E N T E R. fris r f rskulelïrar snikkar. tannlege politi formgj. Øystese gymnas. infoavis om vidaregåande utdanning i Norheimsund og Øystese

Like dokumenter
KRISTNE VIDAREGÅANDE SKULE. Ein av Noregs største internatskular

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

ENTER. tannlege politi l¾rar ing f rskulelï omsorgsarbeid journalist anl konom sekre. arbeidar journalist. lege kepleia ¾r

Til deg som bur i fosterheim år

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ølen vidaregåande skule

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Bø vidaregåande skule -Vi tek deg til toppen!!

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Bø vidaregåande skule -Vi tek deg til toppen!!

TERTNES VIDEREGÅENDE SKOLE STUDIETILBOD SKULEÅRET FORELDREMØTE 30. JANUAR

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Bø vidaregåande skule -Vi tek deg til toppen!!

8. trinn 2019/2020 Bryne ungdomsskule

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Internasjonal vidaregåande skule

mmm...med SMAK på timeplanen

Informasjon til elevane

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

8. trinn 2017/2018 Bryne ungdomsskule

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

«Ny Giv» med gjetarhund

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

8. trinn 2016/2017 Bryne ungdomsskule. Overgangen til ungdomsskulen Andre framandspråk Valfag Besøk på ungdomsskulen og foreldremøte i juni

Psykologisk førstehjelp i skulen

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Teknikk og konsentrasjon viktigast

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

REGISTRERINGSSKJEMA FOR PERSONOPPLYSNINGAR SKULEÅRET 2015/2016 (leverast barneskulen innan 10.april)

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11


Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

hva er Sandvika vgs? Arne F. Opsahl

6. trinn. Veke 24 Navn:

Studieretning for idrettsfag. 5t Toppidrett fotball (ein kan ha det alle tre åra). 5t Breddeidrett fotball (ein kan ha det alle åra)

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Kurs i utdanningsprogram

Frå novelle til teikneserie

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Referat frå møte i Arbeidsutvalet for foreldre ved Hafslo barne- og ungdomsskule

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage


Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Vidaregåande opplæring Ditt val!

Selbu videregående skole 2011/12

Månadsbrev for Rosa september 2014

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

For at ungar/eldre skal bli godt kjende med oss har kun nokre elevar vore utplasserte til no nye kjem til etter nyår.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

AQUARAMA, KRISTIANSAND september

Kompetansebehov Spørjeundersøking blant bedrifter i Hordaland Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Utdanningsprogramma. Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Medium og kommunikasjon Kunst, design og arkitektur

Polarsirkelen videregående skole

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Transkript:

E N T E R 2010 infoavis om vidaregåande utdanning i Norheimsund og Øystese Framnes Kristne Vidaregåande Skule Øystese gymnas Norheimsund vidaregåande skule Ytre Hardanger opplæring arbeidar advokat Norheimsund vidaregåande skule lege sjukepleiar fris r f rskulelïrar snikkar sjukepleiar journalist anleg Øystese gymnas tannleg i forsku omsorg journalist ner snikker r k tannlege politi formgj lege tannpleiar omsorgsarbeid økonom anleggsarbeidar deko

Denne avisa er retta mot ungdom som skal gjera utdanningsval i nær framtid. Avisa presenterer dei studieretningane som elevane kan velja mellom ved dei tre vidaregåande skulane i regionen. Ho syner også kva arbeid som er mogeleg å få i området. Redaksjonskomiteen for avisa er dei tre vidaregåande skulane, Ytre Hardanger Opplæring og Kvam herad. Harald Voster Framnes Kristne Vgs. Ingebjørg Bakke Øystese gymnas Vidar Ask Norheimsund vgs. Svanhild Birkenes Ytre Hardanger Opplæring Jan Tjosås Kvam herad innhald: Norheimsund vidaregåande skule side 3 Framnes kristne vidaregåande skule side 7 Øystese gymnas side 11 På nettstaden www.vilbli.no kan du søkja på fag og finna informasjon om kva programområde du må søkja på fyrste året for å nå dit du vil. Skule Vg1 Vg2 Vg3 Framnes Kristne Vidaregåande Skule Øystese gymnas Norheimsund vidaregåande skule Realfag Realfag Språk/ samfunnsfag/ økonomi Språk/ samf.fag/ økonomi Idrettsfag Idrettsfag Idrettsfag Studiespesialisering Studiespesialisering Innleiande studiespesialisering Innføringsklasse/ studiespesialisering Kvardagslivs-/ arbeidstrening Helse- og sosialfag Design og handverk Teknikk og industriell produksjon Elektrofag Bygg- og anleggsteknikk Realfag Språk/ samfunnsfag/ økonomi Studiespesialisering Innføringsklasse Kvardagslivs-/ arbeidstrening Helsefagarbeidar Barne- og ungdomsarbeidar Barne- og ungdomsarbeidar Lette køyretøy Produksjon og industriteknikk Produksjon og industriteknikk El-energi Byggteknikk Realfag Språk/ samf.fag/ økonomi Studiespesialisering Innføringsklasse Kvardagslivs-/ arbeidstrening Påbygg 1 år og/eller læretid i verksemd 2 år Ytre Hardanger Opplæring side 15 info: Enter januar 2010 Journalist: Camilla Skaar Ljones Grafisk design: Riss grafisk formgjeving AS enter 2 2010

