SAKSUTGREIING Aurland fjellstyre Møtedato: 3.11.15 Stad: Fjordsenteret Sak 33/15. Oppsummering av reinsjakta i år Saksopplysning/vurdering Fellingsstatistikk og oppsynsrapport frå jakta i Nordfjella ligg ved. Av ein fellingskvote på 1100 dyr vart det felt 410. For Aurland sin del kan følgjande nemnast: 125 dyr felt av kvote på 289, fellingsprosent 43,3. Aurland statsallmenning: 67 dyr felt av kvote på 140, d.v.s 48 %. Berre 8 av dyra felt på statsallmenningskort vart felt i sone 1, resten i sone 2. Av privatkorta vart 6 dyr felte i sone 1, resten i sone 2. På kvoten til Broksfjellet statsallmenning (Hardangervidda) vart det ikkje felt dyr. 14 innanbygds jegerar har fått påskrift på til saman 24 utanbygds kort for å kunna nytta desse i Aurland. Det vart godkjent 21 jaktlag av fjellstyret Framlegg til vedtak: Ingen. Fjellstyrekontoret, den 27.10.15
FELLINGSRESULTAT I NORDFJELLA VILLREINOMRÅDE JAKTA 2015 Hemse- Ål Hol Aurland Lærdal Ulvik SUM dal Bukk vaksen 12 23 30 26 36 3 130 Bukk 1 ½ år - 8 8 10 11 1 38 Bukkekalv 6 8 9 17 6-46 Simle vaksen 8 37 24 50 20 4 143 Simle 1 ½ år - 1 4 9 4 1 19 Simlekalv 2 7 4 13 7 1 34 SUM FELT 28 84 79 125 84 10 410 Fellingskvote 46 191 300 289 220 52 1100 Felt % av kvote 60,9 % 44,0 % 26,3 % 43,3 % 38,2 % 19,2 % 37,3 % I tillegg til dette vart det skote omlag 10 dyr sør for Bergensbana på Hardangerviddakvoten. Alle desse i Ulvik. Alt dette truleg dyr som høyrer til Nordfjellastamma. Fordeling hanndyr/hodyr: Det vart til saman i villreinområdet felt 214 hanndyr og 196 hodyr. Fellinga fordeler seg med 241 dyr i sone 1 (nord for fv. 50) og 169 dyr i sone 2 (sør for vegen). Av dyra som vart felt i sone 1 var det 5 merkte tamrein frå Filefjell reinlag (3 i Lærdal, 2 i Hemsedal). Ei simler merkt med aktiv GPS-klave vart felt under jakta; nr. 3. Aurland, den 15.10.15 sekr. villreinutv.
BRUK AV FELLESJAKTAVTALAR I NORDFJELLA I 2015 Hemsedal: Innan eigen kommune: - 5 (5 i Lærdal) Frå annan kommune: 7 (6 frå Lærdal, 1 frå Ål) Ål: Innan eigen kommune: 25 22 (4 i Aurland, 17 i Lærdal, 1 i Hemsedal) Frå annan kommune: - Hol: Innan eigen kommune: 31 41 (12 i Aurland, 29 i Lærdal) Frå annan kommune: - Aurland: Innan eigen kommune 75 - Frå annan kommune: 22 (4 frå Ål, 12 frå Hol, 4 frå Ulvik) Lærdal: Innan eigen kommune 38 6 (6 i Hemsedal) Frå annan kommune: 49 (5 frå Hemsedal, 17 frå Ål, 27 frå Hol) Ulvik: Innan eigen kommune 1 I annan kommune 4 (4 i Aurland) Frå annan kommune - Slaktevekter på felte dyr 2015 2014 2013 Perioden 1993-2001 Bukk, Tal vegne 112 98 91 92 vaksen: Snittvekt 64,25 kg 64,2 kg 63,2 kg 67,8 kg Variasjon 37-94 kg 36,5-98 kg 38-85 kg Bukk, Tal vegne 33 29 39 23 1 ½ år: Snittvekt 36,1 kg 33,9 kg 36,9 kg 36,7 kg Variasjon 22-40 kg 22-50 kg 20-50 kg Bukke- Tal vegne 39 57 47 43 kalv: Snittvekt 17,1 kg 18,0 kg 17,7 kg 18,9 kg Variasjon 11,4-25 kg 13-24 kg 13-28 kg Simle, Tal vegne 121 177 137 119 vaksen: Snittvekt 32,8 33,0 kg 33,7 33,5 kg Variasjon 25-49 kg 25-42 kg 20-48 kg Simle Tal vegne 12 12 17 11 1 ½ år: Snittvekt 31,3 28,3 kg 32,0 kg 30,6 kg Variasjon 21-43 kg 25-32 kg 24-48 kg Simle- Tal vegne 29 32 37 29 kalv: Snittvekt 15,9 16,6 kg 17,7 17,5 kg Variasjon 9-26 kg 10-25 kg 10-30 kg Aurland, den 15.10.15
VILLREINJAKTA 2015 SAMLERAPPORT FRÅ JAKTOPPSYNET I NORDFJELLA 1. OPPSYNSPERSONELL Følgjande 7 personar var engasjerte av villreinutvalet i oppsynstenesta: 01 Per Aksel Knudsen 02 Alf Waaler 04 Knut Fredrik Øi 07 Gunnar Dokk 08 Monika Lysne 09 Håkon Øydvin (oppsynsleiar) O11 Runar Tufto 012 Ronny Lentføhr Som dei føregåande åra har oppsynet i Nordfjella vore tilknytt Statens Naturoppsyn/ politiet sin felles oppsynsentral på Skinnarbu. 