Framtidig drift ved Gamle Bjølvo kraftverk, Ålvik

Like dokumenter
Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

VATN OG AVLØP I KOVSTULHEIA-RUSSMARKEN

Juvet Landskapshotell

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1

Referat frå MINTA møte

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Forslag frå fylkesrådmannen

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

HORDALANDD. Utarbeidd av

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Bygd, reiseliv og universell utforming felles og same sak

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

REFERAT Sak: SMB-programmet evaluering av forprosjektet Sted Dato Varigheit Ålvik

Kulturhuset «Dølen» Kultur og næring Prestneset

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Døme på utforming av oppmoding om utbetaling og rapportar

Prosjektplan. - Skilting Haugastøl - Bergen. Hovudprosjekt: Sykkelturisme i Hordaland. Delprosjekt: Felles informasjon Trykt og web

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

8. Museum og samlingar

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

FLORA KOMMUNE KJØP AV FLORØ SJUKEHUS

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Skyteanlegg i Vangdalsåsen

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Prosjektplan rundtur Sognefjorden og Dalsfjorden i et nøtteskall

Finansiering av søknaden

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Skogsvegar på Vestlandet -no eller aldri? Kjetil André Rødland Vestskog

Kopi til: Arkivnr.: 344.T14

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Arkivsak Arkivkode Dato 09/ /A2/ Drøftingsnotat vedk. tidlegare Fortun skule

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Solfrid Borge leiar i prosjektgruppa Lars Ueland Kobro forskar - Telemarksforsking

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Vestlandet ein stor matprodusent

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

FLORA KOMMUNE Sentrumsplanen. Prosjektbeskriving. Folk i sentrum.

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

Internevaluering Destinasjon Voss/ Voss Reiselivsråd. Framlegg frå arbeidsgruppa

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Natur- og kulturbasert næringsutvikling. rundt Den Grøne Sløyfa

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

Forstudie Næringshage i Vinje

Transkript:

Forprosjekt Framtidig drift ved Gamle Bjølvo kraftverk, Ålvik Dreis AS, www.dreis.no 1

INNHALD FORORD 3 1 BAKGRUNN... 4 1.1 Bakgrunn 1.2 Mål 1.3 Delmål 1.4 Rammer 1.5 Omfang og avgrensing 1.6 Organisering 2 SITUASJONSANALYSE... 5 2.1 Eigarskap og drift 2.2 Kulturhistorisk vurdering 2.3 Teknisk vurdering 3 POTENSIALE FOR ETABLERING AV FRAMTIDIG DRIFT... 7 3.1 Trendar og utvikling 3.2 Potensielle utviklingsområde 3.2.1 Trallebana 3.2.2 Damveg 3.2.3 Opplevingssenter 3.2.4 Toppaktivitetar 3.2.5 Luftsportsenter 3.2.6 Mat med utsikt 3.2.7 Båt til fjells 3.2.8 Tematurisme industristaden 3.2.9 Kraftstasjonen 4 VURDERING OG PRIORITERING... 16 4.1 Driftskonsept 4.1.1 Val av pilotprosjekt 4.1.2 Konsept og tiltak 4.2 Marknad og målgrupper 4.2.1 Marknad 4.2.2 Målgrupper 4.2.3 Sesong 4.2.4 Marknadskommunikasjon 4.3 Økonomi 4.3.1 Krav til utbetring av anlegget 4.3.2 Økonomiske scenarier 4.3.3 Potensielle ringverknadar 4.4 Eigarskap 4.5 Døme frå samanliknbare anlegg 5 TILRÅDING... 32 5.1 Vidare vegval 5.2 Mål for hovudprosjekt 6 Kjelder... 33 7 Vedlegg... 33 Dreis AS, www.dreis.no 2

Forord Dette er eit forprosjekt om framtidig drift av Gamle Bjølvo kraftverk i Ålvik, Hardanger. Formålet er å avklara om det er potensiale for framtidig drift ved anlegget og identifisere moglege utfordringar for å realisere dette potensialet. Oppdragsgjevar for prosjektet har vore Kvam Herad. Rapporten skal vera eit underlag for avgjersle om ein skal gå inn i eit eventuelt hovudprosjekt. Arbeidet er utført i perioden januar medio april 2008. Dreis sin prosjektleiar har vore Asbjørn Moe, med Karianne Finne og Anders Waage Nilsen som prosjektgruppe. Me vonar prosessen og rapporten vert eit godt grunnlag for avgjersle no, og eit godt grunnlag å jobbe vidare ut i frå i eit eventuelt hovudprosjekt. Etne, 15.april 2008 Dreis AS, www.dreis.no 3

