Høringssvar til veileder: Samarbeid mellom helse- og omsorgstjenesten og utdanningssektor om barn og unge med habiliteringsbehov Høringssvaret er sendt fra: Utdanningsforbundet Generelle spørsmål: Godt samarbeid og koordinering slik denne rettleiaren skal stimulere til, vil kunne medverke til betre utnytting av dei ressursane som allereie er tilgjengelege, men sjølv godt samarbeid kan ikkje løyse dei grunnleggjande utfordringane knytt til manglande økonomiske prioriteringar for å oppnå likeverd. Rettleiaren skisserer ikkje strategiar for korleis samordningsbehovet og utfordringar knytt til økonomi skal løysast. Denne situasjonen illustrerer behovet for eit meir omfattande arbeid for å sikre nok midlar på rett nivå i forvaltninga for å nå måla om likeverd, og eit slikt arbeid kan også vurdere kva for koordineringsproblem ein kan løyse ved gjennomgang av strukturar, regelverk og lovverk. I samband med HVPU-reforma på tidleg 80-tal vart det gjort viktige vedtak om integrering, likeverd og skuletilhøyr som ikkje gjaldt berre dei psykisk funksjonshemma, men alle som treng ekstra tilrettelegging. Dessverre har det ikkje følgd tilstrekkeleg økonomi med strukturendringane for å skape likeverd. Dette er synleg på mange vis, i skulen til dømes i mangel på universell utforming og ujamn kvalitet på og tilgang til undervisningstilbod til elevar med særskilte behov. Er tittelen dekkende for veilederens innhold? Ja, vi vurderer tittelen som dekkande for innhaldet i rettleiaren. Samstundes er her mykje tekst om barn med rett til spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning, som ikkje nødvendigvis har behov for habilitering. Det bør gå betre fram kven rettleiaren er meint for. Vi meiner at rettleiaren i for liten grad drøftar korleis ein skal handtere dei mange utfordringane knytt til samarbeid og samhandling som ligg i ulike lovverk, ulike instansar og ulikt økonomiansvar. Sjølv om ein opprettar gode, breitt samansette tverrfaglege team leia av ein koordinator rundt eit barn, vil dette teamet ofte ikkje ha god nok avgjerdskompetanse verken fagleg eller økonomisk til å fatte raske og tidlege vedtak Dei tiltaka som synest optimale kan bli hindra eller utsette på grunn av faktorar som at andrelinetenesta sjølv vel kva for barn dei kan/vil gje eit tilbod, at kommunen vegrar seg for å leggje til rette bygningar til brukaren, at ingen er viljuge til å ta på seg medisineringa, at det er dårlig kapasitet i PPT, at ingen i teamet har mynde til å tilvise til aktuelle institusjonar og at ingen i teamet har budsjett som er tilpassa tiltaka brukaren treng for at det skal kunne skapast eit likeverdig tilbod. ) Dersom veilederen er for lang, hva kan det være hensiktsmessig å fjerne? Vi meiner rettleiaren kan fungere som eit godt verktøy både i utdanningssektoren og i helse- og omsorgssektoren. Rettleiaren er nokså omfattande, men vi vil tru at den kan fungere godt som eit nyttig oppslagsverk. Det er positivt at rettleiaren gjennomgåande syner til relevante lovparagrafar og andre rettleiarar.
