HANDLINGSPLAN MOT VALD I NÆRE RELASJONAR FOR SUND KOMMUNE 2012 2015



Like dokumenter
Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar Venke Johansen og Inge Nordhaug

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Godkjent av kommunstyret

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

10/60-14/N-211//AMS

Sandeid skule SFO Årsplan

Velkomen til Mork barnehage

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

2 Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. 5 Barns rettar og foreldrerolla. 8 Demokrati og verdiar

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Plan for overgangar. for barn og unge

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

1. Mål med samhandlingsreforma

Vold mot kvinner og barn er eit stort folkehelseproblem

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Kvalitetsplan mot mobbing

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Til deg som bur i fosterheim år

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Tilvising til PPT. Etternamn Fornamn og mellomnamn Fødsels- og personnummer. Teneste som er ønska frå PPT (set kryss):

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Du må tru det for å sjå det

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

Sjumilssteget. Til det beste for barn og unge

Øystese barneskule April - 08

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

SØKNAD OM HJELPETILTAK FOR BORN OG UNGE 0-18 ÅR.

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

ROS-analyse i kommuneplan

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Overgrepsmottak Primærhelsetenesta sitt tilbod til utsette for seksuelle overgrep og vald i nære relasjonar. Steinar Hunskår

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

Tenesteavtale 3. Mellom Ullensvang herad og Helse Fonna HF

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

NOTAT om familiehuset

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

Transkript:

HANDLINGSPLAN MOT VALD I NÆRE RELASJONAR FOR SUND KOMMUNE 2012 2015 Godkjent i Sund kommunestyre 19.06.2012

SUND KOMMUNE Dok.dato: 14.05.2012 Vår Ref: 2008001152-11 Arkiv: N-101.5 HANDLINGSPLAN MOT VALD I NÆRE RELASJONAR FOR SUND KOMMUNE 2012-2015 Innhold FØREORD...2 1. OPPSUMMERING...3 1.1 HANDLINGSPROGRAM...4 2. INNLEIING...8 3. PLANORGANISERING...9 4. DEFINISJONAR OG OMFANG... 10 5. STATLEGE OG REGIONALE FØRINGAR OG TILTAK... 12 6. PLANPROSESSEN... 14 7. TENESTETILBOD... 15 8. VURDERING AV KARTLEGGING... 28 9. DRØFTING AV UTFORDRINGAR... 30

FØREORD Vald i nære relasjonar rammer hardt og det rammer mange. Regjeringa la i 2007 fram ein nasjonal handlingsplan kalla Vendepunkt. Med dette vart vald i nære relasjonar løfta ut av det private og over i det offentlege rom. Valden vert her skildra som alvorleg kriminalitet som i verste fall kan gje store helseskadar og vera brot på grunnleggjande menneskerettar. Vendepunkt skildrar 7 ulike tilnærmingar i førebyggjande tiltak og tiltak mot valden. I etterkant av Vendepunkt la regjeringa i 2010 fram ein Statusrapport. Rapporten skildrar det som er gjort på nasjonalt nivå i perioden 2008 2011. Gjennom 50 ulike tiltak, prosjekt, utviklingsprogram og nyetableringar vert det dokumentert eit omfattande arbeid som er i gang eller under planlegging. Eit sentralt tiltak er utarbeiding av kommunale eller interkommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar. Målet med kommunale planar er å planleggja førebyggjande arbeid mot vald, sikra at ofre for vald får eit tilrettelagt og heilskapleg tilbod i heimekommunen sin og oppfølging av valdsutøvar. Vidare skal planen bidra til å informera om at vald i nære relasjonar er utbredd i alle samfunnslag og den skal såleis syna korleis ein kan styrkja kunnskapsgrunnlaget på eit område som i dag er mangelfullt. Sitat frå Tove Smaadahl : Utfordringer for krisesentrene Ekte kjærlighet er fri for vold. Side 2 av 30

1. OPPSUMMERING Dette er Sund kommune sin første generasjons Handlingsplan mot vald i nære relasjonar. I Sund kommune er det nulltoleranse i høve til vald i nære relasjonar. Gjennom kartlegging er det avdekka eit variert forhold til, omfang av og oppfølging av vald. Det syner seg at tenesteområde med ansvar for barn og unge er best på registrering og oppfølging av vald i nære relasjonar, medan andre tenesteområde må arbeida meir for å få på plass betre system. Med innspel til planen frå tenesteområda og brukarorganisasjonane kjem det tydeleg fram nokre tiltak som er sentrale for alle tenesteområda i kommunen. Det er: - Informasjons- og opplysningsarbeid om vald i nære relasjonar - Førebyggjande tiltak mot vald i nære relasjonar - Oppretting av betre samarbeidsstrukturar internt og eksternt - Kompetansebygging og vegleiing - Oppfølging og rehabilitering av valdsutsette og valdsutøvar - Samarbeid mellom det offentlege og frivillige lag og organisasjonar Desse tiltaka utgjer handlingsprogrammet for planen og er verktøyet som skal nyttast for vidare utvikling av arbeid mot vald i nære relasjonar. Side 3 av 30

1.1 HANDLINGSPROGRAM Tiltak 2012 2013 2014 2015 Ansvarleg Informasjons - og opplysningsarbeid Laga informasjonsbrosjyre Informasjon på kommunen si heimeside Rådmannen si informasjonsgruppe vert etablert Temadag på seniorsenteret Årleg tema på samlingar mellom tilsette og føresette Ulike samlingar der tema vald i nære relasjonar er oppe Rådmannen Fagleiar /einingsleiar Leiarar av råd, lag og organisasjonar Konsultasjonsteamet informerer Bruka eldrerådet, rådet for menneske med nedsett funksjonsevne og andre råd/lag som kanalar for informasjonsarbeid Førebyggjande tiltak Kompetansetiltak for tilsette i regi av RVTS (Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsføre- Bygging) Kurs for leiarar av lag og organisasjonar Helsestasjonen startar ekstra opp- Opplæring i metodar/ verktøy for tidleg oppdaging av vald Kurs om «Vern for eldre» Alle over 75 år får samtale med helsefagperson Styrka barnevernet med psykolog Rådmannen Fagleiar / einingsleiar Side 4 av 32

Oppretting av seniorsenter med transport til/frå Diverse informasjonsmateriell til barnehage, skule, helse og asyl-mottak Bruka «Samarbeidsråd for tros og livssyn i Bergen» ved behov følgingsprogram for barn som ikkje er i barnehage Styrka barnevernet med familieterapeut Bruka «Samarbeidsråd for tros og livssyn i Bergen» ved behov Styrka skulehelsetenesta Kompetanseauke v/rvts Bruka «Samarbeidsråd for tros og livssyn i Bergen» ved behov Etablering av helsestasjon for eldre Kompetanseauke v/rvts Bruka «Samarbeidsråd for tros og livssyn i Bergen» ved behov Oppretta betre samarbeidsstrukturar, internt og eksternt Organisera for betre informasjonsflyt mellom helsestasjonen og barnehagane, mellom barnevernet og helsetenesta og mellom barnevernet og skulane Organisera for betre samarbeid med eksterne etatar/avdelingar Jobba for alltid å organisera tenestene til det beste for godt tverrfagleg samarbeid Rådmannen Fagleiar /einingsleiar Barnehuset (Helse Bergen) Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) Øyane DPS Side 5 av 32