2. UTFØRD TENESTE Det vart av eige jaktoppsynet utført til saman 72 oppsynsdagar. Desse dagsverka utgjorde i alt 1014 timar, noko som gjev ei gjennomsnittleg arbeidstid på 14 timar pr. dag. Tilsvarande tal i 2014 var 76 oppsynsdagsverk, 1036 timar, og 13,6 timar pr. dag. SNO deltok med to mann som hadde tilsaman 8 feltdagar. Politiet stilte med ein mann på oppsynssamling. Kontrollar oppsynskontrollar fordelte seg slik (fjorårstala i parentes), SNO sine tal medrekna: - 268 informasjon (366) - 98 kontrollar før felling ( 36) - 44 kontrollar på slakteplass (50) - 13 kontrollar under transport (18) Registrerte tilfelle av skadde dyr fjorårstala i parantes Skadde dyr sett av oppsyn/ eller melding frå jeger som har såra dyr: 14 (3) avliva av oppsyn: 3 (1) 2 naturleg skade avliva av jegerar: 13 (15) 4 naturleg skade funne daude*: 2 (4) * av oppsynet eller andre som har meldt frå om funn av daude dyr under jakta. Dette gjev ein skadeskytingsprosent (registrerte skadde/ døde dyr i høve til fellingskvote 1100) på 2,3 % (1.6% i 2014, 1 % 2013, 2 % 2012, 0,57 % i 2011, 1,6 % i 2010). Ein liten oppgang frå i fjor men stabilt i forhald til føregåande år. 3. GENERELT OM JAKTA På nordsida av Fv. 50 sto flokkane rimleg spreidd over heile villreinområdet frå starten av. Det var flokkar så langt aust som Hestebotn nord for Flævatnet. Seinare i jakta vart storflokkane gåande mellom Ål og Borgund. Me har hatt ein del småflokkar, mest bukk vest om Kvevassvegen. Sør for Fv.50, har me hatt ca. 500 dyr gåande. Dei har halde seg mykje i Aurland, men det har vore ein del flokkar, mest bukk, på nordsida av Hallingskarvet nesten heile jakta.
4. JAKTUTØVINGA Oppsynet har 4 annmeldte forhold, som er sendt politiet når det gjeld jaktutøvinga. 2 av sakene gjeld inhuman jakt, i den eine saka var det og manglande kortskjering. Ei sak om manglande ettersøk/ bruk av ulovleg ammunisjon og ei sak om bruk av fellingsløyve frå Hardangervidda innanfor Nordfjella villreinområde. Oppsynet melder om til saman 4 OPS-saker (saker der det er gjeve munnlege pålegg på staden). OPS-sakene gjaldt formalitetar med jegeravgiftskort, for dårleg ettersøk gjort av fyrstegongsjegar, og skjødeslaus transport av våpen i bil. Me vil også dette året fokusera på unødvendig bomskyting i gode situasjonar, her må jegrane vera sitt ansvar bevist om å sjekka våpen og driva regelmessig skytetrening. Kanskje eit konkret tiltak som å oppfordra grunneigarane til å laga til enkle løysingar for prøveskyting av våpen før ein dreg til fjells, kan vera noko for Villreinutvalet å jobba med. To av dei anmeldte forhalda i år er skyting på dyr utan sikker bakgrunn. I begge tilfelle vart det felt to dyr med eit skot. I oppsynsrapportane har me to tilfelle der oppsynet har måtta gått i dekning og fleire jegrar seier det same. Når flokkane kjem inn i område der det er mykje jegrar er det spesielt viktigt å fokusera på å bruka fargerike jaktkle, at jegrane informerer kvarandre kvar ein er og at ein har fokus på korleis ammunisjonen oppfører seg når ein treff for eks. stein, snø eller vatn. Dette må takast på alvor før det skjer ulukker. 5. SAMJAKTAVTALAR Bruken av samjaktavtalar over valdgrensene har vorte meir omfattande dei siste åra. Oppsynet ser positivt på samjaktavtalar men vil påpeike at det stiller større krav til jegrane. Ein bør i større grad oppfordra jegerane til å sprei seg og leita etter dyr i område som det ikkje er meldingar frå. 6. SAMBAND OG KOORDINERING AV OPPSYNET Oppsynssentralen på Skinnarbu Til saman 62 samtalar (72 i fjor) vart journalførde mellom oppsynssentralen og oppsyn/politi i Nordfjella. Skinnarbu er ein sentral der ein melder seg inn, rapporterer og får råd på korleis ein skal handtera saker.. Internt samband Sikringsradiokanal 12 (i tillegg til 7 og 8) har brukbar dekning i området nord for rv. 50, men er vanskeleg å nå frå områda sør for denne vegen. Frå fleire av repeterane er det no mogleg å nå alarmsentralen til politiet på sikringsradiokanalane, dette er ei god tryggheit for både oppsyn og jegrar. Koordinering: Både politi, SNO og lokale oppsyn støtter opp om Villreinutvalet si oppsynsordning og melder seg til oppsynsleiar/ Skinnarbu før dei dreg ut. Aurland, den 28/9-2015 Håkon Øydvin Oppsynsleiar Nordfjella og Årdal Lærdal villreinområde