PLAN FOR TRUSOPPLÆRING i ÅSSKARD SOKN. Kyrkjelydens hovudmål for trusopplæring: Kyrkjelydens grunnlag og særpreg



Like dokumenter
MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

5. Soknerådsmøte mai Referat

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

k o n f i r mant 2013

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Velkomen til soknerådskurs

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

10/60-14/N-211//AMS

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Visitasforedrag ved bispevisitas i Sogndal og Leikanger og 29. april 2018

Vår grøne. kyrkjelyd

Visitasforedrag ved bispevisitas i Stord og Nysæter og 20. nov 2016

Plan for undervisning

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Årsmelding for Kaupanger sokneråd 2013

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

GODE SAMANHENGAR OG OVERGANGAR

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

Velkomen som konfirmant!

Årsmelding 2013 Fusa sokneråd (vedteken av Fusa sokneråd, 5. mai 2014)

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Sandeid skule SFO Årsplan

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Visitasforedrag ved bispevisitas i Samnanger november og 3. desember 2017

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Plan for overgangar. for barn og unge

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

KRAFTFÔR - TRUSOPPLÆRINGSPLAN FOR BORE KYRKJELYD 15. juni 2015 INNHALD

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Stemnehandboka for NKSF

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN!

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I BALESTRAND OKTOBER OG 3. NOVEMBER 2013

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Velkomen som konfirmant

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

MØTEBOK FOR SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Onsdag 5. juni

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Plan for Liabygda SFO

V e l k o m e n s o m. konfirm ant. Foto: Rune Sævig, Bergens Tidende VOSS EVANGER RAUNDALEN KYRKJELYDAR

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Årsmelding for Vats sokn 2016

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Ottar Bjørkedal Eid vgs

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

1. Stillingsstruktur og kompetansekrav for kirkelige undervisningsmedarbeidere

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

DIAKONIPLAN Revisjon av plan

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Førde, Else Osmundnes Kvamsås Leiar for Trusopplæringa

Velkomen til Mork barnehage

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

modell for vedtak om lokal grunnordning

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Transkript:

Åsskard sokneråd Referat frå møte 30. mai 2013 Til stades: Leiar Turid S. Eggen, sokneprest Bernt Venås, Knut Sæterbø, Grete S. Settemsdal, Bernt G. Bøe Sak 09/13 TRUSOPPLÆRINGSPLAN Vedtak: «Lokal plan: Åsskard sokn» - som er utforma av trusopplæringsleiar Bodil Kvam Aasbø på «blått» standardskjema - og med bakgrunn i nedanforståande «Plan for trusopplæring i Åsskard sokn» - blir å sende inn til bispedømet for førebels godkjenning. Det er nedanforståande versjon som inntil vidare er soknerådet vedtak. Soknerådet vil innan endeleg frist arbeide vidare i lag med Bodil for enda betre sameining av ordlyd og innhald i dei to versjonane. Som del av planprosessen har soknerådet laga eigen «Plan for konfirmantarbeidet i Åsskard sokn» (sjå siste del av sak 09/13). Denne skal følgje trusopplæringsplanen som utfyllande vedlegg. PLAN FOR TRUSOPPLÆRING i ÅSSKARD SOKN Kyrkjelydens hovudmål for trusopplæring: Vi vil gje våre døypte born og unge ei best muleg, systematisk og samanhengande trusopplæring. Den skal vekkje og styrke kristen tru og gje sentral kunnskap om den treeininge Gud, Bibelen og kyrkja. Trusopplæringa må legge til rette for oppleving av levande kristendom gjennom praktisk deltaking i gudstenester, kyrkjelege aktivitetar og verdibasert livsutfalding i samfunnet elles. Medmenneskeleg samhandling og nestekjærleik må vera ein del av målsettinga. Kyrkjelydens grunnlag og særpreg Åsskard sokn tilsvarar tidlegare Åsskard kommune. Det ligg i vestre del av Surnadal kommune og grensar mot Halsa sokn og kommune. Området har rundt 300 husstandar, nesten likt fordelte mellom dei to tidlegare skulekretsane Bøfjorden og Bæverfjord. Frå hausten 2012 har Åsskard ein barneskule (Bæverfjord, med rundt 40 elevar) og to barnehagar (Bæverfjord og Bøfjorden). Åsskard kyrkje (frå 1876) ligg midt i soknet. Dette har frå gammalt vore ein del av Stangvik prestegjeld. Kyrkjelyden har omlag 650 døypte medlemmer. I Åsskard er det årleg i underkant av 20 (18) kyrkjelege gudstenester, rundt 10 (8) dåp, 5 (4) brurevigsler og 10-15 (12) gravferder. Gjennomsnittleg gudstenestedeltaking dei siste åra er på rundt 65 (67). (Tala i parentes gjeld året 2012.) Kyrkja har samarbeid med ulike kristelege og kulturelle organisasjonar. Talet på kristelege (misjons-) foreiningar og aktive innan desse har går sterkt ned dei siste tiåra. I dag er berre eitt av tidlegare 3-4 bedehus i drift. Normisjon driv i dag, med hjelp av frivillige lokale arbeidarar, eit godt barnearbeid (Amigos) i soknet.

