KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Like dokumenter
KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Til deg som skal opererast med totalprotese i kneet

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

Menières sjukdom. Informasjon om sjukdommen og korleis livssituasjonen kan påverke tilstanden. Anfall

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Operasjon med en hofte- eller kneprotese er en enestående suksesshistorie i kirurgien!

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

KVINNEKLINIKKEN TIL deg som skal TIL operasjon av skjede/livmor

OPERASJON I MAGE ELLER TARM

ER DET BEHOV FOR FORBETRINGSARBEID INNAN LEGEMIDDEL? Global Trigger Tool

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Kva er økologisk matproduksjon?

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

mmm...med SMAK på timeplanen

OPERASJON VED BETENNELSE I TARM

Kom skal vi klippe sauen

Pasientinformasjon til deg som skal opereres for brudd i hoften. Kirurgisk og Akuttmedisinsk avdeling Seksjon for ortopedi

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Om vestibularisnevritt

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

OPERASJON I TARM ELLER ENDETARM

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

STYRESAK: DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet

PYELOSTOMIKATETER SLIK TAR DU VARE PÅ PP- KATETERET

Avdeling for urologi

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

SIGNES VOTTAR. strikketeigen.com

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Kvalitetsplan mot mobbing

Valdres vidaregåande skule

Notat til styremøte 26. januar 2010

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Universitetssykehuset Nord-Norge HEMIPROTESE I HOFTELEDD. Informasjon fra fysioterapeutene

Vegvisar til vilbli.no

2013/ Rapport fra kurs i. høvelmaking

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

SJUKE BARN I BARNEHAGEN

Betanien Hospital Skien. Informasjon ved operasjon hofteprotese. Ortopedisk avdeling - Betanien Hospital, Skien

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Til deg som bur i fosterheim år

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Placeboeffekten. Legemiddelindustrien har i over 50 år. Objektive bevis for placeboeffekten?

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Brukarrettleiing. epolitiker

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

HJARTEAVDELINGA MEDIKAMENTELL STRESS-EKKOKARDIOGRAFI

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Namning av vegar i Fræna Kommune

Det er mange måtar ein kan starte eit strikkeinga. Det er om å gjere å finne den beste måten å lage maskar på, til kvart enkelt strikkeprosjekt.

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Per Helge Tomren Offentlege anskaffelser reglar, typiske feil mm

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Transkript:

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK Åpen behandling av femoracetabulær impingement gjennom kirurgisk luksasjon av hofteleddet Sjå i tillegg foldar med generell informasjon om innlegging på sjukehuset. Side 1 Totalprotese i kne

Kvifor operasjon? Hofteleddet er som andre kuleledd begrensa av støtte og bevegelighet. For mykje støtte (dvs. djup skål) gir lite bevegelighet og grunnlag for kollisjon (eng. impingement). I tillegg må kula i leddet vere nøyaktig kuleforma og jo meir kula står fritt på halsen som forbinder kula til noe (i kroppen er det lårhals og lårbeinet det er snakk om), desto større bevegelighet. To typer vanlige feil er: for djup hofteskål (eller for mykje overheng på ein del av hofteskåla) og for lite klaring mellom kula (lårbeinshovudet) og halsen (lårhalsen). Desse feila lager kollisjonstypar (impingement) under maksimal bøy av hofteleddet som på engelsk blir kalla pincer (knipemekanisme) og cam (kam som i kamaksel som gir ventilløft i ein bilmotor). Feila opptrer enkeltvis og i kombinasjon, grad av feil og dei krav som blir stilt til hofteleddet (sport, arbeidsstilling og liknande) er med på å bestemme når i livet pasienten merker problema. Pincer er vanlegast hos kvinner og debuterer oftast i 30 åra, cam er vanlegast hos menn og debuterer noko før. Grunnlaget for å få symptom (smerter) er skade på brusk og leddleppe. Ein operasjon kan ta vekk kollisjonsgrunnlaget og i nokon grad reparere skader, men best blir resultatet på lang sikt når skadane er minimale på operasjonstidspunktet. Totalprotese i kne Side 2 Grunnen til å operere er altså å utsette nedbrytninga av hofteleddet så

