Tilleggsinnkalling for Kommunestyret Møtedato: 10.05.2016 Møtestad: Kommunestyresalen Møtetid: 18:00 Dersom du av tvingande grunnar ikkje kan møte, eller er ugild i noko sak, gi beskjed snarast til politisk sekretariat tlf: 52792200, eller postmottak@suldal.kommune.no. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling. Sakliste Saksnummer Sakstittel 032/16 Nasjonal transportplan (NTP) 2018-2029 - Høyring 033/16 Val av styre for Suldal elverk KF 2016-2017 Sand, 09.05.2016 Gerd Helen Bø ordførar
Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Torbjørn Guggedal K2 - Q10 16/424 Saksnr Utval Type Dato 021/16 Formannskapet PS 28.04.2016 032/16 Kommunestyret PS 10.05.2016 Nasjonal transportplan (NTP) 2018-2029 - Høyring Forslag til vedtak: For å sikra framtidig busetjing, utvikling og tryggleik i Ryfylke, er det viktig at Rogaland fylkeskommune tek Suldal kommune sine synspunkt inn i fylkeskommunen sine merknadar til planen: 1. RV 13 Stavanger - Håra, "Ryfylkediagonalen" må løftast fram og oppgraderast.ein Ryfylkediagonal med god vegstandard vil gjere sitt til ei etterlengta utvikling av Ryfylkeregionen, både for busetjing og næringsliv, inkludert reiselivsnæringa. 2. Skal det vera mogeleg å ivareta nødvendig vedlikehald og investeringar på riks- og fylkesvegar, nødvendige utbetringar og ikkje minst rassikring, må det arbeidast for at løyvingane minst vert i tråd med det som er skissert under «høg ramme». 3. Planen må konkret prioritera rassikring og utbetringar langs RV 13, særleg gjeld dette strekninga mellom Erfjord og Sand i Suldal. Det er ikkje tilfredsstillande at prosjektet Lovraeidet Rødsliane, er føreslått gjennomført tidlegast i perioden 2024-2029. Prosjektet må flyttast fram til første 4-års periode. 4. RV 13 Brattlandsdalen, mellom Nesflaten og Røldal, som er ein felles arbeidsmarknad, er i dag ein av dei vegstrekningane som oftast vert stengd av ras vinterstid. Dette har store konsekvensar for transportnæring, reiseliv og pendlarar også i Ryfylke/Rogaland. Det er positivt at rassikring i Brattlandsdalen er teke med i framlegg til ny NTP, men prosjektet må prioriterast fram i tid. 5.Omtalen av Årdalstunell i planframlegget tek utgangspunkt i kort tunell, og er soleis ikkje i samsvar med Ryfylkerådet, og Rogaland fylke, sine krav om lang tunell. Realisering av lang tunell inneber at ein må kombinera bruk av rassikringsmidlar og ordinere veginvesteringsmidlar, som igjen kan føra til at prosjektet vert utsett noko i tid. Ryfylkerådet står likevel fast på kravet om lang Årdalstunell og meiner at gjennomføring i perioden 2022-2023 er realistisk. 6. Ved opning av Ryfast-tunellane vil trafikken gjennom Tau auka og ein må utgreia meir trafikksikre
trasèar. 7. Alternative kostnadseffektive fjordkryssingar må få meir fokus. 8. Vidare satsing og prioriteringar av Nasjonal Turistveg, er viktig for Ryfylke. 9. Vidare planlegging/prosjektering av E-134 som hovudtrasè aust-vest må leggja til grunn at «arm mot Bergen» skal vera ein del av prosjektet. Fullført utbygging E 134 mellom Ølen og Haugesund må skyvast fram. Dette gjeld særleg strekninga Skjold Ølen (Solheim-Bakka prosjektet) 10. Fylkeskommunen må stø opp om vidare arbeid for å realisera høgfartsbane over Haukeli, og at dette skjer utanfor planen sine økonomiske rammer. Sand, 09.05.2016 Gerd Helen Bø ordførar
