ØRSTA KOMMUNE PROTOKOLL Utval: Ørsta formannskap Møtestad: Ørstafjord. Rådhuset Dato: 29.04.2014 Møtet starta 11:00 Møtet slutta 13:45 Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Rune Hovde Ordførar H Gunnar Knutsen Medlem V Hans Olav Myklebust Medlem FRP Wenche Volle Medlem FRP Petter B Bjørdal Medlem AP Ola Perry Saure Medlem SP Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Monika Barstad Rebbestad Medlem H Paul Kristian Hovden Medlem KRF Hanne Stokke Medlem AP Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Kyrre Grimstad Monika Barstad Rebbestad V Johan Bertel Vartdal Paul Kristian Hovden FRP Ingvild Aasen Hanne Stokke AP Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Wenche Solheim Rådmann Inger Johanne E. Løeng Politisk sekretær Knut Åmås Seksjonsleiar helse og velferd, orienterte Inger Liadal Seksjonsleiar omsorg og rehabilitering, svarte på spørsmål i samband med orienteringa Wenche Volle og Kyrre Grimstad vart valde til å skrive under protokollen saman med ordførar.
Sak nr Tittel Arkivsaknr PS 37/14 PS 38/14 Godkjenning av innkalling og sakliste Referat og meldingar RS 21/14 Vedk. val av framtidig stamvegtrase, E39 Skei - Ålesund 2014/201 RS 22/14 E39 Skei-Ålesund - Framtidig trase - Innspel frå Ørsta kommune 2014/201 RS 23/14 Energiutgreiing Ørsta kommune 2013 2014/841 RS 24/14 Avslag på søknad om tilskot til etablering for vidaretildeling 2014 2014/32 RS 25/14 Avslag på søknad om tilskot til tilpassing for vidaretildeling 2014 2014/32 RS 26/14 Bevilgning av startlån for videretildeling i 2014 2014/32 RS 27/14 Avslutning av tilsyn med kommunal beredskapsplikt 2014/62 RS 28/14 Ulstein kommune - Kommunal planstrategi. Melding om utlegging til 2. gongs offentleg ettersyn 2014/1133 PS 39/14 Heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse ( ROS ) for Ørsta kommune - revisjon 2014 2014/1122 PS 40/14 Finansrapport 2013 2014/1157 PS 41/14 Finansrapport 1. kvartal 2014 2014/1157 PS 42/14 Månadsrapport mars 2014 2014/1152 PS 43/14 Innspel til Widerøe sitt ruteprogram 2014/1185 PS 44/14 Nye buss-og hurtigbåtruter i høve Garnes-prosjektet frå august 2014/1058 2014 PS 37/14 Godkjenning av innkalling og sakliste Handsaminga(8 r.f.) Innkallinga vart godkjent utan merknad Ordføraren fremja å legge to saker til på saklista, sak 1. Innspel til Widerøe sitt ruteprogram og sak 2. Nye buss-og hurtigbåtruter i høve Garnes-prosjektet frå august 2014 Formannskapet hadde ingen merknad til det. Sakene får nr. 43/14 og 44/14 på saklista. Saklista vart godkjent med to saker i tillegg. Orientering:
Knut Åmås, seksjonsleiar helse og veldferd orienterte om legesenter / omsorgstenester i Ørsta kommune. Formannskapet stilte spørsmål til administrasjonen. Seksjonsleiar helse og velferd svarte. Ordføraren presenterte: Helse og omsorgstenester i Ørsta i dag og i framtida. Formannskapet drøfta tema i presentasjonen og stilte spørsmål til administrasjonen. Etter handsaming av saker: Diskusjonssak: Vegsaka etter val av Hafast som framtidig trasè E39. PS 38/14 Referat og meldingar Handsaminga(8 r.f.) Referat og meldingar vart referert utan merknadar. RS 21/14 Vedk. val av framtidig stamvegtrase, E39 Skei - Ålesund RS 22/14 E39 Skei-Ålesund - Framtidig trase - Innspel frå Ørsta kommune RS 23/14 Energiutgreiing Ørsta kommune 2013 RS 24/14 Avslag på søknad om tilskot til etablering for vidaretildeling 2014 RS 25/14 Avslag på søknad om tilskot til tilpassing for vidaretildeling 2014 RS 26/14 Bevilgning av startlån for videretildeling i 2014 RS 27/14 Avslutning av tilsyn med kommunal beredskapsplikt RS 28/14 Ulstein kommune - Kommunal planstrategi. Melding om utlegging til 2. gongs offentleg ettersyn
Ingvild Aasen(AP) tok sete kl. 12:55 (9 r.f.) PS 39/14 Heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse ( ROS ) for Ørsta kommune - revisjon 2014 TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: Ørsta kommunestyre vedtek Heilskapleg ROS-analyse for Ørsta kommune slik den ligg føre i framlegg dagsett revidert 14.04.2014. Vedtaket er heimla i sivilbeskyttelseslova 14, jf. plan- og bygningslova 4-3. Formannskapet vedtok med 9 mot 0 røyster å legge saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si tilråding Ørsta kommunestyre vedtek Heilskapleg ROS-analyse for Ørsta kommune slik den ligg føre i framlegg dagsett revidert 14.04.2014. Vedtaket er heimla i sivilbeskyttelseslova 14, jf. plan- og bygningslova 4-3.
