Årgang: 33 Nr. 3 2005 ISSN 1502-3273 http://www.hordaland.no/fylkesbibl/



Like dokumenter
( ) * +,,, Torsdag 19. januar 2006, Radisson SAS Hotel Norge i Bergen

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Plan for utvikling av bibliotektilbodet for barn og unge i Hordaland Hordaland fylkeskommune 1997 ISBN

Les for livet - del 2 (Ref # )

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Vegvisar til vilbli.no

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Meldingsblad for Hordaland fylkesbibliotek Årgang: 33 Nr ISSN

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

konsekvensar Ruth Ørnholt Rica Dyreparken Hotel, Kristiansand 21.oktober 2009

KRAVSPESIFIKASJON FRÅ OPPDRAGSGIVAREN

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Nytte og hygge (Ref #1075)

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Haust Elles minner vi om andre oppgåver som vi ynskjer at bokbåtkontaktane skal utføre.:

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Nytt HFK Intranett

Lesarhistoria - ny veg til lesaren (Ref #9c6d0318)

Til deg som bur i fosterheim år

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Sandeid skule SFO Årsplan

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Breiband til. alle i Hordaland

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Den nye seksjon for applikasjonar

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Stemnehandboka for NKSF

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

SLUTTRAPPORT FOR. DEN BRUKARORIENTERTE HEIMESIDA: Eit forprosjekt

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

8. Museum og samlingar

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

«Ny Giv» med gjetarhund

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Grunnlova (Ref #5dd9e14d)

Samansette tekster og Sjanger og stil

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Trondheim. Møre og Romsdal. Bergen. Oslo

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Omfanget av fysisk aktivitet i grunnskulane i Sunnhordland og Nord Rogaland

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Namning av vegar i Fræna Kommune

Meldingsblad for Hordaland fylkesbibliotek.

Forslag frå fylkesrådmannen

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Poesislam i UKM (Ref # )

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Kvalitetsplan mot mobbing

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

5. Soknerådsmøte mai Referat

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kom i gang med SKYLAGRING. Frå Serit Fjordane IT

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Årsplan i samfunnsfag for 3.årssteg Læreverk: Cumulus (Aschehoug) Lærebok, elevbok, kopieringsoriginalar, nettstad:

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

Transkript:

Årgang: 33 Nr. 3 2005 ISSN 1502-3273 http://www.hordaland.no/fylkesbibl/ Frå det nye historisk-filosofiske fakultetsbiblioteket ved Universitetet i Bergen Meir om biblioteket finn du her: http://www.ub.uib.no/avdeling/hf/nye-hf.htm - Drift av MM2 for folkebiblioteka og vidaregåande skulebibliotek i Hordaland - Leseaksjonar gir leselyst - Nytt om kurs og samlingar - Nye Kulturnett Hordaland lansert - Fylkesbiblioteket med ny nettstad - Felles lånekort lansert - Nytt om namn - Nytt frå kommunane - Nasjonale bibliotekstrategiar og bibliotekutgreiing - Bokbåten Epos på hausttur

