ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD 2014
Årsmelding for Vangsnes Sokneråd 2014. Medlemar: Oddveig Kristine Fimreite ( leiar) Gro Heimdal ( nestleiar og trusopplæring) Leif Audun Sætre ( medlem i fellesrådet) Anne Marit Grov ( kasserar) Inger Marie Tveit Kløve ( sekretær) Britt Karin Lidal Noss (varamedl i fellesrådet) Oliv Fosse (varamedl og med i diakoniutvalet) Ingunn Aafedt Liljedahl er vald inn i diakoniutvalet saman med Karin Heimdal og Edith Kløve. Sokneprest Jostein Skutlaberg er fast medlem i styret Vangsnes Sokneråd har hatt 8 møte og eitt soknemøte. Soknerådet har handsama 46 saker. Det har vore 12 gudstenester, av dei var 4 fam gudstenester og 3 nattverdsgudstenester. Frammøte var 640 mot 609 i fjor. 4 born vart døypte mot 2 i fjor. I 2014 var det 7 konfirmantar. I soknet har det vore 1 gravferd og 1 vigsle. Offergåvene var på 15 570 kr mot 17 151 kr i 2013. Av dette var det 5339 kr til eige arbeid.
Saker Vangsnes Sokneråd har arbeidd med i 2014: Sogn Prosti. På møtet 27. januar sa vi oss samde i at namnet på det nye prostiet skulle vera Sogn Prosti. Kiming på nyttårsaftan. Vangsnes Sokneråd ynskjer framleis kiming denne aftan. Kiming er ikkje pålagd oppgåve. Brannvern. Saman med soknepresten og hovudkyrkjetenar gjekk soknerådet gjennom kyrkjebygget og såg på dei ulike utfordringane i samband med brannvern. Døra oppe på galleriet snur feil veg. Brannstigen frå galleriet og ned er vanskeleg å få ut. Dette er grunnar til at det ikkje bør sitja mange personar oppe. Det vart bestemt å kjøpa inn brannteppe og 2 lommelykter i tilfelle lyset går. Dette til hjelp for dei som er i kyrkja. I våpenhuset skal det hengja mappe over viktige ting i samband med brannvern. Globen er bestemt plassert framme. Dette på grunn av plass. Under globen skal det vera brannsikkert stoff. Kompostbingane skal fjernast frå kyrkjeveggen. Dei er no plasserte ved porten. Vangsnes Kyrkje er ei kyrkje som er lett å varma opp. Den er lun og god. På denne runden vart det sett på takhellene som lett fell ned. Dei er vanskelege å få opp att. Felling av tre. Vangsnes Sokneråd har også i år fått løyve til å fella tre. Dette er trea langs gangvegen opp til kyrkja. Det vart og felt nokre tre mot naboen i sør. Salmebøker. Årsmøtet i fjor bestemte at det skulle kjøpast inn nye salmebøker og koralbøker. Det er kjøpt inn 20 med stor skrift og 20 med mindre skrift og besifring. Dei vart tekne i bruk 21. sept 2015. Prisen totalt vart på 16 644 kr. Tidlegare hadde soknerådet fått ei gåve på 10 000 kr. Denne gåva vart brukt til å betala noko av prisen. Fordeling av tenester mellom sokneprestane i Vik og Balestrand. Sokneprestane Skutlaberg og Systad har som ei prøveordning fått delt arbeidsoppgåvene i dei to kommunane mellom seg.
Soknerådet har gjeve uttale til prosten ang. denne ordninga. Dette er ei prøveordning fram til august. Økonomi: Vik kommune har som kjent dårleg økonomi. Soknerådet har sendt brev til kommunen med bøn om å finna økonomi så vi får behalda stillingar kyrkja har no. Likeeins treng kyrkjebygningen vedlikehald. Rådmann Ese lova å ta det med i budsjettbehandlinga. Det er ikkje avsett midlar til vedlikehald i 2015. Reglar for bruken av kyrkjene og reglar om liturgisk inventar og utstyr. Soknerådet har sett på høyringsdokumentet «Høring om kirkebygg», men ikkje uttala seg. Inventarliste. Soknerådet har sett over og notert nytt inventar. Lista er sendt på Cd til Vik Kyrkjekontor der slike opplysningar vert noterte. Trusopplæring. Fadderbrosjyrar er kjøpte inn. Dei skal delast ut ved dåp. Det vert delt ut Cd med hefte til 3- åringane. 4- og 6 åringane får bok, og 5.klassingane får Bibel. Dette som ein del av trusopplæringsplanen. Det vart halde konfirmantsamlingar i Vangsnes kyrkje 1. halvår for konf frå Vangsnes, Feios og Fresvik. Minikonfirmantane var saman med Arnafjord og Vik i Kyrkjestova. «Kvardagsskulen» har hatt 9 samlingar i Vangsnes kyrkje i 2014. Deltakarar har vore 15. Foreldre og besteforeldre har som regel vore med og hjelpt til. Gudstenester og andre arrangement. Soknerådet stiller kyrkjevertar ved gudstenestene. Dette for å kunna hjelpa, men og av brannvernomsyn. Kyrkjevertane har med blomster til altaret. Dei leverer og offerpengane i banken. Tillaging og ordning av kyrkjekaffi går på omgang. Friluftsgudsteneste. Også dette året er Vik Musikklag kontakta for å få dei med i Parken. Diverre lukkast det ikkje dette året heller. Vi har allereie vore i kontakt om gudstenesta i juni 2015. Ikkje fått svar så langt. Soknerådsvalet. Vi har arbeidd litt dette året med å finna kandidatar som kan/ skal stå på lista. Meir arbeid vil bli gjort i 2015.
Arrangement. Fasteaksjon 8. april gav kr 6786. Konfirmantane gjekk med bøssene og fleire av foreldra hjelpte til. Vårfest 9. april. Arnafjord sokn var inviterte. Det vart dekka til 60 menneske. Diakonen leia samværet. Frelsesarmeen i Vik deltok med song og andakt. Takk til alle som hjelpte til. Dugnad 22. april. 22 menneske med smått og stort møtte. Det vart gjort mykje godt arbeid. Veret var godt, og vi hadde ei fin stund. Vangsnes Sokneråd deltok på samtalegudstenesta for konfirmantane i Vik. Etter gudstenesta er det tilstelling i kyrkjestova. Her er vi med og hjelper til. Vi betalar og noko av utgiftene til mat. Konfirmasjonen var 10. mai. I år var det 7 konfirmantar. Også i år fekk konfirmantane ein blomebukett frå soknerådet. Soknerådsmedlemar saman med hovudkyrkjetenar har rydda i bua. Det var nyttig sidan det er lenge sidan sist. Soknerådet hadde i år i oppgåve å skaffa og pynta juletre. Saker som er under arbeid. Soknerådsvalet. Her er mykje arbeid, og ein del fristar som skal haldast. Fasteaksjon 24. mars. Pengane går til Kirkens Nødhjelp. Konfirmantane hjelper til. Vårfest 25. mars. Sjå plakatar. Dugnad er sett til 27. april. Ute er det alltid arbeid ein slik dag. Vi har og planlagd å vaska litt i trapper, benker og vindaugskarmar. Konfirmasjon 14. mai. I år er det 5 konfirmantar. Utegudstenesta 28. juni. Vik Musikklag er kontakta pr brev. Vangsnes, 10. mars 2015 For Vangsnes Sokneråd Oddveig Fimreite leiar