INNLEIING. opplysingar om borna deira. litt om driftsmåte og endringar. Kor mykje



Like dokumenter
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Altas bosetningshistorie

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Notat om historie og kulturlandskap

«Ny Giv» med gjetarhund

Samansette tekster og Sjanger og stil

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Til deg som bur i fosterheim år

Problemet «den nyaste tids busetnadshistorie»

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Åmli kommune. Vedteke i kommunestyret , sak K 09/128

TEVLINGSREGEL FOR NORGESKUNNSKAP

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Stemnehandboka for NKSF

Adresseføresegner, Sund kommune

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

HORDALANDD. Utarbeidd av

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Framtidige behov for hjelpemiddel

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

16. april Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

10/ /K2-L32//AEM

Bustadområde i sentrum. Vurdering

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom - eigafråsegn

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Ev. referanse til Kolltveit

Vurdering av allianse og alternativ

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Kulturhistoriske registreringar

SØKNAD OM UTVIDING AV BANDTVANGSTIDA FOR HUND I HEMSEDAL - HEMSEDAL SAU OG GEIT/HEMSEDAL SANKELAG

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Lov om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova).

Sandeid skule SFO Årsplan

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

Lova skal sikre omsynet til samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Granvin herad Sakspapir

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Namning av vegar i Fræna Kommune

Kvalitetsplan mot mobbing

Transkript:

INNLEIING Heimar og folk er dei to fyrste banda av dei nye bygdebøkene for Ullensvang. Dei inneheld opplysingar om alle som bur og har budd fast her i heradet dei siste 50 60 åra. Opplysingane om dei er knytte til heimen eller bustaden deira. Oppsettet og strukturen er for ein stor del lagt opp etter ein mal som lesarar av Olav Kolltveit sine bygdebøker, Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid, vil kjenna att. Desse to verka skal kunna lesast i samanheng. For å få ein god skøyt med dei gamle bøkene har me byrja med dei siste brukarane og familiane som han har med. I nokre høve har me gått ein generasjon lenger attende, dersom det har vore naudsynt for å retta opp eventuelle manglar. Alle bustadene er på same måte som i bøkene til Kolltveit knytte til ein gard, men me har her ikkje teke med fyldige gardsomtalar. I staden har me skrive ei innleiing til kvar bygd. I dei to neste banda som vert gjevne ut, vil det eine innehalda kart over alle gardane med oversikt over alle kjende stadnamn. Det andre vil fortelja den større historia om Ullensvang. Her vil me både sjå på dei lange linjene og samstundes gjera nokre djupdykk inn i kvardagslivet til folket som bur og har budd her i Noregs frukthage. folket Ættarsoga Heimar og folk skal femna om alle innbyggjarane i Ullensvang, både gardbrukarar, andre som har budd på bruket, bustadeigarar og leigetakarar. Fleire av dei som har flytt frå Ullensvang, har framleis sterke band til staden. Me har difor òg valt å ta med opplysingar om dei. Dei som har fritidsbustad her, har me òg teke med, men for dei har me avgrensa oss