Periodeplan. Solsikkene. Oktober 2015- februar 2016. Øyra barnehage.



Like dokumenter
Periodeplan Kvistveis

Periodeplan. Kvitveisane. Oktober2014- januar Øyra barnehage

Periodeplan. Solsikkene. Februar- juni Øyra barnehage.

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Periodeplan. Solsikke. Øyra Barnehage. Oktober 2015 Februar 2016

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Velkomen til Mork barnehage

Månadsplan for Hare November

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Periodeplan. Kvitveis. Våren Øyra barnehage

Månadsbrev for Rosa september 2014

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Sandeid skule SFO Årsplan

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

«Ny Giv» med gjetarhund

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Tema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar.

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Informasjonshefte Tuv barnehage

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Brødsbrytelsen - Nattverden

mmm...med SMAK på timeplanen

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Minnebok. Minnebok NYNORSK

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

ÅRSPLAN FOR TUETEIGEN BARNEHAGE

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

INFOHEFTE ASKEDALEN BARNEHAGE AS

Du kan kontakte oss på denne måten: Askedalen barnehage Askedalen Leikanger.

Periodeplan for Solsikkene. August 2014-Februar 2015

BIGSET BARNEHAGE. -omsorg gjennom latter, leik og læring

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel.

Plan for Liabygda SFO

LUNDE OG ONARHEIM BARNEHAGE 2015/ En god start på livet

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Klepp kommune Tu skule

Hei alle sjøstjerneforeldre

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

PROGRESJONSPLAN FOR ROGNE BARNEHAGE

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

INFORMASJON om førestellinga:

Øystese barneskule April - 08

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Månadsplan oktober. Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag. GRUPPEDAG TARZAN MATTEDAG Måling. (etter frukost) Ansvar: Else J.

Velkommen til Breidablikk kulturbarnehage og til barnehageåret 2014/2015!

Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

VENNEBUSSEN Vennebussen Skavøypoll barnehage Skavøypoll barnehage

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Plassebakken Barnehage

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Plan for overgangar. for barn og unge

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

ÅRSPLAN 2016/17 HYLESTAD OG VALLE BARNEHAGE

Transkript:

Periodeplan Solsikkene Oktober 2015- februar 2016 Øyra barnehage. 1

Velkommen til eit nytt barnehage år Då står eit nytt barnehage år for tur og vi gler oss til nye utfordringar saman med borna dykkar! Til no har vi nytta hausten til å kome inn i rutine igjen og til å bli kjent med nye born og vaksne, både på solsikkegruppa og på storbarnsbasen. I vår jobba vi med venskap, dette ynskjer vi å fortsette å ha fokus på i tillegg til ulikskap som ressurs. Vi er alle ulike og har våre styrke og ting vi meistrar betre enn andre ting. Dette ynskjer vi å setje fokus på og at borna kan nytte kvarandre i kvardagssituasjonar og vere meir sjølvhjelpte. For eksempel i garderobesituasjonen under påkledning der nokon born meistrar å få strikken under skoen/støvelen, medan andre born meistrar å glide igjen jakka, eller under måltid når det gjeld å smøre på skiva eller helle mjølk i koppen. Etter kvart som vi jobbar med prosjekt kan vi nytte borna sine styrkje med skriving, bygging, song og liknande. Vi har til no delt oss i mindre grupper der vi har hatt samling, snakka om venskap og kjensler, «kva er ein ven og korleis er vi ein ven for andre?». Borna har ein livleg fantasi og har mange historier om monster, troll, spøkelse og gruffalo. Vi har tatt utgangspunkt i borna sine historier å difor valt å jobbe med følelsen redd og det å vere modig. Vi har teikna å vere redd, dramatisert å vere redd, lest historier og gått på gruffalo-jakt i lærarskuleskogen. Borna har også lagt merke til endringane som skjer i naturen no når det går mot haust og andre er veldig opptatt av gravmaskiner og romskip. «På veg» I år har vi eit felles tema for heile barnehagen på prosjektarbeidet vårt, det er «På veg». Dette romar mykje og det er opp til kvar enkelt gruppe av born og vaksne å tolke det og velje si retning på prosjektet. Vi skal fylgje borna sine interesser og prosjektet skal ende opp i ein skulptur eller liknande til våren. Då skal vi ha eit arrangement for foreldra å presentere prosjektet og vegen fram til resultatet (dette får de meir informasjon om etter nytt år). I Reggio Emilia inspirert arbeid er det ikkje sluttresultatet som er det viktigaste, men vegen fram mot målet, dei prosessane borna er igjennom og dei erfaringane dei gjer seg undervegs. 2