1 BAKGRUNN 1.1 Bakgrunn 1.2 Mål Å etablera Gamle Bjølvo Kraftanlegg som fyrtårn i tilbod i og marknadsføring av Ålvik, Kvam og Hardanger som reisemål. 1.3 Delmål forprosjekt Det skal gjerast ei vurdering av Gamle Bjølvo Kraftanlegg med omsyn til tekniske, økonomiske og kulturhistoriske føresetnadar. Dette skal vera grunnlag for avgjersle om riving eller føresetnadar for prosjektering av drift. 1.4 Rammer Kostnadane til prosjektleiing av prosjektet er estimert til kr 159.375,- eks mva, pluss reise. Kostnadar til tekniske rapportar for bane og bygg er ikkje inkludert. 1. utkast til sluttrapport skal leverast PA ila veke 15, 2008. 1.5 Omfang og avgrensing Fokus i arbeidet er vurdering av føresetnadar for framtidig drift av gamle kraftstasjonen og trallebana ved Bjølvefossen i Ålvik. Andre delar av Gamle Bjølvo kraftverk, saman med næringsliv og samfunn i Ålvik, Kvam og Hardanger vil i ulik grad verta trekt inn i prosjektet for å syne omverda til trallebana, men vil elles ikkje verta fokusert på i dette prosjektet. Ein del av dette vil ligge i prosjektet Forstudie Masterplan for Ålvik. 1.6 Organisering Oppdragsgjevar: Prosjektansvarleg: Prosjektleiar: Ressursgruppe: Kvam Herad Lars Erik Klafstad, Kvam Herad Asbjørn Moe, Dreis AS Jan Tjosås, Kvam Herad Otto Thillmann, Elkem Bjølvefossen Randi Storaas, Kvam SV Roald Johansen, Ålvik Vekst Randi Bårtveit, NVIM Øyvind Wigand, Reisemål Hardangerfjord Dreis AS, www.dreis.no 4

2 SITUASJONSANALYSE 2.1 Eigarskap og drift Gamle Bjølvo kraftverk er i dag eigd av Statkraft. Sidan opninga av Nye Bjølvo Kraftverk i 2004, har det gamle anlegget vore ute av drift. Trallebana har fram til no vore nytta av Statkraft til vedlikehaldsarbeid langs røyrgatene, og av hytteeigarar rundt Bjølsegrøvatnet som tilkomstmiddel til fjellområdet. Bana har vore nytta under konsesjon for begrensa persontransport. 2.2 Kulturhistorisk vurdering Vern av tekniske og industrielle kulturminner frå nyare tid er eit relativt nytt arbeidsfelt for antikvariske styresmakter. Denne formidable oppgåva vart første gang systematisk utreta av Norsk Kulturåd si innstilling i 1988 Bevaring av tekniske og industrielle kulturminner i Norge. Sidan den gang har viktigheten av desse typar kulturminner vorte stadfesta, seinast i den påbegynte landsverneplanen for Kulturminner i Norsk kraftproduksjon (KINK). 1) Vern gjennom bruk er den mest aktuelle måten å ta vare på Gamle Bjølvo kraftverk, det vil seie at fredning er ei lite truleg løysing, og at vern må skje i samråd med eigar og gjensidig tilpassa ny bruk av anlegget. Gamle Bjølvo Kraftstasjon er teikna av arkitekt Astrup, som blant anna også står bak den kjende kraftsasjonen Tysso I i Tyssedal. Kraftstasjonen består av 3 byggetrinn, det eldste oppført i 1918. Kraftstasjon og trallebana representerer samla eit kulturmiljø som på ein god måte syner ein viktig del av historien til Ålvik og industrialiseinga av Noreg. Fylkeskonservator i Hordaland Fylkeskommune tilrår vern av Gamle Bjølvo Kraftstasjon. Trallebana i tilknyting til Gamle Bjølvo Kraftstasjon, ligg langs røyrgatene som går frå dammen ved Bjølsegråvatnet og ned til havnivå i Ålvik. Trallebana er ei av nokre få liknande banar i tilknyting til gamle kraftanlegg og røyrgater på Vestlandet. Trallebana løftar ein frå 0 900 moh over eit strekk på 1400 m, og er med sine 62,5 grader den brattaste banen ein kjenner til i Europa. Vernemyndigheitene ynskjer i utgangspunktet ta vare på mest mogleg av originalutstyret i ny bruk, men i ytterste konsekvens er det traseen til trallebana som er det mest unike. Det vil seie at sjølv ei større ombygging med mykje nytt utstyr som vogner, fundament og skinnegang, vil ta vare på ein viktig del av kulturminnet trallebana. Fylkeskonservator i Hordaland Fylkeskommune tilrår vern av Trallebana. 2.3 Teknisk vurdering Kraftstasjonen har sidan den vart tatt ut av bruk i 2004 hatt eit aksellererande forfall. NVIM i Tyssedal har laga to rapportar om tilstanden til kraftstasjonen. Første gang i 2005 på oppdrag frå Statkraft, vart det gjort dokumentasjon av kraftstasjonen som kulturminne. I 2008 er det utarbeida ein rapport som gir ein framdriftsplan og kostnadsoverslag for restaurering av bygningsmassen, denne inkluderer også forslag på tiltak for å effektivisere framtidig vedlikehald og eit kostnadsoverslag på dette. Rapportane er vedlagt dette dokumentet. 1) Det vart ikkje gjennomført prekvalifisering av aktuelle anlegg i forkant av KINK-rapporten. Det er altå ikkje gjort vurderingar på andre anlegg ein dei omtala i rapporten, ei heller gamle bjølvo kraftverk. Dreis AS, www.dreis.no 5

