GLOPPEN FOLKEBIBLIOTEK ÅRSMELDING 2006 2006 var på ulike måtar eit overraskande år for Gloppen folkebibliotek: * Den første Bibliotekprisen i Sogn og Fjordane vart tildelt Gloppen folkebibliotek * Byrkjelo filial flytta inn i nye lokaler på tampen av året. * Sist, men ikkje minst: Samla utlånstala viser oppover, i ei tid med stor konkurranse om folk si fritid. 3 på topp: Biblioteket si "3 på topp-liste" for 2006 speglar dei mest ettterspurde titlane elles, og viser samstundes det store utlånet til barn: Forfattaren Birthe Kot er den mest lånte forfattaren, og ei enkel bok som "Kari og traktoren hennes" blandar seg inn blant dei etterspurde og mykje lånte Harry Potter-titlane. Sjå vedlegg for detaljar.
ORGANISERING Gloppen folkebibliotek har 3 avdelingar: Hovudbibliotek på Sandane, og filialar på Byrkjelo og i Hyen. Biblioteket på Sandane er og skulebibliotek for lærarar og elevar ved Firda vidaregåande skule,etter avtale med fylkekommunen. Gloppen folkebibliotek sorterar politisk underteknisk-, landbruk- og kulturutvalet sitt område. OVERSYN OVER, SAMLINGAR, PERSONALE OG OPNINGSTIDER (tal frå 2005 i parantes) SANDANE BYRKJELO HYEN TOTALT av bøker av andre media Fjernlån (=lån frå andre bibliotek ) totalt 25.296 (23.338) 4.370 (5.408) 4.309 (4.074) 8.951 (7.566) 498 (496) 85 (83) 550 (654) 34.247 (30.904) 4.868 (5.904) 4.394.(4.157) 44.059 (41.621) PERSONALE 2.5 st 0.67 st 0.32 st. 3.49 st. OPNINGSTID pr veke 33 timar (18 timar sommartid) 15 timar (stengt sommar) 9 timar (stengt sommar) 57 timar (18 timar sommar) - kommentar: Auken i utlån på Sandane (10.8 %) er såpass stor, at sjølv med markert nedgang i utlån på Byrkjelo ( - 17.5), så er auken for kommunen tydeleg: + 5.8 %. Hyen er og på pluss-sida, med 5.7 % auke. Det er auke både i utlån av bøker og i utlån av andre media. Utlån til barn utgjer 53.8 % av totalt medieutlån (2005: 54 %) Den forholdsvis store nedgangen for Byrkjelo for 2006 kan vere ein peikepinn på utfordringa for små avdelingar: Meir avgrensa opningstider og smalare utval, kan, saman med større konkurranse om folk si samla "mediebrukstid", - bidra til mindre interesse. Samstundes kan mindre ting gje store utslag på små avdelingar, som at Reed skule sin badebuss har endra dag. Det er grunn til å tru at flyttinga på tampen av året vil slå positivt ut for utlånstal og besøk. Utlån pr innbyggjar: 7.6 % (7.18 i 2005) For meir detaljar: Sjå http://www.gloppen.kommune.no/artikkel.asp?aid=2933&mid1=1&mid2=64&back=1 BYRKJELO FILIAL I NYE LOKALE På seinsommaren fekk kommunen tilbod om å flytte biblioteket ned i ledige lokale i 1.etasje, noko Teknisk, landbruk- og kulturutvalet godkjende i oktober. Etter ein hektisk periode med planlegging, førearbeid og gjennomføring, kunne vi opne med "Snorklipping og opningskringle" 28.november, i eit lokale som i langt større grad ligg inviterande til.
INTERNETT * Internett er svært sentral som informasjonskjelde i bibliotekskvardagen, både i høve til publikum, og i det interne arbeidet. * Biblioteka er stort sett den einaste offentlege staden folk kan finne og bruke Internett gratis dagleg. * Internett er også ein informasjons/ og formidlingskanal frå biblioteket: T.d. biblioteket sin database på vevsidene, som gjev til ei kvar tid oppdatert oversyn over samlinga. BETRE TEKNISKE LØYSINGAR: GFB gjekk over til sentral drifting av biblioteksystemet Micrmarc 2 (database og utlånssystem), noko som lettar drift og vedlikehald av systemet. Nasjonalt lånekort er teke i bruk, og gjev tilgang til bibliotek over heile landet. UTSTILLINGAR Dei skiftande små og store utstillingar i biblioteka, er ein konkret formidlingsmåte. Jakob Sande, Ibsen-året, Leselystkampanje for vgs, - kan nemnast frå 2006. ARRANGEMENT * Januar: Fjordhesten: merkevare og kuturskatt. Open fagdag. Del av forprosjekt. * Mars: Firdafestivalen: "Nei!" Dokketeaterframsyning i samarbeid med Firda-elevar. * Juni: "Film i sekken." Biblioteket deltok i større opplegg, arrangert av kinoen. * Oktober: Jakob Sande : Liv og myter. Samarbeid med museum og bokhandel * November. Samarbeid med kinoen og lesestund. * November: På fjellhylle og havstrand: Oddgeir Bruaset. Samarbeid med bokhandel * November: Opning av Byrkjelo filial i nye lokaler BOKKAFEEN PÅ BYRKJELO 2006 var 6.året med drift av den populære Bokafeen på Byrkjelo. Her møtes eldre ein gong i månaden, og samlast om leselyst og livsglede. Dette er eit samarbeid med Breim Sanitetslag, der sanitetslaget gjer ein stor, frivilleg innsats. SKULEBIBLIOTEKFUNKSJON FOR FIRDA VGS Biblioteket er ein læringsarena på skulen, og biblioteket samarbeider med skulen om dette. SAMARBEID MED GRUNNSKULAR Alle 2. klassar blir spesielt invitert til biblioteksbesøk. Det store fokuset på lesing i grunnskulen fortset, og mange klassar har faste bibliotekbesøk. Barnebibliotekaren arrangerer, saman med grunnskulen, årlege samlingar med dei skulebibliotekansvarlege, og deltek i Kulturforum, som organiserar dei lokale tilbod i Den Kulturelle Skulesekken. I 2006 var t.d. opplegg med litteraturformidlaren Janne Karin Støylen eit av dei desse tilboda. PROSJEKT Forprosjektet "Fjordhesten, vestlendingens kulturarv", som starta i 2005, fortsette i 2006, med Fagdagen (sjå under arrangement) som høgdepunkt. Det vart sendt ny søknad om prosjektmidlar til ABM-utvikling, som ikkje vart innvilga. Arbeidet med forprosjekt og prosjektsøknader var eit samarbeid mellom bibliotek, museum, arkiv, og vidaregåande skule, og har gitt mykje nyttig lærdom og erfaring. TRIVSELSHAGEN Planlegging av biblioteket i Trivselshagen fortsette i 2006, m.a. med utarbeiding av detaljert kravspesifikasjon, i samarbeid med kommunen elles og Firda vgs.
