HUSET I BYGDA -ein kulturarena der du bur-



Like dokumenter
RAPPORT Huset i bygda

Huset i Bygda. Ein kulturarena der du bur «Hus som skaper landet» Ungdomshuskonferansen, Oslo

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Prosjektplan - «Liv i Vinje»

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Historikk. Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) Ca 45 SOFUL-lag 30 av desse eig bygg

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Strandsoneforvaltning i Sunnhordland. Innlegg på samling av kystsonenettverkene i Bergen 24. nov ved prosjektleiar Tore Bjelland

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Forslag frå fylkesrådmannen

R Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Bygdemobilisering. om åløfte bygda etter håret. Synnøve Valle

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Tittel Kort beskrivelse Prosjektbeskrivelse

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Statsbudsjettet Kap. 552, post 72 - tilsegn om tilskot på inntil kroner til bulystprosjektet Sjekk Nordmøre, Bulyst 2013

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Kvifor forsøk med lokal jakt- og fiskeskule?

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Søknadsnr Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2013

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Frå idé til fullfinansiert prosjekt Hyllestad 6. juni 2015

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Vurdering av allianse og alternativ

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Vestlandsk Vidsyn. 25. Sept 2013 Gro Rukan

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Kunnskapsbasert Sogn og Fjordane - eit delprosjekt i Kunnskapsbasert Norge -

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 15:45. Møtestad: Møterom NAV, kommunehuset Saksnr.: 01/14 05/14

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Anne Tove Sjøthun Nyheim Arkivsaksnr.: 13/392

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

INU-FSF HANDLINGSPLAN FOR 2013

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

STYRESAK: DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Auka konkurransekraft gjennom samarbeid om felles FoUutfordringar. Finn fram i finansieringsjungelen, Oslo, 20. april 2010

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Friluftslivets år 2015

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

Søknadsnr Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning LivOGLyst Hordaland 2013 Vitalisering av Gruveområdet på Litlabø

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Ei god framtid for alle!

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Altas bosetningshistorie

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Landskapspark, kva kan det tyde for Myrkdalen?

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

REGIONALPARK OG NÆRINGSUTVIKLING

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn

Kva er økologisk matproduksjon?

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Vinje kommune. Sluttrapport

Framtidige behov for hjelpemiddel

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Transkript:

Sogn og Fjordane Ungdomslag www.sognogfjordane.ungdomslag.no Huset i bygda www.husetibygda.no Prosjektplan HUSET I BYGDA -ein kulturarena der du bur- 1.0 Samandrag Huset i bygda er svært viktig som sosial møtestad, som arena for innøving og utøving av kultur og som kulturminne. Dei organisasjonseigde kulturbygga i Sogn og Fjordane ungdomshusa, grendehusa, samfunnshusa og bygdehusa er levande kulturarenaer. Huset i bygda betyr mykje for samhaldet, identiteten og aktiviteten i små og større bygder og byar. Gjennom eit treårig prosjekt frå 2013 til 2016 vil Sogn og Fjordane Ungdomslag løfte fram og styrke dei organisasjonseigde kulturbygga, slik at dei blir hus for framtida. Frittståande og organisasjonstilknytte lag som eig kulturbygg og dei mange frivillige som engasjerer seg for huset i bygda skal få hjelp, auka kompetanse, glød og entusiasme. Huset i bygda skal bli synlegare, sterkare og stiligare og få endå høgare status. Sogn og Fjordane Ungdomslag har engasjert seg sterkt for dei organisasjonseigde kulturbygga i fylket dei seinare åra, og i dag er over 30 lokale ungdomslag eineeigar eller deleigar av eit lokalt ungdomshus. Vi har dei siste åra fått eit nært samarbeid med mange huseigarar, med kommunar, fylkeskommunen og andre som arbeider for husa. Det er derfor svært viktig at vi får halde fram dette viktige utviklingsprosjektet for kulturbygg i fylket. Det vil skape eit rikare og meir mangfaldig kulturliv i mange lokalsamfunn! 2.0 Hovudmål HUSET I BYGDA ein kulturarena der du bur - skal skape synlegare og sterkare organisasjonseigde kulturbygg i Sogn og Fjordane. 1

