ÅRSMELDING LUSTER ELDRERÅD 2006.



Like dokumenter
ÅRSMELDING LUSTER ELDRERÅD 2007.

Eldrerådet er eit rådgjevande organ for det kommunale politiske styringsverk, og skal ha framlagt for seg alle saker av særleg interesse for dei

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: 140 Arkivsaksnr.: 05/260 KOMMUNEPLANEN , GENERELL DEL. Formannskapet si tilråding:

MØTEPROTOKOLL. Johannes Lad, Kjartan Kvien, Sigrid Hamre Nyseth, Inger Møyfrid Sperle, Torvald Bakken, Ivar Kvalen. Kåre Høyheim

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

ÅRSMELDING FOR KOMMUNALT RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA 2007.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. I starten av møtet vil Magnus Snøtun presentere sluttrapport på Småkraftprosjektet.

Til deg som bur i fosterheim år

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Årsmelding Fylkesrådet for funksjonshemma.

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane.

FUSA KOMMUNE. Andre som var tilstade på møtet: Ansvarleg sekretær Gunn Sissel Teigen

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

MØTEPROTOKOLL. Os eldreråd. Møtestad: Rådhuset, formannskapssalen Møtedato: Frå: til 16.00

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

ÅRSMELDING FOR KOMMUNALT RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA 2008.

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

MØTEPROTOKOLL. Johannes Lad, Kjartan Kvien, Torvald Bakken, Sigrid Hamre Nyseth, Gunhild Brun, Ivar Kvalen. SAKLISTE

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

MØTEPROTOKOLL. Program:

MØTEPROTOKOLL. Utval Formannskapet og næringsutvalet Møtestad: Rådhuset Møtedato: Start kl.: Slutt kl.: 15.30

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Handegård Arkivsaksnr.: 05/1534. Reguleringsplan Hafslo sentrum - 3. gongs handsaming. Godkjenning.

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Dan Helge Bjørneset Medlem H

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 13. JUNI 2013 KL , SCANDIC HOTEL, HAUGESUND

MØTEPROTOKOLL. Os eldreråd. Møtestad: Rådhuset, formannskapssalen Møtedato: Frå: til 16.30

VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING. Råd for funksjonshemma. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato:

MØTEPROTOKOLL. Os eldreråd. Møtestad: Rådhuset, rom 326 Møtedato: Frå: til

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Årsmelding Fylkesrådet for eldre.

MØTEPROTOKOLL Utval: Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 16:30-18:55

MØTEBOK. Fylkesrådet for eldre. Fylkeshuset, møterom Skåla. Møtedato Kl

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl:

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

MØTEPROTOKOLL. Johannes Lad, Kjartan Kvien, Kåre Høyheim, Inger Møyfrid Sperle, Torvald Bakken, Sigrid Hamre Nyseth SAKLISTE

Ove Fekene, Kristin S. Torson, Janne Brøndbo, frå Bygdearkivet: Syver Hjelmen, Berit Marie Sørhøy og Kristofer Eitrheim

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

MØTEPROTOKOLL. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. Møtet var kunngjort i lokalavisa og på

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

Fjell kommune. Møteinnkalling. Eldrerådet. Utval: Møtestad: Fjell rådhus, komitésalen. Dato: Tid: 11:00 14:00

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 15:45. Møtestad: Møterom NAV, kommunehuset Saksnr.: 01/14 05/14

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SELJE KOMMUNE Eldrerådet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 14:30. Møtested: Kommunehuset, 3. etg. Saksnr.

