Rapport frå studiebesøk planlegging og planutdanning



Like dokumenter
Spørjeundersøking om sentrumsområde

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Nytt HFK Intranett

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

VOSS HERAD Kommuneplan SENTERSTRUKTUR

Regional plan for attraktive senter i Hordaland. Kap. 3 Tenester, arbeidsplassar og kulturtilbod - helsetenester Marit Rødseth, plansjef,

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

BERGEN KOMMUNE- FANA BYDEL- REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES - MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

BERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Ny regionkommune HØNSSHUSSGÅSS

Stord - Pilotkommune for Universell utforming/ tilgjenge for alle - eit av regjeringa sine satsingsområde

STUDIEPLAN UTDANNING I JURIDISK METODE EI INNFØRING

Bustadplan og-utvikling i Sogn. Husbanken som samarbeidspart Olav Ohnstad seniorrådgiver

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Frøylandsbakken. Velkomen til Frøyland og Kvernaland! Siste byggetrinn 18 bustader på Kvernaland

Månadsbrev for Rosa september 2014

Sandeid skule SFO Årsplan

Regional jordvernkonferanse Kva stilling har jordvern hos politikarane og kommunane i Rogaland og Hordaland?

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Lotteri- og stiftingstilsynet

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

FRÅSEGN - HØYRING AV STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR BOLIG-, AREAL- OG TRANSPORTPLANLEGGING - MLJØVERNDEPARTEMENTET

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Erfaringsbasert mastergrad i planlegging

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

RAPPORT FRÅ MEDVIRKNINGSMODELLEN GJESTEBUD

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

Innfartsparkering Kollektivtransportforum årskonferanse 2015

Til deg som bur i fosterheim år

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Internasjonal vidaregåande skule

Brukarrettleiing E-post lesar

Bustadpreferansar og trendar i distriktskommunar. Bustadseminar Sogn Regionråd

Regional plan for attraktive senter i Hordaland. Kap. 3 Tenester, arbeidsplassar og kulturtilbod Marit Rødseth, plansjef,

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

SKILDRING/ BILDER AV DAGENS SITUASJON. Oversiktskart. Oppheimsvatnet. Kvasshaug hyttefelt Aktuelle tomt. Dato

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Hareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

8. Museum og samlingar

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Kunstplan for sentrumsparken i Sogndal

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Kommunal plan og lokalt næringsliv handlingsrom for regional utvikling. Marit Rødseth, plansjef Hordaland fylkeskommune

Brukarrettleiing. epolitiker

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Kvalitetsplan mot mobbing

VATN OG AVLØP I KOVSTULHEIA-RUSSMARKEN

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Etablering og drift av kraftselskap

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Transkript:

1 Rapport frå studiebesøk planlegging og planutdanning California oktober 2012 San Francisco Palo Alto Berkeley San Francisco skyline Marit Rødseth, Plansjef, Hordaland fylkeskommune

2

3 Innhald: 1.Palo Alto 2. San Francisco 3. University of California, Berkeley 4. Oppsummering Kjelder

4

5 Introduksjon Dette er ein rapport frå ei studiebesøk over tre dagar i California oktober 2012. Rapporten oppsummerar kortfatta intervju med tre ulike fagmiljø supplert med studie av internettsider og synfaringar i området. Området rundt San Fransisco er kjent for å vera i frontnår det gjeld planlegging og miljøomsyn, samstundes er det eit av USA framste utviklingsområde med folkevekst og høg utviklingstakt i kunnskapsbaserte næringar. San Francisco er også ein populær by som reisemål for turistar. 1. City of Palo Alto Kommunen Kommunen har rundt 65 000 innbyggjarar på eit areal 66 kvkm, som tilsvarar Øygarden kommune. Befolkningstettleiken er 960 innbyggjarar pr. kvkm. Stanford universitetet har ei form for sjølvstyre innanfor det området dei disponerer som er ein stor del av kommunen. Mange av kommunane rundt San Francisco bukta er små. Det er ingen felles planlov som gjeld for heile USA eller California. Staten er inndelt i Counties og rundt San Francisco bukta er det eit samarbeid mellom ni counties. County map San Francisco bukta

6

7 Rådhuset Palo Alto Development senter eller servicesenter for utbyggere Planavdelinga (Department of Planning and community environment 15.oktober 2012) Planavdelinga var representert med ulike ekspertar innan samferdsel, miljø og informasjon samt overordna plan. Dei heldt til i komfortable og funksjonelle lokale sentralt i rådhuset i 5.etasje, men utan spesielt publikumsretta område.