Kompetansebygging og vegleiing Etablere vegleiingtilbod med RVTS Kompetanseauke v/rvts Kurs i sinnemeistring Utarbeiding av kommunal rettleiar med tiltak for handtering av vald Kompetansebygging for tilsette og leiarar i frivillige lag og organisasjonar v/rvts Årleg tverrfagleg konferanse med vald som tema Kompetanseauke innan fleirkulturelt arbeid Kompetanseauke og vegleiing v/rvts Kurs /støttegrupper for familiar med rusproblematikk Temakveldar i skule og barnehage Kompetanseauke og vegleiing v/rvts Rådmannen Fagleiar /einingsleiar og leiarar i lag og organisasjonar Prosjektgruppe for utarbeiding av rettleiar Vegleiing v/rvts Oppfølging og rehabilitering av valdsutsette Konsultasjonsteamet for barn og unge Barnehuset i Bergen Krisesentertilbod i Bergen Overgrepsmottaket på Bergen legevakt Auka dagtilboda for psykiatri og demens med fleire opningsdagar i veka Organisera for «eldre hjelper eldre» Behandlingstilbod for valdsutøvar Etablerer konsultasjonsteam for vaksne og eldre Systematisk bruk av individuell plan Bruka «sinnemeistringstilbod» på Familievernkontoret Bruka «sinnemeistringstilbod» på Familievernkontoret ved behov Nytta politiet sine tilbod etter behov Rådmannen Fagleiar /einingsleiar Samordningsteamet (SOT) Rehabiliteringsteamet Kriseteamet Side 6 av 32

Samarbeid mellom det offentlege og frivillige lag og organisasjonar Familievaldskoordinator hos politiet Nytta politiet sine tilbod etter behov Bruka familievernkontoret på Straume sitt «sinnemeistringstilbod» Styrka samarbeid med brukarorganisasjonane med å ha med brukarrepresentant i kommunale utviklingsprosessar Bruka Frivilligsentralen som informasjonskanal Bruka «sinnemeistringstilbod» på Familievernkontoret ved behov Nytta politiet sine tilbod etter behov Oppretta samarbeid med MIRA (ressurssenter for innvandrar- og flyktningkvinner ) ved behov Nytta politiet sine tilbod etter behov Fagleiar / einingsleiar Leiar Frivilligsentralen Leiarar av lag og organisasjonar Side 7 av 32

2. INNLEIING Vald i nære relasjonar har alvorlege konsekvensar både på individnivå og samfunnsnivå. Det rammar hardt og medfører krenking både fysisk og psykisk. Valden vert opplevd som eit grovt tillitsbrot fordi den som utøver valden er eit menneske ein i utgangspunktet har eit nært forhold til. Vidare føregår valden ofte på ein stad der ein skal føla seg trygg i sin eigen heim. Vald i nære relasjonar gjer helseskadar og er brot på grunnleggjande menneskerettar. Det inneberer alt frå einskildhending til langvarig og omfattande mishandling. Valden kan vera alt frå fysisk vald, seksuelle overgrep, valdtekt og kjønnslemlesting, til psykisk vald inkludert truslar om vald, til sosial vald med isolasjon eller avgrensing av kontaktar og vald i form av kontroll med økonomiske ressursar. Ingen former for vald i nære relasjonar kan bortforklarast t.d. som eit kulturfenomen eller anna som kan føra til nokon form for legalisering Sund kommune sin handlingsplan mot vald i nære relasjonar omfattar alt frå einskildsaker til langvarig og meir omfattande mishandling. Planen gjeld for barn, ungdom, vaksne og eldre av begge kjønn. Når tiltaka skal realiserast vil det vera ei utfordring å sjå behov, konkrete målsettingar og naudsynte tenestetilbod innanfor tenesteområdet vald i nære relasjonar i samanheng. Bakgrunn I desember 2007 la Justis- og politidepartementet fram ein handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Planen er kalla Vendepunkt. Saman med planen er det og laga ein Vegleiar for utvikling av kommunale handlingsplanar. Sidan den tid har departementet jobba med iverksetting av tiltak. Det som er gjort er oppsummert i ein statusrapport som kom ut i februar 2010. Rapporten syner at det er sett i gang mange tiltak både på statleg og regionalt nivå. I Sund kommune var det eldrerådet som først la fram sak om planen (EL-013/08). Der vert kommunestyret oppmoda om å setja saka på kartet og syta for at problemfeltet får auka merksemd og at relevante tiltak vert sette i verk. Side 8 av 32

Kommunestyret gjorde i K-083/08 dette samrøystes vedtaket: Saksgruppe levekår og nærmiljø får ansvar for å følgja opp saka i samråd med eldrerådet og andre aktuelle instansar, med siktemål å få laga ein kommunal handlingsplan mot vald i nære relasjonar, herunder vald mot eldre. Same året kom det brev frå aktuelle departement til ordførarane i kommunane med oppfordring om å arbeida ut ein lokal handlingsplan. I brevet står det m.a. Vi oppfordrer landets kommuner til å utarbeide lokale handlingsplaner mot vold i nære relasjoner, og å prioritere et tverrfaglig samarbeid for å forebygge denne typen overgrep.. Ett av målene har vært å utvikle redskaper som bl.a. kan bidra til at kommuner kan få kompetanse og veiledning i det lokale voldsforebyggende arbeid..kommunene må gjøre informasjon om lokale hjelpetilbud og rettigheter enkelt tilgjengelig. Sund kommune utarbeider ein samla plan mot vald i nære relasjonar. Planen omhandlar alle innbyggjarar der vald kan føregå. 3. PLANORGANISERING Planprosessen er prosjektorganisert. Styringsgruppe: Saksgruppe levekår og nærmiljø (SLN) Prosjektansvarleg: Rådmann Gerhard Inge Storebø Prosjektleiing: Einingsleiar hjelpetenesta Inge Ekerhovd og rådgjevar Ingebjørg Toft Prosjektgruppe: Einingsleiar omsorg Marita Hilleren Einingsleiar helse Svanhild Forland Einingsleiar NAV Sund Kristin Sekkingstad Fagleiar barnevern Inger Helgeland / Gerd Elin Marx Fagleiar psykiatri Monica Førde Landro Fagleiar funksjonshemma Marit Nielsen Rådgjevar skule Odd Jarle Hatland Barnehagekonsulent Anne Britt Fanekrog Brukarrepresentant ungdomsrådet, møtte ikkje Brukarrepresentant Anny Karin Sangolt, Sund pensjonistlag Brukarrepresentant Lisbeth Milsted, Mental helse Side 9 av 32