Utdanningsprogram: Norheimsund vidaregåande skule -Likar å skru Nye programområde Vg1(grunnkurs) frå hausten 2009 Andreas Mæland (17) har sin fyrste praksisperiode ved Øystese Mekaniske Verkstad. Her får han prøva seg på ulike arbeidsoppgåver. Eg har service på bremsar og skiftar olje. No er det sesong for dekkskifte. Eg får prøva meg på det meste, seier Mæland. Eg lærer noko heile tida og tykkjer eg får mykje ut av læretida, legg han til. Mæland har same arbeidstid som dei andre tilsette ved verkstaden. I går var eg på arbeid til klokka seks, fortel han. Men køyra bilane på plass kan han ikkje. Eg har ikkje sertifikat på bil enno, forklarer Mæland. Han valde Norheimsund vidaregåande skule fordi han ville vera i bygda. Mekanisk linje var naturleg fordi han likar å skru. Sjølv har han ein moped som han mekkar på. Andreas Andreas Mæland (17) skiftar til vinterdekk. Bygg- og anleggsteknikk Vg1 Bygg- og anleggsteknikk Vg2 Byggteknikk Design og handverk Vg1 Design og handverk pluss "kryssløp" til Vg2 Barne og ungdomsarbeidar Elektro Vg1 Elektro Vg2 El.energi pluss "kryssløp" til Vg2 Produksjon og industriteknikk Helse- og sosial Vg1 Helse- og sosial Vg2 Barne- og ungdomsarbeidar Vg2 Helsefagarbeidar Teknikk og industriell produksjon Vg1 Teknikk og industriell produksjon TIP Vg2 Produksjon og industriteknikk Vg2 Lette køyretøy Fysiske fasilitetar: Kroppsøvingssal med scene Eigen verkstad for alle utdanningsprogramma Eige atelier for design og handverk Elevkantine Bibliotek Datarom Hybelhus http://noy.hfk.no E-post: post.noy@post.hfk.no Telefon: 56 55 65 00 enter 3 2010

To fluger i ein smekk Norheimsund vidaregåande skule har to CNC-maskiner som elevane nyttar i undervisinga. CNC-maskinene kuttar stål og tilsvarar maskiner som finst i industrien. Dei er effektive og nøyaktige. Skuleelevane lagar ymse stålprodukt for Norheimsund industrier. Dei har blant anna bora eksosflensar som skal nyttast i Rolls Royce sin produksjon. Vinn-vinn Norheimsund industrier held elevane med arbeid, og skulen får betalt for produkta elevane produserer. Det er ein vinn-vinn situasjon. Det er dyrt å halda kostbare maskiner for å laga fiktive produkt som vert kasta. Dessutan er det meir inspirerande og motiverande for elevane når dei er med på å laga noko som kjem til nytte, seier lærar Steinar Steine. Kristian Torsnes (17) og Ståle Byrkjeland På karosseriverkstaden Ole Ingebrigt Vik har vore to veker i praksis ved karosseriavdelinga ved Øystese Mekaniske Verkstad AS. Til vanleg er han elev ved Køyretøy-linja ved Norheimsund vidaregåande skule. Interessa for bil vog tungt då Vik avgjorde kva vidaregåande utdanning han ville satsa på. Mellom skjermar og panser I tillegg til ein praksisdag i veka på skulen, skal Vik vera totalt fem veker i arbeid ved ei bilverksemd. Og han er glad for at dei tok i mot han på mek`n. Arbeidsoppgåvene mine er varierte. No held eg på med å fiksa ein kollisjonsskadd bil. Lys, innerskjerm og panser må utbetrast, seier Vik. (17) programmerer CNC-maskina ved å plotta inn kodar og koordinat. Byrkjeland har òg laga eit eige program for maskina som kan fresa ei teikning av ein bil på ei stålplate. Programmeringa er gresk for dei fleste til å byrja med, men med litt øving får ein det til. Eg har måtta læra meg det sjølv, seier Steine. Fleire yrkesval Elevane ved Teknikk og industriell produksjon har fleire yrkesval etter vidaregåande. Dei kan til dømes verta CNC-operatørar, industrimekanikarar og kranførarar. I fjor var det to som fekk jobb som kranførarar i Nordsjøen. Det er ein del som hamnar i Nordsjøen, fortel Steine. Elevane skal ha fem veker praksis ved ulike industriverksemder som Jondal Stål, Lid jarnindustri, Frank Mohn Fusa, Fjellstrand og Norheimsund industrier. Elles har bilverkstaden fått inn ein del bilar av typen Ford Mondeo med produksjonsfeil. Bilane har innvendig vasslekkasje. Vik har fått i oppdrag å demontera det som er øydelagt. Han har teke av alle bildørane for å slipa rust. Deretter må dørane handsamast med rustmotverkande middel. Praksis-elevar er gull verdt Ved karosseriavdelinga er det seks tilsette, to lakkerarar, tre opprettarar og ein verksmeister. Øystese Mekaniske Verkstad har hatt praksis-elevar innom dørane før. Vik kom inn på eit tidspunkt det var mykje arbeid. Det er god hjelp i ein praksis-elev. Han har gjort ein full jobb som me elles måtte ha sett ein mann til. Me har StŒle Ole Ingebrigt Norheimsund vidaregåande skule Kristian vel hatt ein praksis-elev innom hus meir eller mindre konstant. Fleire har fått jobb etter praksistida, fortel verksmeister Geir Arne Fasteland. Og Vik er sjølv godt nøgd med arbeidsplassen. Dagane går raskt når eg er på jobb. Dessutan lærer eg mykje av det eg har lyst til å læra. På skulen har me lite om karosseri, seier Vik. Sjølv om Vik må spørja ein del om hjelp, jobbar han sjølvstendig. Eg får hjelp til akkurat det eg treng hjelp til. Her er flinke folk, seier Vik. Og tøffe bilar, legg han til. http://noy.hfk.no E-post: post.noy@post.hfk.no Telefon: 56 55 65 00 enter 4 2010