8 På den andre sida av gata i eit vanleg kontorbygg held Utviklingsseksjonen til på gateplan med publikumsvenleg inngang. Dette var i praksis byggesaksavdelinga der alle utbyggjarar,store som små, kunne få hjelp og råd i søknadsprosessen. Ein frå planavdelinga var alltid til stades for å sikre god kopling til overordna plan. Det var eit velorganisert vegledningsapparat med kølapp og gode sitteplassar for individuell rettleiing. Alt materiale var elektronisk og tilgjengeleg på nettsider, ingen papir fantes tilgjengeleg. Offentleg planlegging Gjeldande kommuneplan er frå 1998 og er no under revisjon. Planen skulle vera for 10 år, men har fungert i 16 utan vanskar. Det er ingen sentral planlovgjeving som ein må fylgja, men planen må gjennomgå ein miljørevisjon. Palo Alto har lenge vore i front når det gjeld miljøspørsmål. Regionale styresmakter pålegg ein 5 års syklus for bustadplanlegging og det er særleg viktig å leggja til rette for affordabel housing bustader for låginntektsgrupper. Dersom pålegg frå sentrale styresmakter ikkje vert fylgt i planlegginga, kan utbyggjarar saksøkja kommunen for manglande inntekter. Alle planlegging er i kommunal regi og det er ikkje vanleg med innspel utanom gjeldande plan. Samordna areal og transportplanlegging Samordna areal og transportplanlegging er eit nyare plantema. Det finst belønningsmidlar frå transportorganisasjonen i regionen som kan gå til å planlegge fortettingsprosjekt langs kollektivaksar/knutepunkt. Lokalt sjølvstyre i arealspørsmål er ei viktig prinsippsak. Det gjer seg utslag i ulike planregime ofte for å hindra uønska innbyggjararar i eigen kommune. Eksempel er tvungne store tomter som gjer alle bustader dyre, eit anna er å unngå kollektivtransport slik at ein må ha råd til bil. Alt dette gjer samordninga rundt den felles bustad og arbeidsmarkanden rundt med 7 mill innbyggjarar i San Francisco bukta vanskeleg. Ingen høyhus i sikte frå trappa til Stanford universitetet Lokalpolitikarar og lokalbefolkning har eit aktivt forhold til fysisk planlegging. Mellom anna har det vore ei høghusbyggegrense i området på 50 feet, ca 18 m eller 5 6 etasjar, i 40 år som nærast er å

9 rekne for heilag. Dette er eit «ikkje tema» i planlegginga, men i det siste har det dukka opp eit fortettingsprosjekt ved jernbanestasjonen som kan utfordre til diskusjon. Jernbanestasjonen Palo Alto Vassforsyning Det er tvungen renovasjon og sterkt kobling mellom plan og VAR sektor. Vassmangel er den store utfordringa. Det blir no arbeidd med å redusera plenareal med sikte på å gå over til stadegne sukkulentarter som krev lite vatning. 50% av vassforbruket er til plen. Det er og eigne overvatn/flaumvatn avgifter. Kommunalt eigarskap berre til grøne område Kommunen eig ikkje landområde, utanom rekreasjonsområde. Kommunen har hatt ein policy for å kjøpa rekreasjonsareal og naturvernområder noko som elles er vanleg for stat og region. Det er ikkje aktuelt å kjøpe areal for å vidareformidle for eksempel til næringsføremål. Kommunen samhandlar vanlegvis berre med utbyggjarar som vil gjennomføra planar. Grunneigarar er ikkje ei interessant samarbeidsgruppe. Indirekte næringsutvikling Kommunen disponerer ingen midlar til næringsutvikling, og statlege midlar er no fjerna. Det vil vera eit lovbrot om ein gir skattefinansiert støtte til privat næringsutvikling, dersom det ikkje kan påvisast at inntektene til skatteytarane vert større enn utgiftene. Prosess med større utbyggjarar All planlegging overordna og detaljplanlegging er i kommunal regi. Kommunen kan leiga inn konsulentar, men dette er ikkje vanleg. Kommunen har i planprosessane kontaktforum med dei største utbyggjarane slik at ein sikrar planar i pakt med marknaden og utbyggingspotensiale. Dette vert kalla public workshops og er opne møte, men med spesielt inviterte. Planprosessen legg likevel mykje vekt på å ikkje forfordela nokon og har særleg auga for svake grupper og miljøorganisasjonar. Balansen er det viktigaste. Ein større utbyggjar har ofte fleire møte og fasar i eit prosjekt før det blir gitt utbyggingsløyve gjerne mellom 5 og 10. Planane må passera ei arkitektvurdering før det går til planutvalet.