til å fylgja hovudpersonane, og har ikkje teke med utfyllande opplysingar om borna deira. Det å få med absolutt alle er eit mål som ikkje er råd å nå fullt ut. Slik var det òg med dei gamle bøkene til Kolltveit. Likevel har han teke med både husmenn og ein del leigebuarar, og bøkene hans er såleis blant dei som femnde breiast på den tida. Utfordringa for vår del har vore kjeldesituasjonen. På grunn av personvernreglar for dei siste 50 til 100 åra har me ikkje hatt tilgang til folketeljingar, folkeregister eller kyrkjebøker som kunne ha fanga opp dei som gjerne berre budde her ein kortare periode og som ikkje åtte sin eigen bustad. Me har likevel lagt vinn på å få med så mange som råd. Nokre stader har folk flytt meir enn på andre stader. Det gjeld til dømes på Hovland, der det budde mange fabrikkarbeidarar. Folk budde her gjerne berre nokre år, før dei flytte til andre stader i heradet eller i landet. Her har det vore uråd å få med alle, men me vonar likevel at oversikta vil gje eit visst inntrykk av det samfunnet som var her. Me ynskjer at folk skal finna seg sjølve att i historieforteljinga om Ullensvang. Samstundes ynskjer me så langt som råd å spegla det samfunnet folk levde og lever i. Til kvar person har me teke med opplysingar om oppvekststad, tidlegare bustader og yrke. Dei som er oppvaksne i Ullensvang, er med tilvisingar kopla saman med foreldra, slik at me kan fylgja slektene. Om dei stifta eige bu her, er dei førde opp med personopplysingar og familie på eigen bustad. Budde dei fleire stader i Ullensvang, har me så godt som råd prøvt å fylgja med på lasset, men dei fleste opplysningane om dei vert berre lista opp éin stad, som regel der dei budde lengst. Vidare har me teke med kvar folk busette seg, om dei reiste frå Ullensvang. Om dei seinare fekk familie, har me teke med opplysingar om ektefelle og born i tillegg. Den aller viktigaste kjelda for ættarsoga har vore dei opplysingane folk sjølve sende inn på skjema i 2009, og seinare ved etterkontroll. Desse opplysingane er samanhaldne med matrikkelutkastet av 1950, gjeldande matrikkel og eigedomsregister og grunnbøker. For å fylla ut og kontrollera opplysingane har me nytta dødsfallsregister («Døde i Kinsarvik sokn 1887 1971» og «Døde i Ullensvang sokn 1883 1974»), gravminneregisteret («Gravminner i Norge»), skattelister og telefonkatalogar. Me har òg fått tilgang til klokkarbøker for Ullensvang sokn til 1983 (dåp og konfirmasjon), til 1974 for vigsler og dødsfall, og vidare til klokkarbøker for Kinsarvik sokn til 1972. Me har òg fått bruka dødsfallsmeldingane 1960 1984 frå skifteretten, og dødsfallskorta 1946 1973 frå folkeregisteret i Ullensvang og i Kinsarvik 1960 1963 forutan flyttekort attende til 1960. Desse kjeldene har me mellom anna på grunn av personvern berre brukt til å kontrollera dei opplysingane me allereie hadde. Vidare har andre bygdebøker vore sentrale kjelder, fyrst og fremst sjølvsagt bøkene om Odda, Ullensvang og Kinsarvik av Olav Kolltveit. For å finna ut kvar folk kom frå og kvar det vart av dei, har me òg nytta ein del andre bygdebøker. heimane Alle personane som er med, er sorterte under bustadene sine, som oftast svarar bustaden til eit gards- og bruksnummer. Her har me teke med opplysingar om årstal for kva tid bustadhuset vart bygt, og eventuelt informasjon om andre bygningar på bruket. For gardsbruk eller andre bustader med næringsverksemd knytt til seg har me fortalt litt om driftsmåte og endringar. Kor mykje 9