KURS- OG MØTEVERKSEMD Gjennom året deltok dei tilsette på ulike eksterne kurs og møter, dei viktigaste i 2006 var: * Bibliotekdagane i Sogn og Fjordane 2006 * Lesekonferanse * Årets nye barne-og ungdomsbøker BIBLIOTEKPRISEN I SOGN OG FJORDANE 2006 Norsk bibliotekforening avd. Sogn og Fjordane delte ut prisen for første gang, under dei årlege Bibliotekdagane, og prisen for 2006 vart tildelt Gloppen folkebibliotek. Forutan breidde i drifta, var det nok særleg 3 ting som vart lagt merke til, og som vart utslagsgjevande for tildelinga: Bokkafeen på Byrkjelo, 165-markeringa i 2005 og arbeidet med fjordhestprosjektet. I alle fall var det både overraskande og svært inspirerande å få prisen. Prisen var eit grafisk trykk av Hans Normann Dahl: " Den blå hesten". ********** VEGEN VIDARE: Gloppen folkebibliotek 2007 er midt i eit tid med store endringar, både i samfunnet og i biblioteksverda. Det er teknologiske endringar og etter kvart tydelege endringar i folk sine medievanar, og kunnskapssamfunnet set nye krav. Det er krevande å utvikle og fornye tenester og arbeidsmåtar i takt med utviklinga, ikkje minst med eit mindre personale enn tidlegare, og med arbeidskrevande interne oppgåver. Samstundes er det svært positivt at kommunen satsar på biblioteket, både med meir tilgjengelege lokaler på Byrkjelo, og ikkje minst med nytt bibliotek i 1. byggetrinn av Trivselshagen, som skal takast i bruk i 2008. Det er å vente at kommunen vil følgje opp denne satsinga, slik at det nye biblioteket både har romslege opningstider og plass til utvikling, for å gje innbyggjarane i Gloppen eit best mogeleg tidsmessig bibliotektilbod. Utlånssystem på filialane: Det er no over 10 år sidan biblioteket på Sandane gjekk over til automatisert utlånssystem, og i 2006 tok i bruk det nasjonale lånekortet. Filialane har vorte hengande etter i utviklinga, og har framleis gamaldagse og manuelle system for å handtere utlån. No må vi gjere noko med dette, og utlånslisensar til filialane blir innkjøpte med det første, og strekkoding av alle bøkene tek til etter påske. På det nasjonale plan: 2006 la ABM-utvikling, Statens senter for arkiv, bibliotek og museum, fram ei stor samla utgreiing for biblioteksektoren i landet: "Bibliotekreform 2014", som no er ute på høyring. Her er det framlegg om mange ulike tiltak der målet er å styrke morgondagens bibliotek. Avgjerande for folkebibliotek vil fortsatt vere den lokale satsinga. Å spørre om vi trenger bibliotekene nå som det finnes så mye informasjon avdekker omtrent samme innsikt som å spørre om man trenger veikart nå som det er blitt så forferdelig mange veier. (Jon Bing 2005)
Vedlegg til årsmelding 2006, Gloppen folkebibliotek Frå utlånsstatistikken: 3 PÅ TOPP - 2006 Mest utlånte forfattar: For barn: Birthe Kot: 475 Astrid Lindgren: 382 Tor Åge Bringsværd: 326 For vaksne: Anne Karin Elstad 238 Anne B. Ragde 222 Frid Ingulstad 191 Mest utlånte tittel: Tidsskrift: Bonytt 159 I form 131 Hagen for alle 107 Skjønnlitt. for vaksne: Eremittkrepsene 46 Mors og fars historie 32 Berlinerpoplene 31 Faglitteratur for vaksne: Idas dans 19 Soga om Gloppen og Breim 18 Norsk-somali ordbok 12 Skjønnlitt. for barn: Harry og halvblodsprinsen 32 Kari og traktoren hennes 32 Harry Potter og fangen fra Azkaban 29 Faglitteratur for barn: Dinosaurene 13 Barnas kokebok 12 Bilboka mi 11 Filmar for vaksne: Million dollar baby 33 Titanic 31 Love actually 30 Filmar for barn: Linus i svingen 28 Harry Potter og fangen fra Azkaban 28 Harry Potter og ildbegeret 26