Norheimsund vidaregåande skule -Skikkeleg arbeid Erik Erik Fykse Ystheim monterer lampe Erik Fykse Ystheim er utplassert ved Norheimsund Elektro i samband med faget prosjekt og fordjuping ved el-energi linja. I løpet av skuleåret skal Ystheim vera praktiserande elektrikar i totalt fem veker. I oktober 2007 var han travelt oppteken med blant anna utbetringar på ventilasjonssystemet ved bassenget på Norheimsund ungdomsskule. Elev med eit mål Ystheim fortel at årsaka til at han søkte om plass ved Norheimsund vidaregåande skule var at han har høyrt mykje bra om skulen gjennom vener og kjende. Elevar som har gått på skulen, har nådd måla sine og fått skikkeleg og godt betalt arbeid. Eg tenkte eg skulle klara det same, seier Ystheim. Elektrofaget har eg valt fordi eg tykkjer det er eit interessant, utfordrande og spanande fag. Eg kjenner andre som har gått på elektrolinja, og dei har nok påverka meg, legg han til. Kjekke dagar Arbeidsdagen startar klokka halv åtte og varer til klokka tre. Ystheim får òg jobba på kveldstid om han ynskjer det. I år har eg hatt sommarjobb ved Norheimsund Elektro, fortel Ystheim. Han rosar læreverksemda for å ha dyktige fagfolk og eit godt arbeidsmiljø. Eg har kjekke arbeidskameratar som er flinke til å tilretteleggja oppgåver for meg. Eg lærer mykje her, seier Ystheim. Oppdraga er varierte. Han får strekkja kabel, kopla ulikt elektrisk utstyr, spikra kabel, henga opp lampar og montera ulike styringar. Rydding er òg ei arbeidsoppgåve for ein ufaglærd. Eg får prøva meg på det meste innan elektrikarfaget, seier Ystheim Learning by doing Den praktiske erfaringa gjev elevane eit lite glytt i kva krav arbeidslivet stiller. Ystheim tykkjer læretida ved Norheimsund Elektro gjev eit nyttig pusterom frå ein elles rutineprega skulekvardag. Eg får bruka teorien eg har lært på skulen. Det er viktig å ha kunnskapane i orden. Og eg lærer å arbeida sjølvstendig, seier han. http://noy.hfk.no E-post: post.noy@post.hfk.no Telefon: 56 55 65 00 enter 5 2010