10 Etablerardrevne senter Det er vanlig med såkalla incubatorer der grundarar kan utvikle forretningsidear. Dei har gjerne tilhald i butikklokale som er ute av bruk eller i rimelege lokale i randsona. Ofte er det enkle kafear der ein kan jobbe med PC. Det einaste som trengs er eit bord og ein stol og internett tilgang og dette etablerast oftast spontant utan offentleg medverknad. Dei største innovasjonane innan sosiale medier er blitt til på denne måten. Talent house Palo Alto sentrum Den offentlege tilrettelegginga har ikkje vore framtredande. Utvikinga i Silicon Valley der Palo Alto er eit kjerneområde starta rett etter andre verdskrig då det ikkje lenger var bruk for alle ingeniørane ved militærbasen i kommunen. Desse avanserte ingeniørane måtte finna nye oppgåver og kobla seg til spissforskingsmiljø ved Stanford universitetet. Ut i frå dette kom heile datarevolusjonen, i fylgje planavdelinga. Planavdelinga hadde ikkje eit bevisst forhold til teoriane til Richard Florida om den kreative klassen. Samarbeid med Universitetet om infrastruktur Forholdet til Stanford universitet hadde lenge vore vanskeleg. Universitetet har eit visst sjølvstyre på sitt areal. Konflikten har vore knytt til manglande bustadtilbod nært universitetet for vitneskapeleg personale. No er forholdet betre og det er jamnleg kontakt. Eit stort tema er no manglande kontorplassar for dei nye kunnskaps og it jobbane som blir skapt med utgangspunkt i kompetansemiljøa på Universitet og som treng nærleik til universitetet.

11 Rikeleg med parkeringsareal r ved Universitetet Kjøpesenter og handel Kjøpesenter i norsk forstand og i vanleg amerikansk forstand er det lite av, i heile California. Men i eit hjørne av universitetsområdet er det eit større senter med høg kvalitet. Det er bygd som ein minilandsby der alle butikkar har inngang frå gata, samt utstillingsvindu. I dei bilfrie gatene er det møteplassar, overbygde område, solskjerma område, kunst og beplanting som gjer det heile komfortabelt og innbydande. Parkeringsplassar er det rikeleg av, og det er påfallande store flater som er parkeringsareal i eit slikt pressområde, såpass nær jernbanestasjon, med gratis bustilbod kontinuerleg rundt universitetsområdet. Utvendig gate ved kjøpesenteret ved Stanford

12 Plan over kjøpesenteret som viser gatestrukturen Sentrumsutvikling Palo Alto sentrum er eit velregulert og velorganisert område. I kjerneområdet er det eit samarbeid mellom gårdeigarar og butikkdrivarar der ein betalar inn til eit fond som kan brukast til kvalitetsheving og aktivitet i sentrum. Kommunen har ikkje noko formell rolle i dette, men fungerer som sekretariat for samarbeidet. Avgrensing av område med felles

13 2. City of San Francisco Kommunefakata Kommunen har rundt 805 000 innbyggjarar i 2010 og er i vekst. Arealet er berre 600 kvm og befolkningstettleiken er 6657 innbyggjarar pr. kvm den nest tettaste i USA etter New York. Byen er rangert som nummer to når det gjeld utdanningsnivå og nummer tre når det gjeld inntekt i USA. På den andre sida har byen ein av dei største andelen av husløyse i USA. Kartet viser inndeling i aktuelle planområde SF Bukta er også organisert i 9 regionar der San Francisco regionen er ein. Kommunen er underdelt i 30 nabolag (nærområde) som er viktige einingar i planarbeid og medverknad. Planavdelinga 16.oktober 2012 Planavdelinga held til i 4.etasje saman med fleire andre offentlege etatar i eit leigd kontorbygg sentralt i San Fransisco. Informantar var informasjonsansvarleg, ansvarleg for utforming av gater og rom i byen og overordna byplanlegger.

