Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;



Like dokumenter
EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Saksnr Utval Møtedato Ud-6/12 Utdanningsutvalet

Revidert august 2015 RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL VURDERING HAUGESUND TOPPIDRETTSGYMNAS

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

Informasjon til foresatte. Om vurdering og eksamen 2014

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Velkommen til fagdag om standpunktvurdering VGS. Molde 2. februar 2017

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016

Kvalitetsplan mot mobbing

Utdanningsavdelingen. Retningslinjer for individuell vurdering. Vest-Agder Fylkeskommune

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

OBS! Pass på at De har den siste versjonen av det skoleadministrative systemet.

ROGALAND FYLKESKOMMUNE

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Standpunktvurdering i Møre og Romsdal

Eksamen og vurdering 2016

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Møteinnkalling. Side1. Utval: Yrkesopplæringsnemnda Møtestad: 102 Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 10:30

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Strategi for kompetanseutvikling

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Vegvisar til vilbli.no

Rapport frå Fylkesutdanningssjefen

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Plan for overgangar. for barn og unge

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Heile IOP skal arkiverast i elevmappa i P360

Forslag frå fylkesrådmannen

Fra forskrift til klasserom Fagsamling om standpunktvurdering og lokalt læreplanarbeid Lillehammer hotell, 20. og 21. oktober

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

RETNINGSLINJER FOR VURDERING I VIDEREGÅENDE OPPLÆRING

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

Innhenting av halvårsvurdering frå ungdomsskolane for skoleåret 2012/2013

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

RETNINGSLINJER FOR VURDERING

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Vurderingsrettleiing 2011

Forskrift til opplæringslova

Vurderingsrettleiing 2011

Velkommen til fagdag om standpunktvurdering. Molde 1. februar 2017

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

SØR-TRØNDELAG FYLKESKOMMUNE SKJETLEIN VIDEREGÅENDE SKOLE Notat: Avsluttende vurdering skoleåret , ELEVER

Øystese barneskule April - 08

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Det europeiske rammeverket og læreplanen for fremmendspråk

Reglar for kommunale tilskot til. næringslivet. i Åseral.

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

: Surnadal ungdomsskole. Unni Søbstad Larsen og Liv Ingrid Horvli

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Samansette tekster og Sjanger og stil

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Eksamensrettleiing. NOR0214 og NOR0215 norsk hovudmål og norsk sidemål Sentralt gitt skriftleg eksamen etter 10. trinn elevar og vaksne

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Standpunktkarakterar 2016

Informasjon om fritak fra vurdering med karakter

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Endringar i studentreglementet for Fagskolane i Hordaland

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; 1. Utdanningsutvalet ber skolane som ei prøveordning å gjennomføre anonym retting av ei heildagsprøve i faga Vg3 norsk og Vg1 engelsk for og å førebu elevane til eksamen. 2. Det skal leggast fram ein rapport om gjennomføring for utvalet i 2013. Om vurdering I kapittel 3 i forskrift til opplæringslova vert føresetnadene for individuell vurdering i vidaregåande opplæring fastsett. Kapitlet inneheld generelle føresegner om føremålet, retten og grunnlaget for vurdering og om undervegsvurdering og sluttvurdering (standpunkt/eksamen); Om formålet, retten og grunnlaget, jf. forskrifta 3.1-3.3 Formålet med vurdering i fag er å fremje læring undervegs slik at god tilbakemelding og rettleiing skal gjere at elevane kan arbeide målretta med faga for å utvikle kompetansen sin. Retten til vurdering inneber at eleven skal vite kva som er kompetansemåla i faga og kva som blir lagt vekt på i vurderinga av dei faglege prestasjonane. Dei kjenneteikna for måloppnåing som ligg til grunn for vurdering i fag, er grunnlaget for at faglæraren kan vurdere elevane sin kompetanse og for å gi rettleiing. Elevane skal vere godt kjend med dei føresetnadene som elles ligg til grunn i vurdering i fag, t.d. stort fråvær kan føre til at læraren ikkje har godt nok vurderingsgrunnlag i faget. Om undervegsvurdering, jf. forskrifta 3.11-3.13 Undervegsvurdering skal brukast i elevane sin læreprosess og vere eit verkty for faglæraren til å tilpasse opplæringa. Undervegsvurdering skal difor gi ein informasjon til kvar elev slik at han/ho sjølv har eit grunnlag for å arbeide med si faglege utvikling. Undervegsvurderinga skal vere løpande og systematisk og kan vere både munnleg og skriftleg. Forskrifta fastsett at eleven minst éin gong kvart halvår skal ha ein samtale med kontaktlæraren om si utvikling i høve til kompetansemåla i faga. Like viktig er det at faglæraren har god kontakt med elevane slik at dei får rettleiing som gjer at dei kan arbeide målretta med fag.

