Utkast til program Meland Høgre 2015



Like dokumenter
Saman kan vi gjere Meland endå betre

Program OSTERØY HØGRE

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

«Nordhordland kommune»

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

Politisk program for Jølster KrF

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Dei andre områda me satsar på vil gå fram av programmet vårt.

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

MELAND SENTERPARTI Arbeidsprogram

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Barnehageplan for Vinje kommune

Hemsedal KRF Program

1. Mål med samhandlingsreforma

Fjell Venstre. Program

Program for. Sykkylven Venstre

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Ei god framtid for alle!

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Program for

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

St.meld. nr. 47 ( ) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Til veljarane i Tysnes

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Visjonsdokument for eit forsterka omsorgstun i Granvin

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Kommunedelplan for oppvekst

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Oppsummering frå verkstad på Hardanger Ungdomsting 2015

Austevoll kommune. Møteprotokoll ELDRERÅDET. Møtedato: Møtetid: Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Saksnr.

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Sjef i eigen heim korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

Plan for overgangar. for barn og unge

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Program for Bømlo Venstre

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

Strategiplan

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Frivilligpolitisk plattform

TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Å utvikle og drifte spennende og fremtidsrettede helsetjenester er en kontinuerlig prosess

Avtale mellom Fitjar og Stord kommunar om kommunesamansla ing

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

SOGN driftig raus ekte

Program Giske Høgre [Type text] [Type text] [Type text]

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Sandeid skule SFO Årsplan

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Fastsatt av kommunalsjef helse og omsorg Retningslinje for tildeling av dagplass

Janne Mo Sjef i eige liv korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida?

Innspel til stortingsmelding om Nasjonal transportplan (NTP)

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

PROTOKOLL. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Randi Langeland Mork leiar AP Eli Kjøde Annfrid Lødemel.

HOVUDNETT FOR SYKKEL

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Tilleggsinnkalling for Formannskapet i Radøy

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Program for Masfjorden Venstre

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Transkript:

Utkast til program Meland Høgre 2015

TRYGGE ARBEIDSPLASSAR Meland blei i fjor kåra til Noregs beste kommune på nyetableringar. Trygge arbeidsplassar er ein føresetnad for velferda i samfunnet vårt. Meland kommune skal vere ein «Ja- kommune» og møte nye idear og utfordringar gjennom eit positivt grunnsyn. Eit moderne og framtidsretta samfunn er tufta på ein positiv kommune som er løysingsorientert i møte med sine innbyggjarar og næringslivet. Tryggje arbeidsplassar i kommunen ved å prioritere gode vilkår for vidareutvikling av eksisterande verksemder. Arbeide for at Meland framleis skal vere ein av dei mest attraktive kommunane i Noreg for næringsutvikling. Arbeide for at Meland kommune skal vere ein «ja- kommune» ved så langt som mogleg stille næringsareal til disposisjon for private aktørar. Arbeide for endå raskare sakshandsaming ved å modernisere/digitalisere kommune sine sakshandsamingssystem. Sørgje for at arealplanlegginga i kommunen tar omsyn til trongen for bustad- og næringsareal i nærleiken til offentleg transport. Arbeide for å realisere «Områdeplanen for Frekhaug senter» for å styrkje Frekhaug senter som eit moderne og funksjonelt senter for handel, tenesteyting og kultur. Arbeide for å styrkje Rossland/Vikebø som senter for den nordlege delen av kommunen. Setje av areal til næringsklynger. Innføre næringslivets dag i kommunen. Etablere «Raskt tilbake» program for unge uføre. Arbeide for at kommunen og næringslivet etablerer fleire språkpraksisplassar for å sikre at våre nye landsmenn- og kvinner blir integrert i det norske samfunnet på ein god måte. Gjennomføre ein moglegheitsstudie, som tar sikte på å peike ut kommunen sine satsingsområde fram mot 2030.

RASKARE UTBYGGING AV VEG OG INFRASTRUKTUR Infrastruktur er eit viktig verkemiddel for å sikre vekst og velferd for framtidige generasjonar. I dag har vi for dårlege og utrygge vegar i Meland. Difor vil Høgre arbeide målretta for raskare utbygging av vegar for å sørgje for at folk kjem seg hurtig og trygt fram, enten det er til arbeid, skule, barnehage eller fritidsaktivitetar. I tillegg må vi halda fram arbeidet med å sikra alle husstandar og næringsverksemder eit godt og tenleg mobilnett/breiband. Arbeida for å realisera ny og trygg veg frå Fløksand til Vikebø. Arbeida for å realisera ny og trygg veg frå Fossekrysset til Moldekleiv. Arbeide for å realisera ny og trygg veg frå Frekhaug senter til Meland Aktiv. Arbeide for å realisera gang- og sykkelveg frå Dalstø til Holme. Arbeida for å betra trafikktryggleiken på skulevegane. Arbeida for å sikra trafikkfarlege punkt. Arbeida for å betra trafikktryggleiken på skulevegane. Arbeida for å rusta opp kommunale vegar. Arbeida for å realisera E39 Nyborgtunnelen i valperioden. Arbeida for å realisera Tverrsambandet mellom Askøy, Meland og Radøy. Arbeida for å sikra alle husstandar og næringsverksemder eit godt og tenleg mobilnett/breiband. UTBYGGING AV EIT EFFEKTIVT OG KLIMAVENLEG TRANSPORTTILBOD Meland Høgre er opptatt av å leggje til rette for at reisande kan gjere miljøvenlege val og nytta eit effektivt transporttilbod. Transportsektoren er ei stor utsleppskjelde, og ved å leggje til rette for eit effektivt og klimavenleg transporttilbod vil dei reisande koma raskt fram på ein klimavenleg måte.

