Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015



Like dokumenter
Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Sandeid skule SFO Årsplan

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Velkommen til foreldremøte

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

10/60-14/N-211//AMS

Barnehageplan for Vinje kommune

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Øystese barneskule April - 08

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

BIGSET BARNEHAGE. -omsorg gjennom latter, leik og læring

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Årsplan Trollongane barnehage. Time kommune

Velkomen til Mork barnehage

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Bærekraftig utvikling

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Tema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar.

Du må tru det for å sjå det

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Kvalitetsplan mot mobbing

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Plan for overgangar. for barn og unge

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn.

Årsplan Hvittingfoss barnehage

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Informasjon til foreldre

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Plan for Liabygda SFO

Til deg som bur i fosterheim år

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

NÆRLANDPARKEN BARNEHAGE

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

INFOHEFTE ASKEDALEN BARNEHAGE AS

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Bjørnehiet SFO - informasjon

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Transkript:

Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015 Innhald: 1. Visjon 2. Satsingsområde 3. Kompetanseutvikling 4. Oversikt over innhaldet i barnehageåret 2012/2013 5. Avdelingane 6. Vil du vite meir? 7. Samarbeid med heimen

Innleiing Barnehagane i Vestnes har delt årsplanen i to delar. Ei langtidsplan, kalla utviklingsplan for alle kommunale barnehagane i Vestnes, som gjeld for fire år og ei årsplan for det gjeldande barnehageåret. Årsplanen inneheldt Helland barnehage sine særtrekk og verdiar. Årsplanen har som funksjon å vere arbeidsreiskap for barnehagepersonalet for å styre verksemda i ei bevisst og uttalt retning, og den er utgangspunkt for foreldra til å kunne påverke innhaldet i barnehagen. Den er grunnlag for kommunale tilsyn med barnehagen, og den gir informasjon om det pedagogiske arbeidet i barnehagen til eigaren, politikarane, kommunen, samarbeidspartar og andre interesserte. 1. Visjon: lyst på læring Vi vil arbeide for at barnehagen skal ha eit godt læringsmiljø, vere ein lærande organisasjon. Da må vi ha eit miljø der barn og vaksne kjenner på tryggleik, omsorg, trivsel, og der det er tid til gode opplevingar og samtalar. Som pedagogisk samfunnsinstitusjon må barnehagen vere i endring og utvikling. Barnehagen skal vere ein lærande organisasjon, slik at han er rusta til å møte nye krav og utfordringar. Kvalitetsutviklinga i barnehagen inneber ei stadig utvikling av kompetanse til personalet. (Rammeplanen s. 21) Barn er nysgjerrige, kunnskapstørste og lærelystne. Det skal barnehagen støtte opp under og slik gi eit godt grunnlag for livslang læring og danning. Læring om seg sjølv, om andre menneske, om samspel og om den fysiske verda omkring er prosessar som er med på å skape meining for barna. (Rammeplanen s. 33) 2. Satsingsområde 2.1. Fokusområde. Fokusområde i år vert: Vaksenrolla i inkluderande leik Ut ifrå standardane skal kvar avdeling jobbe fram sin beste praksis. Kvaliteten i inkluderande leik er god når den vaksne: - Inspirerer til leik - Legg til rette for eit godt leikefellesskap. - Er engasjert og ein aktiv rettleiar i barna sin leik. - Tilrettelegg det fysiske miljøet. - Har kunnskap om leik og leikens betydning. 2.2. Danning Danning er ein prosess som føregjeng i kvar enkelt, målet vårt er å skape eit dannande miljø. Dialog og refleksjon er ein føresetnad for danning, møte med den andre og det gjensidige i forholdet vil gi oss eit dannande miljø. Undring er ein del av barns måte å vere i verda på, bli opptatt her og no utan noko mål. Å undre seg med barn representerer ein del av danningsprosessen for barn. 2.3. Barns medverknad. For å få til god læring er kvaliteten på relasjonane mellom barn og vaksne avgjerande, og i samband med gode relasjonar arbeider vi kontinuerlig med barns medverknad. Danning og medverknad er knytt saman. Medverknad handlar om danning til demokrati. 1