IT-seksjonen i fylkesadministrasjonen er i ferd med å setje opp serverar til drift av MM2. HFK blir vert for alle skulebiblioteka i dei vidaregåande skulane. Saman med fylkesbiblioteket sine katalogar, OT/PPT si læremiddelsamling og fleire skal desse plasserast i ein database. Eksterne bibliotek, som folkebiblioteka og grunnskular med MM2 vil få tilbod om plass i ein annan database. IT- seksjonen sine folk skal lærast opp for å kunne ta på seg oppgåva. Dei vil starte med overføring av nokre få bibliotekbasar, slik at dei får erfaring. Vi håpar å vere operative innan nokre veker frå installering og klargjering er på plass i nær framtid. Det er eit mål at det skal svare seg for biblioteka å leige serverplass hjå HFK, og at drift og service minst skal vere på nivå med BIBITS. Fylkesbiblioteket sender ut tilbod til alle MM2-biblioteka, når alle avtalar er på plass og prøveperioden er godt i gang. Kontaktpersonar: eva.mostraum@hordaland-f.kommune.no / siri.sjursen@hordaland-f.kommune.no!"#$%$&' Korte tekstar frå nyare bøker formidla til ungdom i skular og bibliotek, aukar leselysta. - Eg ser at elevane blir nysgjerrige på desse bøkene, og får lyst til å låne dei på biblioteket etter at vi har jobba med tekstutdraga, seier ein lærar om ein leseaksjon i regi av Foreningen!les. Han fortel at i ein klasse med fleire urolege elevar, vart lesetimen som dei oppretta, ein av dei fredlegaste og mest konsentrerte timane i veka. I haust deltek tilsaman over 100 ungdoms- og vidaregåande skular saman med fleire folkebibliotek i Hordaland på dei to leseaksjonane Sant usant og Rein tekst. ()** Txt-aksjonen for ungdomsskulen er den mest etablerte av dei to leseaksjonane. I år har han tittelen Sant usant. Kvar elev får ei pocketbok med 11 tekstutdrag som spenner frå det lettfattelege i Svein og rotta på hesteryggen og Asterix og Kleopatra, til fantastiske hendingar i Skammarteiknet, samfunnskritikk i Doppler og vaksenkrim i Den forsvunne mann. Fjernsynskomikaren Harald Eia er skodespelar i ein video med tull i eit bibliotek, der elevane kan finne ut kva for ei bok han speler frå. Premiane er datautstyr, dvd-ar og bøker. Rein tekst er veslebroren til txt-aksjonen, og for elevar i vidaregåande skular. Pocketboka i denne aksjonen har 16 smakebitar frå nyare litteratur, frå teikneserieromanen Persepolis til ein biografi om Henning Berg. + Som hjelp til å få aktivitet i aksjonane, arangerte fylkesbiblioteket i september tre halvdagskurs for lærarar og skulebibliotekarar. Midlane til kursa var frå Gi rom for lesing og Kunnskapsløftet. Merethe Gauden og Helge Skurtveit snakka om bøkene, og bokmeldar Guri Fjeldberg frå Bergens Tidende kom med spennande tankar om lesing og vurdering av bøker. Ho såg lesing frå elevane sin synsvinkel, der bokvalet mykje blir bestemt av vaksne. Men elevane kan gi uttrykk for deira eiga meining om bøkene, mellom anna ved å sende bokmeldingar til Foreningen!les sine nettsider. Sjå www.txt.no. Mediainteressa for aksjonane har vore sterkast når det har blitt debatt om tekstutdraga, der foreldre har fått enkelte skular til å boikotte aksjonen på grunn av sterk språkbruk. Ein av lærarane fortalde at ho hadde vore litt i stuss om ho skulle lese høgt eit utdrag. - Men elevane sa trøystande til meg: Berre les, me kjenner til dette frå før, fortalde ho Lærarane og bibliotekarane hadde ein samtale om form og innhald, og det vart mellom anna sagt at elevane ofte ser bak forma og leitar etter innhaldet, og då blir det ikkje så viktig om det er med eller utan banning. helge.skurtveit@hordaland-f.kommune.no

# Bibliotekpolitisk konferanse i Bergen 19. januar 2006 Målgruppa for konferansen er bibliotekleiarar og lokale politikarar. Den blir arrangert av fylkesbiblioteka i Hordaland og Rogaland, og NBF Hordaland. Ver tidleg ute for å få politikarar i din kommune til å setje av datoen! Strategisk samlingsutvikling i folkebibliotek 23. november Kvifor strategisk samlingsutvikling i folkebibliotek? Kva for kunnskap må ein ha for å utvikle mediebestanden etter mål og behov, og korleis får ein denne kunnskapen? Dette er blant spørsmåla som blir tatt opp på kurset Strategisk samlingsutvikling i folkebibliotek i Bergen onsdag 23 november 2005. Kurset er eit samarbeid mellom fylkesbiblioteket og NBF Hordaland og kurshalder er Anna-Lena Höglund fra Sverige. Stad: det nye auditoriet på fylkeshuset, "Vestlandet" i 1. etasje. Påmelding til lena.jensen@hordaland-f.kommune.no innan 11. november. Avgrensa deltakartal. Program og meir informasjon finn du her: http://www.hordaland.no/ fylkesbibl/kurs NBF/NFF Julemøtet 23. november Julemøtet på Norli Nummer 7, Torgallmenningen, blir i år onsdag 23. november, kl. 20.00. NBF avd. Hordaland og NFF avd. Bergen inviterer medlemer og andre til servering av litt vått og tørt, og ein presentasjon av haustens bokslepp ved fagpersonalet på Norli. Her kan du også nytte høvet til å kjøpe julegåver! Hugs at medlemer får 20% avslag på utanlandsk litteratur og 10% på rekvisittvarer. Deltakaravgift kr. 50,-. Betaling ved inngangen. Meld deg på til: Lena Jensen/ NBF lena.jensen@hordaland-f.kommune.no eller Britt-Inger Bjørsvik/ NFF Britt-inger.Bjorsvik@ub.uib.no Meir informasjon: http://nbf.bibliotekivest.no Gratis inspirasjonsseminar om universell utforming 24. november ABM-utvikling arrangerer regionale inspirasjonsseminar om korleis tjenester og bygninger i arkiv, bibliotek og museum kan bli tilgjengeleg for flest mogleg. Hordaland står for tur 24. november og seminaret skal vere på Bryggens museum. Påmelding til: bryggensmuseum@bmu.uib.no Meir informasjon: http://www.abm-utvikling.no/kursogkonferanser/program/2005/uu_inspirasjonsseminarer.pdf Seminar om åndsverklova 28. november Norsk fagbibliotekforening (NFF) arrangerer seminar om åndsverklova med spesielt fokus på endringane frå 1. juli 2005. Seminaret skal vere 28. november 2005, kl. 09:30-16:00 på Scandic Bergen City, Håkonsgt. 2-7, Bergen. Program finn du på NFF si heimeside: http://biblioteknett.no/nff/