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 17:00 18:50

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Møteinnkalling for Ungdomsråd

Lønnsundersøkinga for 2014

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

2 av 6 disponering av midlane kommunen får tildelt gjennom ordninga med Den kulturelle spaserstokken, og utvalet krev å bli tatt med i drøftingar når

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 17:00-19:30

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0262/04 04/ /28,57, FINNEBREKKA, BYGGESAK - FELT A NY BEHANDLING

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

PROTOKOLL. Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Brit Aanning Aarseth Medlem H Amalie Hovdenakk Medlem AP

Møtedato: Møtetid: Kl Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 88/09 :: Søknad om dispensasjon frå reguleringsplan Bukti, bustadfelt og barnehage

SULDAL KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Onsdag 11. februar 2015 blei det halde møte i Suldal kontrollutval under leiing av nestleiar Berit Myrland.

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kiwi-bygget (gamle 1881) 2. etg. Lærdal Møtedato: Tid: kl

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Kontrollutvalet i Suldal kommune

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 9: Møtestad: Rådhuset, Kommunestyresalen Saksnr.: 12/ /2016

Team Hareid Trygg Heime

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Transkript:

Servicetorget ÅRSMELDING LUSTER ELDRERÅD 2006. Medlemer: Kjartan Kvien, Skjolden Ellen Susanna Haugen, Gaupne Per L. Kvam, Hafslo Gunhild Brun, Jostedal Erling Vigdal, Gaupne Elen Johanne Øygard, Hafslo Johan Solheim, Skjolden Personlege varamedlemer: Gyda Bolstad, Skjolden Hans Lavoll, Luster Gudveig Melheim, Marifjøra Leif Fåberg, Jostedal Anders Bolstad, Skjolden Borgny Urne Tangen, Luster Eva Solstad, Gaupne Leiar: Kjartan Kvien Nestleiar: Ellen Susanna Haugen Luster eldreråd er eit partipolitisk uavhengig, rådgjevande organ for det kommunale politiske styringsverk, og skal ha framlagt for seg alle saker av særleg interesse for dei eldre i kommunen. Framlegg til årsbudsjett, langtidsbudsjett og kommunedelplanar skal leggast fram før formannskapet og kommunestyret vedtek desse. Vidare kan eldrerådet på eige initiativ ta opp saker som vedkjem dei eldre i kommunen. Dette er avhengig av engasjement frå den einskilde medlem i rådet. Luster eldreråd har i 2006 hatt 6 møte, og handsama 34 saker. Sekretær gjennom året har vore Liv Helen Nystuen. På møtet den 19. april diskuterte eldrerådet kva saker dei ønskte å arbeide med i året 2006, og kom fram til fylgjande handlingsplan: Oppfølging av vintervedlikehald/strøing. Kurset Bilførar 65+. Prosjekt Trygge eldre. Markering av Eldredagen 2006 1. oktober 2006. Arrangere SeniorSurf-dagen 2006.

