Grupperettleiing for turnuslegar i kommunehelsetenesta



Like dokumenter
Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Til deg som bur i fosterheim år

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Plan for overgangar. for barn og unge

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Stemnehandboka for NKSF

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Brødsbrytelsen - Nattverden

mmm...med SMAK på timeplanen

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Finansiering av søknaden

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Valdres vidaregåande skule

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7


mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Kvalitetsplan mot mobbing

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Ottar Bjørkedal Eid vgs

5. Soknerådsmøte mai Referat

STYRESAK: DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Informasjon og søknadsblankett for arbeids- eller utdanningsreiser for funksjonshemma

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Høyringsbrev: Oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram for kommunedelplan for trafikksikring

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Innhenting av halvårsvurdering frå ungdomsskolane for skoleåret 2012/2013

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Brukarrettleiing. epolitiker

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

RAMMEAVTALE mellom Allmennpraktiserande legar i fastlegeordninga i Vestnes

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Kvalitetssikring av medisinbestilling i samarbeidet mellom fastlege og heimesjukepleie i Flora kommune

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Lærarrettleiing 1. Kornartane

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

Sandeid skule SFO Årsplan

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Øystese barneskule April - 08

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

11 Eg i arbeidslivet

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR

Jobbstrategien. KLAR FOR JOBB unge med nedsett funksjonsevne

Samhandlingsreforma -Kva skal på plass?

Den nye seksjon for applikasjonar

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette

Namning av vegar i Fræna Kommune

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Transkript:

Til turnuslegane i kommunehelsetenesta i Sogn og Fjordane Grupperettleiing for turnuslegar i kommunehelsetenesta Sosial- og Helsedepartementet har sett i gang tiltak for å betre rekrutteringa til primærhelsetenesta og for å kvalitetssikre turnustenesta. Eit av slike tiltak er grupperettleiing i den tida du er i distriktsturnus. Dette tiltaket har vore gjennomført i dei nordlegaste fylka sidan sommaren 1998. Frå og med hausten 2000 har ordninga vore utvida til andre fylke, mellom dei også Sogn og Fjordane. Prosjektet er administrert av Fylkeslegen. Fylkeslegen har engasjert to kommunelegar; Einar Melvær Sandven, Eid og Helge Sårheim, Florø, som rettleiarar. Vi planlegg dette halvåret to samlingar for turnuskandidatane i distrikt i tillegg til fylkeslegen sitt kurs. Det er obligatorisk oppmøte idet grupperettleiing er eit prioritert virkemiddel for å betre innhaldet i distriktsturnus. Arbeidsgivaren skal gi fri for desse møta. Vi reknar med at de òg har fått med dykk takstkurs i regi av Legeforeningen og akuttmedisinkurs i Førde. Vi håpar at alle har avklara med sin kommune at dei dekkar kursavgifta de vart pålagde ved takstkurset. Før du set deg i bilen kan du gjerne hugse på at det er miljøsparande å køyre saman, så ta gjerne kontakt med turnuslegen i nabokommunen. Vårt første møte med dykk vert på Alexandra Hotell, Loen, torsdag 21. april kl 11 og held fram fredag 22. april. Sjå gjerne http://www.alexandra.no/ De får litt frukt ved frammøte, så er det lunch i restauranten kl 12.30. Etter at vi rundar av på torsdag vert det høve til å nytte og nyte badefasilitetane, trimrom og/eller evt. jogge eller gå tur. Kanskje nokon av dykk vil nytte seg av høvet til å ta spa då må ein setje av tid til det etter at vi er ferdig på fredagen. Om du skulle verte hindra i å møte må du snarast melde frå om dette på mail til hsarheim@gmail.com evt. ringe Helge på 41 51 82 49. Program Torsdag Kl 11.00 Kl. 11.30 Velkommen. Einar og Helge. Presentasjon. Programmet for hausten. Rettleiarane si rolle. Kan vi kommunisere på e-post? Rådgjeving og teieplikt. Reiserekningar. Kva ønskje har turnuslegane for denne rettleiinga? Forhold til kommunal rettleiar. Helge: Kvaliteten på mottak i kommunane og rapportar om problem. Korleis er det i min kommune og kva med arbeidsforholda mine? Runde med bidrag frå alle. Noter gjerne ned litt på førehand om korleis det er på din arbeidsplass; har du fast vegleiingstid, bakvakt på vakt, mykje/lite å gjere på dagtid, er