Arbeida for å betra kollektivtilbodet internt i Meland og til nabokommunane, og prioritera hyppigare avgangar og tilgjenge i kollektivtrafikken. Arbeida for å auka rutefrekvensen på snøggbåten mellom Nordhordland og Bergen, og leggje til rette for klimavenlege snøggbåtar. Arbeide for å opprette korresponderande busstilbod til snøggbåtkaien på Frekhaug. Arbeide for ny kollektivterminal på Flatøy, inklusiv større parkeringsanlegg for innfartsparkering. Arbeide for å auka bruken av el- bilar ved å leggje til rette for etablering av fleire ladestasjonar. Arbeida for auka bruk av sykkel som transportmiddel gjennom å sikra eit heilskapleg sykkelvegnett med vinterbrøyting og god sykkelparkering. Arbeide for betre busstilbod mellom Meland og Knarvik- Alver. KVALITET OG VALFRIDOM I HELSETENESTA Helsetenesta i Meland skal vera prega av kvalitet og kompetane. For å lukkast med gode helse- og omsorgstenester må kommunen prioritera både førebyggjande arbeid, god kronikaromsorg, habilitering og rehabilitering. Samstundes må kommunen vera kompetent til å handtere pasientar med komplekse og samansette behov i større grad enn tidlegare. Arbeida for å styrkja det førebyggjande helsearbeidet for barn og unge, gjennom helsestasjons- og skulehelsetenesta, styrkja psykologtilbod og fleire lågterskeltilbod. Arbeida for å styrkja sentrale tenester som fysioterapi og legetenesta. Arbeida for eit godt tilbod innan psykisk helsevern for alle innbyggjarar, inkludert betre tilgjenge, god kompetanse og tidleg innsats. Arbeida for å styrkja pasientane og pårørande si rolle. Arbeide for å ivareta utsette grupper ved å auka bustadsosial kompetanse og tiltak som til dømes bustad, oppfølging i bustad, helsetenester og tilrettelagd arbeid.

Arbeida for meir fysisk aktivitet i kvardagen, mellom anna ved å leggje til rette for turstiar og friluftsaktivitetar. Arbeida for auka kompetanse og etablering av tverrfaglege samarbeid og gode fagmiljø. Arbeida for systematisk og forpliktande samarbeid med private og friviljuge organisasjonar og andre i alle delar av dei kommunale helse- og omsorgstenestene. AKTIV ELDREPOLITIKK OG OMSORGSTENESTER Vi lever lenger og mange eldre er i dag ofte friske og vitale, og ønskjer å bu heime i eigen bustad heile livet. Gode førebyggjande tiltak medverkar til at eldre heldt seg friske, fremmer aktiv samfunnsdeltaking og motverkar einsemd og mangel på sosialt nettverk. Sjuke og pleietrengjande eldre skal sikrast rett til kompetent helsehjelp og behandlast med respekt og verdighet. Meland sjukeheim er no bygt ut, og Høgre vil arbeide for at dei som treng sjukeheimsplass skal få det. Leggje vekt på Meland eldresenter som eit viktig sosialt og aktiviserande tilbod i det førebyggjande helsearbeidet, og utvide dette gjennom samarbeid med frivilligsentralen og frivillige organisasjonar. Arbeide for at det blir etablert dagsenter for demente, gjerne i samarbeid med frivillige organisasjonar. Legge til rette for alternative former for senior- og eldrebustader, til dømes bustader der fleire kan bu saman, i tilknyting til andre aktivitetstilbod. Inkludere alderdom i kommuneplanlegginga med tilbod om aktivitet, tilpassa bustader og rehabilitering. Styrkje helsetenestetilbodet til pleie- og omsorgstenesta (heimesjukepleie og sjukeheimen). Utvikla gode system for systematiske kvalitetsmålingar.