ullensvang 1964 2014 som er kome med, kjem an på kor mykje me har fått inn av opplysingar frå dei einskilde. For å få fram eit bilete av dei enorme endringane som har skjedd dei siste 50 60 åra, har me teke med detaljerte opplysingar frå jordbruksteljinga i 1949 for alle gardsbruka, som er den nyaste teljinga som er offentleg tilgjengeleg. Me vonar at dagens lesarar vil ha glede av å lesa om korleis livet arta seg for forgjengarane. Sjølv på dei aller minste bruka prøvde dei å vera så sjølvberga som mogleg, og hadde gjerne nokre høner og ein gris, i tillegg til at så mykje som mogleg av jorda var utnytta og planta til med frukttre. Situasjonen i 1949 vert så samanstilt med opplysingar me samla inn i 2009. Når det gjeld dei som ikkje svara på spørsmåla om drifta, har me henta inn data frå Statens landbruksforvaltning. På grunn av personvern er informasjonen då ikkje like detaljert, men me har teke med kva type drift det var snakk om. I opplistinga er det gjort nokre forenklingar. «Skog» viser til den produktive skogen. «Moreller» inkluderer både kirse bær og moreller, sidan det ikkje er skilt mellom desse sortane i jordbruksteljinga. Vidare tyder «Sauer» alle vaksne eller vinterfôra sauer. Lamb er ikkje rekna med her. Endringane frå 1950 60-åra og fram til i dag kjem tydelegare fram ved å jamføra driftsopplysingane med biletmateriale i bøkene. Me har teke med både flyfoto frå 1950 60-åra og nye bilete tekne i 2013 frå fjorden. Me har ikkje hatt høve til å ta med slike foto av kvart bruk, men stort sett skal alle gardane vera dekte. bygdene Alle bustadene er sorterte under gardar, som atter er sorterte under bygder. Me har i dette verket som nemnt valt å skriva ei innleiing til kvar bygd, heller enn å skriva gardssoger slik Kolltveit gjorde. Ein av grunnane til det er at gardsfellesskapen ikkje står like sterkt i den perioden me skal ta for oss. Etter utskiftingane, då kvart einskilt bruk flytte gardshusa sine ut or klyngjetunet og fekk jorda samla i større teigar, vart drifta meir individualisert, og dei gamle gardsfellesskapane vart gradvis oppløyste. Utover 1900-talet voks grendene fram som nye fellesskapar med utspring i sentrumet rundt den nye dampskips kaien, landhandlaren, grendeskulen og grendehuset. Sjølv om mange framleis kjenner seg knytt til eit gardsfellesskap, serleg om dei er oppvaksne på gardsbruk, meiner me grendene vil femna vidare. I dag er det fleire som vil kjenna seg att i ei forteljing om grenda eller bygda enn i ei forteljing om garden. Sjølv om grendene og bygdene òg har vorte stadig meir tømde for funksjonar dei siste tiåra, vil likevel dei fleste kjenna at dei høyrer til eit slikt småsamfunn. Kvar grensene for desse småsamfunna skal gå, er ikkje alltid opplagt. Grendene er ikkje faste storleikar med klare grenser, og det vil truleg vera ulike meiningar om kva som er ei grend eller ei bygd. Målet vårt har vore å finna fram til einingar som dei fleste kan kjenna seg heime i. Sidan me berre skal ta for oss tida etter 1950 og fram til i dag, har me serleg lagt vekt på at samfunna skal ha relevans og stå fram som mentale storleikar for folk i dag. I stor grad sam svarar dei einin gane me har valt, med det folk gjerne vil kalla bygder. Den inndelinga me har gjort, samsvarar vidare godt med teljingskrinsane, slik at me med ein del justeringar har kunna gjera oss nytte av statistikk frå folketeljingane, og fått oversyn over både folketalsutviklinga og sysselsetjinga. Vidare har me lagt saman opplysingane om bruka i jordbruksteljinga frå 1949. Seinare jordbruksteljingar er ikkje tilgjengelege, men me har fått Statistisk sentralbyrå til å setja opplysingane saman for oss slik at me har kunna laga statistikk om jordbruket i bygdene heilt fram til i dag. På grunn av personvernet har me berre fått opplysingar når dei er gjeldande for tre eller fleire einingar. Til dømes er det slik at om det var færre enn tre bruk som hadde kyr, har me ikkje fått talet på kor mange kyr det var i bygda. Difor står stundom felta tome i statistikken. Innleiingane om bygdene er korte og har ikkje som mål å gje ei fullstendig oversikt over alle verksemdene og organisasjonane i dei ulike bygdene. Nokre er nemnde, men det betyr ikkje at dei som ikkje er nemnde, er mindre viktige. Me har framheva noko av det som serpregar bygda, og som kanskje skil henne litt frå dei andre i heradet. Sjølv om ein del truleg vil meina det er noko som manglar, vonar me at folk likevel vil kjenna seg att i forteljinga om eiga bygd, og at dei vil læra noko om dei andre bygdene i heradet. korleis lesa bøkene Det fyrste bandet byrjar på garden Ytre Bu. Ferda går så vidare sørover langs fjordsida, til me kjem til den inste garden, Skjeldås i bygda Espe. Neste band tek til på Ytre Kvitno på vestsida, og fylgjer på same måten fjordsida bygd for bygd og gard for gard, til me endar på garden Vetlås i bygda Vines. Då lyt me kryssa fjorden til Oksenhalvøyè, der ferda går frå Longeskòr til Kaland. Bygdene og gardane fylgjer såleis geografien og landskapet. Dei fleste gardane er matrikkelgardar og har eigne gardsnummer, men nokre få gardar er i matrikkelen 10

