OPPSUMMERING FØRSTE HALVÅR 2015



Like dokumenter
Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

OPPSUMMERING ANDRE HALVÅR 2015

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

2. Kommunestyret vedtek følgjande prinsipp for drifta i Volda kommune:

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Ordføraren Dato: Vår ref.: 2013/74-405/2013 Ark.kode:

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

MØTEBOK Tysnes kommune

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Dan Helge Bjørneset Medlem H

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Møteprotokoll for Formannskapet

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Møteprotokoll for Formannskapet

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 15:00-17:30 Møtestad: Kommunehuset

Månadsplan for Hare November

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Les for livet - del 2 (Ref # )

MØTEPROTOKOLL. Knut Harald Frøland Jan Erik Boge

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Sandeid skule SFO Årsplan

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Vedlegg 1: Oversyn over ekstra skuleskyss i Fjell kommune, 2012.

Samnanger kommune Møteprotokoll

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

OPPSUMMERING HAUSTEN 2013

Møteprotokoll. Utval: Fylkeseldrerådet i Hordaland Møtestad: Fylkesutvalsalen, 3.etg., Fylkeshuset Dato: Tidspunkt: 10:15-14:50

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Statens vegvesen. Sakshandsamar/lnnvalsnr Per Sttffen Mybrcn

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

«Ny Giv» med gjetarhund

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

SAKSDOKUMENT. Endring av reguleringsplan for Kubbedalen gnr 41/756 m.fl. - Arefjord. Slutthandsaming. Tiltakshavar: Kubbedalen AS

SOTRASAMBANDET. Vedtatt kommunedelplan for Rv 555 Fastlandssambandet Sotra - Bergen. Parsell: Kolltveit Storavatnet. Utarbeidd av Sotrasambandet AS

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Oppdragsansvarleg revisor finansiell revisjon

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Forslag arealformål. Fiskeri/bruk og vern av sjø og vassdrag LNF (natur)

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

«Nordhordland kommune»

Handlingsprogram og økonomiplan

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

MØTEPROTOKOLL. Os Formannskap. Møtestad: Quality Hitel Edvard Grieg, Sandsliåsen 50. Torill Otterskred (SV), Lisbeth Axelsen (H)

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Faste medlemmar som møtte: Namn Funksjon Parti Magne Reiten NESTL SP. Frits Inge Godø. Helge Orten LEDER H Aslaug Jenset Sanden MEDL H

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 15:45. Møtestad: Møterom NAV, kommunehuset Saksnr.: 01/14 05/14

Prøveprosjekt med ekspressrute E39 Mørebyane - Trondheim

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

OPPSUMMERING VÅREN 2013

Rektorforum 15. april

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Transkript:

OPPSUMMERING FØRSTE HALVÅR 2015 Januar 10-årsjubileum for Liljevatnet skule Med musikklaget Fjellklang, allsong, helsing frå ordføraren og heimelaga kake, vart det ei flott ramme for 10-årsmarkeringa for Liljevatnet tidleg i januar. Den 21. mai var fleire hundre på plass i Sotra Arena for å hylla den 10 år gamle skulen. Tidlegare rektor Hans Rasmussen og ordførar Eli Årdal Berland hjelper til med kakeserveringa på markeringa i januar. Askøy melder seg ut av Regionrådet Vest Askøy kommunestyre vedtok like før jul å melda seg ut av Regionrådet Vest. Utmeldinga vert gjort gjeldande frå 1. januar 2016. Regionrådet Vest vart etablert for fem år sidan av dei fire kommunane i region vest; Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Styret er samansett av ordførarane i dei samarbeidande kommunane. I saksutgreiinga vert det konkludert med at det kan vera like naturleg og rett å samarbeida frå prosjekt til prosjekt. Stormen Nina sette spor etter seg Laurdag den 10. januar slo stormen Nina kraftig frå seg. Den kommunale kriseleiinga vart innkalla og var på plass før stormen var på topp seint på ettermiddagen. I Fjell vart det meldt om mange tre som hadde falle ned. Skålevik skule måtte stengjast for undervisning måndag 12. januar på grunn av straumstans. Det vart elles registrert ein del takstein som hadde falle ned frå kommunale bygg. (Foto: Kjell Andersland) Oppstart på Storskaret Arefjord hausten 2015 Fylkesrådmannen forventar oppstart av den nye fylkesvegtraséen (Fv 209) mellom Storskaret og Arefjord hausten 2015. Han skriv dette i eit notat som vart lagt fram for samferdslestyret i januar om dette. (Skisse: Statens vegvesen) Heidra for lang og tru teneste i Fjell kommune Under ei høgtideleg markering i kultursalen i Fjell rådhus i slutten av januar vart jubilantar i Fjell heidra. Dei som vart heidra var 30-årsjubilantar, 40- årsjubilantar, 25-årsjubilantar og pensjonistar.