Norheimsund vidaregåande skule Elektrofag Elektrofag er faget for deg som ynskjer å verta t.d. elektrikar, flymekanikar, heismontør eller dataelektronikar. Norheimsund vidaregåande skule kan freista med gode lokale og godt utstyr i undervisninga. Vel du denne utdanninga er det ein føremon å vera nøyaktig og systematisk, men det viktigaste er sjølvsagt interesse for faget. Vg2 Norheimsund vidaregåande skule tilbyr i år programområde el-energi. Pluss "kryssløp" til Vg2 produksjons- og industriteknikk. Meir informasjon finn du på: www.vilbli.no Bygg- og anleggsteknikk Dersom du ynskjer eit yrke innan bygg- og anlegg, er praktisk sans, godt handlag og gode samarbeidsevner viktige eigenskapar. Det er fleire valmogelegheiter frå bygg- og anlegg no enn tidlegare. Vil du verta tømrar, betongarbeidar, stillasbyggjar eller murar, må du søkja på dette utdanningsprogrammet. Målet i den nye reforma er å samla det meste som har med bygg og anlegg å gjera i eitt fag fyrste året på vidaregåande. Vg2 Norheimsund vidaregåande skule gjev opplæring i byggteknikk. Meir informasjon finn du på: www.vilbli.no Design og handverksfag Dersom du har kreative evner og likar å arbeida med hendene, kan design og handverk vera faget for deg. Det er ei føremon å vera nøyaktig og å ha eit godt auga for form og farge. Det er eit breitt spekter av fag som tek utgangspunkt i design og handverk. Ein skal vera obs på at det finnes nokre kryssløp, som til dømes Barne-og ungdomsarbeidar Vg2. Meir informasjon finn du på: www. vilbli.no Helse- og sosialfag Kommunikasjon og samarbeid er to viktige stikkord i helse- og sosialfaget. Yrket handlar i all hovudsak om å hjelpa og ha omsorg for menneske i ulike situasjonar. Med denne utdanninga kan du til dømes verta barne- og ungdomsarbeidar, ambulansesjåfør, helsefagarbeidar, helsesekretær eller tannlegesekretær. Fleire av desse yrka krev vandelsattest frå politiet. Vg2 Ved Norheimsund vidaregåande skule er det i år tilbod om to programområde; barne- og ungdomsarbeidarfag og helsearbeidarfag. Dersom du drøymer om å verta sjukepleiar eller førskulelærar, kan det vera ein fornuftig veg å gå påbygg. Vil du vita meir, klikkar du deg berre inn på: www.vilbli.no Teknikk og industriell produksjon For deg som er interessert i ny teknologi, kan utdanningsprogrammet teknikk og industriell produksjon (TIP) vera aktuelt. TIP femnar kring 60 fag som kan gje arbeid i store og små industriverksemder på land og hav. Oljeindustrien er eitt døme, men du kan og verta mekanikar på alle typar køyretøy og anleggsmaskiner. Alle dei mekaniske faga er samla i utdanningsprogrammet TIP. Du får ein brei basis som gjer at du som arbeidstakar vert fleksibel og kan setjast til ulike arbeidsoppgåver. Denne praktiske, varierte og tekniske grunnopplæringa gjev deg ei solid plattform for å velja vidare utdanning til arbeid i dei fleste industriverksemder i inn- og utland. Vg2 Norheimsund vidaregåande skule gjev opplæring i produksjonsog industriteknikk og køyretøy. Meir informasjon finn du på: www.vilbli.no http://noy.hfk.no E-post: post.noy@post.hfk.no Telefon: 56 55 65 00 enter 6 2010

Utdanningsprogram: Framnes Kristne Vidaregåande Skule Kvemmingar er òg velkomne til Framnes Framnes Kristne Vidaregåande Skule har etter kvart fleire kvemmingar i sin elevmasse. Enter har snakka med nokon av dei. Lars Arne Eide Skogasel (16) har alltid hatt lyst til å gå på Framnes. Han tykkjer det er ein fin skule. Maria S. Raniwalla (16) ynskte eit nytt miljø. Ho var ein del på Framnes før ho sjølv byrja fordi ho hadde vener som gjekk på skulen. Nora Bækkelund (16) seier at Framnes har rykte for å ha eit godt miljø. Ho var på open dag på skulen, og fleire av venene hennar søkte seg til Framnes. Ina Gauden Lid (16) fortel at systera hennar gjekk på Framnes. Ho ynskte å gå på Framnes på grunn av det sosiale og kristne miljøet. Arild Farestveit Kvittingen (16) tykkjer det er eit vennleg og ope miljø ved skulen. Solveig Heide Nedkvitne (16) ynskte ei miljøendring og bestemte seg for Framnes etter ho hadde vore på open dag. Iselin Neteland (16) hadde mange vener som skulle gå på Framnes. Kjetil Farestveit Kvittingen (16) har høyrt mykje bra om skulen. Aktivitetar for alle Kvemmingane hevdar at ein er nøydd til å vera mykje på skulen sitt område òg i fritida for å koma inn i miljøet. Dersom ein reiser heim kvar dag rett etter skuletid, vert ein ikkje kjend med internatelevane. Det er alltid nokon å vera med, og ein treng ikkje ha faste avtalar. Heimebuarane får overnatta ved internatet, men må då ha avtale med tilsyn. Elles er det mykje aktivitet ved skulen, både organisert og uorganisert. Gymsalen er mykje brukt til basket, volleyball og innebandy. Tysdag og sundag er det møtekveld. Elles har dei filmkveld med påfølgjande mørkegøymsel etter filmen. Om vinteren går det direkte buss til Eikedalen for dei som likar å stå på ski. Eg gler meg til skulen kvar dag. Uansett kor lenge eg er her, er eg redd for at eg går glipp av noko, seier Raniwalla. Men det er føremonar med å bu heime òg. Miljøet kan verta litt tett, og dessutan slepp ein å vaska kle heime, understrekar kvemmingane. Kristen? Ungdomane er samde i at sjølv om Framnes er ein kristen skule, er det opp til kvar enkelt kva ein gjer ut av det. Miljøet er ikkje konservativt, og ein kan i hovudsak velja om ein ynskjer å delta på dei kristne aktivitetane. På Framnes smiler elevar og tilsette til deg, dei respekterer deg og toleranseterskelen er høg. Mykje av årsaka til det gode miljøet er akkurat det kristne verdigrunnlaget til skulen, trur heimebuarelevane. Dei oppfordrar alle til å koma på open dag. Studiespesialisering Vg1, Vg2 og Vg3 Realfag Matematikk Fysikk Kjemi Biologi Språk, Samfunnsfag og økonomi Engelsk og spansk Sosiologi og sosialantropologi Historie og filosofi Medie- og informasjonskunnskap Valfrie programfag frå idrett Toppidrett fotball Friluftsliv Idrettsfag Vg1, Vg2 og Vg3 Fellesfag Treningslære Treningsleiing Idrett og samfunn Aktivitetslære Valfrie programfag Toppidrett fotball Breideidrett Friluftsliv Studieturar Elevar på Vg2 og Vg3 får tilbod om å reisa på ulike turar, t.d. til Tunisia, Chamonix (Frankrike), England og Tyskland. IKT-satsing Skulen og internata er bygde ut med breiband. Alle elevane har si eiga bærbare datamaskin. Fysiske fasilitetar Fire internat med 220 sengeplassar. Alle avdelingar med daglegstove. Matsal med plass til 300. Stort auditorium Fotballbane, gymsal, buldrevegg, Styrkerom, sandvolleyballbane og naust med 15 kanoar, og 30 havkajakkar. Kvemmingar Skulepengar www.framnes.vgs.no/elev/prisar www.framnes.vgs.no E-post: postmottak@framnes.vgs.no Telefon: 56 55 05 00 enter 7 2010