Innleiing og eigedomsregisteret plasserte under ein annan gard. Dette gjeld til dømes Dale, som har same gardsnummer som Huse i Kinsarvik, men som ligg mellom Urheim og Tveit på Nesstrond. Slike gardar, som har vore rekna som eigen gard langt bak i tid, og som har eit gardsnamn som er velkjent av bygdesamfunnet, har me valt å gje eigne oppføringar sjølv om dei ikkje har eige gardsnummer. Det same gjeld dersom innmarka ligg langt undan resten av matrikkelgarden geografisk. Gardane har me plassert i rekkefylgje etter kvar garden ligg i landskapet. Innanfor kvar gard er dei ulike bustadene lista opp kronologisk etter bruksnummer. Dette er eit oppsett som lesarane vil kjenna att frå bøkene til Kolltveit. For å finna seg sjølv eller andre ein vil lesa om i bøkene, lyt ein fyrst finna fram til kva gard bustaden høyrer til. Så må ein finna fram til rett bruksnummer. Dersom ein ikkje veit dette, kan ein finna fram ved å bla opp i registeret bak i band II, der alle personar er lista opp sortert etter slektsnamn. Me har ikkje teke med farsnamnet, sidan alle har fått eit fast slektsnamn etter namnelova i 1923. Kvinnene er stort sett førde opp med slektsnamnet dei hadde som jenter. Berre der me ikkje har hatt informasjon om jentenamnet, har me nytta etternamnet dei tok etter giftarmål. Under kvart bruk er «familiane» som har budd her, gifte par, sambuarar eller einslege, førde opp under kvar si overskrift. Årstala i overskriftene viser kva tid dei hadde skøyte på og åtte bustaden. Nummeret fyrst i overskrifta er eit fortløpande nummersystem som gjer det lettare å finna fram ved krysstilvisingar, og er ikkje knytt til bruksnummeret. Stundom har eigedomen vore delt mellom to eller fleire «familiar». Då er det skrive ein a, b osb. etter nummeret. Dersom det samstundes har budd andre på bruket, til dømes leigetakarar, har dei fått ein b, c osb. etter nummeret. Årstala i overskriftene viser for leigetakarane sin del kva periode dei budde der. Nokre familiar er tekne med sjølv om dei ikkje budde her, for å få fram relasjonane til neste brukar. Då står heimstaden bak nummeret, og ikkje årstal. Me har med tilvisingar til dei ulike bustadene for alle personar som har flytt innan heradet, fyrst då dei stifta eige bu, og eventuelt når dei har flytt att seinare. Tilvisingane inneheld både bruksnummer, gardsnamn og eit nummer som viser plasseringa under bruket. Vidare står alle personar som var med i bøkene til Kolltveit, oppførde med ei tilvising til kvar ein vil finna dei der. Verket Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid er forkorta til OUK I, II, III (/1 og /2), IV (/1 og /2) og V (/1 og /2). Vidare har me med bruksnummeret, gardsnamnet og sidetalet. Me har òg teke med ein del tilvisingar til andre bygdebøker i nærområdet. Me har då teke med namnet på verket, bandnummeret, gardsnamnet og sidetalet. Nokre av dei bøkene me refererer mest til, er Gardsog ættesoge for Eidfjord (1992) (forkorta til Eidfjord), Jondal kommune gards- og slektssoge (2003) (forkorta til Jondal I og II), Ættarbok for Kvam (1957 1973 og 1987) (forkorta til Kvam I, II, III og IV), Kvinnherad (1972 1992) (forkorta til Kvinnherad I, II, III, IV og V), Slektsbok for Tørvikbygd, Strandebarm og Mundheim (2008 2009) (forkorta til TSM I, II og III), Skåneviksoga (1981 1998) (forkorta til Skånevik I, II, III og IV), Ulvik gards- og ættesoga (1987) (forkorta til Ulvik I og II) og Ættarbok for Granvin (1995) (forkorta til Granvin). skrivemåte av gardsnamna Dei to viktigaste omsyna for vala me har gjort av skrivemåte av gardsnamna, har vore tilpassing til lokal uttale og reglane som går fram av kommentarane til stadnamnlova. Stadnamna våre har gjennom det meste av historia levt fyrst og fremst gjennom munnleg bruk, det har heilt fram til vår tid vore den primære eksistensforma og kjelda til stadnamn. Slik er det med gardsnamna òg, endå dei òg har ein viss skriftleg tradisjon. Den munnlege tradisjonen har gjennom dansketida vist seg å vera mykje meir påliteleg når det gjeld å ta vare på forma på namna enn kva den skriftlege tradisjonen har vore, det er ofte stort samanfall mellom formene som har levt i dialektane, og den forma ein finn i gamalnorske kjelder. I dansketida vart norske stadnamn i skrift ofte fordreia til det ukjennelege av embetsmennene, som stort sett hadde lite kjennskap til det lokale språket. Dei hadde ikkje føresetnader for å skjøna namna, eller dei (feil)tolka namna og omsette dei etter dansk rettskriving. Dette gjorde at dei skriftlege formene av namna i perioden frå 1500 og fram til 1800-talet vart svært skiftande og dimed i stor grad upålitelege. Det kan sjå ut til at denne trongen til å forvanska namna har minka etter kvart, for frå 1700-talet og framover har namna litt etter litt nærma seg den tradisjonelle munnlege uttalen att. Utviklinga skaut fart på 1800- talet, då det norske sjølvmedvitet vakna, og i 1913 kom ein viktig milepæl då det vart bestemt at norske stadnamn skulle normerast etter norsk mål. Det var ikkje gjort med eitt slag, og i praksis har det vore ein prosess som framleis held på. Men det er eitt tilhøve som har endra seg undervegs, den tradisjonelle uttalen har 11