Side 2 Rådet har fått fylgjande saker til uttale/orientering: Varsel om oppstart av arbeid med endring av reguleringsplan for Bolstadmoen. Reguleringsframlegg for Krekavegen med vegarm til Norheim. Melding om vedtak Reguleringsplan til offentletg ettersyn reguleringsplan for nedre del av Bolstadmoen. Revisjon av arealdelen av kommuneplanen for Luster. Planleggingsprogram. Reguleringsframlegg for Borhaug utlegging til offentleg ettersyn. Plan for rehabilitering. Høyringsutkast. Utbyggingsplan for omsorgsbustader på Telenortomta. Varsel om oppstart av arbeid med endring av reguleringsplan for Høyheimsvik. Reguleringsframlegg for Krekavegen med vegarm til Nordheim. Ny utlegging til offentleg ettersyn. Reguleringsplan for RV 55 ved Gullringen. Utlegging til offentleg ettersyn. Kommuneplan 2006 2017, generell del. Budsjett 2007, økonomiplan 2007 2010, planleggingsprogram 2007-2010. Plan for psykisk helse 2007-2010. Rådet har fått orientering og gitt uttale i fylgjande sak: Budsjett 2007, økonomiplan 2007 2010, planleggingsprogram 2007-2010. Luster eldreråd hadde saka føre på møte den 06.11. d.å. sak 27/06, og vedtok fylgjande uttale/merknad: Årsbudsjett 2007: Dei årlege aktivitetane som Luster eldreråd no har lagt seg på med m.a. deltaking på regionmøte for eldreråda, markering av Eldredagen den 1.oktober og arrangering av Seniorsurfdagen i oktober, fører til at møteaktiviteten i rådet blir større og at utgifter til m.a. møter, annonsar og reiser aukar. For år 2006 er revidert budsjett på kr. 40.000 og rekneskapet syner pr. 07.11. d.å. eit forbruk på kr. 34.525,23. For år 2007 er framlegg til budsjett på kr. 31.900. Luster eldreråd ber med dette om at totalbudsjettet for eldrerådet må bli auka til minimum kr. 40.000 for år 2007. Resultatområde 234: Aktivisering av eldre og funksjonshemma. Luster eldreråd viser til uttale/merknader til framlegg til Kommuneplan for Luster 2006 2017, generell del der ein saknar delmål og tiltak for eldre/funksjonshemma. Luster eldreråd meiner dette må få konsekvens for budsjettet for 2007, og at det difor må innvilgast større beløp til tiltak Rådet har gitt uttale om fylgjande saker: Plan for rehabilitering. Luster eldreråd hadde saka føre på møte den 31.05. då., sak 11/06 og vedtok fylgjande uttale: Eldrerådet vil gje ros til sakshandsamarar i kommunen for det vi oppfattar som ein godt gjennomarbeidet plan for rehabilitering.

Side 3 Ordninga med individuell plan (IP) ser vi som svært positiv. Men vi vil likevel merka at i 5. linje i pkt. 7.5 Individuell plan står det fylgjande og uavhengig av alder kan personen ha rett på ein individuell plan. Her meiner rådet at ordet kan må byttast ut med skal. Me vonar no at kommunen stiller ressursar til rådvelde (økonomi og personell) slik at planen kan gjennomførast. Det må også leggast opp til ein omfattande informasjon som når fram til alle som har behov for å kjenna sine rettar i høve til rehabilitering. I denne informasjonen må det gå klart fram kven som er ansvarleg for koordineringa av rehabilitering i kommunen. Eldrerådet har merka seg at deira merknader ikkje er tekne til etterretning. NOU 2006:7: Det lokale folkestyre i endring? Luster eldreråd viser til uttale frå mellombels politisk komitè oppnemnt av Luster kommunestyre 01.06.2006. I pkt. 14 frå komiteen står det fylgjande: Luster kommunestyre meiner at eldreråd kan avskaffast som kommunale lovpålagde organ. Eldre veljarar kan bruke vanlege politiske kanaler til å fremje sine interesser. Luster eldreråd hadde saka føre på møte den 28.09. då., sak 22/06 og vedtok fylgjande merknader til dette: Eldreråda sitt arbeid står mykje i å hjelpa dei eldre som gruppe på mange områder. Døme på dette kan vera: Trivselstiltak og aktivitetstiltak for eldre i og utanfor heimen. Tiltak til å førebygge skader (heime, ute, i institusjon og andre stader). Arbeide for betre tilrettelegging av tilkomst- og transportmuligheiter for eldre. Arrangere kurset Bilførar 65+. Arrangere SeniorSurf-dagen. Markere FN sin internasjonale Eldredag 1. oktober. Ein hovudintensjon for eldreråda er at dei skal sikre at dei eldre sitt syn kjem fram i saker som vedkjem dei eldre. Eldreråda skal opptre tverrpolitisk uavhengig i alle sine uttaler. Det som her er nemnt er berre noko av det som eldreråda skal (og kan) ta seg av. Som ein ser er det meste av dette også slikt som berre kan fremjast av eit råd/utval, og såleis lite eigna til å verta lagt fram av einkeltpersonar. Luster eldreråd vil sterkt rå til at Luster kommunestyre går inn for at eldreråd framleis skal vera lovpålagt. Luster kommunestyre vedtok samrøystes at eldrerådet bør vera lovpålagt. I Sogn Avis 10. oktober kunne ein lese at Eldrerådet og pensjonistlaget vann fram. Framlegg til Kommuneplan for Luster 2006 2017, generell del. Luster eldreråd hadde saka føre på møte den 06.11. 2006, og vedtok fylgjande uttale/merknader: Luster eldreråd saknar delmål og tiltak for eldre/funksjonshemma i kommuneplanen for 2006 2017. Dette må inn i planen som eige fokusområde, eller på annan høveleg plass i planen.