2.1 Resultatmål 2.1.1 Regionale samlingar og lokale husmøte Vi skal årleg skipe til minst 10 regionale samlingar for huseigarar i ein eller fleire kommunar, for auka kompetanse, erfaringsdeling og nettverksbygging. Det vil vere naturleg å invitere representantar frå kommunane til å medvirke på samlinga. Vi skal årleg delta på minst 20 lokale husmøte med mål om auka aktivitet og hjelp til vidareutvikling av huset. 2.1.2 Kulturhuskonferansen og regionale kurs Årleg skipe til Kulturhuskonferansen som eit treffpunkt mellom huseigarar, myndigheiter og andre støttespelarar. Invitere til minst eitt fagkurs årleg om drift, vedlikehald og utvikling av det lokale kulturhuset. 2.1.3 Synleggjering av husa / planarbeid Vi skal arbeide for minst 10 oppslag i lokalmedia årleg om Huset i bygda, og vidareutvikle heimesida www.husetibygda.no som ein portal for kunnskap og idear. Vi skal påverke i regionale og kommunale planar for kulturbygg, og arbeide opp mot myndigheitene for å auke statusen til dei organisasjonseigde kulturbygga. 2.1.4 Dokumentasjon av husa I samarbeid med fylkeskommunen, kommunane og huseigarane skal vi jobbe for å samle data om alle dei organisasjonseigde kulturbygga i den webbaserte husdatabasen vår som var klar til bruk frå hausten 2012. 2.1.5 Spreie ideane frå pilotprosjektet I samarbeid med Noregs Ungdomslag sentralt skal vi tilby andre fylkeslag og fylkeskommunar hjelp i startfasen med å få i gang Huset i bygda -prosjekt etter modell av Sogn og Fjordane. 3.0 Bakgrunnen for prosjektet Ungdomshuset, bygdehuset, grendehuset, samfunnshuset, bedehuset og andre organisasjonseigde kulturbygg er sjølve fundamentet for store delar av det lokale kulturlivet i Sogn og Fjordane. Dei er uvurderlege som sosiale møtestadar for alle generasjonar, og mange kulturbygg er viktige kulturminne som må vernast for ettertida. Mange av kulturbygga er det einaste forsamlingshuset i bygda, eller fungerer som eit viktig supplement til kommunale kulturhus. 3.1 Huset i bygda 2010-2013 Frå prosjektet Huset i bygda starta for fullt i januar 2010 har vi merka oss at mange av laga som eig og/eller driv lokale kulturbygg har stort behov for kompetanse, støtte og ny giv i arbeidet for huset. Vi har i perioden 2010 og fram til dags dato vore i kontakt med over 90 lokale lag som eig kulturbygg, via regionale samlingar, lokale husmøte og Kulturhuskonferansen, eller via telefon eller nett. Huseigarane set stor pris på kontakten, hjelpa og ideane dei har fått, og har fått ny motivasjon og glød. Huset i bygda har i prosjektperioden 2010-2013 fått støtte frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune, frå lokale kommunar og vart i 2011 plukka ut som eit Bulystprosjekt med midlar frå Kommunal- og Regionaldepartementet. Vi har fått laga eit godt fagleg fundament og etablert gode nettverk i løpet av perioden. Vi har òg utarbeidd heimesider, husdatabase og grafisk profil for prosjektet, og skipa til mange kurs og samlingar med god deltaking. Men jobben er på langt nær utført, vi er berre så vidt i gang! Vi ser verkeleg behovet for ei vidare satsing for å skape hus for framtida. 2