Trallebana er tekniske sett framleis i brukbar stand, men sidan eigar ikkje lenger nyttar seg av denne, føreligg det ikkje lenger gyldig konsesjon for bruk av bana. Det føreligg sakkyndig kontroll av trallebana frå august 2007, gjennomført av tilsynsmyndigheitene, ved Det Norske Veritas. På bakgrunn av denne tilsynskontrollen, samt eigen synfaring ved bana i 2002, har HMR Voss utarbeida eit to-delt kostnadsoverslag for utbetring av bana til godkjend stand, for begrensa persontransport (tidlegare godkjenning) og persontransport (ny godkjenning). Dette kostnadsoverslaget gir ein peikepinn på kva økonomiske løft som skal til for å få bana i godkjend stand, men er ikkje ein fullverdig teknisk tilstandsrapport. Dette må gjennomførast dersom ein tenkjer utbetra og ta i bruk bana. Viktigaste utbetring som må gjennomførast på trallebana, er montering av såkalla fangbrems på vognene. Dette vert gjort ved å legge ei midtskinne langs skinnegangen, kun til bruk for fangbrems. Dreis AS, www.dreis.no 6

3 POTENSIALE FOR FRAMTIDIG DRIFT VED GAMLE BJØLVO KRAFTVERK 3.1 Trendar og utvikling Utvikling i trendar og endring i reisemønster vil påvirke potensialet for produktutvikling ved Gamle Bjølvo kraftverk. Nokre fellestrekk kan nemnast her: Reisene vert generelt kortare og folk føretar fleire reiser i løpet av året; feriar vert delt opp i primærferie, sekundær, osb. Eldre har alltid vore ei kjøpesterk målgruppe. Utviklinga går mot at desse eltre vert yngre og reiser enno meir og er meir aktive på sine reiser. Ein går generelt mot meir reisevante kundar, desse stiller gjerne større krav til ekslusive og autentiske opplevingar, der kunnskap ein viktig del av produktet. Reiselivsnæringa, også i Noreg, vert stadig meir profesjonell og innovasjonsgraden i tilbodet aukar i takt med dette. Det føregår ei individualisering i marknaden dei tradisjonelle gruppereisande vert det færre av, medan folk i stadig større grad planlegg og gjennomfører sine reiser på eiga hand. Dette heng blant anna saman med nye informasjonskanalar og at opplevingar, overnattingar og andre produkt er tilgjengelege for kjøp for kven som helst, utan å måtte gå gjennom eit mellomledd som turoperatørar. Dreis AS, www.dreis.no 7

3.2 Potensielle utviklingsområde Andre har lukkast med betydeleg dårlegare utgangspunkt enn Ålvik. Råvarene skal foredlast. Dei fylgjande forslaga under dette punktet er ikkje tilrådingar, men ei synleggjering av noko av det som kan utviklast som opplevingar i Ålvik. Nokre av desse kan syna seg vera realiserbare umiddelbart, andre ikkje i det heile, medan andre igjen kanskje kan syna seg vera realistiske og ha stort potensiale etter noko tid med utvikling og vekst i andre delar av tilbodet i Ålvik. Det kan altså vera lurt å ikkje nødvendigvis setje ein strek over alt som ikkje er realiserbart i dag. Andre har lukkast med betydeleg dårlegare utgangspunkt enn Ålvik. 3.2.1 Trallebana Trallebana i Ålvik er årets brattaste ferieminne opplev Hardanger i fugleperspektiv sitjande i ei open vogn! Ein spektakulær trasé frå fjord til fjell med utsikt over det vakraste Hardanger. Dreis AS, www.dreis.no 8

3.2.2 Damveg Bygging av Damveg vil opna for nye marknadar i kombinasjon med trallebana. Dette vil gi moglegheiter for større volum reisande til Ålvik, samt leggje til rette for auka bruk av fjellet for lokalbefolkninga. Det er mange andre omsyn og vurderingar ein må gjera når ein skal avgjerda om ein byggjer veg til fjells eller ei, men vegen er ikkje ein konkurrent til drift av trallebane, kanskje heller eit utfyllande produkt. 3.2.3 Opplevingssenter Eit moderne opplevings- og servicesenter for og om industristaden Ålvik. Ein attraksjon i seg sjølv og eit kjærkome tilbod i dårleg vær, men ikkje minst også eit servicesenter for gjestar til trallebana og andre aktivitetar i Ålvik. Dreis AS, www.dreis.no 9