Rådmannen si innstilling For å sikra framtidig busetjing, utvikling og tryggleik i Ryfylke, er det viktig at Rogaland fylkeskommune tek Suldal kommune sine synspunkt inn i fylkeskommunen sine merknadar til planen: 1. Skal det vera mogeleg å ivareta nødvendig vedlikehald og investeringar på riks- og fylkesvegar, nødvendige utbetringar og ikkje minst rassikring, må det arbeidast for at løyvingane minst vert i tråd med det som er skissert under «høg ramme». 2. Planen må konkret prioritera rassikring og utbetringar langs RV 13, særleg gjeld dette strekninga mellom Erfjord og Sand i Suldal. Det er ikkje tilfredsstillande at prosjektet Lovraeidet Rødsliane, er føreslått gjennomført tidlegast i perioden 2024-2029. Prosjektet må flyttast fram til første 4-års periode. 3. RV 13 Brattlandsdalen, mellom Nesflaten og Røldal, som er ein felles arbeidsmarknad, er i dag ein av dei vegstrekningane som oftast vert stengd av ras vinterstid. Dette har store konsekvensar for transportnæring, reiseliv og pendlarar også i Ryfylke/Rogaland. Det er positivt at rassikring i Brattlandsdalen er teke med i framlegg til ny NTP, men prosjektet må prioriterast fram i tid. 4. Omtalen av Årdalstunell i planframlegget tek utgangspunkt i kort tunell, og er soleis ikkje i samsvar med Ryfylkerådet, og Rogaland fylke, sine krav om lang tunell. Realisering av lang tunell inneber at ein må kombinera bruk av rassikringsmidlar og ordinere veginvesteringsmidlar, som igjen kan føra til at prosjektet vert utsett noko i tid. Ryfylkerådet står likevel fast på kravet om lang Årdalstunell og meiner at gjennomføring i perioden 2022-2023 er realistisk. 5. Ved opning av Ryfast-tunellane vil trafikken gjennom Tau auka og ein må utgreia meir trafikksikre trasèar. 6. Alternative kostnadseffektive fjordkryssingar må få meir fokus. 7. Vidare satsing og prioriteringar av Nasjonal Turistveg, er viktig for Ryfylke. 8. Vidare planlegging/prosjektering av E-134 som hovudtrasè aust-vest må leggja til grunn at «arm mot Bergen» skal vera ein del av prosjektet. Fullført utbygging E 134 mellom Ølen og Haugesund må skyvast fram. Dette gjeld særleg strekninga Skjold Ølen (Solheim-Bakka prosjektet) 9. Fylkeskommunen må stø opp om vidare arbeid for å realisera høgfartsbane over Haukeli, og at dette skjer utanfor planen sine økonomiske rammer.
Saksopplysningar: Fakta Rogaland fylkeskommune har i brev dagsett 17.03.2015 bedt om kommunen sin uttale til framlegget til nasjonal transportplan 2018-2029. Høyringsfristen er sett til 15.05.2016. Ryfylke IKS har laga ei grundig utgreiing om saka og Ryfylkerådet har samrøystes gjort vedtak som femner om rv13 gjennom heile Ryfylke. I arbeidet med gjeldande NTP vart det under komitearbeidet teke inn formuleringar om rv13. I framlegg til NTP 2018-29 er dette fulgt opp med konkrete prosjekt. Etatane sitt forslag til ny NTP vart lagt fram 29.02.16: I forslaget er tre prosjekt langs RV 13 omtalte: «Rv 13 Melkeråna Årdal Prosjektet ligger i Hjelmeland kommune i Rogaland og omfatter bygging av tunnel med tilstøtende veg for å sikre strekningen mot skred. Strekningen har høy skredfaktor.» Prosjektet er lagt inn med 800 mill i middels ramme i perioden 2024-2029. «Rv 13 Lovraeidet Rødsliane Prosjektet ligger i Suldal kommune i Rogaland og omfatter bygging av tunnel med tilstøtende veg for å sikre strekningen mot skred. Strekningen har høy skredfaktor.» Prosjektet er lagt inn med 760 mill i basisramme i perioden 2024-2029.