Side 4 Grunngjeving: Tal eldre/funksjonshemma er aukande og her må kommunen setja inn større ressursar for å fremja tiltaka med å fylgja opp desse gruppene. Vi veit at mange eldre og funksjonshemma har store problem med einsemd, manglande aktivitet, sviktande helse m.m. Dette gjeld både i institusjonane, og ikkje minst, dei som prøver å bu heime så lenge som mogeleg. Aktuelle tiltak kan vera: Hjelp til aktivisering Auka heimehjelp Støtte til besøksteneste Betre tilrettelegging av transporttilbod Kulturtiltak retta mot eldre og funksjonshemma Auka tilbod om støttekontakt Fokusering på sjukdommen demens På side 29 i framlegg til Kommuneplan, pkt. 5.1: Kultur og fritid Fakta, avsnitt Kultur som næring, aktuelle arrangement i dag er Kulturdagane på Skjolden utegløymd. På side 26 i framlegg til Kommuneplan, pkt. 4.2: Kommunesenter/bygdesenter Hovudmål står det under delmål generelt, 4. kulepunkt: Alle kommunale bygg osv..., skal ha tilgjenge for alle. Under tiltak generelt, 7. kulepunkt står det: Krav til universell utforming osv. Her bør det etter universell utforming også stå: (tilgjenge for alle), som ei forklaring på kva universell utforming er. Plan for psykisk helse 2007-2010. Luster eldreråd hadde saka føre på møte den 12.12. d.å. sak 33/06, og vedtok fylgjande uttale/merknad: Eldrerådet er glad for den auka satsinga på psykisk helse som denne planen legg opp til. Eldrerådet finn likevel å ville peika på nokre punkt som vi meiner det må satsast meir på: 1. Førebygge isolasjon. Eldrerådet ser dette som mykje viktig for psykisk helse både for yngre og eldre. Her må det gripast inn tidleg for å hindre at isolasjon/einsemd får utvikle seg og føra til, eller forverra, psykiske lidingar. 2. Under hovudpunkt 5 står det mellom anna: Ein veit at det i stor grad er samanheng mellom rusmissbruk og psykiske lidingar. Eldrerådet meiner det må satsast sterkare på førebygging av rusmissbruk blant ungdom. Vi meiner at det også er viktig med eit godt ettervern. Haldningsskapande arbeid/opplysningsverksemd må i sterk grad også rettast mot andre målgrupper enn ungdommen sjølv, t.d. foreldre, organisasjonar, bygdelag o.a., dvs. mot det miljøet som ungdomen er i stor kontakt med. 3. Eldrerådet meiner at psykisk helseteam bør dra kyrkja meir med som samarbeidspartnar. 4. Planen inneheld mange fagre ord. Sjå no til at dei vert sett ut i livet i konkret handling.