14 Planar, rapportar og anna materiale er ikkje tilgjengeleg i papirform på avdelinga. Alt er tilgjengeleg på nett. Men miljørevisjon og planforslag er i papirform tilgjengeleg på offentlege bibliotek. Planlegging er høgt prioritert i kommunen og planoppfølginga og respekten er svært god. All planlegging er offentleg. Det er svært sjeldan med innspel frå utbyggjarar om omdisponering frå gjeldande plan. Grunneigarar er lite relevante i planprosessen. Bompengar er innført på bruene frå nord og aust, men ikkje på hovudvegen frå sør. Samordna areal og transportplanlegging Kommunane innser at det er stort behov for interkommunalt samarbeid for å sikre samordna arealog transportplanlegging. Det er eit stort problem med mange små kommunar rundt San Fransiscobukta, i alt 109. Det har eksistert eit samarbeid i 40 år (ABAG) med det har ikkje fungert optimalt, mellom anna har San Fransisco same stemmetal som ein bitteliten kommune. Generelt har San Francisco vore meir positiv til å innføra avgifter og skatt for å få meir miljøvenlege og effektive transportsystem enn dei andre kommunane, men er blitt stemt ned i avgjerdsprosessane. Det er no ei gang eit nytt samarbeidsorgan omkring transport som også vurderer samordningsbehov.

15 Protestar mot innføring av avgifter framfor rådhuset Bustadbygging Bustadplanlegging er sentralt i arbeidet og det er pliktig revisjon. Regionale mål for bustadbygging må oppfyllast. Det er spesifisert på storleik og pris. Prisgrunnlaget er rekna ut frå sentral regjeringa i USA når det gjeld affordeable housing. I praksis subsidierer dei dyre bustadane til marknadspris dei rimelege som kan vera rundt 15% av eit prosjekt. Kommunen har ingen bustadetat eller tilskot til husleige til einskildpersonar. Store delar av byen har låg utnyttingsgrad og låg, men tett bebyggelse. Høger utnytting i etablere bustadområde er møtt med store protestar og truslar om rettssak. Kommunen har gått over til å konsentrera ny bygging omkring transformasjonsområde på eldre industri og hamneområde. I alt 60 000 bustader er det funne plass til i gjeldande plan. Bustadprisane er eit stort probem og gjer at byen ikkje er attraktiv for vanlege inntektsgrupper. Offentlege skular er generelt dårlege i byen og barnfamiliar som har råd til å bu i byen må transportere borna ut av byen for å gå på skule. NB!! Ny utvikling i bustadspørsmålet: News Releases The latest news and announcements from Mayor Lee Mayor Lee Announces First Investment in Affordable Housing & Down Payment Assistance Funding From Housing Trust Fund Investment Result of Voter Approved Housing Trust Fund, Proposition C Posted Date: 11/30/2012

16 Mayor Edwin M. Lee announced the first funding commitments for affordable housing and down payment assistance funded through the Housing Trust Fund, passed by San Francisco voters in November. The Housing Trust Fund provides a permanent source of revenue to fund the creation of affordable housing for low and middle income households for the next 30 years. Kollektivtransport Transport er eit stort plantema. Det er ulike kollektivtransporteiningar som til dels opererer sjølvstendig og består av tog, to T bane system, trikk, trolleybuss og buss og sjølvsagt kabelbanen som byen er berømt for og som er ein turistattraksjon. Transportsystemet er sprengt, det er 30 40 min venteid på bruene. Det er under bygging ny t bane sløyfe. Men dette vil ikkje løyse trengselen tilfredsstillande. Bruene har bompengar, men ikkje hovudvegen frå sør. Eit nytt transportorgan er etablert MTC metropolitan conections der målet er å betre kollektivtransporten o g konsentrere ny utbygging omkring knutepunkt. Transport i kommuneplanen