Kyrkja har eit aktivt musikkmiljø. Åsskard Kyrkjekor (starta 1975) gjer liturgisk teneste og står for konsertar og musikktiltak heime og i nabobygdene. Organisering og rammer for trusopplæringa Soknerådet har saman med stab og frivillige ansvar for gjennomføring av trusopplæringa. Tilsette (stab) utfører ein del av dette i samarbeid med soknerådet. Verdifull trusopplæring er også t.d. det nemnte barnearbeidet «Amigos», som er organsiert gjennom Normisjon. Soknerådet deler kvart år ut kristne bøker til 4- og 6-åringar og biblar til 11-åringar. Etter turnus mellom alderstrinna held ein årlege kyrkjevandringar (kyrkjekveldar) for born. Soknerådet har også utforma plan for konfirmantopplæringa der sokneprest, andre tilsette og frivillige deltek i gjennomføringa. Aktiv gudstenestedeltaking har ein vesentleg plass i denne planen. Trusopplæringa er i utgangspunktet lokalbasert. Men ein ser positivt på fruktbart samarbeid med nabosokna, t.d. om felles sommarleir, felles kor/musikktilbod og ymse kristne fellesarrangement. Kyrkjelydspedagogen er trusopplæringsleiar. Vedkomande kunngjer aktivitetane til kvar tid og legg dei praktisk til rette i samarbeid med sokneråd og stab. Her ligg soknets trusopplæringsplan til grunn. På vegner av det kyrkjelege fellesrådet arbeider kyrkjeverja fram budsjett / økonomi for trusopplæringa. Sentrale dimensjonar A. Aktivisering og gudstenestefeiring * Vi vil at born og unge skal kjenne at dei hører til i kyrkja si, kyrkjelyden sin og i den kristne trua. Difor vil vi legge til rette for praktisk deltaking i kyrkjelege aktivitetar mellom anna i gudstenesta. Nokre døme på dette: - Aktivisering i kyrkja/kyrkjelyden i høve «bokfasene» (utdeling av 4- og 6-årsbøker og biblar) - Praktiske og liturgiske oppgåver i tilknyting til gudstenesta (jf konfirmantplanen) - Kartlegging og bruk av unge ressursar i vid kyrkjeleg samanheng (musikk, dans, drama o.a.) - Gudstenester o.a. aktivitetar med barn/unge som målgruppe og særlege aktørar B. Heimen og kyrkja Det er svært viktig å støtte opp om heimen som arena for trusopplæring. Døme her kan vera: - Dåpssamtalen som kontakt- og informasjonsforum - Få fram meininga med dåpslys, dåpsbilete o.l. - Bevisstgjering av foreldre og fadderar, med konkrete tips om arbeidsmåtar og tilbod - Konkret invitasjon til føresette og fadderar i høve ulike trusopplæringstiltak - Tilby babysong og småbarnsong viss muleg - Bevisstgjera på bruken av 4-årsboka, 6-årsboka og bibelen som er gjeve