Februar Andreplass til Tellnes skule i musikkvideokonkurranse Underteikna beredskapsavtale med Raudekrosssen Som første kommune i landet inngjekk Fjell kommune ein beredskapsavtale med Raudekrossen. Avtalen vart underteikna den 17. januar. I dette tilfellet er det inngått avtale mellom Fjell kommune og Fjell Røde Kors, Sotra Røde Kors Hjelpekorps og Hordaland Røde Kors. Lokallaga er ein del av den internasjonale Raudekrossen-organisasjonen som i år har 150- årsjubileum. Det vart boller, brus og jubel for fjerdeklassingane på Tellnes skule den 10. februar. Dei 13 elevane i fjerde klasse på Tellnes skule kom på andreplass i den landsomfattande konkurransen i 2014 om beste bilbeltesong på video arrangert av Trygg Trafikk, Volvo Norge og If. På Frydenbø Bilsenter i Bergen tok elevane imot diplom og ti tusen kroner til klassekassen. «Sal og scene»-elevar imponerte Det vart tid til ettertanke og dei gode kjenslene då dei 60 elevane i midten av februar i faget «Sal og scene» på Fjell ungdomsskule framførte «Vér ein vén». På tilstellinga fekk vi innslag både i form av dans, drama, multimedia på storskjerm i tillegg til song og musikk. Alle elevane som har dette valfaget, deltok på tilstellinga i gymnastikksalen. Selde eigedomar for 14,4 millionar Den 19. februar vedtok kommunestyret å selja tre eigedomar for totalt 14,4 millionar kroner. Eigedomane som vart selde var gamle Knarrevik skule, aldersheimbygget i Knarrvika og Gangstøgarden. Elles sa kommunestyret ja til felles brannvern saman med Øygarden brannvesen og godkjende fire reguleringsplanar. Første avgang for UKS-bussen Nøyaktig klokka 17.15 på fredag den 21. februar kunne dei første passasjerane stiga ombord i UKSbussen på Syltøyna. - Ungdomen har klaga over rutetilbodet i helgane. Nå gjev kommunen dei høve til å nytta seg av eit nytt rutetilbod, sa Henrik Tvedt i Ungdommens kommunestyre.