17 Parkering Parkering har vore lite regulert og ikkje minst: reglane har vore dårleg handheva. No er det krafige innskjerpingar i arbeidsplassparkering. I samarbeid med it miljøa i Silicon Valley er det sett i gong utviklingsprosjekt med midlar frå transportetaten til 20 mill dollar. Det utprøvast nye system for å registrere parkering, både for lettare å finne ledig plass og bøtlegge ulovlig parkering, ved hjelp av GPS. Optimale prising og tidssonering er noko av det ein skal finna ut om. Det blir lagt opp til at ein skal kunne parkerer korttid på gata for handle og service ærend. Tidlegare hadde kommunen minimuskrav til parkering, no er det maksimumskrav. I nokre område er det ingen krav til parkering i det heile. Det er også område der det ikkje er tillate med arbeidsplassparkering. Kjøpesenter og handel Det har vore restriksjonar på kjøpesenter lenge og kun eitt ordinært finns utanom senter i heile kommunen. Dette er no under transformasjon for å kunne fungere betre som møteplass og nærsenter. Bilbaserte kjøpesenter eksisterer ikkje. Utbygging av butikkar er strengt regulert. Dersom marknaden alt er dekt i eit nærområde blir det ikkje tillate nye butikkar. Det er sterke føringar for å oppretthalda nærbutikkar og servicetilbod lokalt. Dersom eit bygg skal inneheld meir enn 11 ulike butikkar eller er over 2000 kvadrat feet er bygging regulert. Eit nytt fenomen er såkalla bigbox butikkar store einsarta butikkar som Toysrus. Det er også restriksjonar på visse kjeder. Omtale i Wikipeda av SF sin handelsregulering: The successful penetration of national big box and formula retail chains into the city has been made intentionally difficult by political and civic consensus. In an effort to buoy small privately owned businesses in San Francisco and preserve the unique retail personality of the city, the Small Business Commission supports a publicity campaign to keep a larger share of retail dollars in the local economy,[136] and the Board of Supervisors has used the planning code to limit the neighborhoods in which formula retail establishments can set up shop,[137] an effort affirmed by San Francisco voters.[138] Kjøpesenter i sentrum: Nordstrom.

18 Gater og plassar Byen har eit finansieringssystem for gateopprusting som inneber ein slags obligasjonsmarknad som ein kan kjøpe seg inn i og som seinare kan utløysast. I tillegg finns det eigne eigarfinansierte opprustingsprogram. Det er utvikla klåre standardar for utforming av gater av omsyn til mellom anna universell utforming, trivsel og estetikk. Nye bygg må oppfylle desse standardane og kommunen sjølv må innfri dersom det til dømes blir lagt nytt vann o g kloakksystem.

19 3. University of California, Berkeley 8.oktober 2012 Planutdanning Utdanninga er ei av tre liner ved Environmental design, department of City and regional planning. Dei andre to er arkitekt og landskapsarkitekt. Det blir tilbydd både bachelor (undergraduate) og masterutdanning (graduate) i plan. I tillegg er det sommarkurs i planlegging som er opne. Bygningen som husar arkitekt/landskapsarkitekt og planutdanning