Framnes Kristne Vidaregåande Skule Ut på tur aldri sur Framnes tilbyr programfaget friluftsliv for 2. og 3. klassingar. Debora Lilleås og Kristin Kleven er to av friluftsliventusiastane i 2. klasse ved skulen. Friluftsliv er eit praktisk fag med lite teori. Elevane får vera med på fleire utflukter i løpet av skuleåret. Fjellturar, padling, skiog snøholeturar er ein del av pensum. Elevane skal læra seg å bruka naturen. Ein av fjellturane gjekk frå Strandebarm til Vikøy. Me overnatta i telt og måtte skaffa oss mat på vegen. Nokon plukka blåbær og andre fiska, fortel Lilleås og Kleven. Friluftslivsklassen har òg vore på dagstur til Trolltunga. Me tok Mågelibanen i Tyssedal og kom opp til ein hellar som stikk ut frå fjellet, seier Kleven. Det var småskummelt eigentleg, men gav meg eit lite adrenalin-kick likvel, legg Lilleås til. På vegen opp til Trolltunga leita friluftslivsklassen etter krystallar. Etter trallebanen var det to til tre timars gange til toppen. Kleven fortel vidare om surfeturen til Jæren. Alle fekk prøva seg i elvekajakk og på surfebrett. Lavvoane som dei sov i, sette dei opp sjølve. For Kleven var jomfruturen på surfebrettet ei utfordring. Det gjekk heilt fint, men det var vanskeleg å koma seg opp på brettet. Elles har ungdommane padla kajakk frå Framnes til Nyatræet. Vel framme grilla dei pølser og pinnebrød. Tilbehøret var ikkje rekesalat eller løk, men tang steikt i smør med salt og pepar. Det står fleire turar på timeplanen. Til vinteren skal dei på snøholetur og prøva seg på telemark i Eikedalen. fornuftig. Rapportskriving er òg eit teoretisk innslag i faget. Me skriv rapport etter kvar tur om kor me har vore, kva nytt me har lært og positive og negative erfaringar med turen, seier Kleven og Lilleås. Lilleås tykkjer det er kjekt med eit fag ein slepp å lesa så mykje til. Kunnskapen og erfaringane me får her er nyttige heile livet, seier ho. Med friluftsliv som valfag opplever eg nye og spanande ting, forklarer Kleven. Friluftsliv for alle Det er ikkje naudsynt med erfaring frå friluftsliv eller idrett for å vera med. Elevane vert vurderte ut frå innstilling og deltaking. Det er viktig å ha ei positiv innstilling og å visa at du har lyst til å gjera noko. Ein må delta i fellesskapet ved å bæra, laga mat og setja opp telt, seier Lilleås. Praktisk teori For å lukkast i felten, er det viktig at elevane lærer korleis ein pakkar sekken www.framnes.vgs.no E-post: postmottak@framnes.vgs.no Telefon: 56 55 05 00 enter 8 2010