Målsetting I Sund kommune er det nulltoleranse i høve til vald i nære relasjonar. Gjennom kartlegging av behov, kompetanseutvikling, vegleiing og støtte er det lagt til rette for gode tenestetilbod for å førebyggja vald i nære relasjonar. Når vald i nære relasjonar er observert / registrert skal kommunen handla raskt med gode kunnskapsbaserte og individuelt tilrettelagte tilbod. Planen gjeld alle innbyggjarane i Sund kommune frå vogge til grav. 4. DEFINISJONAR OG OMFANG Vald i nære relasjonar er ei relativ ny problemstilling i samfunnsperspektiv. Før 1970 var det eit lite omtalt problem. Noreg har, saman med 16 andre land, for lengst nedfelt dette i lovverket som lovbrot. M.a. står det i Barnelova frå 1982 at det ikkje er lov å slå barn. Også i FN sin barnekonvensjon er det slått fast at fråvær at vald er ein barnerett. Vald kan definerast slik: Handling som er retta mot ein annan person og gjennom handlinga skadar, smertar, skremmer eller krenker og får denne personen til å gjera noko mot sin eigen vilje, eller sluttar å gjera noko han vil. (Isdal 2000). Vald i denne samanheng omfattar alt frå fysisk vald, seksuelle overgrep og kjønnslemlesting til sosial vald med isolasjon, eller grensesetting av kontaktar, æresvald og vald i form av kontroll av økonomiske midlar. Den er sjeldan ei isolert einskildhending, men eit mønster av ulike undertrykkjande og dominerande former for åtferd, der den fysiske valden berre er ein del av eit større bilete. Departementet sin handlingsplan Vendepunkt omtaler ulike typar vald: Fysisk vald rommar ulike handlingar som halding, dytting, klyping, slag, spark, bruk av våpen. Seksuell vald handlar om all vald som er retta mot personen sin seksualitet, frå seksuell trakassering til brutal valdtekt. Psykisk og sosial vald kan vera degradering og audmjukande åtferd, kontrollerande og utagerande sjalusi. Vald i nære relasjonar er eit skamfullt tema. Det er ofte skildra som familievald eller vald i heimen, og eit viktig aspekt er den underliggande trusselen om ny vald. Denne trusselen kan vera med på å styra alt det den utsette gjer i forsøk på å unngå ny vald. Det er kalla latent vald. Det er viktig å forstå at særleg barn observerer og vert påverka av heile valdsmønsteret. Side 10 av 32

Valden kan vera retta mot partnar, mot barn, mot foreldre, søsken og andre familiemedlemmer. Etter kvart er omgrepet utvida til også å gjelda vald mellom personar som kjenner kvarandre og står kvarandre nær, eller der det eksisterer eit avhengigheitsforhold. Vidare førekjem vald i nære relasjonar i likekjønna parforhold. Studie syner at homofile og lesbiske i mindre grad enn heterofile søkjer hjelp etter å vore utsett for vald av partnaren sin. Også i gruppa eldre skjer det vald i nære relasjonar. Overgripar er då i mange tilfelle barn eller barnebarn, men òg partnarar. Vald i nære relasjonar omfattar òg barn som er vitne til vald, tvangsekteskap, kjønnslemlesting og menneskehandel. Det kan vera ulike motiv for at ein utøver vald. Det kan t.d. vera impulshandlingar, frustrasjonar, avmakt, eller det kan liggja i oppdraging, tradisjon eller kultur. For betre å forstå alvoret bak dette, kan det vera nyttig å talfesta omfanget av vald i nære relasjonar i Noreg: 27% av kvinnene har erfart vald frå tidlegare eller noverande partnar ein eller fleire gongar (NIBR-rapport 2005) 10% av elevar i vidaregåande skule hadde opplevd vald mot ein av foreldra (NOVArapp.2007) Over 9% av vaksne kvinner og 7% av vaksne menn har opplevd seksuelle overgrep (NTNU-undersøking 2008) 25% har opplevt fysisk krenking av eigne foreldre minst ein gong (NOVA-rapp. 2007) 22% av jentene og 8% av gutane har opplevt eit mindre seksuelt overgrep, og meir enn 20 000 menneske har opplevt det same (NOVA-rapp. 2007) Kvart år overnattar 1 500 barn på krisesenter i Noreg Mellom 20 og 30% av alle drap dei siste 10 åra er gjort av noverande eller tidlegare partnar. (KRIPOS) Mellom 3 og 5% av personar over 60 år er utsett for overgrep og flest av dei er overgripar kjenning (Storberget mfl. (red.) 2007) Ingen tal om omfang på kjønnslemlesting I 2006 vart det registrert 350 saker om tvangsekteskap som vedkom 389 personar I sin yttarste konsekvens fører valden til tap av menneskeliv. Det er dokumentert av mellom 20 og 30% av alle drap dei siste åra er utført av noverande, eller tidlegare kjæraste, ektefelle eller sambuar. Studie syner at 40 % av alle barn som vert utsett for, eller er vitne til vald i nære relasjonar, utviklar fysiske og/eller psykiske symptom som dei treng hjelp til å handtera. I familiar der det førekjem vald kan det få konsekvensar som isolering, tabuisering, skam og utryggleik. Barn som opplever slike tilhøve kan utvikla kroniske traume som affektforstyrringar, relasjonsforstyrringar, identitetsforstyrringar og kognitive forstyrringar. I Side 11 av 32

familiar der far er valdsutøvar kan mor ha angst i relasjonen til barna og vert usikker på om ho er ei god mor når ho lever i eit valdeleg parforhold. Det er vanskeleg å setta ei eintydig grense for når valden går over til å vera mishandling som Isdal (2000) definerer som systematisk mønster av åtferd for å krenka, underkua eller øydeleggja ein person. 5. STATLEGE OG REGIONALE FØRINGAR OG TILTAK I den statlege planen Vendepunkt (2008-2011) er det peikt på konkrete tiltak på alle nivå som skal ivareta valdsofra. Men mest av alt legg ein opp til førebyggande tiltak for å unngå at valden skal skje. Gjennom 7 hovudpunkt er tiltaka konkretisert slik: Ofre for vald i nære relasjonar skal sikrast naudsynt hjelp og vern. Valdsspiralen skal brytast ved å styrkja behandlingstilboda til valdsutøvarar. Ofre for vald i nære relasjonar skal få tilbod om tilrettelagte samtaler med valdsutøvar (restorative justice). Samarbeidskompetansen og kunnskapen i hjelpeapparatet skal styrkjast. Forsking og utviklingsarbeid skal settast i verk og førast vidare. Vald i nære relasjonar skal gjerast meir synleg. Vald i nære relasjonar skal førebyggjast gjennom haldningsendringar. I tillegg er det kome fleire sentrale plandokument som på kvar sin måte ser på ulike grupper, og legg føringar for arbeid der vald i nære relasjonar er aktuelt: Strategi mot seksuelle og fysiske overgrep mot barn (2005-2009) Handlingsplan mot tvangsekteskap (2008-2011) Handlingsplan mot kjønnslemlesting (2008 2011) Opptrappingsplanen for rusfeltet (2007 2010) Statlege tiltak som er gjennomført Statusrapporten på oppfølging av Vendepunkt syner stor aktivitet på førebyggjande og oppfølgjande tiltak mot vald i nære relasjonar. Heile 50 konkrete tiltak er med i rapporten. Dei mest sentrale for innbyggjarane i Sund kommune er: Det er etablert barnehus i dei 7 største byane i Noreg, blant dei Bergen. Dei regionale ressurssentra mot vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) får eit særleg ansvar for å byggje opp kompetansen Lov om kommunale krisesentertilbod. Side 12 av 32