Side 5 Saker rådet har teke opp /arbeidd med på eige initiativ: Seniorskyss i Luster. I brev av 23.02.2006 frå Sogn og Fjordane fylkeskommune ang. vidareføring av Seniorskyssen blir det orientert om at Hovudutval for samferdsle i møte den 16.2. 06 hadde gjort slikt vedtak: Dei etablerte seniorskyssane vert vidareført for første halvår 2006. Hovudutvalet vil i løpet av første halvår ta stilling til finansiering og vidare drift. På bakgrunn av dette vedtaket vert det ikkje sett i gang nye seniorskyssar no, før vi har budsjettmessig dekning. Bilførar 65+. Eldrerådet i Luster og Luster pensjonistlag saman med Statens vegvesen, lege og Gjensidige arrangerte kurset. Det var start torsdag 20. april d.å. kl. 17.00 på rådhuset. Øvrige kursdagar var 25. april, 27. april og 2. mai. Det er 12 timar teori og 2 timar køyring. Kurset koster kr. 700,-, men med tilskot frå Sogn og Fjordane pensjonistlag på kr. 200 pr. deltakar som gjennomfører kurset vart prisen kr. 500. Det var 15 som gjennomførse kurset og fekk sitt kursbevis utlevert den siste kvelden. Positive tilbakemeldingar frå køyrelærar og deltakarane. Sogn Avis hadde fyldig reportasje om oppdateringskurset i bladet sitt tysdag den 9. mai 2006. Luster nærmiljøsenter, - invitasjon til samarbeid. Eldrerådet viser til brev frå Luster Nærmiljøsenter datert 3. april d.å. Luster eldreråd hadde saka føre på møte den 31.05. d.å. sak 12/06, og vedtok å fylgjande tilbakemelding: Luster eldreråd ser positivt på det arbeid Luster Nærmiljøsenter utførar. Vi ønskjer ei gjensidig kontakt som kan vera til nytte både for Nærmiljøsentralen, eldrerådet og brukarane av tenestene til Nærmiljøsentralen. Den internasjonale eldredagen 1. oktober. Tilstellinga var i Rådhuset og det var om lag 50 personar til stades. Ordførar Torodd Urnes var med og hadde ein fin appell til dei eldre. Hovudprogramposten var det Johs. B. Thue som hadde med kåseri om Hervabui i norsk litteratur. Det kom tydeleg fram at det knyter seg mykje historie, kultur og natur til det området Hervabui ligg i, Sognefjellet. Johan Heltne underheldt med trekkspel og song på sin lune og koselege måte. Til slutt var det ei koseleg sosial stund med servering i kantina. Eldrerådet stod for serveringa. Senior-Surf-dagen tysdag 17. oktober. Det vart trangt om plassen då 12 seniorar og like mange ungdomsskuleelevar fylte eine datarommet i fellesbygget på Hafslo tysdag 17. oktober. Ordninga med elevar som rettleiarar for dei eldre fungerte veldig godt. Det var god kontakt mellom generasjonane og det var tydeleg at dei fleste tykte dette var gøy. Fleire seniorar spurde om snarleg gjentaking av arrangementet eller anna organisert dataopplæring. Nominasjon til kommuneval 2007. Luster eldreråd hadde saka føre på møte den 06.11. d.å. sak 28/06, og vedtok fylgjande: Luster eldreråd sender brev til dei politiske partia i Luster der ein minner om tidlegare oppmodingar frå sentralt hald om at pensjonistar/ eldre som er ein stor del av folket i landet, også

