Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap 14.06.2011 039/11 HASO Kvam heradsstyre 20.06.2011 065/11 HASO Avgjerd av: Saksh.: Hans Atle Soldal Arkiv: N-016 Objekt: Arkivsaknr 11/288-3 Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger Samandrag: Hardangerrådet handsama 17. mars Forprosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger og tilrår for kommunestyra i Hardanger at forprosjektet vert vidareført i eit hovudprosjekt og ulike delprosjekt. I møte 12. mai handsama Hardangerrådet forslag om felles saksutgreiing i saka, og tilrår at kommunane legg denne til grunn for handsaminga i eigen kommune. Rådmannen tilrår at Kvam heradstyre gjer positivt vedtak i tråd med tilrådinga. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 1. Kvam herad vedtek tilrådinga frå Hardangerrådet om å føra vidare prosjektet Samhandlingsreforma i Hardanger. 2. Det lokalpolitiske samhandlingsutvalet for helsereforma (Hardangerrådet med tillegg ordførarar i andre deltakarkommunar ) held fram som styringsgruppe med same oppgåve som i forprosjektet ( sjå vedtak 2010) 3. Prosjektet vert ført vidare innan dei økonomiske rammene som vert stilt til rådvelde. 4. Fram til 31.12.2011 skal kommunane dela netto kostnad med samla 2,5 årsverk prosjektleiing fråtrekt statstilskot: a. Hovudprosjektleiar 100 % stilling b. Prosjektleiar delprosjekt Folkehelse 60% (seinare 100% ) stilling c. Prosjektleiar delprosjekt Allmennlege 30% stilling d. Prosjektleiar delprosjekt Legevakt 30 % stilling e. Utgiftene til engasjementet vert fordelt høvesvis på kommunane i utvalet. 5. Revidert budsjett vert presentert når statleg prosjekttilskot er kjent. Rådmann Harald Inge Anderssen Sign.
14.06.2011 Kvam formannskap Røysting: Rådmannen sitt framlegg fekk 9 røyster og vart samrøystes tilrådd. FSK-039/11 Tilråding: 1. Kvam herad vedtek tilrådinga frå Hardangerrådet om å føra vidare prosjektet Samhandlingsreforma i Hardanger. 2. Det lokalpolitiske samhandlingsutvalet for helsereforma (Hardangerrådet med tillegg ordførarar i andre deltakarkommunar ) held fram som styringsgruppe med same oppgåve som i forprosjektet ( sjå vedtak 2010) 3. Prosjektet vert ført vidare innan dei økonomiske rammene som vert stilt til rådvelde. 4. Fram til 31.12.2011 skal kommunane dela netto kostnad med samla 2,5 årsverk prosjektleiing fråtrekt statstilskot: a. Hovudprosjektleiar 100 % stilling b. Prosjektleiar delprosjekt Folkehelse 60% (seinare 100% ) stilling c. Prosjektleiar delprosjekt Allmennlege 30% stilling d. Prosjektleiar delprosjekt Legevakt 30 % stilling e. Utgiftene til engasjementet vert fordelt høvesvis på kommunane i utvalet. 5. Revidert budsjett vert presentert når statleg prosjekttilskot er kjent. Saksordførar: Harald Kjosås, Krf 20.06.2011 Kvam heradsstyre Røysting: Tilrådinga frå formannskapet fekk 27 røyster og vart samrøystes vedteke. HST-065/11 Vedtak: 1. Kvam herad vedtek tilrådinga frå Hardangerrådet om å føra vidare prosjektet Samhandlingsreforma i Hardanger. 2. Det lokalpolitiske samhandlingsutvalet for helsereforma (Hardangerrådet med tillegg ordførarar i andre deltakarkommunar ) held fram som styringsgruppe med same oppgåve som i forprosjektet ( sjå vedtak 2010) 3. Prosjektet vert ført vidare innan dei økonomiske rammene som vert stilt til rådvelde. 4. Fram til 31.12.2011 skal kommunane dela netto kostnad med samla 2,5 årsverk prosjektleiing fråtrekt statstilskot: i. Hovudprosjektleiar 100 % stilling ii. iii. Prosjektleiar delprosjekt Folkehelse 60% (seinare 100% ) stilling Prosjektleiar delprosjekt Allmennlege 30% stilling