Styrkja kompetansen til dei som jobbar på krisesentra Det er oppretta døgnopen alarmtelefon for barn og unge som er utsett for ulike former for vald, overgrep eller omsorgssvikt. Fram til 2011 er det barnevernstenesta i Kristiansand som skal drifta alarmsentralen Det er oppretta støttetelefon for kriminalitetsofre Styrkja lærarkompetansen på vald i nære relasjonar Diverse nasjonale og regionale konferansar med erfaringsutveksling Kvinner som kjem til Noreg på familiegjenforeining skal sikrast opplæring i norskkunnskap. Vald, likestilling, tvangsekteskap, kjønnslemlesting, vert sentrale punk her Det er laga ei brosjyre på 9 språk om rettshjelp og rettssystemet Det er laga ein foldar Når eg vert så sint at eg nesten sprekk - på 5 språk Arbeid med å sikra dei som må leva på sperra adresse Valdsoffererstatningslova er endra slik at no kan òg barn som opplever vald mot nærståande person, og det kan skada barnet sin tryggleik og tillit, har barnet rett til oppreisningserstatning Strafferamma for mishandling av person i nære relasjonar er betydeleg auka. Dersom barn er vitne til valden, skal det leggjast skjerpande vekt på i straffeutmålinga Ofre for vald i nære relasjonar har rett til bistandsadvokat òg før det føreligg melding til politiet Styrking av rettstryggleiken til små barn som dør uventa og brått, ved å tilby foreldra dødsstadundersøking Vald i nære relasjonar er eige tema for soldatar i førstegangsteneste, der valdtekt, prostitusjon og menneskehandel er sentralt Diverse forsknings- og utviklingsarbeid på vald i nære relasjonar Kampanje for å synleggjera vald i nære relasjonar teaterforestillinga Sinna mann Pilotprosjekt om frivillig bruk av tilrettelagte samtaler om forsoning og liknande. Også i regi av konfliktrådet Side 13 av 32

For fengsla kvinner som har vore utsett for vald og overgrep er det i gang eit prosjekt med tanke på bearbeiding av erfaringane deira Regionale tiltak som er gjennomført Etablering av regionale sentre mot vald, traumarisk stress og sjølvmordsførebygging, RVTS Vest i Bergen Overgrepsmottak er etablert i alle fylker. For Sund kommune er det legevakta i Bergen Oppretting av ATV (alternativ til vald) tilbod i fleire byar, m.a. Bergen Sinnemeistringsprogram i Helse Bergen Bergen kommune er vertskommune for regionalt krisesenter. Sund kommune har slutta seg til samarbeidsavtala saman med fleire kommunar i Hordaland. Krisesentra skal ha universell utforming. Alle politidistrikt er pålagt å ha ein minstestandard 100% stilling for familievaldskoordinator Alle politidistrikt har no utstyr som gjer det mogeleg å gjera politiavhør med lyd- og biletopptak Førebyggingsarbeid : Prøveprosjekt på vidaregåande skule, godt samarbeid med skulehelsetenesta og rådgjevingstenesta skal på sikt endra haldningane til vald i nære relasjonar 6. PLANPROSESSEN Planprosessen starta med utarbeiding av prosjektplan. Prosjektplanen vart noko endra undervegs, då ein valde å gå vekk frå oppdeling i delprosjekt. Unntaket er innan område barnevern, der ein alt var i gang med prosjekt Førebyggjande barnevern. I utarbeiding av Handlingsplan mot vald i nære relasjonar har planen fleire gongar vore til handsaming i styringsgruppa Saksgruppe levekår og nærmiljø, for diskusjonar, korrigering og vidare arbeid. Prosjektgruppa har i møter utarbeidd planen. Det er gjort ei kartlegging på system for registrering i høve til vald og korleis valden eventuelt vert følgt opp. I tillegg til å synleggjera /avdekka situasjonen, er målet for kartlegginga å få i gang refleksjon og diskusjon om behov for system for registrering og oppfølging, og korleis slik registrering kan vera nyttig i høve til førebyggjande arbeid mot vald i nære relasjonar. Resultatet av kartlegginga er presentert og drøfta i kap. 8. I februar 2011 arrangerte prosjektgruppa temadag om vald i nære relasjonar, med fokus på vald og overgrep på barn og unge. Ekstern føredragshaldar frå RVTS Vest og fagfolk frå Side 14 av 32

einingane hadde innlegg. 170 kommunetilsette deltok, m.a. alle tilsette i dei 5 kommunale barnehagane, representantar frå brukarorganisasjonar, frå politiet og politikara. Våren 2011 vart det gjort ei ny kartlegging i einingane, denne gangen av tenester, behov, mål og tiltak knytt til vald i nære relasjonar. Målet var å få fram dei sterke og svake sidene i tilboda, slik at handlingsplanen vert mest mogeleg framtidsretta i høve til situasjonen i kommunen. Resultata er presentert i kapittel 7. 7. TENESTETILBOD Tenestetilbod vert ytt av mange ulike aktørar både private og offentlege. Våren 2011 vart det gjort ei kartlegginga på tenestetilbod i Sund kommune i høve til vald i nære relasjonar. På eit skjema der livet er delt opp i livsfasar skulle ein gje innspel på indikatorane informasjon, førebygging, eksisterande tilbod, manglande tilbod og tiltak for å nå målet. I 2011 vart denne kartlegginga gjort: Barnevernstenesta Informasjon Barnevernstenesta si hovudoppgåve er å sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skada deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Dette er barnevernstenesta pålagt av det offentlige og av barnevernslova 1-1. for barnets oppvekst og omsorg. Barnevernstenesta har derfor eit sentralt ansvar for barn som vert utsett for vald i nære relasjonar. Barn vert utsett for ulike typar vald. Det kan være fysisk og psykisk vald eller seksuelle overgrep. Barn kan også rammast indirekte ved å sjå, høyra eller ana vald eller konsekvensar av valden. Per Isdal (2000) seier at Når noen angriper og skader den barnet er knyttet til, avhengig av og glad i, så angriper og skader vedkommende barnet selv. Om barn blir mishandla eller utsett for alvorlige overgrep av omsorgspersonar, kan det være nødvendig å ta omsorga frå primære omsorgspersonar og plassera barnet i fosterheim. Undersøkinga skal gjennomførast så skånsamt som mulig. Dette følgjar av barnevernslova 4-3. Barnevernstenesta skal likevel foreta dei undersøkingar som er nødvendige for å avgjøre om det er grunn til tiltak etter barnevernslova. Undersøkinga kan derfor gjennomførast sjølv om barnet sine omsorgspersonar set seg imot det. Den kan mellom anna gjennomførast med heimebesøk og einesamtale med barnet. Side 15 av 32