- Dele ut trusopplærings-dvd en «Kyrkja mi» og stimulere til bruk av den C. Borna og dei unge i gudstenesta Feiring av gudsteneste er eit grunnleggjande element i alt som har med kristen tru å gjera. Forståinga av ordet «liturgi» som «folket i handling» er også sterkt poengtert i den nye gudstenestereformen. Aktivisering av born, konfirmantar og ungdom må difor prioriterast høgt. Mange av tiltaka i denne planen tek sikte på dette. Det gjeld m.a. gudstenesteopplegg i tilknyting til 4- og 6-årsbøker og bibel-utdeling, Tårnagent- / Lys Vaken-opplegg (eller tilsvarande) og ikkje minst tilrettelegging av tenesteoppgåver for konfirmantane gjennom heile konfirmantåret og gjerne vidare oppfølging av dette. D. Frivillige medarbeidarar Kyrkja er Kristi lekam beståande av dei døypte i soknet. Frivillig deltaking i kyrkjelege aktivitetar er avgjerande for å ha ei levande kyrkje. Andsynes dette er det viktig å - kartlegge ressursar, lyst og eigenskapar hos frivillige i kyrkjelyden - legge til rette for at desse ressursane blir nytta og får utfalde seg positivt - skape inspirerande samarbeidsklima mellom sokneråd, stab og frivillige - vise verdsetting av frivillig innsats gjennom verbal og synleg takk E. Samarbeidet innan lokalkyrkja Soknet er kyrkja si grunneining. Soknerådet har formelt mynde til å leie verksemd t.d. trusopplæring - i soknet. Det er såleis avgjerande at dei som er valde inn i soknerådet, på positiv måte blir kjende med sine rettar og sitt formelle ansvar. Viktige punkt her: - Kyrkjekontoret må syte for god informasjonsflyt til og frå sokneråda - Soknepresten, som er fast medlem av soknerådet, bør vera informasjonsressurs begge vegar - Sokneråd og tilsette må syte for gode samarbeidsrutiner Dei tilsette har kvar sine ansvarsområde. Nokre hovudtrekk som gjeld trusopplæring (i vid forstand), kan nemnast her: - Presten har dåpssamtalar, konfirmantundervisning og ansvar for gudstenester - Kantor/organist er musikalsk leiar med ulike aktivitetar i kyrkjelyden - Kyrkjetenar er ansvarleg for at kyrkjeanlegget med utstyr og inventar kan nyttast til trusopplæringsføremål etter planen - Diakonen er omsorgsleiar i kyrkja og deltek under trusoppplæringstiltak i tråd med stillinga. M.a. har vedkomande overordna ansvar for å administrere den årlege Kirkens Nødhjelp-aksjonen. - Kontorpersonalet har i samråd med trusopplæringsleiar og sokneråd ansvar for å skaffe materiellet som trengst til trusopplæringa - Kyrkjelydspedagog / trusopplæringsleiar set i verk og følgjer opp trusopplæringstiltak i samarbeid med sokneråda og i tråd med vedteken plan. F. Samarbeid med kristelege organisasjonar Også innan trusopplæring er det viktig at soknet samarbeider med kristelege organisasjonar og på den måten best muleg kan nå målet for trusopplæringa (sjå Hovudmål, ovanfor). Særleg gjeld dette arbeidet som er retta mot dei aktuelle

