Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her vert det mogleg for ungdommen å presentere det dei har arbeidd med av ulike entreprenørskapsprosjekt gjennom skuleåret. Det vere seg elevbedrifter, designprosjekt, eller lokalsamfunnsprosjekt. Bedrifter og organisasjonar får høve til å presentere bedrifta eller laget sitt for ungdomen. Det vert og premiering i ulike klassar. Ved årets messe vert desse klassane aktuelle: Grunnskule: Beste elevbedrift Beste designprosjekt Beste lokalsamfunnsprosjekt Beste idè Beste gründercampløysing For at det skal vere oversiktleg har vi laga to ulike påmeldingsskjema, eit for elevbedrifter og andre utstillarar og eit for besøkande/kurs. Frist for å melde seg på er 2.mars 2012. Påmelding skular/kurs: http://uesf.no/index.php?option=com_bfsurvey_pro&view=onepage&catid=20&itemid=35 Påmelding elevbedrifter: http://uesf.no/index.php?option=com_bfsurvey_pro&view=onepage&catid=19&itemid=34 Om skulane ikkje har prosjekt dei ynskjer å vise fram er dei inviterte som gjester og kan besøke utstilingane og delta på dei ulike kursa og konkurransane som går i løpet av dagen. Det vert arrangert ulike kurs for elevane denne dagen. Kvart kurs varer om lag ein klokketime. Det skal nyttast same skjema som ovanfor til påmelding. Det er lurt og vere tidleg ute ved bestilling av kurs då det kan bli fort fullt på nokre av kursa. Messa vet arrangert i samarbeid med Naustdal Barne og ungdomsskule. Det er ikkje kostnadar ved å delta på messa, men skulane må ordne transport sjølve. For eventuelle reisetilskot ta kontakt med jorn.helgheim@ue.no.
PROGRAM 09.00 10.00 Registrering og klargjering av stand på messeområdet. * Stand vil bli tildelt ved registrering av bedrifta. 10.00-10.30 Opning av Entreprenørskap Sunnfjord 2011 10.30 Utstillingane opnar. Kantina opnar. Det vert høve til å kjøpe enkel lunsj. Nistepakke er lov å ta med. 10.30 Fagkursa startar. Kurs 1, 2, 3 og 4. For dei andre er det mogleg å delta på Rebusløype eller Kreativitetsløype. 12.00 Fagkurs 5, 6, 7 og 8. For dei andre er det mogleg å delta på Rebusløype eller Kreativitetsløype 13.00 Utstillingane stengjer. Alle er ansvarleg for å rydde sine standar. 13.15 13.45 Kåring av vinnarar i dei ulike klassane. Trekking av premiar på Rebusløype og Kreativitetsløype. Vel heim! * Vi tek atterhald om evt. endringar i programmet. VI GJER MERKSAM PÅ AT OPPDATERINGAR OG ENDRINGAR AV PROGRAMMET KAN KOMME SÅ VI OPPMODAR ALLE OM Å FØLGJE MED PÅ E-POST OG VÅRE NETTSIDER FRAM I MOT MESSA! http://sogn-og-fjordane.ue.no
Stand Utstilling av bedriftene Når de kjem til messa må de registrere dykk i sekretariatet. Der er det og messevertar som vil hjelpe dykk på plass og hjelpe dykk med praktiske problem som måtte oppstå. Kvar bedrift som deltar på messa vil bli tildelt ein stand, ein stad der dei kan vise fram bedriftene eller prosjekta sine. Det vert ikkje sett opp vanleg messeveggar, men ein vil tilpasse plassen alt etter kva behov dei ulike utstillarane har. Det er difor viktig at alle som vil stille ut melder tilbake kva dei treng av plass. Vi ynskjer tilbakemelding på om de treng bordplass, veggplass, straum eller anna. Kan vere lurt å ta med ein skøyteleidning om de treng straum. Det er viktig at de planlegg dette nøye på førehand slik at det går fort å få opp utstillingane. ~ ~ Dersom det er informasjon som er uklår eller dersom dykk har spørsmål er det berre å ta kontakt. I tida fram mot messa arbeidar vi med å kvalitetssikre messa for å gjere dette til ei positiv oppleving for dykk som arbeidar med elevbedrifter og entreprenørskap i grunnskulen. Veit de om prosjekt som hadde vore fine å stille ut er det kjekt å få tips om desse. Meir informasjon vert sendt ut etter at påmeldingsfristen har gått ut, så difor er det viktig at dykk følgjer nøye med på både e-post og våre nettsider. I tillegg til informasjon vil det også ligge ulike tips på heimesida vår, som kan vere nyttig å lese med tanke på utstilling, stand og presentasjonar under messa. Vi ber dei som skal delta i konkurransane om å lese konkurransekriteria nøye. Vedlegg 2. Dette må gjerast for at ein skal få med alt materiell / beskrivingar som er viktige å få sendt inn i samband med konkurransane. Spørsmål rettast til Jørn Helgheim på e-post: jorn.helgheim@ue.no eller på 47 34 89 51. ~ ~ Helsing frå Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane
Vedlegg 1. Påmelding til kurs. Vi ynskjer å tilby elevane eit fagleg utbytte av besøket på messa og inviterer difor til kurs. Kursa varer i inntil ein klokketime og vert arrangert i ulike klasserom på skulen. Fylgjande kurs vet sett opp. Kl.10.30 11.30 1. Kreative øvingar - ved Ungt Entreprenørskap 2. Kraftskulen/quiz ved Sunnfjord Energi 3. Personleg økonomi ved Sparebanken Sogn og Fjordane 4. Bygg og Konstruksjon - ved opplæringskontoret for byggfag Kl. 12.00 13.00 5. Kreative øvingar - ved Ungt Entreprenørskap 6. Kraftskulen/quiz ved Sunnfjord Energi 7. Personleg økonomi ved Sparebanken Sogn og Fjordane 8. Bygg og Konstruksjon - ved opplæringskontoret for byggfag Opplæringskontoret for hotell og matfag er saman med elevar frå Øyrane vgs til stades med stand der elevane kan hente informasjon om dette faget. Påmelding Det er høve for elevane å melde seg på eit kurs kvar. I utgangspunktet er det ikkje plass til alle elevane som kjem på alle kursa. Om det vert stor pågang på einskilde kurs, skal vi prøve å tilpasse slik at flest mogleg å vere med. Nytt påmeldingsskjema som ligg på framsida i invitasjonen. Viktig at lærarane føl elevane sine på plass og ser etter at alle er der dei skal vere.
Vedlegg 2 Konkurransekriterium. Dokumentasjon av punkta nedanfor vert ein del av den totale vurderinga i klassa Beste Elevbedrift/design/lokalsamfunnsprosjekt/ide. I tillegg vert ein vurdert på utstilling(stand), og heilskapsinntrykket av elevbedrifta. Beste elevbedrift - beskriv korleis bedrifta har marknadsført seg - ei beskriving av produktet/tenesta til elevbedrifta - ei beskrivinga av korleis ein kom fram til produktet/tenesta - økonomisk oppstilling-budsjett-rekneskap Beste designprosjekt - det totale inntrykket av designa - samansetjing av form og farge - at det er nyskapande og kreativt Beste lokalsamfunnsprosjekt - at prosjektet tek utgangspunkt i lokalsamfunnet - at prosjektet er nytenkjande - at prosjektet kjem innbyggjarane til nytte Beste ide. - at ideen er innovativ og nyskapande - at ideen er mogleg å gjennomføre - beskriving av korleis ein har kome fram til ideen Beste gründercampløysing - at løysinga ligg godt opp til arbeidsoppdraget/problemet - at ideen er innovativ og realiserbar - ein god presentasjon