Dersom det føreligger mistanke om at et barn blir mishandla eller utsett for andre alvorlige overgrep, kan barnevernstenesta også gi pålegg om at barnet skal bringast til sjukehus eller anna eigna stad for undersøking, jf. barnevernslova 4-3. Barnevernstenesta kan krevja bistand frå politiet til gjennomføringa av undersøkingar dersom dette er påkravd, jf. barnevernslova 6-8. I samband med ei undersøkingssak vil det ofte være nødvendig å innhente opplysningar frå andre instansar og tenester som kjenner barnet og familien. Andre offentlige myndigheiter har plikt til som eige tiltak, eller på oppmoding, å gje opplysningar til barnevernstenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller utsett for andre former for alvorlig omsorgssvikt, jf. barnevernslova 6. Førebygging og samarbeid med andre instansar i kommunen Førebygging skal skje ved tidleg involvering og hjelp der barnet oppheld seg. Rett hjelp til rett tid inneber god samhandling mellom ulike fagfolk og tenesteområde. Ulike prosjekt: 1. Førebyggingsprosjektet for barn og unge i Sund kommune 2009-2012 Sund kommune har eit prosjekt der ein skal satsa på det førebyggjande arbeidet for barn og unge i kommunen. Dei overordna måla for prosjektet : bli ein føregangskommune i dette arbeidet gje rett hjelp til rett tid auka kompetansen ha meir direkte kontakt med brukarane skapa handlingsrom for dei som jobbar med dette heva kvaliteten på arbeidet ein gjer Førebyggande barnevern er eit delprosjekt i førebyggingsprosjektet Målformulering Barn i Sund som er utsette for omsorgssvikt, vald og overgrep skal få naudsynt hjelp til rett tid. Delmål Utsette barn skal få raskt, heilskapleg og intensiv hjelp. Viktige satsingar: Side 16 av 32

Etablerte i 2009 konsultasjonsteam for vald og overgrepssaker i samarbeid med RVTS, Øygarden kommune, BUP og politi. Dette er i skrivande stund under evaluering og vert endra. Konsultasjonsteamet har utarbeida informasjonshefte og retningslinjer vedr. mistanke om vald og overgrep. Kurs i regi av RVTS om avdekkande samtaler for alle tilsette i kommunen som arbeider med barn. Diverse informasjonsmateriell til barnehage, skule, helse m. fl. Samarbeidsmøte med barnehagane. Samarbeidsmøte med kommunepsykolog. Regional opplæring med Fjell kommune for tilsette i barnevernstenesta. Tilbod om kurs i sinnemeistring i regi av Helse Bergen. Ved samlivsbrot må det handlast raskt for å førebyggja vald mot barna. 2. Prosjekt Betre saman for barn 2011 2013 Målsetting for prosjektet og mandat : Sikre barnets rett og ha mot til å handle, gi tidlig, raskt og rett hjelp gjennom å forskyve ressurser og instans, tydeliggjøre ansvar og roller i tverrfaglig samhandling på tvers av ulike aktører og ha et barnevern som har et samlet og helhetlig ansvar for tjenesten. Med utgangspunkt i målsettinga ynskjer ein å dela det vidare arbeidet i 3 hovudområde: 1) Betre vern av barn 2) Interkommunale barnevernstenester. 3)?? Prosjektet er eit interkommunalt samarbeidsprosjekt mellom kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Andre eksisterande tilbod Barnevernsvakta Barnevernsvakta har ansvar for akutte barnevernssaker utanom ordinær kontortid. Hovudoppgåva er bistand til barn, unge og familiar i krise. Barnevernsvakta gjer kriseplassering i institusjon og beredskapsheim i akuttsituasjonar Alarmtelefon for barn og unge tlf. 116 111. Opent måndag fredag 08.00 til 15.00, døgnopent i helgene. Her kan barn som er utsett for omsorgssvikt, overgrep og vald ta kontakt. Ein kan som barn også melde bekymring for ein ven eller eit anna barn ein er bekymra for. Vaksne kan ta kontakt i forhold til bekymring for barn og unge. Barnehuset Barnevernstenesta i Sund kan hjelpa familiar og barn så dei får kontakt med Barnehuset i Bergen. Eller innbyggjarane kan sjølve ta kontakt med barnehuset. Det er eit tilbod til barn og unge som har vore utsett for seksuelle overgrep eller vald i nære relasjonar. Barnehuset er Side 17 av 32

utstyrt for dommaravhøyr, medisinsk undersøking og der er eigne rom for samtale og terapi. Også pårørande til ofre blir tilbudd hjelp, bistand og vegleiing her. Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat, statlig barnevern) Bufetat tek i mot meldingar frå den kommunale barnevernstenesta der det blir etterspurt tiltak utover kommunen sitt ansvarsområde, eksempelvis fosterheim, institusjonsplass m.m. Psykisk helsevern for barn og unge Barnevernstenesta i Sund melder barn til poliklinikken BUP. Her får borna hjelp til å etterarbeid blant anna etter traumatiske hendingar. Manglande tilbod Tiltak for å betre rutinar og samarbeid mellom skular og barnevernstenesta. Organisera for faste møter mellom barnevernstenesta og helsetenesta. Ungdomskontoret Informasjon Ungdomskontoret er førebels eit prosjekt. Men vi vonar det skal verta ei fast teneste som skal gje innbyggjarane i Sund auka forståing og positiv haldning til kommunen sitt ungdomsarbeid. Tiltaket gjev konkret oppfølging til elevar som slit i ungdomsskulen, og skal gjennom betre og koordinert samarbeid hindra fråfall i vidaregåande skule. Kontoret er ope for alle, alle kvardagar mellom kl. 08.00 og kl. 15.00. Måndag til og med torsdag er kontoret ope til kl. 18.00. Forutan eigne tilsette er kontoret bemanna med rådgjevarane frå ungdomsskulen og vidaregåande skule, tilsette i helse, psykiatri, Nav, barnevern og kultur. Dersom ungdomskontoret ikkje kan gje hjelp direkte, tek dei kontakt der det er hjelp å få. Førebygging : Ungdomskontoret er eit lågterskeltilbod, ope for all ungdom i Sund kommune. Breidde i kompetanse og kontakt til mange tenester, i tillegg til at kontoret jobbar oppsøkande mot skular, gjer at ein kjem tidleg i kontakt med utsette ungdom. Eksisterande tilbod : Ungdomskontoret driv eit eige tilbod for elevar som slit i ungdomsskulen. Kontoret har også tett oppfølging av 10 15 unge i alderen 16 til 24 år. Manglande tilbod : Oppfølging av barn og unge under 18 år med psykiske vanskar/lidingar og deira foreldre utanom skuletid. Gjeld også andre barn med spesielle behov. Side 18 av 32