Mars Opna topp moderne nybygg på Ågotnes Tidleg i mars kunne ordførar Eli Årdal Berland stå for den offisielle opninga av det nye kontorbygget og dei fire verkstad- og lagerhallane til Aker Solutions på Ågotnes. - Vi kan ikkje underslå det faktumet at næringane knytt til olje- og gassindustrien har utfordringar for tida. Då er det ekstra flott at vi kan markera opning av nye anlegg, sa ordføraren før ho kunne erklæra det nye bygget for offisielt opna. Avskjed med Olav Knappskog Tidleg i mars kom meldinga om at tidlegare rådmann i Fjell, Olav Knappskog, var død, 83 år gamal. Olav Knappskog har vore ein sentral medarbeidar i Fjell kommune over ein lang periode. Frå 1979 til 1991 var han rådmann i kommunen. Olav Knappskog vart gravlagd frå Fjell kyrkje torsdag 12. mars. Markerte Barnehagedagen Barnehagane markerte Barnehagedagen den 10. mars. Tema i år var barnehagen sitt arbeid med natur og friluftsliv. Biletet er frå Tussetjødna barnehage. Bilete: Vera Halvorsen No er Aktiv+ formelt etablert Den 24. mars vart Aktiv+ Sotra Arena formelt etablert. Over 80 medlemer var på plass i Sotra Arena då den nyvalde leiaren av styret, Egil Haaland, kunne erklæra stiftingsmøtet for avslutta. Ordførar Eli Årdal Berland kasta glans over stiftinga og overrekte ein sjekk på 15 tusen kroner. Dermed har styret fått sine første kroner inn på kontoen til foreininga. Ønskjer samanslåing med Sund og Øygarden Fjell kommune ønskjer at Fjell kommune inngår i ein ny kommune saman med Sund og Øygarden. Det vedtok kommunestyret den 26. mars. Kommunestyret godkjende vidare skisseprosjekt for nytt lokalmedisinsk senter (bilete). Senteret er kostnadsrekna til 300 millionar kroner. Kommunestyret vedtok oppstart av takstering av eigedomsskatt. I vedtaket vert det vert lagt til grunn at det i samband med budsjett-behandlinga for 2016 på nytt vert vedteke å innføra ordninga med eigedomsskatt på verk, bruk og annan næringseigedom i heile kommunen.

April 12 listeframlegg til kommunevalet Innan fristen 31. mars var det registrert 12 listeframlegg til kommunevalet 2015. Nye lister i år er Miljøpartiet De Grønne, Raudt og Partiet De Kristne. Til fylkestingsvalet er det kome inn 15 listeframlegg. Opna nytt reinseanlegg ved Bildøyvatnet Den 17. april kunne ordførar Eli Årdal Berland opne snora for å markera opninga av den nye reinseanlegget til FjellVAR ved Bildøyvatnet. Det er gjeve 700 tusen kroner i støtte frå Enova til anlegget som har kosta 28 millionar kroner. Kapasiteten er om lag fem tusen kubikkmeter pr. døger og dekkjer om lag to tredeler av det totale vassforbruket i Fjell. (Foto: Monica Hovland) Besøk frå Sør-Jylland I slutten av april var ein delegasjon på 20 sunnheitsdirektørar frå Sunnhetsstrategisk Forum i Danmark på besøk i Fjell. Dette forumet er samansett av helsedirektørane og helsesjefane i region sør i Danmark og representerer stort sett alle kommunane i regionen. Fjell har dei siste åra hatt fleire liknande besøk frå Danmark. Maratonsprekingar i barneverntenesta 23 av dei 32 tilsette i barneverntenesta i Fjell deltok i Bergen City Maraton i slutten av april. Dei spreke barneverntilsette deltok både med stafettlag og med åtte deltakarar i halvmaraton på 21,1 kilometer. Barnevernleiar Bård Tyldum er mektig imponert over innsatsen til medarbeidarane. - Vi hadde ein utruleg fin dag med stor stemning med mange gode opplevingar. Fjell kommune skal ta imot 116 flyktningar Kommunestyret vedtok i slutten av april at kommunen skal ta imot 63 flyktningar i 2015 og 53 flyktningar i 2016. Mottak av mindreårige flyktningar kjem opp som eiga sak. Andre vedtak: Kommunestyrets vedtok samrøystes at frå og med kommuneperioden 2015-2019 skal talet på komitéar reduserast frå tre til to. Storleiken på formannskapet skal reduserast frå 11 til ni medlemer. Kommunestyret godkjende detaljregulering for gjenvinningsstasjon i Lonavegen på Straume.

