INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage



Like dokumenter
INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM. Heddeli barnehage. Seljord kommune

INFORMASJONSHEFTE OM. Heddeli barnehage. Seljord kommune

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

Sandeid skule SFO Årsplan

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

INFORMASJONSHEFTE OM. Heddeli barnehage. Seljord kommune

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for ROSA mars 2015

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Informasjonshefte Tuv barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Velkommen til Tussejuv barnehage!

Månadsplan for Hare November

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Velkomen til Mork barnehage

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Plan for Liabygda SFO

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Tilpassa opplæring i Tysnesbarnehagane.

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Bli kjent med Orre Barnehage

INFOHEFTE ASKEDALEN BARNEHAGE AS

Du kan kontakte oss på denne måten: Askedalen barnehage Askedalen Leikanger.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

INNI EGGET TRE SMÅ KYLLINGER BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE. Mars 2016 *****************************************************************

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015

I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn.

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Maurtuå Barnehage. SAMAN SET ME SPOR

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

LUNDE OG ONARHEIM BARNEHAGE 2015/ En god start på livet

! Vurdering for utvikling. ! Rapport. Holmedal barnehage. Veke 14 ( ) Tema: Borns medverknad. Holmedal den 2.

Til deg som bur i fosterheim år

10/60-14/N-211//AMS

HAREID KOMMUNE Syverplassen barnehage

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

HANDBOK GRUPPELEIING

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Leikande, glade barn og natur hand i hand

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Trollnytt for januar og februar

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Minnebok. Minnebok NYNORSK

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Informasjon til foreldre

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

Plan for overgangar. for barn og unge

Periodeplan. Solsikkene. Oktober februar Øyra barnehage.

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN FLATDAL BARNEHAGE

ÅRSPLAN. for Tingvang barnehage 2015/2016. Trivsel, tryggleik og fellesskap

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Transkript:

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag til fredag kl.07.30 16.30 Stengt i veke 29 og 30 og f.o.m. jolaften t.o.m. 1.nyttårsdag. Barnehagen er og stengd 5 dagar som personalet har planlegging. Seljord kommune si heimeside: www.seljord.kommune.no Juni 2015 1

Organisering Flatdal barnehage er organisert saman med Heddeli barnehage. Barnehagen er likevel ei sjølvstendig eining og har difor sin eigen årsplan og eige samarbeidsutval. Barnehagen har 24 plassar. Barnegruppa er saman morgon og ettermiddag, men blir delt i to grupper etter alder mellom om lag kl. 10.00 og 12.30. Vi deler elles barna i mindre grupper gjennom dagen. Foreldra kryssar barna inn på skjemaet om morgonen og kryssar barna ut om ettermiddagen. Informasjonsrutinar Alt innhald i barnehagen er bygd på Lov om barnehagar, nasjonal og lokal rammeplan. Informasjon og planar for kortare periodar heng på oppslagstavla ved inngangsdøra. Planane får foreldra også med seg heim eller på e-post. På oppslagstavla heng også praktisk informasjon, beskjedar til heimane og lister som fortel kva for barn og vaksne som er i barnehagen til ei kvar tid. Årsplanen, som er barnehagen sitt program for barnehageåret, kjem i august/september. Barnehagedagen Personalet ynskjer å skape ein barnehagedag fylt med leik, læring, humor, glede og tryggleik Personalet legg vekt på å ha ein hyggeleg barnehagedag med minst mogeleg avbrot i leiken til barna. Barna vil bli organisert i små grupper fordelt på fleire rom og i uterommet. Det vil minske støy og styrke læringsmiljøet. Gjennom barnehagedagen skal barna få hjelp til å utvikle sosial handlingsdugleik, språk, kommunikasjonsevne og venskap. Slike ferdigheiter vil vere med på å jamne ut sosiale forskjellar, førebygge diskriminering og likestille gut og jente. 07.30 > > Barnehagen opnar. Leik inne og ute. 08.00 09.00 Frukost 10.00 13.00 Arbeid i grupper. Samlingsstund, leikegrupper, spelegrupper, formingsgrupper, bibliotek, matlaging, gymsal, gapahuk, turar, måltid, kvilestund, garderobe. 11.00 Måltid 13.00 16.30 Leik ute og inne 14.15-14.45 Måltid. Brød, frukt, grønsaker. 16.30 Barnehagen stenger Alle klokkeslett er omtrentlege. 2