3.2.4 Toppaktivitetar Vandring og sykling er eit sterkt veksande marknadssegment som vil ha gode høve til utvikling med utgangspunkt i trallebana. Eit attraktivt tilbod ved hjelp av enkle midlar. 3.2.5 Luftsportsenter Eit luftsportsenter er for folk flest. Dette er ein veksande og stadig meir vanleg type aktivitetar for ferierande. Her kan nybegynnarar få oppfylt sin draum om å fly under vingene til dyktige tandempilotar. Dreis AS, www.dreis.no 10

3.2.6 Mat med utsikt Ved avstigning på toppen av trallebana ligg bygningsmassse med potensiale for utvikling til serveringstilbod og arrangementlokale. Erfaringar frå samanliknbare attraksjonar strekar under effekten av produkttilbod når hovudattraksjonen er gjennomført. 3.2.7 Båt til fjells Eit samarbeid med Hardanger Fartøyvernsenter. Å bli ført til Ålvik sjøvegen før ein opplever ein tur med trallebana til fjells der ein finn utsikten over store deler av Hardanger, er tre-i-ein-oppleving som vil ta stor plass i dei fleste fotoalbum. Dreis AS, www.dreis.no 11

3.2.8 Tematurisme industristaden Reiseliv i industriens vugge, er eit samarbeid mellom tradisjonsrike industristadar som også er etablerte eller nyetablerte som reisemål. Kontrastane mellom industri og natur er mange, og vakre! Dreis AS, www.dreis.no 12

3.2.9 Kraftstasjonen Ålvik indoor filmstudio Ny bruk av kraftstasjonen som innandørs filmstudio. Dette krevs store areal og god høgd under taket, noko Gamle Bjølvo kan by på. Allereie interesse for å undersøkje Ålvik nærare som potensiell location. Kulturkatedralen Bjølvo Kraftstasjonbygget kjem til sin rett i Kulturkatedralen Bjølvo! Det eksisterar lokale interessentar som ser på moglegheiten til å gjera kraftstasjonen om til eit kulturhus. I dette monumentale bygget kan Kulturkatedral vera ei høveleg nemning. Dreis AS, www.dreis.no 13

Hardanger Leikeland Barna får oppfylt feriedraumen i Hardanger Leikeland. Kraftstasjonen har areal og og byggmessige verdiar som gir høve til utvikling av opplevingar for heile familien. Barne- og familieaktivitetar for tilreisande, er det underskot på også i Hardanger. Ålvik indoor Bungy Hårreisande opplevingar i Ålvik indoor Bungy! Strikkhopp innandørs er om mogleg enno meir spanande enn utandørs, sjølv om høgda er lågare. Samlokalisering med klatresenter, squashhall, bowling og liknande gir tilbodet breidde og appell til ei stor målgruppe. Dreis AS, www.dreis.no 14

Ny industri i kraftstasjonen? Er Gamle Bjølvo kraftstasjon klar for å takast i bruk til industrielle føremål? Kraftstasjonen er ein bygningsmasse som med innvendige modifikasjonar kan verta eigna som lokaler til ulike typar produksjon eller lager. Lokalisert på regulert industriområde, er infrastrukturen godt lagt til rette for bruk av kraftstasjonen til industrielle føremål. Dreis AS, www.dreis.no 15

4 VURDERING OG PRIORITERING 4.1 Driftskonsept 4.1.1 Val av pilotprosjekt Gamle Bjølvo Kraftstasjon er i seg sjølv eit viktig kulturminne og ein del av identiteten til Ålvik. Kraftasjonen knyter trallebana sterkare til ei frå fjord til fjell oppleving samt ei oppleving av eit heilskapleg kulturhistorisk miljø. Med riktig foredling har Kraftstasjonen potensiale til å verta ein attraksjon innan fleire typar kulturbaserte næringar, noko det allereie finst lokale interessentar til. Framtidig potensiale knytt opp til trallebana og det heilskaplege kulturhistoriske miljøet er viktig å ta med i vurderinga allereie no når riving er eit alternativ. Dersom ein lukkast utvikla trallebana til eit sterkt og mykje besøkt produkt, vil dette kunne skape store ringverknadar og vidare produktutvikling innan næringa, inkludert kraftstasjonen. Gamle Bjølvo kraftstasjon kan med utbetring og modifikasjonar også ha ei framtid der bygningsmassen gjer nytte til industrielle føremål. Ein kan ved ei slik løysing vidareføre tradisjonen med industriell aktivitet, samstundes som ein gjennom bruk vernar dette kulturhistoriske bygget for framtida. Andre typar næring, som til dømes å nytta bygningane til kontorbygg, er også mogleg å realisera innanføre rammene for vern, men det er grunn til å tru at dette vil krevje større ombyggingar (etasjarskiller) eller mindre effektiv (dyrare) bruk av lokalene. Avhengig av kva type næring ein ser føre seg i kraftstasjonen i framtida, kan bruk av denne koma i konflikt med ny aktivitet og arbeidsplassar på industriområdet ved djupvasskaia, når det gjeld generelle tryggleiksomsyn og særleg tilgang til stasjonen gjennom det nye industriområdet. Det er store kostnadar knytt til oppgradering, drift og vedlikehald av kraftstasjonen. NVIM sin ferske tilstandsrapport frå Gamle Bjølvo kraftstasjon anslår utbetringskostnadar til 16 MNOK, med påfølgjande årelge kostnadar på 1 MNOK for å halde bygget i stand. Dette er ikkje urovekkjande høge tal for eit bygg av høg kulturhistorisk verdi, men taler like fullt for at framtidig bruk bør generera ein omsetnad av ein viss storleik for å forsvara utgiftene til bygningsmassen, ein faktor ein må vurdera alvorleg når ein vurderer alternative aktivitetar i kraftstasjonen. Finansiering særleg av investeringskostnadar og etter kvart drift- og vedlikehaldskostnadar, vil vera eit avgjerande punkt for realisering av framtidig drift ved Gamle Bjølvo kraftverk. I eit scenario der det er snakk om sams finansieringskjelder, vil utvikling av trallebana og kraftstasjonen kunne konkurrere om dei same ressursane. Trallebana er ei unik råvare med stort utviklingspotensiale. Ein kjenner ikkje til andre like høge eller bratte trallebanar i Europa, og med lokaliseringa midt i dei etterkvart så kjende norske fjordane, er potensialet for eit sterkt produkt stort. Trallebana kan med god foredling, pakking og tilgjengeleggjering, utviklast til ein sterk attraksjon med tilstrekkjeleg marknadskraft til sjølv å trekkje til seg sine kundar, ein såkalla verdt-ei-reise-attraksjon. Dreis AS, www.dreis.no 16