ullensvang 1964 2014 dei seinare år byrja å vakla, og skrivemåten har vorte meir normgjevande for talen no enn før, i eit samfunn med større geografisk mobilitet og svakare tilknyting til det tradisjonelle jordbrukssamfunnet. Dette fører til at tradisjonell, nedarva uttale står i tydeleg fare for å verta marginalisert og gløymd. I eit historieverk som det me no held på med, og som vil verta tilgjengeleg for heile befolkninga i Ullensvang, er ei av oppgåvene å ta vare på minnet om og auka kunnskapane om lokale tilhøve. Stadnamna kjem inn som ein naturleg del av dette, og me har sett trongen til å handsama stadnamna på ein meir gjennomtenkt måte enn det som ofte har vore gjort tidlegare. Det er eit ynske hjå oss at folk skal vita om og bruka den nedarva uttalen av gardsnamna i Ullensvang. Me har difor ført skrivemåten av alle gardsnamna i Ullensvang so nært uttalen som dei offentlege retningslinjene for normering av stadnamn tillèt oss å gjera. Gardsnamn og andre stadnamn utanfor Ullensvang fylgjer tilrådd skrivemåte i Sentralt stadnamnregister. I byrjinga av kvart gardskapittel er det sett opp nokre språklege opplysningar om gardsnamna. Mellom anna er det lista opp eldre skrivemåtar av namna. Skrivemåtane fram til om lag 1500 er henta frå Diplomatarium Norvegicum og andre trykte avskrifter av primærkjeldene; her har me berre sjekka originaldokumenta i nokre få tilfelle der skrivemåtane verka tvilsame. For alle nyare førekomstar av namna har me gått gjennom skanna bilete av originaldokumenta, som no ligg tilgjengelege på nettet. I standardverket om gardsnamn i Noreg, Norske Gaardnavne av Oluf Rygh, har det vist seg å vera mange døme på feilskrift av eldre skriftførelegg. Det vil difor vera ein del tilfelle av avvik mellom skrivemåtane som er opplyste der, og det som står i dette verket. Normeringane av gardsnamna til gamalnorsk er i større grad enn vanleg gjort etter den norske varianten av norrønt, slik at diftongen som i Norrøn ordbok vert skriven ey, vert her skriven øy, og konsonantsekvensane hl, hn og hr vert her skrivne l, n og r. Det er i samsvar med utviklinga i talemålet i Noreg etter år 1000. skrivemåte av bruksnamna Bruksnamn er i stor grad ein meir uformell og munnleg stadnamnkategori som er meir sjeldsynt i skrift. Me har for det meste fylgt forskrifta for stadnamnnormering ved val av skrivemåtar for desse namna òg, men me har valt å gjera undantak for ein viktig kategori, nemleg dei bruksnamna som består av ei personnemning i genitiv, t.d. Aodnes, Melands og Smeda. Desse har i dag ein so munnleg karakter, mange av dei har knapt vore skriftfeste før, at det ville gjera mange av dei ukjennelege om me normerte dei for mykje. Me har lagt vinn på å samla inn flest mogleg av dei bruksnamna som har vore brukte lokalt. Mange av dei som ikkje står i matrikkelen, har me fått av eldre lokalkjende folk som me har intervjua. Ein del av bruksnamna har vore mindre brukte dei seinaste åra, slik at det kan førekoma at eigarane sjølve ikkje kjenner til dei. Sidan mange av desse namna ikkje har vore dokumenterte før, har me sett det som viktig å ta dei med her, slik at dei ikkje går i gløymeboka. Dei usamansette genitivsnamna er dessutan ein sjeldan namnetype i Noreg, som ifylgje stadnamnlitteraturen berre er utbreidd i serleg grad i Hardanger på Vestlandet og på Modum og i Østerdalen på Austlandet. Andre stader er ein eller annan etterlekk obligatorisk, oftast -bruket, -garden, -huset, -stovo, -tunet eller -folket. Desse namna førekjem stundom med etterlekk i Ullensvang òg, og bruken av det varierer ofte frå namn til namn og frå person til person. I dette verket har me valt å fylgja det som tykkjest vera hovudmønsteret, nemleg at namn med høyrleg genitivsform kan stå usamansette, t.d. Halldors, og at andre namn helst bør ha etterlekk, t.d. Jobruket. skrivearbeidet Marta Gjernes har skrive grende sogene og ættarsogedelen. I arbeidet med ættarsoga har ho nytta seg av dataprogrammet Busetnadssoge (BSS) utvikla av Snøhetta forlag. Opplysingane frå bøkene til Kolltveit og dei innsamla skjemaa vart registrerte i programmet, lenkte saman og seinare kontrollerte og supplerte med informasjon frå dei andre kjeldene. Etterpå har det vore fleire kontrollrundar med utsending til grendekontaktar og til alle husstandar. Ho har halde til i Oslo og seinare på Ås, men har med jamne mellomrom hatt arbeidsplassen sin på biblioteket i Kinsarvik, der ho er vorten teken godt imot av bibliotekarane og av heradet. Å vera bygdebokforfattar kan til tider vera eit einsamt yrke med lange dagar framfor dataskjermen. Då er det godt å ha gode støttespelarar. Nils Olav Østrem har med si erfaring vore ein viktig fagleg støttespelar og rådgjevar under heile skriveprosessen. Vidare har han skipa til seminar som har opna for møte med både fleire fagfolk innan feltet og med bygdefolk. Han har òg skaffa til vegar ein del av kjeldematerialet og teke ansvar for kontrollarbeidet med dei. 12