Arbeida aktivt for arbeidstidsordningar som sikrar kontinuitet i pleie, eit godt arbeidsmiljø og som medverkar til auka heiltidskultur. Vidareføra målsettinga om eit kompetanseløft for tilsette i omsorgssektoren, om høgare kompetanse og færre ufaglærte. Vidareføra satsinga på bygging av omsorgsbustader i offentleg og privat regi. Leggje vekt på den einskilde sin rett til å velje mellom ulike tilbod og bytterett dersom tilbodet ikkje er godt nok. TIDLEG INNSATS I BARNEHAGEN For barnefamiliar er det svært viktig å ha tilbod om barnehageplass i nærmiljøet. I ein vekstkommune som Meland er det viktig å sikra utbygging av barnehagetilbode i takt med folkeveksten. Læring og leik i barnehagen dannar grunnlaget for at borna lukkast i skulen. Tidleg innsats er nøkkelen til seinare meistring og auka læringsutbytte for alle elevar. Difor vil Meland Høgre arbeida for framleis full barnehagedekning og kvalitet og tidleg innsats i barnehagane. Stille krav om daglege læringsaktivitetar som utviklar borna både sosialt og fagleg. Oppretthalde full barnehagedekning. Arbeida for at det blir sett av areal til barnehageføremål i nye større bustadfelt. Arbeida for at mest mogleg informasjon om barnehagane er tilgjengeleg, mellom anna gjennom brukarundersøkingar og ein kvalitetsportal. Arbeide for auka fleksibilitet i barnehageopptaket. Gi naudsynt hjelp til born som har språklege utfordringar. Arbeida for å sikra private barnehagar ein sunn og forutsigbar økonomi. EIN KUNNSKAPSSKULE DER ALLE ELEVAR KAN LUKKAST

Våre born og unge fortener ein best mogleg start i livet. Difor er Høgre så opptatt av å skapa ein skule prega av kunnskap og kvalitet. Det er svært gledeleg at kvaliteten i Meland- skulen har hatt ei positiv utvikling dei siste åra, og Meland Høgre vil sikra at denne gode trenden held fram. Ikkje minst er det viktig å gi våre dyktige lærarar høve til fagleg påfyll. Elevane skal møta eit godt og triveleg læringsmiljø i form av kvalifiserte lærarar, oppdaterte læremidlar og eigna bygningar. Vi må også syte for at det er trivsel og disiplin i klasseromma. Forbetra overgangen mellom skule og barnehage. Innretta leksehjelpa til dei klassetrinna der trongen er størst. Kartleggje læringsresultat og læringsmiljø for å kunna setja inn ekstra ressursar der dette trengst. Arbeida for at skulane har gode og oppdaterte læremidlar. Leggje til rette for godt samarbeid mellom heim og skule. Arbeida for å styrkje etterutdanninga for lærarar, skuleleiarar og andre tilsette i skulen. Sjå til at det er null- toleranse i høve mobbing. Arbeida for meir fysisk aktivitet i løpet av skuledagen. Styrkja symjeundervisninga. Ha eit tydeleg ordensreglement og gi læraren høve til å hendheve det. Snarast byggje ut Sagstad skule Snarast byggje ut Grasdal skule Starte planlegginga av ny ungdomsskule Meland eit trygt og triveleg lokalsamfunn Høgre sitt mål er at alle skal bu i eit trygt og triveleg lokalsamfunn der lokale lag og foreiningar medverkar til ulike aktivitetstilbod, gode opplevingar og fellesskap. Det er spesielt viktig å sikra gode oppvekstvilkår for barn og unge. Difor vil Høgre særleg støtta idretts, kultur og fritidstilbod som er retta mot denne aldersgruppa, mellom anna ved å dobla kulturmidlane frå dagens nivå.

Meland har ei rekkje eldsjeler som gjer ein formidabel innsats for svært mange menneske i lokalsamfunnet. Høgre vil gi desse best mogleg vilkår for å vidareføra dette verdfulle arbeidet. Meland Høgre vil i perioden: Arbeide for å auke kulturmidlane frå dagens nivå til lag og organisasjonar som gir tilbod til barn og unge. Legge til rette for arenaer for uorganiserte unge. Arbeide for å styrkje tverrfagleg samarbeid kring oppvekstviklår for barn. Arbeide for å etablere møtestader/aktivitetstilbod for unge, basert på ungdommen sine eigne ønskje - gjerne i samarbeid med frivilligsentralen. Arbeide for å auka driftsstøtta til idrettslaga. Arbeide for å styrkje kulturskuletilbodet. Arbeide for realisere nytt symjebasseng. Innføre nulltoleranse overfor mobbing og hærverk. Arbeide for å førebyggje rusmisbruk. Arbeide for eit synleg politi. Ein moderne, robust og serviceinnstilt kommune Kommunen er innbyggjarane sin organisasjon. Meland Høgre vil arbeide for at dei kommunale tenestene er av høg kvalitet, god etisk standard og service med ei imøtekomande haldning til innbyggjarar og næringsliv. For å sikre dette er det naudsynt å vurdere dagens kommunestruktur. Meland Høgre vil i perioden: Arbeida for auka kvalitet gjennom brukarundersøkingar og samanlikningar med andre kommunar. Arbeida for å sikra god infrastruktur gjennom utbygging og eit godt og kostnadseffektivt vedlikehald.

Arbeida for at det blir innført klare resultatmål som sikrar ei god og rask sakshandsaming. Gå i forhandlingar med aktuelle nabokommunar for å byggje ein ny kommune for å gi innbyggjarane og næringslivet gode tenester og styrkje lokaldemokratiet. Tenestetilbodet skal vere der folk bur. Meland Høgre ser det som mest naturleg og ønskjeleg å byggje ein ny kommune saman med Lindås og Radøy.