Etablering av trallebana som trekkplaster vil kunne leggje grunnlaget for utvikling av ei rekkje tilleggsprodukt i Ålvik og regionen elles. Både overnatting, servering, detaljhandel, transport og andre sekundærnæringar drar direkte nytte av sterke primærprodukt som trallebana. Etablering av trallebana som produkt har, som ein skal koma attende til, ein noko lågare inngangskostnad enn kraftstasjonen, og kanskje også ein høgare betalingsvilje hjå kundane. Ein tilrår at Trallebana vert pilot i eit hovudprosjekt som vert iverksatt med det mål å etablera varig drift av bana. Prosjektperioden skal vare ut 2009. Kommersiell prøvedrift av trallebana og prosjektering av varig drift skal vera hovudaktivitetar i prosjektet. Ein tilrår vidare at utvikling av framtidig næring i kraftstasjonen vert vurdert skilt ut som sjølvstendig prosjekt, med mål om å etablere bærekraftig drift som sikrar vern av bygget. Både kulturbasert næring og industrielle føremål er moglege framtidige aktivitetar i bygningsmassen vurdert i prosjektet. 4.1.2 Konsept og tiltak i prøveperioden I føreslått framdrift og prioriteringar i konsept og tiltak vert det lagt vekt på faktorar langs to aksar; å etablera produkt som på kort sikt kan syne til bærekraftige resultat, og som samstundes har stort potensiale for vidare produktutvikling og salg. Ein går her gjennom tiltak som bør koma i første fase av produktutviklinga. Vidare prosjektering bør avklare kva tiltak som er aktuelle på lang sikt, for å sikre at potensialet desse representerer ikkje vert blokkert i mellomtida. Dreis AS, www.dreis.no 17

4.1.2.1 Ny nedre påstigning Ein flyttar dagens påstigning opp til nærleiken av riksvegen og vert med dette meir synleg og attraktiv frå vegen, samstundes som ein unngår potensiell konflikt med nytt industriområde vest for Bjølvefossen. 4.1.2.2 Tilrettelegging for gåande frå torget til nedre påstigning Det går i dag gangsti frå torget og nesten heilt fram til trallebana. Denne vert forlenga slik at gjestene på ein god måte kjem fram frå informasjonssenteret på torget, til nedre påstigning på trallebana. Dreis AS, www.dreis.no 18

4.1.2.3 Informasjon og sal på torget Ei framtidig drift av trallebana vil ha trong for lokaler for å yta service som informasjon, salg av billettar, toalettfasilitetar m.m. i tillegg til parkeringsplassar til dei reisande med bana. Ein bør freiste legge dette til eksisterande bygningsmasse sentralt i Ålvik, til dømes ved å samkøyre dette med gjeldande utviklingsplanar for bibliotek og servering i den nedlagde butikken. 4.1.2.4 Topptilbod Det vert i prøveperioden utvikla rimelege aktivitetar og tilbod i tilknytning til øvre stasjon på trallebana. Vandre- og sykkelløyper med god merking, utvikling av kart og gjerne med sykkelutleige, har låge utviklingskostnadar, er i sterkt vekst som etterspurt aktivitet blant dei fleste kundegrupper, og har synt seg vera ei særs effektiv og vellukka produktutvikling blant anna i vinterdestinasjonar som byrjar satsa på heilårsturisme. Dreis AS, www.dreis.no 19