Kor omfattande medverknaden er, og korleis retten til medverknad blir praktisert, er avhengig av alder og funksjonsnivå. Barn må både få oppleve tilknyting og fellesskap og kjenne at dei kan bestemme sjølve og uttrykkje eigne intensjonar. Barn må støttast til å leve seg inn i andre sin situasjon og til å ta omsyn til andre. Rammeplanen s. 18. 2.4. Sosial kompetanse og leik. Vi legg vekt på barnehagen som ein god stad for leik og venskap. Barna må få høve til å leike utan å bli avbrotne, få høve til å konsentrere seg og fordjupe seg. Dei må og lære å komme inn i andre sin leik på ein god måte. Sosial kompetanse og venskap heng godt i hop, og er eit viktig kompetansemål for barnehagen. 2.5. Språkstimulering og språkutvikling. Vi følgjer Plan for kvalitetssikring av språkstimulering for barn i førskulealder i Vestnes kommune. Som blant anna fortel om korleis tilrettelegging for god språkutvikling skal vere, handlingsplan for normal språkutvikling og språklydutvikling. For å oppdage språkforsinkelse i førskulealder tidleg nok, brukar vi TRAS (observasjon av språket i dagleg samspel). Det er pedagogisk personale som har ansvar for utfyllinga av TRAS- observasjon, som bygger på observasjonar og refleksjonar der også andre ansatte har deltatt. Det er gjennom de daglege aktivitetane i barnehagen dei ansatte observerer og hjelper barnet vidare med det dei har utfordringar på.. 2.6. Ein god overgang mellom barnehage og skule. Kvar storbarnsavdeling har sin klubb (5/6 års klubb), for dei som skal starte på skulen hausten 2014. Eigen halvårsplan blir sendt ut med oversikt over innhaldet. Arbeidet i klubbane blir dokumentert i barnehagepermen som barna får utdelt på sommaravslutninga. Personalet med ansvar for klubben skriv eigen dokumentasjon over innhald og vurdering til felles innsyn. 2.7. Refleksjonsgruppe Vi vil bruke ein rettleiingsmetode for å kome fram til korleis avdelinga skal jobbe for å tilrettelegge slik at læringssituasjonen på avdelinga blir best mogleg. Det er satt opp grupper på tvers av avdelingane med faste møtetider på kveldstid. 3. Kompetanseutvikling 3.1. Fokusområde. Vestnes kommune starta eit felles utviklingsprosjekt i 2009, for å auke kvaliteten i barnehagane. Vi skal arbeide vidare og følgje opp utviklingsarbeidet med vekt på leiar- og kompetanseutvikling. Målet er tryggare og tydelege leiarar og meir samspelt og kompetent personale. Personalet vil reflektere over grunnlaget for den vidare kvalitetsutviklinga, og løfte fram suksessane etter kvart fokusområde. 3.2. Spenningsfeltet mellom den ordinære opplæringa og det spesialpedagogiske tilbodet. Nytt prosjekt i samarbeid med Rauma kommune (VeRa). Vi skal jobbe i refleksjonsgruppe. Det handlar om korleis vi kan tilpasse opplæringa i barnehagen på best mogleg måte for dei som treng noko ekstra. Forsking viser at det som nyttar mest er små daglege drypp av for eksempel språkstimulering, ikkje berre enkelttimar nokre få gonger i veka. Ped.leiarane har fått opplæring i ein rettleiingsmetode og dei skal vere gruppeleiar i sine refleksjonsgruppe. Målet er å få nye blikk på utfordringane vi opplever på avdelingane. 2

