VOLDA KOMMUNE Servicekontoret Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundveien 9 6404 Molde Ref. sak. 4917/2013/N02 Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2012/1720 1513/2013 N02 SVK/ SOH 07.02.2013 MELDING OM POLITISK VEDTAK - RUTEENDRINGSPROSESSEN 2013- FRÅSEGN Vi melder med dette frå at Formannskapet den 05.02.2013, hadde føre ovannemnde som sak PS 28/13, der det vart gjort slikt vedtak: 1. Volda formannskap viser til sien tidlegare vedtak, sist sak 194/12, vedk. ruteendringsprosessen 2013, og held fast på desse. 2. Formannskapet finn ikkje å kunne akseptere nedlegging av rute 351 frå Eid, jfr. punkt 4 i vedtaket i sak 194/12. 3. Formannskapet ber om at fylkeskommunane snarleg legg fram planar for eit betra rutetilbod gjennom Kviven, jfr. kommentarar i saksutgreiinga. 4. Formannskapet har elles ingen vesentlege merknader til Nettbuss sine andre forslag til endringar. Sakutgreiinga med vedlegg følgjer vedlagt. Volda kommune, servicekontoret Sonja Håvik konsulent Kopi til: Per Ernst Lundberg - sakshandsamar Postadresse: postmottak@volda.kommune.no www.volda.kommune.no Stormyra 2 Telefon: Telefaks: Org. nr: Bankgiro: 6100 Volda 70058701 939 760 946 3991.07.81727
SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Per Ernst Lundberg Arkivsak nr.: 2012/1720 Arkivkode: N02 Utvalsaksnr Utval Møtedato 28/13 Formannskapet 05.02.2013 RUTEENDRINGSPROSESSEN 2013-FRÅSEGN Handsaming: Røysting: Tilrådinga frå administrasjonen vart samrøystes vedteken. Vedtak i Formannskapet - 05.02.2013: 1. Volda formannskap viser til sien tidlegare vedtak, sist sak 194/12, vedk. ruteendringsprosessen 2013, og held fast på desse. 2. Formannskapet finn ikkje å kunne akseptere nedlegging av rute 351 frå Eid, jfr. punkt 4 i vedtaket i sak 194/12. 3. Formannskapet ber om at fylkeskommunane snarleg legg fram planar for eit betra rutetilbod gjennom Kviven, jfr. kommentarar i saksutgreiinga. 4. Formannskapet har elles ingen vesentlege merknader til Nettbuss sine andre forslag til endringar. Administrasjonen si tilråding: 1. Volda formannskap viser til sien tidlegare vedtak, sist sak 194/12, vedk. ruteendringsprosessen 2013, og held fast på desse. 2. Formannskapet finn ikkje å kunne akseptere nedlegging av rute 351 frå Eid, jfr. punkt 3 i vedtaket i sak 194/12. 3. Formannskapet ber om at fylkeskommunane snarleg legg fram planar for eit betra rutetilbod gjennom Kviven, jfr. kommentarar i saksutgreiinga. 4. Formannskapet har elles ingen vesentlege merknader til Nettbuss sine andre forslag til endringar. Vår ref.: 2012/1720 Side 2 av 6
Vedleggsliste: 1. Brev av 28.1.13 frå samferdselsavdelinga 2. Gjeldande rutetabell Volda-Grodås-Stryn t/r. Uprenta saksvedlegg: Fsk-sak 107/11 Fsk-sak 151/11 Fsk-sak 162/12 Fsk-sak 194/12 PS 20/13, møte 31.1.13, om buss-sambandet Volda-Stryn Samandrag av saka: Samferdselsavdelinga har svar på formannskapet sitt vedtak om bussruter 2013, og bede om fråsegn til endringar Nettbuss gjer framlegg om. Det vert bede om svar innan 8.2.13. Saksopplysningar: I f-sak 194/12, møte 16.10.12, gjorde formannskapet slikt vedtak: 1. Då det er eit overordna politisk mål å få fleire til å nytte offentlege transport, må fylkeskommunen sitt budsjett til kjøp av bussruter aukast monaleg. Volda formannskap forventar at staten, som har sett opp dei overordna måla, vil bidra til dette. 2. Volda formannskap krev at ingen lokalruter vert endra til ugunst for lokalsamfunna i høve dagens tilbod, men heller betra. 3. Formannskapet viser elles til vedtak i sakene 151/11 og 162/12 vedk. utviding av Timeekspressen til/frå Nordfjord og ruter gjennom Eiksundsambandet. 4. Formannskapet vil presisere at utvida tilbod her ikkje må innfriast ved forringing av det eksisterande kollektivtilbodet mellom Folkestad og Eid. Formannskap viser til tidlegare ynskje om betre korrespondanse mellom ferjerutene i Volda og Timeekspressen, og ber samferdselsavdelinga og transportørane ta omsyn til dette ved oppsett av rutene frå 1.5.13. 