PS 40/14 Finansrapport 2013 TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: Ørsta kommunestyre tek finansrapporteringa for gjeldsområdet 2013 til vitande. Formannskapet vedtok med 9 mot 0 røyster å legge saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si tilråding Ørsta kommunestyre tek finansrapporteringa for gjeldsområdet 2013 til vitande. PS 41/14 Finansrapport 1. kvartal 2014 TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: Ørsta kommunestyre tek finansrapporteringa for 1. kvartal 2014 til vitande. Formannskapet vedtok med 9 mot 0 røyster å legge saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si tilråding Ørsta kommunestyre tek finansrapporteringa for 1. kvartal 2014 til vitande.
PS 42/14 Månadsrapport mars 2014 TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: Ørsta kommunestyret tek månadsrapporten for januar mars 2014 til vitande. Handsaminga(9r.f.) Rådmannen trekte dei tre siste avsnitta i tilrådinga si. Formannskapet vedtok med 9 mot 0 røyster å legge saka fram for kommunestyret i samsvar med rådmannen si endra tilråding. Ørsta kommunestyret tek månadsrapporten for januar mars 2014 til vitande. Ørsta kommunestyre vedtek følgjande budsjettendringar: Nytt dataprogram for økonomiplan/budsjettarbeid Kr 110.000 + mva = 137.500 Konto 12000 (kjøp av driftsmiddel), ansvar 2450 (økonomistab), funksjon 120 (administrasjon) Styrking av netto ramme/lønn, institusjon: Kr 912.000 137.500 = 774.500 Konto 10* (løn), ansvar 47*(institusjon), funksjon 253 (helse og omsorgstenester i institusjon).
PS 43/14 Innspel til Widerøe sitt ruteprogram 2014 VEDTAK: 1. Ørsta formannskap støttar Utviklingsforum Hovden Lufthamn si fråsegn av 20.4.14 om Widerøe sitt framhaldande ruteprogram. 2. Hovden Lufthamn utgjer ein heilt avgjerande del av infrastrukturen for næringslivet, offentlege verksemder og innbyggjarar i regionen Søre Sunnmøre og delar av Nordfjord. Flyplassen har svært god utvikling i passasjertal. Utviklingstiltaka som er peika på i fråsegna frå Utviklingsforum Hovden Lufthamn er viktige element for å dekkje regionen sine behov og å utvikle Hovden sitt potensiale. Difor vil Ørsta formannskap på det sterkaste oppmode om at følgjande vert innarbeidde i komande ruteprogram: - Styrking av morgonrutene til Oslo (kl 07.30 retur kl17.00) og Bergen (kl 08.00 retur kl 17.00). - oppretting av rute Hovden-Kristiansund-Trondheim ( kl 07.00 retur kl 17.30). Rådmannen si tilråding vart vedteke med 9 mot 0 røyster 1. Ørsta formannskap støttar Utviklingsforum Hovden Lufthamn si fråsegn av 20.4.14 om Widerøe sitt framhaldande ruteprogram. 2. Hovden Lufthamn utgjer ein heilt avgjerande del av infrastrukturen for næringslivet, offentlege verksemder og innbyggjarar i regionen Søre Sunnmøre og delar av Nordfjord. Flyplassen har svært god utvikling i passasjertal. Utviklingstiltaka som er peika på i fråsegna frå Utviklingsforum Hovden Lufthamn er viktige element for å dekkje regionen sine behov og å utvikle Hovden sitt potensiale. Difor vil Ørsta formannskap på det sterkaste oppmode om at følgjande vert innarbeidde i komande ruteprogram: - Styrking av morgonrutene til Oslo (kl 07.30 retur kl17.00) og Bergen (kl 08.00 retur kl 17.00). - oppretting av rute Hovden-Kristiansund-Trondheim ( kl 07.00 retur kl 17.30).
PS 44/14 Nye Buss- og hurtigbåtruter i høve Garnes prosjektet frå august 2014 VEDTAK: Ørsta formannskap ser positivt på at kollektivknutepunktet Garnes kjem i drift, og at det vert lagt opp til samordna ruter til/frå ytre Søre Sunnmøre, slik dei kjem fram i samferdselsavdelinga sitt brev av 4.4.14. Rådmannen si tilråding vart vedteken med 9 mot 0 røyster Ørsta formannskap ser positivt på at kollektivknutepunktet Garnes kjem i drift, og at det vert lagt opp til samordna ruter til/frå ytre Søre Sunnmøre, slik dei kjem fram i samferdselsavdelinga sitt brev av 4.4.14.