4.2 Marknad og målgrupper Trallebane og veg til fjells i Ålvik kan være komplementære tilbud for oss som jobber med et stort volum av reisende. Trallebanen vil stå for attraksjonskraften som i seg selv tiltrekker seg de reisende, mens vegen vil være en flott måte for de mindre vågale å få nyte den samme utsikten og naturen. Forutsatt god tilrettelegging og tilgjengelighet vil trallebanen i Ålvik framstå som et attraktivt produkt i indre Hardanger og være et aktuelt aktivitetstilbud til rundreisende på Hardangerfjorden. - Anne Randi Gjerstad, Produktsjef i Fjord Tours AS 4.2.1 Marknad Potensielle marknadar er omhandla i KPK sin rapport frå 2004, Trallebaneprosjektet i Ålvik. Denne rapporten vektlegg særleg dei lokale og regionale marknadane, men det er også i tillegg til dette betydelege tal nasjonale og internasjonale reisande i regionen, særleg langs rundreisa Hardanger in a Nutshell og Nasjonal Turistveg Hardanger. Internasjonalt vil det vera naturleg å vende seg mot marknadar som er samanfallande med satsingar til Reisemål Hardangerfjord, og landsdelsselskapet Fjord Norge. 4.2.2 Målgrupper Trallebana vil i nær framtid ha begrensa kapasitet og bør av denne grunn prioritere å vende seg mot den individuelle marknaden og mindre private og bedriftsgrupper. Regional og nasjonal marknad vil vera særleg viktig. Enkelte internasjonale marknadar treng tid for å kunne sjå verdien og attraksjonen i vår industrielle kulturhistorie, men dette er i endring og stadig fleire interesserar seg for meir enn glansbileteutgåva av Noreg. Aktivitetar, kunnskap og opplevingar vert ein viktigare del av heilskapen for stadig fleire folk når dei er ute og reiser, anten det er i jobb eller fritid. For desse gruppene vil Ålvik kunne tilby ein attraktiv heilskap av opplevingstilbod, ved å kombinera formidling av kulturhistorie og spektakulære naturopplevingar. Dreis AS, www.dreis.no 20

4.2.3 Sesong Potensialet for lang sesong er til stades, men dette bør realiserast over tid. Sesonglengd bør samkøyrast med og ikkje vera kortare enn andre framtredande tilbod i regionen. 4.2.4 Marknadskommunikasjon Ålvik er ny i gamet og ukjent som reisemål for dei aller fleste. Det vil i ein oppbyggingsfase vera viktig å bygga eigen identitet og merkevare gjennom aktivt pressearbeid og bearbeiding av turoperatørar og andre premissleverandørar i marknaden, samstundes som ein på kort sikt gjennom avtalar med etablerte aktørar i næringa klarar kapre ein del av den kundestrømmen som allereie er i regionen. Individuelle reisande, med betalingsvilje for spektakulære opplevingar, bør vera ei prioritert målgurppe. Dreis AS, www.dreis.no 21

Døme: A) Fjord Tours: - Ålvik B) Nasjonal Turistveg Hardanger: Ålvik Dreis AS, www.dreis.no 22

C) Reisemål Hardangerfjord: Dreis AS, www.dreis.no 23

4.3 Økonomi 4.3.1 Krav til utbetring av anlegget Me ser det som ein føresetnad for eit økonomisk bærekraftig selskap at dette overtar eit anlegg i godkjend stand, eventuelt med tilstrekkeleg startkapital til sjølv å stå for utbetringar. Det føreligg tilstandsrapport frå tilsynsmyndigheiter frå august 07. Tilstandsrapport frå DNV, samt eigen synfaring frå 2002 er grunnlag for ein teknisk vurdering av Trallebana og kostnadsoverslag for utbetring, utarbeida av HMR Voss. For varig drift må bana godkjennast for persontransport og det må dette høvet gjennomførast ein grundigare prosjektering av naudsynte utbetringar.. Tolking og implementering av nye EU-direktiv har ikkje heilt satt seg hjå tilsynsmyndigheitene, og skapar ei viss usikkerheit til praktisering. Det kan imidlertid vera mogleg å få gjennomført prøveperiode med avgrensa konsesjon, ein har døme på dette blant anna frå Rjukan. Dette vil seinke terskelen vesentleg for å gå inn i ein periode med prøvedrift. Det er sansynleg å anta at realismen i prosjektet er avhengig av ein avtale der Statkraft står for ein stor del av utbetringskostnadane. Me ser det som ein føresetnad for eit økonomisk bærekraftig selskap at dette overtar eit anlegg i godkjend stand, eventuelt med tilstrekkeleg startkapital til sjølv å stå for utbetringar. Dagens eigar, Statkraft, er ikkje avvisande til ein avtale der dei kostar utbetringar av anlegget til ein stand ein vert samd om er naudsynt for å gå i gang med drift av anlegget, mot at dei vert fritatt framtidig ansvar og eigarskap, men det er langt frå automatikk i at Statkraft nyttar eventuelt sparte midlar frå riving, til vern og utbetring i staden. Statkraft sin totalte kostnad ved gjennomføring av nedbyggingsplan er i dag ikkje kjent, og den omhandlar i alt 11 bygg og konstruksjonar, så nokre utgifter vil dei uansett ha, sjølv om ein tar bort dei største i kraftstasjonen, trallebana og eventuelt voktarbustaden. Det er sansynleg å anta at realismen i prosjektet er avhengig av ein avtale der Statkraft står for ein stor del av utbetringskostnadane. Dreis AS, www.dreis.no 24