Rettleiaren er oversiktleg og lesevennleg med god struktur og med mange aktuelle problemstillingar. Vi registrerer ein del overlappingar og gjentakingar. Vi konstaterer at til dømes spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning vert omtalt på tilnærma same måte fleire stader i rettleiaren. Er det synspunkter på hovedkapitlenes rekkefølge? Vi vurderer rekkjefølgja i kapitla som i hovudsak god, men vi meiner likevel at nokre punkt meir naturleg høyrer heime andre stader. Dette er markert under dei ymse punkta. Er eksemplene relevante? Hvis ikke, har dere forslag til andre eksempler vi kan bruke? Vi vurderer døma som relevante. Det kunne også ha vore nyttig med eit case med barn som bur i barnebustad heile tida for å syne samarbeid mellom helse/omsorg og undervisning, og korleis ytre instansar som spesialisthelsetenesta og ppt/statped jobbar mot begge arenaer. Kapittel 1 Tema: Innledning Kommentarer, evt. konkret forslag til ny tekst 1.1 Leseveiledning og avgrensninger Tittelen i dette kapitlet kan i utdanningssektoren gje assosiasjonar til at dette dreier seg om leserettleiing til barn og unge. Eit alternativ kan vere: 1.1. Mål, oppbygning og begrepsbruk Kapittel 2 Tema: Informasjon om tilbud i helse- og omsorgssektoren 2.1 Om habilitering 2.2 Barn og unge med habiliteringsbehov 2.3 Kommunale helse- og omsorgstjenesters oppgaver Vi meiner det innleiingsvis bør presiserast at individuell plan (IP) er regulert i lovverket til helseog omsorgssektoren, medan individuell opplæringsplan (IOP) er regulert i opplæringslova. For nokre barn vil opphald i avlastingsbustad/ barnebustad gå føre seg store delar av/heile året. For nokre av desse borna er det viktig at tiltak som vert sette i gang i barnehage/skule vert før vidare den tida barnet oppheld seg i bustaden. Døme på dette er barn som har behov for ASK (jf. pkt. 3.8.3/case s. 44) der barnet treng å møte kompetente vaksne som kjenner dei og kan støtte kommunikasjonen og utviklinga deira. Det er ikkje definert ansvar for samarbeid/overføring av kompetanse mellom barnehage/skule og avlasting/barnebustad. PPT/Statped som rådgjevande instansar, rettar seg mot undervisningssektoren, ikkje helse- og omsorgssektoren. Det er ikkje definert ansvar for at tilsette i bustad kan få/har tilstrekkeleg kompetanse innan til dømes ASK til å møte barna sine behov.
2.4 Spesialisthelsetjenestens oppgaver Punkt 2.4.3: Det bør gå fram av rettleiaren kven som kan tilvise til habiliteringstenesta. 2.5 Både kommunene og spesialisthelsetjenesten skal tilby en koordinator Språk/kommunikasjon er etter ICD-10 definert som del av omgrepet helse. Språk/kommunikasjon er også eit av områda innan prioriteringsrettleiaren for HABU. Dette medfører at særleg spesialpedagogar og psykologar vil ha ein rettleiingsfunksjon overfor barnehage/skule knytt til dette området. Det er uklart kva denne rettleiingsfunksjonen inneber, kor omfattande den er og korleis HABU skal samarbeide med PPT og Statped. I nokre høve er det HABU som har best kompetanse både om metodar og andre opplæringstiltak, og til dømes utvikling av materiell til barn som treng ASK. Punkt 2.4.4: I teksten vert yrkestittelen klinisk pedagog nytta. Spesialist i klinisk pedagogikk vil vere meir presist. Vi rår til at ein nyttar depresjon framfor tristhet. Eit barn vil neppe få «nødvendig helsehjelp» i spesialisthelsetenesta/bup grunna i «søvnproblemer», sjølv om dette er noko som ofte er eit følgjeproblem til andre tilstandar/diagnosar. Vi rår til at dette ordet vert stroke. Det bør gå fram av rettleiaren at PPT som eit prøveprosjekt i nokre fylke kan tilvise til BUP. Det ville ha vore ønskjeleg om kommunane hadde ein overordna koordineringsansvarleg med eige innsatsbudsjett plassert rett under rådmannen. Ein slik person kunne ha ansvar for å følgje opp alle koordinatorane som kommunen oppnemner, og i tillegg raskt kunne stille midlar til disposisjon for å yte tidleg innsats og å kunne få tiltak raskt i gang. 2.6 Individuell plan Punkt 2.6.1: Vi meiner det er ei viktig presisering at det er helse- og omsorgstenesta i kommunen og helseføretaket som har plikt til å sørgje for at individuell plan (IP) vert utarbeidd for pasientar og brukarar med behov for langvarige og koordinerande tenester. Dette er ikkje utdanningssektoren si oppgåve, men skulen skal når det er nødvendig for å ivareta elevane sitt behov for eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod, delta i samarbeidet om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål, som også kan være samanfallande med eleven sin individuelle opplæringsplan (IOP).