iv. Prosjektleiar delprosjekt Legevakt 30 % stilling v. Utgiftene til engasjementet vert fordelt høvesvis på kommunane i utvalet. 5. Revidert budsjett vert presentert når statleg prosjekttilskot er kjent. Lista inneheld sentrale dokument som det er referert til eller sitert frå i saksframstillinga: JournalID Journaldato Tittel Avsendar For å opne dokument det er referert til i tabellen må du klikke på lenka under her. Skriv så inn JournalID i søkefeltet DokumentID og utfør søket. http://www.kvam.no/innsyn6/wfinnsyn.aspx?response=journalpost_sok&simple=false x
Saksopplysningar: Alle kommune-/heradstyra i Hardanger vedtok i mai/juni 2010: 1. Det vert oppretta eit lokalpolitisk utval for helsereforma ( det lokalpolitiske samhandlingsutvalet ) for Voss og Hardanger. 2. Utvalet skal overvake utviklinga i samhandlingsreforma og oppdatere kvart kommunestyre om utviklinga, og om kva verknader reforma kan få for det lokale helsetilbodet i Voss og Hardanger. 3. Utvalet skal vidare stimulere ordskiftet om det lokale helsetilbodet i Voss og Hardanger, og ta initiativ til forsøk som er i tråd med intensjonane i reforma. 4. Ordførar skal representere kommunestyret i utvalet. 5. Fram til 31.12.2010 skal det lokalpolitiske samhandlingsutvalet engasjere ein rådgjevar i 100 prosent stilling. Utgiftene til engasjementet, avgrensa til 400.000 kr, vert fordelt høvesvis på kommunane i utvalet. Det lokalpolitiske samhandlingsutvalet /(Hardangerrådet) vedtok i møte 9. september å etablera Forprosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger med organisasjon, mandat og framdriftsplan. Det har vore to milepælar i prosjektet: 1. 12. januar vedtok Hardangerrådet høyringsuttaler til forslag til: a. Ny nasjonal helse- og omsorgsplan b. Ny lov om folkehelse c. Ny kommunal helse- og omsorgslov 2. 17. mars vedtok Hardangerrådet å tilrå at forprosjektet vert ført vidare i eit Hovudprosjekt og ulike delprosjekt. I tillegg er gjennomført: a. ei drøfting med kvar enkelt kommune om kva utfordring Samhandlingreforma stiller med omsyn til: - korleis helsetenesta er dimensjonert, eventuelt behov for samarbeid mellom kommunane for å løysa oppgåvene - samarbeidet med helseføretaka b. og prosjektleiar har møtt i alle kommune-/ heradstyra i Hardanger og informert om Samhandlingsreforma, høyringsdokumenta, høyringsuttalene frå Hardangerrådet og innhaldet i prosjektet. Vedtaket i Hardangerrådet 17. mars lyder: I. Sakshandsaming: Det vert laga sak til kommunane/herada med målsetjing om handsaming i løpet av våren 2011. Hardangerrådet tar politisk kontakt med Voss kommune og Vaksdal kommune om samarbeid med Hardanger. II. Hovudprosjektet. 1. Det vert etablert eit Hovudprosjekt for utvikling av interkommunalt samarbeid mellom kommunane i Hardanger med bakgrunn i Samhandlingsreforma, nye helselover og Nasjonal helse- og omsorgsplan. Voss kommune, Vaksdal kommune og evt. andre kommunar som ønskjer, vert invitert til å ta del i utviklingsarbeidet i hovudprosjektet og i dei enkelte delprosjekta. 2. Ordførarane i deltakarkommunane skal vera styringsgruppe for hovudprosjektet. Rådmennene i deltakarkommunane skal vera styringsgruppe for delprosjekta.