Side 2 Om sluttvurdering, jf. forskrifta 3.17-3.18 Standpunktkarakteren skal ha eit breitt vurderingsgrunnlag som samla viser kompetansen eleven har i faget. Eleven skal bli gjort kjend med kva det er lagt vekt på i fastsetjinga av hennar eller hans standpunktkarakter. System for oppfølging av undervegsvurdering og sluttvurdering For å leggje til rette for at faglærarane og kontaktlærarane skal ha moglegheit til ha god kommunikasjon med elevane sine og ha ein løpande kontakt med elevar og føresette om vurdering i fag og i orden og åtferd, har fylkeskommunen i fleire år brukt det digitale web-verktyet SkoleArena. I tillegg vert og læringsplattformen Classfronter brukt til å formidle informasjon, arbeidsoppgåver i fag, veke- og arbeidsplanar og ut- og innlevering av oppgåver. Med desse digitale verktya kan faglærarane følgje opp elevane sine i fag og gi rettleiing slik at kvar einskild skal kunne utvikle seg fagleg. Uttale om vurdering/anonym retting./. I vedlegg 1 er fylkesmannen sitt svar på Utdanningsforbundet sin førespurnad om ei vurdering av vedtaket i sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver. Vedlegg 2 er ein uttale frå Utdanningsforbundet Ålesund om anonym retting av prøver Gjennomføring og anonymisering Fylkesutdanningssjefen sendte ut følgjande melding til skolane om gjennomføringa; 1. Elevane blir anonymisert ved at dei får eit kandidatnummer (som ved eksamen). Prøvane vert retta og karaktersett av ein faglærar. Deretter blir det administrativt kopla kandidatnummer og namn. 2. Er det fleire klassar på skolen som skal gjennomføre terminprøve i faga, skal administrasjonen sørgje for ei organisering av retting og karaktersetting slik at klassane vert bytta om mellom faglærarane, eventuelt at faglærarane får rette tilfeldige kandidatnummer. 3. Skolane skal gi ei kort oppsummering av gjennomføringa og resultat til fylkesutdanningssjefen. Dette grunnlaget skulle sikre ein god gjennomføring der elevane vart anonymiserte. Rapportering ei samanfatning Organisering I rapportane frå skolane melder dei at anonymisering er gjort ved bruk av kandidatnummer slik som ved eksamen elles. Dette sikrar anonymitet begge vegar, eleven veit ikkje kven som rettar og faglærar veit ikkje kven eleven er. Mange skolar brukte elektroniske verkty liknande dei som vert brukt ved digital eksamen. Sjølv om ein gjennomfører metodikken som eksamen, er det ikkje til å unngå at ein bruker ekstra tid til å administrere ei ordning med anonyme prøver.

