivitet og effektiv oppgåveløysing vert inkludert i vurderinga av lokaliseringsalternativ Lokalisering lokalt Hallingtinget handsama i sak 04/01 prinsipp ved lokalisering av t.d. statlege arbeidsplassar i Hallingdal. Vedtaket lyder slik: Funksjonsfordeling mellom kommunane skal byggje på følgjande prinsipp: Regionale samarbeidstiltak skal ha eit differensiert lokaliseringsmønster etter ei oppgåvefordeling mellom kommunane, basert på friviljuge og forpliktande samarbeidsavtalar. Funksjonsfordelinga må byggje på prinsippet om kompetanseutnytting og gi kommunane ei kjensle av direkte eller indirekte å ha nytte av samarbeidet. Dette gjeld både den einskilde kommune og Hallingdal som region. Alle kommunane må vera viljuge til å ta sin del av kostnaden med fellestiltak, men alle må og akseptera at ei funksjonsfordeling aldri vil bli heilt rettferdig. Offentlege servicetiltak (statlege og fylkeskommunale) som har heile regionen som kundegrunnlag og som skal ha eitt hovudkontor i Hallingdal, bør i utgangspunktet lokaliserast til Gol som geografisk knutepunkt i dalen. Dersom ei kommune har eit spesielt utgangspunkt når det gjeld oppbygd kompetanse, bør framtidige statlege og fylkeskommunale distriktskontor vurderast lagt til vedkomande kommune. Der det allereie er etablert offentlege servicetiltak i ein kommune, skal ein rå til at denne lokaliseringa blir oppretthalde. Det viktigaste er at dei regionale statsetatane framleis får tilhald i Hallingdalsregionen. I kvar kommune må det vera eit servicekontor som skal tena kundegrunnlaget lokalt og brukarane sine behov i den einskilde kommune. Desse servicekontora vil kunne omfatte både kommunale, statlege og fylkeskommunale tenester. 3

Vurdering Det er på tide med ein ny og målretta strategi for å få ut arbeidsplassar til ulike regionar. Tilgang på slike arbeidsplasser vil utan tvil ha mykje å seie og vil relativt sett gje størst ringverknadar i distriktsregionane. Norge har ikkje hatt nokon bevisst politikk på lokalisering av arbeidsplasser sidan Victor Norman var arbeids- og administrasjonsminister i Bondevik 2-regjeringa. I forhold til kommunereforma og eventuelle nye oppgåver til kommunane er det og vanskeleg å sjå at det vil koma mange nye arbeidsplassar til Hallingdal, ut frå dei signal som er kome til no, og sjølv om det blir ei kommune. Ut frå dei vedtak som er gjort i Stortinget er det eit håp at det blir eit sterkare fokus på at nye statlege arbeidsplassar ikkje skal lokaliserast i Oslo-området og at det er eit mål å bygge opp under livskraftige regionar. Det bør og vera aktuelt med utflytting av statlege arbeidsplassar/institusjonar frå Oslo, der det ikkje blir store utfordringar i forhold til kompetansemiljø. Det vil og bli viktig å arbeide for at det ikkje berre er dei store byane som skal få overført statlege arbeidsplassar, men også dei mindre regionane. For Hallingdal som ein noko isolert bu- og arbeidsmarknadsregion vil det vera avgjerande med lokalisering i Hallingdal. Det vil hjelpe lite eller ingenting med statleg lokalisering i t.d. Drammen. For å styrke vekstkrafta i Hallingdal er det avgjerande å skapa sterkare kompetansemiljø, gjerne med utgangspunkt i eksisterande føresetnadar, men det må og kunne tenkjast heilt nytt. Dette har vore tydeleggjort i fleire analysar seinast i Menon si samfunnsanalyse for Hallingdal i 2015, «For egen maskin». Dette er og noko av hovudmålsettinga i samband med Hallingdal sin søknad til fase i Byregionprogrammet. Eit av dei mest brukte argumenta mot ei desentralisering til stader som Hallingdal er liten tru på å rekruttere arbeidskraft med nødvendig kompetanse. Etter dagleg leiar sitt syn har her Hallingdal nokre fortrinn. Hallingdal er ein attraktiv region å busetja seg i, med svært varierande mogelegheiter i forhold til å bu. Gjennom arbeidet med m.a. Hallingdal 2020 syner det seg at det er mange som vil bu, største utfordringa er relevant arbeid. Prosessar i forhold til lokalisering av nye statlege arbeidsplassar og utflytting av eksisterande har ofte vore ein noko skjult prosess. Lokalisering av nye statlege arbeidsplassar blir ofte avgjort på politisk nivå i departementa. Det har vore nødvendig med god kjennskap i det aktuelle departement for å bli klar over kva som faktisk skjer og politisk leiing har nok ofte hatt sterk påverknad i høve til lokalisering. Dagleg leiar trur t.d. ikkje det var godt kjent at regjeringa hadde bestemte seg for at arbeidet med gjennomføring av val i Norge skulle flyttast ut av Kommunal- og moderniseringsdepartementet til eit statleg valdirektorat, lokalisert i Tønsberg. Ser me på lokalisering av statlege verksemder i typiske distriktsregionar er Statens kartverk si avdeling i Ullensvang eit godt døme. Ei vellykka desentralisering som i dag har 50 (?) arbeidsplassar. Eit anna døme er arkivbygget på Tynset som skal huse Norsk helsearkiv og Arkivverkets fellesdepot. For å ha størst mogleg openheit burde det vore ei oversikt som blir fortløpande oppdatert over aktuelle statlege arbeidsplassar som blir vurdert flytta. For at Hallingdal skal ha mogelegheiter i framtidige kampar om statlege arbeidsplassar må det til ein mykje meir offensiv haldning. Sitja å vente på at noko skjer er sannsynlegvis ein dårleg startegi. Eit fyrste trinn kan vera å gjennomføre ei kartlegging og utarbeide ein handlingsplan. 4

Eit neste trinn kan t.d. vera å utarbeide ein profesjonell presentasjon, kvifor lokalisering i Hallingdal. I neste fase kan marknadsføringa skje på mange måtar, men også her trur dagleg leiar at ei offensiv tilnærming er rett, t.d. med presentasjon i ulike departement, Hallingdal er klar. Det må og nemnast at Buskerud fylkeskommune nyleg invitert kommunane/regionane til eit samarbeid for å arbeide saman for at nye statsetableringar kan leggjast til Buskerud. Forslag til vedtak 1. Regionrådet for Hallingdal ynskjer å setja i gang eit arbeid med mål å få lokalisert statlege arbeidsplassar til Hallingdal. 2. Det skal etablerast ei arbeidsgruppe som har som mandat å utarbeide forslag til handlingsplan. Dagleg leiar får fullmakt til etablering av arbeidsgruppe. 3. Forslag til handlingsplan skal vera klar til 1.oktober 2015. 4. Det blir sett av kr. 50.000 til fyrste fase av arbeidet. Midlane blir teke frå regionalt næringsfond. Ål 17.6.2015 Knut Arne Gurigard Dagleg leiar 5