3. Prosjektgruppa for Forprosjektet skal halda fram som prosjektgruppe i Hovudprosjektet 4. For kvart delprosjekt skal det etablerast eigne faglege prosjektgrupper. Det skal vera med brukarrepresentasjon i prosjektgruppene, evt. i referansegruppene. FFO Hordaland skal ha ansvar for oppnemning av brukarrepresentantar. 5. Rådmennene skal vera referansegruppe for hovudprosjektet. For dei ulike delprosjekta skal det etablerast relevante referansegrupper. 6. Hovudprosjektet skal ha oppstart 1. mars 2011 og vera avslutta til 31.12.2013. Dei ulike samarbeidsprosjekta som vert etablerte, skal styrast etter vertskommuneordninga, med eit overordna politisk styre samansett av ordførarane i deltakarkommunane. 7. Hovudprosjektet skal tilsetja ein prosjektleiar fram til 31.12.2011. Utgiftene skal fordelast på dei ulike kommunane som tek del høvesvis etter folketalet. Det skal søkjast om samhandlingsmidlar til hovudprosjektet og delprosjekta. 8. Prosjektleiar skal bistå kvart delprosjekt med utvikling av delprosjektet, organisatorisk og økonomisk. 9. Styringsgruppa skal gjera eige vedtak om kvart delprosjekt. 10. Evt. nye forslag om delprosjekt skal behandlast av styringsgruppa etter tilråding frå prosjektgruppa. 11. Kommunestyra må behandla alle vedtak i styringsgruppa som krev nye kostnader. I kartlegginga i kommunane er det peika på 8 ulike område der det er trong for samarbeid: 1. Felles avdeling for folkehelse, samfunnsmedisin og miljøretta helsevern 2. Legekontor og legevakt: Fleire kommunar samarbeider om allmennlegetilbodet på lokale legekontor og sentrale legevaktstasjonar. 3. Rehabilitering-, fysio- og ergoterapitenester: Fleire kommunar samarbeider om behandlings- og rehabiliteringstilbod (lokale LMS) og fysio- og ergoterapitilbod i og utanfor institusjon 4. Spesialiserte heildøgnstilbod: Fleire kommunar samarbeider om tilbod til demente, palliativ omsorg m.m. 5. Sjukeheimsmedisin: Fleire kommunar samarbeider om tilsynslegetenesta. 6. Barn og unge: Fleire kommunar samarbeider om jordmor-, helsestasjons- og pedagogisk/psykologiske tenester 7. Psykisk helse og rusomsorg: Fleire kommunar samarbeider om tilbod til brukarar av desse tenestene 8. Råd for funksjonshemma / Barnerepresentant etter plan og bygningslova: Fleire kommunar samarbeider om fagleg utvikling, evt. felles organisering av brukarepresesentasjon i kommunale politiske organ. Prosjektgruppa hadde og forslag til Hardangerrådet 17.mars om to prioriterte delprosjekt. Prosjektformuleringar og innhald vil verta reviderte og endeleg vedtekne av styringsgruppa for desse ( rådmannsforum) når prosjekta vert etablerte: Til møtet 17. mars var forslag til vedtak formulert slik: Folkehelse i Hardanger: 1. Det vert etablert eit delprosjekt Folkehelse i Hardanger. 2. Prosjektet skal laga ein plan for folkehelsearbeidet i Hardanger. 3. Prosjektet skal etablera ein organisasjon til å utvikla folkehelsearbeidet i Hardanger. 4. Frå xx.xx.xx vert det tilsett ein regionoverlege som skal leia dette arbeidet.
5. Regionoverlegen skal samarbeida med kommuneoverlegane og andre tilsette med fagansvar innan folkehelse i samarbeidskommunane. 6. For å redusera kostnader for kvar enkelt kommune,skal det vurderast om fleire kommunar kan dela på stillingar som kommuneoverlegar, d.v.s. at ein kommuneovelege kan vera tilsett i og ha ansvar for fleire kommunar. Legevakt: 1. Det vert etablert eit delprosjekt Legevakt i Hardanger og Voss. 2. Prosjektet skal laga ein plan for å utvikla eit fagleg godt og robust legevaktstilbod i regionen. 3. Samarbeidet kan gjelda felles legevaktstilbod i to eller fleire kommunar. 4. Prosjektet skal vurdera å etablera ein eller to hovudstasjonar. Desse skal ha ansvar for mindre legevaktstasjonar med opningtid deler av døgnet. 