Tilråding og framdrift: 4.3.2 Økonomiske scenarier I arbeidet med økonomiske scenarier for drift av trallebana har ein tatt utgangspunkt i dei to rapportane; Otto Thillmann, 2004: Fortsatt trallebanedrift i Ålvik, og KPKonsult, 2004: Trallebaneprosjektet i Ålvik. Desse inneheld kalkylar på utgiftssida som i denne rapporten er prisjustert til 2008-nivå, samt gjort ein viktig endring på betalingsnivå, altså kommersialiseringspotensialet per besøkande. Bakgrunnen for våre vurderingar i å endre denne så betydeleg, ligg delvis i utviklingar og trendar i reiselivet generelt, men kan særleg forsvarast med bakgrunn i konkrete samanliknbare produkt som syner stor betalingsvilje for denne type tilbod Ålvik skal utvikle. Det er også lagt betydeleg meir vekt på kostnadane ved å etablera seg i marknaden, dette kjem til syne i marknadsføringsbudsjettet. Det føreligg i desse kalkylane ein betydeleg oppjustering av kunden sin betalingsvilje og bedrifta sine marknadsføringskostnadar, samanlikna med tidlegare analysar. Dreis AS, www.dreis.no 25

Økonomiske scenarier Trallebanedrift Ålvik År 1 År 3 Investeringsutgifter Framtidig renovering av bane 700 700 Driftsutgifter Løn inkl. sos. 1) 1000 1300 Straum banedrift 150 150 Forsikring 600 600 Kontor 80 80 Vedlikehald bane 500 500 Rekneskap og revisjon 100 100 Marknadsføring 250 200 Kommunale avgifter 70 70 Diverse 400 350 Sum driftsutgifter 3150 3350 Driftsinntekter Billettinntekter 875 2) 2700 3) Fond 500 500 Driftstilskot 2000 1000 Kommune Fylke Stat Sponsor 500 0 Sum driftsinntekter 3875 4200 Resultat 4) 725 850 Alle tal i tusen kr. 1) 75% av lønskostnadar variable ift driftsdagar 2) 2500 billettar à NOK 350,- 38% belegg, 90 driftsdagar 3) 7700 billettar à NOK 350,- 60% belegg, 179 driftsdagar 4) før avsetjing til framtidig renovering av bane Dei økonomiske scenaria syner potensiale for solid økonomi, men med offentleg tilskot som ein viktig del av finansieringa. Ein går her gjennom nokre av elementa på inntektsida: Dreis AS, www.dreis.no 26

Prisnivå: Høg betalingsvilje og billettpris vil i stor grad kompensera for begrensa kapasitet, men kapasitetsutfordringa kan likevel verta aktuell etter ei tids vellukka drift. Fond: Drift av eit kulturminneprodukt med ynskje om bruke mest mogleg av det originale utstyret, er isolert sett ikkje økonomisk optimalt. Denne type produkt er også i seg sjølv ei kostnadskrevjande verksemd, med potensielt store og uventa utbetringsarbeid. Dette må ein ta høgde for i drifta. Opprettinga av eit fond som i hovudsak skal nyttast til årleg vedlikehald skal sikre at det er økonomi til dette uavhengig av eventuelle svingningar i driftsresultat. Dreis AS, www.dreis.no 27

Offentlege tilskot: Ei rekkje kulturminner av ulik art vert drive i større og mindre grad ved hjelp av offentlege tilskot. Også andre kabelbanar, men kanskje først og fremst museumsjernbanar, får offentlege tilskot til drift, utbetring eller utvikling av anlegga. I dette økonomiske scenariet legg ein opp til ein betydeleg fødselshjelp, med nedtrapping mot eit lågare nivå etter som ein vert etablert i marknaden og i større grad står på eigne bein øknomisk. Dreis AS, www.dreis.no 28