«Rv 13 Øvre Lonevatn Prosjektet ligger i Odda kommune i Hordaland og omfatter bygging av overbygg for å sikre flere punkter mot skred. Strekningen har høy skredfaktor.» Prosjektet er lagt inn med 120 mill i middels ramme i perioden 2024-2029. Ryfylke IKS si vurdering av framlegget: Samanhengande utgreiing, planlegging og utbygging er eit fokusområde i ny NTP og vil gje større muligheter for effektiv gjennomføring og betre plankvalitet. Meir samanhengande utgreiing, planlegging og utbygging vil gje reduserte kostnadar både hos markedsaktørane og hos utbyggjar. Prosjektkostnadene vil samla bli lågare. I tillegg vil redusert gjennomføringstid gje tidligare nytte av investeringene for samfunnet. Transportetatene vil halda fram med å samle mindre prosjekt og tiltak i større pakkar der det er føremålstenleg, for å effektivisera detaljplanlegging og gjennomføring. Det er gledeleg at 3 av dei prosjekta som Ryfylkerådet har prioritert høgt er omtalte og har fått løyvingar i forslaget til ny NTP. Omtalen vedr. Årdalstunell tek utgangspunkt i kort tunell, og er soleis ikkje i samsvar med Ryfylkerådet, og Rogaland fylke, sitt ynskje. Skal ein få realisert ynskjet om lang tunell, inneber det at ein må kombinera bruk av rassikringsmidlar og ordinere veginvesteringsmidlar. Det inneber nok og at prosjektet vert utsett noko i tid. Alle tre prosjekta er plasserte i siste planperiode, 2024-2029. Dette er ikkje tilfredsstillande. Alle 3 prosjekta er mellom dei mest rasutsette strekningane på Vestlandet, om ein legg Vegvesenet sine vurderingar til grunn. Særleg gjeld dette Rødsliane i Suldal. Også Rogaland fylkeskommune ved fylkesordførar har understreka at desse prosjekta må prioriterast og signalisert at det kan verta aktuelt med fylkeskommunal forskotering til utbetring av Rødsliane, når reguleringsplan ligg føre. Ryfylkerådet må i høyringsrunden gjenta tidlegare vedtekne prioriteringar. Desse prioriteringane er også i tråd med IS Fjordvegen sine prioriteringar. Vurdering og konklusjon Rådmannen legg saksframlegget til Ryfylke IKS og vedtaket i Ryfylkerådet til grunn i denne saka. Riksveg 13 er livsnerva gjennom Ryfylke. Av den grunn er den ei viktig sak for alle Ryfylkekommunane. Gjennom felles uttalar kan ein samla større tyngde for våre prioriteringar. Rådmannen deler Ryfylke IKS sine vurderingar av framlegget og rår til at Suldal kommune sin uttale er identisk med Ryfylkerådet sin uttale. Også vegen til Haugesund er viktig for Suldal. Kommunen ynskjer difor at det skal bli raskare
gjennomføring av prosjektet Solheim (Skjold) Bakka (Etne) som er del av E134. Prosjektet er kome svært langt i planlegginga. Gjennomføring av deler av dette prosjektet, strekninga Skjold Ølen, vil korta vegen til Haugesund for Suldal. Formannskapet - 021/16 F - handsaming: Forslag frå Endre Kvæstad, SP: nytt punkt 1: RV 13 Stavanger - Håra, "Ryfylkediagonalen" må løftast fram og oppgraderast.ein Ryfylkediagonal med god vegstandard vil gjere sitt til ei etterlengta utvikling av Ryfylkeregionen, både for busetjing og næringsliv, inkludert reiselivsnæringa. Samrøystes Innstilling med forslag frå Endre Kvæstad, SP Samrøystes F: vedtak For å sikra framtidig busetjing, utvikling og tryggleik i Ryfylke, er det viktig at Rogaland fylkeskommune tek Suldal kommune sine synspunkt inn i fylkeskommunen sine merknadar til planen: 1. RV 13 Stavanger - Håra, "Ryfylkediagonalen" må løftast fram og oppgraderast.ein Ryfylkediagonal med god vegstandard vil gjere sitt til ei etterlengta utvikling av Ryfylkeregionen, både for busetjing og næringsliv, inkludert reiselivsnæringa. 2. Skal det vera mogeleg å ivareta nødvendig vedlikehald og investeringar på riks- og fylkesvegar, nødvendige utbetringar og ikkje minst rassikring, må det arbeidast for at løyvingane minst vert i tråd med det som er skissert under «høg ramme». 