Gruppa vår. Vi er 14 born på gruppa, 8 jenter og 6 gutar: Andrea, Solveig, Theodor, Jonah, Kine, Aleksandra, Selena, Felix, Diana, Abdulahi, Mathias, Isak, Sara, Nora Helen. Dei vaksne på gruppa er: Line, Pedagogisk leiar for Solsikkene og baseleiar på storbarn Annelin, assistent Luul, assistent Vikarar de vil møte på er Randi Elise som de kjenner frå før, samt Laura og Arnstein som er ny hjå oss frå i haust av. Hanne-Marit er fast vikar, henne vil de møte måndag, tysdag og fredagar. Musikk, dans og drama Borna er glade i song og dans. Vi tek tak i songpermen vår frå i fjor, syng kjente songar og lærar oss nye. For dei som ikkje veit det er Luul frå Somalia. Ho byrja i fjor å lære oss ein song som heiter «Noa». Denne skal Luul fortsette å synge for oss og vi har som mål å lære oss den, i vertfall delar av den. Vi skal ha song og dansesamling ein gong pr. veke. Det vert livleg når vi syng songar som vi kan danse og sleppe oss lause til. Då dansar og syng vi til songar som bl.a. «Boogie Boogie», «Barna`s blues» «hovud, skulder, kne og tå» og det er full liv og rørsle i desse samlingane! Igjennom dramatisering skal borna få kjennskap til ulike eventyr og forteljingar. I barnemøter og samling skal vi nytte boka om «Waldemar er aleine» og «rett og galt». Eventyr vi ynskjer at borna skal få kjennskap til dette halvåret er ulike eventyr om Oskeladden, vi fortset også med det kjente og kjære eventyret om 3

«Dei tre Bukkane Bruse». Vi tek også med oss situasjonar frå kvardagen og dramatiserer desse for og saman med borna. Dette ynskjer vi å gjere for å få borna til å reflektere over situasjonar dei kjem opp i eller for å førebu borna til ein liknande situasjon. Drama og rolleleik er også ein fin situasjon for borna å leve ut tankar, erfaringar og teoriar dei har igjennom leik. Rolleleik og dramatisering er med på å utvikle språket til barna. Dei lærer seg omgrep og får nyttig erfaring med bruk av språk i samhandling med andre. Uteliv og turar Vi kjem til å nytte oss av lærarskuleskogen som turmål denne hausten. Her kan borna boltre seg i skogen, klatre, balansere, studere ulike ting å finne mykje spennande som dei kan ta med seg til skattekista vår. Vi kjem til å ha lærarskuleskogen som base, men vi kjem også til å gå litt lengre turar oppover i skogen i mindre grupper. Andre turmål vi ynskjer å ta turen til i løpet av hausten er grinda løda, fjøra og biblioteket. Når vi er på tur har vi fokus på det borna undrar seg over og finn på vegen. Vi ynskjer at vegen til målet er likså viktig som at vi kjem oss til skogen. I samling har solsikkene laga seg reglar for tur og vi har kome fram til at vi skal ha ein turkompis. Då har borna ansvar for å passe på turkompisen sin og hjelpe kvarandre. Vi skal også ha fokus på trafikkreglar og kva som er viktig å hugse på når vi går langs med trafikkerte vegar. 4

Utetida i barnehagen ynskjer vi å ha fokus på at borna skal få utfalde seg fysisk, samt erfaring med dei ulike årstidene og nytte naturen som ressurs. Vi skal sanke naturmateriale som vi seinare skal nytte i forminga og lage noko av. Vi skal også hauste frukter og bær og nytte dette til matlaging. Dette er i tråd med det rammeplanen seier om viktigheta av at borna får kjennskap til samspelet mellom mennesket og natur. Konstruksjon Det er viktig at borna i tidleg alder får erfaring med ulike former, storleikar, sortering og logisk tenking. Borna skal igjennom til rettelagt aktivitetar og frileik på konstruksjonsrommet få erfare dette igjennom å bygge med ulike typar klossar og materiale, små klossar og store klossar, harde og mjuke. Borna skal også få oppgåver der dei skal byggje etter eit gitt mønster, men også at dei skal skape mønster sjølve. Vi ynskjer at borna skal lære seg balanse i byggverka sine. kva er viktig å tenkje på når vi bygg i høgda? Kva er viktig å tenkje på når vi bygg i lengda? Forming Rammeplan for barnehagen seier at borna sjølve må få høve til å uttrykkje seg estetisk og at borna skal få erfaring med kreativ tenking, skaparglede og bruke fantasien. Vi skal i haust jobbe med «min fantasifigur» og borna skal igjennom dette arbeidet få erfaring med former og fargar. Borna skal få teikne seg ei arbeidsteikning av sin fantasifigur. Vidare må dei velje seg materiale å lage av, dei må tenkje på kva former dei skal nytte, kva materiale må vi bruke for å få 5