# 23. september blei nye Kulturnett Hordaland lansert. Kulturnett Hordaland var det første kulturnettet i Noreg som blei lansert på den nye felles plattforma for kulturnetta i landet. Webredaktør Synnøve Gjermundnes har leia omleggingsprosjektet og Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen har laga det nye designet og systemet bak. Det nye regionale kulturnettet er dessutan laga i tett samarbeid med Kulturnett Norge og brukarane får tilgang til fleire nye sentrale tenester. Kulturnett Hordaland er eit pionerprosjekt, både i kompleksitet og omfang. Det har ein felles base der det er samla store nettressursar og informasjon om kunstnarar og kulturinstitusjonar som er knytte til kvarandre. I tillegg er det tatt med meir lokal informasjon for Hordaland. Stor dugnadsånd ligg bak formidlinga på kulturnettet. Per i dag er det registert over 600 kunstnarar, utøvargrupper og band med tilknyting til Hordaland, om lag 300 kulturinstitusjonar, om lag 200 artiklar, nettressursar og anna i Hordaland. Kulturnett Hordaland finn du her http://hordaland.kulturnett.no/ Kulturnett.no finn du her http://kulturnett.no/ ', - I det nye kulturnettet får brukarane no eit tema som omhandlar bibliotek. Dette erstattar det gamle sektornettet Biblioteknett Hordaland. Fylkesbiblioteket har ansvaret for utviklinga og oppdateringa av temaet. Målet er at brukarane skal finne inngangar til dei ulike biblioteka i fylket og få smakebitar på tenestetilbodet. I tillegg er målet å formidle eit utval av digitale (bibliotek)tenester for brukarar flest. Brukarretta nytt frå folkebiblioteka spesielt i Hordaland, som arrangement eller ulike tilbod er særleg aktuelt å presentere her. Det same gjeld nytt av typen Visste du at som både kan omhandle dei digitale og fysiske tenestene. Vi vil mellom anna hente saker frå nettstadane til folkebiblioteka i fylket, og du kan også tipse oss. Tilbakemeldingar kan rettast til: lena.jensen@hordalandf.kommune.no / 55 23 93 81 Har de oppdatert kontaktinformasjon i base Bibliotek? Kontaktinformasjonen til biblioteka i Hordaland er direkte lenker til base Bibliotek som Nasjonalbiblioteket administrerer. Kvart bibliotek må rette feil her selv. Her er retteskjema: http://www.nb.no/baser/bibliotek/retteskjema/index.php?bibnr=2123800 Det er viktig å melde frå om endringar. Opplysningane i base Bibliotek blir brukt av mange og er dessutan grunnlaget for tenestene i Kulturnett Norge.