Samfunnets vaktbikkjer Framnes Kristne Vidaregåande Skule Kristin Kleven (17) og Oda Djupevåg (17) går i 2. klasse og Bodil Brennsæter (18) i 3. klasse på Framnes Kristne Vidaregåande Skule. Dei har medie- og informasjonskunnskap som programfag. Kristin I medieundervisinga lærer elevane grunnleggjande bruk av kamera, korleis media påverkar samfunnet og om media sine arbeidsmetodar. Dei etiske retningslinene for media, står og sentralt. Elevane får generell kunnskap i medievitskap. Faget er både teoretisk og praktisk. Kleven og Djupevåg fortel at dei har hjelpt til med heimesida til Framnes, laga reklameplakatar og bildeseriar. For heimesida har dei intervjua elevar om fritidstilbodet i Kvam. Bildeseriane dei har laga, er baserte på ein historie. Målet var å ta foto som batt historien saman og fanga kjenslesterke ansiktsuttrykk. 3. klassen har òg gjort intervju. Brennsæter fortel at ho intervjua utekontakten i Kvam, Siriann Lillevik, på Ungdomsbasen i Norheimsund. Elles har dei laga reklamefilmar for ulike produkt, alt frå hårspray til skulen på Framnes. I haust har me hatt fokus på foto. Me har teke gamaldagse portrett av kvarandre som me har framkalla på mørkerom. Det var interessant, seier Brennsæter. Tverrfagleg Delar av mediefaget går parallelt med norsk. Reklame, eventyr, historieforteljing og film og dramaturgi er tema i begge faga. Det er òg mykje samfunnsfag og sosiologi i mediafaget, særskilt i den biten som går på korleis media påverkar samfunnet. Kvar veke er det to elevar Bodil som må fylgja med på aktuelle nyhende i media og gje ein presentasjon for klassen. I haust var det naturleg nok fokus på valet i USA. Mediefaget er spanande og praktisk. Det er kjekt å kunna litt om massemedia, seier Kleven. Feltarbeid 2. klassen i Medie- og informasjonskunnskap skal i løpet av skuleåret vitja Bergens Tidende sin multimediabase. Multimediabasen er ein fiktiv journalistbase i kjellaren på bt-bygget i Bergen. Kjellaren er laga til som ein miniatyrby med kafear og telefonkioskar. Kleven og Djupevåg har vore med på journalistøvinga før. I 10. klasse på ungdomsskulen var dei på multimediabasen i samband med norskfaget. Elevane vart sett saman i Oda grupper på fire. Nyheitssakene dei dekte var innan kultur og krim. For å gjera øvinga så realistisk som mogeleg fekk elevane tidsfristar dei måtte overhalda. Me samla informasjon og sette saman fleire nyheitssaker for avis på bakgrunn av opplysingane me fekk. Det var laga til feller me kunne gå i, til dømes var det kjelder som ville vera anonyme. Etter øvinga fekk me tilbakemelding på arbeidet me hadde gjort, fortel Djupevåg som vurderer journalistutdanning etter vidaregåande. 3. klassen tek turen til Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand. I løpet av ein dag skal elevane innom fleire stasjonar med ulike medieuttrykk. Dei skal prøva seg på praktiske oppgåver innan fjernsyn, radio, avis og web-design. www.framnes.vgs.no E-post: postmottak@framnes.vgs.no Telefon: 56 55 05 00 enter 9 2010