målbeskrivingar for turnustenesta i bruk, er det organisert fellesøving med ambulansen, er du observert under konsultasjon (heile konsultasjonen) og har du sett vegleiar eller annan kollega? Vi nyttar runda til å gripe fat i det som kan vere aktuelle problemstillingar. Kl. 12.30 Lunch Kl. 13.30 Framhald med runda. Kl 15.30 Gruppearbeid. Ein konsultasjon eller sjukebesøk eg hugsar godt. Runde med bidrag frå alle i smågrupper. Kl. 16.30 Einar: Kva er allmennmedisin. Med tida som verkty. Diagnostiske hjelpemiddel. Kl. 17.00 Ord for dagen Kl. 19.30 Middag Fredag: Kl 08.30 Kl 09.00 Kl. 11.00 Kl. 12.00 Kl. 12.30 Kl. 13.30 Kl. 14.45 Oppsummering av gårsdagen tilbakemeldingar så langt Sjukmeldingar. Vi vil diskutere vanskelege sjukmeldingar som eksempel på ei fagleg utfordring. Vedlagt er eit registreringsskjema som skal nyttast før møtet. ALLE skal registrere i ei veke på kontoret! Registreringa er grunnlag for gjennomtenking av erfaringane så langt. Dette gjer vi i grupper. Bu deg på å legge fram minst ein kasuistikk. Den vanskelege samtala. Når det ikkje går heilt slik som vi ønskjer korleis kan vi då ha dialog med pasient og pårørande? Familiemedisin Lunch Turnuslegens time. Her står det ope de som er turnuslegar må komme med innspel om kva som er viktig å snakke om. Om nokon føler for det er det berre å førebu eit tema! Ord for dagen. Evaluering. Vi håpar at fleire av dykk allereie er observert under konsultasjon når vi møtest no i Loen. Endringar kan komme til. Har nokon av dykk idear eller tankar om tema du har lyst til at vi skal ta opp er vi svært opne for det. Du kan ta kontakt med oss på førehand då får vi høve til å førebu oss eller vi tek det på sparket. De vil raskt merke at vi under desse samlingane er avslappa både i form og i høve til innhald. Det viktigaste er at vi er samla og at de får komme med det som er viktig for dykk. Rettleiinga i Sogn og Fjordane 2015 Gruppene er lukka fora der vi har teieplikt og tillit til at det som vert sagt ikkje kjem ut. Dette tyder at også vi som gruppeleiarar har teieplikt i høve til det som vert sagt i gruppa. Gruppene er ikkje ein stad der vi skal vise kor flinke vi er. Vi håpar samlingane kan bli ein møteplass der vi kan fortelje om våre faglege nesten-feil og feil, og kanskje le litt av dei, men også ein stad der det er lov til å fortelje historiene om noko vi syntest vi fikk bra til. Samlingane skal ikkje erstatte den rettleiinga av reint fagleg karakter som de skal ha på tenestestaden, men skal gje høve for turnuslegar å møte kollegaer i same situasjon og utveksle røynsler ved ulike sider av tenesta med kvarandre og med rettleiarane.