Medverknad Barn har rett til å medverke i korleis livet i barnehagen skal vere. Rammeplan for barnehagar krev at barna skal vere med å bestemme i sitt eige barnehageliv. Personalet forstår omgrepet slik at kvart barn har rett til å bli sett, høyrd, respektert, og til å deltake og prøve seg fram. Vi jobbar difor systematisk med den vaksne si rolle i møte med det enkelte barn og barnegruppa. Barna er etter tur "dagens hjelpar". "Dagens hjelpar" hjelper til i samling, fruktmåltid og i førebuing til enkelte av måltida. Fødselsdagsbarn er "dagens hjelpar". Fødselsdagar blir markert med fødselsdagssong, vi sender opp "rakettar", vi flaggar og har bilde av fødselsdagsbarnet i gangen. Leiken ute og inne. Måltid. Samlingsstund. Spelegrupper. Lesegrupper. Forming. I leikeperiodar deler vi barna i grupper slik at nokre leikar ute og nokre leikar inne i forskjellege delar av barnehagen. I leiken skal barna lære seg å samarbeide og å utvikle språket. Leiken skal variere i tema. Dei ulike tema skal vere i utvikling. Måltida blir laga med sunn og næringsrik mat; brød, pålegg, mjølk, frukt og grønsaker. Barna er med på å lage eit varmt måltid to gongar i månaden. Under hovudmåltidet kl.11.00 skal barna lære generell bordskikk, som å sende mat, vente på tur, ete fint og takke for maten. Barna skal og lære ferdigheiter som å smøre, skjære ost og å helle mjølk. I samband med måltida skal barna også oppleve ulike smakar, lære om hygiene og søppelsortering. Måltidet startar med bordvers. I samlinga skal barna øve opp konsentrasjon og stimulere språket. Dei skal bli kjende med song, musikk og litteratur. Faste innslag i samlinga er opningssong, dagtavla blir gjennomgått, forteljing eller bok, månadens dikt og song. Nokre barn og ein vaksen spelar spel. Barna skal erfare å vente på tur og å samarbeide. Speling hjelper til å utvikle språk og omgrep. Barna skal bli glad i bøker og vite korleis ein handsamar bøker. Å lese bøker styrker språkutviklinga. Gruppene bruker biblioteket. Barna skal erfare ulike materiale og teknikkar. Barna skal utvikle fantasi og kreativitet. 3

Gymsal. Matgruppe. Kvilestund Garderobe Turar Gapahuk Uteliv Barna skal utvikle koordinering av kroppsdelar og fin- og grovmotorikk. Dei skal lære regelleikar, samarbeid og å vente på tur. Barna skal erfare korleis ein førebur måltid, slik som middagsrettar, kor forskjelleg mat kjem frå, kva for mat kroppen har behov for, og mathygiene. I matgruppene gjer vi erfaringar med måling, veging, tal og omgrep. Barna skal få høve til å slappe av og t.d. høyre lydbok. Dei som treng det søv. Barna søv i eigne vogner. Barna skal lære å kle på seg sjølve og erfare kva slag klede dei treng ha på seg til ulikt ver og årstider. Barna skal bli kjende i bygda. Barna skal bli kjende og glade i naturen. Dei skal erfare naturen gjennom årstidene. Barna skal få kjennskap til tre, blomar og dyreliv i området. Vi har fokus på miljøvern. Barna skal erfare koreleis det er å vere ute og på tur i all slags ver. Vi er mykje ute. Barna må difor ha godt med klede til forskjellig ver og skift i barnehagen. Fint om kleda er merka. Sjuke barn. Folkehelseinstituttet har laga retningsliner for sjuke barn og barnehageopphald. Barnehagane i Seljord fylgjer disse. Informasjon om sjuke barn og barnehageopphald ligg på Seljord kommune si heimeside. http://www.seljord.kommune.no/ 4

Dokumentasjon og vurdering. Barnehagen tek vare på ein del av arbeida til barna fram til barna sluttar i barnehagen Alt blir samla i ei mappe som barna får med seg når dei sluttar. Det enkelte barn og barnegruppa sitt utbytte av barnehagedagen blir vurdert gjennom observasjon, i personalmøte, i foreldresamtaler og i samtaler med det enkelte barn. TRAS og MIO er enkle kartleggingsverktøy for språk, omgrep og sosiale ferdigheter. Vi nytter desse som eit hjelpemiddel til oppfølging av det enkelte barn. Kartleggingsskjema blir makulert når barnet sluttar i barnehagen. Nokre av arbeida til barna blir stilt ut eller hengt opp til utstilling. Kvar dag skriv personalet i ei dagbok korleis dagen har vore. Nokre dagar blir det lagt inn bilete på PC'en i gangen. Barnehagen som organisasjon, om vi arbeider i forhold til lokale og sentrale målsettingar og om dei pedagogiske metodane fungerer, blir vurdert i personalmøte, på planleggingsdagar, i foreldremøte, samarbeidsutval og i samtaler med barna og foreldra. Barns rett til medverknad i barnehagelivet sitt, korleis personalet møter det enkelte barn og barnegruppa, og vaksenrolla, blir vurdert på personalmøte. Fortellingar frå barnehagedagen (praksisfortelling) blir m.a. bruka som metode. Kontakt heim barnehage. Personalet ynskjer eit godt samarbeid med heimen. Vi erfarer at det daglege møtet morgon og ettermiddag er den beste arena for kontakt. Dersom det er noko du ikkje er nøgd med eller noko du lurar på, vil vi gjerne høyre det. Barnehagen skal tilpasse seg mange forskjellege heimar, ynskjer og behov. Difor er personalet avhengig av å høyre kva føresette meiner for å gjere ein best mogeleg jobb. I løpet av barnehageåret har vi nokre arrangement med føresette. Det er og to foreldresamtaler. Avtalar om å bli med kvarandre heim skal avtalast med føresette i forkant av barnehagedagen. Når andre enn foreldra hentar, skal barnehagen ha beskjed. Foreldreråd og samarbeidsutval Alle foreldra er medlem av foreldrerådet. Rådet skal vere eit forum der føresette kan møtast og drøfte ynskjer og behov, og kome med innspel til barnehagen. Leiar og nestleiar blir vald for kvart barnehageår. Samarbeidsutvalet består av leiar av foreldrerådet, ein personalrepresentant og ein representant for eigar (dvs. ein politikar). Styrar er sekretær. Samarbeidsutvalet skal drøfte barnehagens innhald og fremme kontakt mellom barnehagen og heimane. 5