Side 6 må vera å finna att i folkevalde organ. Då må det også takast omsyn til dette ved nominasjonane som no skal føretakast. Medlemar i Luster eldreråd har delteke på fylgjande samlingar/møte/kurs/ arbeidsgrupper: Regionmøte for eldreråda i midtre og indre Sogn i Flåm den 23. mai 2006. Utsendingar var Kjartan Kvien, Ellen S. Haugen, Gunhild Brun, Elen Øygard og Johan Solheim. Regionmøte starta for 13 av deltakarane med ein uforgløymeleg tur på Flåmsbana guida av Erling Monrad Nesbø som er lokalkjend i området. Leiar i Aurland eldreråd Kristin Sønnerheim ynskte deltakarane velkomne. Ordførar Olav Ellingsen helsa frå kommunen med ein fin bildeframsyning som ga ei god innføring i kva Aurland kan tilby av landbruk, storlslegen natur, turisme m.m. Fylkesrådet ved formann Einar Eithun fortalde litt om opphavet til eldreråda, og at det må jobbast for å oppretthalda dette fora. På landsbasis bør namnet vera Statens Eldreråd og ikkje Statens Seniorråd. Tidlegare ass. fylkeslege Arne Sunde hadde valt tema om alder og helse. Han snakka m.a. om: - Dårleg helsetilbod i Sogn og Fjordane, - Manglar geriatrisk avdeling har nesten ikkje geriatrikarar, - Aldringsprosessen, - Fysisk aktivitet, - Alder er ingen sjukdom. Til drøfting på regionmøtet var fylgjande saker melde inn frå Luster eldreråd: Seniorpolitikk tale og forslagsrett i kommunestyret (jfr. heftet: Ny seniorpolitikk en handlingsplan for aktiv hverdag. Utviding og vidareføring av ordninga med seniorskyss. Ellers var følgjande saker melde inn til drøfting: Eldreombodet sitt arbeid. Geriatri. Audiografiteneste. Det vart vedteke å senda skriv til Helse Førde om følgjande saker: - Få oppretta geriatrisk avdeling med geriater i Sogn og Fjordane, - Få oppretta audiografteneste i Indre Sogn. Kristin Sønnerheim takka for samkome og utfordra eit av dei andre eldreråda til å ta på seg neste års arrangement. Balestrand eldreråd tok utfordringa. Etter matøkta (lunsjbuffe på Fretheim hotell) var det omvisning på Flåmsbanemuseet. Styret for Trygge Eldre. Kjartan Kvien var på møte den 24. mai. Gruppa vil m.a. satse på: - Gje ut brosjyra: Føre var unngå fallskader til målgruppa 70 år og eldre. - Starte opp styrke- og balansegruppe på Hafslo.

Side 7 Invitasjon til konferansen Den kulturelle vandingsstaven kva er aktivitet?. i Førde 13. og 14. september 2006. Elen J. Øygard var utsening. Invitasjon til møte i samband med revidering av Plan for psykisk helse i Gaupne 22. august 2006. Kjartan Kvien deltok på møtet. Sluttkommentar. Som det går fram av årsmeldinga har eldrerådet fått fleire tunge saker til uttale, og vi har gitt tildels fyldige kommentarar. Utan om det, har vi arbeidd ut frå den handlingsplanen som vart vedteken i møte 19. april. Det meste i handlingsplanen er utført, til dels ved hjelp av andre og i samarbeid med andre. Vil kort nemna to saker: 1. Vintervedlikehald/strøing. P.g.a. ver og temperatur har problema i år ikkje vore store, og den kommunale brøytinga/ strøinga har fungert bra. Men vi vil likevel peike på at vi har fått meldingar om at det har vært dårleg brøyting i området ved helsesenteret. Eldrerådet vil følgje opp saka overfor kommunen, for å unngå liknande tilstander for seinare år. Hjelp til privat strøing/strøsand kan no løysast gjennom å venda seg til Luster Nærmiljøsenter, tlf. 45 66 59 54. 2. Prosjekt Trygge Eldre. Dette er noko eldrerådet har arbeidd med. Det er no oppretta eige styre for Trygge Eldre med repr. frå tilsette i Luster kommune, og med ei styringsgruppe frå lag og organisasjonar, der leiar i eldrerådet er med i denne styringsgruppa. Det har vorte utarbeidd, og utsendt, ei brosjyre kalla Føre var til alle over 70 år. Det vart vidare starta opp gruppetrening, kalla Betre balanse ved omsorgssenteret i Hafslo. I løpet av 2007 er det planen at tilsvarande grupper skal startast opp i Gaupne og Luster. Dette vert drive av fysioterapeutane i kommunen med eige kommunalt budsjett.