5. Prosjektet skal koma med framlegg om administrativ og fagleg organisering. 6. Den interkommunale legevakta skal samarbeida med foretaka om å utvikla det akuttmedisinske tilbodet i regionen. Økonomi: Det er søkt statlege prosjektmidlar frå Samhandlingsreforma og skjønsmidlar frå Fylkesmannen i Hordaland til å finansiera prosjekta. Til Delprosjekt Legevakt har Helsedirektoratet løyvd kr. 300.000. Pr. 18. mai føreligg det ikkje svar på søknadsmidlar til Hovudprosjektet og Delprosjekt Folkehelse i Hardanger. I søknaden til Fylkesmannen er også søkt om støtte til Delprosjekt Allmennlegetilbodet i Hardanger. Fylkesmannen i Hordaland har munnleg vurdert prosjekta som svært relevante for tilskot. Eigenfinansiering vert i så fall 50 %. Hovudprosjektet vil gå i heile 2011, dei andre prosjekta vert starta opp snarast råd er, men vera i full drift september 2011- d.v.s. 4 mnd.i 2011. Prosjektkostnad 2011 for dei prosjekta som kan starta opp er vurdert slik ( sosiale kostnader er inkludert) Budsjett Samhandlingsreforma i Hardanger År 2011 2012/2013 Hovudprosjekt: Lønn prosjektleiar (100% stilling) - kr. 970.000 kr. 970.000 Andre kostnader - kr. 30.000 kr. 30.000 Sum prosjektkostnad - kr. 1.000.000 kr. 1.000.000 50 % eigenandel - kr. 500.000 kr. 500.000 Delprosjekt Folkehelse ( 4 mnd i 2011) Lonn prosjektleiar 60 % - 100% stilling kr. 150.000 kr. 750.000 Andre kostnader - kr. 10.000 kr. 50.000 Sum prosjektkostnad kr. 160.000 kr. 800.000 50% eigenandel - kr. 80.000 kr. 400.000
Delprosjekt Legevakt Lonn prosjektleiar 30 % stilling kr. 280.000 kr. 480.000 Andre kostnader kr. 20.000 kr. 20.000 Sum prosjektkostnad kr. 300.000 kr. 500.000 50% eigenandel kr. 250.000 Helsedirektoratet har løyvt støtte kr. 300.000 og delprosjektet kan drivast 7 mnd. i 2011. Delprosjekt Allmennlege (4 mnd i 2011) Lønn prosjektleiar 30 % stilling - kr. 120.000 kr. 370.000 Andre kostnader - kr. 10.000 kr. 30.000 Sum prosjektkostnader kr. 130.000 kr. 400.000 50 % eigenandel - kr. 65.000 kr. 200.000 Sum eigenandelar kr. 645.000 kr. 1.350.000 Samla kostnader med statleg tilskot på 50 % vert for 2011 kr. 645.000. For 2012 og 2013 vert kostnadane på delprosjekta på heilårsbasis. Stillingsprosenten for prosjektleiar i delprosjekt Folkehelse er oppjustert til 100%, seinast frå januar 2012. Voss og Vaksdal kommunar vert invitert med på dei ulike prosjekta, og vil få sin del av kostnadane, i samsvar med grad av deltaking. Kostnadene vert fordelt på kommunane i Hardanger etter kostnadsnøkkelen i Hardanger i 2011. Eigenandel 2011 kr 645 000 Eidfjord 10 % 64 500 Granvin 8 % 51 600 Jondal 8 % 51 600 Kvam 26 % 167 700 Odda 26 % 167 700 Ullensvang 14% 90 300 Ulvik 8 % 51 600 Sum 2011 645 000 Eigenandelen for kommunane vert fordelt etter folketal på deltakarkommunane frå 2012. Eigenandelen for prosjekta kan frå 2012 finansierast med Samhandlingsmidlane som vert stilt til disposisjon ( på landsbasis er samla overføring 5 milliardar kroner). Hardangerrådet handsama saka 12.mai 2011 på møtet i Eidfjord og gjorde samrøystes tilråding om felles saksutgreiing slik: HR-sak 29/11 Samhandlingsreforma Felles saksutgreiing Vedtak: Hardangerrådet viser til framlegg til felles saksutgreiing om Samhandlingsreforma i Hardanger etablering av hovudprosjekt og ulike delprosjekt og tilrår til kommunane/herada i Hardanger å leggja denne til grunn for handsaminga i eigen kommune/herad. Hardangerrådsnøkkelen vert lagt til grunn for fordelinga i 2011. Kostnadane til arbeidet frå 2012 vert avhengig om Voss vert med i delprosjekta.
Vurdering: Rådmannen sluttar seg til tilrådinga frå Hardangerrådet. Det er viktig for kommunane å ta del i det vidare arbeidet med Samhandlingsreforma og saman finna gode løysingar som kan møta dei store utfordringane Samhandlingsreforma framover stiller til kommunane i utvikling av helsetenestene.