Vi syner elles til kommentar i punkt 4.4. 2.7 Helhetlige tjenester Punkt 2.7 Brukerstyrt personlig assistanse og 2.7.1 Støttekontakt, er kommunale oppgåver som meir naturleg kunne leggjast inn under punkt 2.3 som underpunkt 2.3. 2 og 2.3.3. Kapittel 3 Informasjon om tilbud i utdanningssektoren Rettleiaren syner også til barnehagelova nokre stader. Ein bør difor også syne til barnehagelova, i tillegg til opplæringslova, i innleiinga til kapittel 3. 3.1 Før skole 3.2 Grunnskole 3.3 Videregående opplæring Det er positivt at det vert presisert at elevar med rett til spesialundervisning, har rett til vidaregåande opplæring i inntil 2 år ekstra når eleven treng det for å nå opplæringsmåla, jf. opplæringslova 3-1. 3.4 Pedagogisk-psykologisk tjeneste Det er viktig å presisere at viss PPT ikkje sjølv har tilstrekkeleg fagkompetanse, må dei hente dette utanfrå. Det bør gå fram at PPT også kan innhente kompetanse frå habiliteringstenesta. 3.5 Statped Det er viktig å presisere at Statped skal gje spesialpedagogisk bistand i samarbeid med PPT og at dei skal yte tenester til kommunar/ fylkeskommunar. 3.6 Sosialpedagogisk rådgivning og yrkes- og utdanningsrådgivning 3.7 Oppfølgingstjenesten 3.8 Tegnspråkopplæring, punktskriftopplæring m.m. Det bør gå fram av rettleiaren at elevar har rett til opplæring i og med alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK). Det er viktig å presisere at ADL-trening vert rekna som opplæring, når dette er ein del av individuell opplæringsplan (IOP) og heimla i den sakkunnige vurderinga og einskildvedtaket om spesialundervisning. 3.9 Når regnes et tiltak som opplæring? Kapittel 4 Samarbeidet 4.1 Sentrale prinsipper Det går fram av planen side 27 at «Elever skal oppleve gode læringsmiljøer hvor det faglige og sosiale fellesskapet er utviklende og godt. I noen sammenhenger krever det utstrakt individuell tilrettelegging.» Denne utstrekte individuelle tilrettelegginga krev ofte ressursar som ikkje finst på budsjetta til nokon av fagetatane. Rettleiaren drøftar ikkje strategiar i høve til å utløyse nødvendige ressursar. Tidleg intervensjon vert ofte hemma av lange
søknadsprosedyrar med høge krav til dokumentasjon. I denne prosessen kan tidleg lett opplevast som sein. Rettleiaren drøftar ikkje slike utfordringar. 4.2 Taushetsplikt og samtykke 4.3 Forholdet mellom barnehagetilbud/opplæringstilbud Og behandling 4.4 Overganger mellom faser Alle overgangar mellom livsfasar og stega i utdanninga krev svært godt samarbeid mellom fagfolk og tenester, og vi støttar utsegnet om at individuell plan (IP) og bruk av koordinator er eit godt tiltak. Rettleiaren siterer kommentarutgåva til opplæringslova (s. 265) når det på side 33 i rettleiaren går fram at «Skolen har plikt til å delta i arbeidet [med individuell plan (IP)], ikke plikt til å lede eller koordinere. Bestemmelsen er midlertid ikke til hinder for at også ansatte i skolen har rollen som koordinator for individuell plan.» Vi meiner rettleiaren bør innehalde meir utfyllande informasjon frå kommentarutgåva til opplæringsloven, som «Skolens plikt til å delta i samarbeidet er avgrenset til å gjelde når det anses nødvendig for å ivareta elevens behov for helhetlig, koordinert og individuelt tilpasset hjelpetilbud. Dette betyr at det ikke er en automatisk plikt for skolen til å delta i samarbeid om alle typer individuelle planer. Mål og tiltak i den individuelle planen må være relevant for de aktivitetene som til vanlig foregår i skolen for at skolens plikt til å delta i arbeidet skal gjelde. Skolen vurderer selv om skolens deltakelse i arbeidet er nødvendig ut i fra mål i