alderstrinna for trusopplæring (0 18 år). Informasjon om t.d. søndagsskule, kristelege barnetiltak og ungdomsarbeid må gjevast systematisk til heimane og gruppene det gjeld. G. Informasjon om trusopplæringstiltak Dagens samfunn krev gjennomtenkte kommunikasjonsmetodar for tiltak ein vil gjera kjent. Innan trusopplæringa kan ein t.d. satse på - muntleg informasjon ved formelle høve, t.d. dåpssamtalar, gudstenester, undervisningstimar o.l. - personleg, uformell invitasjon gjennom samtalar, telefon, tekstmeldingar, e-post, o.l. - skriftleg invitasjon (brev) - plakatar - presse (redaksjonell kontakt, pressemelding, innlegg o.l., gjerne med foto) - nettstasjonar - sosiale media (Facebook o.l.) - informasjonsark, foldarar og kalenderar H. Tilrettelegging og inkludering Trusopplæringstiltak er for alle døypte. Difor må ein ha i tankane at ingen bevisst eller ubevisst blir haldne utanfor. Moment i denne samanheng kan vera: - Lokalisering, arrangere tiltaka der flest muleg kan delta - Skyssordningar, gjerne samordning av skyss - Tilpassa opplegg for alle med bruk av ulike verkemidlar - Unngå element som ekskluderer grupper eller enkelte - Pedagogisk tilrettelegging og gjennomføring - Regelmessig evaluering I. Diakoni Omsorg All trusopplæring bør ha ein diakonal dimensjon slik at vennlegheit, omtanke og omsorg både ligg til grunn i tiltaka og er blant måla med opplæringa (sjå ovanfor). I praksis kan dette syne seg i: - Bruk av bibelstoff (lesing, forteljing, dramatisering) - Samhandlingsoppgåver som aktualiserer praktisk nestekjærleik - Besøk på institusjonar, gjerne med programinnslag ved borna - Veldedige tiltak, t.d. Fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp J. Musikk og andre kulturelement «Kultur» heng saman med «å dyrke» - i vår samanheng forstått som å dyrke fram, foredle og ta i bruk det som er byggjande i kyrkjeleg forstand (jf Hovudmålet, ovanfor). I trusopplæringa kan følgjande element vera aktuelle: - Songar av ulike slag, tilpassa dei ulike stadia i oppvekstløpet (0-18 år) - Musikalsk aktivitetar innan eller utanom songstoffet (instrument, dans, samhandling, etc.) - Tilbod om babysong, småbarnsong, kor, songgruppe, instrumentopplæring, dans o.l. - Fokusering på musikkens plass i kyrkje og gudsteneste og på bruken av instrument i kyrkja (orgel m.m.) - Litterære element (regler, rim, opplesing, forteljing, dramatisering)