På spesialoppdrag Eivind Skeie (18), Peter Fredheim Oma (18), Eirik Ulltang Sauene er ikkje tette. Dei tek inn vatn bak, forklarer elevane. (18), Andreas Oma (18) og Dei er òg med på slakting og smalahovesvi- Ingve Kjosås (18) fortel om eit ing. Løna er naturlegvis spesialoppdrag på Austevoll. i naturalia. Skulen planlegg ein smala-hovekveld for elevane. Kvart år reiser 3. klassingane ved idrett til Austevoll for jakta på villsauer. Det er ei utfordring som gjengen frå Framnes tek på strak arm. Målet er å fanga flest mogeleg sauer, dra dei med seg i båtar, binda dei fast og frakta dei til land. Sauene beiter på fleire øyar og er vanskelege å få has på. Sauene er som geiter og terrenget er ulendt, fortel elevane. Det er ikkje ei enkel oppgåve dei møter. Villsauene anar truleg faren, og jagarane må vera varsame for ikkje å springa sauene i hel. Taktikken er å jaga sauene inn i eit hjørne og deretter gripa tak i ull eller horn. Av og til dett eit dyr på sjøen. Då må ein hoppa etter elles søkk sauen som ein stein. Gourmet Etter jakta er det tid for eit eksklusivt måltid. På menyen står kamskjell, måse, breiflabb, indrefilet og hjarte av sau. All maten er kortreist og rykande fersk. Kamskjela dykkar elevane etter sjølve. Måsane er sjølvskotne og breiflabben fanga med spyd. Opphaldet på Austevoll er ei helg med matauk i fokus. Engasjerte lærarar Lærarane Odd Inge Austevoll og Martin Dalane organiserer òg andre aktivitetar for elevane i løpet av helga. Dei som yn Framnes Kristne Vidaregåande Skule skjer det, får prøva leirdueskyting og vassski. Innkvarteringa er i eit naust som tidlegare har vore fiskemottak. Helga byd på eit mangfald av opplevingar. Studieturar På Framnes er det studieturar for kvar ein smak. Britiske øyar Elevar med engelsk som programfag i 2. og 3. klasse reiser på studietur til dei britiske øyar. I 2008 gjekk turen til Skottland. Her fekk engelskstudentane gaid-tur i Edinburgh, dei vitja museum og let seg imponera av palasset til Dronning Elisabeth II. Dei fekk med seg busstur til The Highlands med grilling og bading med Nessie i Loch Ness. Ein musikal og litt rusling i gatene i Glasgow vart det òg tid til. Chamonix Annankvart år får telemarkentusiastane ved Framnes reisa til Chamonix og svinga seg i skiløypene. Tilbodet er fyrst og fremst til idrettselevane. Der er det skirenn frå morgon til kveld, flotte snøkvite fjell, solbrende ansikt, mykje sosialt og terping og øving i telemark. Turen får terningkast 6 av elevane som var med i 2008. Tyskland Framnes Kristne Vidaregåande Skule har ein venskapsskule i Darmstadt, FCSD, Freie Christliche Schule Darmstadt. Kvart andre år får tyskstudentane moglegheita til å vitja skulen og bu hjå vertsfamiliar. Dei norske ungdommane får oppleva Tyskland på ein annleis og interessant måte. Etter åtte dagar med verbal tysk påverknad, får ein gjerne lyst til å læra meir av det tyske språket. Om våren kjem dei tyske elevane til Framnes. Her får dei erfara korleis internatlivet er. Dei bur på romma til vertseleven og reiser heim til vertseleven i helga. Eit flott prosjekt der ein lærer folk og språk betre å kjenna! Tunisia 2. og 3. klasse elevane på studiespesialisering får høve til å reisa til Tunisia. Annakvart år arrangerer Framnes studietur til det afrikanske kontinentet. Elevane er borte i to veker. Den fyrste veka får dei kjennskap til muslimsk kultur og historie. Ein tunisisk gaid med norsk statsborgarskap dirigerer framneselevane som får oppleva Tunisisa frå innsida. Dei vitjar tunisiske familiar, er med på ørkenvandring, kamelsafari og jeeptur, overnattar i sanddynene under stjernehimmelen og prutar med lokale kjøpmenn i handlegatene. Den andre veka tek elevar og lærarar inn på turisthotellet Rosa Beach. Tema for veka er kristendommen sin ståstad i Tunisia gjennom historia og fram til i dag. Elevane vitjar gamle katakombar, synagoger og får i tillegg eit godt innblikk i romersk kultur. Samstundes får elevane mogelegheit til å vera vanlege turistar òg. www.framnes.vgs.no E-post: postmottak@framnes.vgs.no Telefon: 56 55 05 00 enter 10 2010

Utdanningsprogram: Øystese gymnas Påbyggjaren Hans Magnus Vik Nygard (18) tek påbygg ved Øystese gymnas for å få studiekompentanse. Det er han ikkje åleine om. I påbyggklassen dette skuleåret er det 29 elevar. Elevane har ulik bakgrunn. Nygard har gått på elektro ved Norheimsund vidaregåande skule. Han veit ikkje heilt kva han vil enno, og ynskjer difor å ha alle mogelegheiter opne. Etter gymnaset vert det kanskje aktuelt å gå på folkehøgskule, eventuelt avtene førstegangsteneste. -Me er ein del av miljøet her, men dei som har gått på skule saman i tre år er nok meir samansveisa, seier Nygard. Engelsk og tysk på ekte Hans Magnus Voluntørane Martin Huber (19) frå Austerrike og Chris Benbow (20) frå Wales trivst i Noreg. På gymnaset i Øystese hjelper dei til i tysk- og engelsktimane og er særskilt viktige for den munnlege undervisinga. Elevane her er flinke i engelsk. Eg pratar engelsk med dei for å demonstrera uttale og intonasjon, fortel Benbow. Voluntørane er ein del av skulemiljøet. I tillegg til å vera språkhjelparar, er dei aktive volleyballspelarar. Huber og Benbow prøver å læra seg norsk. Dei er samde i at det er ei tøff utfordring. Kvifor er dei i Øystese? Huber hadde lyst til å sjå Skandinavia og var eigentleg på veg til Sverige, men enda litt tilfeldig opp i Noreg. Benbow seier han ynskte ei annleis oppleving. Eg har tidlegare vore i Sør-Amerika som er eit fattig og varmt kontinent. Denne gongen ville eg prøva å bu i eit land med motsette kvalitetar. Og Skandinavia er jo relativt kaldt og velståande, seier Benbow. Chris Martin Studiespesialisering, innføringsklasse for framandspråklege, internasjonal klasse i USA (Vg2), allmennfagleg påbyggingsår (Vg3), arbeidstrening og kvardagslivstrening, innleiande Vg1. realfag Fysikk, kjemi, matematikk, biologi, informasjonsteknologi. Språk, Samfunnsfag og økonomi Språkfag: Engelsk, tysk og spansk. Politikk, individ og samfunn: sosialkunnskap, samfunnsgeografi, politikk og menneskerettar, sosiologi og sosialantropologi. Rettslære 1 og 2 Internasjonal klasse Alle elevar i Hordaland får tilbod om å ta Vg2 ved Saint Paul Lutheran High School i Missouri, USA. Opplegget er offentleg godkjent. Allmennfagleg påbygging For deg med yrkesfagleg bakgrunn som ønskjer generell studiekompetanse. Studieturar Elevane på Vg2 reiser på fellestur utanlands om våren. Turane har gått til land som England, Tyskland og Tsjekkia. Dette året går turen til Praha. Valfrie programfag Breiddeidrett, toppidrett fotball og/eller volleyball og musikk, dans og drama. Fysiske fasilitetar Datamaskiner i dei fleste rom Videorom Stort bibliotek Språklaboratorium Kantine Festsal med scene Mange spesialrom Idrettshall / kunstgrasbane Styrkerom http://oyg.hfk.no E-post: post.oyg@post.hfk.no Telefon: 56 55 66 00 enter 11 2010