Døme på tiltak kan vera å etablera ny møteplass / arbeidsplass på dagtid. Tiltak for å nå målet: Ved å sikra finansiering av drifta som eit ordinært fast tiltak kunna vidareføre ungdomskontoret som eit lågterskeltiltak med brei representasjon frå ulike tenester. Helsetenesta Informasjon: Lite skriftleg materiale / brosjyrar om tema. Har informasjonsbrosjyrar om konsultasjonsteamet i Sund og Øygarden. I tillegg til brosjyrar om voldtektsmottaket ved Bergen Legevakt, og Krisesenteret i Bergen. I aktuelle saker vert det i tillegg informert om Krisesenteret og Støttesenter mot incest og seksuelle overgrep i Bergen. Førebygging: Helsestasjonen arbeider for å styrkje psykisk og fysisk helse og gode sosiale og miljømessige forhold. I tillegg skal ein førebygge sjukdom og skade hos barna. Det er heimla i lovverket at helsestasjonen / skulehelsetenesta skal jobbe førebyggjande. Svangerskapskontroll og samtale hos jordmor, her har ein rutinar når det gjeld spørsmål om psykisk helse og rus. Helsestasjonsprogrammet er i seg sjølv primærførebyggjande. Det rettar seg mot alle familiar med barn og skal gje tilbod / oppfølging av barna på ulike alderstrinn i grupper eller individuelt: Helsestasjonskontroll etter oppsett program, rettleiing / samtale med foreldre. Desse tiltaka gjer det mogeleg for tidleg oppdaging av vald. Helsetenesta kan ofte bli involvert som den første instans som fattar mistanke, føretek sakkyndige undersøkingar og yter hjelp og behandling til den utsette. Flyktningar og asylsøkjar er ei samansett gruppe, nokon kjem frå kulturar kor metodar i oppdraging og sanksjonssystem kan handle om fysisk avstraffing og vald. For å førebyggje at barn / kvinner vert utsett for vald er det viktig med opplysning om norsk lov og rettssystem. Eksisterande tilbod: Vald i nære relasjonar er framleis eit tabuområde for mange. Det er ofte problematisk for personane det gjeld å snakke opent om at ein er utsett for vald. Vi har kunnskap om korleis ein stiller spørsmål slik at ein får dialog om tema. Gjennom ulike kartleggingsverktøy som ein generelt bruker i helseavdelinga, kan ein få kjennskap til at det skjer vald i nære relasjonar. Til dømes veit vi at barn som blir utsett for vald kan vise mistrivnad. Eksempel på kartleggingsverktøy som vert brukt i Helsestasjonen / skulehelsetenesta er: Side 19 av 32

- ASQ ( Ages and Stages Questionaires ). Utført av helsesøster på alle barn på eit visst alderstrinn, der ein får opplysing om barnet si utvikling når det gjeld motorikk, kommunikasjon, problemløysing osv - EPDS. Spørjeskjema til gravide og nybakte mødrer for å kartlegge om dei har fødselsdepresjon. Opplysningar som her kjem fram, dannar eit utgangspunkt for samtale om mor sin situasjon / korleis ho har det i kvardagen i støttesamtalene hos helsesøster. Tidleg involvering og oppfølging gjev større sjanse for oppdaging av vald. Samarbeid i helseavdelinga mellom fastlege/helsestasjonslege, helsesøster, kommunepsykolog og jordmor er svært viktig for å avdekke og følje opp personar som har vore utsett for vald. COS (Circle of Security) Kommunepsykolog og helsesøster har grupper der ein bruker dette foreldrerettleiingsprogrammet. Kan bidra til opplysning om vald i heimen. Samarbeid mellom lærarar og helsesøstrer. Eit tiltak her er programmet Zippys venner. Elevane får lære å kjenne på følelsane og lærer seg meistringsstrategiar for å handtere følelsar og vanskelige situasjonar. Faste trefftid på skulane der elevane kan kome til samtale i tillegg til målretta oppfølging er tiltak der det er mogeleg å avdekke om eleven er utsett for vald. I tillegg har ein jente- og guttegrupper der ein tek opp tema som mobbing, kropp, sjølvkjensle osb. Rutinar for at opplysningar om eller teikn på vald blir journalført og følgd opp. Rutinar for melding til barnevernet når barn blir utsett for vald. Ved mistanke eller opplysning om vald, vert det gjeve informasjon om valdsmottak og krisesenter og hjelp til å ta kontakt dit. Kjønnslemlesting og tvangsekteskap er former for vald i nære relasjonar. Regjeringa har utarbeidd eigne handlingsplanar mot kjønnslemlesting og tvangsekteskap. Tilbod til foreldre om samtale og undersøking av døtrene. Helsesøster for flyktningar har i samarbeid med Sund mottakssenter foreldrerettleiingsprogram for asylsøkjaren. Manglande tilbod: Tiltak med organisert oppfølgingsprogram i helsestasjonen til dei barna som ikkje går i barnehage. Faste møter med barnehagane, nokre av dei saman også med barnevern og PPT. Brosjyre / oppdatering på heimesida. Oppfølgingsprogram om vald i svangerskapsomsorga. Kompetanseauke. Side 20 av 32

Barnehagane Informasjon : Foreldra får informasjon om barnevernet og opplysningsplikt Førebygging : Barnehagane har eit tett samarbeid med PPT for konsultasjon, utgreiing og oppfølging av risikoutsette barn. Dei har og faste møte med barnevernstenesta for samtale, informasjon og konsultasjon. Dei har og noko samhandling med helsestasjon t.d. ved opptak Barnehagane har starta opp kartlegging med ASQ, som eit førebyggande tiltak for å avdekka psykisk sjukdom. Her er det ønskeleg med meir samarbeid med helsestasjonen. Barnehagane arbeider med skuleførebuande aktivitetar og samarbeid med skulen for å bidra til ein god overgang til skulen. Alle barnehagar har sertifiserte ICDP-rettleiarar som gjev foreldre tilbod om foreldrerettleiing i grupper. Barnevernet har faste møte i barnehagane for samtale, informasjon og konsultasjon Eksisterande tilbod : Har rutinar for å registrere vald eller teikn på vald hos barn. Frå 2009 vert det registrert at barn har vore vitne til vald i heimen og at personale har blitt truga i barnehagen. Barnehagane gjer kartlegging for tidleg oppdaging av vald mot barn, t.d. gjennom program som Askeladden, Tras, ASQ og andre. Har rutinar for å melde til barnevernet når dei opplever at barn lever under vanskelege forhold. Barnehagane har faste møter med PPT og barnevernet for konsultasjon, utreding og oppfølging av valdsutsette barn. Manglande tilbod : Barnehagane har ikkje gode nok rutinar for samhandling med alle instansar ein familie er i kontakt med t.d. helsestasjonen. Informasjonsflyt og samarbeid mellom einingane kunne vore betre t.d. når det gjelder barn av psykisk ustabile foreldre, familier med problem og barnefordelingssaker. Side 21 av 32

Det er behov for at heile personalgruppa vert kursa endå meir i korleis ein kan avdekke vald og overgrep og korleis ein kan snakke med barn som er i faresona. Tilbak for å nå målet : Kompetanseheving på: - korleis avdekke vald og overgrep og korleis snakke med barn som er i faresona - handtering/ bearbeiding av barn si oppleving av situasjonar - barn som tilskodar og barn som deltakar - korleis samtale med barn, ivareta barn som opnar seg og fortel om episodar i heimen - handtering av ustabile personar t.d. psykisk sjuke, ruspåverka, v/ samlivs- brot - handtering/ bearbeiding av eigne følelsar og reaksjonar - korleis samtale med barn, ivareta barn som opnar seg og fortel om episodar i heimen. Organisera for og laga rutinar for: - betre informasjonsflyt og samhandling mellom dei ulike instansane ein familie er i kontakt med - betre samhandling med helsestasjonen Grunnskulen Informasjon : Mykje av denne informasjonen til foreldra/føresette er avhengig av situasjonen og elles gjennom presentasjon av t.d. ordensreglar både munnleg og skriftleg. Utanom dette vert tema om førebygging presentert og gjennomgått i personalsamlingar, t.d. ved gjennomgang av ordens- og trivselsreglar. På same måte vert dette gjennomgått med elevane. Førebygging : Gjennom tidleg oppdaging, observasjonar og samarbeid med personalet. PPT er ein viktig arena i dette arbeidet det gjeld både tilmelding, konsultasjon, sakkunnig utgreiing og oppfølging. Det same er helsesøster og barnevern. Skulane har ulike førebyggingsprogram : Olweus, EQ, Det er mitt val, Zippy`s venner, klassemiljøtiltak og to Udir-prosjekt: DISI ( der ingen står igjen ) og Ingen utanfor ( inkluderande læringsmiljø ) Viktig lovheimel er Opplæringslova 9A-3: Barna sin arbeidsmiljølov t.d. det psykososiale miljø Samarbeid med barnehagane ved overgang frå barnehage til skule. Samarbeid med ungdomsskulen med overgang der. Side 22 av 32

