Side 1 Rådmannen Vår ref: 2010/2296 Dato: 29.06.2010 KOMPETANSE I BARNEHAGEN PLAN FOR KVINNHERAD KOMMUNE 2010 2011
Side 2 BAKGRUNN FOR PLANEN: Kompetanseplanen byggjer på Kunnskapsdepartementet sin strategiplan for kompetanseutvikling i barnehagesektoren 2007 2010. Denne planen gir sentrale føringar for kompetansearbeidet, og kva for område som skal prioriterast. Planen legg og til grunn St.melding 41, Kvalitet i barnehagen og departementet si satsing på psykisk helsevern, og barnehagane sitt ansvar når det gjeld tidleg registrering og innsats av barn med psykiske vanskar og åtferdsproblem. Den kommunale kompetanseplanen for Kvinnherad gir oss føringar knytt til utfordringar i høve til barn med minoritetsspråkleg bakgrunn. Innhaldet i planen er gjort med bakgrunn i rammeverk. Barnehagane sitt rammeverk er Lov om barnehagar og Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver. I tillegg har vi økonomiske rammer som styrer oss. Strategiplanen legg føringar for kvar hovudsatsinga skal liggja. Desse hovudområda er: Pedagogisk leiing, Barns medverknad, Språkmiljø og stimulering, Samarbeid og samanheng mellom barnehage og skule, Pedagogisk dokumentasjon, Tidleg registrering av psykiske vanskar og åtferdsvanskar. I tillegg kjem lokal handlefridom, og barnehagane i Kvinnherad jobbar aktivt for å knyta fagområda i rammeplanen til dagleglivet. I denne samanheng er det mange av barnehagane som no er i gang med å få kompetanse i tråd med Reggio - Emilia filosofien. PEDAGOGISK LEIING Planlegging, dokumentasjon og vurdering har vore tema for målgruppa styrarar og pedagogiske leiarar. Dette har vi jobba med i året vi har bak oss, og vi vil fortsetja også dette året. Å auka kompetansen og tryggleiken i høve til leiarrolla, er viktig og krevjande. Kvinnherad har, i lag med dei andre Fos kommunane, planlagt eit leiaropplæringsprogram for styrarar og pedagogiske leiarar.
Side 3 BARNS MEDVERKNAD Barnehagane sjølve jobbar framleis aktivt på eiga hand for å skaffa seg meir kunnskap, kompetanse og erfaring når det gjeld dette viktige området, bl.a. dela utviklingsarbeid gjort av pedagogiske leiarar i kommunen, og læra og forstå meir av Reggio- Emilia filosofien. SPRÅK OG SPRÅKSTIMULERING Det vert framleis jobba aktivt i barnehagane med ulike verktøy knytt til språk og språkstimulering. Dette er ein kontinuerleg prosess, og barnehagane vil nytta kvarandre sine erfaringar i det vidare arbeidet. Kommunen arbeider og med å utarbeide eit eige opplegg knytt mot barn med minoritetsbakgrunn. Fos har lagt opp til eit to- dagars kurs for barnehagetilsette der tema er språkutvikling, språkforståing og begrepsforståing i barnehagen. Eit anna kurs er med tema den fleirkulturelle barnehagen. SAMARBEID BARNEHAGE SKULE har ein plan for overgang barnehage skule. Denne er i desse dagar under revidering. Det er viktig at alle born og foreldre i kommunen vår skal oppleva overgangen så trygg og god som mogeleg, uansett kor i kommunen dei bur. PEDAGOGISK DOKUMENTASJON Barnehagane satsar framleis på å auka kompetansen innan dette feltet. Arbeidet i Reggio- Emilia nettverket har fokus på dette. Fleire barnehagar arbeider med praksisforteljingar som skapar grunnlag for refleksjon og utvikling. Barnehagane vert ein lærande organisasjon både for barn og vaksne. TIDLEG REGISTRERING AV PSYKISKE VANSKAR OG ADFERDSVANSKAR Fleire kommunalt tilsette, deriblant tilsette frå barnehagar, har teke vidareutdanning i psykososialt arbeid. Dette får verknad for organisasjonen generelt. Barnehagane har fokus på tidleg registrering og hjelp til desse barna. Det er viktig med eit godt samarbeid og ei felles satsing for barnehagar, helsestasjonar, PPT og barnevern.
Side 4 KARTLEGGING AV KOMPETANSEBEHOV OG TILTAK Vi har god og nyttig kontakt og samarbeid med alle styrarane i kommunen. Styrarane har i møte og anna kontakt vore flinke å formidla kva for kompetanseheving som er naudsynt og interessant. Utviklingsområde Tiltak Målgruppe Stipulert tal deltakarar Pedagogisk leiing Styrarar/ped.leiarar 30 Barns medverknad Reggio Emilia Nettverk Språk og språkstimulering Samarbeid barnehage - skule Samling Styrarar 20 Fagområda i rammeplanen Tidleg registrering av psykiske vanskar og åtferdsvanskar Samarbeid på tvers av etatar Pedagogisk dokumentasjon Nettverk KOMMENTAR: Dei fleste kursa er lagt opp som dagssamlingar, og dei fleste er i regi av FOS. Ein del av erfaringsutvekslinga vil skje internt i kommunen. Samling med tema knytt til planen vert følgt opp på leiarsamlingar. Leiaropplæringsprogram for styrarar og pedagogiske leiarar består av 4 kursdagar fordelt på 3 samlingar.
Side 5 Inntekter Utgifter Kommunale midlar 375.000 Statlege midlar 105.000 Lokalt utviklingsarbeid 75.000 Pedagogisk leiing, kurs 150.000 Samarbeid barnehage skule, samling for rektorar og styrarar 20.000 Barns medverknad 60.000 Språk / språkstimulering 50.000 Fagområda i rammeplanen 25.000 Pedagogisk dokumentasjon 60.000 Tidleg registrering av psykiske vanskar og åtferdsvanskar 40.000 480.000 480.000 KOMMENTAR: tar sikte på å løysa ein del av dei kostbare kursa i regi av Forum for Oppvekst i Sunnhordland. Ein ser og trongen for å arrangera kurs / samlingar internt i kommunen. Valen14.06.10 Grete Kjerpeset Reidun Holmedal Fagkoordinatorar