3.2 Sogn og Fjordane Ungdomslag / Noregs Ungdomslag I Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) er 22 ungdomslag eineeigar av eit lokalt ungdomshus, og 10 lag er medeigar i lokale kulturbygg. Mange av desse ungdomshusa er einaste samlingsstad i bygda, og rommar det meste av aktivitetar. SOFUL har rundt 50 aktive lokale ungdomslag og i overkant av 1200 medlemer. SOFUL har lang erfaring med å vere serviceorgan for ungdomslaga, og har auge for både aktiviteten i laga og husa der aktiviteten finn stad. Noregs Ungdomslag (NU) er ein kulturorganisasjon med over 14 000 medlemmer i 400 lag i heile Noreg. Mykje av aktiviteten er knytt til folkedans, teater, bunad og barne- og ungdomsarbeid, men ungdomslagsrørsla har eit unikt mangfald av aktivitetar. Innanfor rørsla finst det over 300 ungdomshus, og moderorganisasjonen er svært interessert i å ta del i Huset i bygda for å få til liknande prosjekt i andre fylke i landet. 3.3 Husa skaper bulyst Norsk institutt for by- og regionsforsking utførte i 2008 Bo og flyttemotivundersøkelsen. Tilsvarande undersøking vart gjennomført i 1972. 10.000 personar deltok i undersøkinga i 2008, og vart spurt om kvifor dei hadde flytta, eller kvifor dei ikkje hadde flytta. Resultata frå undersøkingane viser tydeleg at fritid og familie blir ei stadig viktigare årsak til at folk flyttar eller vel å bli buande (Sørlie 2008). I 2008 svara 21 % av dei spurte på landsbasis at sted/miljø er avgjerande i forhold til spørsmålet om flytting. I 1972 svara 9 % det same. Tabellen nedanfor viser kva dei spurte svara på spørsmålet om flytting i undersøkinga frå 2008: Utdanning Arbeid Familie Helse Bolig Sted/Miljø Landet 4 20 27 3 25 21 S. og Fj. 3 17 39 5 14 22 (Bo og flyttemotivundersøkelsen 2008) I undersøkinga har dei mellom anna lagt vekt på kulturtilbod, fysiske forhold ved nærmiljøet, forhold ved det sosiale nærmiljøet og stadstilhøyrsle innan kategorien Sted og miljø. Mange bygdesamfunn i Sogn og Fjordane har i lenger tid vore prega av fråflytting, spesielt frå ungdomar og kvinner. Det at fleire legg vekt på andre forhold enn arbeid som årsak til om dei flyttar eller ikkje, syner at vi er avhengig av å tenke breitt i arbeidet med busetjing i bygdene. Behovet for gode møtestadar og attraktive fritidstilbod blir stadig viktigare. 3.4 Bygde og lokalsamfunnsutvikling Dei organisasjonseigde kulturbygga og eldsjelene som driftar husa er viktig for bygde- og lokalsamfunnsutvikling i Sogn og Fjordane. Innbyggjarar som bryr seg om bygda si gjennom lokalt engasjement, organisasjonsliv og dugnadsvilje er avgjerande for å få til ei god utvikling. Gjennom prosjektet er vi med på å styrke dette arbeidet, ved å heve kompetanse og nettverk til dei som driftar husa i bygdene. I Regionalt Bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane 2013-2016 er det peika på utfordringar, mål og strategi for å kunne skape levande lokalsamfunn. Regjeringa vil styrke regionalpolitikken for å sikre busetnad, verdiskaping og levande lokalsamfunn over heile landet. Dette dreier seg ikkje berre om næringsutvikling, men også om å skape attraktive lokalsamfunn med gode tenester og velferdstilbod. Det er nær samanheng mellom distriktspolitikk og landbrukspolitikk, og samspelet mellom landbruket, andre bygdenæringar og det gode lokalsamfunn er avgjerande for busetnaden i mange bygder. (s. 23). Huset i bygda er eit prosjekt som har stor verdi her og no, og som gjev langsiktige ringverknader utover prosjektperioden. Vi meiner at prosjektet vil vere med å bygge 3

grunnmuren som trengst for å skape næringsutvikling og auka busetnad i bygdene våre. Husa skaper arena og rom for alle typar aktivitet, frivillig arbeid og næringsliv. 3.5 Kulturaktiviteten i kvardagen Gjennom Kulturstrategi for Sogn og Fjordane Fylkeskommune 2008-2011 vil fylkeskommunen Skape fungerande arenaer for produksjon og formidling av kunst og kultur (s. 6). Det blir òg slått fast at Det er kulturaktiviteten i kvardagen, der enkeltindividet sjølv er aktørar i eige lokalsamfunn, som skaper nærleik til andre og som er viktig for utvikling av lokal tilhøyre og identitet. (s. 11). Vi meiner Huset i bygda er eit svært godt prosjekt i arbeidet med desse og andre mål i Kulturstrategien. Gode kulturaktivitetar og bu- og oppvekstmiljø er svært sentralt for busetnadsutviklinga. Vi meiner dei mange organisasjonseigde kulturbygga i fylket er vesentlege i dette biletet. Gode fysiske møteplassar skapar gode fritidstilbod, samhald og heimstadsidentitet. Bygdene sine eigne kulturbygg må derfor utviklast med tanke på framtida. 3.6 Husa som kulturminne Husa som kulturminne vil vere ein viktig del av prosjektet også vidare. Vi ynskjer å samarbeide med både det offentlege og andre organisasjonar om dette. I doktorgradsavhandlinga til Grete Swensen, forskar ved Norsk institutt for kulturminneforskning, skriv ho om forsamlingshusa i perioden 1870-1940. I artikkelen "Vår demokratiske kulturarv" (Fortidsvern nr 1/2007) skriv Swensen: I mange sammenhenger tillegges en bygning verdi i bevaringssammenheng fordi den er resultat av solid materialinnsikt, god håndverkskunnskap, gode proporsjoner osv. En bygning bør imidlertid også kunne tillegges verneverdi fordi den er resultat av sosiale verdier som medinnflytelse og tiltakslyst. Slike egenskaper ved en bygning viser tilbake på at den har spilt en betydningsfull sosial rolle i et historisk forløp. 4.0 Organisering av prosjektet 4.1 Prosjektleiar Sogn og Fjordane Ungdomslag vil frå mars 2013 ha tilsett prosjektleiar i Huset i bygda i 50 % stilling. Prosjektleiaren skal arbeide for auka kompetanse i drift av lokale kulturbygg gjennom m.a. lokale kurs og møte, med dokumentasjonsarbeid, synleggjering, regionale kurs og konferansar, informasjonsarbeid og utvikling av nye verktøy i arbeidet med husa. Sogn og Fjordane Ungdomslag er arbeidsgjevar og nærmaste overordna. Prosjektleiaren er førebels løna gjennom eigenmidlar frå Sogn og Fjordane Ungdomslag. Ekstern støtte er nødvendig for å kunne ha prosjektleiar i tre år, og målet er å kunne auke stillingsprosenten på sikt. 4.2 Styringsgruppe Vi har sett ned ei styringsgruppe som leier prosjektet. Styringsgruppa vil vere samansett av prosjektleiar, representantar frå Sogn og Fjordane Ungdomslag og Noregs Ungdomslag. Det vil etter kvart kunne verte aktuelt å invitere med fleire i styringsgruppa for prosjektet. 5.0 Økonomi og budsjett Sogn og Fjordane Ungdomslag er økonomisk ansvarleg for prosjektet. Budsjettet er utarbeida med eit treårsperspektiv, og vil bli justert fortløpande etter kvart som vi ser kva inntekter og utgifter vi faktisk får. 4