Mai Lyngbrann på Ågotnes Laurdag den 2. mai oppstod det lyngbrann i området mellom Ågotnes og Spjeld. Brannen utvikla seg kraftig, og det vart brukt to helikopter i arbeidet med å sløkkja brannen. Brannen kom under kontroll seint laurdag kveld. Markerte 30-årsjubileum for sjukeheimen Tidleg i mai var det pynta til fest i stova på somatisk avdeling på Fjell sjukeheim. I mai var det 30 år sidan kommunen tok i bruk bygget på Straume. Ordførar Eli Årdal Berland overrekte gåve til Fjell sjukeheim ved styrar Morten Amundsen (bilete. Markerte frigjeringsdagen Det vart gjennomført ei rekkje makeringar av frigjeringsdagen på ulike stader i Fjell. I år er det 70 år sidan frigjeringa i 1945. Markeringa den 8. mai starta med flaggheis på Fjell festning ved ordførar Eli Årdal Berland. Vidare var det rollespel "Frigjøring og fall" for frigjeringa ved elevar frå Ulveset skule. Det var også markering på Tranevågen ungdomsskule, kransenedlegging ved minnestøtta ved Fjell kyrkje (bilete) og på Fjell festning og konsert. Opna Vil Vite og kino med stil Den 22. mai var det høgtidleg opning av Vil Vite-senteret og SF Kino Sotra på Straume. Dei tre ordførarane Åse Gunn Husebø, Eli Årdal Berland og Kari-Anne Landro stod for den offisielle opninga. Dei mange innbedne gjestene fekk med seg både den offisielle opninga, opplevingsrunde i Vil Vite-senteret og actionkomedien Spy. Stor interesse for Treff+ - Eg har aldri snakka til så mange sjefar på ein gong. Det er du som er sjefen i dag. Varaordførar Odd Bjarne Skogestad (bilete) snakka mange sjefar den 28. mai då det nye seniortilbodet Treff+ på Sartor Storsenter vart offisielt opna. Nærare 150 personar møtte opp på opninga. Dermed vart den smålåtne forventninga til direktør i Sartor Storsenter, Thomas Skålnes, gjort til skamme. Fjell løyver 1,5 mill. til Sykkel-VM I slutten av mai vedtok kommunestyret å løyva 1,5 millionar kroner til Sykkel-VM. Vidare vedtok kommunestyret å selja aksjane i Business Region Bergen (BRB). Kommunestyret vedtok med 28 mot 17 røyster ein uttale der Fjell kommune går imot regjeringa sitt framlegg om endringar i helgedagslova (Lov om helligdager og helligdagsfred).

Juni Sprengjer Færøyfluene frå ca. 1. juni Om lag den 1. juni starta Kystverket opp arbeidet med utbetring av innseglinga til Bergen ved Færøyna vest for Follese i Askøy kommune. For å betra hovudleia skal Færøyfluene sprengjast ned til 14 meter. 27 tusen kubikk masse skal fraktast til godkjent deponi like søraust for anleggsområdet. Det er Sjøeentreprenøren AS, på oppdrag av Kystverket, som skal gjennomføra arbeidet. Målet med tiltaket er å redusera risikoen for skipsulukker i eit området med mykje trafikk. Anleggsperioden er perioden juni og september. Internasjonal kvinneforeining jubilerte Laurdag den 30. mai feira Internasjonal kvinneforening på Sotra sitt 20 års jubileum i kultursalen i Fjell rådhus. Jubileet vart feira med innbedne gjester, talar, korgfest med internasjonal mat, musikk og dans. Frå venstre; Ranveig Frøiland, Shahnaz Fadaie, Ordførar Eli Årdal Berland og Torill Aglen var mellom gjestene. (Foto: Turid Sætre) Presenterte historisk plan for Sotrasambandet Den 12. juni presenterte Statens vegvesen framlegget til reguleringsplan for Sotrasambandet. Med ei kostnadsramme på 8,9 milliardar kroner vil regionen få realisert det største enkelprosjektet i regionen nokonsinne. Bergen og Fjell kommunar har no vedteke å leggja planen ut til offentleg høyring. Vedtok arealdelen til kommuneplanen Den 26. juni vedtok kommunestyret kommuneplanen sin arealdel 2015 2026. Hovudtema for rulleringa er bustad, næring og kystkultur. Teknisk infrastruktur er løfta fram som eit sentralt tema og innarbeidd i dei overordna arealstrategiane. Kommunestyret vedtok samrøystes at Fjell kommune skal busetja fem mindreårige flyktningar i 2015. Vidare godkjente kommunestyret "Handlingsplan for rusomsorg 2015-2020". Saka om å overføra Straume bu- og servicesenter til pensjonskassen vart utsett.