3.4. Studie/planleggingsdagar Vi skal ha 5 studie/planleggingsdagar i året. Desse blir nytta til pedagogisk arbeid, eller til kompetanseheving i form av eksterne kurs. Vi legg studiedagane våre til tider der også skulen har stengt. Vi har to studiedagar i august (15. og 16. aug., same tid som SFO) før vi startar med tilvenning av nye barn. Ein studiedag i haustferien, ein første arbeidsdag i januar, og den siste etter at skulen har tatt sommarferie i juni. 4. Oversikt over innhaldet i barnehageåret 2013/14 4.1. Tema, høgtider og tradisjonar Månad Tema Høgtider og tradisjonar August Meg sjølv Tilvenning: veke 33-34-35-36 September Brannvern Foreldremøte, foreldresamtalar. Oktober November Desember Haust Lyd Vinter og jul Haustfest, vi inviterer foreldra på haustsuppe. Julegrantenning, nissemarsj og nissegraut: 1. des. Luciatog med dei eldste barna: 13. des. Førjulsgudsteneste i Vestnes kyrkje for dei eldste barna. Januar Februar Mars April Mai Juni Juli Samane Karneval og fastelavn Påske og vår Lyd Brannvern 17. mai Kr.himmelfart og pinse Sommar Ruskenaksjonen, vi ryddar i områda rundt barnehagen før 17. mai. 17. mai markering, vi øver oss på å gå i tog og synge nasjonalsongen. Dei eldste har markering av Kr. Himmelfart og pinse med besøk til kyrkja. Brukarundersøking Fotografering Sommarfest, med særleg markering av 6 åringane. Sankthansfeiring, 6 åringane i Fantetog til Sjukeheimen. 4.2. Turar og utetid Vanlege turmål: Barnehageskogen, Kråkneset, gamle Idrettsplassen, Idrettsparken, Idrettshallen, fast turløype med stoppestad og nærmiljøet. Utetid i barnehagen, den tida barna er ute på uteområdet rundt barnehagen. Vanlegvis er småbarn ute før lunsj og storbarn etter lunsj. På sommartid er barna ute store deler av dagen. Vi ønskjer å gi barna gode oppleveringar ute. Gleda ved å vere ute startar med riktige og gode kle. Barn trives i kler som gir dei høve til å utfolde seg så fritt som mulig i leik og andre aktivitetar, er tilpassa vær og temperaturforhold og hindrar fukt, kulde og gir god ventilasjon. 4.3. Kosthald. Vi vil bidra til at barna tilegnar seg gode vanar, haldningar og kunnskapar når det gjeld kosthald, hygiene, aktivitet og kvile. Vi har variert og sunn mat/drikke i barnehagen. Vi har fast rutine for handvask når barna kjem om morgonen og før kvart måltid. Rutine for tannpuss etter frukost. Barna har muligheit til kvile om dei måtte ønskje det eller etter avtale med foreldre. 3

4.4. Snakkepakken. Snakkepakken er eit pedagogisk verktøy som blir brukt i samling og språkgruppe. Har til formål å støtte alle barna sine språkutvikling uansett dugleik og morsmål. Består av konkrete materiale og veiledingshefte. 4.5. Felles dagsrytme tidspunkt Innhald Kl. 06.45 Barnehagen opnar Kl. 08.30 09.00 Frukost Kl. 09.00 Tannpuss Kl. 10.00 Styrte aktivitetar/ frileik ute/inne Kl. 11.30 Lunsj Kl. 12.30 Inne/ute aktivitetar/kvile/soving Kl. 14.30 Lett måltid (frukt og grønt) Kl. 15.00 Ute/ inne leik Kl. 16.15 Klargjering og rydding Kl. 16.30 Barnehagen stenger, alle barna skal vere henta innan kl. 16.30 5. Avdelingane 5.1. Havhesten Småbarnsavdeling på Helland Nedre. Tlf. Havhesten: 71 18 42 98 E- post Havhesten: helland.barnehage.havhesten@vestnes.kommune.no 5.2. Sjøstjerna Utvida storbarnsavdeling på Helland Nedre. Tlf. Sjøstjerna: 71 18 42 94 E- post Sjøstjerna: helland.barnehage.sjostjerna@vestnes.kommune.no 5.3. Kråkebollen Småbarnsavdeling på Helland Nedre. Tlf. Kråkebollen: 71 18 42 96 E- post Kråkebollen: helland.barnehage.krakebollen@vestnes.kommune.no 5.4. Blekkspruten Storbarnsavdeling på Helland Nedre. Tlf. Blekkspruten: 71 18 42 97 E- post Blekkspruten: helland.barnehage.blekkspruten@vestnes.kommune.no 5.5. Kanutten Storbarnsavdeling på Helland Øvre. Tlf. Kanutten: 71 18 41 19 E- post Kanutten: helland.barnehage.kanutten@vestnes.kommune.no 5.6. Knerten Storbarnsavdeling på Helland Øvre. Tlf. Knerten: 71 18 41 17 E- post Knerten: helland.barnehage.knerten@vestnes.kommune.no 4