Øystese gymnas Realfag Endre Torbj rn Torbjørn Valestrand Berge (18) har matte og informatikk som programfag. Endre Skeie (18) har matte, fysikk og kjemi. Nils Begge har delteke i Abelkonkurransen som er ein landsomfattande konkurranse i matematikk for elevar på vidaregåande skule. Niels Henrik Abel Konkurransen er delt i tre rundar. I fyrste runde er det med 4.000 6.000 elevar. For å koma til runde nummer to, må ein ha minimum 60 av totalt 100 poeng. Dei 20 beste går vidare til tredje runde. Av dei 377 elevane som kvalifiserte seg til andre runde i fjor, var to frå Øystese gymnas; Berge og Skeie. Me pleier ha elevar med til runde to kvart år, fortel matte- og fysikklærar Nils Østerbø. Gymnaset har òg hatt elevar blant dei 20 beste, men det er heller sjeldan kost. Det er frivillig å delta, men alle elevane på skulen får tilbod om å vera med. Dei som er interesserte, melder seg sjølve, forklarer Østerbø som har vore ansvarleg for Abelkonkurransen i alle år. Ungdomsskulepensum Konkurransen sitt utgangspunkt er mattematikk frå grunnskulen. Dersom ein er driven i ungdomsskulepensum, kan ein gjera god figur i Abelkonkurransen. Spørsmåla er intrikate. Eleven må forstå og tenkja sjølvstendig. Med kreativitet og enkel logikk kan han koma langt. I fyrste runde er det fem svaralternativ til kvart spørsmål. Ein treng ikkje føra oppgåvene. Lyse hovud Det er eit godt realfagsmiljø ved Øystese gymnas. Interesse er avgjerande for kor mykje ein får ut av faga. Det er ofte gjennom hardt arbeid at interessa kjem, seier Østerbø. Skeie har lyst til å studera matte/fysikk eller kjemi ved NTNU etter vidaregåande, eventuelt medisin. Berge vurderer informasjonsteknologi ved NTNU. For å få plass på desse studia, må ein ha fullført høgaste kurs i matte frå vidaregåande. Språkøyra Øystese gymnas har tilbod om språkfaga tysk og spansk.hilde Berge (16) og Monika Tordal (16) studerer begge spansk. Tordal valde spansk fordi ho hadde fransk på Øystese ungdomsskule og då er det ifylgje henne lettare å læra seg spansk enn tysk. Berge ville studera spansk fordi det er eit fint språk. Eg bestemte meg tidleg for å ha spansk på gymnaset. Språkfaga er nyttige. Dersom ein kan fleire språk, kan ein ta seg fram i framande land og gjera seg forstått. Spansk er eit verdsspråk og eg meiner at ein kjem lenger med spansk enn med tysk, seier ho. Berge legg til at spansk er eit enklare språk enn fransk og at det liknar meir på engelsk. Spanskgruppa er delt i to klassar. Arbeidet med faget er variert, tykkjer Tordal og Berge. Tavleundervisinga dominerer. Elevane les høgt, puggar gloser, samtalar med kvarandre og lærar, dei har gruppearbeid og jobbar på data. Kvar fredag er det fagdag på gymnaset. Det inneber at heile dagen går med til å jobba med eitt fag. No på fredag er det spansk som står på timeplanen. Då kjem det ein spansktalande gut til skulen. Han skal snakka spansk med oss, fortel Tordal. Kva med tysk, då? Espen Hamarhaug (16) har hatt tre år med tysk på ungdomsskulen og likar språkfag. Voluntøren frå Austerrike er med i halvparten av timane. Slik får me kjennskap til munnleg tysk og ulike Monika Hilde dialektar, fortel Hamarhaug. Til neste år vert det kanskje studietur til Berlin for tyskklassen. http://oyg.hfk.no E-post: post.oyg@post.hfk.no Telefon: 56 55 66 00 enter 12 2010