5. Formannskap oppfordrar om at det vert halde rutekonferansar, der samordning av fly, ferje- og bussruter vert drøfta regionalt. 6. I høve skuleskyssen krev Volda formannskap at det er sitteplassar og setebelter til alle. I PS 20/13, møte 31.1.13, har formannskapet sagt følgjande om buss-sambandet Volda-Stryn: Helge Hamre sa at bussrutetilbodet mellom Volda og Stryn ikkje er tilfredstillande slik bussrutene er i dag. Bussane korresponderar dårleg med anna kollektivtransport, og er ikkje tilrettelagt for pendlarar til skule og arbeid. Formannskapet var samde om at Volda kommune bør vere initiativtakar til eit samarbeid med kommunane Hornindal og Stryn for å oppnå eit best mogleg bussrutetilbod for reisande og at dette må sjåast i samanheng med den årlege ruteendringsprosessen. I brev av 28.1.13, motteke her 31.1.13, har samferdselsavdelinga gjeve følgjande svar på formannskapet si utfordring i sak 194/12: Vår ref.: 2012/1720 Side 3 av 6
0) Rutetilbodet gjennom Kviven blir tatt opp til vurdering i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune fram mot rutetermin 1. mai. Dei økonomiske rammene for 2013 tillet ikkje auke i rutetilbodet gjennom Kviven. Statistikk viser at ruta har eit lågt tal passasjerar. Ei eventuell justering av rutetidene vil skje i samarbeid mellom fylkeskommunane. 1) Budsjettrammene fylkeskommunen har for 2013 er for dårleg til ei auke i rutetilbodet generelt. 2) Nettbuss Midt-Norge AS (tidlegare Fjordl Buss Møre AS) har i sitt innspel foreslått følgjande: - Rute 338 Hareid/Ulsteinvik - Ørsta/Volda med avgang kl. 0715 frå Volda ønskjast gjort om til heilårsrute. I tillegg utsettast avgang frå Volda Rutebilstasjon kl. 0805 til kl. 0815 og gjerast om til skulerute. Framkomst Ulsteinvik blir likevel 2 minutt tidlegare. Det same gjeld også for rute 339 Fosnavåg/Larsnes - Ørsta/Volda. I tillegg foreslåast avgang frå Fosnavåg kl. 0610 omgjort frå å vere skulerute til heilårsrute. -Rute 340 Volda - Ørsta: Ein ny avgang på skuledagar frå Ørsta kl. 0910 - Volda - sjukehuset - Nylenda - Volda. Årsaka er at avgangen frå Ørsta kl. 0915 blir framskynda til kl. 0845 som konsekvens av endring på TIMEkspressen. Dette blir eit ekstrakjøp. -Rute 351 Nordfjordeid - Volda - Ålesund: Innstille avgang frå Nordfjordeid kl. 0900 - Folkestad pga. dårlege trafikktal, 1,6 passasjerar pr. avgang. -Setje inn ei ekstra skulerute frå Folkestad kl. 1615 - Bjørkedal 4 dagar i veka pga. elevar frå Volda vgs og Ørsta vgs. Som slutter kl. 1500/1515 ikkje rekk avgang frå Folkestad kl.1512. Fylkeskommunen har ikkje midlar til auka busstilbod elles i 2013. Innspela må også handsamast på møte i Samferdselsutvalet 6. mars. 3) Ei utviding av TIMEkspressen vidare frå Volda til Nordfjordeid er sannsynleg ikkje realistisk då kundegrunnlaget ikkje er godt nok. Når det gjeld rutene gjennom Eiksundsambandet har fylkeskommunen eit mål om eit betra tilbod (timefrekvens) når bussoppstillingsplassen på Garnes er ferdig utbygd, sannsynleg 01.05.14. 4) TIMEkspressen må korrespondere med ferja Festøy - Solevågen, difor er det vanskeleg å få denne til å korrespondere med ferja Volda - Folkestad. 5) God ide med rutekonferansar, dette er noko vi har diskutert litt internt også. Vi vil komme med tilbakemelding noko seinare. Når det gjeld korrespondanse med fly har vi dårlege erfaringar. Dette skyldast at flyselskapa endrar rutene sin ofte utan omsyn til våre buss- og ferjeruter. Vurdering og konklusjon: Når det gjeld passasjertal er ei kjensgjerning at tal reisande har samanheng med rutetilbod. Eksempelet flyruter Hovden er eit prov på at når det er låg rutefrekvens, til ugunstige tider, blir passasjertalet lågt. Men når rutefrekvensen går opp, og rutene vert sett opp på tidspunkt folk ynskjer å reise, så stig talet reisande, jfr. at Hovden har auka frå 30.000 passasjerar i 2002, då rutetilbodet var dårleg, til over 100.000 i 2012 ved eit betra rutetilbod (naturlegvis har Eiksundsambandet hatt stor effekt her, men likevel..). Det tek også tid å innarbeide nye reisevanar. Så er det dette med økonomi; det vert frå samferdselsavdelinga peika på at Dei økonomiske rammene for 2013 tillet ikkje auke i rutetilbodet gjennom Kviven.. Budsjettrammene fylkeskommunen har for 2013 er for dårleg til ei auke i rutetilbodet generelt.. Fylkes- Vår ref.: 2012/1720 Side 4 av 6