snart man blir klar over diagnosen og ikkje å vente til smertene er blitt så sterke at ein ikkje klarer å leve med dei. Erfaringane med tilstanden hittil tyder på at symptoma (smertene) kommer først eit stykke ut i nedbrytningsprosessen og i varierande grad har samanheng med kor skada hofteleddet er. Eit ledd med lite symptom kan altså ha forholdsvis store skader. Inngrepet blir rekna som proteseutsettande og ikkje reparerande, dette har heng saman med dei store krav som stilles til hofteleddet, bare det heilt perfekte hofteledd held seg gjennom eit langt liv. Normalt hofteledd i nøytral og ytterstilling. For djup hofteskål og knip (pincer) mekanisme i ytterstilling. For lite klaring mellom kule og hals, kam (cam) virkning når hofta kommer i ytterstilling og kammen prøver å presse seg inn i skåla. Side 3 Totalprotese i kne

Kva blir gjort under operasjonen? Ved Kysthospitalet bruker vi ein metode som blir kalla kirurgisk luksasjon for å komme til hofteleddet og utbetre dei feila en enkelte pasient har. Dette er den opphavlege metoden frå den gruppa som beskreiv tilstanden først (Prof. Ganz, Bern Sveits), det er også metoden som har lengst oppfølgingstid på sine resultat og er den mest robuste metoden for å komme til alle typer feil uansett grad. Musklane blir separert utan å skjæres over, eit sentralt feste for hoftemusklane på lårbeinet deles og brettes til side for så å gi kirurgen tilgang til hofteleddskapselen og sjølve leddet: Totalprotese i kne Side 4

Deretter blir hofta tatt ut av ledd, og ein har full oversikt over skål, med leddleppe og brusk, og lårbeinshovudet og lårhals. Da kan ein med god oversikt ta vekk overflødig bein på hofteskålkanten og overgangen mellom lårbeinshovudet og lårhalsen Overdekkingen av bein blir fjerna nøyaktig utan å lage hofteskåla for grunn (ville ha gitt utstabil hofte som ved for grunn hofteskål: hofteleddsdysplasi) og leddleppa blir sydd på den nye kanten for å kunne utøve sin viktige funksjon i hofteleddet (bl.a. ernæring). Leddleppa blir festa med små titan (metall) skruer, og skruane vil kunne skimtas på røntgenbilder etter operasjonen (2.8mm i diameter). Side 5 Totalprotese i kne

Lårbeinsdelen blir deretter korrigert med full oversikt over den viktige blodsirkulasjonen til lårbeinshovudet som går like ved området som blir behandla. Totalprotese i kne Side 6

Kva virkning har operasjonen på hofteleddet? Inngrepet kan utsette slitasjen, men ikkje forhindre den gjennom eit langt liv. Det er vanlig å få auka bevegelighet, mindre ubehag og normalisert gange etter operasjonen. Operasjonen hindrar ikkje seinare hofteprotese (skruer som ikkje er fjerna tidligare kan fjernas samtidig med proteseinngrep). Om sjølve inngrepet og risiko Inngrepet påvirker ellers friske pasientar lite, det er vanlegvis ubetydeleg blodtap. Det passerer nerver og blodkar tett på hofteskåla både framfor og bak, desse strukturane kan bli skada under operasjonen. Vi har ikkje registrert nerveskadar hos våre pasientar, men veit det kan hende når hofta blir tatt ut av ledd (mindre enn 1 %). Det er alltid ein viss risiko for infeksjon ved alle inngrep (mindre enn 1 %), men vi har heller ikkje registrert dette ved våre pasientar for denne inngrepstypen. Skruane som fester beinblokka tilbake til lårbeinet fjernar vi Side 7 Totalprotese i kne