Mange turnuslegar synest at dette halvåret i distrikt kan vere ein krevjande periode. Gruppene vil kunne gi auka tryggleik og trivsel i jobben, noko som vil vere bra både for dykk og pasientane. Evalueringane tyder på at deltakarane har hatt godt utbytte av møta. Det finst formulert målsetting og rettleiar for den tenesta de er inne i nå. Desse ligg på nettet. Arbeidsgjevar skal skaffe dykk tilgang til internett: Målbeskrivelse for turnustjeneste IK 17/98 - Delmålsetting for kommunehelseteneste - arbeidsformer i praksis: http://www.legeforeningen.no/index.gan?id=5044. Rettleiar for turnus i kommunehelsetenesta: http://www.legeforeningen.no/assets/turnusveileder.rtf. Her finst mål for ferdigheitstrening. Desse er godt utgangspunkt for å diskutere ditt eige behov for rettleiing tidleg i turnustenesta, for å lage ein enkel tilpassa plan for opplæring. Andre og siste samling: Denne blir i Florø i slutten av august, truleg 21. og 22. august, også dette ei overnattingssamling. Pass på at du ikkje tek ut ferie og er borte desse dagane! Distriktsturnus røynsler om tilrettelegging Ut frå røynslene til dei tidlegare gruppene vil vi komme med noen råd alt no. Nokre turnuslegar slit med at papirarbeidet stig dei over hovudet. Vi reknar at ein turnuslege bør sette av nokre timar per veke til papirarbeid og andre administrative oppgåver i arbeidstida. Nokre har etterlyst meir systematisk rettleiing på kontoret. De bør vite at lokal rettleiar får godtgjort for tre timar per veke for å ha turnuslege. Det kan være ein utfordring å ta opp med rettleiar korleis timane skal disponerast. Vår erfaring er at dei færraste av dykk vil få så mange timar med direkte rettleiing, men ein time strukturert samtale pr veke er vanleg. Resten vert gitt som ad hoc vegleiing. Nokre turnuslegar har fått direkte klinisk rettleiing ved å sitje inne hos rettleiar og sjå på han/ho behandle nokre pasientar. Etter som vekene og månadene går har dei sett nye ting i konsultasjonane som dei ikkje var klare for å sjå tidlegare. Ikkje gløym at det òg kan vere svært lærerikt at vegleiar observerer deg under ein konsultasjon og gjev seg tid til tilbakemeldingar etterpå. Vi forventar òg at turnuslegane i løpet av dette halvåret vert observert i minst ein heil konsultasjon av vegleiar med tid til å snakke gjennom konsultasjonen etterpå (klassisk debriefing: kva følte du, kva var bra, kan du eventuelt gjere betre gjer det i denne rekkefølgja!). Rettleiing utført etter spesifikasjon frå spesialitetskomiteen i allmennmedisin kan gi rettleiar inntil 100 kurspoeng. Krava finst på DNLF s nettsider under utdanning: http://www.legeforeningen.no/index.db2?id=508 Vurder også om de skal be rettleiar om raskt å få tildelt ei gruppe kronikarar dette halvåret slik at de ikkje bare blir sittande med akutthjelp-pasientar. Det vil også gi nyttige røynsler om kva kontinuitet betyr i arbeidet med pasientar i allmennpraksis. Det ser ut som om fastlegeordninga har medført at det på nokre stader blir lite pasientar for turnuskandidaten. Det er ikkje fleire pasientar enn at dei faste legane vil ha dei sjølve. Andre turnuslegar rapporterer om stor forskjell på arbeidsbelastninga frå dag til dag. Dette er forhold de raskt bør forsøke å ta opp der de er utplassert om de opplever det slik. Allmennmedisin på verdsveven For dei av dykk som har straumpost her er webressursar i allmennmedisin: Heimesida til institutt for allmennmedisin i Bergen http://www.uib.no/isf/guide/guide.htm

Dersom du søker medisinske emne, finn du det meste her. Utkantlegane sitt blad UTPOSTEN kan abonnerast på, men finst også på verdsveven: http://www.uib.no/isf/utposten/utposten.htm Elles har vel fleire av dykk følgt TV-serien som gjekk på TV Norge før jul? Nokre råd frå tidlegare turnuslegar Dersom arbeidssituasjonen din flyt og ikkje er organisert i starten: ta straks tak i det overfor vegleiar og få sett ting i system. Ikkje tru at du får med deg all informasjonen som fløymar over deg dei første par-tre dagane. Gå ei ny opplæringsrunde etter eit par veker. Det gir stort utbytte og auka tryggleik dersom du kan sitje hos ein kollega på eit par legevakter i starten før du sjølv må begynne med eigne vakter. Forsøk å unngå å berre bli sitjande med fulle kliniske dagar, forlang å få noko førebyggjande arbeid (helsestasjon, sjukeheim, smittevern osv). Lær deg takstheftet - med hjelp frå vegleiar. Du skal ha minst ein time fast vegleiing pr veke. Ta inn ekstra mange til kontroll i starten for å lære om naturleg forløp av sjukdom. Reis i sjukebesøk til gamle og kronisk sjuke. EIGENREGISTRERING AV SJUKMELDINGAR Legen sitt namn: Kommune: Tal dagar registrert: Tal pasientar behandla i konsultasjon desse dagane totalt: Tal pasienttelefonar desse dagane: Kjønn Alder Diagnose Konsultasjonstid Tilleggsgrunn for sjukmelding? Di magekjensle for sjukmeldinga

Vel møtt 21. april! Eid/Florø 3. april 16 Einar Melvær Sandven Helge Sårheim Ta skjemaet med til møtet.