kommunen har ikkje midlar til auka busstilbod elles i 2013. Det er eit paradoks at staten oppfordrar publikum til å reise kollektivt, samstundes som dei som har ansvaret for slike tilbod (her:fylkeskommunen), ikkje har midlar til å drifte gode nok tilbod. Det tek også som nemnt tid å innarbeide nye reisevanar. Det er såleis viktig at kommunepolitikarar og fylkespolitikarar målber behovet for auka midlar til kollektivsatsing overfor overordna mynde (regjering og Storting), slik at det kan settast opp høvelege ruter gjennom Kviven og Eiksund som tidlegare peika på. Det må også gjevast tid nok til å innarbeide nye ruter, gjennom aktiv marknadsføring osv. Når det gjeld dei føreslegne ruteendringane i samferdselsavdelinga sitt brev punkt 2 har eg følgjande kommentarar: Rute 351. Her vert det gjort framlegg om å innstille avgang frå Eid kl 0900 til Volda. Innstillinga strir med siste setning i formannskapet sitt vedtak i sak 194/12 punkt 4. Dette er eigentleg returruta for den gjennomgåande bussen frå Volda 0755, og som har korrespondanse Oslo på Hjelle og Bergen på Nordfjordeid. Det går ikkje fram av brevet frå fylkeskommunen om innstillinga nordover får konsekvensar for det gjennomgåande tilbodet frå Volda kl 0755 sørover. Vi føreset at dette vert utført som i dag. Dei andre konkrete endringane har eg ingen kommentarar til. Når det gjeld lenginga av TIMEkspressen til Stryn er kanskje det urealistisk sett ut frå kostnader og potensiell trafikk. Men viktigaste manglane med tilbodet gjennom Kviven er at a) det ikkje er høve til å pendle frå Stryn/Hornindal til Volda i samband med arbeid og skule. Nattbussen frå Oslo er i Volda vel tidleg i høve t.d. start på Høgskulen, og det er ingen returtilbod mellom avgangen kl 1400 og kl 1700. b) I tillegg burde tilslutninga til ekspressbussen mot Oslo på føremiddag verte flytta til Kjøs bru eller Stryn og likeeins sambandet frå Oslo. Dette vil gje vesentleg kortare reisetider frå/til Volda og Ørsta. Her må fylkeskommunane og selskapa kome saman og revurdere noverande opplegg, då i samarbeid med dei kommunane det gjeld, slik formannskapet ynskjer i PS 20/30, møte 31.1.13. Samferdselsavdelinga tykkjer at det er ein god ide med rutekonferansar. Dei kjem med tilbakemelding noko seinare om dette. Det er eit viktig tiltak, der både kommuner (på begge sider av fylkesgrensa), fylkeskommunen/-ane som ansvarleg kjøpar og aktuelle selskap kan møtast for å drøfte utfordringane med ruteoppsett osv. Helse og miljøkonsekvensar: Det er eit overordna mål å få fleire til å nytte offentleg transport, ikkje minst av omsyn til miljøet. Såleis må det offentlege legge til rett for betra tilbod, som også må ta omsyn til universell utforming. Eg viser i denne samanheng til forslaget til Handlingsplan Samferdsel 2013-2022 som Samferdselsutvalet skal handsame 6.2.13, der m.a. følgjande går fram: Tiltak: Fremme regional utvikling og robuste bu- arbeids-, og serviceregionar gjennom å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg transportsystem. Resultatmål: 1. I samarbeid med kommunar og andre skal kollektivandelen aukast ved å gjere det lettare og meir attraktivt å reise kollektiv både i og mellom fylka. Vår ref.: 2012/1720 Side 5 av 6
Økonomiske konsekvensar: Ingen for kommunen. Beredskapsmessige konsekvensar: Evt. reduksjon av ruter er med på svekke beredskapen. Betra ruter vil høgde beredskapen. Rune Sjurgard rådmann Utskrift av endeleg vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune Samferdselsavdelinga 6404 Molde Ref. sak. 4917/2013/NO2 Vår ref.: 2012/1720 Side 6 av 6