hos ein del av pasientane (30 40 %), men dei fleste har ingen plager av dei og dei kan stå livslangt i lårbeinet. Kva skjer etter operasjonen? Under operasjonen får ein eit svært tynt plastrør lagt inn over ryggkanalen og gjennom dette gir vi lokalbedøving som lagar ein epidural bedøving som vi brukar over fleire dagar (3 5). Dette pleier å gi utmerka smertelindring og tillet at vi set i gang med bevegelsestrening umiddelbart etter operasjonen. Dette gjør vi får å oppnå best mulig bevegelighet i hofta på sikt. Hofte bøyes og blir for ein kort periode lagt på ei høg pute, deretter strekkes hofta heilt ut, det heile gjentas kvar time mens ein er vaken (pause om natta!). Etter nokre dagar kan ein gjere desse øvingane utan epiduralbedøving og da begynner tilvenning til krykker. Hofta må avlastas mest mulig for alle aktive bevegelsar (både bøy og strekk), det betyr at ein tenker seg at den ikkje kan brukas til noko og er heilt slapp, noko løft under krykkegang må ein ha og det er tillete. Etter 5 veker har beinblokka grodd nok til at det opererte beinet forsiktig kan belastas i ei veke, og så (totalt 6 veker etter operasjonen) blir hofta kontrollert med røntgen på poliklinikken av operatøren. Dersom forholda ligg til rette for det, Totalprotese sluttar krykkebruken i kne Side 8

forholdsvis raskt. Ein må rekne med å vere borte fra bilkøyring i minimum 8 veker. I 5 veker etter operasjonen skal ein ta blodpropphindrande middel (Fragmin) i sprøyteform. Pasientane vel vanlegvis å lære seg å sette denne daglege medisinen sjølv. Sprøytene kommer i eingangspakkar, og er enkle og sikre i bruk. Kva resultat kan ein venta av operasjonen? Smertelindring og bedra evne til å bøye hofteleddet er vanlig. Inngrepet kan utsette slitasje, men vi har ikkje langtidsresultat utover 3 5 år. Vi veit derfor ikkje korleis hofteleddet vil vere 20 30 år etter operasjonen. Vi ser på den andre sida at eit stort fleirtal av dei som kommer (uten operasjon) for å få hofteprotese før 60 års alder og som ikkje har ein revmatisk sjukdom, barnehoftesjukdom, eller tidligare stor skade på hofteleddet, har nettopp denne hoftefeilen som vi her har skildra. Det er derfor grunn til å tru at ubehandla inneklemmingshoftefeil gir tidlig slitasje og behov for protese. Metoden som her er skildra er rekna for å være trygg (langt over 1000 operasjonar av denne typen er skildra i verdslitteraturen) Finst det alternativ til operasjon? Det er alltid eit alternativ å ikkje la seg operera for den tilstanden som er skildra her. Det blir da å fortsette med dei tiltak som elles alltid bør prøvas ut før ein vel operasjon: endring av arbeids /idrettsaktivitetar, Side 9 Totalprotese i kne

fysioterapi og medikament. Dei enklare formene for impingement blir behandla med alternativ operasjonstype, kikkhols teknikkar, slik at denne skildra metoden er reservert for dei som treng tillegg av andre prosedyrar omkring hofteleddet, eller har så omfattande påvirkning av hofteleddet at kikkholsteknikkar (foreløpig) ikkje strekker til. Oppsummering Inneklemmingsfeil i hofteleddet er ei relativt ny forklaring på tidlig slitasjegikt i hofteleddet. Inngrepet som behandlar feila normaliserer dei anatomiske forholda i hofteleddet, men vil uansett ikkje kunne forventas å erstatte eit hofteproteseinngrep på lang sikt ved eit elles normalt livsløp. Det er få store komplikasjonar til inngrepet. Ein kan rekne med smertelindring på kort sikt etter våre inngrep, men usikkerheten om langtidsnytteeffekt vil gjere at nokon vil velje å avstå frå inngrepet. Vi på Kysthospitalet vil prøve å hjelpe deg i dette valet. Det er viktig at du som pasient føler at den endelige avgjerda om å ta inngrepet er di, og tatt på eit godt grunnlag basert på tilstrekkelig råd og rettleiing frå oss. Vi vil ønske deg velkommen som pasient hos oss! Totalprotese i kne Side 10

Side 11 Totalprotese i kne

Adresse Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik Kontakttelefon 56 56 58 14 Sentralbord 56 56 58 00 Totalprotese i kne Side 12 www.kih.no 09.05.2014