Invitasjon til kurs og haustsamling 20.-22. oktober 2015 I år vert det ei felles haustsamling og den vert arrangert: 20.-22.oktober Kurs: Scandic Hell, Stjørdal. Påmeldingsfrist 4. september! Oppstart: lunsj 11.november klokka 11:30. Kursstart klokka 13:00. Ettermiddag 20. og føremiddag 21. oktober er kursdagar. I år kan de velja mellom 6 kurs. Webtemp er kun for dei som skal vera med på prosjektet. Kursa kostar kr. 2.000,- pr. deltakar. Dette dekkjer kurskostnader, overnatting, lunsj og middag. Reisekostnaden blir dekka av NLT for dei som også deltek på haustsamlinga. Andre må dekka reisekostnaden sjølv. Kostnad for haustsamlinga kjem i tillegg. Vi tek atterhald om nok påmeldingar til kvart einskilt kurs og endringar i innhald i programma. Det er likevel avgrensa plass, så ver rask. Haustsamlingar: NLT dekkjer alle kostnader; reise, opphald (fullpensjon), førelesarar og festmiddag. Tapt arbeidsinntekt og utgifter til vikar/avløysar vert ikkje dekka av NLT. I ettertid vil laga bli fakturert for ein eigendel på kr. 3.000,- pr. deltakar. De kan melda på deltakarar for berre ein dag; eigendel blir då kr. 2.000,-. Påmelding frammøte: Det vert berre lagt ut elektronisk påmeldingsskjema på heimesidene våre: Klikk her for påmelding Påmelding skjer samla på eit elektronisk skjema både for kurs og haustsamling. Pass på at e-postadressene og telefonnummer er korrekt. Ta gjerne ein ekstra sjekk. Det er viktig at de fullfører påmeldingsskjema for at påmeldinga vert registrert. Fyll ut påmeldinga så snart som råd. Det er viktig at dei lag som ikkje kan/vil møta, og registrerar seg. Det hjelper oss med å halda oversikt. Hugs: Ei påmelding pr. deltakar. Det er i utgongspunktet ikkje noko grense for tal på deltakarar frå kvart lag. Avmeldingsfristen er seinast 16 arbeidsdagar før samlinga. Dersom denne fristen ikkje vert halden, vil laget bli fakturert for NLT sine faktiske kostnader. Ved sjukdom etter denne fristen må sjukemelding sendast oss, elles vert eigendelen fakturert som normalt. Kontakt oss snarast ved andre uforutsette hendingar. Evt. flybillettar vert tinga av NLT. Ver difor nøye med utfylling av påmeldinga. For dei som har meldt seg på kurs i forkant, vert dette tilpassa. I påmeldingsskjema sett du opp ca kor tid du vil ta fly. NB! Eiga tinging av flybillettar berre etter avtale med NLT.
Kursprogram Kurs 1 Heimesidekurs (NB! Må ha med eigen pc) NLT Innføring og opplæring i nytt system levert av Netsense Litt om sosiale medier (Facebook) Kurs 2 Lokale forhandlingar NHO Mat og Drikke Sentrale og lokale forhandlingar Må ein forhandle lokalt? Kollektive og individuelle løysingar Kriterier og vurderingar Tips og råd til gjennomføring
Kursprogram Kurs 3 Målgruppe: Excel grunnkurs (NB! Må ha med eigen pc) Visma Dei viktigaste og mest brukte funksjonane Korleis utnytta programmet best mogleg for å løysa dine daglege arbeidsoppgåver Praktiske tips og råd for effektiv bruk av Excel Du som er sjølvlært, og kun brukar eit minimum av funksjonane i Excel, samt du som har liten eller inga erfaring i bruk av rekneark. Kurs 4 Tilsetjing og opphøyr av arbeidsforhold NHO Mat og Drikke Lovgjevar set krav når arbeidsgjevar skal gå til tilsetting og oppseiing Kjenner du til reglane og kva du må gjera? Korleis fungerer det når gardbrukaren blir mellomledd? Viktigheten av å ha medarbeidersamtale
Kursprogram Kurs 5 Rekneskapsforståing BDO Lønn, herunder pensjon, timeregistrering, pliktige rapporter etc Pliktig periodeavslutning av regnskapet Dokumentasjon av balanse i forbindelse med årsavslutning Ligningspapirer, spesielle problemstilling for avløserlag, landbruk etc. Ulike selskapsformer Kurs 6 Webtemp (NB! Må ha med eigen pc) NLT Forutsetnad Registrering av timelister Eksport/Import løn Fakturering Målgruppe: Dette kurset er oppstarten for dei laga som ynskjer å ta i bruk Webtemp frå årskiftet 2015/2016
Program haustsamling 2015 Onsdag Tillitsvalde Alle tilsette 11:30-12:15 Lunsj 12:00-12:30 Registrering 12:30-13:00 Velkomen med informasjon frå NLT og samarbeidspartnera 13:00-14:00 Motivasjon v/ Ingebrigt Steen Jensen 14:00-15:00 Tillitsvaldes time Val 1: Administrering av LV Val 2: Arbeidsmiljølova v/nho Mat og Drikke Val 3: Smittevern v/mattilsynet 15:00-15:20 Pause med noko å bita i 15:20-16:20 Val 1: Rekneskapsforståing Val 2: Arbeidsmiljølova v/nho Mat og Drikke Val 3: Smittevern v/mattilsynet Tilsettes time 16:30-17:15 17:30-18:15 20:00 - Førebuing årsmøte for følgjande fylker: Akershus, Aust-Agder, Buskerud, Hedmark, Hordaland, Oppland, Sogn og Fjordane, Telemark,Vest-Agder, Vestfold og Østfold. Dei andre fylka: Forsikring v/gabler Førebuing årsmøte for følgjande fylker: Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Rogaland Dei andre fylka: Forsikring v/gabler Festmiddag
Plenum Styreleiar Dagleg leiar Tillitsvalde/tilsette Program haustsamling 2015 Torsdag Styreleiar Dagleg leiar Tillitsvalde/tilsette 09:00-10:45 11:00-11:30 Lagsvis gruppearbeid Innhald tek utgongspunkt i spørjeundersøkinga, samt korleis spele kvarandre gode, med meir. Krisehandtering v/norsk Landbruksrådgiving HMS 11:30-12:30 Lunsj og utsjekk 12:30-13:30 Styreleiarsamling Dagleg leiar samling Rekruttering Marknadsføring 13:45-14:30 Nye forskrifter Erfaringer så langt v/landbruksdirektoratet 14:30-14:45 Administrasjonshandbok v/nlt 14:45-15:00 Ordet er fritt og oppsummering Med atterhald om endringar. VEL HEIM! Fleire av våre samarbeidspartnera vil vera med oss under samlinga. NHO mat og Drikke vil som vanleg ha advokatkontor: Onsdag : 12:00-17:30 Torsdag: 09:30-12:00 Beste helsing Styret og administrasjonen