3. Planen må konkret prioritera rassikring og utbetringar langs RV 13, særleg gjeld dette strekninga mellom Erfjord og Sand i Suldal. Det er ikkje tilfredsstillande at prosjektet Lovraeidet Rødsliane, er føreslått gjennomført tidlegast i perioden 2024-2029. Prosjektet må flyttast fram til første 4-års periode. 4. RV 13 Brattlandsdalen, mellom Nesflaten og Røldal, som er ein felles arbeidsmarknad, er i dag ein av dei vegstrekningane som oftast vert stengd av ras vinterstid. Dette har store konsekvensar for transportnæring, reiseliv og pendlarar også i Ryfylke/Rogaland. Det er positivt at rassikring i Brattlandsdalen er teke med i framlegg til ny NTP, men prosjektet må prioriterast fram i tid. 5. Omtalen av Årdalstunell i planframlegget tek utgangspunkt i kort tunell, og er soleis ikkje i samsvar med Ryfylkerådet, og Rogaland fylke, sine krav om lang tunell. Realisering av lang tunell inneber at ein må kombinera bruk av rassikringsmidlar og ordinere veginvesteringsmidlar, som igjen kan føra til at prosjektet vert utsett noko i
tid. Ryfylkerådet står likevel fast på kravet om lang Årdalstunell og meiner at gjennomføring i perioden 2022-2023 er realistisk. 6. Ved opning av Ryfast-tunellane vil trafikken gjennom Tau auka og ein må utgreia meir trafikksikre trasèar. 7. Alternative kostnadseffektive fjordkryssingar må få meir fokus. 8. Vidare satsing og prioriteringar av Nasjonal Turistveg, er viktig for Ryfylke. 9. Vidare planlegging/prosjektering av E-134 som hovudtrasè aust-vest må leggja til grunn at «arm mot Bergen» skal vera ein del av prosjektet. Fullført utbygging E 134 mellom Ølen og Haugesund må skyvast fram. Dette gjeld særleg strekninga Skjold Ølen (Solheim-Bakka prosjektet) 10. Fylkeskommunen må stø opp om vidare arbeid for å realisera høgfartsbane over Haukeli, og at dette skjer utanfor planen sine økonomiske rammer.
Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Turid Vaage K1-033 08/549 Saksnr Utval Type Dato 033/16 Kommunestyret PS 10.05.2016 Val av styre for Suldal elverk KF 2016-2017 Rådmannen si innstilling Leiar: Hans Eide Helland (attval 2 år) Styremedlem: Harald Halvorsen Løland (attval 1 år) Styremedlem: Berit Vestersjø (attval 2 år) Varamedlem 1: Kjell Egil Sandvik (1 år attval) Varamedlem 2: Arild Vaage (1 år attval) Sand, 09.05.2016 Gerd Helen Bø ordførar
Saksopplysningar: Fakta Suldal Elverk KF er ein del av kommunen som kommunestyret har bestemt skal organiserast som kommunalt føretak (KF), jf. kommunelova 61. Suldal Elverk KF har ikkje generalforsamling. Det er kommunestyret som vel styre og fastset vedtektene for føretaket. Styret skal ha 5 medlem pr dags dato, der eitt blir valde av dei tilsette. Kommunestyret vel dei resterande 4, og blant dei leiar og nestleiar. For val av styremedlem til kommunale føretak gjeld reglane i kommunelova om val av kommunale nemnder. Det betyr mellom anna følgjande: Blant dei 4 styremedlemma som kommunestyret vel skal det vere 40 % av kvart kjønn. Kommunestyret kan samrøystes velje styremedlem (avtaleval). Røyster ein eller fleire imot forslaget, skal valet haldast som forholdstalsval (listeval). Kommunestyret skal velje sine 4 styremedlem for to år om gongen. Det skal haldast val kvart år i samband med handsaming av årsmelding og rekneskap. Det året det skal veljast styreleiar, skal i tillegg eitt styremedlem veljast. Dei mellomliggjande åra skal nestleiar og eitt styremedlem veljast. Kvart år skal det veljast to varamedlem. Grunna vedtektsendring i fjor står fem personar på val, men ein blir valt for eitt år. Styret består i dag av: Hans Eide Helland, leiar Nina Østebø, nestleiar Harald H. Løland Berit Vestersjø Varamedlem for kommunestyret sine styremedlem er i rekkefølgje: 1. Kjell Egil Sandvik 2. Arild Vaage Lover, føresegner, rundskriv Kommunelova 11 Kommunelova 35-38 Vedtekter for Suldal Elverk, sist revidert 19.05.2016 Vurdering og konklusjon Hans Eide Helland, Harald Halvorsen Løland og Berit Vestersjø er på val. Kjell Egil Sandvik og Arild Vaage er på val. Alle har sagt ja til attval.