- Tilbod om kyrkjeleg dramagruppe - Bruk av 4-årsbok, 6-årsbok, bibel, salme- og songbøker - Kunsten som estetisk trus-uttrykk i Bibelen, kyrkja og samfunnet. Opne for kyrkjeleg kunstoppleving. - Aktivisering av borna til eigne kunstuttrykk (teikning, måling, foto, film) og bruk av slike produkt i kyrkjeleg samanheng - Kyrkjebygget som inspirasjon til litterære, kunstnarlege og musikalske uttrykk for born og unge - Særlege samkomer / arrangement der desse elementa står sentralt (songkveldar o.l.) K. Misjon Misjonspåbodet («dåpsbefalinga») er mandat og grunnlag for all trusopplæring. Dermed er misjon i vid forstand eit sentralt moment. Misjon kan sjåast som både kyrkjehistorisk og dagsaktuelt fenomen. Sokna i Stangvik og Surnadal har vedteke misjonsprosjekt (Beghi, Etiopia) som permanent satsingsområde. Misjon kan innordnast i trusopplæringa på fleire måtar: - Misjonspåbodet («dåpsbefalinga») som lærestoff, med utdjuping, forklaring og aktualisering - Misjonspåbodet som (forpliktande) del av dåpen og såleis vesentleg for alle døypte - Misjonsprosjektet med oppfølging / informasjon om sosial og religøs gevinst av pengegåvene - Misjonsforeiningar i bygda, aktive folk vi kjenner, lokale (bede-)hus og verksemda der - Misjonssongar - Stoff om misjon og misjonærar (Livingstone, Schreuder, Skrefsrud, Annie Skau Berntsen o.a.) - Solidaritet med folk (også jamaldringar) i «misjonslanda», kulturkunnskap og - forståing * Følgjande sær-plan for konfirmantarbeidet blir å legge ved trusopplæringsplanen: Plan for konfirmantarbeidet i Åsskard sokn Overordna mål: «Vekke og styrke det kristne livet som er gjeve i dåpen. Gje konfirmantane god kristen kunnskap og oppleving av levande kristendom i lokalmiljøet og elles. Hjelpe born og unge til å vekse opp i den kristne trua og gje dei ei sterk og positiv tilknyting til deira eigen kyrkjelyd.» Soknerådet er plan-ansvarleg for konfirmantopplegget. Presten har, i nært samarbeid med soknerådet og andre kyrkjeleg tilsette, ansvar for sjølve konfirmantundervisninga. Ein ønskjer sentrale tiltak organisert på følgjande måtar:

1. Orienteringmøte med konfirmantane og deira føresette Ansvar: Soknerådet Medverkande: Prest. Trusopplæringslærar. Organist. Andre aktuelle Kyrkja Tidspunkt: Ved starten av konfirmantåret Solid informasjon om korleis konfirmantåret er lagt opp. Tydeleg liste over oppgåver, oppmøte, stader og datoar. Kartlegging av interesser og ønske av tenesteoppgåver med tanke på konfirmanten som ressurs i kyrkjelyden. Samtale med foreldra og kartlegging av deira tankar, meiningar og ønske. 2. Presentasjon av konfirmantane for kyrkjelyden Ansvar: Soknerådet Medverkande: Prest. Soknerådet. Andre aktuelle Kyrkja Tidspunkt: Første gudsteneste i konfirmantåret <Men ikkje samtidig med 50-års konfirmantjubileum, fordi det da blir for lite fokusering på årets konfirmantar!> Konfirmantane som objekt for særleg omtanke og forbøn dette året. Verdig og saksvarande presentasjon av kvar konfirmant. Aktiv deltaking av konfirmantane i denne som i seinare gudstenester. 3. Aktivisering av konfirmantar i gudstenesta Ansvar: Gudstenesteutval i samarbeid med prest og sokneråd Medverkande: Kyrkjevert. Andre aktuelle Gudstenestestaden Tidspunkt: Regelmessig Tenesteoppgåver før, under og etter gudstenesta Mest muleg i tråd med konfirmantane sine eigne ønske og evner Utforming av forbønsemne til gudstenesta Større roller i nokre av gudstenestene - som t.d. Allehelgensgudsteneste * Lysmesse * Påskevandring Planlegging og aktiv deltaking i minst ei særleg («ungdoms») gudsteneste før konfirmasjonen <Ein bør drøfte anna namn enn «Ungdomsgudsteneste», som kan mistolkast.> 4. Undervisning Ansvar for innhald og gjennomføring: Medverkande: Soknepresten i samråd med sokneråd (plan) og stab Organist, andre tilsette og frivillige etter avtale Så langt råd er, i den lokale kyrkja konfirmanten høyrer til 5. Fasteaksjon for Kirkens Nødhjelp Ansvarleg: KN-kontakt i samarbeid med sokneråd og prest Medverkande: Konfirmantane, deira føresette, soknerådets KN-kontakt Soknet. Frammøtestad etter avtale Tid: KN sin fastsette aksjonsdag (før påske) God informasjon til konfirmanten og heimane i god tid.