Inntekter 2013 2014 2015 Offentleg prosjektstøtte: Sparebankstiftinga 150.000 150.000 150.000 Sogn og Fjordane Fylkeskommune 30.000 30.000 30.000 Bygdeutviklingsmidlar 100.000 100.000 100.000 Anna prosjektstøtte: Ulike fond og stiftingar 50.000 50.000 50.000 Noregs Ungdomslag 50.000 50.000 50.000 Eigenmidlar: Inntekter kurs / konferansar 15.000 15.000 15.000 Eigenfinansiering SOFUL 100.000 100.000 100.000 Sum inntekter: 495.000 495.000 495.000 Utgifter 2013 2014 2015 Løn, sosiale kostn., kontor prosjektleiar 350.000 350.000 350.000 Honorar, kurshaldarar/andre 20.000 20.000 20.000 Reisekostnader 40.000 40.000 40.000 Kulturhuskonferansen / regionale kurs: 30.000 30.000 30.000 Bygdemøte og lokale kurs: 15.000 15.000 15.000 Informasjon, nettsider 20.000 20.000 20.000 Styringsgruppa møte mm 10.000 10.000 10.000 Administrasjon og rekneskap 10.000 10.000 10.000 Sum utgifter 495.000 495.000 495.000 6.0 Evaluering og sluttrapport Prosjektet er planlagt over tre år og vil verte justert i høve til endeleg finansiering. For å optimalisere effekten av prosjektet kan det vere føremålsteneleg å utvide prosjektstillinga utover 50% dersom økonomien kan tillate dette. Dette vil føresette kontinuerlig oppfølging og evaluering av måloppnåinga undervegs. Tiltaka og måla i prosjektet vil bli evaluert fortløpande, og vi vil gjere nødvendige endringar i prosjektplanen i samsvar med evalueringa. Styringsgruppa for Huset i bygda er ansvarleg for å gjennomføre dette. Endeleg sluttrapport vil bli lagt fram og distribuert etter prosjektslutt våren 2016. Eit viktig tema for sluttrapporten er korleis erfaringane frå prosjektet kan vidareførast i framtida. Vi er sikre på at Huset i bygda vil ha stor verdi for ettertida. Til betre i stand dei mange eldsjelene som brenn for ungdomshuset, grendehuset, bygdehuset og andre kulturbygg er til å forvalte og utvikle husa, til betre blir husa og aktiviteten i husa. Gjennom prosjektet vil vi utvikle nye verktøy og jobbe for å få gode heimesider, husdatabase o.l. som kan komme til nytte i framtida. Sogn og Fjordane Ungdomslag vil gjennom prosjektet bli styrka som organisasjon, og vil i framtida i endå større grad kunne ta ansvar for å følgje opp dei organisasjonseigde kulturbygga i fylket. 5