20 Inntak master Inntak skjer på grunnlag av utdanning og karakterar. Men størst betydning har innhaldet i den skriftlege søknaden på 2 3 sider og motivasjonen som kjem fram i denne, samt anbefaling frå to ulike professorar frå eit undergraduate studie. Det blir også lagt vekt på å fremja mangfald i språk/minoritetsbakgrunn og ulike spesialiseringsinteresser. Studentane kjem frå ulike relevante fag, eit mindretalet kjem frå planutdanning. Gjennomsnittsalder ved inntak er 26 år. Vanleg erfaringsbakgrunn er fire år i praktisk relevant planarbeid. Skriftleg framstillingsevne er viktig. Proaktive menneske er det universitetet er ute etter universitetet tilbyr ikkje omsorg, men læringsmiljø. Vil du få noko gjort gjer det sjølv! Dersom ein ikkje har teiknekompetanse / GIS kompetanse frå før får ein tilbod om å fylgja slike kurs. Det er ca 460 søkjarar til 70 plassar. Undergraduate studiar har færre søkjarar. Innhald Planstudiet er både strukturert og fleksibelt. Det blir lagt opp til ein kjerne av obligatoriske fag første året, tre fag i dag, men det blir utvida til seks frå neste år. Desse faga er metodefag og fag som utviklar planleggjarhaldninga. Eksempel på innhald er planhistorie, planteori, planinstitusjonar og planmetode og kritisk tenking. Kva er det å vera planleggjar i det 21. århundre? Studiet har ingen felles erklært verdikjerne, men det skin igjennom at demokrati og rettferdig fordeling er eit underliggjande og grunnleggjane prinsipp. Andre året er meir individuelt tilpassa. Det er store muligheiter for individuelle læreplanar og det blir oppmuntra til dobbeltgradar og å ta fag ved andre fakultet som til dømes juss og økonomi, ingeniør og biologi. Multidisiplinaritet er ynskjeleg. Ofte skjer undervisninga i mindre grupper. Det er også mogeleg å ta valfrie fag utanfor USA, der er gjerne innhald bestemt av klient og med færre deltakarar. Det er store variasjon og mange muligheiter totalt sett når det gjeld valfag. Instituttet arbeider med klarere definisjonar og avgrensingar av kjernefag, men overlapping kan også vera bevisst. Utfordringane bestemmer faga, urbanisering, klima, transport, innvandring, folkehelse er døme på aktuelle fag. Mange (60%) vel spesialisering innan bustadplanlegging og transportplanlegging. Berkeley meiner seg å vera best i verden på transportplanlegging og samordna areal og transportplanlegging. I alt 40 50 tilsette arbeider innan dette feltet. Det er samarbeid med ingeniørutdanninga, men energifeltet, statsvitenskap og økonomi er også viktige samarbeidspartar. Kursomtale på nettsida: The Master of City Planning Degree. The two year Master of City Planning (M.C.P.) program comprises a solid core of knowledge in the field of city and regional planning including history and theory, planning methods, urban economics, and urban institutions analysis and an opportunity to specialize in one of five concentration areas (or to create a self defined emphasis): housing, community, and economic development; environmental planning and policy; land use planning; transportation policy and planning; and urban design. M.C.P.

21 students can also combine one or more concentrations with one of three fields: international and comparative planning, GIS and spatial analysis, or metropolitan/regional planning. Undervisningsmetode Det er lagt opp til stor grad av ansvar for eiga læring og mindre einvegsundervisning. I mykje av undervisningstida er det henta ekspertise frå praktisk planlegging (kommunar, konsulentar, utbyggjarar) i tillegg til forskingspersonell med høg kompetanse på universitetet. Forskarane er også tilknytt praktiske oppgåver i regionen eller internasjonalt. Ein stor del av undervisninga er prosjektarbeid og gruppearbeid med problemstillingar henta frå praksisfeltet. «Learning by doing» er sett i system. Ein må rekne med 50 60 timars arbeid i veka. Det blir utvikla kullfølelse. Universitetet har store muligheiter for å finne problemstillingar lokalt. Det er to månaders praksisperiode i utdanninga mellom første og andre året. Det er ofte dei institusjonane som ein seinare havnar i og som ein tek masteroppgåve i tilknyting til som blir vald. Sjølvleiing, leiingskompetanse og endringsleiing er eit mål for undervisninga. Universitetet utviklar neste generasjons progressive leiarar innan planfeltet og dei fleste vil hamne i høge leiarstillingar. Etterspørselen etter kandidatar er stor og dei fleste har jobb lenge før dei sluttar på studiet. Eksempel på prosjektoppgåve

22 4. Oppsummering: 1. Planlegging er høgt verdsett, og er i hovudska i offentleg kommunal regi og respektert av utbyggjarar 2. Plankompetansen er høg og høgt verdsett og står i nær kontakt til praksisfeltet 3. Transportplanlegging og overgang til kollektivtransport er svært viktig for vidare utvikling 4. Bustadprisar og bustadplanlegging er sentralt og eit felles ansvar for fleire forvaltningsnivå 5. Regulering av handel er streng og detaljert 6. Samhandling med utbyggjarar er sentralt i plan og byggeprosessar, ikkje grunneigarar 7. Samordna areal og transportplanlegging er vanskeleg grunna kommunestruktur

23 Kjelder: Palo Alto Planning division Khashayar Alaee, administrator Jamie.Rodriguez, Chief Transportation Official Aaron Aknin, assistant director Phil Bobel, director public works Internett : www.cityofpaloalto.org San Francisco Planning department Ozzie Taeb, senior planner Aksel K. Olsen, planner Cityvide planning Neil Hrushowy, PhD, urban design Internett: www.sfplanning.org UNC, Berkeley Cley, graduate students service advisor Open House, graduate office at UC Berkeley Internett: http://dcrp.ced.berkeley.edu