Eksisterande tilbod : Skulane har rutinar der vald eller teikn på vald vert registrert. Når ein registrerer vald, tek ein kontakt med hjelpeapparatet for rådføring i første omgang. I oppfylging opp saker vert det samarbeid med barnevernet. Det kan vera gjennom vidare observasjonar, samtaler m.m. Foreldre/føresette vert orienterte. Alle skulane har eigen Kriseperm for handtering av ulike kriser t.d. vald og overgrep. Det er jamleg oppdatering og oppfylging av skulen sin beredskapsplanen ved kontaktlærar og rektor. Dersom ein er usikker om vald mot ein elev, kan ein venda seg til PPT, SOT eller barnevernet. Manglande tilbod : Det er behov for betre rutinar for samhandling/samarbeid mellom instansar ein familie er i kontakt med. Skulane har manglande kompetanse vedrørande korleis forholda seg til minoritetspråklege (flyktningar, arbeidsinnvandrarar, asylsøkjarar) når det gjeld deira kultur og haldningar innan området vald i nære relasjonar. Det trengs generell kompetanseheving innan dette temaet for alle tilsette. Og det trengs kompetanseheving i korleis avdekka overgrep og vald og korleis forholda seg til og fylgja opp sakene. Tiltak for å nå målet : Lage gode samhandlingar mellom dei ulike hjelpeinstansane. Representant frå barnevernet vert invitert til foreldremøte for å informera om arbeidet deira. Tiltak for funksjonshemma Informasjon : Vi har lite informasjon tilgjengeleg i form av brosjyrar osv. om kva som kan gjerast, kven ein kan ta kontakt til dersom ein vert utsett mot vald. Det står heller ikkje noko om dette på heimesida vår / den som er linka til kommunesida. Tiltak for funksjonshemma gjer tenester ut frå Lov om sosiale tenester, og i dette lovverket er det i Kap.4 4.1 Opplysning, råd og rettleiing spesielt framheva sosialtenesta si rolle i Side 23 av 32

samband med råd og rettleiing som kan bidra til å løyse eller førebyggje sosiale problem. Om ein ikkje kan gje den hjelpa sjølve skal ein om mogleg sørgje før at andre gjer det. Førebygging : Tiltak for funksjonshemma har i 2011 oppretta ei jentegruppe for unge jenter med utviklingshemming i alderen 13-20 år. Ein har her ulike tema på programmet, men med fokus på å vere ungdom. Relasjonsbygging, vennskap og aktivitetar er sentralt. Tiltaket blir gitt som alternativt støttekontakttiltak og ein nytter avlastingsbustaden som base. Våren 2012 vil vi starte ein tilsvarande gruppe for unge gutar med utviklingsheming, der vi vil nytte erfaringar frå jentegruppa og tilpasse tema til unge gutar. Eksisterande tilbod: I avlastingsbustaden er det opplyst og det heng oppslag om korleis og kor ein varslar om ein har mistanke om vald i nære relasjonar. Når det gjeld barn med nedsett funksjonsevne går inn under same opplegg som andre born i kommunen, signal blir fanga opp i helsestasjon, barnehagar, skular og på lik line med andre born blir sakane her meldt og behandla same veg. Det er viktig at ein er særs merksam på born med nedsett funksjonsevne og tek signal på vald og overgrep på alvor også for denne gruppa. Dei fleste vaksen utviklingshemma i kommunen bur i omsorgsbustader. Som alle andre stader i samfunnet kan ein også her bli utsett for vald og overgrep. Vi har ein prosedyre knytt til dette, og eit skjema som fyllast ut i slike tilfelle. Vi har i 2011 hatt kurs med åtte samlingar i regi av Habiliteringstenesta. Tema Venner og kjærester. Deltakarar har vore unge og vaksne med utviklingshemming, personale frå bustad, dagsenter, vidaregåande skule og varig tilrettelagt arbeidsplass. Dette er både eit førebyggjande og kompetansebyggjande tiltak. Barnehuset Tiltak for funksjonshemma kan hjelpa familiar og barn så dei får kontakt med Barnehuset i Bergen. Det er i utganspunktet eit tilbod til barn og unge som har vore utsett for seksuelle overgrep eller vald i nære relasjonar, men og vaksne med utviklingshemming kan få hjelp her. Familiar /personale og andre kan sjølve ta kontakt med barnehuset. Barnehuset er utstyrt for dommaravhøyr, medisinsk undersøking og der er eigne rom for samtale og terapi. Også pårørande til ofre blir tilbudd hjelp, bistand og rettleiing her. Manglande tilbod : Lett tilgjengeleg informasjon om korleis ein handlar om ein anten blir utsett for vald eller er vitne til vald i nære relasjonar. Side 24 av 32

Omsorgstenesta Tilbod: Generelt har eldre personar i Sund kommune det same tilbodet som andre vaksne i kommunen. For dei som har tenester frå Omsorgstenesta vil dette vera ein instans som kan fanga opp og gje råd og støtte. Helsearbeidarar har teieplikt, og er avhengig av at den det gjeld ønskjer hjelp for å kunne bidra. Ved mistanke om vald i heimen, kan heimetenesta bidra til å formidle kontakt med hjelpeapparat. Førebygging: For personar i institusjon, kan vald i nære relasjonar vere vald eller truslar frå medbebuar. Vi vil då førebyggje med stovevakt, eventuelt ekstrabemanning. Dette er særs aktuelt ved demenspostar. Ved å ha fokus på tema på personalmøter, tørre å snakke ope om tema m.m. kan ein gjere helsepersonellet trygge viss slike situasjonar skulle oppstå. NAV Sund Informasjon : Vi har lite informasjon tilgjengeleg i form av brosjyrar osv. om kva som kan gjerast, kven ein kan ta kontakt til dersom ein vert utsett mot vald. Det står heller ikkje noko om dette på heimesida vår / den som er linka til kommunesida. Førebygging : Alle tilsette i den kommunale delen av NAV Sund har kunnskap om korleis ein kan kommunisere om temaet vald. Ein korkje spør eller gjev informasjon i alle samtaler. Men ein samtalar på ein måte der ein er open for at slik informasjon kan bli gitt. Dersom nokon presenterer problemstillingar, vert det spurt meir og gjeve informasjon. Vidare vil ein i oppfølgingsarbeid med klientar spørje om vald der noko indikerer at vald kan skje/ha skjedd. Det er viktig at ein veit kva ein skal sjå etter. Vidare vil kva relasjon ein har til klient vera avgjerande for kva ein får vite. Dersom ein tilsett vert kjent med forhold som indikerer vald, vert leiar informert og saka drøfta internt i tenesta. Eksisterande tilbod : Dersom valdsbruk er kjent, vil NAV hjelpe klient til å handtera situasjonen. Vi gjev råd, rettleiing og praktisk hjelp i form av: - Samtale - Bestilling av legetime og evt. følgje til lege. Kontakte barnevernstenesta der born vert utsett for vald, er vitne til vald eller at vald på anna måte påverkar omsorgssituasjonen slik at tiltak frå barnevernstenesta er aktuelle. I saker der Side 25 av 32