Side 3 Resultat Generelt melder alle skolane at det ikkje er signifikante avvik mellom anonym retting og dei ordinære prøvesituasjonane når ein i etterkant får opplyst eleven sitt namn. Det er og gjort samanlikning av prøvekarakteren med termin1-karakteren, avviket var ikkje signifikant, det vert rapportert om eit gjennomsnittleg avvik mellom 0,3-0,5 karakterpoeng for dei to faga og for ulike utdanningsprogram. Slike avvik er normalt om ein ser termin1-karakteren i høve til standpunktkarakter og eksamen. Det finst nokre få einskildtilfelle der karaktervariasjonen er på ein heil karakter, ikkje ulikt det ein har ved den nasjonale eksamen i norsk og engelsk. Det har vært svært få klagar på karakteren som er sett ved heildagsprøvene. Gjennomføring Alle skolane og fagmiljøa er svært kritisk til tidspunktet og val av fag for gjennomføring av heildagsprøvene. Dei valde faga har nasjonal eksamen. Tida før eksamen må brukast til å rettleie elevane for å førebu dei. Difor vart pålegget om gjennomføring av anonym retting som siste prøve før eksamen svært uheldig fordi vurderinga ved anonym retting vart teken ut av den normale samanhengen med undervegsvurdering og rettleiing av elevane. Prøver med anonym retting er i sin natur eksamenslik, eleven får ein karakter utan noko særleg utfyllande kommentarar utanom dei vurderingskriteria som ligg til grunn. Om anonym retting Sjølv om det er ulikt syn på anonym retting er skolane og fagmiljøa i all hovudsak positiv til å bruke anonym retting i vurderingsarbeidet, både for å utvikle fagmiljøa på skolane og i eige vurderingsarbeid. På mange skolar er det allereie ein del av lærarane sitt vurderingsarbeid å bytte på elevgrupper for å utvikle vurderingsarbeidet saman med andre kollegaer. Denne type kompetanseutvikling er svært viktig for fagmiljøa på skolane og for arbeidet i fylket sine fagnettverk. Skolane ønskjer å velje tidspunkt sjølv, trinn og fag ut frå eit systematisk og planlagt vurderingsarbeid av elevane gjennom skoleåret. Avgjerande for kvaliteten på skolen sitt arbeid når det gjeld vurdering for læring er likevel den faglege dialogen mellom faglærar og elev. Denne dialogen er grunnlaget for at eleven skal kunne utvikle seg fagleg. Elevane har ulike læringsstrategiar og difor er vurderingsdialogen mellom faglærar og elev viktig for og å skape motivasjon for læringsarbeidet. Vurdering Dei føresetnadene som ligg til grunn i lov og forskrift når det gjeld vurdering av elevar er innretta slik at rettleiing om eleven sin faglege utviklinga er sentral i vurderingsarbeidet. Difor må faglærar ha god kjennskap til både elevane sine læringsstrategiar, arbeidsmetodar og prestasjonar. Det betyr at anonym retting berre kan vere eit supplement i vurderingsarbeidet.

Side 4 På grunnlag av dei anonyme prøvene i norsk og engelsk våren 2013 er det ikkje noko som tyder på at vurdering og karaktersetting ikkje blir gjennomført på ein profesjonell og rettferdig måte. Anonym retting skal bidra til å utvikle vurderingspraksisen i dei ulike fagmiljøa, men kan ikkje ha eit omfang som gjer at vurderingsarbeidet etter intensjonane i lov og forskrift ikkje vert gjennomført, det vil kunne føre til at elevane ikkje får god nok rettleiing til å utvikle seg i dei ulike faga. Anonym retting kan difor berre vere eit supplement til å utvikle vurderingsarbeidet i skolen, metoden kan vere en plattform for fagleg drøfting av vurderingskriteria og for å utvikle vurderingskompetansen saman med andre i fagmiljøet, både på den enkelte skolen og i fagnettverka i fylket. Mange fagmiljø på skolane bruker allereie anonymisert retting/kollegaretting av prøver, nettopp for at ein saman skal utvikle vurderingskompetansen og -kriteria i fag. T.d. har fagnettverket i norsk på felles fagdagar brukt anonymiserte karaktersette stilar til ny retting og vurdering. Dette er og den metoden som Utdanningsdirektoratet no har innført til skolering av norsksensorane på Vg3. På denne måten utviklar sensorkorpset ein felles standard for kjenneteikn på måloppnåing. På kursdagen for framandspråk den 14. august var og denne metodikken ein vesentleg del av kurset. Mange av faga, spesielt innafor yrkesfag, har ein samansett vurderingsform, med både innslag av skriftlege, munnlege og praktiske ferdigheiter. Anonyme prøver vil difor i mange tilfelle ikkje vere tenleg som ei vurderingsform i fag. Bruken av anonym retting må difor inngå i eit systematisk og planlagt vurderingsarbeid i skolen. Difor må både omfang og tidspunkt for gjennomføring av prøver med anonym retting bli fastsett av avdelingane/fagmiljøa på kvar enkelt skole. Ein kan bruke same opplegg som ved eksamen for å gjennomføre prøver med anonym retting. Det betyr at sjølv om ein har gode rutinar for eksamensgjennomføring så vil prøver med anonym retting krevje ekstraarbeid for administrasjon og leiing. I ein elles travel skolekvardag vil det difor vere avgrensa kva slags omfang anonyme prøver kan ha, t.d. 1 gong kvart skoleår. Forslag til vedtak: Utdanningsutvalet ber om at anonym retting av prøver vert brukt i skolane sitt systematiske arbeid og planlegging av vurderingsarbeidet i fag, og at vurderingsarbeidet vert ein del av skolen sin rapportering i samband med kvalitetsmeldinga. Sverre Hollen fylkesutdanningssjef

Vedlegg 1 Anonym retting av prøver - vedlegg 1 2 Anonym retting av prøver - vedlegg 2 Side 5