opplæringsloven. Bestemmelsen [opplæringsloven 15-5] pålegger ikke pp-tjenesten en lovhjemlet plikt til å delta i arbeidet med individuell plan.» Vi syner elles til Kunnskapsdepartementet si vurdering i Prop. 129 L (2012-2013): «Departementet mener at flere hensyn taler mot at den enkelte lærer i skolen skal ha oppgaven med å være koordinator for individuell plan. Det er understreket i veilederen til individuell plan at det bør skje minst mulig utskifting i hvem som innehar koordinatoransvaret. Da individuell plan ofte vil følge en person over et lengre tidsrom, er det av den grunn formålstjenlig at ansvaret for denne og koordinatorrollen ligger
4.5 Legemiddelhåndtering når barnet går i barnehage, skole og SFO hos instanser som følger tjenestemottakeren uavhengig av skolebytte og opplæringsløp.» Vi meiner skulen og lærarane sine plikter og rettar med omsyn til å gje legemidlar til barn bør presiserast. 4.6 Det første leveåret Vi meiner ein bør vurdere å flytte punkt 4.6.2 punkt 3.1 for å unngå repetisjonar i teksten. 4.7 Barnehagealder Vi meiner ein bør vurdere å flytte punkt 4.7.5 punkt 3.1 for å unngå repetisjonar i teksten. 4.8 Grunnskolealder Vi meiner ein bør vurdere å flytte punkt 4.8.2 til punkt 3.2. for å unngå repetisjonar i teksten. 4.9 Ungdom i videregående opplæring Det går fram av rettleiaren side 43 at kommunen/ fylkeskommunen fattar einskildvedtak. Dette er formelt rett, men det kan med fordel gå fram av rettleiaren at dette ansvaret ofte er delegert til rektor. Vi meiner det bør presiserast at skulehelsetenesta bør vere eit lågterskeltilbod som er tilgjengeleg og tett på elevar og deira føresette slik at dei kan få god og tidleg hjelp og rettleiing i aktuelle tema. 4.10 Helsehjelp i en skolehverdag Vi meiner det bør presiserast at alle tiltak og aktivitetar som skal gå føre seg i skuletida og i skulen sin regi må vere presisert i eit einskildvedtak om spesialundervisning når det er relevant. 4.11 Langvarige og/eller hyppige sykehusinnleggelser opplæring i helseinstitusjoner 4.12 Opplæring i hjemmet på grunn av sykdom 4.13 Bruk av tvang og makt i helse- og omsorgssektoren I nokre høve, jf. pkt. 2.3, er det ikkje tilstrekkeleg samarbeid mellom skule og bustad. I nokre høve vert positive tiltak brukt i skulen for å unngå utagerande åtferd erstatta av makt og tvang ved overføring til bustad. Det bør definerast eit ansvar for samarbeid mellom helse- og omsorgssektoren og utdanningssektoren for desse elevane. 4.14 Bruk av tvang og makt i utdanningssektoren Det bør også gå tydeleg fram at regelverket/lovverket på dette området er ulikt for helse- og omsorgssektoren og utdanningssektoren. Det kan oppstå utfordrande situasjonar der barn har godt fungerande vedtak om makt/tvang i kommunal bustad, men der desse tiltaka ikkje vert gjennomførte i undervisningstida. For nokre barn kan den tette vaksenkontakten og korrigeringa som eit tvangstiltak inneber, medføre ein tryggleik for barnet. Når desse tiltaka ikkje vert gjennomførte i skuletida, kan det verke forstyrrande for eleven då dei møter andre krav/forventningar på skulen enn i bustaden. For nokre kan dette vere så
forstyrrande/forvirrande at det ikkje er muleg å gjennomføre god undervisning. I nokre høve vil desse elevane også kunne vere ein konstant fare både for medelevar og tilsette. Det bør difor utarbeidast eit regelverk for preventiv bruk av makt/tvang i skulen for dei elevane som treng det, ikkje berres om naudrett/naudverge i etterkant av ei hending. Det bør også gå tydeleg fram at regelverket/lovverket på dette området er ulikt for helse- og omsorgssektoren og utdanningssektoren.