Innleiing Erlend Trones har skrive omtalen av gardsnamna. Elles er det han som heile vegen har sytt mest for det praktiske. Mellom anna har han teke seg av organiseringa av kontrollarbeidet. Her har han sjølv òg gjort ein framifrå innsats ved å ringja rundt, samla inn manglande informasjon og leggja det heile til rette for forfattaren. Vidare har han gjort eit stort arbeid med å samla inn bruksnamn, og han har vore rådgjevar for skrivemåten av både bruksnamna, gardsnamna og elles for språkbunaden i heile verket. Bygdeboknemnda har vore ein viktig diskusjonspartnar som har kome med nyttige innspel undervegs i skriveprosessen. Dei har velvillig trådd til for å hjelpa til med ulike oppgåver for å letta arbeidet for forfattaren, og dei har lese korrektur av manuset. I tillegg har opp imot 100 grendekontaktar vore i sving og hjelpt til med utdeling og innsamling av skjema, og vidare kontroll av opplysingane. Fleire har gjort ein stor innsats og har lagt ned mykje arbeid. Heimar og folk er skrive på grunnlag av all den informasjonen me har fått frå innbyggjarane sjølve, og såleis kan mest kvar husstand reknast som medforfattar av bøkene. Feil kjem me diverre ikkje utanom. Dei tek forfattaren det fulle og heile ansvaret for. 13