4.3.3 Potensielle ringverknadar Mange faktorar vil spele inn på resultatet og det vil vera stor usikkerheit kring vurderingar av potensielle ringverknadar av ei utvikling slik skissert i dette dokumentet. Ein tar her likevel med eit overslag i ein situasjon der ein har etablert trallebana som eit attraktivt produkt med god posisjon i marknaden og nye tilleggsprodukt, særleg knytt til toppen av trallebana og sentrum i Ålvik, er dukka opp som følge av kundestraumen. Dette overslaget gir ein peikepinn på kva utvikling av arbeidsplassar i ny og eksisterande næring ein kan få som følge av denne satsinga. Realiteten kan sjølvsagt verta både lågare og mykje høgre enn det her skissert. Trallebana vil i eit fem-årsperspektiv kunne tilføre 5 000-10 000 tilreisande til Ålvik. Desse legg iflg SSB 53% av totalt forbruk att i detaljhandel. Dette vil kunne minimum sikre arbeidsplassane i daglegvare m.m., og bør også vera grunnlag for sesongprega oppbemanning. Reiselivsnæringa i Hardanger vil vende blikket mot Ålvik og tilby trallebana som ei oppleving til sine gjester. Dette vil særleg gjelde hotella i Norheimsund og Øystese, men også fartøyvernsenteret og næringa i regionen elles. Realisering av samarbeid med Fjord Tours sine produkt Hardanger in a Nutshell og Fjord Cruise Hardangerfjord vil kunne tilby stopp og evt å oppleva trallebana i Ålvik til sine reisande. Synleggjering av trallebana og visningssenter på torget i Ålvik vil gi ein betydeleg stoppeffekt for reisande langs Nasjonal Turistveg Hardanger. Dette vil trallebana og visningssenteret nyte godt av, men ikkje minst handel og servering. Dreis AS, www.dreis.no 29

4.4 Eigarskap Eit sterkt eigarskap er ein kritisk faktor for å lukkast med framtidig drift av trallebana. Eit sterkt eigarskap er ein kritisk faktor for å lukkast med framtidig drift av trallebana og vidareutvikling av næringa. Det finst mange døme på løysingar på korleis ein kan setja saman eit slikt eigarskap hjå samanliknbare aktørar. Ein ting som ser ut til å vera ein fellesnemnar hjå dei som har lukkast, er at ein tar omsyn til lokale tilhøve og ikkje lar seg freista av å kopiera andre si oppskrift. I Ålvik har ein i lang tid hatt eit særs einsidig næringsliv, og det vert ei viktig utfordring å få riktig kombinasjon av lokalt engasjement og forankring, bransjekunnskap og økonomisk ryggrad. Dreis AS, www.dreis.no 30

4.5 Døme frå samanliknbare anlegg Gaustadbanen Thamshavnbanen Flåmsbanen Krøderbanen Fløibanen Konsept Økonomi Målgruppe Eigarskap Kabelbane i fjell, Rjukan- Gaustad-toppen. Historieformidling og naturopplevingar. Servering av mat og konjakk på toppen. Variable opningstider. Driv kommersielt uten driftstilskot. Svært høgt belegg. Billettpris: NOK 350,- Oppleving, historieinteresser te, ski og vandring. Mest nordmenn, vekst i internasjonale. Aksjeselskap -Tinn Kommune 25 % -Gaustat. Ski 25% -Gaustat. Invest 12% -++ 100 år gamal saktegåande museumsjernbane i tilknytning til Orkla Industrimuseum. Mange ulike typar tema- og arrangement. Charterturar Ope dagleg i høgsesong. Offentlege årlege tilskot:: 3,5 MNOK Billettpris: NOK 55,- ca 30.000 besøkande. Familiar Bedrifter (charter) Nordmenn, britar, tyskarar Privat stifting -Orkla Bratt og svingete jarnbane på 20 km frå Flåm til Myrdal i Sogn. Inngår som ein del av rundreisa Norway in a Nutshell. Kommersiell drift. Billettpris: NOK 310,- 550.000 besøkande Norske syklande langs rallarvegen reisande med Norway in a Nutsh. Cruiseturistar Aksjeselskap -AurlanS.bank 10% -Hurtigruten 12.5% -Siva H. 37.5% -Aurland K. 40% Museumsjernbane i Buskerud. Arrangerer populære temadagar på toget. Faste opningstider i sommarhalvåret. Frivillig drive. Investeringar vert finansiert av ekstraordinære tilskot og sponsorar. Familiar Eldre Nordmenn Offentleg stifting (under Kunstnerdalen Kulturmuseum), Buskerud. Kabelbane frå Bergen sentrum til Fløyfjellet. Svært god og sentral lokalisering. Servering og turløyper på toppen. 1,2 millionar reisande Billettpris: NOK 70,- Resultat 2006: NOK 10 323 000,- Norske og utlendingar til dels lokalbefolkning. Enkle og lett tilgjenge-lege opplevingar av by og natur. Bergen Komm. 47% GC Rieber 13% Vital Forsikting 4 % +++ To av våre mest besøkte attraksjoner på Rjukan er Norsk Industriarbeidermuseum, og Gaustadtoppen. Gaustadbanen knytter disse opplevelsene sammen og vi jobber med å gjøre denne til vårt fyrtårn på helårsbasis. Siden driftstart i 2004 har vi opplevd stor oppmerksomhet og pågang både fra media og publikum som ønsker oppleve Gaustadbanen - Anita Tapio, Visit Rjukan Dreis AS, www.dreis.no 31