det vert sendt melding til barnevernstenesta, er det naturleg at det er barnevernstenesta som koordinerer vidare saksgang. Hjelpe klient til å ta kontakt til advokat. Råd og rettleiing om korleis bryte ut av forhold dersom det er ynskjeleg. Gje økonomisk hjelp. Gje hjelp til å skaffe midlertidig bustad, og vidare permanent bustad. Oppmode til å melde saker der ikkje barnevernet gjer desse vurderingane til politiet. Hjelp til gjennomføring. På sjølvstendig grunnlag kontakta politiet i saker der det handlar om å melde eller på anna måte å hindre alvorlege lovbrot (seksuelle overgrep, grov lekamsskading). Hjelp til evt. å kome i kontakt med krisesenteret. Manglande tilbod : Tilgjengeleg brosjyre om til dømes krisesenteret, andre hjelpeinstansar dersom ein vert utsett for vald, lage info på heimesida. Rettleiing til korleis ein som tilsett skal handtere saker der ein vert kjent med valdsbruk eller der ein er uro for dette. Tiltak for å nå målet : Informasjon på heimeside, evt. laga brosjyre. Utarbeide ein rettleiar for tilsette i kommunen, om kva ein skal gjere i saker der ein er kjend med, eller uroa for at ein brukar er utsett for vald. Psykiatritenesta Informasjon : Det finnest litt informasjon på heimesidene til kommunen. Førebygging : Dagtilbod for psykiatri 2 dagar i veka. Fellesaktivitetar for bebuarar i omsorgsbustad psykiatri 5 kveldar i veka. Eksisterande tilbod : Oppfølging av menneske med psykiske problem etter vedtak. Manglande tilbod : Dagtilbod kvar dag. Evt. erstatta ein dag med ein kveld i veka. Eigen legeressurs i psykiatritenesta. Tilbod om kurs i depresjonsmeistring. Side 26 av 32

Tiltak for å nå målet : Lage informasjonsbrosjyre om dagens tilbod. Oppdatere informasjonen på heimesidene. Vurdera om det er ressursar til å auka dagtilbodet. Tettare samarbeid med legane om psykiatritenesta. Tettare samarbeid med pårørandegruppa LPP og organisasjonen Mental helse. Mental helse Innspel frå dei har særleg fokus på funksjonshemma kvinner og innvandrarkvinner og -barn, i tillegg til dei med psykiske problem. Informasjon: Folk må få informasjon om tilbod og tenester på helsestasjonen, på dagsenter og på seniorsenter. Førebygging: Program for foreldrevegleiing særleg for innvandrarar. Eksisterande tilbod: Fastlege, tilsynslege på institusjon, akutt- teamet ved Øyane DPS. Manglande tilbod : Manglar lege på dagsenter for psykiatri. Tiltak for å nå målet : Styrking av kompetansen i vaksenopplæringa og heimehjelpstenesta. Pensjonistlaget Informasjon : Alle må få informasjon om at vald i nære relasjonar er aktuelt også i denne aldersgruppa. Dette kan skje meg. Førebygging : Gjennom god informasjon vert tema vald i nære relasjonar meir kjent, slik at eldre kan vera førebudde på at uventa situasjonar kan dukka opp Side 27 av 32

Eksisterande tilbod : Fastlegane. Sund Frivilligsentral. Røde kors besøksteneste. Manglande tilbod : For lite sjukeheimsplassar i høve til eldre sine ynskje. Tilbod om samtale med helsepersonell årleg for eldre over 75 år, der t.d. vald i nære relasjonar kan koma fram. Kartlegging av korleis eldre har det i kommunen og kva ein tenkjer om framtida si. Grunnbemanning i helse- og omsorgstenestene er for lav. Tidspresset er for stort og det er ikkje lett å ta opp dei vanskelege tema. For lite omsorgsbustader i høve til eldre sine ynskje. Godt informasjonsmateriell t.d. brosjyre med korte, relevante opplysningar om kvar ein kan venda seg for ulike hjelpebehov. Seniorsenter med ulike aktivitetar. Tilrettelagt transport for felles aktivitetar. Politiet Frå politiet vert det opplyst at dei har utstyr for lyd- og biletopptak som kan nyttast ved behov. Personar som lever i frykt for andre kan uavhengig av melding til politiet, søkja om å få innvilga mobil valdsalarm, samt søkja om oppretting av besøksforbod. Vidare kan politiet hjelpa med melding til politiet, etterforsking, offentleg påtale, besøksforbod og mobil valdsalarm. 8. VURDERING AV KARTLEGGING I planprosessen har ein vore oppteken av å få fram om og korleis ein registrerar vald i nære relasjonar i kommunen. Og vidare korleis følgjer ein opp når vald er oppdaga. Det vart sendt skjema for kartlegging til mange tenesteområde og instansar: Helseavdelinga inkludert legekontora, barnevernet, psykiatritenesta, pedagogisk psykologisk teneste, arbeids- og opplæringssenteret, avlastingsbustad og bustader for funksjonshemma, Side 28 av 32

NAV Sund, kulturavdelinga, vaksenopplæringa, omsorgstenesta, 2 dagsenter, 8 skular, 5 barnehagar, Sund mottakssenter, politikontoret på Straume, Straume legevakt, Øyane DPS og BUP, Krisesenteret i Bergen, Familievernkontoret på Straume, Senter mot incest i Bergen og valdsteamet på Haukeland Universitetssykehus. Det kom inn svar frå dei fleste kommunale tenesteområde og Familievernkontoret. Kartlegginga syner varierte forhold på dei ulike tenesteområda. Dei fleste registrerer det når ein ser teikn på vald, men ikkje alle. Over halvparten har også system for registrering av vald. Skjematisk oppsummert: RESULTAT FRÅ KARTLEGGING AV VALD I NÆRE RELASJONAR Sund kommune i oktober 2010 Tall på utsende spørjeskjema: 38 Innkomne svar: 24 Svar %: 63% Vert det i dykkar tenesteområde registrert når nokon ser teikn på vald? Har de på dykkar tenesteområde system for registrering av vald? Kor mange saker vart registrert i 2009 og fram til no? Korleis vert registrering av vald følgt opp? Ja Nei Ja Nei 17 7 14 10 62 minst ( kraftig auke, har ikkje nøyaktige tall ) Melding til barnevernet (7 svar) Oppfølging av rektor. Samtale med offeret. Når ein er usikker, tek ein kontakt med samordningsteamet. Tar kontakt med politiet (2 svar) Korleis vert registrering følgt opp? Prøver gjennom samtale å påverka offeret til å ta eit oppgjer (5 svar) Tiltak etter Lov om barnevernstenester; samtaler, plassering, terapi, valdsalarm, skjult Side 29 av 32