5.7. Nøtteliten Småbarnsavdeling på Helland Øvre. Tlf. Nøtteliten: 71 18 41 18 E- post Nøtteliten: helland.barnehage.notteliten@vestnes.kommune.no 5.7. Driftsleiar Liv Hilde Storås Tlf. kontor Øvre: 71 18 41 16 E- post: liv.hilde.storaas@vestnes.kommune.no 5.8. Ass. Styrar Randi Beate Kleive Bredeli Tlf. kontor Nedre: 71 18 42 95 E- post: helland.barnehage2@vestnes.kommune.no 6 Samarbeid med heimen 6.1. Foreldrerådet Foreldrerådet består av foreldre/føresette til alle barna og skal fremme deira fellesinteresse og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø. 6.2. Foreldrekontakt. Kvar avdeling har sin eigen foreldrekontakt, som foreldra kan ta kontakt med om det er noko dei ønskjer å ta opp. På vekeplan og heimeside vil de finne telefonnummer og mail adresse til foreldrekontakta. Kvar haust er det val av nye foreldrekontakt. Deira oppgåve er å videreformidle innspel frå foreldra til samarbeidsutvalet (foreldrerepresentantane i samarbeidsutvalet), eller ledelsen i barnehagen. Foreldrekontaktperioden er 2 år pr. avdeling. 6.3. Samarbeidsutvalet. Ein Foreldrekontakt frå Øvre og ein frå Nedre er representert i samarbeidsutvalet ilag med driftsleiar, representantar frå barnehagen og barnehageeigar (valt av kommunestyre). I samarbeidsutvalet blir blant anna saker som foreldra/føresette har tatt opp med foreldrekontaktane lagt fram. 6.4. Brukarundersøking. Vi har kvart år ei brukarundersøking, der foreldra kjem med si vurdering av innhaldet til barnehagen anonymt. Denne vurderinga blir ein del av utgangspunktet for vidare arbeid med planlegging av innhaldet i barnehagen. Vi sender ut ei høyring til foreldra om avvikling av sommarferie med svarfrist 15. mars. Ifølgje dei kommunale retningslinjene skal barna ha fire samanhengande ferieveke innanfor gitte veke, dei aller fleste vel dei tre siste i juli og første veka i august. Personalet blir også satt inn i ferie i løpet av desse vekene. 6.5. Dagleg kontakt. Ved hente og bringe- situasjonane. Det daglege samarbeidet mellom heimen og barnehagen må byggje på gjensidig openheit og tillit. Foreldra må kunne stole på at dei kan ta opp det som er viktig for dei som har med barnet og barnehagen å gjere, sjølv om det skulle innebere kritikk. Foreldra må bli gjort kjende med den generelle teieplikta og den spesielle opplysningsplikta personalet har i forhold til barneverntenesta. Rammeplanen s. 20. 5

6.6. Foreldresamtalar Ein avtalt samtale mellom foreldre og ped.leiar for avdelinga der det blir tatt opp spørsmål som er knytt til trivsel og utvikling. Alle får tilbod om to foreldresamtalar i løpet av barnehageåret. Har foreldra behov for fleire avtalte samtalar tek kvar enkelt kontakt med ped.leiar på eiga avdeling. 7 Vil du vite meir? 7.1. Heimeside Gå inn på Vestnes kommune sin heimeside, under: barnehage. Vel kommunale barnehagar, Helland barnehage. Her finn de meir informasjon og aktuelle tema frå Helland barnehage og kvar enkelt avdeling. 7.2. Relaterte planar Lov om barnehage Rammeplanen Utviklingsplan 2012/2015. Halvårsplan for hausten 2013 til personale. Lokal plan for samarbeid og samanheng mellom barnehage og skule. Plan for kvalitetssikring av språkstimulering for barn i førskulealder i Vestnes kommune. Fokusområde og beste praksis frå kvar avdeling. Halvårsplan for 5 årsklubb haust 2013 og 6 årsklubb våren 2014 6