Fylkesbiblioteket med ny nettstad Bibliotektilsette i Hordaland, Vestlandet og resten av landet, andre samarbeidspartnarar og interesserte er målgruppa for fylkesbiblioteket sine tenester på internett. Vi er takksame for innspel frå deg som brukar. Finn du fram? Er det tenester du saknar? Kom gjerne med tilbakemeldingar til lena.jensen@hordaland-f.kommune.no Oversikt over kontaktinformasjon til alle folkebiblioteka i fylket erstattar den trykte Matrikkelen, og er laga for å vere til hjelp i arbeidet. Vi ber deg som er bibliotektilsett i Hordaland om å melde frå om endringar. Hordaland fylkeskommune sine nye nettsider finn du på: http://www.hordaland.no Du finn fylkesbiblioteket sin nettstad ved å klikke på KULTUR oppe i menyen og deretter på FYLKESBIBLIOTEKET øverst i menyen til venstre. Adressa vår er som før: http://www.hordaland.no/fylkesbibl/ ( Mandag 10. oktober blei Felles lånekort lansert. Alle bibliotek med Tidemann, Mikromarc, Bibsys, Bibliofil og ALEPH kan no i prinsippet kople seg opp mot eit felles lånarregister. Med Felles lånekort er det mogleg for bibliotekbrukarane å nytte same lånekort i alle biblioteka i landet. Det er opp til det enkelte bibliotek å slutte seg til ordninga. Alle bibliotek som brukar dei nemnde biblioteksystema har høve til å akseptere Felles lånekort utstedt av andre og til sjølv å utstede Felles lånekort. Funksjonaliteten i biblioteksystema og bruken av Felles lånarregister har ingen særskilt avgift, men biblioteket må sjølv dekke kostnader til lånekort, brosjyremateriell, plakatar og evt. omkonfigurering/ombygging av utlånsautomatar. Følgjande krav stilles til lånekort som skal fungere som Felles lånekort: a) Lånekorta skal ha unike numre tildelt frå ei web-teneste. Numra er eit løpenummer på 9 siffer med N framfor. b) Strekkoden på korta skal vere av typen Code 39. c) Strekkoden skal plasserast med senter ca 12 mm frå botnen eller toppen av kortet. d) Strekkoden skal ha ei lengd på ca 5 cm og høgde på 1-1,5 cm. a) Kortet skal innehalde ein liten versjon av logoen til Norsk digitalt bibliotek på same side som strekkoden. b) Kortet skal innehalde informasjon om kva bibliotek som har utstedt kortet. c) Det bør vere eit signaturfelt med lånarens underskrift på kortet. Prosjekt Felles lånekort har laga framsidedesign for Felles lånekort. Det er ikkje obligatorisk å nytte dette designet, så lenge krava til lånekort er tilfredsstilt. Trykkegrunnlag for design av Felles lånekort og logoen til Norsk Digitalt bibliotek kan lastast ned frå nettstaden om Felles lånekort. Her finn du også tilgang til registrering av lånenummerseriar og meir informasjon om tenesta: http://www.lanekortet.no/

#&''"## I Sveio er Ellen Stople Eidhammer tilsett som biblioteksjef i 50 % stilling og i vikariat som bibliotekar i 20 % stilling. I Fitjar er Elin Siglen tilsett som bibliotekar i 50 % stilling. Ho presenterar seg sjølv slik: Elin Siglen heiter eg, og etter å ha budd 20 år i Stavanger er eg no endeleg tilbake i barndomsbygda Fitjar. Her vart eg tilsett som bibliotekar i 50 % stilling no i haust. Eg er utdanna cand.mag. med bl.a. grunnfag i bibliotekfag og historie. Dei siste 3 åra har eg arbeidd som skulebibliotekar ved ein flott ny skule i Stavanger, her fekk eg vera med på å byggja opp eit bibliotek heilt frå grunnen av. Med denne bakgrunnen vil det vera naturleg for meg å satsa spesielt på å auka leselysten og bibliotekbesøket til born og unge. Reknar med at denne målgruppa blir litt lettare å treffa når biblioteket på nyåret flyttar inn i det flotte kultur- og idrettsbygget me har her på Fitjar. Eg hadde ikkje noko bilete å leggja ved presentasjonen, men dersom eg skal beskriva meg sjølv med få ord så må det vera som blond og blid:-) #&''($. "/## *#+ Biblioteka i Nordhordland er pionerar på biblioteksamarbeid i Noreg. Etter ein treårig prosjektperiode underskreiv sju bibliotek (Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden., Meland, Osterøy og Radøy) samarbeidsavtale i 1992. Modalen gjekk inn i samarbeidet i 2005, slik at det no omfattar åtte kommunar. Biblioteksjefane har no tatt initiativ til å lage ein strategisk bibliotekplan for Nordhordland 2006-2010. Fylkesbiblioteket var sentral i samarbeidsprosjektet 1989-1992, og har blitt kontakta for å leie planarbeidet og regionrådet i Nordhordland IKS har løyvd kr 30.000 til arbeidet. Planen skal innehalde mål og strategiar og felles tiltak for biblioteksamarbeid mellom dei åtte kommunane. Planarbeidet blir organisert som eit prosjekt der regionrådet er styringsgruppe og oppdragsgivar. Dei åtte biblioteksjefane er prosjektgruppe og fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt prosjektleiar. (*,0 I samband med opninga av kulturhuset på Bømlo 8. oktober arrangerte biblioteket eit forfattartreff i kinosalen, der lokale forfattarar vart presentert. Publikum fekk mellom anna møte forfattarane Kristian Bredesen og Solfrid Sivertsen. I tillegg var det musikkinnslag av Bokbandet. I biblioteket er det for tida ei utstilling med lokale forfattarar og den er også populær. "0+ På bokbussfestivalen Libraries on the move i Oslo 12. 14. august vart bokbussen Soria Moria frå Osterøy kåra til den vakraste. Den konkurrerte med 30 andre bokbussar frå dei nordiske landa, Tyskland og Storbritannia.Bussen frå Osterøy er dekorert av Bjørn Ousland som har laga teikneserie av eventyret Soria Moria. Bokbussfestivalen var ein prekonferanse til WLIC 2005 i Oslo (Verdskongressen til IFLA), med foredrag om mobile bibliotek i ulike delar av verda. På bokbussutstillinga i samband med konferansen, fekk ein høve til å sjå 31 vakre bokbussar. På opningsdagen for IFLA-konferansen var det bokbussparade gjennom Oslos gater.