Grundig førebuing, gjerne med med felles inspirasjonssamling. Materiell og eventuelt besøk frå Kirkens Nødhjelp. Praktisk tilrettelagt «Dør-til-dør»-aksjon 6. Konfirmanthelg (Leir) Ansvarleg: Sokneprest i samarbeid med soknerådet Medverkande: Andre i staben Leirstad eller anna høveleg lokale Tid: Årleg Undervisning. Bygging av kristent ungdomsmiljø, med høvelege aktivitetar Kva type leir og lokalisering av den bør vurderast til kvar tid 7. Konfirmanten og det lokale kristenlivet - Skape tilknyting til gudsteneste- og kristenliv i heimesoknet og andre bygder - Opprette og vedlikehalde kontakt med aktuelle kristne ungdomsmiljø - Legge til rette for treff, samlingar, konsertar og andre kristne ungdomsarrangement - Invitere besøkande kristen-grupper som har gode tilbod i tråd med konfirmantplanen Sak 10/13 KYRKJEKALENDER Del II 2013 Vedtak (med atterhald */**) Juni 09 Søndag GUDSTENESTE 11.00 Vertar: Turid/Grete Takkoffer: Kirkens SOS. Kyrkjetrim. Bøfjordhelga 16 Søndag JONSVAKA 19.30 Vertskap: Kyrkjekoret KÅSERI («Kyrkje og kunst»). Kaffe. KONSERT Billettar 150,- kr. Juli 21 Søndag GUDSTENESTE 11.00 Vert: Jane Takkoffer: Kirkens Bymisjon (Trondheim) August 18 Søndag FRILUFTSGUDSTENESTE ved Kleppnausta *) 18.00 Vertskap: Soknerådet September 01 Søndag GUDSTENESTE 11.00 Vert: Grete Presentasjon av konfirmantane. Takkoffer: Misjonsprosjektet 29 Søndag GUDSTENESTE (Hausttakkefest) 11.00 Vertskap: Soknerådet og 50-års konfirmantjubileum. Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet Åsskard Bygdekv.lag Oktober 20 Søndag FAMILIEGUDSTENESTE 11.00 Vertar: Bernt / Turid Takkoffer: Amigos * November

03 Søndag GUDSTENESTE (Allehelgensdag) 19.30 Vert: Knut Takkoffer: Gjevartenesta for diakoni og trusopplæring 17 Søndag FELLES GUDSTENESTE i Stangvik kyrkje **) 11.00 Biskopen deltek. Takkoffer 21 Torsdag SONGKVELD i Åsskard kyrkje **) 19.30 Vertskap: Soknerådet Kollekt til Kyrkjemusikalsk arbeid 24 Søndag FELLES GUDSTENESTE i Øye kyrkje **) 11.00 Biskopen deltek. Takkoffer Desember 08 Søndag JULEKONSERT 19.30 Vertar Grete/Jane Kor. Solistar. Instrument. Allsong. Bilettsal eller kollekt til musikkarbeidet. 15 Søndag LYSMESSE 19.30 Vert: Bernt Konfirmantane. Biblar til 11-åringar. Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet 24 Julaftan JULEGUDSTENESTE 16.00 Vert: Turid Takkoffer: Redd Barna *) Tidspunkt for friluftsgudstenesta 18. august kan bli endra. **) I veka frå 17. til 24. november er biskop Ingeborg Midttømme på visitas i Stangvik og Surnadal. Difor ei rekkje felles arrangement, m.a. gudstenestene i Stangvik 17.11 og i Øye 24.11. Songkvelden i Åsskard 21.11 er eit framlegg frå soknerådet i høve bispevisitasen og vil bli drøfta i møte med prosten tysdag 4. juni. Så snart alle detaljar er klare, vil kyrkjekalenderen bli sendt ut til alle heimane i Åsskard. Møtet slutt. Kyrkjestua 30.05.13 For soknerådet, Bernt G. Bøe/skrivar