denne forma, kva farge ynskjer dei på figuren sin, kva fargar må vi blande for å få riktig farge. Vi skal også igjennom prosjektarbeid nytte formingsfaget for at borna skal få uttrykkje seg. Dei skal få teikne seg sjølv i forskjellige følelsar, som redd, modig, sint, glad. Vi skal nytte verdilaust og naturmateriale og borna får også her erfaring med form og farge. Nysgjerrigper Med dette fagområdet ynskjer vi å tilby borna å vere undrande og forskande. Vi har globus, kart, forstørrelsesglas, ein torso der borna kan få kjennskap til dei indre organa og kvar dei sit i kroppen, kart over stjerne himmel og planetar og mange faktabøker. Vi har born og vaksne frå fleire kulturar og land. Vi nyttar globus og kart til å sjå på kvar landa ligg i verden. Øyra barnehage i eit fleirkulturelt perspektivt Vi markerer både jul og påske og andre merkedagar i barnehagen. Vi har tradisjon tru jul som tema i desember. Då har vi samlingstunder der vi snakkar om kvifor vi feirar jul i Noreg, vi tender lys, syng adventsong og trekker julekalender. Vi øver oss på julesongar og bakar julekaker. Vi har nissefest for borna i barnehagen og lyktefest for foreldra i løpet av desember månad. Vi går også i Luciatog til fjordsyn for å synge og dele ut lussekattar til dei som bur der. Vi vert også kjend med ulike muslimske merkedagar. Vi markerer id ul-adha og 1.muharran som er nyttår. Vi har ei samlingstund der Luul fortel oss om kvifor dei markerer denne dagen. Ho syner oss somalisk dans og vi dansar saman med ho. Stundom er vi også så heldig å få smake på ulike somaliske rettar som Luul og nokre av borna i barnehagen lagar til oss. Organisering Barnehagen opnar 7.15 og stengjer 16.45. Frukosten startar kl. 8.00. Dei borna som kjem før dette kan ete dersom dei ynskjer, men den vaksne vil veksle mellom mottak av born og kjøkkenet fram til kl. 8.00. Frå kl. 8.00 sit ein vaksen saman med borna rundt frukostbordet. Vi avsluttar frukosten kl. 9.00. Borna tek med eigne matpakkar til frukosten, men får drikke i barnehagen. For å gje borna eit godt og meiningsfylt tilbod om morgonen har vi delt inn i ulike aktivitetar på funksjonsromma mellom kl. 8.00-10.00. Desse funksjonsromma er konstruksjon, forming, musikk, dans og drama. Her har ein vaksen ansvar for å halde på med til rettelagt aktivitet saman med borna der borna får kjennskap til ulikt materiale, rekvisita, samt at dei får kunnskap innanfor dei ulike faga. 6

Gruppetida er frå kl. 10.00-14.00. Vi har då samling og delar oss i smågrupper og jobbar med små og store prosjekt etter interesse frå borna. Måndag har vi turdag, vi går frå barnehagen kl. 10.00. Hugs å ta med ein god sekk, drikkeflaske og sitteunderlag. Tysdagar har vi utedag. Vi går ut 9.15 og er ute heile dagen. Hugs difor klede etter været og skifte klede til borna, også sko/støvel skifte. Kvar fredag har vi varmmat i barnehagen. Dei ulike gruppene har ansvar for å lage mat kvar 3. veke, då lagar vi til heile storbarnsbasen. Vi har også gitt borna i oppgåve å vere ordensassistentar. Borna har då ansvar kvar sin dag for å hjelpe til med måltid, både å dekke på og rydde etter måltidet. Kvar fredag må dykk ta med alle kleda til borna heim. Dette for å sjekke kleda til borna og få vaska det som trengst. Det er også for at vi i helgene skal vaske hyllene til borna og då må plassane vere tomme for klede. Viktige ting som skjer: September: Veke 40: Brannvern veke. Vi snakkar om brannvern 22. September: Foreldremøte kl. 18.00-20.00 23. september: Id ul- adha (offerfest) Veke 41: Haustferie Veke 42: Har brannøving. Oktober: 12.-16. oktober, veke 42: Haustveke i barnehagen, eigen plan kjem seinare 16.oktober: Fotografering i barnehagen, kl. 9.00 22. oktober: Forut kafé kl. 14.00-16.00 (dato kan verte endra). November: Foreldresamtaler Desember: 11.des: Lucia feiring Lyktefest for born og foreldre i barnehagen (ettermiddagstid). Nissefest for borna i barnehagen Helsing Line Eiken Lillebø, Pedagogisk leiar Annelin Brudevoll, assistent Luul Osman, assistent 7