1 2 +3 +2 024 2 +51 Sitatet er frå ein lånar på den nye avdelinga av Kvam bibliotek i Øystese. Avdelinga opna i nye lokale i Hardangersenteret 18. august. Det var festtalar, direkte overføring i NRK Radio, og kake og kaffi til alle som kom innom. Dei tilsette melder om nøgde lånarar, som lett finn fram til det nye biblioteket. #2 Parallelt med at ABM-utvikling arbeider med bibliotekutgreiinga som skal vere ferdig i mai 2006, har NBF satt i gang eit strategiarbeid. NBF ønskjer å vere med på å setje dagsorden og arbeide med å utforme politikk for framtida. Ved at NBF aktiviserer medlemmer og tillitsvalde og deltar aktivt i prosessen, kan ein vere eit kritisk korrektiv til ABM-utvikling. Ein er særleg på jakt etter kva konkrete tiltak som bør finnast i eit strategidokument for bibliotekpolitikken i dei kommande åra. Men ein er også på jakt etter tankar omkring visjonar og hovudgrep Desse sakene står sentralt: 1. Biblioteka si rolle som kunnskapspolitiske aktørar 2. Biblioteka sitt bidrag til ein norsk kunnskapsallmenning (fritt tilgjengelige nettressursar) 3. Biblioteka sitt behov for utdanning, forsking og gjennomarbeidd statistikk 4. Folkebiblioteka si rolle som møtestad og arena for offentleg debatt 5. Utvikling av faglige normer for tenester og ressursar i offentlege bibliotek. 6. Fordeling av ansvar mellom nasjonale, regionale og lokale bibliotekorgan 7. Fordeling av ansvar og arbeidsoppgåver mellom Nasjonalbiblioteket og ABM-utvikling Eit debattdokument med fleire innspel til desse emna ligg på NBF sin nettstad: http://www.norskbibliotekforening.no/article.php?id=1042 Alle bør nytte høvet til å delta i debatten om ein framtidig nasjonal bibliotekpolitikk.

, **+ Haustens bokbåttur startar 4. november og går til 23. november. På sørturen frå 4. til 15. november er kulturprogrammet ved skodespelar Gabrielle Barth med framsyninga Historia om Riddar Guigemar. Programmet høver best for skuleborn. Nordturen går frå 16. til 23. november. Kulturprogram på denne delen av turen er afrikanske eventyr. Eventyra blir framført av skodespelar, forteljar og musikar Adama Barry frå Burkina Faso, og forfattar og forteljar Anneke Bjørgum. Dette programmet høver også best for skuleborn. Begge kulturprogramma om bord er eit samarbeid med Den kulturelle skolesekken i Hordaland. Bokbåtstoppa Utskot og Rolvsvåg i Samnanger er nedlagde, medan nytt bokbåtstopp frå i haust er Holmeknappen i Meland. Frå vårturen 2006 kjem det til nye stopp i kommunane Sund, Ullensvang og Odda. Les meir om bokbåten i Hordaland her: http://www.hordaland-f.kommune.no/fylkesbibl/epos/ Kontaktperson for bokbåten i Hordaland: Elin Golten, 55 23 93 73 / elin.golten@hordaland-f.kommune.no 673 - Bokbåttenesta er eit samarbeidstiltak mellom fylkeskommunane i Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. - Bokbåten går til dei små plassane på Vestlandet som elles ikkje har bibliotektenester. - Det har vore bokbåtteneste i Hordaland sidan 1959. Her finn du informasjonsbrosjyre om bokbåten: http://www.hordaland.no/upload/kultur/dokumenter/bokbatbrosjyre2005.pdf!!"##$ %%&&&!!%'"% ( ")*# +,, + -" %%&&&!!%'"%-% Redaktørar av denne utgåva av Emne-ord: Elin Golten og Lena Jensen